Page 1

Inn i livet følgjer læreplanen for faget RLE – religion, livssyn og etikk frå 2008. Religionar og livssyn blir presenterte i eit samanliknande perspektiv. Filosofisk metode er ein integrert del av verket. I arbeidet med Inn i livet kan eleven utvikle alle dei grunnleggjande ferdigheitene. Inn i livet opnar i stor grad for tilpassing og differensiering.

Religion, livssyn og etikk

Inn i livet tek elev og lærar med inn i religionar og livssyn som vi møter i Noreg i dag. Kunnskapsstoffet blir framstilt tematisk og røyndomsnært. Det vil seie at læreverket tek utgangspunkt i kvardagen til barn og vaksne.

Inn i livet 5. Elevbok er rikt illustrert og har stor variasjon av oppgåver og aktivitetar. Andre komponentar til Inn i livet 5:

v i l , n o i ig l e

l

t e v i

5

i

Inn

Velkommen Inn i livet!

og etikk n y ss

Inn

5

i

et v i l

Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Jon Skarpeid Jenny Helene Sværen

R

y

Religio

n,

liv

ss

et

Inn i livet 5

n

og

1.–7. trinn ikk

• Inn i livet 5. Ressursbok for læraren • Inn i livet 5–7. CD • Inn i livet 5–7. Nettstad http://innilivet.samlaget.no

ISBN: 978-82-521-7459-5

NYNORSK

ELEVBOK NYNORSK

SAMLAGET


Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Jon Skarpeid Jenny Helene Sværen

Inn i livet

5

Religion, livssyn og etikk

Illustrert av Smaapigerne – Kaja Ødegaard og Sissel Ringstad

NYNORSK Det Norske Samlaget Oslo 2009


Symbol i boka

faktaspørsmål

skrive og snakke

undersøkje

dramatisere

la oss tenkje saman

ordforklaring

kristendom

buddhisme

islam

hinduisme

livssynshumanisme

jødedom


Velkommen Inn i livet! Alle religionar og livssyn fortel om livet til menneska i kvardag og høgtid. Hovudtemaet i denne elevboka er tid. Til alle tider har menneska undra seg over livet. Dei har stilt spørsmål som «Kven er eg?» og «Korleis kan eg vite at det eg gjer, er rett?» I det første kapittelet i denne boka skal du lære meir om slike spørsmål. I det andre kapittelet skal du utforske kva tid er, og korleis menneska reknar tid. Du skal sjå nærmare på ein spesiell type tid, nemleg høgtid. I det tredje kapittelet kan du lese om korleis barn og vaksne feirar ulike høgtider, og lære om nokre viktige høgtider innanfor religionane. Mange av dei heilage tekstane er blitt til for svært lenge sidan, men blir lesne og fortalde den dag i dag. Dei lever på tvers av tid. I det fjerde kapittelet i boka kan du lære meir om ein del slike tekstar. I kvart kapittel finn du eigne sider med ulike oppgåver til kvart tema. Fleire oppgåver finst i Inn i livet 5. Ressursbok for læraren og på nettressursen til verket: http://innilivet.samlaget.no I margen finn du nøkkelord og ordforklaringar. Fremst i boka står ei innhaldsoversikt, og bak i boka finn du eit stikkordsregister. Desse innslaga er til hjelp for deg når du skal bli kjend med det som står i boka. Vi håpar at du på reisa di Inn i livet finn mange spennande tema som du ønskjer å lære meir om. RLE er eit levande fag som angår deg – bruk det til å utforske den verda du er ein del av! Lykke til! Helsing forfattarane


Innhald KAPITTEL 1

FilosoďŹ og etikk

7

Kva er filosofi? Kva er etikk? IKT og etikk

8 15 21

KAPITTEL 2

Tid

25

Tid og hendingar Tidsrekning og kalendrar Kristen tidsrekning Islamsk tidsrekning Jødisk tidsrekning Tidsrekning i buddhisme og hinduisme

26 28 29 32 34 36


KAPITTEL 3

Høgtider og merkedagar Feiring av høgtider Kyrkjeåret Høgtider i kristendommen Høgtider i islam Høgtider i buddhismen Høgtider i hinduismen Høgtider i jødedommen Andre merkedagar

41 42 43 46 59 66 72 78 85

KAPITTEL 4

Heilage tekstar

89

Kva er heilag tekst? Den heilage teksten i kristendommen Heilage tekstar i islam Heilage tekstar i buddhismen Heilage tekstar i hinduismen Heilage tekstar i jødedommen

90

Stikkord Illustrasjonar og bilete Kjelder

91 110 115 117 120

125 127 128


6


K

T PIT EL 1

A

Filosofi og etikk Spørsmål og svar I dette kapittelet skal du lære om:

➔ kva filosofi er ➔ filosofien til Platon og Aristoteles ➔ kva etikk er ➔ etikk og IKT

Det er mykje stygt som finst. Men kva er styggast? Det er mykje fint som finst. Men kva er finast? Det er mykje godt som finst. Men kva er best? Læraren kan ikkje svare deg. Sportsfolka kan ikkje svare deg. Rekordboka kan ikkje svare deg. Du må spørje deg sjølv. For når det gjeld svar, får du dei styggaste, finaste, beste akkurat der. Einar Økland, frå På frifot (1978)

7


Kva er filosofi? Filosofiske spørsmål

Ingen fasit

Filosofi er å tenkje gjennom og snakke om viktige spørsmål. Filosofiske spørsmål er spørsmål om det å vere menneske, om samfunnet, om naturen og om verda. Eit filosofisk spørsmål kan begynne med eit problem vi vil løyse, eller med at vi undrar oss over noko vi ikkje forstår. Det er ikkje eit filosofisk spørsmål om nokon spør kor mykje klokka er, eller kva for ein dag det er i dag. Slike spørsmål er lette å svare på ved å sjå på klokka eller slå opp i ein kalender. Men det er eit filosofisk spørsmål å spørje kva tid eigentleg er. Filosofiske spørsmål har ikkje enkle svar. Det finst ingen fasit, og vi kan ikkje finne svara i eit leksikon. Vi må tenkje for å finne gode svar, og det kan vere fint å tenkje saman med andre. Fleire hovud tenkjer betre enn eitt hovud. For filosofar er spørsmåla like viktige som svara. For å finne rette eller gode svar må vi stille dei rette spørsmåla. Her er nokre filosofiske spørsmål: Kor stort er universet? Kva er rett, og kva er gale? Korleis skal vi leve? Finst det vondskap? Kva er eigentleg kunnskap?

Visdom som venn Ordet filosofi kjem frå dei greske orda filos, som tyder kjærleik eller venn, og sofia, som tyder visdom. Ein filosof ser på visdommen som ein venn. Den som har visdom, er klok og forstår mykje.

8


Eg låg nettopp og tenkte på verdensrommet. Verdensrommet er noko eg ikkje kan forstå. Eg kan ikkje forstå at det er uendeleg, for alt har jo ein ende, alt har ein kant, ein eller annan stad. Men viss verdensrommet endar, kva er då etter der det endar? Kanskje ingenting, men kva er så ingenting? For ingenting er vel ingenting? Eg forstår det ikkje, og eg tenkjer om igjen og om igjen på verdensrommet. Det er derfor eg no har lyst til å rope på pappa. Eg må spørje han om verdensrommet. Jon Fosse, Kant (2005), utdrag

9


Dei første filosofane Vestleg filosofi Hellas

For over 2500 år sidan oppstod den vestlege filosofien i Hellas. Dei første filosofane undra seg både over kva naturen er bygd opp av, og korleis vi menneske skal leve saman.

Sokrates Platon Aristoteles

Sokrates, Platon og Aristoteles blir rekna som dei første store filosofane i den vestlege verda. Dei levde i Athen, som i dag er hovudstaden i Hellas. Det var fleire byar rundt Middelhavet, og menneska kunne lett reise mellom byane. Mange reiste lange vegar for å handle med andre og for å utforske verda rundt seg. Dei såg at menneska levde på ulike måtar, og at dei trudde og meinte ulike ting. Eit viktig filosofisk spørsmål blei dermed: Korleis skulle menneska leve saman?

Austleg filosofi Samtidig som vestleg filosofi oppstod i Hellas, fanst det filosofar i land lengre aust, mellom anna i Kina og India.

10


Skolen i Athen (1509-1510) av Rafael

11


Eleven til Sokrates

Akademiet Dialog

Sanninga

12

Platon Platon blei født i Athen. Han levde frå 428 f.Kr. til 348 f.Kr. Platon møtte Sokrates og blei eleven hans. Sokrates blei dømd til døden av borgarane i byen. Det syntest Platon var urettferdig. Han meinte at dei menneska som styrte i Athen, ikkje forstod kva som var rett og gale. Platon ville vise at kva som er rett og kva som er gale, er filosofiske spørsmål. Politikarane trong hjelp av filosofane til å tenkje gjennom viktige val. Derfor oppretta Platon ein skole i Athen. Skolen kalla han Akademiet. Platon skreiv fleire bøker som blir kalla dialogar. Dialog tyder samtale. I bøkene viser Platon korleis vi kan komme fram til svar på filosofiske spørsmål ved å tenkje saman og samtale. Sokrates, som var læraren til Platon, var ofte hovudpersonen i desse bøkene.

Aristoteles Aristoteles levde frå 384 f.Kr. til 322 f.Kr. Han reiste som ung gut til Athen. Der møtte han Platon og begynte på skolen hans. Aristoteles lærte å stille filosofiske spørsmål av Platon, men han var ikkje einig i alt Platon tenkte. Aristoteles sa: «Platon er min venn, men den beste vennen eg har, er sanninga.»


Aristoteles var oppteken av verda slik vi møter henne rundt oss. Han var ikkje berre filosof, men samla også kunnskapar om natur og samfunn.

Kva er verkeleg? Tenk deg ein trebåt på havet. Båten siglar i mange år og reiser frå hamn til hamn over heile verda. Ettersom åra går, og vêr, sjø og vind slit på båten, må han få stadig nye plankar og kanskje ei ny mast og nye segl. Ein dag har alt på båten blitt skifta ut med nytt materiale. Er det framleis den same båten?

Platon meinte at vi menneske får sikker kunnskap berre frå det vi kan tenkje, ikkje frå det vi kan sjå. Han skilde mellom tinga slik vi ser dei i verda, og tinga slik vi kan førestelle oss dei. Dei fleste menneske stoler på at det vi ser rundt oss, er verkeleg. Platon meinte noko anna. Han sa at det vi kan tenkje oss, er meir verkeleg enn det vi ser. Det vi berre kan tenkje oss, kalla Platon idéverda.

Idéverda

Platon såg for seg at alle ting i verda finst både i idéverda og i verda slik vi menneske kjenner henne. Om vi går tilbake til båten i teksten, vil ideen båt aldri forandre seg. Akkurat den båten som teksten fortel om, vil derimot forandre seg. Vi kan ikkje vite noko sikkert om tinga i verda, sa Platon, nettopp fordi dei heile tida forandrar seg. Aristoteles var ueinig med Platon. Han meinte at menneska berre kan få sikker kunnskap om det vi kan sanse. For han eksisterte det inga idéverd. For Aristoteles er båten framleis sann og verkeleg, jamvel om han har forandra seg.

Å sanse er å sjå, høre,

kjenne, smake og lukte. ■

Ein idé er ein tanke

eller ei førestelling.

13


OPPGÅVER 1 Kva tyder orda filosofi og visdom? 2 Forklar skilnaden mellom orda filosofi og visdom. 3 Når oppstod den vestlege filosofien? Kvar skjedde det?

4 Skriv eit samandrag av delkapittelet om filosofi. Bruk overskriftene og nøkkelorda i margen som hjelp. 5 Kva skal vi med filosofi? 6 Skriv tre faktasetningar om Platon og tre faktasetningar om Aristoteles. 7 Forklar kva som er meint med idéverda. 8 Korleis kan vi vite at noko er sikkert eller sant? 9 Er det vi ser på tv, sant og verkeleg? Grunngi svaret. 10 Er det vi les i avisa, sant og verkeleg? Grunngi svaret. 11 Er du den same i dag som i går? Grunngi svaret. 12 Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne informasjon om Aristoteles og Platon. Skriv ein samtale mellom dei to filosofane. 13 Sjå på måleriet Skolen i Athen på side 11. Finn filosofane Sokrates, Platon og Aristoteles i måleriet. Skriv ei historie med tittelen «Skolen i Athen» med utgangspunkt i måleriet og det du veit om dei tre filosofane. 14 Skolen til Platon i Athen blei kalla Akademiet. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut meir om denne skolen. Kva tyder ordet akademi? 15 Kjenner du namnet på ein annan filosof enn dei som er omtalte i læreboka? Kva spørsmål stiller akkurat denne filosofen? Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne informasjon om denne filosofen og tankane hans eller hennar. Lag ein lysbiletpresentasjon.

16 Lag tre filosofiske spørsmål. Forklar kvifor desse spørsmåla er filosofiske. 17 Lag tre spørsmål som ikkje er filosofiske spørsmål. Forklar kvifor dei ikkje er filosofiske spørsmål. 18 Korleis kan vi best leve saman med menneske som meiner noko anna enn det vi gjer?

14


Kva er etikk? Mamma til Klaus begynner tidleg på jobb. Derfor har Klaus ansvar for å dra heimanfrå om morgonen sjølv. Han går heimanfrå akkurat når han skal, men halvveges til skolen kjem han på at han har gløymt å låse døra. Kva skal han velje å gjere? Om han snur, kjem han for seint på skolen. Om han ikkje snur, kjem han tidsnok, men da står døra til huset oppe heile dagen, og kven som helst kan gå inn. Tenk om det kjem tjuvar!

Når vi prøver å finne ut kva som er rett, tenkjer vi etisk. Etiske spørsmål er spørsmål om handlingar og val. Dei har ikkje alltid enkle svar. I somme situasjonar er det ikkje lett å vite kva som er rett å gjere. Da har vi eit etisk problem. Etikk dreiar seg om kva vi bør gjere for å handle rett eller rettferdig.

Etisk problem ■

Ordet etikk kjem frå

det greske ordet ethos og tyder skikk eller

Mange filosofar har vore opptekne av spørsmål som: Kva er gode og rettferdige handlingar? Kva er eit godt og rettferdig menneske? Det er ikkje lett å svare på desse spørsmåla. Først må vi finne ut kva som er rett og godt. Platon meinte at det finst noko som er rett og noko som er gale. Han sa at vi menneske kan tenkje oss fram til kva som er rett og gale. Dermed kan vi finne ut korleis vi skal leve for å vere gode og rettferdige menneske.

vane.

Rett og gale

Den som veit kva som er rett, vil også gjere det som er rett. Sokrates

15


Det var i matfriminuttet. Dei fleste var ferdige med å ete og på veg ut. Ellisiv sat framme ved kateteret og skreiv på noko. Då Lena gjekk forbi Kai-Tommy, sa han så stilt at Ellisiv ikkje høyrde det: – Åh, tenk om vi slapp jenter i denne klassa. Lena bråsnudde. Eg kjende det begynte å prikke oppetter ryggen. Dei andre gutane merka også at noko skulle til å skje, for plutseleg såg alle på Lena og KaiTommy. Lena sto der, spinkel som eit knekkebrød, med skeive musefletter, og var så sint at eg heldt pusten. – Seier du det ein gong til, så slår eg deg til Darapiss, freste ho. Kai-Tommy smilte stygt, bøygde seg litt nærare og sa: – Åh, tenk om vi slapp jenter i denne klassa. Då small det. Lena Lid, min beste venn og nabo, drylte til Kai-Tommy midt i ansiktet så han fauk i ein boge fram mot kateteret der Ellisiv sat. Det var som på film. Akkurat som på film; eg har sett det, sjølv om eg eigentleg ikkje får sjå 15-årsfilmar. Og det var Lena som gjorde det. Ho slo med den handa som nettopp hadde komme ut av gipsen, eit slag som det vart snakka om i mange veker etterpå. Bortsett frå ynkinga til Kai-Tommy nede på golvet vart det heilt stille. Vi var i sjokk alle saman – Ellisiv også. Det var ikkje så rart i grunnen, ho hadde nesten fått ein heil elev i hovudet. Men då Lena gjekk mot døra, og ville ut, ropte læraren vår med sint stemme: – Lena Lid, kvar har du tenkt deg? Lena snudde seg og såg på Ellisiv. – Eg skal til rektors kontor, sa ho. Maria Parr, utdrag frå Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde (2005)

16


Reglar Det finst reglar og lover som fortel oss korleis vi bør handle for å gjere det rette. Ein del reglar er skrivne ned i lover eller regelbøker. Andre reglar er uskrivne. Dei står ikkje nokon stad, men vi veit at vi har dei, og at vi bør følgje dei. Vi har for eksempel reglar som gjeld heime, og reglar som gjeld på skolen. Vi har lover som gjeld for alle i heile landet – Noregs lover. Dei fortel oss kva som er lovlege og ulovlege handlingar i Noreg.

Skrivne reglar Uskrivne reglar

Etiske reglar kan også vere skrivne eller uskrivne. Etiske reglar fortel oss kva som er rett eller gale i ulike situasjonar. Ei rett handling er ei etisk handling, mens ei galen handling er ei uetisk handling.

Etiske reglar

Etisk og uetisk treng ikkje å vere det same som lovleg og ulovleg. Somme handlingar er lovlege, men vi bør likevel ikkje gjere dei, fordi dei er uetiske.

Lovleg og ulovleg

Etisk og uetisk

Klaus har ikkje gjort leksene sine. Når mamma spør, lyg han likevel og seier at han har gjort dei. Det er ikkje ulovleg å lyge om leksene, men det er uetisk. Kvifor trur du Klaus lyg om leksene?

17


Sør-Afrika, 1970

Er alle reglar gode? Tenkje sjølve

Urettferdige reglar

18

Platon meinte at jamvel om det sikkert finst mange gode lover og reglar, må vi likevel tenkje sjølve. Han meinte at når eit godt menneske som Sokrates blei dømd til døden, måtte det vere noko gale med lovene og med dei som hadde laga lovene. Det er ikkje slik at alle lover og reglar utan vidare er rette eller gode, og derfor må vi heile tida kunne tenkje sjølve for å finne ut kva som er rett. Ein del lover og reglar har blitt forandra på fordi dei var urettferdige. Tidlegare fekk for eksempel ikkje menneske med mørk hudfarge i USA eller i Sør-Afrika sitje på same buss eller på same benk i parken som menneske med lys hudfarge. Dei fekk heller ikkje gå på same skole og måtte derfor gå på andre skolar. Det var urettferdig. Mange menneske tenkte at det som stod i desse lovene, ikkje var rett. Dei arbeidde derfor for å få dei forandra, og i dag er lovene annleis.


Etikk når vi snakkar saman Mange etiske reglar seier noko om korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre. Å tenkje etisk vil også seie å tenkje gjennom kva det du gjer, har å seie for andre. Dei andre kan vere familiemedlemmer eller venner du kjenner godt, eller menneske du ikkje kjenner og aldri har møtt.

Oppføre oss

Når vi snakkar saman, må vi tenkje etisk. Vi bør snakke saman på ein måte som gjer at vi ikkje misforstår kvarandre, sårar kvarandre eller er urettferdige mot kvarandre. Dei som kjenner oss godt, veit når vi berre tullar og når vi er alvorlege. Men det er ikkje sikkert at dei som ikkje kjenner oss, forstår at vi tullar. Når vi står ansikt til ansikt med den vi snakkar med, kan det også vere lettare å vise kva vi meiner når vi snakkar saman. Vi kan for eksempel smile og sjå at den andre smiler, vi kan snakke med vennleg stemme eller rope, og vi kan høre korleis den andre bruker stemma.

Ansikt til ansikt

19


OPPGÅVER 1 Kva tyder orda etikk, etisk og uetisk? 2 Kva er ein regel? Forklar og gi eksempel på ulike reglar.

3 Skriv eit samandrag av delkapittelet om etikk. Bruk overskriftene og nøkkelorda i margen som hjelp. 4 Lag eit tankekart og skriv ein faktatekst om etikk. 5 Kvifor har vi lover og reglar? 6 Kva reglar meiner du er gode reglar? Og kva reglar meiner du er dårlege reglar? Gi nokre eksempel. Hugs at du må grunngi meiningane dine. 7 Kan den same regelen vere god for somme og dårleg for andre? Grunngi svaret. 8 Korleis kan vi vite at vi har gjort noko uetisk? 9 Lag eitt eller fleire etiske spørsmål. 10 På side 15 finn du eit sitat frå filosofen Sokrates. Har Sokrates rett? Diskuter med medelevar og skriv fem linjer. Grunngi svaret. 11 På side 16 møter du Ellisiv, Kai-Tommy og Lena. Tenk deg at du er ein av desse tre personane. Skriv eit brev til rektor der du fortel korleis du opplevde situasjonen i klasserommet. Les gjerne brevet høgt for medelevar og lærar. 12 Skriv fem setningar om biletet på side 18.

13 Les teksten om Ellisiv, Kai-Tommy og Lena på side 16. a) Dramatiser samtalen mellom Lena og rektor på kontoret til rektor. b) Kva skjer vidare? Lag eit rollespel der elevane saman med læraren prøver å finne ei løysing på konflikten.

14 Kan det somme gonger vere rett å lyge? 15 Kvifor skal vi gjere det som er rett? Lag to grunngivingar. a) Vi skal gjere det som er rett, fordi … b) Vi skal gjere det som er rett, fordi …

20


IKT og etikk I vår tid bruker vi ofte teknologi for å kommunisere med kvarandre. Datamaskinar og mobiltelefon kallar vi gjerne IKT eller informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Vi kan sende SMS eller ringje kvarandre med mobiltelefonen, vi kan sende e-post eller chatte på ei møteside på Internett. Vi er saman og har ansvar for korleis vi oppfører oss, jamvel om vi ikkje kan sjå kvarandre. Derfor har vi behov for etiske reglar, også når vi bruker mobiltelefonen eller datamaskinen.

IKT = informasjons- og kommunikasjonsteknologi ■

Datamaskin og etikk Ved hjelp av datamaskinen kan vi finne informasjon frå heile verda på Internett. Her finst leksikon, aviser frå alle land og mange møtestader der vi kan stille spørsmål for å få svar, eller komme i kontakt med menneske på ulike måtar. Vi kan få venner frå mange land, lære språk og forstå meir av verda når vi møtest på Internett. I somme land er det forbode å skrive kva ein vil i bøker eller aviser. Derfor bruker mange menneske heller Internett for å fortelje kva som skjer i samfunnet rundt dei. Gjennom Internett kan menneske i heile verda få kunnskapar som dei elles kanskje ikkje hadde fått. På den måten kan Internett vere med på å gjere verda betre for fleire menneske.

Informasjon Kontakt

Kunnskapar

Det finst lover som seier kva som er lovleg og ulovleg å gjere på Internett. Visste du for eksempel at det kan vere ulovleg å laste ned musikk, bilete eller filmar? Du kan heller ikkje leggje ut film eller bilete av andre menneske utan at du har fått lov til det av dei som er avbilda. I tillegg har du ikkje lov til å skrive noko som kan såre andre menneske.

Lovleg og ulovleg

Av og til kan somme bruke Internett med galne hensikter. Det kan vere hackarar som prøver å hente ut informasjon som dei ikkje har lov til å hente ut, eller det kan vere vaksne som prøver å få kontakt med barn for å misbruke dei seksuelt. Vi har lover som

Galne hensikter

21


skal verne oss slik at det ikkje skjer, men vi må likevel alltid vere forsiktige når vi er på Internett. Problem

Bruk av IKT kan også skape andre problem. Mange barn opplever at dei blir hekta på eit spesielt dataspel. Dermed kan dei stengje seg inne på rommet sitt og gå glipp av vennskap og leik med andre. Andre barn kjøper ting på Internett som dei verken har råd til eller lov til å kjøpe.

Mobiltelefon og etikk SMS

Mobbe

22

Med mobiltelefon kan vi snakke med andre nesten same kvar vi er i verda. Det går raskt å sende SMS. Samtidig er det lett å misforstå kvarandre. Når vi møtest og snakkar med kvarandre, kan vi rette opp det vi seier, om vi seier noko feil. Vi kan også seie det vi ønskjer, på ein annan måte. Det er ikkje like lett når vi snakkar saman ved hjelp av SMS. På same måte som det er forbode å spreie rykte og løgner om menneske på Internett, er det ulovleg å truge eller mobbe menneske ved hjelp av mobiltelefonen.


OPPGÅVER 1 Kva tyder forkortinga IKT? Gi eksempel på kva som kan vere IKT.

2 Skriv eit samandrag av delkapittelet om IKT og etikk. Bruk overskriftene og nøkkelorda i margen som hjelp. 3 På kva måtar har IKT med etikk å gjere? 4 Kva er bra, og kva er ikkje bra, ved bruk av Internett? Lag eit tokolonnenotat. 5 Kor gammal bør ein vere før ein får sin eigen mobiltelefon? Grunngi svaret ditt. 6 Kva vil du fortelje, og kva vil du ikkje fortelje, om deg sjølv på Internett? 7 Mange legg ut musikk, filmar og bilete på Internett. Er det greitt å gjere det utan at dei som har laga musikken, filmen eller biletet, får betalt? Diskuter med medelevar. 8 Lag ein illustrert veggplakat om etikk og IKT. Få fram ulike sider ved temaet. 9 Lag ei nettvettliste for klassa. 10 Lag ei regelliste for bruk av mobiltelefon som skal gjelde for klassa. 11 Skriv ei forteljing der du kjem inn på eit etisk problem knytt til bruk av IKT. 12 Lag eit intervju med ein vaksen om korleis det var å vekse opp utan mobiltelefon eller Internett. 13 Ville du få eit betre eller dårlegare liv dersom du var utan mobiltelefon og Internett?

14 Gå saman i par. Dramatiser ein telefonsamtale utan å snakke, berre ved å bruke kroppsspråk. 15 Gå saman i grupper. Lag eit rollespel der de løyser ein konflikt som har oppstått på grunn av misforståingar skapte av tekstmeldingar eller chatting på Internett.

16 Er det uetisk å late som om du er ein annan enn den du er, når du er på Internett? 17 Kva er viktig å tenkje på når vi bruker SMS eller Internett? a) Vi skal alltid ..., fordi ... b) Vi skal aldri ..., fordi ...

23


24


K

T PIT EL 2

A

Tid I dette kapittelet skal du lære om: ➔ kva tid er ➔ tidsrekning og kalendrar i ulike religionar

Kan du kanskje høre at håret ditt gror? Ingen kan høre når tiden arbeider. Ikke en gang når den arbeider rett ved siden av ørene. Gerhard Stoltz, frå Tiden bor ingensteder (1993)

25


Tid og hendingar Bestemte tidspunkt og stader

Vi kan ikkje snakke om hendingar utan at dei har skjedd på bestemte tidspunkt og på bestemte stader. Du blei født på ein bestemt dato på ein bestemt stad. Du begynte på skolen din det året du fylte seks år. Dagen i dag har ein bestemt dato, og du er ein eller annan stad når du les dette. Tenk om du gjekk på ein skole der ingen brydde seg om tida. Da kunne lærarane og elevane komme når det passa dei.

Læraren: Hei, alle saman. No skal vi planleggje skidag! Lisa: Fint! Når skal vi ha han? Læraren: Tja, vi treng vel ikkje å ha han på eit bestemt tidspunkt?

26


Det varige minnet (1931) av Salvador Dalí

OPPGÅVER

1 Kva er tid? 2 Går tida alltid like fort? 3 Går tida seinare når vi kjedar oss enn elles? 4 Når begynte tida? 5 Når sluttar tida?

27


Nyttårslovnad Ein nyttårslovnad er ein lovnad som du ønskjer å halde i det nye året. Det kan for eksempel vere å prøve ut nye ting, å bli flinkare til noko eller å slutte med uvanar.

31. desember

Ikkje religiøs høgtid 1. januar

28

Tidsrekning og kalendrar Nyttårsfeiringar Når vi feirar nyttår, markerer vi at eit år er over, og at eit nytt år begynner. Over store delar av verda er det vanleg å feire inngangen til det nye året med ein fest. Men ikkje alle feirar nyttår samtidig eller på same måte. I Noreg og den vestlege verda er datoen for nyttår alltid 31. desember. I Vietnam og Kina feirar dei nyttår i slutten av januar eller tidleg i februar. Grunnen til at nyttår ikkje fell på same dato over heile verda, er at vi menneske har ulike måtar å rekne tida på. Nyttårsfeiringa i Noreg er ikkje ei religiøs høgtid. Både kristne, humanetikarar, muslimar, buddhistar og andre feirar nyttår. Første nyttårsdag, som er 1. januar, er ein offentleg fridag i Noreg. Alle har derfor fri frå skolen den dagen, og mange vaksne har fri frå arbeidet.


Tidsrekning Dersom vi ikkje har klokke eller kalender, kan vi rekne ut tida ved å sjå på korleis sola eller månen flyttar seg. Det har menneska gjort i alle fall i 12 000 år. Den første kalenderen blei laga av egyptarar for nesten 5000 år sidan. Tidsrekninga ordnar rekkjefølgja på alt som skjer. Da er det lettare å hugse tilbake og planleggje framover.

Rekne ut tida

Kristen tidsrekning Den kristne tidsrekninga begynte for litt meir enn 2000 år sidan. Ho er knytt til Jesu fødsel. Det er derfor vanleg å kalle tida før Jesu fødsel år 1 for før Kristus. Tida etter år 1 heiter etter Kristus. Vi skriv f.Kr Før og etter Kristus og e.Kr. Denne tidsrekninga har blitt utbreidd over heile verda. Somme meiner derfor at tidsrekninga heller bør kallast vanleg Vanleg tidsrekning tidsrekning. Dei skriv f.v.t. og e.v.t. Det tyder før vanleg tidsrekning og etter vanleg tidsrekning.

29


Ordet pave tyder far.

Paven er leiaren for den katolske kyrkja.

Solår

Skotår

Den gregorianske kalenderen Det er mange måtar å ordne tid på. For å halde orden på tida bruker vi kalendrar. Vi har faste namn på dagar og månader, så vi kan vite når noko skjer kvart år. Den kalenderen vi bruker i Noreg i dag, blei innført i Roma i 1582 av ein pave som heitte Gregor. Derfor heiter kalenderen den gregorianske kalenderen. I Noreg blei denne kalenderen innført i år 1700. Eit solår er 365 dagar. Det er om lag den tida det tek for jorda å gå i bane rundt sola ein gong. Eigentleg bruker jorda nokre timar meir på denne runden. Desse timane blir samla opp, og kvart fjerde år set vi ein ekstra dag inn i året. Dei åra som har denne ekstra dagen, kallar vi skotår, og den ekstra dagen er alltid 29. februar. Sidan kalenderen følgjer sola, kjem nyttårskvelden, fødselsdagar og alle andre dagar på den same årstida kvart år.

Hugseregel for kor mange dagar det er i månadene: Tel på knokane. La første knoke på handa vere januar, mellomrommet mellom første og andre knoke februar, andre knoke mars, mellomrommet april osv. Siste knoke er juli. Så går du tilbake til første knoke og begynner å telje frå august. Alle månadene som fell på knokar, har 31 dagar, dei som hamnar mellom knokane, har 30 dagar. Unntaket er februar, som har 28 eller 29 dagar.

30


OPPGÅVER

1 Kva forkortingar om tid har du lese i teksten? Kva tyder forkortingane? 2 Kor gammal er den første kjende kalenderen? Kvar blei han laga? 3 Når begynte den kristne tidsrekninga? Kva for ei hending er utgangspunktet for denne tidsrekninga? 4 Kva kallar vi den kalenderen som vi bruker i Noreg i dag?

5 Skriv eit samandrag av dei delkapitla du har lese i kapittel 2. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 6 Korleis kan vi markere nyttår? 7 Kvifor innleier mange det nye året med ein lovnad? 8 Kva synest du tidsrekninga bør kallast? Grunngi svaret. 9 Korleis kan du gjette kor mykje klokka er ved å sjå på sola? 10 Kva andre teikn i naturen kan vi bruke for å halde orden på tida? 11 På side 27 finn du eit måleri av den spanske kunstnaren Salvador Dalí. Kva fortel dette måleriet deg om tid? Skriv eit dikt eller ei forteljing til biletet. 12 Vel deg eitt av spørsmåla på side 27 og skriv eit svar på spørsmålet. Hugs at du må grunngi meiningane dine.

31


Islamsk tidsrekning

Mekka og Medina

32

Muslimar har ei eiga tidsrekning som fastset dei religiøse høgtidene. Men mange muslimar bruker også den kristne tidsrekninga. Profeten Muhammed hadde motstandarar og måtte flykte frå heimbyen sin, Mekka. Han flykta til byen Medina. Der grunnla Muhammed det første muslimske samfunnet.


Flukta til Medina er utgangspunktet for islamsk tidsrekning. Flukta skjedde i år 622 etter kristen tidsrekning, og har fått namnet hijra. Det vil seie at år 1 for muslimane er år 622 etter kristen tidsrekning. Når muslimar skal markere kva for eit år dei er i, skriv dei etter hijra, som blir forkorta e.h. Det islamske kalenderåret er ti–tolv dagar kortare enn det gregorianske kalenderåret. Det kjem av at tida i islam blir rekna ut frå månen. Månadene i måneåret blir rekna ut frå månefasane. Tida frå ein nymåne til den neste varierer frå 29 til 30 dagar. Eit måneår har derfor 354 eller 355 dagar fordelte på tolv månader. Fordi måneåret er kortare enn solåret, vil det islamske året forskyve seg ti–tolv dagar kvart år i høve til solåret. Islamske høgtider fell derfor ikkje på dei same datoane kvart år. Årstall etter Kristus, e.Kr. 2010 2015 2020

År 622

Etter hijra

Måneåret ■

Ein månefase er

tida frå nymåne til neste nymåne.

Etter hijra, e.h. 1431 1436 1441

I dag såg eg I dag såg eg tvo månar, ein ny og ein gamal. Eg har stor tru på nymånen. Men det er vel den gamle. Olav H. Hauge, frå Dropar i austavind (1966)

33


Jødisk tidsrekning 3761 f.Kr.

Skotmånad

Den jødiske tidsrekninga begynner med at Gud skaper Adam. År 1 i den jødiske tidsrekninga er år 3761 f.Kr. Mange jødar godtek samtidig vitskapleg forsking som viser at det har vore liv og menneske på jorda i mykje lengre tid. Det jødiske året følgjer måneåret. For at dei jødiske høgtidene skal komme på same årstid kvart år, legg jødane inn skotmånader. Gjennom ein tidsperiode på 19 år blir det lagt inn ein slik skotmånad sju gonger. Eit år som inneheld ein slik skotmånad, blir kalla skotår. Etter Kristus, e.Kr. 2010 2015 2020

Jødisk år 5771 5776 5781

Mennesket blir skapt (1956-58) av Marc Chagall

34


35


Tidsrekning i buddhisme og hinduisme For buddhistar og hinduar er det ikkje så viktig å slå fast eit tidspunkt for når verda begynte. Buddhistar meiner det er uråd å vite om verda har ei begynning eller ikkje. Hinduar tenkjer at verda blir skapt og øydelagd, før ho blir skapt og øydelagd på nytt. Skaping og øydelegging gjentek seg utan begynning og slutt. Ingen buddhistisk kalender

Det finst ingen felles buddhistisk kalender. Buddhistar følgjer den same kalenderen som andre folk i landet dei bur i.

Mange hinduistiske kalendrar

Hinduismen har mange kalendrar. Dei viktigaste kalendrane følgjer både månen og sola. Høgtidene fell derfor på den same årstida kvart år, men ikkje på den same datoen. Festar blir ofte feira på fullmånedagar både i buddhismen og i hinduismen.

Buddha sa: Det er som om ein mann blei treft av ei forgifta pil, og familie og venner henta lege. Tenk deg at mannen sa: «Eg vil ikkje ha denne pila trekt ut før eg veit kven som skaut, kva han heiter, kva slekt han hører til, om han er lang, kort eller middels høg, om han er svart, kvit eller brun, og kva by eller landsby han kjem frå. Eg vil ikkje ha denne pila trekt ut før eg veit kva slags bogestreng og pil eg blei skoten med, og kva materiale pilskaftet, fjørene og pilspissen var laga av.» Denne mannen ville døy før han fann svara. På same måten er det om nokon skulle seie at han ikkje ville bli munk før eg hadde forklart om verda er evig eller ikkje. Han ville døy før eg fekk forklart det.

Det buddhistiske livshjulet viser korleis verda heng saman.

36


37


OPPSUMMERANDE OPPGÅVER TIL KAPITTELET 1 I dette kapittelet har du lært om ulike tidsrekningar. Kva kjenneteiknar kristen, islamsk og jødisk tidsrekning? Kva er skilnadene mellom desse tre tidsrekningane? 2 Kva er skilnaden mellom ein månekalender og ein solkalender?

3 Skriv eit samandrag av delkapitla om tidsrekning i islam, jødedom, buddhisme og hinduisme. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 4 Skriv tekstar til fem av bileta i kapittelet. 5 Lag eit dikt om tid. Du kan lage eit dikt med enderim eller eit haikudikt. Teikn og pynt dikta og heng dei opp i klasserommet. 6 Korleis kan vi vite kva tid noko har skjedd, dersom vi ikkje bruker same tidsrekning? 7 På side 35 ser du måleriet Mennesket blir skapt av Marc Chagall. Skriv fem setningar om det du ser på biletet. 8 Sjå på det buddhistiske livshjulet på side 37. Skriv fem setningar om det du ser på biletet.

9 Kvar vekedag og kvar månad har eit namn med ein eiga tyding. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut kva namna på vekedagane og månadene tyder. 10 Når var det skotår sist, ifølgje ein kristen kalender? Rekn ut når det vil bli skotår neste gong. 11 Det er usemje om vi bør kalle tidsrekninga vår for før eller etter Kristus, eller før eller etter vanleg tidsrekning. Undersøk kva folk meiner om dette. Spør for eksempel nokre av elevane eller lærarane på skolen dykkar om kva dei synest, eller spør nokre andre vaksne. Fortel om funna dykkar for medelevar. 12 Kva år er det no, etter islamsk tidsrekning? 13 Kva år er det no, etter jødisk tidsrekning? 14 For å løyse denne oppgåva treng de tråd eller hyssing og eit måleband eller ein meterstokk. a) Dersom ein centimeter tråd eller hyssing er eit år, kor mange centimeter treng du om du skal måle opp alderen din? Kva med alderen til læraren dykkar? Og kor mange centimeter treng de for å måle opp summen av alderen til alle i klassa eller gruppa?

38


b) Mål opp kor lenge det er sidan Jesus blei født, ifølgje kristen tidsrekning. Kor mange meter tråd måtte de bruke for å måle opp denne tida? c) Mål opp kor lenge det er sidan hijra, ifølgje islamsk tidsrekning. Kor mange meter tråd måtte de bruke for å måle opp denne tida? d) Mål opp kor lenge det er sidan verda blei skapt, ifølgje jødisk tidsrekning. Kor mange meter tråd måtte de bruke for å måle opp denne tida?

15 Kan vi vite når tida begynte? a) Fullfør setningane under: Vi kan vite når tida begynte, fordi … Vi kan ikkje vite når tida begynte, fordi … b) Les setningane høgt for kvarandre. c) Ta stilling til setningane. Er du einig eller ueinig?

39


40


K

T PIT EL 3

A

Høgtider og merkedagar I dette kapittelet skal du lære om: ➔ kyrkjeåret og høgtider i kristendommen ➔ høgtider i islam ➔ høgtider i buddhismen ➔ høgtider i hinduismen ➔ høgtider i jødedommen ➔ andre merkedagar

Somme dagar har liksom eit slør over seg. Somme dagar må pakkast ut frå ei sky av høgtid. Slike dagar er ofte stillare enn andre dagar, og varer lenger. Men det finst òg bråkete og hektiske dagar, som startar med korpsmusikk eller klokkeklang, og endar med mageknip. Brit Bildøen

41


Feiring av høgtider Fleire heilagdagar

Ei høgtid består ofte av fleire heilagdagar. Under ei religiøs høgtid er det vanleg at menneske som hører til den same religionen, møtest for å feire høgtida saman. Denne feiringa kan for eksempel bestå i at dei reiser til gudshuset for å be eller for å høre på at nokon les høgt frå heilage skrifter. Det er også vanleg å møtast heime hos kvarandre for å ete god mat saman, be, syngje, leike og hyggje seg. Kva høgtider vi feirar, og korleis vi feirar dei, varierer med kvar i verda vi er frå, og kva for religion eller livssyn vi hører til.

Fri frå skole og arbeid

Under høgtidene har vi fri frå skolen, og mange har fri frå arbeidet. I Noreg gjeld det spesielt dei kristne høgtidene jul, påske og pinse. Barn og vaksne som hører til andre religionar, har også rett til fri frå skole og arbeid når religionen deira har høgtidsfeiring. Muslimske barn har for eksempel rett til fri frå skolen under feiringa av dei islamske id-høgtidene.

Heilagdagar Heilagdagar er religiøse merkedagar. Både jødedom, kristendom og islam har ein heilagdag kvar veke. For kristne er søndag heilagdag. Muslimane har fredag som heilagdag. Heilagdagen til jødane blir kalla sabbat. Sabbaten begynner ved solnedgang fredag kveld og varer til solnedgang laurdag kveld.

42


Kyrkjeåret

Ordet advent

kjem frå latin og tyder

Kalenderåret begynner 1. januar og sluttar 31. desember. Kyrkjeåret begynner med første søndag i advent, nokre veker før kalenderåret. Det begynner ikkje på ein bestemt dato, men fire søndagar før julekvelden. Kyrkjeåret varer til neste advent. Da begynner det neste kyrkjeåret.

«å komme». For kristne er adventstida fylt av forventningar til feiringa av Jesu fødsel. Advent er derfor ei førebuingstid.

43


Jul, påske og pinse

Dei tre store høgtidene i kyrkjeåret er jul, påske og pinse. I tillegg finst det fleire heilagdagar. Somme retningar innanfor kristendommen har mange heilagdagar, andre har få. Heilagdagane markerer viktige hendingar i livet til Jesus eller andre viktige personar i Bibelen eller i kyrkjehistoria.

Fargar i kyrkjeåret

Grønt Fiolett, kvitt og raudt

Det blir brukt ulike fargar på høgtidene og heilagdagane. Fargane skal vise det spesielle med den tida eller dagen som blir feira. Grønt står for vekst, håp og liv. Denne fargen blir brukt på flest heilagdagar. Dei andre fargane er fiolett, kvitt og raudt. Fiolett er fargen for å førebu seg eller gjere noko godt igjen. Fiolett blir mellom anna brukt i adventstida. Derfor pyntar mange med fiolette adventslys. Fasten er ei anna førebuingstid, som også har fiolett som farge. Fastetida

et at ord vel u d Visste tyder «far l val orte karne et»? Det f n tt ei til kjø rneval er at ka ør fasten. fest f

Den heilage ande

44

Tida før påske blir kalla fastetida. For kristne er fasten ei tid da ein skal unngå det som ikkje er nødvendig. Ein del held seg derfor heilt unna alkohol og kjøtt i denne tida. Andre unngår sjokolade eller noko anna dei liker å ete. Før fasten unner mange seg noko ekstra godt. Fastelavnsbollar er ein del av denne skikken. Vi veit ikkje heilt kvifor skikken med fastelavnsriset har oppstått. Kanskje skulle riset minne om at Jesus blei pint?

Kvitt står for fest og glede. Derfor blir denne fargen brukt i tida etter påskedag. Raudt er særleg knytt til Den heilage ande, og er den fargen som er knytt til høgtida pinse. Kristne trur at Den heilage ande er Guds kraft. Gud er til stades i verda gjennom Den heilage ande. Den gir dei kristne trua på Gud. Raudt er òg ein farge som minner om blod, offer og liding. Derfor blir denne fargen brukt på dagar til minne om menneske som døydde fordi dei trudde at Jesus var Guds son.


OPPGÅVER

1 Kva tyder ordet advent? Kva fargar er brukte for å markere advent i illustrasjonen over? 2 Sjå på illustrasjonen over. a) Finn ut kor mange dagar det er som har dei ulike fargane. b) Kva høgtider finn du i illustrasjonen over? c) I høgtidene jul og påske blir det brukt fleire fargar. Kva for nokre? 3 Skriv eit samandrag av delkapittelet om kyrkjeåret. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 4 Lag eit fargekart med alle fargane som hører med i kyrkjeåret. Skriv ei forklaring til kvar av fargane. 5 Fortel om karnevalsskikkar som du kjenner til. 6 Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut meir om desse dagane: Maria bodskapsdag, fastelavnssøndag, oskeonsdag og olsok. Lag eit faktaark eller ein lysbiletpresentasjon.

45


Høgtider i kristendommen Vi feirar påske fordi Jesus stod opp frå dei døde. Jesus kom til Jerusalem på palmesøndagen. Han rei på eit esel som han fekk av nokon som visste at han trong det. Seinare åt Jesus saman med disiplane. Jesus sa at ein av disiplane skulle svike han: «Før hanen gjel tre gonger, skal du fornekte meg tre gonger.» Han som svikta Jesus, heitte Peter. Så kom soldatar og tok Jesus til fange. Seinare blei Jesus krossfesta. Der var det to røvarar. Den eine sa til Jesus: «Kan du hugse på meg?» Jesus svarte røvaren: «Du skal vere med meg til himmelen.» Påskemorgon stod Jesus opp igjen. Eg har vore i Oppstodekyrkja i Jerusalem. Halvar, 11 år Vi skal ha påskespel i kyrkja, men vi øver på skolen. Vi gler oss til å vere med, for det er første gongen vi i femte klasse får vere med og syngje i koret. Neste år, i sjette klasse, skal vi få vere med i sjølve påskespelet. Eg kan ein påskesalme: Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se, en engel kom, åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom! Påskespelet viser vi fredag før påske i skoletida. Alle som vil, får vere med. Elevane i første til fjerde klasse ser på. Somme av elevane på skolen vil ikkje vere med. Dei er på skolen og gjer noko anna. Men alle som vil, kan vere med i kyrkja. Even, 11 år

46


Påska Forteljinga om at Jesus døydde og stod opp igjen er den viktigaste forteljinga for kristne. I påska minnest kristne denne forteljinga. Påskeforteljinga er svært dramatisk. Ho handlar om den djupaste sorg, om at Jesus døydde. Samtidig endar forteljinga i den største glede, sidan Jesus står opp igjen frå dei døde. Kristne trur at Jesus vinn over døden, og at dette viser at han er Guds son. Vi kallar gjerne forteljinga om Jesu liding og død for lidingshistoria. Gjennom gudstenester, påskespel og kyrkjemusikk blir lidingshistoria fortald. Påska er ei høgtid som går over ei heil veke. Kristne går gjerne i kyrkja fleire dagar i påska for å høre heile den dramatiske forteljinga. I Noreg har alle skolefri i påska. Ein god del bruker påskeferien til å reise bort med familien, for eksempel til ei hytte på fjellet. Mange vil likevel gjerne vere med på ei gudsteneste der dei er. Derfor blir det halde gudstenester fleire stader utandørs i påska, for eksempel på fjellet eller på eit torg midt i byen.

Dramatisk forteljing

Lidingshistoria

Gudsteneste

47


Jerusalem Palmesøndag I over 1500 år har kristne feira palmesøndag med å gå i prosesjon med palmegreiner eller greiner frå andre tre. Det gjer dei til minne om da Jesus rei inn i Jerusalem.

Hosianna er eit

utrop som tyder «gi frelse». Frelse er å bli redda eller berga.

Påskemåltid

Palmesøndag Jesus og disiplane hans reiste opp til Jerusalem for å feire den jødiske påska. Da Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel, trudde mange at han skulle bli ein mektig leiar. Folk ropte: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!» Dei kasta også palmegreiner på vegen.

Skjærtorsdag Også Jesus og dei tolv disiplane feira påskemåltid, slik som andre jødar. Det gjorde dei på torsdagen i påskeveka, og det blei det siste måltidet Jesus åt saman med disiplane: Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til disiplane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Så tok han eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange så syndene blir tilgjevne.» Evangeliet etter Matteus 26, 26–28

48


Det Jesus gjorde under det siste måltidet med disiplane, kallar vi nattverd. I gudstenesta skjærtorsdag, og i mange andre gudstenester, feirar kristne nattverd saman for å minnast den første nattverden.

Nattverd

Pakt Ei pakt er ein slags avtale eller ein lovnad frå Gud. Etter ein stor flaum lova Gud at jorda aldri meir skulle overfløymast. Teiknet på denne lovnaden er regnbogen. Seinare inngjekk Gud igjen ei pakt med menneska. Teiknet på denne pakta er steintavlene med dei ti boda. Den siste pakta kom med Jesus. Han vann over døden. Teiknet på denne nye pakta er dåpsvatnet og brødet og vinen i nattverden.

Ordet skjærtorsdag

har samanheng med eit verb som tyder å vaske. Det minner kristne om at Jesus viste omsorg for disiplane sine og vaska føtene deira før påskemåltidet.

Nattverden (1495-97) av Leonardo da Vinci

49


Redd

Langfredag Natta før langfredag var Jesus og disiplane i ein hage rett utanfor Jerusalem. Disiplane sovna, og Jesus var den einaste som var vaken. Han visste at han kom til å døy. Han var redd og bad til Gud om å få sleppe, men han sa også at Guds vilje måtte skje.

Prestar

Nokre jødiske prestar opplevde Jesus som ein motstandar. Dei frykta at han skulle få for stor makt, og dei bad derfor nokre menn om å ta Jesus til fange.

Judas

Ein av disiplane til Jesus var Judas. Han fortalde dei som leitte etter Jesus, kvar dei kunne finne han. «Den som eg gir eit kyss, er Jesus,» sa Judas. Da Judas og dei andre mennene kom inn i hagen, gjekk Judas bort og kyste Jesus. Jesus spurde: «Kvifor svik du meg med eit kyss?» Judas fekk 30 sølvpengar, og Jesus blei ført til prestane.

Messias Da Jesus levde, venta mange jødar på Messias. Messias er hebraisk og tyder den som er salva eller innvigd. Messias skulle komme med fred. Kristne trur at Jesus er Messias.

Å spotte tyder å

gjere narr av nokon.

50

Prestane forhørte Jesus. Dei ville vite om han var Messias, sjølve frelsaren. Jesus svarte: «Eg er det.» Prestane meinte at Jesus spotta Gud. Derfor ville dei at han skulle straffast.


Påskespel i Tyskland Jesus blei ført til Pontius Pilatus, den romerske leiaren. Han skjøna ikkje kva gale Jesus hadde gjort. Samtidig ville han ikkje bli upopulær hos folket. Han fekk soldatane sine til å piske Jesus. Deretter kunne dei frammøtte velje om dei ville at han skulle sleppe fri Jesus eller ein røvar som heitte Barabbas. Folk ropte: «Barabbas!» Så blei Jesus dømd til døden. Han skulle krossfestast. På vegen til Golgata fall han om og måtte ha hjelp til å bere krossen.

Pontius Pilatus

Krossfesting

Pontius Pilatus Romarane styrte i området rundt Middelhavet da Jesus levde. Romaren som hadde ansvaret for styret i det området der Jesus levde, heitte Pontius Pilatus.

Golgata er hebraisk

og tyder hovudskalle. Namnet Golgata kom av at staden likna på ein hovudskalle.

Jesus blei krossfesta ved Golgata. Nesten alle som hadde følgt han, var da forsvunne. Dei einaste som blei hos Jesu da han døydde, var mor hans, Maria, nokre andre kvinner og disippelen Johannes. Før Jesus døydde, sa han: «Det er fullført!» Gudstenesta langfredag er prega av ettertanke, og det er stilt og alvorleg i kyrkjerommet. Ofte er både lys og blomar fjerna.

Alvorleg

51


52


Påskedag På den tredje dagen etter krossfestinga gjekk kvinnene som hadde vore hos Jesus ved krossen, til grava hans. Ved grava fekk dei sjå at steinen som var framfor grava, var borte. Da dei gjekk inn, fann dei ikkje Jesus. I staden møtte dei to englar som sa at Jesus ikkje lenger var blant dei døde. Dette skjøna dei ikkje. Derfor trudde dei at nokon hadde røva liket av Jesus. Maria Magdalena begynte å gråte, men da viste Jesus seg for henne og sa at ho ikkje måtte gråte. Seinare viste han seg for disiplane òg. Fleire av disiplane strevde med å tru det dei såg, men etter kvart gjekk det opp for dei at Jesus hadde stått opp frå dei døde.

Kvinnene ved grava (2000) av Laura James

Gudstenesta påskedag er den største festdagen i kyrkja. Kyrkjerommet er fylt med blomar, og kyrkjelyden syng lovsongar saman. Mange stader opnar gudstenesta med utropet: «Kristus er oppstått!» Kyrkjelyden svarer: «Ja, han er sanneleg oppstått.»

Å ete kokte egg til frukost påskemorgon er ein vanleg skikk i Noreg. Barn får ofte eit påskeegg fylt med godteri allereie kvelden før. Mange pyntar heimen sin med gule påskekyllingar og lys. Gult er ein farge vi gjerne knyter til påska i Noreg. Kanskje kjem det av at fleire kjende symbol på liv og vekst er gule, for eksempel sola, kyllingen og eggeplomma. Påska er om våren, og våren kjem med nytt lys og liv til naturen. Kyllingen som bryt ut av skalet, blir også brukt som symbol på Jesus som stod opp frå grava.

Tom grav

Maria Magdalena

Kristus er eit gresk

ord som tyder det same som Messias, den som er salva.

Eit symbol er eit

teikn eller eit bilete med eit spesielt innhald.

Den gule Jesus (1889) av Paul Gauguin

53


OPPGÅVER 1 Kva tyder orda faste, hosianna og pakt? 2 Kor mange heilagdagar er det i påska? Kva kallar vi dei? 3 Kva er eit påskespel? 4 Kva tyder namnet Golgata? Kvar ligg Golgata? 5 Kva tyder Messias?

6 Skriv eit samandrag av delkapittelet om påske. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 7 Kva skjer i kyrkja dei ulike dagane i påska? Fortel. 8 Vel anten måleriet Nattverden side 49 eller måleriet Den gule Jesus på side 52. Beskriv biletet. Sjå på ansikta til menneska i biletet. Korleis opplever du stemninga? Skriv fem setningar. 9 Lag ein teikneserie av påskeforteljinga. 10 Lag ein quiz om påska.

11 «Din Judas» er eit vanleg uttrykk. Finn ut kva det tyder. 12 Maria Magdalena, Maria, mor til Jesus, og disiplane Peter og Johannes er omtalte i læreboka. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut meir om ein av desse personane. Lag ein lysbiletpresentasjon for å fortelje kva du finn ut. 13 På side 46 fortel Halvar om Oppstodekyrkja i Jerusalem. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne meir ut om denne kyrkja og om byen Jerusalem. Du kan også søkje på Gravkyrkja eller Jesu gravkyrkje, for denne kyrkja har fleire namn. Lag eit faktaark. 14 Kor gammal var Jesus da han døydde?

15 Kva vil det seie å svikte? 16 Kva får menneske til å svikte andre menneske? 17 Kvifor bør vi ikkje svikte andre menneske? Lag to grunngivingar. 18 Kva er det motsette av å svikte? Finn eksempel.

54


Kristi himmelfart (2000) av Laura James

Kristi himmelfartsdag Førti dagar etter påskemorgon kjem ein ny kristen høgtidsdag. Han har namnet Kristi himmelfartsdag og blir feira med gudsteneste. I Noreg er skolar og butikkar stengde denne dagen.

Førti dagar

Disiplane var glade for at Jesus hadde stått opp frå dei døde. Jesus var saman med disiplane sine og underviste dei. Men på himmelfartsdagen skjedde ei forandring. Jesus blei henta opp til himmelen, til far sin:

Så førte han dei ut av byen mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. Evangeliet etter Lukas 24, 50–52

55


Pinse Femti dagar

Kraft

Femti dagar etter påskedag, og ti dagar etter Kristi himmelfartsdag, feirar kristne pinse. For at disiplane skulle få mot til å fortelje om Jesus til andre, sende Gud ei kraft til dei. Denne krafta kallar vi Den heilage ande, og disiplane fekk krafta på pinsedagen: Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, viste seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande. Apostelgjerningane 2, 1–4 Etter pinsa begynte disiplane å reise rundt for å fortelje om Jesus og om det dei hadde opplevd saman. Dei som trudde at Jesus var Kristus, Guds son, blei kalla kristne. Dermed blei kristendom etter kvart ein eigen religion.

Fødselsdagen til kyrkja

Pinse Ordet pinse tyder 50. Denne høgtida heiter pinse fordi ho kjem 50 dagar etter påskedag.

56

Pinsa blir kalla fødselsdagen til kyrkja og er ein gledesfest for alle kristne. Kyrkja er både fellesskapet mellom alle som trur på Jesus, og sjølve kyrkjebygget.


Heilagdagar I tillegg til dei store høgtidene feirar kristne fleire heilagdagar. Ein av dei viktigaste er allehelgensdag. Denne heilagdagen er til minne om dei døde. Da steller mange ekstra pent på gravene på kyrkjegarden. Somme tenner også lys. Somme dagar i kyrkjeåret er viktige fordi dei er minnedagar for helgenar. Ein helgen er ein person som har hatt ei spesiell oppgåve, og som er eit førebilete for dei kristne. Jesu mor er den viktigaste helgenen. Ho blir feira på fleire høgtidsdagar. Andre juledag er minnedagen for Stefanus. Han blei steina i hel fordi han kalla seg kristen. Ein av dei som var einige i dette drapet, var Paulus. Seinare angra han seg og blei kristen. Paulus er også ein helgen.

Allehelgensdag

Helgen

Stefanus Paulus

57


OPPGÅVER 1 Ordet kyrkje kan tyde to ting. Forklar. 2 Kva tyder ordet pinse? 3 Eld er eit symbol for Den heilage ande. Kvifor? 4 Kva er allehelgensdag?

5 Kva er ein helgen? 6 Skriv eit samandrag av delkapittelet om Kristi himmelfartsdag, pinse og andre kristne heilagdagar. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 7 Kva er Den heilage ande? Forklar. 8 Beskriv kyrkja der du bur. Kor gammal er ho, og korleis ser ho ut?

9 Bruk kalenderen og finn ut når pinsa kjem i år. 10 Sunniva, Hallvard og Olav er tre kjende norske helgenar. På kva datoar blir dei feira? Kvifor blir dei feira? 11 Bruk høgtidskalenderen og finn andre helgendagar. 12 Finn fram til stoff om ein person som døydde for det han eller ho trudde på. Lag eit faktaark om denne personen.

13 Finst det noko som er verdt å døy for? a) Lag ei grunngiving for at det finst noko som er verdt å døy for, og ei grunngiving for at det ikkje finst noko som er verdt å døy for. b) Kva for ei grunngiving var den beste. Kvifor?

58


Høgtider i islam

Eg gler meg alltid til id. Id er ein artig fest. Til id får eg nye og fine klede. Som regel får eg ein ny kjole, men det bestemmer eg sjølv. I tillegg har eg fri frå skolen når det er id. Det liker eg godt. Og så får vi gåver. Eg har fått mange ulike id-gåver. Blant anna har eg fått pengar, nye klede og ei Bratz-dokke. Til id bestiller vi ein heil sau hos slaktaren. Det er pappa som bestiller og hentar sauen. Av sauen lagar vi god middag. I Noreg varer festen ein dag. På formiddagen går vi i moskeen. Der ber vi ei spesiell id-bønn. Om ettermiddagen samlar familien seg for å ete god mat. Vi et blant anna grilla sauekjøtt, couscous og suppe. Suppe et vi om det er kaldt. Er det varmt ute, et vi salat i staden. Til maten drikk vi brus. Kjem id om sommaren og det er fint vêr, grillar vi kjøttet ute. Kjem id om vinteren, grillar vi kjøttet i omnen. I fjor var vi seks familiar som feira id saman. Da leigde vi eit lokale og laga mat saman. Vi åt masse god mat frå ulike land. Vi hadde ein stor fest. Eg fekk lov til å ha med meg venner på festen. Det var kjempegøy. I fjor laga eg id-kort på skolen. Da dei andre elevane laga julekort, fekk eg lov til å lage id-kort. Id og jula kom nesten samtidig i fjor. På id-kortet skreiv eg «God id og godt nyttår!» Miriam, snart 11 år

59


Offerfesten Abraham

Å ofre er å gi ei

gåve til Gud.

Moskeen Måltid ■

Ei pilegrimsreise er

Offerfesten, id al-adha, er blant dei viktigaste høgtidene i det islamske året. Høgtida er til minne om profeten Abraham, som var villig til å ofre sin eigen son for å lyde Gud. Gud gav Abraham påskjøning fordi han var lydig. Gud gav han eit dyr som han kunne ofre i staden for sonen. Derfor slaktar mange muslimske familiar eit dyr under offerfesten. I Noreg har ikkje folk lov til å slakte sjølve. Her kan muslimar kjøpe kjøtt hos ein muslimsk slaktar. På offerfesten går mange i moskeen for å be og høre imamen preike. Det er vanleg å pynte seg, gjerne med nye og fine klede. Etterpå er det vanleg å besøkje venner og familie for å ete eit måltid saman. Maten er laga av kjøttet som blei slakta til festen. Til slutt koser alle seg med søtsaker og kaker. Barna får ofte gåver.

ei reise til ein stad som er særleg viktig i religiøs Offerfesten blir feira samtidig med den årlege pilegrimsreisa til samanheng.

60

Mekka i Saudi-Arabia. Her ligg Kabaen.


Pilegrimsreisa til Mekka er ei av dei fem søylene i islam. Dei fem søylene er fem handlingar som muslimar er forplikta til å gjennomføre. Derfor skal ein muslim reise som pilegrim til Mekka ein gong i livet så sant han eller ho har høve til det.

Imam tyder førebilete

eller leiar. I moskeen er det imamen som vanlegvis leier bønna, og som held preika.

Kabaen Kaba tyder terning. Kabaen er ein bygning som ligg midt i den store moskeen i Mekka. Somme muslimar meiner bygningen er så gammal at det første mennesket, Adam, bygde han. Kabaen har blitt øydelagd fleire gonger. I Koranen står det at Kabaen blei bygd opp igjen av Abraham og sonen Ismael.

Kvart år reiser om lag to millionar muslimar på pilegrimsreise til Mekka.

Det er ei plikt for menneska mot Gud å dra på pilegrimsreise til Huset, så sant dei finn utveg til det. Koranen 3,97

Huset er det same

som Kabaen i Mekka.

61


62


Profetens fødselsdag Fødselsdagen til profeten Muhammed blir feira i store delar av den muslimske verda. Det er ein fest som kan feirast på mange måtar. Fleire stader går muslimar i tog i gatene. Profetens fødselsdag blir kalla mawlid.

Mange muslimar går i moskeen denne dagen. Den som leier bønna, les frå Koranen og fortel historier frå livet til Muhammed. Somme muslimar feirar dagen med ein stor fest. Andre markerer dagen berre ved bønn.

Mawlid

Livet til Muhammed

Muhammed feira ikkje fødselsdagen sin sjølv. Derfor vel ein del muslimar også å la vere å feire denne dagen.

Frå den store moskeen i Mekka. Kabaen er den svarte bygningen midt i moskeen.

63


Fastebrytingsfesten Ramadan ■

Openberring tyder

at noko kjem til syne

Fastebrytingsfesten, id al-fitr, blir feira av dei fleste muslimar over heile verda. Festen er avslutninga på ramadan. Ramadan markerer den første openberringa Muhammed hadde, og er fastemånad for muslimane. Da lèt vaksne muslimar vere å ete og drikke mellom soloppgang og solnedgang. Barn er ikkje nøydde til å faste.

eller blir gjort kjent. Gud openberra Koranen for Muhammed.

64

Avslutninga på fasten blir feira med festmat og godt drikke. Mange gir pengar til gode formål. Det er vanleg å gå til bønn i moskeen på dagtid. Det er også vanleg å sende kvarandre id-kort, gi gåver og kjøpe nye klede, akkurat som til offerfesten. I likskap med pilegrimsreisa er fasten ei av dei fem søylene i islam.


OPPGÅVER 1 Kvifor blir offerfesten feira? Kva vil det seie å ofre? 2 Kva tyder ordet imam? 3 Kva er mawlid? Kvifor feirar ikkje alle muslimar denne dagen? 4 Kva er ramadan? Korleis fastar muslimar?

5 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i islam. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 6 Sjå på biletet frå Mekka på side 62. Skriv fem setningar om det du ser på biletet. 7 Pilegrimsreiser er vanlege i ulike religionar. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne informasjon om pilegrimsreiser. Kva stader er reisemål for pilegrimar frå ulike religionar? Vel ein av stadene og forklar kvifor denne staden er eit pilegrimsmål. 8 Tenk deg at du møter ein pilegrim – eller kanskje du kjenner nokon som har vore på ei pilegrimsreise? Lag eit intervju med ein pilegrim.

9 Kva er dei fem søylene i islam? 10 Finn eksempel på mat som muslimar et til fest. 11 Sjå på høgtidskalenderen. Finn datoane for profetens fødselsdag, fastebrytingsfesten og offerfesten i år. 12 Finn landet Saudi-Arabia og byen Mekka på eit verdskart. Kvifor er byen Mekka eit pilegrimsmål for muslimar? 13 Pilegrimsreisa til Mekka går over fleire dagar. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut kva som skjer på dei ulike dagane. Lag eit faktaark eller ein lysbiletpresentasjon.

14 Kva vil det seie å vere gåvmild? Lag to grunngivingar. a) Vi er gåvmilde når vi ..., fordi ... b) Vi er gåvmilde når vi ..., fordi ... 15 Kva er det motsette av å vere gåvmild? Grunngi svaret.

65


Høgtider i buddhismen Når det er vesak, feirar vi Buddhas fødselsdag. Det er den viktigaste festen for oss buddhistar. Til vesak kjøper vi friske blomar og frukt. Dette ofrar vi til Buddha på alteret heime. Vi tenner levande lys og røykjelse på buddha-alteret. På vesak samlar vi oss i tempelet. Her ber vi, og ein munk held tale. Munkane og nonnene har på førehand kokt vatn som dei har lagt blomar oppi. Dette vatnet bruker dei for å vaske og skylje ein barnestatue av Buddha. Vi ser på mens munkane og nonnene gjer det, og etterpå kan vi helle vatn over Buddha. Etter at vi er ferdige med dette, samlar vi oss ofte på ein skole vi leiger. Her opptrer mange av barna, og vi et god mat. Vi kunne godt ha gjort dette i tempelet, men på desse festane er det så mange at det ikkje er plass til alle saman. Hai, 10 år

66


Buddhas fødselsdag I dei fleste buddhistiske land blir vesak feira på fullmånedagen i mai. Vesak er namnet på den månaden da Buddha blei født. Buddhas fødselsdag blir feira på mange måtar. Mange går i templa. Der tenner dei lys og ofrar vatn, frukt og røykjelse til Buddha. På vesak gir buddhistane også gåver til kvarandre. Det er svært viktig å vere gåvmild i buddhismen.

Vesak Feiring i tempelet ■

Munkar og nonner

har lova å følgje spesielle levereglar. Dei lever eit enkelt liv. Bygningen der munkar eller nonner bur, kallast kloster.

I tempelet les munkar og nonner tekstar som handlar om da Buddha blei født. Etterpå er det vanleg at alle et saman. Mange buddhistar et ikkje kjøtt denne dagen, for å vise at dei ikkje vil skade noko som lever.

Fullmånedagar Da Buddha levde, var nymånedagen og fullmånedagen fastedagar. I tillegg blei halvmånedagane etter kvart tidspunkt for faste. Også i dag er det ein del buddhistar som følgjer desse fastedagane. Først og fremst gjeld det munkar og nonner. Andre buddhistar bruker gjerne dagane til å gå i tempelet for å ofre blomar og røykjelse.

Fastedagar

67


Fest etter regntida I mange buddhistiske land er årstidene annleis enn i Noreg. Når vi har sommar i Noreg og er glade for all sola vi får, ventar menneske andre stader i verda på at regnet skal setje inn. Frå om lag midten av juli fossar regnet ned i stride straumar. Denne perioden blir kalla regntid. I India varer regntida rundt tre månader. Munkar og nonner ■

Å meditere er å

konsentrere seg gjennom spesielle øvingar.

Unge gutar

68

På den tida Buddha levde, var det vanleg at munkane og nonnene ikkje hadde ein fast stad å bu. Dei gjekk frå stad til stad og levde av det andre gav dei. I regntida var det ekstra vanskeleg å gå rundt. Derfor samla munkane og nonnene seg for å studere og meditere i holer i fjellet eller under store tre i parken. Det var grunnlaget for dei første buddhistiske klostera. I Thailand er det vanleg at unge gutar bur i klostera som munkar i regntidsperioden. Når regntida er over, kjem alle som bur i nærleiken, saman til ein stor fest. Dei gir klede og gåver til munkane.


Alle sjelers fest Alle sjelers fest, vulan, er ei av dei viktigaste feiringane for buddhistar frå land aust i Asia. Denne festen blir feira i juli eller august, når regntida er over. Under høgtida ofrar buddhistar gåver til sine eigne forfedrar og forfedrane til andre. I tillegg til å be for alle forfedrane ber dei for alle som har det vondt og vanskeleg, både menneske og dyr. I somme land deler munkar ut roser etter at dei har halde ein tale i tempelet. Dei som har mista mor si, får ei kvit rose. Dersom mora lever, får dei ei raud rose. Denne høgtida byggjer på ei forteljing om ein av disiplane til Buddha, som hjelpte den døde mor si.

Vulan

Forfedrar er

avdøde slektningar.

Kvite og raude roser

Mogallana hjelper den døde mor si Ein av disiplane til Buddha heitte Mogallana. Han såg at mora var gjenfødt som ei svolten ånd. Fordi ho hadde vore gjerrig, hadde ho no fått trong hals og ein stor, tom mage. Ho hadde det svært vondt. Mogallana spurde Buddha korleis han kunne hjelpe mora. Buddha sa: «Om du vil hjelpe henne, må du samle all den krafta som finst blant munkane. Dersom alle munkane bruker kreftene sine på å meditere og gjere gode gjerningar, kan dei sende krafta si til dei døde. Slik kan dei døde få hjelp.» Mogallana og dei andre munkane gjorde som Buddha sa. Under heile regntida anstrengde dei seg. Dei mediterte og gjorde godt mot andre. Mor til Mogallana fekk krafta frå dei gode gjerningane deira. Slik blei ho gjenfødt i himmelen. På den måten lærte munkane at gode gjerningar hjelper andre.

69


Nyttårsfeiring I tempelet

Nyttårsfeiringa er viktig i buddhistiske land. Ofte går festen føre seg i tempelet. Der ber og ofrar buddhistar til forfedrane.

Ulike tidspunkt

Det bur buddhistar i mange land, og dei bruker kalenderen i det landet dei bur i. Derfor kan nyttår bli feira på ulike tidspunkt.

70


OPPGÅVER 1 Kva er vesak? 2 Kva er vulan? 3 Kva er forfedrar? 4 Kva er ein munk, og kva er ei nonne? 5 Kva er eit kloster? 6 Korleis feirar ein del buddhistar fullmånedagar? 7 Kva vil det seie å meditere?

8 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i buddhismen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 9 Skriv ei forteljing om ein gut som bur i eit kloster i regntida. 10 Korleis trur buddhistar at dei døde kan få hjelp? 11 Lag ein teikneserie av forteljinga om Mogallana. 12 Skriv fem setningar om det du ser på biletet frå nyttårsfeiringa på side 70.

13 Finn landa India, Thailand, Vietnam og Kina på verdskartet. Kor mange menneske er buddhistar i desse landa? 14 Bruk høgtidskalenderen til å finne ut når vesak blir feira i år.

15 a) Er det rett å hjelpe andre for å oppnå noko sjølv? Fullfør setningane under. Det er rett å hjelpe andre for å oppnå noko sjølv, fordi … Det er ikkje rett å hjelpe andre for å oppnå noko sjølv, fordi … b) Kva grunngivingar var dei beste? Kvifor?

71


Høgtider i hinduismen

Når vi skal feire divali, gjer mamma reint i huset, og vi pyntar oss med fine klede. Vi pyntar med blomar og set lys rundt i heile huset. Vi set også mange lys ute, men vi har flest inne. Om kvelden tenner vi alle lysa. Så ber vi til Gud. Vi et mykje god mat. Mamma plar også å lage mange godteri. Ho har fortalt at når vi gir godteri til kvarandre, tyder det at vi vil gi kvarandre glede. Shilpa, 10 år

72


Divali Divali er ei av dei viktigaste høgtidene i hinduismen. Festen blir feira i fem dagar i mange delar av India, og somme stader enda lenger. Under divali blir mange gudar og gudinner feira, både heime hos hinduar og i templa. Det er vanleg å sende opp fyrverkeri og å gi kvarandre godteri og gåver. Ordet divali kjem frå det gamle språket sanskrit og tyder ei klyngje eller rekkje av lys. Ofte blir divali kalla lysfesten. Hinduane trur at divali blei feira første gongen da guden Rama kom tilbake til heimbyen sin i India etter å ha vore borte i mange år. Da blei menneska så glade at dei tende tusenvis av lys for å feire Rama og kona hans, Sita. Det same gjer hinduar som feirar divali i vår tid. Dei set lamper i vindauga, utanfor dørene og på elvane. Dei mange lampene som blir tende, skal også vise gudinna Lakshmi vegen til husa til hinduane. Hinduane trur at ho gir rikdom og lykke når ho kjem på besøk.

Gudar og gudinner

Lysfesten

Rama og Sita

Lakshmi

73


Rama og Sita Rama var ein ung og vakker prins. Han budde i India for lenge, lenge sidan. Rama var både klok og god i alt han gjorde. Han var den flinkaste bogeskyttaren i landet. Han var ein god ektemann for kona Sita. Og han gjorde alltid det far hans sa han skulle gjere. Derfor var far hans, kongen, svært stolt av han. Han var sikker på at Rama ein dag ville bli ein svært god konge. Men kongen hadde fleire søner og fleire koner. Ei av konene var svært sjalu på Rama. Ho lurte derfor kongen til å love at son hennar skulle arve trona. Rama blei send vekk for å leve i skogen. Sita ville bli med han, jamvel om det var vanskeleg å bu i skogen. Ei stund levde dei lykkeleg saman. Sita plukka blomar og laga mat. Rama gjekk på jakt. Men plutseleg ein dag skjedde det noko forferdeleg. Ein vond demon fekk auge på Sita. Han heitte Ravana og var herskar over øya Lanka. Ravana ville gifte seg med Sita. Sita nekta. Alt ho tenkte på, var sin kjære Rama. Da kidnappa Ravana henne. Han tvinga henne med til borga si på øya Lanka. Øya låg langt, langt borte frå skogen der Rama og Sita budde. Sita gret og gret.

74


Rama var fortvila. Ein fugl fortalde han kva som hadde skjedd med Sita, og Rama sette av garde på den lange vegen for å redde henne. På vegen blei han kjend med Hanuman. Hanuman var ein ape med spesielle krefter. Han var svært sterk, og han kunne flyge. Hanuman var også svært snill. Han lova å hjelpe Rama. Hanuman var general for ein stor hær av apar. Ved hjelp av alle apane bygde han ei bru over til øya Lanka. Det blei eit stort slag, og mange døydde eller blei alvorleg skadde. Men Hanuman visste råd. Så fort han berre kunne, flaug han over heile India og til den store fjellkjeda Himalaya. Der voks det planter som kunne gjere skadde menneske og apar friske. For å vere sikker på at han fekk med seg dei rette plantene, tok Hanuman like godt med seg eit heilt fjell. Slik redda han mange av dei skadde soldatane. Etter mange og harde kampar tok Rama og hæren til Hanuman til slutt knekken på den vonde Ravana. Rama kom saman med Sita igjen, og dei kunne endeleg reise tilbake til India. Folket jubla, og overalt blei det tent lys til ære for Rama og Sita. Etter 14 år heimanfrå blei Rama endeleg krona til konge.

75


Fest for Krishna Holi

Holi er ein fest som mange feirar for guden Krishna. Holi er ein fargesprakande fest. Både barn og vaksne kastar fargepulver og farga vatn på kvarandre. Mange hinduar brenner bål og dansar i gatene.

#bilde 76-rle 5: feiring av holi, bilde av glade barn og voksne som har kastet farge på hverandre. (som en påminnelse for hukommelsen siden det er noen år siden elevene hadde om denne festen, og som et utgangspunkt for at læreren kan fortelle for de klassene som ikke har brukt verket / kjenner til holi fra tidligere undervisning)#

Ganeshas fødselsdag

Statuar i havet

76

Ein annan stor fest er fødselsdagen til Ganesha. Da blir Ganesha feira i heimane, i templa og på gatene. Når festen er over, senkar hinduane statuar av Ganesha i havet. Dersom dei ikkje bur nær havet, kan dei senke statuen i ei elv eller ein innsjø. Hinduane trur at Ganesha tek bønnene deira med seg for å hjelpe dei.


Feiring av bror og syster På bror- og systerdagen blir kjærleik mellom sysken feira. Jentene knyter ein raud tråd rundt handa til brørne som eit vern mot vonde krefter. OPPGÅVER 1 Kva er divali? Korleis blir divali feira? 2 Kva er holi? Korleis blir holi feira? 3 Korleis blir fødselsdagen til Ganesha feira?

4 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i hinduismen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 5 Samanlikn divali med ei anna høgtid du kjenner. Kva er likt, og kva er ulikt? 6 Lag ein teikneserie om Rama og Sita.

7 Lag ei dramatisering av forteljinga om Rama og Sita.

8 Bruk høgtidskalenderen og finn ut når høgtidene i hinduismen blir feira i år. 9 Læreboka fortel om gudane Ganesha, Krishna og Lakshmi. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne meir informasjon om ein av desse gudane. Lag eit faktaark. 10 Lag eit armband til nokon du er glad i.

11 Kva vil det seie å vere glad i kvarandre? Lag to grunngivingar. a) Vi viser at vi er glad i kvarandre når vi ..., fordi ... b) Vi viser at vi er glad i kvarandre når vi ..., fordi ... 12 Kva er det motsette av å vere glad i kvarandre? 13 Vi skal alltid gjere vennene våre glade. a) Ta stilling til påstanden. b) Grunngi meiningane dine.

c) Kva for ei grunngiving er den beste?

77


Høgtider i jødedommen

Ein rabbinar er

ein religiøs leiar i ei jødisk forsamling.

Daniel og familien hans er på veg ned til Akerselva etter gudstenesta i synagogen. Under gudstenesta blei det blåse i eit bukkehorn. Ved elva vrengjer Daniel og familien jakkelommene sine og tømmer lommerusket ut i elva. Daniel følgjer rusket med auga der det flyt av garde, og han kjenner seg letta over at han no kan begynne på nytt i det nye året. Magen rumlar. Han gler seg til dei skal heim og ete middag, og til epla som er dyppa i honning.

Høgtider og historie Historia til jødane

Jødedommen har mange høgtider. Nokre av høgtidene blir feira til minne om viktige hendingar i historia til jødane. Det er viktig for jødane å knyte opplevingar til høgtidene. Dei ulike opplevingane hjelper dei til å hugse historiene bak høgtidene.

Jødisk nyttår Rosh hashana Rosh hashana er namnet på jødisk nyttår. Orda tyder «den første i året» eller «hovudet til året». Jødane feirar nyttår om hausten. Feiringa varer i to dagar og kan vere både høgtidleg ■ Synd er å gjere eller tenkje noko som er det og morosam. Mange jødar tømmer lommene for rusk under motsette av det Gud vil. denne høgtida. Det er eit symbol på at dei kastar frå seg syndene sine. På den måten gjer dei seg ferdige med det gamle året før dei begynner på det nye. I synagogen blir det blese i eit bukkehorn. Lyden av hornet skal få jødane til å tenkje over Bukkehorn året som har vore, og til å leve eit betre liv i året som kjem. Det er vanleg at venner og familie møtest til eit stort felles måltid heime. Dei et eple dyppa i honning, eit symbol på at det nye Eple året skal bli søtt og godt.

78


Forsoningsdagen Jom kippur er den viktigaste høgtida i jødedommen. Denne høgtida kjem 8-9 dagar etter jødisk nyttår. Jom kippur blir kalla forsoningsdagen. Da ber jødane Gud om tilgiving for alle feila dei har gjort. Jom kippur er ein fastedag. Fasten varer i 25 timar. Da verken et eller drikk jødane. Barn og alvorleg sjuke vaksne treng ikkje å faste. Mange jødar går til gudsteneste i synagogen på forsoningsdagen, og ofte blir synagogane heilt fulle. Jødane lyttar til opplesing frå Toraen og ber sjølv. Gudstenesta blir avslutta med at det blir blese i eit bukkehorn, som ved nyttårsfeiringa.

Jom kippur

Faste ■

Ordet forsone

tyder å gjere opp.

79


Syrisk konge

Sabbat Tempelet Guden Zevs

Hanukka I år 164 f.Kr. hadde ein syrisk konge makta over området der jødane budde. Kongen trudde på andre gudar enn det jødane gjorde. Han ville tvinge jødane til å tru på det same som han. Derfor nekta han dei å feire sabbat. Dei fekk heller ikkje lese i dei heilage tekstane sine. Han tok tempelet med makt og kasta ut dei jødiske gjenstandane. I staden sette han inn ein statue av den greske guden Zevs. Historia fortel at jødane samla ein hær som gjekk til angrep på kongen og folket hans. Jødane vann kampen og fekk tilbake kontrollen over landområda og tempelet. Dei kasta ut statuen og reinsa tempelet. Endeleg kunne jødane bruke tempelet igjen.

Lysestake

Åtte dagar ■

I tempelet hadde dei ein sjuarma lysestake. Lysa i staken skulle brenne heile tida. Men da jødane skulle ta i bruk tempelet igjen, fann dei berre nok olje til at lysa kunne brenne éin dag. Dei tende likevel lysa i staken, og eit under skjedde: Lysa brann i åtte dagar.

Eit under er noko

som ikkje kan skje, men som skjer likevel.

80

Denne historia forklarer kvifor hanukka blir feira i åtte dagar. Hanukka blir feira til minne om at jødane fekk tempelet sitt tilbake.


Under hanukka tenner jødane lys i ein lysestake med åtte armar, pluss eit niande lys i midten. Den første kvelden blir eitt lys tent, den andre kvelden to lys og så vidare. Dei bruker lyset i midten til å tenne dei andre lysa med. Dette lyset blir kalla ein «tenar». Lysa i hanukkastaken blir tende både heime og i synagogen. Etter lystenninga syng jødar ein song som fortel historia bak høgtida.

Hanukka blir feira i desember eller i januar. Da gir jødar gåver til kvarandre og et god mat saman. Det er vanleg at barna lagar, eller får, snurrebassar. Desse snurrebassane bruker dei til å spele eit spel som heiter snurren eller dreidl. Spelet går ut på å vinne noko, for eksempel nøtter eller godteri.

Gåver Snurrebassar

81


Sedertallerken Pesach Egypt Ti plager ■

Den førstefødte er

den eldste i syskenflokken.

Moses

Pesach-høgtida Ved påsketider feirar jødane pesach. Jødane var i ein periode slavar i Egypt. Faraoen i Egypt nekta å sleppe dei fri. Historia fortel at Gud sende ti plager over Egypt for å få Farao til å ombestemme seg. Den tiande plaga var at alle førstefødte søner kom til å døy om Farao ikkje lét jødane reise frå landet. Gud lova å spare jødane dersom dei gjorde som han sa. Jødane måtte slakte eit lam , ete det og smørje litt av blodet på dørkarmane sine. Da ville Gud gå forbi huset deira utan å drepe nokon. Ordet pesach tyder å gå forbi. Alle dei egyptiske førstefødte sønene døydde den natta. Dei jødiske gutane fekk leve. Same natta som den siste plaga kom over egyptarane, lét Farao jødane likevel reise. Den førstefødte sonen hans var død. Moses

Reisa gjennom Raudehavet (1969) av Tamás Galambos

82


førte jødane ut av Egypt. Hendinga blir kalla utvandringa frå Egypt. Utvandringa skjedde så fort at brøddeigen kvinnene hadde sett for å lage brød til flukta, ikkje fekk tid til å heve seg. Jødane måtte derfor ete flate brød. På grunn av dette et ikkje jødane mat med gjær i så lenge pesach varer.

Utvandringa ■

Å vere slave er å

bli behandla som om andre eig ein. Ein slave blir tvinga til å arbeide

Før pesach er det vanleg at jødar ryddar og vaskar i huset. Dei kastar eller brenner all mat som er laga av mjøl. Dei to første kveldane under høgtida et dei eit påskemåltid. Det heiter seder. Sedermåltidet består av ulike matretter som skal minne jødane om slaveriet og utvandringa frå Egypt.

utan lønn.

Sedermåltidet

83


OPPGÅVER 1 Kva er rosh hashana? 2 Kva er ein rabbinar? 3 Korleis blir jom kippur feira? Kva vil det seie å forsone? 4 Kva er sabbat? 5 Korleis feirar jødane hanukka? 6 Kvifor feirar jødane pesach? Kva tyder pesach? 7 Kva er eit sedermåltid? Kva et jødane ved dette måltidet?

8 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i jødedommen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 9 Kva er synd? Forklar og gi eksempel. 10 Ordet syndebukk heng saman med forsoningsdagen. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne historia bak dette ordet. I kva samanhengar bruker vi ordet i vår tid? Gi eksempel.

11 Læreboka fortel om ei av plagene som blei sende over Egypt. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut kva dei ni andre plagene var. 12 Undersøk kva som er meininga med dei ulike matrettene i sedermåltidet. Finn fram til samanhengen mellom smak, innhald og historie. Lag ein lysbiletpresentasjon. 13 Lag ditt eige måltid med meining. Set saman eit måltid med matvarer som kan fortelje om ei hending du har vore med på, eller om noko som er viktig for deg. Teikn og fortel.

14 Kva kan vi lære av historia? a) Vi kan lære noko av historia, fordi … b) Vi kan ikkje lære noko av historia, fordi …

84


Andre merkedagar Dagar som er skrivne med raud farge i kalenderen, er fridagar. I norske kalendrar er alle søndagar, mange kristne høgtider og andre viktige merkedagar markerte med raudt.

Fridagar

For mange er første nyttårsdag kviledag etter nyttårskvelden. Statsministeren held ein tale i radio og tv den dagen. Han eller ho ser tilbake på året som har gått, og snakkar om kva som blir viktig for alle i året som kjem.

Første nyttårsdag

1. mai er den internasjonale arbeidardagen og blir markert over heile verda. I Noreg er det vanleg med folkemøte i byar og på tettstader. Dei som vil, kan gå i tog for å vise kva dei er engasjerte i. Mange ber plakatar om rettane til arbeidarane i Noreg og resten av verda.

1. mai

17. mai er nasjonaldagen i Noreg, grunnlovsdagen. Vi feirar at Grunnlova blei ferdig 17. mai 1814.

17. mai

85


FN-merkedagar 24. oktober

Å stifte vil seie

å grunnleggje eller opprette noko.

FN blei stifta 24. oktober 1945. Det blir markert kvart år på denne datoen, for at barn og vaksne skal tenkje på kva FN står for. Mange skolar bruker dagen til å arbeide med FN og menneskerettane. Jamvel om Noreg er eit av dei tryggaste landa i verda å bu i, kan vi ikkje ta menneskerettane som noko sjølvsagt. Vi må passe på at dei blir følgde, både i Noreg og i andre land i verda.

Urfolk er menneske

som har budd i eit område heilt frå før det blei eit land, og

Merkedagar i livssynshumanismen Livssynshumanismen har ingen eigne merkedagar, men Human-Etisk Forbund markerer FN-dagen. Det blir gjort fordi menneskerettane er svært viktige for livssynshumanistar.

Gjennom året fokuserer FN på mange ulike tema. Kvart tema har fått sin eigen dag. Kvinnedagen, verdsbokdagen, den internasjonale barnedagen og internasjonal dag for urfolka i verda er nokre av desse dagane.

som har halde på den gamle kulturen.

Samefolkets dag 6. februar

6. februar er samefolkets dag. Det er ein merkedag for samar både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen blei feira første gongen i 1993.

Sameflagget Det samiske flagget er felles for alle samar. Sirkelen er ei framstilling av sola og månen. Det er fordi samane blir kalla solsonen og månedottera i eit samisk dikt. Solringen er raud, og måneringen er blå. Raudt, grønt, gult og blått er dei samiske fargane.

86


OPPGÅVER 1 Kva slags dagar er 1. januar, 1.mai og 17. mai? Kva kallar vi desse dagane? 2 Når er FN-dagen? Når er samefolkets dag?

3 Skriv eit samandrag av delkapittelet om merkedagar. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 4 Kva er skilnaden mellom ein merkedag og ein heilagdag? 5 Korleis blir ulike merkedagar markerte på skolen din?

6 Gå inn på FN-kalenderen på www.fn.no. a) Finn desse dagane: kvinnedagen, verdsbokdagen, den internasjonale barnedagen og internasjonal dag for urfolka i verda. Når og kvifor blir desse dagane markerte? b) Vel tre andre merkedagar frå FN-kalenderen. Når og kvifor blir dei markerte? OPPSUMMERANDE OPPGÅVER TIL KAPITTELET 7 Sjå på læringsmåla i opninga av kapittelet. Skriv fem setningar om kva du har lært til kvart læringsmål. 8 Skriv eigne bilettekstar til fem av bileta i kapittelet. 9 Finn likskapar og skilnader mellom nyttårsfeiringar i dei ulike religionane. 10 Kvifor har vi høgtider? 11 Faste er vanleg i fleire religionar. Kva for nokre? Kvifor fastar menneske? 12 Kva høgtider blir markerte på skolen dykkar? 13 Kvifor er det vanleg å vaske huset og pynte seg til mange av høgtidene? 14 I kapittelet møter du Even, Halvar, Miriam, Hai, Shilpa og Daniel. Alle feirar ulike høgtider. Gå saman i par og skriv ein samtale mellom to av desse barna, der dei samanliknar feiringane av viktige høgtider i religionen sin. Framfør oppgåva som eit rollespel.

15 a) Ta stilling til påstandane under. Grunngi svara dine. Alle dagar er like. Ingen dagar er like. b) Kva for ei grunngiving var den beste? Kvifor?

87


88


K

T PIT EL 4

A

Heilage tekstar I dette kapittelet skal du lære om: ➔ Bibelen – den heilage teksten i kristendommen • korleis Bibelen er sett saman • korleis vi finn fram i Bibelen • forteljingar frå Bibelen • kva Bibelen har hatt å seie for språk og kultur ➔ Koranen og hadith – heilage tekstar i islam ➔ heilage tekstar i buddhismen ➔ heilage tekstar i hinduismen ➔ Tanak, Tora og Talmud – heilage tekstar i jødedommen

Når vi lærer om dei heilage skriftene i verda, kan vi lettare forstå og godta andre menneske. Dalai Lama

89


Kva er heilag tekst? Skrifter, lydar eller forteljingar ■

Det heilage er noko

som er spesielt og viktig i ein religion.

90

Dei fleste religionar har heilage tekstar. Det kan vere skrifter, lydar eller munnlege forteljingar. Det er ikkje lett å svare enkelt på kva som gjer ein tekst heilag. Når ein kristen og ein hindu seier at ein tekst er heilag, er det ikkje sikkert at dei meiner det same. Men noko vil dei vere einige om. Begge vil meine at heilage tekstar er spesielle og viktige tekstar, som skil seg ut frå alle andre tekstar. Dei heilage tekstane blir tekne vare på og overleverte frå generasjon til generasjon.


Dei heilage tekstane i ein religion fortel korleis menneska bør tru og leve. For menneske som hører til denne religionen, gir dei heilage tekstane dei viktigaste sanningane om livet, døden og verda. Mange heilage tekstar fortel også om historia til religionen, og om viktige personar og gudar i religionen. I ein del slike tekstar blir det også fortalt korleis teksten blei til.

Sanningane

Somme heilage tekstar blir kalla openberringar. Det vil seie at dei truande meiner at desse tekstane ikkje er skapte av menneske, men gitt direkte av Gud. Koranen og Toraen er slike tekstar. Muslimar meiner at Koranen er openberra av Gud. Jødar meiner at Toraen er openberra av Gud.

Openberringar

I dei ulike religionane er det bestemte reglar som seier noko om korleis ein skal behandle og bruke dei heilage tekstane. Tekstane blir brukte både i kvardagen og ved høgtider.

Reglar

Den heilage teksten i kristendommen – Bibelen Det finst fleire retningar innanfor kristendommen. Men alle kristne er einige om at Bibelen er den heilage teksten i kristendommen. Bibelen finst i fleire ulike utgåver. Den Bibelen du skal lære om i dette kapittelet, er den som blir brukt i Den norske kyrkja. På alteret, innanfor alterringen, ligg det alltid ein bibel. Når det blir lese frå Bibelen i gudstenesta, seier presten eller den som les bibelteksten: «Slik lyder Herrens ord». Biblar kan ha ulik utsjånad jamvel om innhaldet er likt Somme biblar er store og flotte med svart skinnperm og lauvtynne, forgylte ark. Andre biblar ser ut som vanlege bøker. Mange kristne har ein bibel heime – eller kanskje fleire. Fine familiebiblar går ofte i arv frå foreldre til barn.

Det finst i dag om lag li ke mang e biblar som det finst men neske på jorda . Bibelen er omset til meir e t nn 450 s p r å k . Kvart år b lir det se lt nesten 6 0 000 bib la r berre i N oreg.

Éin heilag tekst

I gudstenesta

Ulik utsjånad

91


Bibelen på Internett Bibelen er lagd ut på Internett på fleire språk. På norsk finn du han blant anna på www.bibelen.no.

Barnebibel ■

Eit bedehus er ein

møtestad for kristne.

Kristne som bruker Bibelen mykje, kan også ha ein bibel som dei tek med seg rundt omkring eller les i på senga om kvelden. I fleire land der kristendommen er den største religionen, er det vanleg at det ligg ein bibel i nattbordsskuffen på hotellrommet, som gjestene på hotellet kan låne. Somme kjenner Bibelen godt og les ofte i han, kanskje kvar dag. Andre har aldri bladd i ein bibel, men kjenner likevel fleire forteljingar derifrå. Dei kan ha hørt forteljingane i kyrkja, på bedehuset, på skolen eller heime. Mange barn har ein eigen barnebibel. I barnebiblane er berre ein del av dei mest kjende forteljingane frå Bibelen med. Fleire av forteljingane frå Bibelen kan vi kjenne igjen i bøker, filmar, teater, songar, musikalar, operaer og biletkunst.

Frå ei oppsetjing av musikalen Jesus Christ Superstar

92


Bibelen inneheld 66 bøker. I øvste hylle står bøkene i Det gamle testamentet. I nedste hylle står bøkene i Det nye testamentet.

Mange bøker i ei bok

Ordet bibel kjem frå

gresk og tyder bøker.

Om du blar litt i ein bibel, vil du oppdage at boka har to hovuddelar. Den første og lengste delen heiter Det gamle testamentet. Både jødar og kristne bruker denne da r e v i n ele delen. Det gamle testamentet blei rste bib side er r a Den stø v K r. e skrive på språket hebraisk. ilo 8000 sid ar over eg 547 k

h ok a v te er høg. B t e m en mins D in . e k k ju t høg, meter re 4 cm r og er 2,5 e b r e an i verda tjukk. H bibelen m c 2 g o ei gram. 3 cm br enn 20 ir e m ed veg ikkje lesast m Han må . ingsglas forstørr

Den andre hovuddelen i Bibelen heiter Det nye testamentet. Denne delen blei skriven på gresk. Forteljingane om Jesus står i Det nye testamentet. Derfor bruker kristne Det nye testamentet mest.

To hovuddelar ■

Ordet testament

kjem frå latin og tyder pakt eller avtale.

Forteljingane om Jesus

93


Det gamle testamentet 39 bøker Mosebøkene

Historie Visdomsord og salmar

Det gamle testamentet er sett saman av 39 bøker. Først finn vi dei fem Mosebøkene. Her kan vi lese forteljingar om korleis Gud skapte verda og menneska, og om livet til forfedrane til jødane. Dei neste bøkene i Det gamle testamentet inneheld forteljingar om historia til jødane. Her møter vi både kongar, profetar og vanlege folk. Vi finn også visdomsord, salmar og dikt i Det gamle testamentet.

GT og NT le e hei Å les tek høgt n e l e ar. Bib 80 tim g a l ille om an st h e s . e Ål timar 0 5 . a tek c

Ordet evangelium

GT og NT er forkortingar for Det gamle og Det nye testamentet.

Det nye testamentet

kjem frå gresk og tyder god bodskap.

27 bøker Evangelia

Apostelgjerningane

94

Det nye testamentet er ikkje så langt som det gamle. Det består av 27 bøker. Dei første fire bøkene blir kalla evangelia. Her kan vi lese om livet til Jesus frå Nasaret. Etter evangelia kjem Apostelgjerningane. Denne boka handlar om livet til disiplane etter Jesu himmelfart.


Tolv disiplar Evangelia fortel at Jesus hadde tolv disiplar. Fleire andre menneske følgde også Jesus, blant dei nokre kvinner.

Disiplane blei kalla apostlar og grunnla dei første kristne kyrkjelydane. Ordet apostel kjem frå gresk og tyder utsending. Apostlane reiste ut på oppdrag frå Jesus Kristus.

Ein kyrkjelyd er

ei forsamling eller gruppe av kristne.

Apostel

Dei neste bøkene i Det nye testamentet er skrivne som brev til personar eller kyrkjelydar. Dei første kristne hadde mange spørsmål om korleis dei skulle leve som kristne. I breva får dei svar frå apostlane.

Brev

Den aller siste boka i Bibelen heiter Johannes’ openberring. Denne boka skildrar verdsens ende. Samtidig fortel ho at det skal komme ein ny himmel og ei ny jord.

Johannes’ openberring

95


Bibelbøker og forfattarar Titlar

Alle bøkene i Bibelen har eigne titlar. Desse titlane kan seie noko om kva bøkene handlar om. Eit eksempel er Kongebøkene i Det gamle testamentet, som handlar om livet til dei jødiske kongane.

Mange forfattarar

Mange forfattarar var med på å skrive bøkene i Bibelen. Titlane på bøkene fortel oss av og til kven som har skrive dei. Paulus’ brev til romarane er for eksempel skrive som eit brev frå apostelen Paulus til den kristne kyrkjelyden i Roma.

Lang tid

Bibelen blei skriven ned over lang tid, sannsynlegvis over fleire hundre år. I tillegg brukte dei kristne lang tid for å bli einige om kva tekstar som hørte heime i Bibelen, og i kva rekkjefølgje dei skulle stå. Kor gammal er Bibelen? Dei eldste delane av Bibelen er sannsynlegvis skrivne ned over 600 år f.Kr., og dei nyaste er frå ca. 100 e.Kr.

96


Å finne fram i Bibelen Bøkene i Bibelen er delte inn i kapittel, og kapitla er delte inn i vers. Når ein skal finne fram til bestemte stader i Bibelen, kan ein ikkje bruke sidetal. Det som står på side 79 i éin bibel, kan stå på side 101 i ein annan. Det kjem an på kva for eit språk Bibelen er omsett til, og kor stor skrifta er. Derfor bruker vi tittelen på boka, nummeret på kapittelet og nummeret på verset når vi skal finne fram i Bibelen. Bergpreika, der Jesus talte til ei stor folkemengd, finn vi i Evangeliet etter Matteus, frå kapittel fem til kapittel sju. For at det ikkje skal ta så stor plass å vise til denne teksten, bruker vi ei forkorting: Matt 5–7. Dersom vi vil vise til eit einskilt vers i denne teksten, set vi nummeret på verset bak eit kommateikn. Forkortinga Matt 5,3 viser dermed til det tredje verset i femte kapittel i Evangeliet etter Matteus. Der står den første setninga i Bergpreika.

Kapittel Vers

Forkortingar

97


98


OPPGÅVER 1 Kva tyder ordet bibel?

5 Kva tyder ordet evangelium?

2 Kor mange bøker finn du i Bibelen?

6 Kven handlar evangelia om?

3 Kva språk blei Bibelen skriven på?

7 Kva er ein apostel?

4 Kva står forkortingane GT og NT for?

8 Kva tyder ordet kyrkjelyd?

9 Skriv eit samandrag av delkapittelet om den heilage teksten i kristendommen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 10 Både bibelsida på side 97 og teikneserien på side 98 fortel innhaldet i Bergpreika. Finn likskapar og skilnader mellom dei to versjonane.

11 Bruk ein bibel eller nettstaden www.bibelen.no for å finne svar på spørsmåla: a) Kor mange kapittel har Første Mosebok? b) I kva for ein del av Bibelen finn du Esters bok? c) Kva er namnet på dei fire evangelia? d) Kva heiter den kortaste boka i Bibelen? Og kva heiter den lengste? 12 Mange ord og uttrykk kjem frå Bibelen. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for forklare kva uttrykka under tyder. Lag ei setning til kvart av dei. • å bable

• auge for auge, tann for tann • gjennom nålauget

• skrifta på veggen

• å svelgje kamelar

• ramaskrik

• til å ta og kjenne på

• syndebukk

• fall så lang han var

13 Vel eitt av uttrykka i oppgåve 12. Lag ein illustrasjon til uttrykket. 14 Les Ordt 3,13–26. Kva fortel teksten om visdom? Skriv ditt eige visdomsord.

15 Gå saman to og to. Vel eitt av uttrykka i oppgåve 12. Dramatiser uttrykket.

16 I Salomos ordtøke kan vi lese: «Det er betre å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, er større enn gull.» a) Lag ein påstand med eigne ord som seier det same. b) Ta stilling til påstanden. Grunngi svaret ditt.

99


Forteljingar frå Det gamle testamentet

Edens hage Avstand Tilbake til Gud

Stamfar Abraham blir rekna som stamfar for jødar, kristne og muslimar. Ordet stamfar blir ofte brukt om den første mannen i ei slekt. Ordet kan også bli brukt om ein opphavsmann.

Heilt først i Bibelen står forteljinga om korleis dei første menneska levde lykkeleg i Edens hage, inntil Gud kasta dei ut. Adam og Eva hadde ete av den forbodne frukta på kunnskapens tre, og det blei avstand mellom dei og Gud. Deretter handlar Bibelen først og fremst om korleis mennesket skal komme tilbake til Gud. På denne og dei neste sidene kan du lese bibelforteljingar som viser dette på ulike måtar. Abraham I Første Mosebok, kapittel 17, finn du forteljinga om Abraham. Han fekk eit spesielt oppdrag frå Gud.

Da Abram var 99 år, viste Herren seg for han og sa: «Eg er Gud Den Allmektige. Eg vil opprette ei pakt mellom deg og meg. Eg skal gjere slekta di svært stor.» Abram kasta seg ned med ansiktet mot jorda, og Gud sa til han: «Du skal ikkje lenger heite Abram, men Abraham skal vere namnet ditt. Eg gjer deg til stamfar for mange folkeslag. Til og med kongar skal komme i slekta di. Eg vil vere Gud for deg og for slekta di. Eg vil velsigne kona di, Sara. De skal få ein son saman.» Abraham kasta seg ned på jorda og lo. Han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Sara, kona mi, er nitti år. Kan ho føde eit barn?» Da sa Gud: «Du skal få ein son med Sara, og du skal gi han namnet Isak.»

100


Moses får dei ti boda I Andre Mosebok finn du forteljinga om da jødane levde som slavar under faraoen i Egypt. Moses var jøde og førte folket sitt ut av slaveriet. Reisa frå Egypt og inn i fridommen tok førti år. I denne tida talte Gud til Moses fleire gonger. Gud og jødane inngjekk ei pakt om at jødane skulle vere Guds utvalde folk. Jødane fekk reglar av Gud som dei skulle leve etter.

Førti år Pakt

Gud sa: «Eg er Herren din Gud, som førte deg ut av Egypt, ut av trælehuset.» 1 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. 2 Du skal ikkje misbruke Guds namn. 3 Du skal halde kviledagen heilag. 4 Du skal ære far din og mor di. 5 Du skal ikkje slå i hel. 6 Du skal ikkje bryte ekteskapet. 7 Du skal ikkje stele. 8 Du skal ikkje tale usant om nesten din. 9 Du skal ikkje trå etter eigedommen til nesten din. 10 Du skal ikkje trå etter ektefellen til nesten din, eller arbeidsfolka hans eller andre som hører til hos nesten din. Det lynte og det tora rundt fjellet Sinai da Gud talte til Moses. Jødane, som var saman med Moses, blei svært redde. Moses sa til folket: «Ver ikkje redde.»

101


Ein profet er ein

bodberar frå Gud.

Herren kallar Samuel I Det gamle testamentet møter du mange profetar. Ein av dei er Samuel.

Hanna kunne ikkje få barn. Ho bad til Gud om at han skulle hjelpe henne. Ho lova at barnet skulle tene Gud heile sitt liv. Hanna fekk ein son som ho kalla Samuel. Samuel budde i tempelet og arbeidde for presten Eli. Slik heldt Hanna lovnaden ho hadde gitt til Gud. ■

Å tene er å

arbeide for. ■

Å kalle er å gi

ordre om eller

Ein kveld da både Samuel og Eli heldt på å sovne, ropte Gud på Samuel. Samuel kjende ikkje Guds stemme og trudde det var Eli som ropte på han. Han sprang inn på rommet der Eli låg og sov. «Ja, her er eg! Du ropte på meg,» sa Samuel. Men Eli sa: «Eg ropte ikkje på deg. Gå og legg deg igjen.»

bestemme.

Samuel gjekk og la seg igjen. Gud ropte ein gong til: «Samuel!» Samuel sprang inn til Eli igjen, men Eli sa at han ikkje hadde ropt på Samuel. Ein tredje gong ropte Gud på Samuel. Han gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropte på meg.» Da skjøna Eli at det var Gud som kalla på Samuel. Eli sa til Samuel: «Gå og legg deg igjen. Om han roper på deg igjen, skal du svare: Tal, Herre!» Så gjekk Samuel og la seg igjen. Da ropte Gud på nytt: «Samuel!» Samuel svarte: «Tal, Herre! Tenaren din hører!» Gud fortalde Samuel kva som skulle skje. Og det gjekk som Gud hadde sagt. Alle menneska skjøna at Gud hadde kalla Samuel til å vere profet. Etter 1 Sam 3

102


David og Goliat Saul var den første kongen over jødane. Mens Saul var konge, sa Gud til profeten Samuel at gjetarguten David skulle bli den neste kongen.

Det var krig mellom dei to folkegruppene filistarane og israelittane. Filistaren Goliat var over tre meter høg. Han hadde hjelm, ei kraftig brynje av bronse og eit stort spyd av bronse og jern. Goliat ropte til israelittane: «Send ein mann som skal kjempe mot meg! Vinn han, skal vi gi oss alle saman. Vinn eg, må de gi dykk.» Israelittane visste ikkje kva dei skulle gjere. Det var ingen som torde å kjempe mot Goliat. I førti dagar gjekk Goliat fram for å høre om nokon var modige nok til å kjempe mot han. David var ein ung israelitt som kom frå Betlehem. Dei tre eldste brørne hans var i krigen, mens David hjelpte faren med å gjete sauene. Ein dag sende faren David til hæren med mat til brørne. Mens David stod og snakka med brørne sine, kom Goliat fram enda ein gong og lurte på om nokon var modige nok til å kjempe mot han. David meinte at Goliat spotta Gud, og ville gå ned og kjempe mot han. Kongen til israelittane prøvde å få han frå det. Han trudde ikkje at han ville greie å slå kjempa Goliat. Men David sa: «Når eg har gjett sauene til far min, har eg forsvart dei frå løver og bjørnar. Gud som har berga meg frå løver og bjørnar, vil berge meg frå denne filistaren òg.» Da gav kongen han hjelm og brynje og eit stort sverd. Men David var ikkje vand med å gå med sverd, så han gav det tilbake. I staden tok han staven sin og fann fem steinar som han la i gjetarveska si. I handa hadde han slyngja si. Så gjekk han fram mot Goliat. «Trur du eg er ein hund, sidan du kjem mot meg med ein stav?» sa Goliat. David svarte: «Du kjem mot meg med spyd og sverd, men eg kjem mot deg i Guds namn.» Da kom Goliat mot David, og David tok fram slyngja si og ein stein frå veska. Han kasta steinen med slyngja, rett i panna til Goliat. Goliat stupte i bakken. David drap Goliat slik at israelittane vann krigen. Etter 1 Sam 17 David blei ein stor jødisk konge.

103


Forteljingar frå Det nye testamentet

Små forteljingar

Likninga om den bortkomne sonen Dei fire evangelia i Det nye testamentet fortel om livet til Jesus. Jesus reiste mykje rundt og talte til folk. Da brukte han ofte små forteljingar for å forklare kva han meinte. Desse forteljingane kallast likningar.

Jesus fortalde ei likning om ein mann som hadde to søner. Den yngste sonen sa til faren: «Far, gi meg arven min.» Faren gjekk med på dette. Nokre dagar seinare selde den yngste sonen alt han åtte, og reiste til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort alle pengane sine. Landet han budde i, blei råka av ein stor svoltkatastrofe. Den yngste sonen var i stor nød. Han gjette griser og åt det same som grisene åt. Han tenkte for seg sjølv: Heime hos far har tenarane meir enn nok mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil reise heim til far min og seie til han: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg fortener ikkje lenger å vere sonen din. Men la meg få vere som ein av tenarane dine.» Faren såg den yngste sonen komme på lang avstand. Han sprang sonen i møte, kasta seg om halsen på han og kyste han. Sonen sa: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg fortener ikkje lenger å vere sonen din.» Men faren sa til tenarane sine: «Skund dykk! Finn fram dei finaste kleda og ta dei på han, gi han ring på fingeren og sko på føtene. Og hent den beste kalven og slakt han, så vil vi ete og halde fest. For denne sonen min var død og er blitt levande. Han var kommen bort og er funnen igjen.» Og så begynte festen og gleda.

104


Imens var den eldste sonen ute på markene. Da han gjekk heimover og nærma seg garden, hørte han spel og dans. Han ropte på ein av tenarane og spurde kva som var på ferde. «Broren din er kommen heim,» svarte han, «og faren din har slakta den beste kalven fordi han har fått han tilbake i god behald.» Da blei den eldste sonen sint og ville ikkje gå inn. Faren kom ut og prøvde å overtale han. Men han svarte faren: «Her har eg tent deg i alle år, og aldri har eg gjort imot det du har sagt. Eg har ikkje eingong fått ei lita geit så eg kunne halde fest med vennene mine. Men straks veslebroren min kjem heim, han som har sløst bort pengane dine og levd eit vilt liv, så slaktar du den beste kalven for han!» Faren sa til han: «Barnet mitt! Du er alltid hos meg, og alt mitt er ditt. Men no skal vi halde fest og vere glade. For denne broren din var død og er blitt levande, han var kommen bort og er funnen igjen.» Etter Luk 15

105


Saulus møter Jesus Før himmelfarten sa Jesus til disiplane: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Matt 28,18–20 Disiplane og andre apostlar gjorde som Jesus bad dei om. Apostlane møtte ofte motstand i arbeidet sitt.

Saulus truga apostlane på livet. På veg til byen Damaskus såg han plutseleg eit lys på himmelen som strålte mot han. Han fall til jorda og hørte ei stemme som sa: «Saulus, Saulus, kvifor forfølgjer du meg?» «Kven er du, Herre?» spurte Saulus. Stemma svarte: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer. Reis deg no og gå inn i byen. Der vil nokon seie deg kva du skal gjere.» Mennene som var saman med Saulus, blei mållause. Dei hørte stemma, men såg ingen. Saulus reiste seg og opna auga, men han kunne ikkje sjå. Mennene hans tok han i handa og leidde han inn til Damaskus. I tre dagar kunne han ikkje sjå, og han verken åt eller drakk. Herren talte til ein mann som heitte Ananias, og bad han om å gå til Saulus. Ananias hadde ikkje lyst, for han visste kva Saulus hadde gjort mot dei kristne. Men Herren sa til Ananias: «Gå! For eg har valt ut Saulus til å vere min reiskap. Han skal fortelje om meg til alle folk.» Så snart Ananias hadde gitt Saulus denne bodskapen, fekk han synet tilbake. Han blei døypt, åt og kom til krefter. Etter Apg 9 Saulus fekk namnet Paulus. Han blei ein viktig apostel i kristendommen.

106


Paulus og Silas i fengsel Apostelen Paulus fekk også oppleve at han blei forfølgd på grunn av det han trudde på og fortalde om. Han reiste rundt for å misjonere og grunnleggje kristne kyrkjelydar. På den andre misjonsreisa si reiste han saman med Silas.

Å misjonere er å

spreie ein bodskap.

Ein dag blei Paulus og Silas arresterte og tekne med til byretten av nokre romarar. Romarane sa: «Desse mennene lagar mykje uro i byen vår. Dei er jødar og lærer oss skikkar vi ikkje har lov til å følgje som romarar.» Byretten bestemte at Paulus og Silas skulle piskast og setjast i fengsel. I fengselet bad Paulus og Silas til Gud. Dei song også lovsongar. Dei andre fangane hørte på. Brått kom det eit jordskjelv så heile fengselet rista. Alle dørene opna seg. Fangevaktaren bråvakna. Han såg at alle dørene stod opne, og trudde at alle fangane hadde rømt. Men Paulus sa: «Vi er her alle saman.» Da sprang fangevaktaren inn til dei og spurde: «Kva skal eg gjere for å bli frelst?» Paulus og Silas svarte: «Tru på Herren Jesus, så skal både du og familien din bli frelste.» Fangevaktaren inviterte Paulus og Silas med heim. Dei fekk mat, og han stelte såra deira. Paulus og Silas talte Guds ord til fangevaktaren og familien hans. Fangevaktaren og heile familien hans blei døypte. Dei var glade, fordi dei hadde fått trua på Gud.

Frelse er å bli

redda eller berga.

Etter Apg 16

107


OPPGÅVER 1 Kva er ein stamfar?

5 Kva tyder ordet tene?

2 Kva tyder ordet testament?

6 Kva er ei likning?

3 Kva vil det seie å vere profet?

7 Kva vil det seie å misjonere?

4 Kva vil det seie å bli kalla?

8 På side 100 finn du forteljinga om Abraham. a) Kva slags lovnad gav Gud til Abraham? b) Kvifor lo Abraham da Gud talte til han? 9 På side 101 finn du dei ti boda. a) Kva vil det seie å misbruke Guds namn? b) Kva vil det seie å halde kviledagen heilag? c) Kva for ein vekedag er den kristne kviledagen? d) Dei ti boda er levereglar for jødar og kristne. Kjenner du andre reglar som gjeld for mange menneske? e) Lag fem reglar som du meiner bør gjelde for alle menneske. 10 På side 102 finn du forteljinga om Samuel. a) Kvifor voks Samuel opp i tempelet? b) Kven var det som ropte på Samuel? 11 På side 103 finn du forteljinga om David og Goliat. a) Kvifor var det ingen som torde å kjempe mot Goliat? b) Kva var det som gjorde at David likevel torde? 12 På side 104 og 105 finn du ei av likningane som Jesus fortalde. a) Kvifor fortalde Jesus likningar? b) Kva vil det seie å dele ein arv? c) Kvifor reagerte den eldste sonen som han gjorde? 13 På side 106 finn du ei forteljing om Saulus. a) Korleis var livet til Saulus før hendinga utanfor Damaskus? b) Kva skjedde med Saulus utanfor Damaskus? c) Kvifor ville ikkje Ananias gå til Saulus? d) Korleis forandra denne hendinga livet til Saulus? e) Saulus er betre kjend under eit anna namn. Kva for eit namn? 14 På side 107 finn du forteljinga om Paulus og Silas i fengselet. a) Kvifor blei Paulus og Silas sette i fengsel?

108


b) Kvifor rømde dei ikkje frå fengselet? c) Kva vil det seie å bli frelst? 15 Gå saman i grupper. Øvst på side 106 står eit sitat frå Jesus. Skriv sitatet på ein plakat. Skriv ei setning kvar om sitatet. De kan for eksempel forklare ord eller oppsummere kva sitatet handlar om. De kan også utdjupe eller kommentere det dei andre elevane i gruppa har skrive. Illustrer plakaten.

16 Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne namna på nokre av profetane i Det gamle testamentet. Lag eit faktaark. 17 På side 102 finn du forteljinga om Samuel. Finn ut kva namnet Samuel tyder. 18 Mange av salmane i Det gamle testamentet er knytte til kong David. Bruk ein bibel eller søk på www.bibelen.no. Les Salme 23. Vel ei linje eller eit avsnitt frå teksten. Skriv ned det tekstutdraget du har valt, og lag ein illustrasjon til det. 19 Dei fire evangelia i Det nye testamentet har namn etter Markus, Matteus, Lukas og Johannes. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne informasjon om kvar av dei fire evangelistane. Lag eit faktaark eller ein lysbiletpresentasjon. 20 I Evangeliet etter Lukas, kapittel 15, finn du fleire av likningane til Jesus. Lag ein teikneserie av ei av desse likningane.

21 Gå saman i grupper. Lag eit stillbilete frå ei av forteljingane i kapittelet. 22 Gå saman i grupper. På side 104 og 105 kan du lese likninga om den bortkomne sonen. Dramatiser forteljinga.

23 Forteljinga om David og Goliat er ei forteljing om mot. Kva er mot? Ta stilling til påstandane under. Grunngi svara dine. a) Den som er modig, står alltid for eigne meiningar. b) Den som er modig, forsvarer alltid meiningane til andre. c) Den som er modig, forsvarer alltid dei svake mot dei sterke. d) Den som er modig, følgjer alltid etter dei andre. 24 Kva er det motsette av mot? Grunngi svaret.

109


Heilage tekstar i islam Koranen

Respekt

Koranskole

Guds ord

Arabisk

Openberring

Å resitere er ein

mellomting mellom å syngje og å lese ein tekst.

110

Koranen er ei heilag bok i islam. Mange muslimar har Koranen heime. Koranen skal behandlast pent. Muslimar viser Koranen respekt på fleire måtar. Dei lèt boka for eksempel liggje øvst i bokhylla. Dei passar også på at ho ikkje ligg på golvet. Mange muslimar les i Koranen kvar dag. Andre les sjeldan i Koranen. Muslimske barn går ofte på koranskole. Her lærer dei å lese og resitere Koranen på arabisk. Å resitere frå Koranen er ei god handling i islam. Muslimar trur Koranen inneheld Guds ord. Dei tenkjer på Koranen som ein nøyaktig kopi av ei bok i himmelen. Denne boka er det ingen som har skapt. Ho har alltid vore til. Koranen i himmelen blir kalla «Bokas mor» og er skriven på arabisk. Muslimane ser på arabisk som eit himmelspråk. Koranen kan derfor berre lesast på arabisk. Men Koranen er omsett til andre språk. Desse omsetjingane blir sedde på som ei menneskeleg fortolking av den eigentlege Koranen. Gud openberra Koranen for profeten Muhammed. Muhammed kunne verken lese eller skrive. Derfor skreiv han ikkje ned openberringane. Han fortalde alt vidare til folk som han stolte på. Desse skreiv ned det Muhammed hadde fortalt og samla det i ei bok.


Koranen er delt inn i 114 kapittel. Kapitla blir kalla surar. Kvar sure er delt inn i mindre vers. Dei lengste surane kjem først og dei kortaste sist i Koranen. Unntaket er den aller første suren, som er ei kort opningsbønn.

Hafiz Dei som kan seie fram heile Koranen utanåt, får ærestittelen hafiz.

På norsk les vi frå venstre til høgre. Når vi les arabisk, må vi lese frå høgre til venstre. Den norske omsetjinga av opningsbønna på biletet lyder slik: I Guds, den Barmhjertiges, den Nåderikes navn Lovet være Gud, alle verders Herre, Han, den Barmhjertige, den Nåderike, Han, Herren over dommens dag. Deg tilber vi, vi søker hjelp hos Deg. Led oss på den rette vei! Deres vei, som Du har beredt glede, ikke deres, som har vakt Din vrede, eller deres, som har valgt den falske vei.

Barmhjertig

tyder god. ■

Nåderik tyder å

gi mykje og å tilgi mykje. ■

Vrede tyder sinne.

Koranen, sure 1

Koranen fortel kva muslimar skal tru og gjere. Derfor gir denne boka muslimar hjelp til å leve etter Guds vilje. Koranen fortel også om viktige personar i islam, for eksempel Noah, Abraham, Moses, Jesus og Muhammed. Desse personane er profetar i islam. Muhammed er den siste, men viktigaste profeten.

111


Brodering av teppe til Kabaen i Mekka

Førebilete ■

Hadith tyder

forteljing eller

Hadith Hadith er namnet på heilage tekstar som fortel om livet og læra til profeten Muhammed. Muslimar meiner at Muhammed levde eit perfekt liv. Han er derfor eit førebilete for alle muslimar. Hadith inneheld forteljingar om kva Muhammed sa og gjorde i ulike situasjonar. Det finst svært mange slike forteljingar. Samlingar med hadith er derfor på mange tusen sider.

tradisjon.

Muhammeds liv

112

Ein hadith opnar med å fortelje kven det er som har fortalt historia. Deretter kjem forteljinga frå Muhammeds liv. Forteljingane handlar om alt frå korleis muslimar bør be, til korleis dei bør vere mot dyr og menneske rundt seg. Mange muslimar kjenner små forteljingar frå hadith. Det er vanleg at historiene blir fortalde frå ein person til ein annan. Imamen bruker ofte forteljingar frå hadith når han held preike i moskeen.


Ifølgje Abu Hurayra. Guds sendebod sa: «Ein mann var ute og gjekk på ein veg da ein stor tørst kom over han. Han fann ein brønn, klatra ned i brønnen og drakk. Da han kom opp, såg han ein hund. Tunga hang ut, og hunden åt jord, så tørst var han. Da sa mannen til seg sjølv at denne hunden var like tørst som han sjølv hadde vore, og han klatra ned i brønnen og fylte lêrsokken sin med vatn. Han heldt sokken fast med munnen heile vegen opp, klatra ut og gav hunden å drikke. Gud roste han og tilgav han.» Da spurde folk: «Guds sendebod, får vi lønn for det vi gjer mot eit dyr?» Han svarte: «I alle levande vesen er det lønn.» Frå hadith

Profeten Muhammed sa: «Den beste av dykk er den som lærer Koranen og lærer han bort.» al-Nawawi

113


OPPGÅVER 1 Kva er Koranen? 2 Kva er hadith? 3 Kva er ein sure? 4 Kva er ein koranskole?

5 Skriv eit samandrag av delkapittelet om heilage skrifter i islam. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 6 Kva er skilnaden mellom Koranen og hadith? 7 Mange av oss hugsar ein del telefonnummer, songar, tekstar eller dikt utanåt. Lag ei liste over kva du har lært deg utanåt. 8 Finn eit dikt, eit visdomsord eller eit sitat som du liker. Lær deg teksten utanåt og framfør han for medelevar. 9 På side 113 kan du lese: «I alle levande vesen er det lønn.» Kva tyder denne påstanden? Skriv tre setningar.

10 Arabisk er eit språk som blir lese frå høgre til venstre. Det same gjeld hebraisk. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut kvar i verda arabisk og hebraisk blir brukte.

11 På side 113 kan du lese: «I alle levande vesen er det lønn.» a) Lag ein påstand med eigne ord som seier det same. b) Ta stilling til påstanden. Grunngi svaret. 12 Fullfør påstandane under. Grunngi svara dine. a) Vi skal alltid gjere gode handlingar fordi ... b) Vi skal ikkje alltid krevje lønn for det vi gjer, fordi …

114


Heilage tekstar i buddhismen Buddhismen har mange heilage tekstar. Å resitere frå dei heilage tekstane er svært viktig for mange buddhistar. Dei eldste buddhistiske tekstane er om lag 2000 år gamle. Mange er forteljingar om livet til Buddha. Sidan Buddha er eit førebilete for menneska, viser han i forteljingane korleis menneska bør handle.

Resitere

Jataka-forteljingane handlar om dei tidlegare liva til Buddha. Somme gonger er Buddha gjenfødt som menneske. Andre gonger er han gjenfødt som dyr. Historiene sluttar ofte med eit råd til menneska.

Jataka-forteljingar

Førebilete

Apebrua Ein kjempestor ape var leiar for 80 000 apekattar. Apane var lykkelege. Dei budde i eit stort mangotre ved foten av ei fjellkjede. Under mangotreet rann ei elv. Ho gjekk ned til dalane der byane var. Ein dag fall ei frukt i vatnet og dreiv nedover elva. Frukta blei plukka opp og gitt til ein konge. Han likte frukta.

115


«Vi må finne treet,» sa kongen. Så drog han ut med mennene sine for å finne treet. Da dei kom fram, såg dei apane mellom greinene i treet. «Apane et opp frukta!» sa kongen. «Omring treet slik at dei ikkje kan sleppe unna. Når sola står opp, skyt vi dei og et både dei og mangoane.» Da apane hørte dette, blei dei livredde. Det var så langt frå mangotreet til dei nærmaste trea at dei kunne ikkje komme unna. Men apeleiaren hadde ein plan. «Eg skal redde dykk,» sa han. «Ver ikkje redde, men gjer som eg seier.» Han klatra opp på den høgaste greina i treet og gjorde eit kjempehopp over til eit tre på den andre sida av elva. Dei andre apane klarte ikkje å hoppe så langt. Derfor tok apeleiaren opp eit sterkt strå frå vasskanten. Han batt den eine enden av strået fast i treet og den andre enden til foten. Så hoppa han tilbake til mangotreet. Han ville lage ei bru av strået. Men strået var for kort! Apeleiaren greidde så vidt å halde seg fast i ei av greinene i mangotreet. Han ropte: «Spring over ryggen min og over dette strået, så er de trygge!» Ein etter ein sprang apekattane over han og dit dei var trygge. Til slutt braut den store apen ryggen. Kongen fekk tårer i auga da han såg det som skjedde. Han bad mennene hente apeleiaren. «Du har vore villig til å gi livet ditt for å redde andre,» sa kongen. «Kven er du?» «Eg er apeleiaren,» svarte den store apen. «Eg sørgjer ikkje over å forlate verda, for eg har gitt dei fridommen. Om du kan lære av døden min, blir eg meir enn lykkeleg. Det er ikkje sverdet som gjer deg til konge, berre kjærleiken. Gløym aldri: Det er ei lita gåve å gi sitt eige liv, om det fører til at andre blir lykkelege.» Så lukka apen auga og døydde. Men kongen og folka hans sørgde over han. Dei bygde eit rent og kvitt tempel for han, slik at orda hans aldri skulle bli gløymde.

Ananda er ein av

disiplane til Buddha.

116

Om vennskap Buddha fortel: «Ananda sa ein gong til meg at halvparten av edel livsførsel består av god vennskap. Da retta eg på han og sa: ’Nei, Ananda. Ikkje halve, men heile den edle livsførselen består av god vennskap!’»


Heilage tekstar i hinduismen Hinduismen har fleire heilage tekstar enn nokon annan religion. Dei er ikkje skrivne ned på same tidspunkt, og dei er heller ikkje samla i ei einskild bok. Gjennom heile historia til hinduismen har det oppstått heilage tekstar.

Flest heilage tekstar

Dei eldste hinduistiske tekstane har blitt fortalde i over 3000 år. Vers frå desse tekstane blir brukte både i og utanfor tempelet.

3000 år

Hinduane bruker ofte ulike mantra henta frå dei heilage tekstane. Eit mantra er eit heilagt eller kraftfullt vers, eit ord eller ein lyd. Eit eksempel er Gayatri-mantraet. Prestane resiterer dette verset kvar morgon.

Mantra

Gayatri-mantraet Vi mediterer på guden Savitris herlege lys. Må det styrkje våre tankar.

Prestar ved elva Ganges

117


Ramayana Mahabharata

Dikt

Dei to største hinduistiske forteljingane heiter Ramayana og Mahabharata. Det er lange, spennande historier om kjærleik, krig og filosofi. Ramayana er like lang som Bibelen, og Mahabharata er fire gonger så lang. Historiene er skrivne fleire gonger og har derfor ulike forfattarar. Den første forfattaren av Ramayana heiter Valmiki. Han skreiv Ramayana som dikt. Vi veit ikkje akkurat når det skjedde. Somme seier diktet er så gammalt som 2500 år, somme seier det er 1600 år gammalt.

Prins Ramas sinn var jevnt og talen mild. Kritikkord lyttet han kun rolig til. Han glemte lett selv hundre vonde ord. Ved en god gjerning ble hans glede stor. Han snakket titt med gamle, vise menn og lyttet til dem om og om igjen. Hvert vesen fryktet da prins Rama la sin pil på strengen. Jorden bevet da. Han pustet knapt da han så pilen ramme demonen midt i hjertet med det samme. Frå Ramayana av Valmiki

118


OPPGÅVER 1 Kor gamle er dei eldste av dei heilage tekstane i buddhismen? 2 Kva er ei jataka-forteljing? 3 Kor gamle er dei eldste av dei heilage tekstane i hinduismen? 4 Kva heiter dei største forteljingane i hinduismen?

5 Skriv eit samandrag av delkapitla om heilage tekstar i buddhismen og hinduismen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 6 Kven er apeleiaren i forteljinga om apebrua på side 115 og 116? 7 Kan vi lære noko av historia om apebrua? 8 Lag ein teikneserie av forteljinga om apebrua. 9 Kva vil det seie å vere ein helt? 10 Gå saman i grupper. På side 116 står eit Buddha-sitat, og på side 117 står Gayatrimantraet. Vel ein av tekstane. Skriv teksten på ein plakat. Skriv ei setning kvar om teksten. De kan for eksempel forklare ord eller oppsummere kva teksten handlar om. De kan også utdjupe eller kommentere det dei andre elevane i gruppa har skrive. Illustrer plakaten. 11 I læreboka møter du pris Rama både i forteljinga om Rama og Sita (side 74 og 75) og i forteljingsdiktet om Rama på side 118. Les begge tekstane. a) Kva personar og skikkelsar møter du i begge tekstane? b) Korleis blir Rama skildra i dei to tekstane? 12 Diktet om prins Rama har enderim. Skriv eit eige forteljingsdikt med enderim om ein helt. 13 Lag eit dikt om ein person med gode eller dårlege eigenskapar.

14 Dramatiser forteljinga om apebrua.

15 Les forteljinga om apebrua på side 115 og 116. Kva meiner du er lykke? Gi to grunngivingar. a) Lykke er …, fordi … b) Lykke er …, fordi … 16 Kva er det motsette av lykke? Grunngi svaret.

119


Heilage tekstar i jødedommen Den jødiske Bibelen

Jødane har fleire heilage tekstar. Dei viktigaste er Tanak og Talmud. Tanak er den jødiske Bibelen. Han er skriven på hebraisk. I tillegg finst det omsette versjonar, fordi ikkje alle jødar rundt om i verda kan hebraisk. Tanak har tre delar: • Tora (Mosebøkene) • Neviim (Profetane) • Ketuvim (Skriftene)

Tanak T, N og K

Namnet Tanak er sett saman av forbokstavane i dei tre delane: T, N og K. Tanak inneheld om lag dei same tekstane som vi finn i Det gamle testamentet i den kristne Bibelen. Ein viktig skilnad er rekkjefølgja på tekstane. Ein annan skilnad er namnet. Jødane har ikkje Det nye testamentet som vi finn i den kristne Bibelen. Derfor kallar ikkje jødane Tanak for Det gamle testamentet.

Hebraisk blir lese frå høgre mot venstre. Jødar bruker ein peikar forma som ei hand når dei les i Toraen. Det er fordi teksten er heilag, og dei ikkje vil skade papiret.

120


Torarullar

Tora Den teksten som finst på handskrivne pergamentrullar i synagogen, er Toraen. Toraen inneheld Mosebøkene. Det er den mest heilage teksten i jødedommen. Toraen gir reglar for korleis jødane skal leve, for eksempel kva mat dei kan ete. Jødisk historie fortel at Mosebøkene blei openberra til Moses frå Gud. I Andre Mosebok kan vi lese om korleis Moses fekk dei ti boda frå Gud, skrivne på steintavler. Toraen inneheld den tidlege historia til jødane. Tekstane fortel om korleis verda blei skapt, og om pakta mellom Gud og det jødiske folket.

Pergamentrullar Mosebøkene

Reglar ■

Tora er eit hebraisk

ord som tyder lære eller lov.

Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp på fjellet til meg og ver her ei stund, så skal eg gje deg steintavlene med lova og boda, som eg har skrive opp til rettleiing for folket.» 2 Mos 24,12

Jødane har ein lang tradisjon for å tolke dei heilage tekstane. Vi seier at dei har ein tolkingstradisjon. Å tolke tekstane blir gjort for at ein skal forstå kva som står der, og for at ein skal kunne forklare det for andre.

Tolkingstradisjon

121


Talmud Forklaringar

Talmud er ei samling av forklaringar til Toraen. Jødane meiner at delar av desse tekstane blei openberra til Moses frå Gud saman med den skrivne Toraen. Desse delane blir derfor kalla Den munnlege Toraen «den munnlege Toraen». Talmud er forklaringar, utdjupingar og diskusjonar av det som står i Toraen.Det er viktig for at jødane skal kunne følgje levereglane i Toraen i dagleglivet. I Talmud kan ein finne så å seie alle spørsmål som kan dukke opp i livet til eit menneske.

Rabbinar

122

Å studere Toraen er eit viktig påbod i jødedommen. Derfor har jødane etablert mange skolar der ein studerer og diskuterer Toraen og Talmud. Desse skolane blir leidde av rabinarar.


Ein heidning kom til Sjammai og sa til han: «Gjer meg til ein jøde på vilkår av at du lærer meg heile Toraen mens eg står på eitt bein.» Men Sjammai jaga han ut med peikepinnen han hadde i handa. Så kom heidningen til Hillel, som godtok vilkåret og gjorde han til jøde og sa til han: «Det som du sjølv hatar, må du ikkje gjere mot nesten din. Dette er heile Toraen. Resten er forklaringar til dette. Gå av stad og lær dei.» Frå Talmud

OPPGÅVER 1 Kva er dei viktigaste heilage tekstane i jødedommen? 2 Kva tyder Tanak? 3 Kvifor blir Tanak kalla den jødiske Bibelen? 4 Kva er Talmud?

5 Skriv eit samandrag av delkapittelet om heilage tekstar i jødedommen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 6 Fortel kvarandre kva de hugsar om jødedommen mens de står på eitt bein. 7 Gå saman i grupper. Skriv utdraget frå talmudteksten øvst på sida på ein plakat. Skriv ei setning kvar om teksten. De kan for eksempel forklare ord eller oppsummere kva teksten handlar om. De kan også utdjupe eller kommentere det dei andre elevane i gruppa har skrive. Illustrer plakaten. 8 Kva vil det seie å tolke ein tekst?

9 Dramatiser teksten frå Talmud øvst på sida.

10 Talmudteksten øvst på sida fortel om «nesten din». Kven er nesten din? Grunngi svaret. 11 Korleis skal du behandle nesten din? Lag to påstandar med grunngivingar. 12 Kva er det motsette av nesten din?

123


OPPSUMMERANDE OPPGÅVER TIL KAPITTELET 1 Sjå på læringsmåla i opninga av kapittelet. Skriv tre setningar om kva du har lært til kvart læringsmål. 2 Skriv eigne bilettekstar til fem av bileta eller illustrasjonane i kapittelet. 3 Bruk dine eigne ord til å forklare kva vi meiner med heilag tekst. Gi minst to eksempel. 4 Finn likskapar og skilnader mellom heilage tekstar i kristendommen, jødedommen og islam. 5 Kva er skilnaden mellom vanlege tekstar og heilage tekstar? 6 Kva gjer du for å lære noko utanåt? Fortel. 7 Er somme tekstar lettare å lære utanåt enn andre? Grunngi svaret. 8 Vel ein religion og lag ein quiz om dei heilage tekstane i denne religionen. Prøv oppgåvene på medelevar. 9 Vel ein religion og lag ein lysbiletpresentasjon av heilage tekstar i denne religionen. Presenter resultatet for medelevar. 10 Kapittelet handlar om heilage tekstar. Gi eksempel på noko anna som kan vere heilagt for menneske.

11 Lytt til resitering av heilage tekstar. Du finn eksempel på CD-en til Inn i livet 5–7. Finn likskapar og skilnader i korleis dei blir lesne.

12 Heilage tekstar vil gjerne formidle noko sant og viktig. Kva er sanning?

124


Stikkord 1. mai 85 17. mai 85 Abraham 60, 100, 111 advent 43, 44 Akademiet 12 allehelgensdag 57 alle sjelers fest 69 apostel 95, 96, 106–107 Apostelgjerningane 95 Aristoteles 10–13 Bergpreika 97–98 Buddhas fødselsdag 66–67 David 103 Den heilage ande 44, 56, 106 Det gamle testamentet 93, 94–95, 120 Det nye testamentet 93, 94–95, 120 divali 72–73 evangelium 94 faste 44, 64, 67, 79 fastebrytingsfesten 64 filosof 8, 10 FN–dagen 86 forsoningsdagen 79

fullmånedagar 67 Ganeshas fødselsdag 76 Golgata 51 Goliat 103 gregoriansk kalender 30 hadith 112–113 hanukka 80–81 helgen 57 heilagdag 42, 44, 57 hijra 33 holi 76 høgtid 42 idéverda 13 IKT 21 imam 60, 61, 112 jataka–forteljing 115 Judas 50 jul 44 jødisk nyttår 78 kyrkjeåret 43 Koranen 110–111 Kristi himmelfartsdag 55 Kristus 53

125


krossfesting 51 kyrkjelyd 95 langfredag 44, 50–52 lidingshistorie 47 likning 104 Mahabharata 118 Maria Magdalena 53 Medina 32 Mekka 32, 60–63 merkedag 42, 85–86 Messias 50 Moses 82, 101, 111, 121, 122 munk 67 nattverd 49 nonne 67 offerfesten 60–63 ofre 60 openberring 64, 91, 95, 110 pakt 49 palmesøndag 48 Paulus 57, 96, 106–107 Pesach-høgtida 82–83 pilegrimsreise 60–63 pinse 44, 56 Platon 10–13 Pontius Pilatus 51 Profetens fødselsdag 63

126

påskedag 53 rabbinar 78, 122 Rama 73, 74–75, 118 ramadan 64 Ramayana 118 resitere 110, 115, 117 sabbat 42, 80 samefolkets dag 86 Samuel 102 Saulus 106 sedermåltid 82–83 Silas 107 Sita 73, 74–75 skjærtorsdag 48–49 skotår 30, 34 Sokrates 10–12 stamfar 100 Stefanus 57 symbol 53 synd 78 Talmud 122–123 Tanak 120 testament 93 Tora 121 under 80 vesak 66–67 visdom 8, 94


Illustrasjonar Smaapigerne – Kaja Ødegaard og Sissel Ringstad: side 6, 10, 12, 13, 15, 17, 19, 20, 24, 26, 29, 30, 32, 33, 34, 40, 42, 48, 50, 69, 71, 74, 80, 88, 93, 94, 95, 100, 102, 103, 106, 107, 115, 116, 118 og 124

Bilete 8 9 11 16 18 22 27

28 29 31 32 34

35

37 39 43 45 46 46 47 49 51 52 53 55 56 57 58 59

Malin Gezelius/Mira/Nordic Photos Akin Duzakin The Gallery Collection/Corbis/Scanpix Bo Gaustad Bettmann/Corbis/Scanpix Veer/Corbis/Scanpix Museum of Modern Art/AKG images/Scanpix/ © Salvador Dalí, Gala-Salvador Dalí Foundation/BONO 2009 Jan Djenner/Samfoto Pelle Stackman/Tiofoto/Nordic Photos Susanna Blåvarg/Johnér Bildbyrå AB/Getty Images Creative Alfredo Caliz/Panos Pictures/Felix Features Musee National Message Biblique Marc Chagall, Nice/Peter Willi/The Bridgeman Art Library/ © Marc Chagall/BONO 2009 (utsnitt) Musee National Message Biblique Marc Chagall, Nice/Peter Willi/The Bridgeman Art Library/ © Marc Chagall/BONO 2009 Monique Pietri/AKG images/Scanpix Fry Design Ltd./Photographer’s Choice/Getty Images Creative Per Magnus Persson/Johnér Bildbyrå AB © Ingjerd Pettersen-Hagh/BONO 2009 Comma Images/Scanpix Creative U. Nölke/Plainpicture/Scanpix Creative Anna Lena Ekeblad/Svalbard kirke/Scanpix The Bridgeman Art Library/Getty Images Creative Thomas Lohnes/DDP/AFP Photo/Scanpix Albright-Knox Art Gallery/Corbis/Scanpix/ © Paul Gauguin/BONO 2009 Laura James/The Bridgeman Art Library Laura James/The Bridgeman Art Library Geir Otto Johansen/Aftenposten/Scanpix Luis Acosta/AFP Photo/Scanpix Øystein Søbye/NN/Samfoto Kicki Lundgren/Mira/Nordic Photos

60 61 62 63 64 66 67 68 70 72 72 73 76 77 78 79 81 81 82 83 85 90 92 96 98 101 105 110 112 113 114 117 120 121 122

Luca Kleve-Ruud/Dagsavisen/Samfoto Luca Kleve-Ruud/Dagsavisen/Samfoto Jamal Nasrallah/EPA/Scanpix Rizwan Tabassum/AFP Photo/Scanpix Geert van Kesteren/Magnum Photos/All Over Press IPN/Nordic Photos G.M.B. Akash/Panos Pictures/Felix Features Steven Siewert/Oculi/VU/INA agency Eugene Hoshiko/AP photo/Scanpix Tom Henning Bratlie Tony Cenicola/The New York Times/Scanpix Asif Hassan/AFP Photo/Scanpix STR/EPA/Scanpix Pai Pillai/AFP Photo/Scanpix Philippe Lissac/Godong/INA agency Pal Pillai/AFP Photo/Scanpix P. Deliss/Godong/INA agency Corbis/Ina agency Tetra Images/Corbis/Scanpix Private Collection/The Bridgeman Art Library Berit Roald/Scanpix Creative Faleh Kheiber/Reuters/Scanpix Stig-Åke Jönsson/Scanpix Karen Robinson/Panos Pictures/Fredrik Naumann Jeff Anderson & Mike Maddox: Bibelen som tegneserie, Lunde forlag Giarudon/Superstock/GV press/© Marc Chagall/BONO 2009 Esben Hanefelt Kristensen Anwar Mirza/Reuters/Scanpix Khaled Desouki/AFP Photo/Scanpix David Sacks/Taxi/Getty Images Creative Pictor/Nordic Photos Superstock/GV press Rose Eichenbaum/Scanpix Creative Jarl Fr. Erichsen/Scanpix P. Deliss/Godong/Corbis/Scanpix

127


Kjelder Side 7: Side 9: Side 16: Side 25: Side 33: Side 36:

Einar Økland: «Spørsmål og svar», frå På frifot. Oslo: Samlaget, 1978. Utdrag frå Jon Fosse: Kant. Oslo: Samlaget, 2005. Illustrert av Akin Duzakin. Utdrag frå Maria Parr: Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde. Oslo: Samlaget, 2005. Illustrert av Bo Gaustad. Utdrag frå Gerhard Stoltz: Tiden bor ingensteder. Bergen: Eide forlag, 1993. Olav H. Hauge: «I dag såg eg», frå Dropar i austavind. Oslo. Samlaget, 1966. Omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå Torkel Brekke, red.: Buddhas fortellinger, opphavleg omsetjing til bokmål av Kåre A. Lie. Oslo: De norske bokklubbene, 2001. Side 48, 55 og 56: Utdrag frå Det nye testamentet, omsetjinga frå 2005. www.bibelen.no Side 61: Koranen, sure 3, vers 97, frå Einar Bergs omsetjing. Oslo: Universitetsforlaget, 1989. Side 66: Omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå Bodil Hov Holhjem og Anne-Ruth Jangaard: Hai er buddhist. Tønsberg: Norsk Studieguide, 2000. Side 69: «Mogallana hjelper den døde mor si», omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå Geir Winje: Buddhisttempelet. Oslo: Aschehoug, 2002. Side 72: Omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå Bodil Hov Holhjem og Anne-Ruth Jangaard: Shilpa er hindu. Tønsberg: Norsk Studieguide, 2001. Side 74: «Rama og Sita», omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå Tove Nicolaisen: Fortellingene om Rama og Sita: reiser i den ytre og den indre verden. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2006. Side 111: Koranen, sure 1, frå Einar Bergs omsetjing. Oslo: Universitetsforlaget, 1989. Side 113: Omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå al-Nawawi: De rettvises hager, opphavleg omsetjing til bokmål av Nora S. Eggen. Oslo: Bokklubben, 2008. Side 115: «Apebrua», omarbeidd og omsett til nynorsk etter Notto R. Thelles versjon i Tarald Rasmussen og Einar Thomassen, red.: Kildesamling til Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Oslo: Nasjonalt læremiddelsenter, 1999. Side 116: «Om vennskap», omarbeidd og omsett til nynorsk etter utdrag frå Torkel Brekke, red. Buddhas fortellinger, opphavleg omsetjing til bokmål av Kåre A. Lie. Oslo: De norske bokklubbene, 2001. Side 118: Dikt om prins Rama, utdrag frå Ramayana av Valmiki, gjendikting ved Signe Cohen. Henta frå Knut A. Jacobsen: Bhagavadgita og andre hinduistiske skrifter. Oslo: De norske bokklubbene, 2001. Side 121: Henta frå www.bibelen.no Side 123: Omarbeidd og omsett til nynorsk etter talmudteksten «Shabbat», henta frå Dagfinn Rian og Levi Geir Eidhamar: Jødedommen og islam. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 1999.

© 2009 Det Norske Samlaget ISBN: 978-82-521-7459-5 Printed in Norway Trykk/innbinding: AIT Otta AS Grunnskrift: Minion Regular Papir: 130 g Arctic Matt Repro: Løvaas Lito Redaktørar: Synnøve I. Fredly og Elisabeth Ringdal Grafisk formgiving og omslag: Speed Design Omslagsfoto: Susanna Blåvarg/Johnér/Getty Images Creative Språkleg gjennomgang og omsetjing frå bokmål: Kari Marie Thorbjørnsen Biletredaktør: Ellen J. Glimstad Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningskrav og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.

128


Inn i livet følgjer læreplanen for faget RLE – religion, livssyn og etikk frå 2008. Religionar og livssyn blir presenterte i eit samanliknande perspektiv. Filosofisk metode er ein integrert del av verket. I arbeidet med Inn i livet kan eleven utvikle alle dei grunnleggjande ferdigheitene. Inn i livet opnar i stor grad for tilpassing og differensiering.

Religion, livssyn og etikk

Inn i livet tek elev og lærar med inn i religionar og livssyn som vi møter i Noreg i dag. Kunnskapsstoffet blir framstilt tematisk og røyndomsnært. Det vil seie at læreverket tek utgangspunkt i kvardagen til barn og vaksne.

Inn i livet 5. Elevbok er rikt illustrert og har stor variasjon av oppgåver og aktivitetar. Andre komponentar til Inn i livet 5:

v i l , n o i ig l e

l

t e v i

5

i

Inn

Velkommen Inn i livet!

og etikk n y ss

Inn

5

i

et v i l

Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Jon Skarpeid Jenny Helene Sværen

R

y

Religio

n,

liv

ss

et

Inn i livet 5

n

og

1.–7. trinn ikk

• Inn i livet 5. Ressursbok for læraren • Inn i livet 5–7. CD • Inn i livet 5–7. Nettstad http://innilivet.samlaget.no

ISBN: 978-82-521-7459-5

NYNORSK

ELEVBOK NYNORSK

SAMLAGET

iil5_elevbok_blaibok_nyn  

i e lig ELEVBOK NYNORSK R SAMLAGET Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Jon Skarpeid Jenny Helene...