Page 102

GUNDA DJUPVIK

SYLTING OG SAFTING Nye og frekke smakar på krukker og glas! I denne boka får du inspirasjon til å safte og sylte på gamle og nye måtar. Vi syltar med frukt og bær frå både hagen, butikken og skogen, og tilset krydder og utradisjonelle smakar. Boka er delt inn etter årstider og ulik tilgang på ingrediensar. Du kan lage appelsinmarmelade til jul og gyllen nektarinmarmelade midt på sommaren, eller fiken i konjakk, løkmarmelade, chutney og nøttekompott – når som helst. Boka inneheld òg gamle klassikarar som rørt bringebær, jordbærsyltetøy og hermetiserte plommer. Alle oppskriftene er gjennomprøvde, og metodane godt forklarte.

KOK EBOK | P r i s c a k r . 3 6 9 , IS BN: 9788 2 5 2 1 8 1 3 5 7 U t g. j un i

GUNDA DJUPVIK (f. 1966) er ivrig heimekokk, har fast matspalte i Sunnmørsposten og skriv om mat, parfyme og kjærleik i den populære bloggen altgodt.no. Ho har også laga kokeboka Smalhans. Sunn, god og rimeleg mat (2011).

Profile for Det Norske Samlaget

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012

Katalog Årets bøker frå Samlaget  

Katalogen med Samlagets bokliste 2012