Page 46

CHRISTINA BJÖRK OG EVA ERIKSSON (ill)

PRINSESSER OG DRAKAR Må-ha-bok for tøffe prinsesser Prinsesser og drakar har alltid høyrt eventyra til. Men no er det nye tider på slotta! Prinsessene er tilkopla internett, har eigne heimesider, elektriske støvsugarar i dokkehuset og sparkesykkel. Dei klarer seg utmerkt på eiga hand og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne blir venner med dei, eller overtar jobben deira. I denne morosame og sjarmerande boka finn du sju prinsessehistorier, eitt lite eventyr for kvar dag i i veka. Perfekt for ei lesestund kvar kveld!

BI LE T BOK | P r i s k r . 1 7 9 , I SBN: 9788252 1 8 0 4 6 6 | I s a l

Christina Björk (f. 1938) frå Stockholm er ein poulær svensk barnebokforfattar med meir enn 20 bøker bak seg. Ho er kjend for sitt lange samarbeid med Lena Andersson, mellom anna gjennom klassikaren Linnea i malerens hage. Björk er utdanna ved Grafiska Institutet i Stockholm og var medlem av Svenska barnboksakademien frå 1989-1999. Eva Erikssons illustrasjonar er kjende og elska frå mellom anna bøkene om Den ville ungen og Pål, og prinsessene hennar er akkurat så sjarmerande og ville som vi kan vente oss.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012