Page 32

WITOLD GOMBROWICZ

YVONNE | VIGSLA | OPERETTE Witold Gombrowicz er rekna som ein av det tjuande århundrets viktigaste forfattarar. Teaterstykka er briljante; språket er sprelsk, scenene dynamiske og hovudpersonane manipulatorar. Handlinga og utviklinga av idear er som oftast gestalta i konfliktar, kampar eller skuggekampar. I tillegg er det slåande korleis «det pinlege» blir nytta dramaturgisk: eit etikettebrot, feil klede, ein upassande lyd, feil svar eller ikkje noko svar i det heile fører til absurde situasjonar som publikum identifiserer seg med. Her oppstår den menneskelege identiteten i ein vekselreaksjon som samspel eller motspel, som jo er skodespelaren sitt nøkkelord. For Gombrowicz betyr det å vere menneske å spele eit menneske. Denne innsikta gjer han til en høgst aktuell dramatikar. Omsett av Knut Andreas Grimstad.

DR AM AT I K K | P ris c a kr . 3 5 9 , I SBN: 97882 5 2 1 7 5 9 9 8 U t g. sept ember

WITOLD GOMBROWICZ (1904–1969) er ein av Polens største forfattarar. Han debuterte i 1933 med den sprelske og sære novellesamlinga Memoarer fra en tid av umodenhet. Størst suksess hadde han med Ferdydurke (1937). Romanane og dramatikken hans var svartelista i Polen til seint på 1970-talet.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012