Issuu on Google+

k

t pit el 2

a

Å leve i religionar og livssyn i dette kapittelet skal du lære om: ➔ ➔ ➔ ➔

livet i religionar og livssyn levereglar i religionar og livssyn mennesket i religionar og livssyn gudar i religionar

Da så hun Birk. I den borteste kroken lå han bundet på hender og føtter, med blod i pannen og fortvilelse i øynene, og rundt ham spratt Mattisrøvere som hujet og skrek: ”Hei du, vesle Borkasønn, når skal du hjem til far din?” Ronja satte i et skrik, hun ble så rasende at tårene sprutet ut av øynene på henne. ”Du kan ikke gjøre noe slik, ” ropte hun, og med knyttnever slo hun Mattis der hun kunne komme til. ”Ditt ubeist, du kan ikke gjøre noe slikt!” Mattis slapp henne ned med et dunk, nå hadde han ledd fra seg. Og sinnet tok ham så han bleknet av det. ”Hva er det datter mi sier at jeg ikke kan gjøre,” spurte han truende. ”Det skal jeg fortelle deg,” skrek Ronja. ”Røve kan du gjøre, penger og ting og skitt og lort og hva du vil, men mennesker kan du ikke røve, for da vil jeg ikke være datter di lenger.” Frå Astrid Lindgren, Ronja Røverdatter (1981)

27


Å forstå livet lever, opplever meining

Vi menneske er opptekne av å forstå verda som vi lever i. Vi opplever små og store ting i livet vårt, og vi prøver å forstå kva meining dei har. Somme ting er det lett å forstå meininga med. Vi skjønar fort at det finst gode grunnar til å bruke klede. Klede hjelper oss til å halde varmen når det er kaldt, og dei held varmen ute når sola steikjer. Vi kan også bruke klede for å pynte oss når vi gjerne vil vere fine. Kva vi synest er fine eller passande klede, kan vere svært forskjellig. Det kan ha med smak å gjere, eller det kan vere knytt til kultur. Mange bruker spesielle klede når dei er på arbeid, for eksempel politifolk. Når vi ser ein person i politiuniform, forstår vi at han eller ho er politi. I mange religionar finst det reglar eller skikkar for korleis ein skal kle seg. Det finst for eksempel reglar for kva prestar skal ha på seg når det er gudsteneste.

Å ha reglar Mange er einige om at det er nyttig å ha reglar for korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre. Det finst mange slike reglar og tankar om kva som er gode handlingar, og om kva vi ikkje skal gjere. Ein del slike reglar er lover eller påbod som er skrivne ned, og som gjeld for mange menneske, for eksempel reglane vi finn i Noregs lover. Andre reglar er ikkje skrivne ned nokon stad, men likevel veit mange om dei. Det er for eksempel ein vanleg uskriven regel i Noreg at ein tek av seg på beina når ein kjem heim til nokon. Somme reglar gjeld berre for visse menneske. Ein familie kan for eksempel bli einig om eit sett av husreglar som gjeld berre for medlemmene i familien. I religionar og livssyn finn vi reglar for korleis ein skal handle på ein god måte. Slike reglar kallar vi etikk.

28


Michelangelo Buonarroti: Detalj frå takmåleriet i Det sixtinske kapellet i Vatikanet, 1508–12

Å vere eit menneske Det finst mange ulike måtar å skildre eit menneske på. Kva er det viktigaste ved det å vere menneske? Kva er det som skil menneska frå andre skapningar? Dette er store spørsmål som menneska opp gjennom historia har prøvd å finne gode svar på. Mange filosofar og forskarar har prøvd å finne svar. Religionar og livssyn prøver også å gi svar på desse spørsmåla.

Religionar og livssyn Religionar og livssyn gir forklaringar på store og vanskelege spørsmål om kven vi er og kvar vi kjem frå. Dei kan gi oss forklaringar på korleis verda heng saman, og kva plass menneska har i denne verda. Religionar og livssyn kan hjelpe menneska til å sjå ei meining med små og store ting som hender. Dei kan seie noko om kva som er rett og godt, og dei kan få oss til å handle på ein spesiell måte. Eit stort spørsmål er om det finst noko utanfor den verda som vi kan sanse. Somme religionar seier at det finst éin gud. Somme religionar seier at det finst mange gudar. Og somme livssyn seier at det ikkje finst gudar i det heile. Det finst mange moglege svar på dei store spørsmåla. Somme menneske synest det er lett å vite kva som er gode svar på slike spørsmål. Mange menneske synest det er vanskeleg.

29


Malin og Jonas går i 7. klasse. Dei liker kvarandre godt. Dei liker kvarandre så godt at når dei får auge på kvarandre, slår hjartet veldig fort og veldig sterkt. Dei liker å snakke saman, om små ting og om store ting. På veg til skolen ein dag snakkar dei om verda og om korleis det går an at så mange menneske trur så mykje forskjellig. Dei har lese om hinduisme i RLE-lekse til i dag. Jonas synest det er spennande med alle gudane og gudinnene i hinduismen. Han har lese at hinduar ber til gudane sine, og at dei har statuar av gudar som dei pyntar og set fram mat til. Jonas sjølv trur på éin Gud. Men han har ikkje nokon statue av han. Han veit ikkje eingong korleis han ser ut. Men Jonas ber til Gud. Det synest han er fint. Han fortel alt dette til Malin. Ho synest det er fint å høre kva Jonas tenkjer. Sjølv veit ho ikkje kva ho trur. «Eg trur kanskje litt forskjellig», seier ho. Dei smiler til kvarandre og går stille ved sida av kvarandre og tenkjer på livet, menneska, Gud og kvarandre resten av vegen til skolen.

oppgÅveR

1 Ta stilling til påstandane: Ei handling er god dersom tanken bak er god. Ei handling er god dersom ho fører til noko godt. Ei handling er god dersom ho ikkje bryt nokon reglar. 2 Finn ut kva ordtaka tyder. Ta stilling til påstandane. Når enden er god, er allting godt. Det er tanken som tel. Målet helgar middelet.

30


Gustav Klimt: Kysset, 1908

31


Kristendom Her skal du lære om: › å leve som kristen › menneskesyn i kristendommen › Gud i kristendommen

Solveig fortel Om eg trur på Gud? Ja! Gud er snill mot menneska og vil hjelpe dei. Eg tenkjer på Gud som ein mann, men eg er ikkje sikker på om han er det. Jesus er nesten det same som Gud. Han hjelpte menneska mens han var her. Eg går ikkje så ofte i kyrkja, men på julekvelden går heile familien dit. Eg trur på eit liv etter døden. Da kjem vi til ein god stad. Kanskje det er himmelen eller noko anna. Eit godt menneske hjelper andre når dei treng hjelp. Eg kan for eksempel hjelpe gamle menneske dersom dei synest det er vanskeleg å gå opp ei trapp, og eg kan gi dei plassen min på bussen. Heime kan eg hjelpe til med å lage middag og gjere andre oppgåver. På skolen prøver eg å halde meg unna baksnakking. Det er mange som baksnakkar kvarandre der. Det blir det mykje tull av. Derfor prøver eg å la vere. Det hender at andre blir mobba på skolen. Da synest eg at alle skal prøve å stoppe det. Men det er vanskeleg for den som blir mobba å seie frå sjølv til lærarane, for da blir dei ofte enda meir mobba etterpå. Eg synest at foreldra kan snakke med lærarane om det. Dette bør dei vaksne ordne opp i. Eg prøver å vere hyggeleg mot dei eg ikkje kjenner òg. Dersom nokon har det vanskeleg andre stader i verda på grunn av svolt og krig og andre ting, kan vi hjelpe dei med å samle inn pengar og sende folk som kan hjelpe til. På skolen vår samla vi inn pengar da det var jordskjelv i Haiti. Vi gjorde oppgåver heime og tente pengar som vi sende til Haiti. Vi fekk samla inn ganske mykje. For å ha eit godt liv er det viktig å ha nokon å stole på. Det kan vere gode venner og familie, men det kan vere andre menneske òg.

32


Å leve som kristen I kristendommen er kjærleiken til Gud, andre menneske og ein sjølv viktig for å leve eit godt liv. Kristne legg vekt på det som blir kalla «det dobbelte kjærleiksbodet», som Jesus gav disiplane. Bodet lyder: «’Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’ Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ’Du skal elska nesten din som deg sjølv.’» (Matt 22,37–39).

det dobbelte kjærleiksbodet nesten din

Med dette meiner kristne at kjærleiken til andre menneske er like viktig som kjærleiken til Gud. Det dobbelte kjærleiksbodet seier også at ein skal respektere og vere glad i seg sjølv. Kristne meiner at det dobbelte kjærleiksbodet inneheld alt menneska treng for å leve eit godt liv. Dersom alle elskar Gud, andre menneske og seg sjølve, blir livet så godt som det kan bli. «Nesten din» vil seie medmenneske eller andre menneske. I kristendommen blir alle menneske oppfatta som medmenneske, uavhengig av religion. Alle skal behandle kvarandre slik dei ønskjer å bli behandla sjølve. Det vil seie at alle skal respektere og hjelpe kvarandre. Kristne trur ikkje at det gode livet på jorda kan bli perfekt, fordi menneska ikkje er perfekte. Men menneska har ikkje skulda for alt som går gale. Det skjer ting som menneska ikkje rår over, for eksempel sjukdommar og naturkatastrofar. Det perfekte livet finst berre i himmelen. Men kristne meiner likevel at menneska kan hjelpe kvarandre til å leve eit godt liv her på jorda.

33


Nestekjærleik nestekjærleik respekt

Nestekjærleik er viktig i alle livssyn og religionar, også i kristendommen. Alle treng respekt, omsorg og kjærleik. Nestekjærleik dreiar seg om å oppføre seg så godt som råd er mot familie, skolekameratar og venner. Det inneber også at ein skal oppføre seg godt mot framande, både dei som bur i nærmiljøet og andre stader i verda. Nestekjærleik dreiar seg ikkje berre om å gjere gode handlingar for andre, men om å behandle alle på same måte, med godvilje og respekt. Nestekjærleik er ikkje alltid enkelt. Dei fleste blir mest sinte på dei dei bur saman med og kjenner best. Det er fort gjort å oversjå at medelevar og andre som vi er saman med i kvardagen, har det vanskeleg. Det kan kanskje verke håplaust å hjelpe menneske i andre delar av verda som svelt og lir vondt på grunn av krig og naturkatastrofar, men det finst alltid noko vi kan gjere for at livet skal bli litt betre for andre.

Mor Teresa var ei nonne frå Makedonia som døydde i 1997. Da ho var tolv år, følte ho at Gud ville at ho skulle bruke livet sitt til å hjelpe dei fattige. Som ung nonne kom ho til Calcutta i India. Det gjorde djupt inntrykk på henne å sjå kor ille menneska i slummen hadde det. I dei neste åra oppretta ho sjukehus og barneheimar over heile India. I 1979 fekk Mor Teresa Nobels fredspris.

34


I kristendommen blir nestekjærleik til medmenneske sett på som kjærleik til Gud. Kristne samanliknar forholdet mellom Gud og menneske med ein familie. Dersom ein hjelper andre menneske, hjelper ein dermed Jesu systrer og brør. Dette forklarer kristne med noko Jesus sa: «Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg» (Matt 25,40). Derfor har kristne alltid lagt stor vekt på å gjere gode ting for andre menneske.

Kirkens Bymisjon Kirkens Bymisjon blei grunnlagd i Oslo på midten av 1800-talet for å hjelpe dei fattigaste som levde i byen. Organisasjonen gav mat og hjelp til menneske som ikkje åtte noko. I dag hjelper Kirkens Bymisjon narkomane og rusavhengige i fleire byar i Noreg. Organisasjonen arbeider også med barnevern og med menneske som har psykiske problem. Dei som ønskjer det, kan snakke om vanskelege ting med prestane som arbeider i Kirkens Bymisjon, og gå til gudstenestene som organisasjonen held.

Kirkens Bymisjon arrangerer luciatog ved Jernbanetorget i Oslo, 2009

35


Bønn I kristendommen blir bønn oppfatta som ein måte å snakke med Gud på. Når kristne ber, trur dei at Gud hører kva dei seier. Dei kan be om hjelp til å takle eigne vanskar, og dei kan be for andre som har det vanskeleg. Kristne kan også be om at Gud skal gi dei svar på spørsmål. Dei kan be høgt eller stille, åleine eller saman med andre. I kyrkja ber dei ofte høgt saman med andre. Mange kristne seier at når dei har bede, får dei ei kjensle av kva som er rett å gjere.

den viktigaste bønna i kristendommen

Fadervår Da disiplane bad Jesus om å lære dei å be, lærte han dei bønna Fadervår. Fadervår tyder «Vår far», og denne bønna er den mest kjende i kristendommen. Ho blir brukt ved alle gudstenester, og mange kristne ber denne bønna også for seg sjølve. Ein del av orda i bønna er vanskelege å forstå. «Lat namnet ditt helgast» vil seie at Guds namn skal bli respektert av alle. «Lat riket ditt koma» er ei bønn om at verda skal bli Guds rike, ein god stad for alle. «Gjev oss i dag vårt daglege brød» tyder at alle skal få det dei treng for å leve. «Tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar» tyder at Gud tilgir menneska, og at alle tilgir kvarandre når dei gjer noko gale mot kvarandre. «Lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde» er ei bønn om at menneska ikkje må bli freista eller få lyst til å gjere vonde ting mot kvarandre.

Fader vår Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen. Matt 6,9–13

36


Dei ti boda 1) Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. 2) Du skal ikkje misbruke Guds namn. 3) Du skal halde kviledagen heilag. 4) Du skal ære far din og mor di. 5) Du skal ikkje slå i hel. 6) Du skal ikkje bryte ekteskapet. 7) Du skal ikkje stele. 8) Du skal ikkje tale usant om nesten din. 9) Du skal ikkje trå etter eigedommen til nesten din. 10) Du skal ikkje trå etter ektefellen til nesten din, eller arbeidsfolka hans eller andre som hører til hos nesten din. Etter 2 Mos 20,3–17

Gustave Doré: Moses kjem ned frå Sinai, 1865

kristne levereglar Dei ti boda er sentrale reglar både i kristendommen og i jødedommen. For kristne er dei ti boda og det dobbelte kjærleiksbodet dei viktigaste levereglane for eit godt liv. Dei tre første boda gjeld forholdet til Gud, dei sju siste gjeld forholdet mellom menneske. Dei to første boda tyder at menneska ikkje skal tilbe eller tru på andre gudar enn Gud, og at Guds namn ikkje skal misbrukast verken til å banne eller å seie at Gud har bestemt noko som ikkje er sant. Det tredje bodet seier at menneska treng å bruke ein dag i veka til å kvile og gjere noko anna enn dei gjer til kvardags, for eksempel be, tenkje på Gud eller gå i kyrkja. Det fjerde bodet handlar om respekt for foreldra. Dei fire neste boda handlar om at menneska ikkje skal drepe nokon, at ein ikkje skal vere utru mot den ein er gift med, og ikkje stele, lyge, baksnakke eller setje ut rykte om andre. Dei to siste boda seier at menneska ikkje skal misunne andre noko dei eig, verken ektemannen eller kona deira, eller tenarar eller eigedom. Dei to siste boda viser også at boda blei til i ei tid da det var vanleg at menn hadde både tenarar og koner som eigedom.

levereglar

37


Menneskesyn alle menneske er skapte i Guds bilete

Bibelen seier at menneska er skapte i Guds bilete. I skapingsforteljinga i 1. Mosebok står det at Gud skapte mennesket til mann og kvinne i sitt bilete. Det vil seie at Gud har skapt menneska som vesen som liknar på Gud sjølv. Ingen veit korleis Gud ser ut, men for kristne finst det ein likskap mellom menneske og Gud. Gud blir ofte snakka om som ein mann, men Gud er like mykje kvinne som mann. Derfor snakkar ein del kristne om Gud som både mor og far.

alle menneske har same verdi

Kvart einaste menneske har ein spesiell verdi i kristendommen, som i alle andre religionar og livssyn. Denne verdien er ikkje noko menneska får ved for eksempel å vere pene eller snille eller ved å gjere noko stort. Ingen kan gjere seg fortent til verdi. Verdien finst hos kvart einaste menneske i same stund som det blir til. Det kristne menneskesynet inneber at alle menneske, ikkje berre dei kristne, har verdi fordi dei er skapte og elska av Gud. Kristne seier også at Gud har ei meining med kvart menneske. Menneska er ein del av Guds store skaparverk, og jamvel om det ikkje alltid er så lett å sjå meininga i livet, stoler kristne på at Gud har oversikt og skaper ei meining der ho ikkje er så lett å få auge på.

38


Lucas Cranach den eldre: Adam og Eva, 1526

39


gud i kristendommen

syndefallet

arvesynd

frelse

Guds rike

Når kristne snakkar om tru, snakkar dei om å ha tillit til at Gud finst og vil hjelpe. Ifølgje kristendommen er mennesket skapt til å tru på Gud. Men kristne meiner også at noko har gått sund i forholdet mellom Gud, menneska og skaparverket. Det blir kalla «syndefallet». I 1. Mosebok står det om syndefallet. Da Gud skapte dei første menneska, Adam og Eva, levde dei lykkeleg i Edens hage. Gud gav dei lov til å ete frukt av alle trea, med unntak av eitt tre. Likevel lèt dei seg freiste til å ete av det forbodne treet. Da braut dei den einaste regelen Gud hadde gitt dei, og forholdet mellom Gud og menneska blei skadd. Denne skaden blir kalla arvesynd, fordi alle menneske arvar skadane frå syndefallet. Gud har lova å skape ein ny himmel og ei ny jord, Guds rike, der det vonde ikkje finst lenger. Kristne trur at Jesus blei send til verda for å frelse menneska. I kristendommen blir Jesus oppfatta som Guds son. Da han døydde og stod opp igjen, reparerte han skadane i forholdet mellom Gud og menneske. Denne reparasjonen kallar kristne frelse. Dei meiner at alle som trur på Jesus, blir frelste. Kristne trur på eit liv etter døden. Dette livet blir kalla himmelen eller Guds rike.

treeininga

treeininga personane i tre­ eininga har ulike eigenskapar

Faderen, Sonen og Den Heilage Ande

40

I kristendommen finst det berre éin Gud. Likevel seier kristne at Gud består av tre personar eller eigenskapar. Dette blir kalla «den treeinige Gud» eller «treeininga». Dei tre personane i treeininga er Gud, Jesus og Den Heilage Ande. Dei tre personane samarbeider, men har ulike eigenskapar og oppgåver. Guds viktigaste eigenskap er å skape verda, Jesu viktigaste eigenskap er å frelse menneska så dei kan leve evig i himmelen, og den viktigaste eigenskapen til Den Heilage Ande er å hjelpe menneska til å tru på Gud. Det finst fleire måtar å snakke om treeininga på. Den vanlegaste er å seie «Faderen, Sonen og Den Heilage Ande», men treeininga kan også omtalast som «Skapar, Frigjerar og Livgivar» eller med andre namn. For kristne er det viktig å seie at Gud er eitt vesen, og at personane i treeininga samarbeider for å frelse menneska. Treeininga blir ofte symbolisert med ein trekant.


oppgÅveR oppgaveR 1 2 3 4 5 6

Kva tyder «nesten din»? Kven var det Jesus kalla syskena sine? Kva arbeider Kirkens Bymisjon med? Kvifor ber kristne til Gud? Kva heiter den mest kjende bønna i kristendommen? Kristne trur på eit liv etter døden. Kva kallar dei dette livet?

7 Ofte ser vi at andre ikkje har det bra. Vi kan høre om menneske som svelt og er redde på grunn av krig og naturkatastrofar. Kva kan du som 7.-klassing gjere for å hjelpe menneske som har det slik? Lag eit lite tankekart i boka di, gå saman i grupper og diskuter. Oppsummer felles med heile klassa til slutt. 8 Bruk ei side i boka di. Som overskrift skriv du «Treeininga». Under teiknar du ein trekant. Fyll inn namna på Gud i kvart hjørne av trekanten. Dersom du ikkje hugsar kva treeininga består av, må du sjå etter i boka. 9 Gå saman i grupper. Finn ut meir om Mor Teresa. Bruk oppslagsverk på biblioteket eller ein søkjemotor på Internett. Lag ein presentasjon for dei andre i klassa. 10 Les dei ti boda på side 37 ein gong til. Les også avsnittet under boda ein gong til så du hugsar kva dei ulike boda handlar om. a) Kva bod er det straffbart å bryte etter norsk lov? b) Kva bod kan ein bryte utan at ein blir straffa med fengsel eller bot? c) På kva måtar kan ein bli straffa ved å bryte nokre av dei boda som ikkje er straffbare etter norsk lov? 11 Ta stilling til påstandane under. Det er dei vaksne som må ordne opp når eit barn blir mobba. Det er barna sjølve som må ta ansvar når nokon blir mobba. 12 Iblant kan vi bli skikkeleg sinte på dei vi bur saman med, eller på bestevennene våre. Det er ikkje alltid så enkelt å vise nestekjærleik da. Kva kan du gjere når du er ordentleg sint på nokon, men likevel er svært glad i dei? 13 Diskuter saman i klassa: Ut frå menneskerettserklæringa er alle menneske like mykje verdt, anten ein er kvinne eller mann, anten ein har nedsett eller full funksjonsevne, er rik eller fattig, ung eller gammal, konge eller tenar, osv. a) Trur du alle menneske føler at dei har same verdi som menneska rundt dei? b) Kven er det som har rett til å bestemme verdien til andre menneske?

41


Islam Her skal du lære om: › å leve som muslim › dei fem søylene i islam › menneskesyn i islam › Gud i islam

Systrene Sara og Selma fortel Eit godt menneske er eit snilt menneske! For oss er gode menneske dei som ikkje er falske eller baksnakkar andre, og som viser respekt for kvarandre. Trua på Gud gjer også eit menneske godt, synest vi. For at menneska skal vere gode, synest vi dei må gjere gode ting. Alle menneske må vere snille mot dyr og kvarandre – også mot menneske som er annleis enn ein sjølv er. Vi synest det er svært viktig at ein ikkje mobbar eller slåst. Vi bør oppføre oss på same måte mot andre som vi vil at dei skal vere mot oss. Vi skal oppføre oss like bra alle saman. Selma synest også at andre skal vere snille mot henne, gi henne ting og vere med henne i skatehallen. Vi synest dessutan at folk ikkje skal banne. Selma blir sint om nokon bannar. I islam har Gud mange namn. Den rettferdige er eit av namna hans. Gud er også tolmodig, gåvmild og fredeleg. Er eg for eksempel slem mot Selma, men seier unnskyld og meiner det med heile mitt hjarte og ber Gud om tilgiving, da tilgir han, seier Sara. Gud tilgir, men du må angre på det du har gjort. Gjer du den same feilen neste dag, har du ikkje angra. Muslimar har ein del reglar dei må følgje i kvardagen. Ingen muslimar kan drikke alkohol eller røykje. Det er ikkje lov fordi det ikkje er bra for kroppen. Gjer vi mange gode ting, kan vi komme til paradis. Med gode ting meiner eg det som står i Koranen. I paradis er det ei fin elv, og det er grønt og fint. Helvete er det motsette: her må dei tørste drikke kokande olje, og det er så varmt at det ikkje kan beskrivast, fortel Sara.

42


Å leve som muslim I islam er det du trur og det du gjer, like viktig. Muslimar skil mellom ulike typar av handlingar. Dei skil mellom handlingar som Gud tillèt, og handlingar som Gud forbyr. Tillatne handlingar blir kalla halal, og forbodne handlingar blir kalla haram. Tanken bak handlinga har mykje å seie for muslimar. Dei skal gjere gode og tillatne handlingar fordi dei ønskjer det. Formålet med handlinga må vere godt for at handlinga skal vere god.

n Halal tyder tillate. n

Haram tyder forbode.

Islam seier at Gud har gitt menneska mange plikter og reglar. Muslimar trur at om dei følgjer desse pliktene og reglane, gjer dei Guds vilje. Reglane dreiar seg om korleis menneska skal vere mot Gud og mot kvarandre. Ei god handling følgjer Guds reglar og plikter. Ei dårleg handling bryt med Guds reglar og plikter.

plikter og reglar

Profeten Muhammed er eit førebilete for mange muslimar. Ifølgje islam levde han eit perfekt liv. Det blir sett på som ei god handling å følgje profetens eksempel, og mange prøver å gjere det. Muslimar kan lese om livet til Muhammed og om kva han sa og gjorde i hadith-tekstar. Det står også om Muhammed i Koranen.

førebilete n Hadith er namnet på heilage tekstar som fortel om profeten Muhammeds liv og lære. n Koranen er den mest heilage boka i islam.

Det finst mange plikter og reglar i islam. For ein del muslimar er det viktig å følgje mange av reglane, mens andre ikkje bryr seg om dei.

43


Dei fem søylene i islam Mange tenkjer seg islam som eit hus som står på fem søyler. Forsvinn ei av søylene, står huset litt ustøtt. Forsvinn fleire søyler, fell huset til slutt heilt ned. Dei fem søylene er handlingar som er ekstra viktige å gjere for muslimar. Muslimar meiner at Gud har gitt dei desse pliktene, og at dei derfor skal følgje dei. Dei fem søylene er: Truvedkjenninga: «Det er ingen gud utan Gud, og Muhammed er Hans profet.» Slik lyder den islamske truvedkjenninga, som seier kva muslimar skal tru. Allah e arabis r det ke ord for Gu et d.

Bønna: Muslimar skal be fem gonger i døgnet. Når dei ber, skal dei vende seg mot Mekka. Den religiøse avgifta: Muslimar har ei religiøs plikt til å hjelpe dei som er fattige og treng hjelp. Dei skal derfor gi litt pengar til dei som treng det. Faste: Ein månad i året skal muslimar faste. Det vil seie at dei ikkje skal ete eller drikke mellom soloppgang og solnedgang. Den muslimske fastemånaden heiter ramadan.

n

Ein pilegrim er ein som reiser til ein heilag stad som er viktig for religionen.

44

Pilegrimsreisa: Ein muslim skal reise som pilegrim til Mekka ein gong i livet, dersom ho eller han har utvegar til det. Mekka er den mest heilage byen i islam.


Den rituelle avgifta I islam er det ei religiøs plikt å hjelpe menneske som er fattige og treng hjelp. Det er vanleg at muslimar gir 2,5 prosent av formuen sin, det vil seie det dei har av sparepengar, sølv og gull. Muslimar kan velje om dei sjølve vil gi pengane rett til dei som treng hjelp, eller om dei for eksempel vil gi til den lokale moskeen som samlar inn pengar til større hjelpeprosjekt.

hjelpe fattige og trengande

Muslimske hjelpeorganisasjonar Muslim Hands (Muslimske hender) og Islamic Relief (Islamsk nødhjelp) er namnet på to store muslimske hjelpeorganisasjonar. Dei samlar inn pengar til fattige og til folk i nødssituasjonar. Dei har for eksempel samla inn pengar for å gi menneske råka av flaum i Pakistan mat og medisinar. Hjelpeorganisasjonane arbeider også med å gi fattige og foreldrelause barn ein stad å bu, og med at dei kan få gå på skole og har reint vatn å drikke.

45


Ei nattleg reise

t er de us? a s I at es e du net for J net t s s i V nam iske nam t e k s b i arab r det ara usa er de es, s e M Jibril Gabriel, et for Mo net r n fo am m ke na rabiske n er s i b a ya ta ar er de h, og Yah net h u N oa am for N rabiske n s. e det a r Johann fo

n

Forbønn er ei bønn til Gud der ein ber på vegner av andre enn seg sjølv.

Ei natt profeten Muhammed låg og sov, blei han vekt av ei stemme som sa namnet hans. Det var engelen Gabriel som bad Muhammed om å følgje etter han. Utanfor huset viste Gabriel Muhammed eit vedunderleg dyr. Det var ein skinande kvit hest med menneskeansikt. Han hadde venger som ei ørn, men enda større. Hovane kunne stege så langt auget kunne sjå, og han kunne springe fortare enn lyset. «Dette er Burak», sa engelen og bad Muhammed setje seg på hesten. Saman flaug dei inn i nattehimmelen og la Mekka bak seg. Da dei kom til Jerusalem, landa dei ved tempelportane. Muhammed gjekk inn i tempelet, der han såg Jesus og Moses og mange andre profetar, og han bad saman med dei. På vegen ut av tempelet fekk han sjå ein stige av lys som nådde heilt opp til himmelen. Gabriel bad Muhammed klatre opp stigen, og han klatra opp til den første himmelen. Her såg han stjerner som hang i lenkjer av gull, og inne i kvar stjerne sat det ein engel. Rundt på alle kantar var det dyr i alle former og storleikar. Dei møtte Adam, som forklarte at dyra rundt dei eigentleg var englar som gjekk i forbønn hos Gud på vegner av dyra på jorda. Muhammed og Gabriel sa farvel til Adam og klatra vidare til den andre himmelen. Her møtte dei profetane Noah, Jesus og Johannes døyparen. Dei steig vidare opp stigen og kom til den tredje himmelen. Her såg Muhammed ein gigantisk engel. Framfor engelen låg ei enorm bok oppslått, som engelen heile tida skreiv i og viska ut frå. Gabriel forklarte: «Dette, Muhammed, er Azrail, dødsengelen. For kvart namn han skriv, blir eit menneske født, og for kvart namn han viskar ut, døyr eit menneske.» Muhammed klatra vidare gjennom den fjerde, femte og sjette himmelen. I den femte himmelen såg han hemnens engel. «Det er plikta hans å straffe alle dei som tek avstand frå Gud, og alle dei som gjer fryktelege synder mot seg sjølv og sine medskapningar», forklarte Gabriel. I den sjette himmelen såg Muhammed ein engel med ein kropp av halvt snø og halvt eld. Men snøen smelta ikkje, og elden

46


slokna ikkje. «Dette er engelen som vaktar himmelen og jorda», sa Gabriel. Til slutt kom dei til den sjuande himmelen, som var fylt av eit vedunderleg lys. Muhammed såg ein engel som var større enn heile jorda, og mange andre fantastiske ting. Herfrå blei Muhammed lyfta høgare opp. Han fekk sjå himmeltreet med greiner lengre enn avstanden mellom sola og jorda. Titusentals englar fryda seg under skuggen frå treet, og fire elvar gjekk ut frå det. To av dei flaut inn i paradiset og to ned til jorda. Så blei Muhammed ført inn i den heilage bustaden. Den kan ingen ord beskrive. Men Muhammed sa han kjende ei søt duft, og at han kjende ei usynleg hand som rørte ved skuldra og brystet hans, og at det gav han ei kjensle av ubeskriveleg lykke. Her tok Muhammed imot lovene i islam.

Egyptisk framstilling av Burak, frå ca. 1960

Først blei muslimane pålagde å be femti gonger om dagen, men da Muhammed var på veg tilbake gjennom alle dei sju himlane, møtte han Moses som sa: «Å be er vanskeleg, og folket ditt er svakt. Gå tilbake til Herren din og be han korte ned på det høge talet.» Og Gud reduserte talet med ti. Dette gjentok seg fleire gonger, heilt til Muhammed sto igjen med fem bønner. Om desse bønnene blei utførte med tru og tillit, lova Gud at dei skulle lønnast like mykje som om det hadde vore femti bønner. Slik fekk muslimane dei fem daglege bønnene sine. Muhammed og Gabriel klatra ned lysstigen til Jerusalem, fann Burak og flaug tilbake til Mekka. Akkurat da dei kom tilbake, blei det morgon.

47


Matreglar Koranen, hadith

halal­slakt

I Koranen og i hadith er det reglar for kva muslimar kan og ikkje kan ete. Mat som er lovleg å ete, blir kalla halal, og ulovleg mat blir kalla haram. I Koranen står det at det er forbode å ete blod og svinekjøtt og å drikke alkohol. Forbodet mot å ete blod gjer at dyra må slaktast på ein slik måte at alt blodet renn ut av kroppen deira. Under slaktinga seier slaktaren orda «i Guds namn», og dyret bør stå vendt mot Mekka. I Noreg finst det fleire slaktarar som slaktar på muslimsk vis. Kjøttet dei sel, blir kalla halal-slakta kjøtt.

klesreglar anstendig

hijab

I Koranen og hadith står det at menn og kvinner både skal oppføre seg og kle seg anstendig. Å kle seg anstendig kan tyde ulike ting, for eksempel at ein skal kle seg respektabelt og passande. Det står ikkje nøyaktig korleis ein bør kle seg, og kva klede det er snakk om. Derfor finst det mange ulike tolkingar av korleis muslimar bør kle seg. I somme muslimske land er det for eksempel påbod om at kvinner skal dekkje til håret sitt når dei er utanfor heimen. Andre muslimske land har ikkje slike påbod når det gjeld klede. Ein del muslimar meiner at menn og kvinner kan kle seg som dei sjølve vil, berre dei er anstendig kledde. Andre meiner at kvinner skal bruke hijab. Ordet hijab tyder ikkje det same for alle. Somme meiner det er eit skaut eller eit hovudplagg som dekkjer håret, andre meiner det er både dette hovudplagget og vide, lange klede som skjuler det meste av kroppsformene.

Menneskesyn skapt verda og menneska Adam

ansvarlege for eigne handlingar

48

Ifølgje islam har Gud skapt verda og menneska. Mennesket blir sett på som den øvste av Guds skapningar. I Koranen står det at jamvel englane fekk bod om å bøye seg for Adam. Adam blir rekna som det første mennesket. Muslimar trur at menneska er fødte utan synd, men at dei er fødte med evna til å bryte Guds lover og reglar. Derfor er kvart menneske ansvarleg for sine eigne handlingar. Mennesket kan velje å gjere både gode og dårlege handlingar.


Barn feirar id i Det Muslimske Samfunnet i Oslo

Muslimar trur at menn og kvinner er skapte likeverdige, det vil seie at dei er like mykje verdt. Men i islam har også menn og kvinner fått ulike oppgåver dei skal gjere. Den viktigaste oppgåva til kvinna er å ta vare på familien og huset. Den viktigaste oppgåva til mannen er å arbeide og tene pengar slik at han kan sikre at familien hans har ein stad å bu, og at dei har mat og klede. Muslimar trur at oppgåvene til mann og kvinne passar saman og utfyller kvarandre.

likeverdige oppgåver

49


gud i islam Gud er éin 99 skjønne namn

paradis, helvete

Allah

Truvedkjenninga i islam seier at Gud er éin. Gud er eineståande, og det finst ingen ved sida av Gud. Ingen kan samanliknast med Gud. I Koranen er Gud skildra ved hjelp av 99 skjønne namn. Namna fortel om Guds eigenskapar. Nokre av namna er: Den miskunnsame, Freden, Vernaren, Skaparen, Den allvitande, Han som ser alt, Han som hører alt, Han som tilgir, Dommaren og Han som leier på rett veg. Ifølgje islam har Gud eigentleg 100 namn, men det siste namnet blir først openberra for mennesket når det kjem til paradis. Muslimar trur at Gud har skapt verda, og at det er han som avgjer kven som kjem til paradis og helvete. Gud veit kva som er best for menneska, og derfor bør dei følgje hans reglar og plikter. Muslimar trur at Gud er større enn mennesket kan forstå. Det arabiske ordet for Gud er Allah. I mange av bønnene seier muslimar derfor «Allahu Akbar», som tyder «Gud er større enn alt».

Muslimske bønnekransar Det blir sett på som ei god handling å hugse Guds 99 namn. For å hugse alle namna og det store ved Gud bruker mange muslimar ein bønnekrans. Bønnekransen kan innehalde 99, 33 eller 11 kuler.

gud og menneska lydnad n

Å underkaste seg Guds vilje er å oppfylle pliktene sine og godta det som skjer.

50

Forholdet mellom Gud og mennesket er i islam prega av lydnad. Mennesket skal gjere som Gud vil. Det arabiske ordet islam tyder underkasting. Ein muslim er derfor ein som underkastar seg Guds vilje. Mange muslimar trur at Gud bestemmer alt som skjer. Derfor avsluttar mange muslimar setningar som handlar om framtida, for eksempel om kva dei skal gjere neste år, neste månad eller i morgon, med det arabiske uttrykket «Insha Allah», som tyder «om Gud vil».


oppgÅveR 1 2 3 4

Kva slags handlingar skil muslimar mellom? Kva er dei fem søylene i islam? Kva er den rituelle avgifta i islam? Kor mange gonger i døgnet skal muslimar be?

5 Skriv eit samandrag av underkapittelet om islam. Bruk overskrifter, ordforklaringar og nøkkelord som hjelp. 6 Kva vil det seie å vere lydig mot nokon? Arbeid saman to og to og diskuter. 7 Kvifor finst det så mange ulike tolkingar av korleis muslimar bør kle seg, trur du? 8 Gå saman to og to og fortel kva som skjedde i «Ei nattleg reise» med eigne ord. 9 Korleis fekk muslimane ifølgje forteljinga «Ei nattleg reise» dei fem daglege bønnene sine? 10 Kva er ei god gjerning i islam? Kva gjer ei gjerning god i islam? Diskuter i klassa.

11 Kva profetar og skikkelsar møter Muhammed i forteljinga «Ei nattleg reise»? I kva andre religionar kan vi høre om dei same profetane og skikkelsane? 12 Kva er Guds 99 namn og eigenskapar? Bruk Internett eller biblioteket som hjelp. Skriv ned ti av Guds namn og eigenskapar. Kva er det motsette av desse eigenskapane? 13 Ein muslimsk bønnekrans kan innehalde 99, 33 eller 11 kuler. Rekn ut kor mange gonger ein muslim må ta på same kule for å hugse Guds namn og eigenskapar dersom bønnekransen har: a) 33 kuler b) 11 kuler 14 Finn ut meir om dei islamske matreglane. Kva slags mat kan muslimar ete, og kva slags mat kan muslimar ikkje ete? Lag ein presentasjon.

51


Livssynshumanisme Her skal du lære om: › å leve som livssynshumanist › menneskesyn i livssynshumanismen

Helene fortel Eg har vakse opp med eit humanistisk livssyn. Eit humanistisk livssyn seier at vi sjølve må finne ut kva som er rett og gale. Det er viktig å ha respekt for andre, men også for seg sjølv. Eg veit ikkje heilt kva respekt tyder, men det inneber i alle fall at vi ikkje skal skade andre, og heller ikkje skade oss sjølve. Vi lærer om levereglar på skolen òg. Det finst mange ulike levereglar. Ein regel som kunne gjelde for alle menneske, er den gylne regelen: Du skal gjere mot andre som du vil at andre skal gjere mot deg. Dersom venninna di har ny genser, for eksempel, og du ikkje synest at genseren er så fin, kan du seie at han er fin og tenkje at alle har ulik smak. Eg vil gjerne at andre skal leggje merke til at eg har fått noko nytt. Eg har nettopp fått klipt håret og vil at dei andre skal leggje merke til det med ein gong, ikkje tre veker etterpå. Det er mange som ikkje tenkjer slik, og som mobbar andre, for eksempel. Ein bølle på skolen min plagar alle som er mindre enn han. Da seier vi frå. På skolen har vi lært at det ikkje er å sladre når ein seier frå for at andre ikkje skal ha det vondt. Men det er å sladre om vi seier noko berre for at andre skal få trøbbel. Det verste som finst, er krig. Somme gonger blir feil stader bomba, og mange uskuldige menneske blir drepne. Husa til folk kan bli trefte, og det kan ta lang tid å byggje dei opp igjen. Organisasjonar som for eksempel Redd Barna har prosjekt der dei arbeider for å byggje opp igjen hus og hjelpe dei som er skadde. Noko av det beste vi kan gjere mot kvarandre, er å hjelpe menneske som er i krig. Det er bra at det ikkje er krig her vi bur.

52


Kvart år har skolen vår solidaritetsmarsj. Da samlar vi inn pengar. Heile skolen – frå første til sjette klasse – har ulike aktivitetar. Sjuande klasse har avslutningsframsyning. Sist hadde gruppa mi ein stand der vi selde leiker, muffins, kaker og mykje anna. Vi samla inn masse pengar! I år gjekk pengane til Redd Barna. Neste gong er det vår tur til å ha avslutningsframsyning. Det gler eg meg til!

Å leve og å tenkje Livssynshumanismen har ikkje ei evig lære som fortel alle kva dei skal tenkje. Derfor kan livssynshumanistar ha ulike meiningar om små og store spørsmål i livet. Eit fellestrekk er at livssynshumanistar ikkje trur at noko utanfor den verda vi kan sanse, kan bestemme over menneska. Likevel har livssynshumanismen visse grunnleggjande verdiar og reglar for korleis menneska bør leve saman. Desse reglane har ein komme fram til ved å tenkje på kva menneska har opplevd gjennom historia, og kva menneska er i stand til å gjere mot kvarandre.

Undring, fornuft og erfaring Det er viktig i livssynshumanismen at barn og vaksne skal få tenkje fritt og undre seg. Alle skal kunne bruke fornufta til å finne ut kva som er rett og gale, og til å forstå små og store hendingar i livet. Fornuft er noko ein er født med, meiner livssynshumanistar. Men ein kan trenge rettleiing frå nokon med meir erfaring for å lære seg å bruke fornufta sjølvstendig. Livssynshumanistar meiner at både erfaring og kunnskap er viktig for at ein skal kunne bruke fornufta på ein god måte.

ikkje ei evig lære ulike meiningar

grunnleggjande verdiar og reglar

tenkje fritt bruke fornufta født med erfaring kunnskap

53


Nora kjem heim frå skolen, men ho trampar ikkje inn i gangen og roper «HALLOOOOOOO!» slik ho plar gjere. Ho går stille inn på kjøkkenet og set seg. Ho tenkjer på noko. Ho kjenner ikkje eingong den herlege dufta av heimelaga chili con carne som står og putrar på omnen. Pappa står over grytene og ensar ikkje at ho kjem inn. Han kvepp når han ser henne. «Åh», seier han. «Er du heime?» Nora svarer ikkje. «Er alt i orden?» spør pappa og får bekymra rynker i panna. Pappa har lett for å bekymre seg for døtrene sine. Nora nøler litt. «Eg veit ikkje», seier ho. Ho veit ikkje om ho skal snakke med pappa om det eller ikkje. Pappa ser enda meir bekymra ut, og Nora skjønar at ho må seie noko før han overreagerer og kallar inn til familieråd eller noko slikt. «Det er berre noko på skolen», seier ho. «Nokon har rappa iPoden til ein i klassa.» «Ja vel», seier pappa. «Det var jo ikkje noko kjekt. Har du

Medmenneske omsyn, ansvar handle etisk

kvardagen

54

Å vere medmenneske vil seie å bry seg om kvarandre og å handle slik at ein tek omsyn til andre og tek ansvar for andre som treng det. Å leve slik er viktig for livssynshumanistar. Å vere medmenneske vil seie å handle etisk. Da handlar ein på ein måte som er rett ut frå kva ein meiner er rett og godt. For livssynshumanistar har det å vere medmenneske mykje å gjere med kva ein gjer i kvardagen. Det kan for eksempel vere å oppføre seg høfleg og vennleg mot andre, eller å lytte til nokon som treng å fortelje noko kjekt eller noko trist. Det kan også vere å hjelpe til heime, eller å engasjere seg i hjelpearbeid.


noko med det å gjere?» Han ser granskande på henne. «Nei», seier Nora. «Eller det vil seie, eg veit kven som har teke han.» Nora ser ned på hendene sine som driv og fiklar med snorene på jakka. «Mhm», seier pappa berre og vil at Nora skal halde fram. Nora sukkar. «Han som eig iPoden, har så mykje. Han har så mykje stæsj og får stadig nye duppedingsar av foreldra og tanter og onklar og besteforeldre. Han har hatt tre forskjellige mp3-spelarar før han fekk iPoden.» Nora snakkar fort og prøver å verke overtydande. «Ho som tok iPoden, har ingenting. Eller ho er ikkje akkurat fattig, liksom, men ho har ikkje noko sånt stæsj. Dei har ikkje råd til det, foreldra altså. Ho har ein discman som ho har arva frå brørne sine. Han funkar berre på torsdagar, liksom. Eldgammal.» Nora himlar med auga. «Kjenner du henne godt?» spør pappa. «Ja», seier Nora litt sørgmodig. «Ho er ikkje sånn som knabbar ting, eller finn på noko gale, ikkje eigentleg. Han er berre ein dust. Han er berre så klysete og høgrøysta med alle dei tinga heile tida. Og så trur eg ho berre fekk nok av heile fyren.» Nora legg seg framover på kjøkkenbordet og slår med begge hendene i bordet for å understreke kor nok ein kan få av ein slik fyr. «Så du synest det var rett og rimeleg av henne å ta iPoden hans, da?» spør pappa. Nora ser på pappa og sukkar igjen. «Nei», svarer ho. «Det var jo ikkje det. Eg berre skjønar det, på ein måte. Eg greier å forstå at ho fekk lyst til å gjere det.» «Kva er det du da synest er vanskeleg? For eg ser på deg at det er eit eller anna du strir med», seier pappa. «Eg veit berre ikkje kva eg skal gjere med det at eg veit det», seier Nora fortvila. «Skal eg seie det til nokon? Og kven skal eg seie det til i så tilfelle? Eg seier det i alle fall ikkje til premieklysa. Det berre gjer eg ikkje. Men det er jo ikkje rett. Eg bad henne om berre å leggje iPoden i sekken hans utan å seie noko. Eg sa til og med at eg kunne gjere det for henne. Men ho ville ikkje.» Nora er trist. «Eg vil ikkje at ho skal hamne i trøbbel. Eg vil berre fikse det på ein eller annan måte.» «Du er nok nøydd til å bruke fornufta, Nora», seier pappa.

Sokrates (470–399 f.Kr.) Sokrates er eit førebilete for mange livssynshumanistar. Han meinte at om menneska hadde kunnskap om kva som var rett og godt, kunne dei bruke fornufta til å finne ut korleis dei skulle handle rett og godt. Han var oppteken av å søkje sanning, og av at folk skulle lære seg å skilje mellom verkeleg kunnskap og tomme ord.

55


engasjement delta betre samfunn, betre liv

Å engasjere seg er det same som å delta eller å vise interesse. Det er viktig for livssynshumanistar å engasjere seg i saker som dei meiner gjer samfunnet betre å leve i, eller som er med på å skape eit betre liv for andre menneske. Livssynshumanistar kan delta på ulike måtar. Nokre eksempel er hjelpearbeid og innsamlingsaksjonar, naturvern, lokalpolitikk eller å hjelpe naboane. Det kan vere saker som handlar om heile verda eller nabolaget der ein bur, om drikkevatn til mange tusen menneske eller leksehjelp til ei handfull førsteklassingar.

Marius fortel Engasjement er å stå for noko, å vise interesse og prøve å gjere noko for andre menneske eller ei sak du brenn for. Eg meiner at alle kan engasjere seg i store eller små saker. Det hjelper ikkje å meine at noko er feil, dersom du ikkje gjer noko med det! Eg har alltid engasjert meg i eit eller anna, og engasjerer meg i det meste som dukkar opp i kvardagen. Eg blir spesielt engasjert av urettferd og i arbeid for menneske som treng hjelp på ulike måtar. Eg er svært glad i å diskutere med venner. Mange av vennene mine har eg fått fordi eg har engasjert meg i ulike saker og vore med i ulike foreiningar. No er eg aktiv i Røde Kors Ungdom. Der er eg med på mange ulike aktivitetar. Vi tek for eksempel barn og ungdom med på tur, og vi lærer om korleis vi skal samarbeide og hjelpe kvarandre. Vi arbeider også for at menneske på den andre sida av kloden skal få det betre. Eg har lært mykje av å vere frivillig, og det har gitt meg mange gode opplevingar!

56


Mennesket i livssynshumanismen Humanismen setter mennesket i sentrum. Frå §2 i vedtektene til Human-Etisk Forbund

Alle menneske er fødte frie Livssynshumanistar bruker gjerne første artikkel i Verdserklæringa om menneskerettane for å forklare menneskesynet sitt: «Alle menneske er fødte til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.» Livssynshumanistar meiner at menneska skal ta utgangspunkt i seg sjølve og bruke fornufta til å finne fram til moral og verdiar som skal gjelde for alle menneske. Ein viktig eigenskap ved menneska er at vi har forståing og omsorg for andre. Livssynshumanistar meiner at menneska har evne til å leve seg inn i korleis andre har det. Derfor er det naturleg for oss å ha samvit og handle godt mot kvarandre. Livssynshumanistar meiner at menneska har fri vilje, og at menneska derfor har ansvar for å handle på ein måte som dei meiner er god.

fødte frie, same menneskeverd, fornuft, samvit

moral, verdiar

naturleg fri vilje ansvar

Likevel skjer det mykje vondt i verda. Derfor meiner livssynshumanistar at menneska treng reglar som hindrar oss i å gjere vondt mot kvarandre. I det norske humanistmanifestet frå 2006 står det mellom anna at vi har ansvar for alle våre handlingar og dei vala vi gjer. Vi har ikkje berre ansvar for dei som lever no, men også for dei generasjonane som kjem etter oss. Manifestet seier også at vi må arbeide saman med andre, og at vi må hugse på ansvaret vi har for naturen og miljøet. Alle menneske treng vern. Derfor må vi ha reglar for korleis menneska skal oppføre seg mot kvarandre, og desse reglane må vere laga ut frå respekt og omtanke for kvarandre.

n

Eit manifest er ei offentleg erklæring eller kunngjering, altså noko ein vil markere skriftleg at ein står for.

57


Våre små søsken (utdrag) Vi har en liten søster, vi har en liten bror som er litt annerledes enn andre barn på jord.

Det er så lett å skubbe de små og svake vekk og la dem stå tilbake med hjelpeløse trekk.

De kom til denne verden – det vanskelige sted – med mindre håndbagasje enn vi ble utstyrt med. (…)

Det er så lett å glemme: Når siste båt skal gå, må alle passasjerer la all bagasje stå.

Inger Hagerup, frå Fra hjertets krater (1964)

Alle menneske er mål i seg sjølv Livssynshumanismen seier at menneske skal behandlast som mål i seg sjølv, ikkje som middel. Å behandle eit menneske som middel vil seie at ein bruker det for å oppnå noko. Det inneber at ein ikkje kan utnytte andre menneske berre for å få det betre sjølv. Du bruker andre som middel dersom du for eksempel er venn med somme og uvenn med andre berre for å bli populær sjølv. Å behandle andre som mål i seg sjølv vil seie at menneska rundt ein er viktige for ein. Da handlar ein til det beste både for seg sjølv og for andre. Livssynshumanistar meiner at målet må vere at alle menneske får det betre. Eit eksempel er å passe på at ingen i klassa di er heilt utan venner.

Mennesket er ein del av naturen Livssynshumanismen seier at mennesket er ein del av naturen. Vi lever og døyr på same måten som andre levande vesen. Menneska står ikkje over andre skapningar. Det inneber for eksempel at vi ikkje plutseleg kan bestemme oss for å fiske opp all fisken i havet eller leggje alle elvar i rør under jorda. Vi må ta omsyn til naturen og dei

58


skapningane som finst i lag med oss. Men livssynshumanismen seier at menneska har spesielle evner. Menneska har evne til å øydeleggje og skape, og til å bruke fornufta og gjere val. Derfor meiner livssynshumanistar at menneska har eit spesielt ansvar for heile kloden, ikkje berre for andre menneske, men også for dyr, planter og miljø.

Tenk at vinden Tenk at vinden som gyngar granene våre kan ha brust i palmeblad ruska i ein jaguarpels blåse eit løveøyre reint og støvsugd pumanasebor! Full av framande lydar blæs vinden seg heilt inn Sognefjorden og slenger løvebr��l mot husveggane Marit Tusvik, frå Den store dikt- og regleboka (1989)

59


livssynshumanisme i verda

fremje livssyns­ humanisme, verdiar til alle menneske IHEU menneskerettar og menneskeverd

60

Livssynshumanisme finst over heile verda, i litt ulike former. I Noreg er livssynshumanistar organiserte i Human-Etisk Forbund (HEF). Human-Etisk Forbund har over 77 000 medlemmer. Det er den største nasjonale livssynshumanistiske organisasjonen i verda. Human-Etisk Forbund i Noreg samarbeider med andre organisasjonar rundt om i verda for å fremje livssynshumanisme og grunnleggjande verdiar til alle menneske, på tvers av landegrenser, politikk, religion og kultur. Det gjer HEF gjennom å vere tilknytt den internasjonale humanistorganisasjonen International Humanist and Ethical Union (IHEU). Den internasjonale organisasjonen blei grunnlagd i 1952 i Amsterdam. Om lag 100 organisasjonar frå meir enn 30 land er knytte til IHEU. Å arbeide for menneskerettar og menneskeverd er felles for alle livssynshumanistar over heile verda.


oppgÅveR 1 Les dette underkapittelet godt. Finn minst tre grunnleggjande livssynshumanistiske verdiar frå teksten. 2 Korleis meiner livssynshumanistar at menneska skal finne ut kva som er rett og gale? 3 Finn tre eksempel på korleis livssynshumanistar kan engasjere seg for andre. 4 Kvar står det at alle menneske er fødte frie? 5 Kva vil det seie at mennesket er ein del av naturen? 6 Kvifor meiner livssynshumanistar at vi treng reglar for korleis vi skal leve saman?

7 Les teksten om Nora på side 54. Snakk saman om desse spørsmåla: a) Kvifor er ikkje Nora som ho bruker å vere? b) Kvifor seier ikkje Nora noko til guten som eig iPoden? c) Kvifor synest Nora det er vanskeleg å vite kva ho skal gjere? d) Kva kan Nora velje å gjere? Grunngi svara. 8 Kva trur du Nora bestemmer seg for å gjere? Skriv framhaldet på historia om Nora på side 54. 9 Gå saman to og to og prøv å finne eksempel på livssynshumanistiske reglar i dette underkapittelet. Snakk saman og prøv å finne eksempel på situasjonar der reglane er viktige. 10 Gå saman i grupper. Les teksten i dette underkapittelet grundig og finn ut kva syn livssynshumanismen har på mennesket. Skriv opp det de finn som setningar på ein veggplakat, og illustrer med bilete, teikningar og anna som kan forklare og vise eksempel på dei setningane de skriv.

11 Finn ei sak du kunne tenkje deg å engasjere deg i. Arbeid saman i par og intervju kvarandre om kva de vil engasjere dykk i, og kvifor. Skriv ein artikkel om den du intervjuar, og presenter arbeidet ditt for klassa. 12 Bruk aviser, Internett eller eit lokallag av Human-Etisk Forbund og finn ut kva saker HEF engasjerer seg i. Finn ut kvifor organisasjonen synest at desse sakene er viktige.

61


Buddhisme Her skal du lære om: › å leve som buddhist › menneskesyn i buddhismen › den åttedelte vegen › førebilete for buddhistar

Daniel fortel Det er vanskeleg å forklare kva det er å vere eit godt menneske. Det viktigaste er å gjere gode handlingar, for eksempel å hjelpe andre. Og for å vere ein god buddhist må vi følgje fem levereglar. Det er at vi ikkje skal drepe, ikkje stele, ikkje lyge, ikkje vere utru og ikkje drikke alkohol. Eg veit ikkje kva som skjer når nokon døyr. Men i tempelet er det eit bilete av Buddhas himmel. På biletet ser vi Buddha og mange gode menneske. I Buddhas himmel er det ikkje noko vondt, og alle får lære meir om læra til Buddha. Kanskje dei som gjer gode handlingar, kjem dit. Men den som drep andre, kan bli gjenfødt som ein som har det vondt. Vi blir gjenfødte for å lære av feila våre. Og når vi har det vondt, skjønar vi at vi ikkje skal gjere vonde ting mot andre.

Menneskesyn gjenføding

n

Buddha tyder «den som har vakna».

karma

62

Buddha meinte at alle vesen har hatt mange liv. Døden er ikkje slutten på livet, men tvert imot innleiinga til eit nytt liv. Å bli født på nytt etter døden blir kalla gjenføding. Det er mogleg å bli født på nytt som nye menneske, som dyr, i himmelske verder der alt er godt, eller i helvete der ein blir pint og plaga, før ein til slutt blir født som noko anna ein annan stad. Jamvel om det er mykje å glede seg over i livet, blir det slitsamt å bli født på nytt gong på gong, meinte Buddha. Det er ikkje tilfeldig kva slags gjenføding ein får. Buddha meinte at alt vi gjer, får konsekvensar. Buddhistar trur derfor at det livet ein lever her på jorda, vil avgjere korleis neste liv blir. Dei trur at alt det dei gjer, får eit resultat som blir kalla karma. Gjer buddhistar gode handlingar,


får dei god karma. Gjer dei dårlege handlingar, får dei dårleg karma. God karma gir god gjenføding, og dårleg karma gir vond gjenføding. «Om du lurer på kva du var, skal du sjå på kva du er no. Om du lurer på kva du blir, skal du sjå på kva du gjer no», seier buddhistar. Buddhistar trur at alle menneske kan sleppe fri frå gjenføding – kanskje ikkje i dette livet, men det er mogleg for alle. For buddhistar er det å bli født som menneske den beste gjenfødinga. Det er fordi menneska er dei einaste som kan bli i stand til å forstå læra til Buddha.

læra til Buddha

Å leve som buddhist Buddhistar trur at dei kan få eit godt liv ved å gjere det Buddha sa og gjorde. Det kallar dei læra til Buddha. Buddha forkorta og samla læra i fire punkt. Punkta blir kalla dei fire edle sanningane. Dei fire edle sanningane er sette opp på ein måte som kan minne om korleis ein lege arbeider. Legen ser først at pasienten er sjuk. Så finn han årsaka til sjukdommen, han tenkjer etter om det finst ein kur, og så seier han kva pasienten må gjere for å bli frisk.

dei fire edle sanningane

63


Dei fire edle sanningane liding

Grisen, hanen og slang­ en står for vankunne, grådigskap og hat.

lidinga har ei årsak lidinga kan ta slutt

nirvana

den åttedelte vegen

64

Den første edle sanninga er sanninga om liding. Liding er det same som at noko gjer vondt. Livet inneheld nok mykje fint, men det er også fullt av vanskar. Gjennom heile livet skjer det forandringar som kan vere vanskelege å takle. Buddha snakka om ulike vanskar: Det gjer vondt å bli sjuk, å bli gammal og døy. Sorg, smerte, vonde tankar og vonde kjensler gjer vondt. Det gjer vondt å vere saman med det som du ikkje liker. Det gjer vondt ikkje å vere saman med det du liker. Det gjer vondt når du ikkje får det du vil ha. Den andre edle sanninga er at lidinga har ei årsak. Buddha og elevane hans snakka mykje om kva årsaka til lidinga var. Buddha sa at årsaka til det som gjer vondt er begjær. Begjær vil seie å ha eit sterkt ønske om å ha noko. Menneska prøver så godt dei kan å halde fast ved det dei liker, og å kvitte seg med det dei ikkje liker. Men alt i verda forandrar seg, frå små insekt til store fjell. Likevel ønskjer menneska å halde fast ved ting. Buddha sa at menneska er prega av vankunne, grådigskap og hat, og det er årsaka til lidinga. Den tredje edle sanninga er at lidinga kan ta slutt. Det finst ein veg bort frå alt det vanskelege. Det går an å bli fri frå fødsel, alderdom, sjukdom og død. Det er mogleg å bli fri frå alt som er vondt. Buddhistar kallar frigjeringa frå det vonde for nirvana. Nirvana tyder at noko sloknar. Det som brenn, er vankunne, grådigskap og hat. Når desse flammane sloknar, er mennesket fritt. Nirvana er ein tilstand, ikkje ein stad. Nirvana kan opplevast i menneskelivet. Å oppleve nirvana er å oppleve fullstendig fridom, klarleik, harmoni og medkjensle. Men på jorda er alt alltid i forandring. Buddhistar trur at den som blir opplyst, slik som Buddha, ikkje blir gjenfødt, men oppnår endeleg nirvana. Den fjerde edle sanninga forklarer korleis lidinga kan ta slutt. Vegen bort frå lidinga blir kalla den åttedelte vegen. Det er ei vegforklaring med åtte punkt. Dei åtte punkta seier korleis buddhistar bør leve, slik at dei til slutt slepp fri frå gjenfødinga.


Den 책ttedelte vegen

65


1. Rett syn Rett syn er å sjå det verkelege slik det er. Det vil seie å forstå læra om karma og gjenføding. Det vil også seie å forstå dei fire edle sanningane.

2. Rett intensjon Intensjon tyder nesten det same som tanke. Ein intensjon er tanken bak det vi gjer. Dersom du for eksempel gir ei gåve til andre for at dei skal bli glade, har du ein annan intensjon enn dersom du gir dei ei gåve for at dei skal like deg, eller for at du skal få ei gåve tilbake. For buddhistar er rett intensjon å prøve å gjere gode ting utan å tenkje på å få noko tilbake. Rett intensjon er å utvikle ei kjærleg og vennleg haldning til alle, og å bestemme seg for ikkje å skade levande vesen. Rett intensjon kan også vere å bestemme seg for å bli munk.

3. Rett tale Rett tale vil seie å snakke på ein måte som ikkje skader nokon. Det vil seie at ein ikkje skal lyge, sladre eller baktale andre. Men det kan også innebere at ein ikkje skal snakke tull, og ikkje snakke utan å tenkje.

4. Rett handling Rett handling er å følgje dei fem levereglane i buddhismen. Desse levereglane seier kva menneska ikkje skal gjere. Reglane seier at ein ikkje skal drepe noko levande vesen, ikkje stele, ikkje ha sex på ein måte som kan skade nokon, ikkje lyge og ikkje ruse seg med noko slags rusmiddel.

66


5. Rett levebrød Rett levebrød er å ha eit arbeid som ikkje skader andre. Buddhistar bør for eksempel unngå å selje våpen eller narkotika, å slakte dyr eller å vere soldatar. For munkar og nonner er rett levebrød rett og slett å vere munk eller nonne.

6. Rett strev Å streve er å prøve på noko, å gjere ein innsats. Rett strev i buddhismen er mellom anna å prøve å tenkje gode tankar.

7. Rett merksemd Rett merksemd i buddhismen er å lære seg å forstå korleis kroppen, sansane, tankane og kjenslene fungerer. For buddhistar er meditasjon ein måte å trene merksemda på.

8. Rett konsentrasjon Det siste steget på vegen er å konsentrere seg om det ein lærer i meditasjonen, og å utvikle det vidare. Buddhistar tenkjer at dei både forstår læra til Buddha betre og får meir medkjensle med andre når dei mediterer. Jamvel om vegen har åtte delar, hører alle delane av vegen saman. Dei er som eikene i eit hjul, alle åtte medverkar til at hjulet trillar jamt. Eit hjul med åtte eiker minner buddhistar om den åttedelte vegen. Etter kvart som buddhistar øver på dei ulike delane av vegen, tenkjer dei at det blir lettare å følgje dei andre punkta. Slik held hjulet fram med å trille.

67


Korleis reagerer vi på skjellsord? Ein gong var Buddha ved Ekornforingsplassen i Bambuslunden. Da kom det ein mann som blei kalla Kjeftesmella. Kjeftesmella var bramin, ein hinduprest. No hadde han fått høre at ein av dei andre braminane hadde reist frå dei og blitt munk hos Buddha i staden. Det gjorde Kjeftesmella rasande. Han gjekk bort til Buddha og sa mange stygge ting til han. Da han hadde snakka frå seg, sa Buddha: «Korleis er det, bramin, hender det at du får gjester i huset ditt?» «Naturlegvis», svarte braminen, «det kjem både slekt og venner på besøk.» «Og korleis er det, bramin, da set du vel fram mykje godt til dei, både av mat og drikke?» spurde Buddha. «Det hender det, ja», sa braminen. «Men dersom gjestene seier nei takk, kven er det som eig desse tinga da?» spurde Buddha. «Om dei ikkje vil ha noko, er det sjølvsagt mitt alt saman», svarte braminen. «Slik er det, bramin, slik er det», sa Buddha. «Du har komme her og vil gi meg ei mengd med skjellsord. Men eg seier nei takk. Så det er ditt alt saman, bramin. Det er ditt alt saman.» Tilrettelagt og omsett til nynorsk frå Kåre A. Lie: Buddhas budskap (2010)

68


Førebilete for buddhistar Dei fleste buddhistar seier tre setningar før dei skal be eller meditere. Dei seier: «Eg tek tilflukt i Buddha, eg tek tilflukt i dhamma, eg tek tilflukt i sangha.» Å ta tilflukt er å søkje vern hos nokon, og å leve i det vernet. Buddha er førebiletet for alle buddhistar, dhamma er læra hans, og sangha er fellesskapet av alle buddhistar. Buddha, dhamma og sangha blir kalla dei tre juvelane, fordi dei er så viktige og dyrebare for alle buddhistar.

dei tre juvelane: Buddha, dhamma, sangha

Det er mange måtar å sjå på Buddha på. På ein måte var han berre eit menneske. Men han oppnådde noko heilt spesielt. Etter mange gjenfødingar med gode gjerningar nådde Buddha nirvana. Han vakna. Han hadde øvd opp medkjensla si slik at han var kjærleg og vennleg overfor alle, og han hadde øvd opp sinnet sitt så det var reint og klart. Buddha delte innsiktene sine med andre. Buddha er derfor ein lærar for buddhistar. For alle buddhistar er det mogleg å bli som han. Når buddhistar les tekstar framfor ein buddhastatue, kan det derfor vere slik at dei eigentleg snakkar til noko som bur inne i dei sjølve. Samtidig tenkjer mange buddhistar at Buddha hadde eigenskapar som vanlege menneske ikkje har. Han hadde større innsikt og medkjensle enn alle andre vesen. Mange buddhistar ber derfor til Buddha for å få hjelp av noko som er større enn dei sjølve. Munkar og nonner er også førebilete for alle buddhistar, fordi dei i større grad enn andre lever slik læra til Buddha seier.

Dalai Lama Leiaren for buddhistar frå Tibet blir kalla Dalai Lama. Kvar gong ein Dalai Lama døyr, trur buddhistar at han blir gjenfødt som ein ny Dalai Lama. Dagens Dalai Lama er nummer 14 i rekkja. Mange beundrar Dalai Lama. I 1989 fekk han Nobels fredspris for å ha arbeidd så lenge for eit fritt Tibet utan å bruke vald. Det er reist eit minnesmerke ved eit av dei buddhistiske sentra i Oslo til minne om dette arbeidet.

Dalai Lama

69


Oppsummering av læra til Buddha

Ein gong var Buddha i skogen saman med nokre munkar.

«Kva meiner de, munkar? Kva er det mest av: dei få blada eg held i handa, eller blada i resten av skogen?»

«Du held da berre nokre få blad i handa, Meister, det er mange fleire i resten av skogen!»

«Nettopp, munkar. Og slik er det også med det eg har fortalt dykk. Av det eg har forstått, er det berre nokre få ting eg har fortalt. Det meste har eg ikkje fortalt dykk. Og kvifor? Fordi det meste ikkje er til nytte. Det fører ikkje til betre livsførsel, ikkje til at ein føler at ein har fått nok, ikkje til opphør, ikkje til fred og heller ikkje til djup forståing, oppvakning og nirvana. Derfor har eg ikkje fortalt dykk om noko slikt. Kva er det eg har fortalt dykk da, munkar?»

70


«Eg har fortalt dykk om lidinga …»

«årsaka til lidinga …»

«opphøret av lidinga og vegen til opphøret av lidinga.»

«Men kvifor har eg fortalt dykk dette? Det er fordi det er til nytte. Det fører til edlare livsførsel, til at ein føler at ein har fått nok, til opphør, til fred, djup forståing, oppvakning og nirvana. Derfor har eg fortalt dykk dette.»

Tilrettelagt og omsett til nynorsk frå Kåre A. Lie: Buddhas budskap (2010)

71


oppgÅveR oppgaveR 1 2 3 4 5

Kva tyder gjenføding? Kva slags skapningar meiner buddhistar det går an å bli gjenfødt som? Kva meiner buddhistar avgjer kva slags gjenføding ein får? Kva er den åttedelte vegen? Kven er det viktigaste førebiletet for buddhistar? Forklar kvifor.

6 Eit av punkta i den åttedelte vegen er rett levebrød. Det vil seie at ein har eit yrke som ikkje skader nokon. Det motsette vil for eksempel vere å vere kriminell. Skriv ned alle dei åtte punkta. Deretter skal du prøve å skrive ned eit ord til kvart punkt som tyder det heilt motsette. Eksempel: Rett levebrød – Kriminell. 7 Vel to av punkta i den åttedelte vegen og forklar kva dei tyder. 8 Lag ei teikning som illustrerer eit av punkta i den åttedelte vegen. 9 Les teikneserien på side 70 og 71. Forklar kva rute 5, 6 og 7 handlar om.

10 Finn bilete av livshjulet på Internett. Du kan for eksempel bruke nettressursen til Inn i livet. Finn ut kva biletet fortel.

11 Dramatiser forteljinga om Buddha og Kjeftesmella.

72


Hinduisme Her skal du lære om: › å leve som hindu › menneskesyn i hinduismen › levereglar for hinduar › gudar og gudinner i hinduismen

Majoran fortel Eg trur at for å leve eit godt liv må ein følgje spesielle lover, hjelpe fattige og be til Gud. Det er viktig å vise gudane respekt. Når vi viser respekt og takksemd overfor gudane, kan dei hjelpe oss. Gudane vil også at vi skal følgje spesielle levereglar. Reglane er ikkje skrivne ned, men vi må kjenne inne i oss kva som er rett og gale. Det er for eksempel rett å gi gåver og hjelpe dei fattige, men det er gale å vere egoistisk. I ei historie blir det sagt at den som ikkje gjer gode ting, kan bli straffa av gudane. Men dersom ein gjer gode ting, kjem ein til himmelen. Men berre for ei stund. Å komme til himmelen er på ein måte som ein slags billett, ein kan komme inn der, men må også tilbake. Da blir ein født på nytt, anten som menneske eller som andre vesen. Det kan for eksempel vere slik at om eg går og trakkar på meitemark no, kan eg bli født igjen som ein meitemark ein annan gong. Men det er ein himmel over himmelen òg. Dit er det svært vanskeleg å komme. I den himmelen er det berre sjela som finst. Den som kjem dit, blir ikkje født på nytt.

Å leve som hindu Majoran, som du møter i denne boka, fortel litt om kva han meiner er viktig for ein hindu. Andre hinduar ville kanskje seie noko heilt anna. Mange hinduar seier at hinduisme er ein måte å leve på. Men kva denne levemåten går ut på, er det mange ulike svar på. Hinduismen er ein mangfaldig religion. Hinduar har ulike gudar og gudinner, gjer ulike ritual og går i ulike tempel. Dei har mange ulike heilage tekstar, og dei har religiøse lærarar med ulike oppfatningar av korleis livet bør levast. Hinduisme er derfor svært mange ulike måtar å leve på.

mangfald

73


Men noko har dei fleste hinduar likevel til felles. I dette underkapittelet får du lese litt om korleis mange hinduar tenkjer om livet, om menneske og gudar og om kva som er rett og gale.

Frå Noregs største hindufestival på Ammerud i Oslo, august 2010

gjenføding

74

Menneskesyn Hinduar tenkjer at alle menneske og dyr har levd mange liv. Alle blir fødte igjen og igjen. Det blir kalla gjenføding. Kva slags gjenføding eit vesen får, blir avgjort av kva det har gjort i tidlegare liv. Og det du gjer i dette livet, avgjer den neste gjenfødinga di. Gode handlingar gir ei god gjenføding, og dårlege handlingar gir ei dårleg gjenføding. Ei god gjenføding kan vere å bli født som eit menneske som har god familie,


mat og pengar. Det kan også vere å bli gjenfødt i himmelen, der gudane bur. Ei dårleg gjenføding kan vere å bli født som eit menneske som har dårleg familie, eller som ein som er svært sjuk, svolten eller fattig. Det kan også vere å bli født som eit dyr eller insekt. Resultatet av alt vi gjer, blir kalla karma. Når vi gjer noko godt, får vi god karma, og når vi gjer noko dårleg, får vi dårleg karma. Det høgaste målet for dei fleste hinduar er å sleppe fri frå gjenføding og karma. Hinduar tenkjer at alle levande vesen har ein slags kjerne inne i seg som ikkje heng saman med kroppen. Denne kjernen kallar dei atman. Dersom ein lege tek eit røntgenbilete av menneskekroppen, eller deler han opp, klarer ikkje legen å finne ein bestemt del som er atman. Men det er ikkje det same som at atman ikkje finst, seier hinduar. Det er på liknande vis med andre ting i naturen. Om vi deler opp eit frø av eit tre, finn vi ikkje noko spesielt inne i det. Likevel blir frøet til eit nytt tre. Eit anna eksempel hinduar bruker, er at vi kan leggje salt i eit glas med vatn og la det stå natta over. Neste morgon er det ikkje mogleg å sjå saltet i vatnet, men alt vatnet smaker salt. Slik er det med atman òg, seier hinduar. Atman er usynleg som saltet, likevel er det i alt. Atman er det som blir gjenfødt frå liv til liv. Hinduar ønskjer at atman skal sleppe fri frå gjenfødinga.

karma

atman

gudar og gudinner i hinduismen Hinduar tenkjer at det finst ei usynleg kraft som er overalt i heile universet. Denne krafta er større enn alt anna. Krafta kan ta form som gudar og gudinner. Jamvel om hinduane har mange gudar og gudinner, er dei former av den same sterke krafta. Hinduar kan derfor velje sjølve kva gudar eller gudinner dei ber til. Mange ser likevel på ein av gudane som meir kraftfull enn dei andre. Dei fleste hinduar ser på anten guden Vishnu, guden Shiva eller gudinna Devi som den øvste guden. Jamvel om gudane og gudinnene har eigne namn, kan dei også kallast berre Gud.

usynleg kraft mange gudar og gudinner

Somme meiner at den krafta som går gjennom universet, er lik atman, den kjernen alle vesen har inne i seg. Sidan krafta er det same som Gud, meiner dei at det er noko av Gud i alt som lever.

75


levereglar Mange hinduar meiner at det finst ei form for reglar som gjeld alt i Dharma kan tyde plikt, lov og rettferd. heile universet. Desse reglane kallar dei dharma. Ordet dharma kan tyde både plikt, lov og rettferd. For hinduar er dharma det som skaper orden i universet. Alle har plikt til å følgje desse reglane, det er ei slags lov for alt og alle. Men jamvel om lova gjeld alle, er ho dharma er ikkje den ikkje den same for alle. Dyr og menneske har for eksempel ulik same for alle dharma, menn og kvinner har ulik dharma, folk frå ulike familiar og med ulike yrke har ulik dharma, og menneske med ulik alder har ulik dharma.

n

Dharma er ei form for lover som ikkje finst nedskrivne i ein einskild tekst. Til det er dharma altfor omfattande. Dessutan kan dharma forandre seg, fordi verda er i stadig endring. Likevel er det mange heilage tekstar som handlar om dharma. Der står det både om kva reglar som er ulike for ulike menneske, og om kva eigenskapar alle menneske bør prøve å ha. Blant desse eigenskapane er tolmod, tilgiving, sjølvkontroll, reinleik, visdom, sanning, ro og kontroll over sansane, og at ein held seg frå å stele.

ikkje-vald Ikkje å skade andre er viktig for hinduar. Tanken om at det er mogleg å kjempe for noko utan å bruke vald blei særleg kjend gjennom Mahatma Gandhi. Hinduar tenkjer at å skade andre gir dårleg karma. Men det finst unntak. Hinduar kan for eksempel tenkje at krigarar ikkje får dårleg karma av å kjempe dersom dei kjempar for ei god sak, fordi det er ei plikt for dei å kjempe når dei er krigarar. I slike tilfelle kan hinduar meine at det er viktigare å tenkje på pliktene sine enn på andre etiske reglar.

vegetarianarar

76

Ikkje-vald mot dyr Hinduar meiner det er gale å skade både menneske og dyr, fordi dei meiner at alle levande vesen har sjel. For hinduar heng alt liv i verda saman. Eit menneske kan bli gjenfødt som dyr, og eit dyr kan ein gong bli gjenfødt som menneske. Derfor meiner mange hinduar at menneske helst ikkje skal ete kjøtt. Ein som ikkje et kjøtt, blir kalla vegetarianar. Ein del hinduar et aldri kjøtt. Andre er vegetari-


anarar ein fast dag i veka. Før hinduar går i tempelet, skal dei ikkje ha ete kjøtt, fordi ein skal vere rein inne i seg når ein går i tempelet. Sidan å ete kjøtt på ein måte er å ta liv, tenkjer hinduar at det gjer kroppen urein. Mange hinduar meiner det er verre å ete kjøtt frå kyr og oksar enn anna kjøtt. Dei ser nemleg på desse dyra som heilage. Somme seier oksen er heilag fordi han er ridedyret til guden Shiva. Andre seier at kua er heilag fordi ho gir så mange gåver til menneska, for eksempel mjølk, smør og yoghurt.

77


Vishnu og Rantideva Rantideva var ein konge som hadde svore på at ingen skulle forlate kongeriket hans tomhendt. Han gav derfor gåver til alle og hadde snart gitt bort heile rikdommen sin, til og med kongeriket. Derfor måtte han fattig og heimlaus forlate slottet. Han gjekk med familien sin langt inn i skogen. Der begynte han å faste. Han åt ingenting i 48 dagar. Guden Vishnu var svært fornøgd med han. «Rantideva er min beste tilbedar», sa han til dei andre gudane. «Den kongen? Berre fordi han har gitt opp kongeriket sitt og har fasta i 48 dagar?» sa guden Brahma med forakt i stemma. «Han har sikkert snart fått nok», sa ein annan gud. Da kom guden Brahma med eit forslag. «La oss teste Rantideva», sa han. Vishnu svarte: «Gjer det, de. Da vil de også skjøne kvifor eg ser på han som ein stor tilbedar.» Gudane sette av garde for å teste Rantideva. Rantideva hadde sett eit måltid framfor seg og skulle til å bryte fasta. «Det er vanskeleg å vere gåvmild når ein er svolten. La oss sjå korleis Rantideva reagerer», sa Brahma til dei andre gudane. Dei andre gudane nikka: «Det er ei svært god prøve.» Dermed skapte ein av gudane seg om til ein bramin og gjekk bort til Rantideva. «Ver helsa», sa han, «eg er svært svolten. Kan du vere så snill å gi meg noko å ete?» Rantideva svarte: «Ver velsigna. Ta halvparten av maten min.» Braminen tok maten og sa: «Måtte Gud velsigne deg.» Ikkje før hadde braminen gått sin veg, før det kom ein bonde bort til Rantideva. Bonden bøygde seg for Rantideva og sa: «Herre, eg held på å døy av svolt.» Rantideva gav han ein del av den maten han hadde igjen, mens han sa: «Vi kan dele den maten eg har.» No ville Rantideva ete det vesle som var igjen av maten. Men akkurat da fekk han auge på ein stakkars tiggar. Tiggaren hadde følgje med tre svoltne hundar. Tiggaren sa: «Herre, har du noko mat til meg og dei tre hundane mine?» Rantideva svarte utan å nøle: «Det vesle eg har, er ditt.»

78


Rantideva priste Gud og takka for at han var i stand til å gi mat til dei svoltne. Han bad deretter Gud om å få noko vatn slik at han kunne bryte fasta på den måten, sidan han hadde gitt bort all maten sin. Med det same Rantideva skulle drikke den første slurken, kom det enda ein tiggar til han. Tiggaren sa: «Herre, hjelp meg, eg er tørst.» Rantideva rekte han vatnet sitt og sa: «Drikk dette, det vil sløkkje tørsten din.» Men tiggaren nølte og sa til Rantideva: «Nei, eg burde ikkje prøve å lure deg. Folk seier at vatnet blir ureint om eg tek på det. Da kan ikkje du drikke av det etterpå.» Men Rantideva reiste seg og omfamna tiggaren. «Korleis kan noko bli ureint av at du tek på det? Vishnu, som er overalt, bur da også i deg, bror.» Så gav han vatnet til tiggaren slik at han fekk drikke. Men tiggaren var også ein gud i forkleding, slik alle dei andre tiggarane hadde vore. No forstod dei at Vishnu hadde rett, Rantideva var den beste gudetilbedaren. Med det same kom Vishnu og dei andre gudane til syne framfor Rantideva. Rantideva knelte framfor Vishnu. Vishnu sa: «Rantideva, eg er svært fornøgd med deg. Du ser meg verkeleg i alle skapningar. No er frelsa di.»

Tilrettelagt og omsett til nynorsk frå Tarald Rasmussen og Einar Thomassen, red.: Kildesamling til kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (1999)

79


Barn utfører puja ved eit lite familiealter

n

Askese vil seie å trene kroppen og sinnet. Det kan ein for eksempel gjere ved ikkje å ete, ikkje sove, ikkje snakke, eller ved å stå eller sitje på same måten svært lenge. Faste vil seie at ein ikkje et og drikk i ein bestemt tidsperiode.

vegar til frelse Hinduar har ulike meiningar om kva som er viktigast å gjere for å sleppe fri frå gjenføding. Det vanlegaste er å tenkje at kjærleik til Gud er det som fører til frelse. Mange hinduar trur at dei som tilber Gud, kan få frelse jamvel om dei har gjort dårlege handlingar i dette eller tidlegare liv. Gud kan tilgi alle feil som den som tilber han, har gjort.

For å få tilgiving må hinduar angre seg. I tillegg kan dei drive askese, dei kan faste, ofre, barbere vekk håret på hovudet, bade i heilagt vatn, seie fram heilage lydar, dra på pilegrimsferd eller gi gåver. Puja er ein måte å gi gåver på. Da gir hinduar mat, blomar, frukt og røykjelse som ei gåve til Gud. Men sidan mange tenkjer at Gud er i n Pilegrimsferd er å alt og alle, er det ei god handling å gi gåver til alle vesen. Det er også dra til ein heilag stad. på ein måte det same som å gi ei gåve til Gud. n

80


oppgÅveR 1 2 3 4 5 6

Kva tyder karma? Kva er puja? Kva er askese? Kva er atman? Kva er det høgaste målet for ein hindu? Kva trur hinduar dei kan gjere for å få tilgiving for feil dei har gjort?

7 Les det som Majoran fortel. Skriv det om til eit intervju med Majoran. Lag minst åtte spørsmål. 8 Beskriv dei tre hovudmåtane ein hindu kan bli frelst på. 9 Kva eigenskapar meiner hinduar er gode for alle å ha? Kva er det motsette av desse eigenskapane? Lag eit skjema med to kolonnar. Skriv inn dei gode eigenskapane i den eine kolonnen, og dei motsette eigenskapane i den andre. 10 Lag ei ordliste der du forklarer fem ord som har noko å gjere med hinduisme. 11 Les forteljinga om Vishnu og Rantideva. Kvifor meinte Vishnu at Rantideva var den beste gudetilbedaren?

12 Vel ein gud eller ei gudinne og finn ut meir om han eller henne. Bruk oppslagsverk, Internett eller nettressursen til Inn i livet. Lag ein presentasjon.

13 Dramatiser forteljinga om Vishnu og Rantideva.

81


Jødedom Her skal du lære om: › å leve som jøde › gode og dårlege handlingar i jødedommen › menneskesyn i jødedommen › Gud i jødedommen

Eliana fortel I jødedommen er eit godt menneske eit menneske som følgjer jødiske reglar og gjer gode gjerningar. Eg meiner at eit godt menneske er eit menneske som gjer gode ting for andre. Det er viktig å arbeide med seg sjølv for å bli eit betre menneske. Vi bør tenkje over det vi gjer, og det vi gjer for andre. Ser vi ei gammal dame som skal over vegen, er det fint å hjelpe henne. Eg ønskjer at andre skal respektere den eg er, og det eg gjer. Eg vil også at andre skal respektere bakgrunnen, religionen og kulturen min. «Gjer mot andre det du vil andre skal gjere mot deg» er ein viktig regel. Den prøver eg å følgje. Det du gjer mot andre, gjer du også mot Gud. Gud veit alt, ser alle og hører alle. Eg er hundre prosent sikker på at Gud finst, men eg kan ikkje beskrive han. Gud er ingen person. Gud er overalt. Når eg ber til Gud, ber eg om at han skal gi meg styrke og mot til å hjelpe venner, familie og dei rundt meg. Eg trur ikkje Gud kan stoppe ting som krig og slikt. Men eg trur han kan hjelpe menneska til å bli betre menneske. Gud er ein slags lærar og rettleiar. Alle jødar må følgje dei ti boda. Det er viktige reglar som gjeld for alle menneske, ikkje berre jødar. Dei seier mellom anna at du ikkje skal drepe, stele eller lyge. Dei ti boda lærer deg om rett og gale. Alle menneske gjer galne ting somme gonger. Derfor er det viktig at ein lærer av feila sine. I Toraen er det 613 reglar. Det er uråd å følgje alle. Ein del gjeld heller ikkje lenger, fordi dei galdt tempelet.

82


Å leve som jøde Jødedommen lærer at oppskrifta på eit godt liv finst i dei heilage tekstane. Toraen, eller Mosebøkene, er den mest heilage teksten i jødedommen. I Toraen står det at Moses fekk dei ti boda på fjellet Sinai. Boda seier: 1) 2) 3) 4) 5) 6) 7) 8) 9) 10)

Toraen dei ti boda

Du skal ikkje ha andre gudar enn Gud Du skal ikkje lage avbildingar av Gud Du skal ikkje misbruke Guds namn Du skal holde sabbaten heilag Du skal respektere mor di og far din Du skal ikkje drepe Du skal ikke bryte ekteskapet Du skal ikkje stjele Du skal ikkje lyge Du skal ikkje trå etter eigedomen eller ektefellen til nesten din

I alt inneheld Toraen 613 bod. Boda blir forklarte, utdjupa og diskuterte i andre heilage tekstar. Den viktigaste av desse tekstane heiter Talmud. Boda gjeld mange ulike ting. Dei seier mellom anna korleis menneska skal vere mot kvarandre, og korleis menneska skal vere mot Gud. Mange jødar trur at Toraen og Talmud kan rettleie dei til å leve eit godt liv.

613 bod n

Talmud er ei samling av forklaringar til Toraen.

Ein jøde treng ikkje å hugse alle boda i Toraen. Mange av desse boda dreiar seg for eksempel om livet i tempelet i Jerusalem. Tempelet i Jerusalem blei øydelagt i år 70 e.Kr., og boda som gjeld tempelet, er derfor ikkje gyldige i dag. Andre gjeld landbruk eller heilt spesielle situasjonar. Kva det vil seie å vere jøde, varierer frå person til person. For somme jødar er det viktig å følgje mange av boda i Toraen. Andre følgjer nokre av boda, mens somme ikkje bryr seg om dei i det heile.

Matreglar I Toraen og Talmud er det reglar for kva som er tillate og forbode å ete. Mat som det er lov å ete, blir kalla kosher. Det er lov å ete alt av korn, frukt og grønt. Kjøtt frå pattedyr som har delte klauver og tygg

kosher

83


drøv, for eksempel storfe og sau, kan også etast. Grisen tygg ikkje drøv, og hesten har ikkje delte klauver, og dei kan derfor ikkje etast. Det er lov å ete fisk som både har finnar og skjel. Ål har ikkje skjel, og skaldyr har ikkje finnar og er derfor ikkje lov å ete. Det er også forbod mot å ete blod. Det vil seie at dyret må slaktast på ein slik måte at mest mogleg blod renn ut av kroppen til dyret.

ikkje blande kjøttmat og mjølkemat

Etter dei jødiske matreglane er det forbod mot å blande kjøttmat og mjølkemat i alle former. Det vil seie at når jødar som følgjer kosher, et kjøtt, har dei ikkje lov til å drikke mjølk eller ete mjølkemat, og omvendt. Kjøtt og mjølk skal heller ikkje blandast i magen. Har dei ete kjøtt, må dei derfor vente nokre timar før dei kan drikke mjølk eller ete mat som inneheld mjølk, og omvendt. For å vere sikker på at dei ikkje blandar kjøtt og mjølk, har jødar som følgjer kosher, fleire sett servise, kjelar, bestikk og dukar. Det eine settet bruker dei når dei et mjølkemat, det andre bruker dei når dei et kjøttmat.

Rachel fortel

n

Tanak er den jødiske Bibelen.

heilagdag

84

Det er vanskeleg å følgje kosher i Noreg. Det er berre éin butikk i Oslo som sel koshervarer, og der er det ikkje så mange ting. For at vi skal kunne ete kjøtt, må dyret vere slakta på ein bestemt måte. Vi skal heller ikkje blande kjøtt og mjølk. Familien min bruker ulikt bestikk og servise til mjølkemat og kjøttmat. Regelen om ikkje å blande kjøtt og mjølk kjem frå Tanak. Der står det at ein ikkje skal koke eit kje i mjølka frå mora. Det vil seie at vi for eksempel ikkje har smør til potetene når vi et kjøtt. Vi følgjer ikkje alle kosherreglane, men vi et ikkje svin eller skaldyr, og vi blandar heller ikkje kjøtt og mjølk.

Sabbat Eit av boda i Toraen seier at du skal halde sabbaten heilag. Sabbaten begynner ved solnedgang fredag og varer til solnedgang laurdag. Heilagdagen er høgdepunktet i veka og skal gi kvile til alle. Det er ein dag alle gler seg til. Han blir feira med gudstenester både i synagogen og i heimen. I heimen blir sabbaten feira med ein fest der familien et og hyggjer seg saman.


Huset blir rydda og gjort i stand til sabbat. Maten som skal etast under sabbatsmåltidet, blir laga ferdig på førehand, og bordet blir dekt. Når mora i huset tenner sabbatslysa og leser ei bønn 20 minutt før solnedgang fredag kveld, er alt gjort klart slik at heilagdagen kan begynne. Somme, særleg menn, går til gudsteneste i synagogen fredag kveld. Etter gudstenesta samlar familien seg for å ete sabbatsmåltidet. Til dette måltidet hører sabbatsbrødet med. Det er ein fletta loff. Det er vanleg å sitje lenge ved bordet under sabbatsmåltidet. Familien snakkar, diskuterer, syng sabbatssongar og har det hyggeleg saman under måltidet. Den viktigaste sabbatsgudstenesta blir halden laurdag morgon. Da går mange i synagogen.

sabbatsmåltid

Sabbaten blir feira til minne om at Gud ifølgje Toraen kvilte den sjuande dagen etter at han hadde skapt verda. Sabbaten blir også feira til minne om utvandringa frå Egypt, og til minne om pakta som Toraen seier at Gud har inngått med det jødiske folket.

Dora Holzhandler: Sabbatslys, 1987

85


«Det som du sjølv hatar, må du ikkje gjere mot nesten din. Dette er heile Toraen. Resten er forklaringar til dette. Gå av stad og lær dei.» Rabbi Hillel, frå Talmud

eit godt liv

nestekjærleik

omsorg besøkje sjuke

Gode og dårlege handlingar Eit godt liv er etter jødisk tradisjon eit liv som blir levd i tråd med Toraen og Guds vilje. Det vil seie at handlingar som følgjer Guds vilje, blir rekna som gode handlingar, mens handlingar som bryt med Guds vilje, blir rekna som dårlege handlingar. Nestekjærleiken er viktig i jødedommen. I Toraen (i 3 Mos 19,18) står det at «du skal elske nesten din som deg sjølv». Det vil seie at kvart menneske skal elske og respektere seg sjølv, samtidig som det skal elske og respektere andre menneske. Det inneber at du skal vere like oppteken av korleis andre har det, som du er av korleis du sjølv har det. Å vise nestekjærleik kan vere å vise omsorg for menneska rundt deg. I jødedommen skal ein hjelpe dei som treng hjelp, om dei er fattige eller sjuke. Eit eksempel på å vise omsorg er å besøkje sjuke på sjukehus eller i heimen.

Jødiske hjelpeorganisasjonar American Jewish Joint Distribution, JDC (Amerikanskjødisk sameint fordelingskomité) og American Jewish World Service, AJWS (Amerikansk-jødisk verdshjelp) er namnet på to store jødiske hjelpeorganisasjonar. JDC er den eldste og arbeider ut frå tanken om at alle jødar er ansvarlege for kvarandre. Organisasjonen hjelper mellom anna fattige jødar i Russland, og samlar også inn pengar til folk som er i nød, uavhengig av om dei er jødar eller ikkje. AJWS arbeider for å kjempe mot fattigdom, svolt og sjukdom i fattige land i verda. Der hjelper organisasjonen alle som treng det, uavhengig av kva religion eller nasjonalitet dei hører til. AJWS har for eksempel samla inn pengar for å hjelpe offera for flaum i Pakistan og dei som blei offer for jordskjelv i Haiti.

86


Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 1 Mos 1,27

Menneskesyn I Toraen står det at Gud har skapt alle menneske. Det vil også seie at han elskar alle menneske. Toraen seier at Gud har skapt mennesket i sitt bilete. At mennesket er skapt i Guds bilete, vil seie at det er noko ved mennesket som liknar på Gud. Jødar meiner at ingen andre vesen er skapte i Guds bilete, slik mennesket er. Det gjer mennesket spesielt.

skapt i Guds bilete

Jødedommen seier at mennesket er skapt godt, og at mennesket blir født utan synd. Men menneska blir fødte med evna til å gjere gode og dårlege handlingar. Derfor er menneska ansvarlege for det dei gjer.

godt utan synd ansvarlege

I Toraen står det at menn og kvinner er skapte likeverdige. Det vil seie at dei er like mykje verdt. Samtidig er mannen og kvinna skapte med ulike oppgåver her på jorda. Jødar trur at menn og kvinner både treng og utfyller kvarandre. Det er derfor viktig å gifte seg i jødedommen.

likeverdige ulike oppgåver

Mannen har tradisjonelt fleire religiøse plikter enn kvinna. Han må for eksempel be oftare og gå i synagogen oftare enn kvinna. Mange av oppgåvene til kvinna hører heimen til. Ho skal ta seg av huset og familien. Kvinna har også religiøse oppgåver. Det er for eksempel hennar oppgåve å tenne sabbatslysa kvar veke. Men om Toraen gir mannen og kvinna ulike oppgåver, er det ikkje alle jødar som følgjer denne fordelinga av oppgåver.

87


Den romerske keisaren sa til rabbi Gamaliel: «Din Gud er ein tjuv, for det står skrive: ’Da lét Herren Gud ein djup søvn falle over mannen. Og mens han sov, tok han eit av sidebeina hans’.» Dottera til rabbien bad om å få svare keisaren og sa så til han: «Send oss ein soldat!» «Kvifor det?» spurde han. Ho svarte: «Ein tjuv kom inn hos oss om natta, tok ei sølvkanne og la ei av gull igjen i staden.» «Å», sa keisaren, «eg skulle gjerne ha ein slik tjuv på besøk kvar natt!» «Nettopp», svarte ho, «var ikkje Adam like heldig, som mista eit ribbein og i staden fekk ei hustru til å tene seg!» Frå Talmud, Sanhedrin 39a

n

Ei pakt er ei avtale.

rettar, plikter heilagt folk

88

Pakta mellom Gud og det jødiske folket Etter jødisk tradisjon fekk Moses heile Toraen av Gud på Sinaifjellet. Tanak fortel at Gud gjorde ei pakt med det jødiske folket på Sinai. Etter denne pakta har både Gud og menneske rettar og plikter. Det jødiske folket forplikta seg til å ta vare på og følgje Guds lære, mens Gud lova at jødane skulle vere eit heilagt folk for han. Jødedommen har mange forklaringar på kvifor akkurat jødane blei valde. I ei forteljing heiter det at Gud spurde fleire folk om dei ville ha Toraen hans, men at det berre var det jødiske folket som takka ja.


Vil de no lyda vel etter orda mine og halda pakta mi, så skal de vera min eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. 2 Mos 19,5–6

Jødedommen seier at jødar har fleire bod dei må følgje enn folk som ikkje er jødar. Årsaka er pakta som Gud gjorde med det jødiske folket. Mens jødane skal leve etter dei mange boda i Toraen, skal alle andre følgje «Noahs sju lover». Etter desse lovene er det mellom anna forbode å drepe, å stele, å lyge og å tilbe andre gudar.

Noahs sju lover

gud i jødedommen I jødedommen finst det éin Gud. Gud er den einaste, og han er eineståande. Jødar trur at Gud er heilag, evig, allmektig, miskunnsam og rettferdig. Dei trur også at Gud har skapt verda og menneska. Jødedommens Gud finst utanfor menneska, samtidig som han er nær menneska. Etter jødisk tru kan Gud gripe inn i historia og livet til menneska. Det vil seie at han fortel menneska kva dei bør gjere og ikkje gjere. Forholdet mellom Gud og menneska er prega av kjærleik og rettferd. Gud elskar menneska, men han gir dei også ei rettferdig straff når dei bryt lovene hans.

éin Gud

kjærleik, rettferd

Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. Den jødiske truvedkjenninga, shema (5 Mos 6,4)

89


90


Ein gong diskuterte keisaren og rabbi Josva om det finst ein Gud eller ikkje. Keisaren spurde om verda har ein Gud. Rabbi Josva svarte med å spørje keisaren om det går an å tenkje seg ei verd som ikkje hører nokon til. Keisaren svarte ikkje på spørsmålet. I staden spurde han rabbi Josva om kven det er som har skapt himmel og jord. Til dette svarte rabbi Josva at det er Gud, Den heilage, som har skapt himmelen og jorda. Det står i Toraen. Keisaren sa da til han: «Kvifor kan ikkje Gud vise seg eit par gonger i året, slik at menneska kan få respekt for han?» Rabbi Josva svarte: «Fordi verda ikkje ville klare å halde ut Guds lysglans. Det mennesket som ser Gud, kan ikkje leve.» Da sa keisaren: «Dersom du ikkje kan vise meg Gud, vil eg ikkje tru på at han finst.» Ved middagstid, da sola stod høgt på himmelen, bad rabbi Josva keisaren om å sjå rett på sola. Men keisaren svarte: «Det kan eg ikkje.» Rabbi Josva sa da til han: «Måtte øyra dine høre det munnen din seier. Når du, som du sjølv seier, ikkje eingong kan sjå på sola, som berre er ein av Guds tenarar, korleis kan du da sjå på Gud, som har ein lysglans som stråler over heile verda?» Frå Talmud

Marc Chagall: Moses tek imot dei ti boda, 1960–66

91


oppgÅveR 1 2 3 4 5

Kvar trur jødane at dei kan finne oppskrifta på det gode livet? Kor mange bod er det i Toraen? Kva er kosher? Kva er sabbat? Kva er sabbaten til minne om?

6 Skriv eit samandrag av underkapittelet om jødedom. Bruk overskrifter, nøkkelord og ordforklaringar som hjelp. 7 Kva for ein regel prøver Eliana å følgje? Kva blir denne regelen kalla? 8 Arbeid saman i par. Les teksten om rabbi Josva og keisaren på side 91 og fortel innhaldet med eigne ord. 9 Skriv ein kort faktatekst om menneskesynet og Gud i jødedommen. 10 I Tanak står det at Gud gjorde ei pakt med det jødiske folket. Kva dreiar denne pakta seg om? Diskuter med dei andre i klassa.

11 Bruk Internett og oppslagsverk og finn ut meir om sabbatsmåltidet. Kva slags mat er det vanleg å ete? Korleis er det vanleg å dekkje bordet? Lag ein presentasjon som du kallar «Sabbatsmåltidet». 12 Ta utgangspunkt i dei jødiske matreglane som står på side 83 og 84. Bruk oppslagsverk og Internett og finn eksempel på kva jødar som følgjer matreglane, kan ete og ikkje ete.

92


oppsuMMeRaNDe oppgÅveR til kapittelet 1 Sjå på læringsmåla fremst i kapittelet. Skriv fem setningar om kva du har lært til kvart læringsmål. 2 Sjå på læringsmåla som innleier kvart underkapittel. Lag ei liste over kva mål du har nådd, og kva mål du ikkje har nådd. Lag ein plan for korleis du kan nå dei måla du ikkje har nådd til no. 3 Vel tre av oppgåvene: a) Beskriv menneskesynet i kristendommen. b) Beskriv menneskesynet i islam. c) Beskriv menneskesynet i livssynshumanismen. d) Beskriv menneskesynet i buddhismen. e) Beskriv menneskesynet i hinduismen. f) Beskriv menneskesynet i jødedommen. 4 Vel tre av oppgåvene: a) Kva levereglar er viktige i kristendommen? b) Kva levereglar er viktige i islam? c) Kva levereglar er viktige i livssynshumanismen? d) Kva levereglar er viktige i buddhismen? e) Kva levereglar er viktige i hinduismen? f) Kva levereglar er viktige i jødedommen? 5 Tenk deg at du skal intervjue eit av barna eller ein av ungdommane du har møtt i kapittelet. Skriv ned spørsmåla du vil stille, og kva du trur dei vil svare. 6 Skriv eigne bilettekstar til seks av bileta eller illustrasjonane i kapittelet.

7 Samanlikn synet på Gud i jødedommen, kristendommen, islam og hinduismen. Lag ein tabell som viser skilnader og likskapar mellom religionane når det gjeld synet på Gud.

8 Lag tre grunngivingar til desse utsegnene: Du skal aldri skade andre, fordi … Du skal alltid gjere det du kan for å hjelpe andre, fordi … 9 Lag tre grunngivingar til desse utsegnene: Det er viktigare å vere glad i andre enn å vere glad i seg sjølv. Det er viktigare å vere glad i seg sjølv enn å vere glad i andre. 10 Ta stilling til denne påstanden: Menneske er meir verdt enn dyr.

93


94


iil7-nn-kpt2