© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Design: Kari Stai Boka er sett i Palatino Linotype 14/18 Trykk og innbinding: Scangraphic Printed in Poland ISBN 978-82-340-0747-7 Denne boka er trykt på miljøvennleg papir Takk til Iver, Karsten og Henning Les også: Jakob og Neikob Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake Jakob og Neikob og det tomme rommet Jakob og Neikob – Naboen Jakob og Neikob og Alle Andre Jakob og Neikob – Stormen
Samlaget Oslo 2022
Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag på ein bakketopp. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt. Natta sig på etter mange stressande timar. Dei har både rydda og rota. – Det har vore ein lang dag, seier Jakob. – NEI, svarer Neikob. – Det har vore ein travel dag.
– Vi skundar oss å slappe av, seier Jakob. – NEI, vi går og legg oss, slik at tida går fortare til i morgon, seier Neikob. – JA, svarer Jakob.
Da dei vaknar, er noko annleis. – Du har fått bart, seier Jakob. – NEI, du har fått skjegg, svarer Neikob.
Jakob og Neikob spring ut. – Vi har fått skog! seier dei i kor. Huset er nesten øydelagt av trea. Jakob og Neikob spring inn i skogen.
– Har vi sove lenge? spør Jakob. – NEI, eg anar ikkje, for eg sov, svarer Neikob. – Eg har ein idé, seier Jakob. – Vi sagar ned eit tre og tel årringane.
Neikob tel. – Ein, to, tre … vi har sove i ti år! Kor har tida blitt av? spør Neikob. – Har vi mista ho? svarer Jakob og ser seg omkring. Men alt han finn, er ei gullklokke.