Page 23

O MS E T T E RO M AN AR

WILLY KYRKLUND

POLYFEM FORVANDLA og MEISTEREN MA vakker og særprega dobbeltutgiving

23

Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein montasje av korte prosastykke der både greske mytar, fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og visepastisjar blir tatt i bruk. Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Språket er poetisk, sekvensane både komplekse og djupt humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen. Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka, den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing.

Omsett og med etterord av Gunstein Bakke. ROM AN | P r i s c a . k r 3 9 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 6 7 1 U t g. j un i

WILLY KYRKLUND (1921 – 2009) er blitt kalla det vesle formatets store meister. Han debuterte i 1948 med novellesamlinga Ångvälten, og fekk sitt gjennombrot med romanen Solange (1951). Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjenglege på norsk.

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012