Page 49

Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. I haust kjem dei to første bøkene i serien om desse søte pingvinane. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover. Titlar i serien: Unni og Gunni reiser Unni og Gunni malar Unni og Gunni gjer det fint (utk. 2013)

ANNA R. FOLKESTAD

UNNI OG GUNNI malar Unni og Gunni ser på huset. - Me burde på ein måte fått litt farge på det, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me malar! ropar Unni.

Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar? Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult – det blir vel fint, kan du tru!

BI L E T BO K | P ris kr . 149, - | I SBN: 9788252180497 | U tg. august

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012