Issuu on Google+

K

T PIT EL 3

A

Høgtider og merkedagar I dette kapittelet skal du lære om: ➔ kyrkjeåret og høgtider i kristendommen ➔ høgtider i islam ➔ høgtider i buddhismen ➔ høgtider i hinduismen ➔ høgtider i jødedommen ➔ andre merkedagar

Somme dagar har liksom eit slør over seg. Somme dagar må pakkast ut frå ei sky av høgtid. Slike dagar er ofte stillare enn andre dagar, og varer lenger. Men det finst òg bråkete og hektiske dagar, som startar med korpsmusikk eller klokkeklang, og endar med mageknip. Brit Bildøen

41


Feiring av høgtider Fleire heilagdagar

Ei høgtid består ofte av fleire heilagdagar. Under ei religiøs høgtid er det vanleg at menneske som hører til den same religionen, møtest for å feire høgtida saman. Denne feiringa kan for eksempel bestå i at dei reiser til gudshuset for å be eller for å høre på at nokon les høgt frå heilage skrifter. Det er også vanleg å møtast heime hos kvarandre for å ete god mat saman, be, syngje, leike og hyggje seg. Kva høgtider vi feirar, og korleis vi feirar dei, varierer med kvar i verda vi er frå, og kva for religion eller livssyn vi hører til.

Fri frå skole og arbeid

Under høgtidene har vi fri frå skolen, og mange har fri frå arbeidet. I Noreg gjeld det spesielt dei kristne høgtidene jul, påske og pinse. Barn og vaksne som hører til andre religionar, har også rett til fri frå skole og arbeid når religionen deira har høgtidsfeiring. Muslimske barn har for eksempel rett til fri frå skolen under feiringa av dei islamske id-høgtidene.

Heilagdagar Heilagdagar er religiøse merkedagar. Både jødedom, kristendom og islam har ein heilagdag kvar veke. For kristne er søndag heilagdag. Muslimane har fredag som heilagdag. Heilagdagen til jødane blir kalla sabbat. Sabbaten begynner ved solnedgang fredag kveld og varer til solnedgang laurdag kveld.

42


Kyrkjeåret

Ordet advent

kjem frå latin og tyder

Kalenderåret begynner 1. januar og sluttar 31. desember. Kyrkjeåret begynner med første søndag i advent, nokre veker før kalenderåret. Det begynner ikkje på ein bestemt dato, men fire søndagar før julekvelden. Kyrkjeåret varer til neste advent. Da begynner det neste kyrkjeåret.

«å komme». For kristne er adventstida fylt av forventningar til feiringa av Jesu fødsel. Advent er derfor ei førebuingstid.

43


Jul, påske og pinse

Dei tre store høgtidene i kyrkjeåret er jul, påske og pinse. I tillegg finst det fleire heilagdagar. Somme retningar innanfor kristendommen har mange heilagdagar, andre har få. Heilagdagane markerer viktige hendingar i livet til Jesus eller andre viktige personar i Bibelen eller i kyrkjehistoria.

Fargar i kyrkjeåret

Grønt Fiolett, kvitt og raudt

Det blir brukt ulike fargar på høgtidene og heilagdagane. Fargane skal vise det spesielle med den tida eller dagen som blir feira. Grønt står for vekst, håp og liv. Denne fargen blir brukt på flest heilagdagar. Dei andre fargane er fiolett, kvitt og raudt. Fiolett er fargen for å førebu seg eller gjere noko godt igjen. Fiolett blir mellom anna brukt i adventstida. Derfor pyntar mange med fiolette adventslys. Fasten er ei anna førebuingstid, som også har fiolett som farge. Fastetida

et at ord vel u d Visste tyder «far l val orte karne et»? Det f n tt ei til kjø rneval er at ka ør fasten. fest f

Den heilage ande

44

Tida før påske blir kalla fastetida. For kristne er fasten ei tid da ein skal unngå det som ikkje er nødvendig. Ein del held seg derfor heilt unna alkohol og kjøtt i denne tida. Andre unngår sjokolade eller noko anna dei liker å ete. Før fasten unner mange seg noko ekstra godt. Fastelavnsbollar er ein del av denne skikken. Vi veit ikkje heilt kvifor skikken med fastelavnsriset har oppstått. Kanskje skulle riset minne om at Jesus blei pint?

Kvitt står for fest og glede. Derfor blir denne fargen brukt i tida etter påskedag. Raudt er særleg knytt til Den heilage ande, og er den fargen som er knytt til høgtida pinse. Kristne trur at Den heilage ande er Guds kraft. Gud er til stades i verda gjennom Den heilage ande. Den gir dei kristne trua på Gud. Raudt er òg ein farge som minner om blod, offer og liding. Derfor blir denne fargen brukt på dagar til minne om menneske som døydde fordi dei trudde at Jesus var Guds son.


OPPGÅVER

1 Kva tyder ordet advent? Kva fargar er brukte for å markere advent i illustrasjonen over? 2 Sjå på illustrasjonen over. a) Finn ut kor mange dagar det er som har dei ulike fargane. b) Kva høgtider finn du i illustrasjonen over? c) I høgtidene jul og påske blir det brukt fleire fargar. Kva for nokre? 3 Skriv eit samandrag av delkapittelet om kyrkjeåret. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 4 Lag eit fargekart med alle fargane som hører med i kyrkjeåret. Skriv ei forklaring til kvar av fargane. 5 Fortel om karnevalsskikkar som du kjenner til. 6 Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut meir om desse dagane: Maria bodskapsdag, fastelavnssøndag, oskeonsdag og olsok. Lag eit faktaark eller ein lysbiletpresentasjon.

45


Høgtider i kristendommen Vi feirar påske fordi Jesus stod opp frå dei døde. Jesus kom til Jerusalem på palmesøndagen. Han rei på eit esel som han fekk av nokon som visste at han trong det. Seinare åt Jesus saman med disiplane. Jesus sa at ein av disiplane skulle svike han: «Før hanen gjel tre gonger, skal du fornekte meg tre gonger.» Han som svikta Jesus, heitte Peter. Så kom soldatar og tok Jesus til fange. Seinare blei Jesus krossfesta. Der var det to røvarar. Den eine sa til Jesus: «Kan du hugse på meg?» Jesus svarte røvaren: «Du skal vere med meg til himmelen.» Påskemorgon stod Jesus opp igjen. Eg har vore i Oppstodekyrkja i Jerusalem. Halvar, 11 år Vi skal ha påskespel i kyrkja, men vi øver på skolen. Vi gler oss til å vere med, for det er første gongen vi i femte klasse får vere med og syngje i koret. Neste år, i sjette klasse, skal vi få vere med i sjølve påskespelet. Eg kan ein påskesalme: Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se, en engel kom, åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom! Påskespelet viser vi fredag før påske i skoletida. Alle som vil, får vere med. Elevane i første til fjerde klasse ser på. Somme av elevane på skolen vil ikkje vere med. Dei er på skolen og gjer noko anna. Men alle som vil, kan vere med i kyrkja. Even, 11 år

46


Påska Forteljinga om at Jesus døydde og stod opp igjen er den viktigaste forteljinga for kristne. I påska minnest kristne denne forteljinga. Påskeforteljinga er svært dramatisk. Ho handlar om den djupaste sorg, om at Jesus døydde. Samtidig endar forteljinga i den største glede, sidan Jesus står opp igjen frå dei døde. Kristne trur at Jesus vinn over døden, og at dette viser at han er Guds son. Vi kallar gjerne forteljinga om Jesu liding og død for lidingshistoria. Gjennom gudstenester, påskespel og kyrkjemusikk blir lidingshistoria fortald. Påska er ei høgtid som går over ei heil veke. Kristne går gjerne i kyrkja fleire dagar i påska for å høre heile den dramatiske forteljinga. I Noreg har alle skolefri i påska. Ein god del bruker påskeferien til å reise bort med familien, for eksempel til ei hytte på fjellet. Mange vil likevel gjerne vere med på ei gudsteneste der dei er. Derfor blir det halde gudstenester fleire stader utandørs i påska, for eksempel på fjellet eller på eit torg midt i byen.

Dramatisk forteljing

Lidingshistoria

Gudsteneste

47


Jerusalem Palmesøndag I over 1500 år har kristne feira palmesøndag med å gå i prosesjon med palmegreiner eller greiner frå andre tre. Det gjer dei til minne om da Jesus rei inn i Jerusalem.

Hosianna er eit

utrop som tyder «gi frelse». Frelse er å bli redda eller berga.

Påskemåltid

Palmesøndag Jesus og disiplane hans reiste opp til Jerusalem for å feire den jødiske påska. Da Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel, trudde mange at han skulle bli ein mektig leiar. Folk ropte: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!» Dei kasta også palmegreiner på vegen.

Skjærtorsdag Også Jesus og dei tolv disiplane feira påskemåltid, slik som andre jødar. Det gjorde dei på torsdagen i påskeveka, og det blei det siste måltidet Jesus åt saman med disiplane: Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til disiplane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Så tok han eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange så syndene blir tilgjevne.» Evangeliet etter Matteus 26, 26–28

48


Det Jesus gjorde under det siste måltidet med disiplane, kallar vi nattverd. I gudstenesta skjærtorsdag, og i mange andre gudstenester, feirar kristne nattverd saman for å minnast den første nattverden.

Nattverd

Pakt Ei pakt er ein slags avtale eller ein lovnad frå Gud. Etter ein stor flaum lova Gud at jorda aldri meir skulle overfløymast. Teiknet på denne lovnaden er regnbogen. Seinare inngjekk Gud igjen ei pakt med menneska. Teiknet på denne pakta er steintavlene med dei ti boda. Den siste pakta kom med Jesus. Han vann over døden. Teiknet på denne nye pakta er dåpsvatnet og brødet og vinen i nattverden.

Ordet skjærtorsdag

har samanheng med eit verb som tyder å vaske. Det minner kristne om at Jesus viste omsorg for disiplane sine og vaska føtene deira før påskemåltidet.

Nattverden (1495-97) av Leonardo da Vinci

49


Redd

Langfredag Natta før langfredag var Jesus og disiplane i ein hage rett utanfor Jerusalem. Disiplane sovna, og Jesus var den einaste som var vaken. Han visste at han kom til å døy. Han var redd og bad til Gud om å få sleppe, men han sa også at Guds vilje måtte skje.

Prestar

Nokre jødiske prestar opplevde Jesus som ein motstandar. Dei frykta at han skulle få for stor makt, og dei bad derfor nokre menn om å ta Jesus til fange.

Judas

Ein av disiplane til Jesus var Judas. Han fortalde dei som leitte etter Jesus, kvar dei kunne finne han. «Den som eg gir eit kyss, er Jesus,» sa Judas. Da Judas og dei andre mennene kom inn i hagen, gjekk Judas bort og kyste Jesus. Jesus spurde: «Kvifor svik du meg med eit kyss?» Judas fekk 30 sølvpengar, og Jesus blei ført til prestane.

Messias Da Jesus levde, venta mange jødar på Messias. Messias er hebraisk og tyder den som er salva eller innvigd. Messias skulle komme med fred. Kristne trur at Jesus er Messias.

Å spotte tyder å

gjere narr av nokon.

50

Prestane forhørte Jesus. Dei ville vite om han var Messias, sjølve frelsaren. Jesus svarte: «Eg er det.» Prestane meinte at Jesus spotta Gud. Derfor ville dei at han skulle straffast.


Påskespel i Tyskland Jesus blei ført til Pontius Pilatus, den romerske leiaren. Han skjøna ikkje kva gale Jesus hadde gjort. Samtidig ville han ikkje bli upopulær hos folket. Han fekk soldatane sine til å piske Jesus. Deretter kunne dei frammøtte velje om dei ville at han skulle sleppe fri Jesus eller ein røvar som heitte Barabbas. Folk ropte: «Barabbas!» Så blei Jesus dømd til døden. Han skulle krossfestast. På vegen til Golgata fall han om og måtte ha hjelp til å bere krossen.

Pontius Pilatus

Krossfesting

Pontius Pilatus Romarane styrte i området rundt Middelhavet da Jesus levde. Romaren som hadde ansvaret for styret i det området der Jesus levde, heitte Pontius Pilatus.

Golgata er hebraisk

og tyder hovudskalle. Namnet Golgata kom av at staden likna på ein hovudskalle.

Jesus blei krossfesta ved Golgata. Nesten alle som hadde følgt han, var da forsvunne. Dei einaste som blei hos Jesu da han døydde, var mor hans, Maria, nokre andre kvinner og disippelen Johannes. Før Jesus døydde, sa han: «Det er fullført!» Gudstenesta langfredag er prega av ettertanke, og det er stilt og alvorleg i kyrkjerommet. Ofte er både lys og blomar fjerna.

Alvorleg

51


52


Påskedag På den tredje dagen etter krossfestinga gjekk kvinnene som hadde vore hos Jesus ved krossen, til grava hans. Ved grava fekk dei sjå at steinen som var framfor grava, var borte. Da dei gjekk inn, fann dei ikkje Jesus. I staden møtte dei to englar som sa at Jesus ikkje lenger var blant dei døde. Dette skjøna dei ikkje. Derfor trudde dei at nokon hadde røva liket av Jesus. Maria Magdalena begynte å gråte, men da viste Jesus seg for henne og sa at ho ikkje måtte gråte. Seinare viste han seg for disiplane òg. Fleire av disiplane strevde med å tru det dei såg, men etter kvart gjekk det opp for dei at Jesus hadde stått opp frå dei døde.

Kvinnene ved grava (2000) av Laura James

Gudstenesta påskedag er den største festdagen i kyrkja. Kyrkjerommet er fylt med blomar, og kyrkjelyden syng lovsongar saman. Mange stader opnar gudstenesta med utropet: «Kristus er oppstått!» Kyrkjelyden svarer: «Ja, han er sanneleg oppstått.»

Å ete kokte egg til frukost påskemorgon er ein vanleg skikk i Noreg. Barn får ofte eit påskeegg fylt med godteri allereie kvelden før. Mange pyntar heimen sin med gule påskekyllingar og lys. Gult er ein farge vi gjerne knyter til påska i Noreg. Kanskje kjem det av at fleire kjende symbol på liv og vekst er gule, for eksempel sola, kyllingen og eggeplomma. Påska er om våren, og våren kjem med nytt lys og liv til naturen. Kyllingen som bryt ut av skalet, blir også brukt som symbol på Jesus som stod opp frå grava.

Tom grav

Maria Magdalena

Kristus er eit gresk

ord som tyder det same som Messias, den som er salva.

Eit symbol er eit

teikn eller eit bilete med eit spesielt innhald.

Den gule Jesus (1889) av Paul Gauguin

53


OPPGÅVER 1 Kva tyder orda faste, hosianna og pakt? 2 Kor mange heilagdagar er det i påska? Kva kallar vi dei? 3 Kva er eit påskespel? 4 Kva tyder namnet Golgata? Kvar ligg Golgata? 5 Kva tyder Messias?

6 Skriv eit samandrag av delkapittelet om påske. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 7 Kva skjer i kyrkja dei ulike dagane i påska? Fortel. 8 Vel anten måleriet Nattverden side 49 eller måleriet Den gule Jesus på side 52. Beskriv biletet. Sjå på ansikta til menneska i biletet. Korleis opplever du stemninga? Skriv fem setningar. 9 Lag ein teikneserie av påskeforteljinga. 10 Lag ein quiz om påska.

11 «Din Judas» er eit vanleg uttrykk. Finn ut kva det tyder. 12 Maria Magdalena, Maria, mor til Jesus, og disiplane Peter og Johannes er omtalte i læreboka. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut meir om ein av desse personane. Lag ein lysbiletpresentasjon for å fortelje kva du finn ut. 13 På side 46 fortel Halvar om Oppstodekyrkja i Jerusalem. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne meir ut om denne kyrkja og om byen Jerusalem. Du kan også søkje på Gravkyrkja eller Jesu gravkyrkje, for denne kyrkja har fleire namn. Lag eit faktaark. 14 Kor gammal var Jesus da han døydde?

15 Kva vil det seie å svikte? 16 Kva får menneske til å svikte andre menneske? 17 Kvifor bør vi ikkje svikte andre menneske? Lag to grunngivingar. 18 Kva er det motsette av å svikte? Finn eksempel.

54


Kristi himmelfart (2000) av Laura James

Kristi himmelfartsdag Førti dagar etter påskemorgon kjem ein ny kristen høgtidsdag. Han har namnet Kristi himmelfartsdag og blir feira med gudsteneste. I Noreg er skolar og butikkar stengde denne dagen.

Førti dagar

Disiplane var glade for at Jesus hadde stått opp frå dei døde. Jesus var saman med disiplane sine og underviste dei. Men på himmelfartsdagen skjedde ei forandring. Jesus blei henta opp til himmelen, til far sin:

Så førte han dei ut av byen mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. Evangeliet etter Lukas 24, 50–52

55


Pinse Femti dagar

Kraft

Femti dagar etter påskedag, og ti dagar etter Kristi himmelfartsdag, feirar kristne pinse. For at disiplane skulle få mot til å fortelje om Jesus til andre, sende Gud ei kraft til dei. Denne krafta kallar vi Den heilage ande, og disiplane fekk krafta på pinsedagen: Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, viste seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande. Apostelgjerningane 2, 1–4 Etter pinsa begynte disiplane å reise rundt for å fortelje om Jesus og om det dei hadde opplevd saman. Dei som trudde at Jesus var Kristus, Guds son, blei kalla kristne. Dermed blei kristendom etter kvart ein eigen religion.

Fødselsdagen til kyrkja

Pinse Ordet pinse tyder 50. Denne høgtida heiter pinse fordi ho kjem 50 dagar etter påskedag.

56

Pinsa blir kalla fødselsdagen til kyrkja og er ein gledesfest for alle kristne. Kyrkja er både fellesskapet mellom alle som trur på Jesus, og sjølve kyrkjebygget.


Heilagdagar I tillegg til dei store høgtidene feirar kristne fleire heilagdagar. Ein av dei viktigaste er allehelgensdag. Denne heilagdagen er til minne om dei døde. Da steller mange ekstra pent på gravene på kyrkjegarden. Somme tenner også lys. Somme dagar i kyrkjeåret er viktige fordi dei er minnedagar for helgenar. Ein helgen er ein person som har hatt ei spesiell oppgåve, og som er eit førebilete for dei kristne. Jesu mor er den viktigaste helgenen. Ho blir feira på fleire høgtidsdagar. Andre juledag er minnedagen for Stefanus. Han blei steina i hel fordi han kalla seg kristen. Ein av dei som var einige i dette drapet, var Paulus. Seinare angra han seg og blei kristen. Paulus er også ein helgen.

Allehelgensdag

Helgen

Stefanus Paulus

57


OPPGÅVER 1 Ordet kyrkje kan tyde to ting. Forklar. 2 Kva tyder ordet pinse? 3 Eld er eit symbol for Den heilage ande. Kvifor? 4 Kva er allehelgensdag?

5 Kva er ein helgen? 6 Skriv eit samandrag av delkapittelet om Kristi himmelfartsdag, pinse og andre kristne heilagdagar. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 7 Kva er Den heilage ande? Forklar. 8 Beskriv kyrkja der du bur. Kor gammal er ho, og korleis ser ho ut?

9 Bruk kalenderen og finn ut når pinsa kjem i år. 10 Sunniva, Hallvard og Olav er tre kjende norske helgenar. På kva datoar blir dei feira? Kvifor blir dei feira? 11 Bruk høgtidskalenderen og finn andre helgendagar. 12 Finn fram til stoff om ein person som døydde for det han eller ho trudde på. Lag eit faktaark om denne personen.

13 Finst det noko som er verdt å døy for? a) Lag ei grunngiving for at det finst noko som er verdt å døy for, og ei grunngiving for at det ikkje finst noko som er verdt å døy for. b) Kva for ei grunngiving var den beste. Kvifor?

58


Høgtider i islam

Eg gler meg alltid til id. Id er ein artig fest. Til id får eg nye og fine klede. Som regel får eg ein ny kjole, men det bestemmer eg sjølv. I tillegg har eg fri frå skolen når det er id. Det liker eg godt. Og så får vi gåver. Eg har fått mange ulike id-gåver. Blant anna har eg fått pengar, nye klede og ei Bratz-dokke. Til id bestiller vi ein heil sau hos slaktaren. Det er pappa som bestiller og hentar sauen. Av sauen lagar vi god middag. I Noreg varer festen ein dag. På formiddagen går vi i moskeen. Der ber vi ei spesiell id-bønn. Om ettermiddagen samlar familien seg for å ete god mat. Vi et blant anna grilla sauekjøtt, couscous og suppe. Suppe et vi om det er kaldt. Er det varmt ute, et vi salat i staden. Til maten drikk vi brus. Kjem id om sommaren og det er fint vêr, grillar vi kjøttet ute. Kjem id om vinteren, grillar vi kjøttet i omnen. I fjor var vi seks familiar som feira id saman. Da leigde vi eit lokale og laga mat saman. Vi åt masse god mat frå ulike land. Vi hadde ein stor fest. Eg fekk lov til å ha med meg venner på festen. Det var kjempegøy. I fjor laga eg id-kort på skolen. Da dei andre elevane laga julekort, fekk eg lov til å lage id-kort. Id og jula kom nesten samtidig i fjor. På id-kortet skreiv eg «God id og godt nyttår!» Miriam, snart 11 år

59


Offerfesten Abraham

Å ofre er å gi ei

gåve til Gud.

Moskeen Måltid ■

Ei pilegrimsreise er

Offerfesten, id al-adha, er blant dei viktigaste høgtidene i det islamske året. Høgtida er til minne om profeten Abraham, som var villig til å ofre sin eigen son for å lyde Gud. Gud gav Abraham påskjøning fordi han var lydig. Gud gav han eit dyr som han kunne ofre i staden for sonen. Derfor slaktar mange muslimske familiar eit dyr under offerfesten. I Noreg har ikkje folk lov til å slakte sjølve. Her kan muslimar kjøpe kjøtt hos ein muslimsk slaktar. På offerfesten går mange i moskeen for å be og høre imamen preike. Det er vanleg å pynte seg, gjerne med nye og fine klede. Etterpå er det vanleg å besøkje venner og familie for å ete eit måltid saman. Maten er laga av kjøttet som blei slakta til festen. Til slutt koser alle seg med søtsaker og kaker. Barna får ofte gåver.

ei reise til ein stad som er særleg viktig i religiøs Offerfesten blir feira samtidig med den årlege pilegrimsreisa til samanheng.

60

Mekka i Saudi-Arabia. Her ligg Kabaen.


Pilegrimsreisa til Mekka er ei av dei fem søylene i islam. Dei fem søylene er fem handlingar som muslimar er forplikta til å gjennomføre. Derfor skal ein muslim reise som pilegrim til Mekka ein gong i livet så sant han eller ho har høve til det.

Imam tyder førebilete

eller leiar. I moskeen er det imamen som vanlegvis leier bønna, og som held preika.

Kabaen Kaba tyder terning. Kabaen er ein bygning som ligg midt i den store moskeen i Mekka. Somme muslimar meiner bygningen er så gammal at det første mennesket, Adam, bygde han. Kabaen har blitt øydelagd fleire gonger. I Koranen står det at Kabaen blei bygd opp igjen av Abraham og sonen Ismael.

Kvart år reiser om lag to millionar muslimar på pilegrimsreise til Mekka.

Det er ei plikt for menneska mot Gud å dra på pilegrimsreise til Huset, så sant dei finn utveg til det. Koranen 3,97

Huset er det same

som Kabaen i Mekka.

61


62


Profetens fødselsdag Fødselsdagen til profeten Muhammed blir feira i store delar av den muslimske verda. Det er ein fest som kan feirast på mange måtar. Fleire stader går muslimar i tog i gatene. Profetens fødselsdag blir kalla mawlid.

Mange muslimar går i moskeen denne dagen. Den som leier bønna, les frå Koranen og fortel historier frå livet til Muhammed. Somme muslimar feirar dagen med ein stor fest. Andre markerer dagen berre ved bønn.

Mawlid

Livet til Muhammed

Muhammed feira ikkje fødselsdagen sin sjølv. Derfor vel ein del muslimar også å la vere å feire denne dagen.

Frå den store moskeen i Mekka. Kabaen er den svarte bygningen midt i moskeen.

63


Fastebrytingsfesten Ramadan ■

Openberring tyder

at noko kjem til syne

Fastebrytingsfesten, id al-fitr, blir feira av dei fleste muslimar over heile verda. Festen er avslutninga på ramadan. Ramadan markerer den første openberringa Muhammed hadde, og er fastemånad for muslimane. Da lèt vaksne muslimar vere å ete og drikke mellom soloppgang og solnedgang. Barn er ikkje nøydde til å faste.

eller blir gjort kjent. Gud openberra Koranen for Muhammed.

64

Avslutninga på fasten blir feira med festmat og godt drikke. Mange gir pengar til gode formål. Det er vanleg å gå til bønn i moskeen på dagtid. Det er også vanleg å sende kvarandre id-kort, gi gåver og kjøpe nye klede, akkurat som til offerfesten. I likskap med pilegrimsreisa er fasten ei av dei fem søylene i islam.


OPPGÅVER 1 Kvifor blir offerfesten feira? Kva vil det seie å ofre? 2 Kva tyder ordet imam? 3 Kva er mawlid? Kvifor feirar ikkje alle muslimar denne dagen? 4 Kva er ramadan? Korleis fastar muslimar?

5 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i islam. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 6 Sjå på biletet frå Mekka på side 62. Skriv fem setningar om det du ser på biletet. 7 Pilegrimsreiser er vanlege i ulike religionar. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne informasjon om pilegrimsreiser. Kva stader er reisemål for pilegrimar frå ulike religionar? Vel ein av stadene og forklar kvifor denne staden er eit pilegrimsmål. 8 Tenk deg at du møter ein pilegrim – eller kanskje du kjenner nokon som har vore på ei pilegrimsreise? Lag eit intervju med ein pilegrim.

9 Kva er dei fem søylene i islam? 10 Finn eksempel på mat som muslimar et til fest. 11 Sjå på høgtidskalenderen. Finn datoane for profetens fødselsdag, fastebrytingsfesten og offerfesten i år. 12 Finn landet Saudi-Arabia og byen Mekka på eit verdskart. Kvifor er byen Mekka eit pilegrimsmål for muslimar? 13 Pilegrimsreisa til Mekka går over fleire dagar. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut kva som skjer på dei ulike dagane. Lag eit faktaark eller ein lysbiletpresentasjon.

14 Kva vil det seie å vere gåvmild? Lag to grunngivingar. a) Vi er gåvmilde når vi ..., fordi ... b) Vi er gåvmilde når vi ..., fordi ... 15 Kva er det motsette av å vere gåvmild? Grunngi svaret.

65


Høgtider i buddhismen Når det er vesak, feirar vi Buddhas fødselsdag. Det er den viktigaste festen for oss buddhistar. Til vesak kjøper vi friske blomar og frukt. Dette ofrar vi til Buddha på alteret heime. Vi tenner levande lys og røykjelse på buddha-alteret. På vesak samlar vi oss i tempelet. Her ber vi, og ein munk held tale. Munkane og nonnene har på førehand kokt vatn som dei har lagt blomar oppi. Dette vatnet bruker dei for å vaske og skylje ein barnestatue av Buddha. Vi ser på mens munkane og nonnene gjer det, og etterpå kan vi helle vatn over Buddha. Etter at vi er ferdige med dette, samlar vi oss ofte på ein skole vi leiger. Her opptrer mange av barna, og vi et god mat. Vi kunne godt ha gjort dette i tempelet, men på desse festane er det så mange at det ikkje er plass til alle saman. Hai, 10 år

66


Buddhas fødselsdag I dei fleste buddhistiske land blir vesak feira på fullmånedagen i mai. Vesak er namnet på den månaden da Buddha blei født. Buddhas fødselsdag blir feira på mange måtar. Mange går i templa. Der tenner dei lys og ofrar vatn, frukt og røykjelse til Buddha. På vesak gir buddhistane også gåver til kvarandre. Det er svært viktig å vere gåvmild i buddhismen.

Vesak Feiring i tempelet ■

Munkar og nonner

har lova å følgje spesielle levereglar. Dei lever eit enkelt liv. Bygningen der munkar eller nonner bur, kallast kloster.

I tempelet les munkar og nonner tekstar som handlar om da Buddha blei født. Etterpå er det vanleg at alle et saman. Mange buddhistar et ikkje kjøtt denne dagen, for å vise at dei ikkje vil skade noko som lever.

Fullmånedagar Da Buddha levde, var nymånedagen og fullmånedagen fastedagar. I tillegg blei halvmånedagane etter kvart tidspunkt for faste. Også i dag er det ein del buddhistar som følgjer desse fastedagane. Først og fremst gjeld det munkar og nonner. Andre buddhistar bruker gjerne dagane til å gå i tempelet for å ofre blomar og røykjelse.

Fastedagar

67


Fest etter regntida I mange buddhistiske land er årstidene annleis enn i Noreg. Når vi har sommar i Noreg og er glade for all sola vi får, ventar menneske andre stader i verda på at regnet skal setje inn. Frå om lag midten av juli fossar regnet ned i stride straumar. Denne perioden blir kalla regntid. I India varer regntida rundt tre månader. Munkar og nonner ■

Å meditere er å

konsentrere seg gjennom spesielle øvingar.

Unge gutar

68

På den tida Buddha levde, var det vanleg at munkane og nonnene ikkje hadde ein fast stad å bu. Dei gjekk frå stad til stad og levde av det andre gav dei. I regntida var det ekstra vanskeleg å gå rundt. Derfor samla munkane og nonnene seg for å studere og meditere i holer i fjellet eller under store tre i parken. Det var grunnlaget for dei første buddhistiske klostera. I Thailand er det vanleg at unge gutar bur i klostera som munkar i regntidsperioden. Når regntida er over, kjem alle som bur i nærleiken, saman til ein stor fest. Dei gir klede og gåver til munkane.


Alle sjelers fest Alle sjelers fest, vulan, er ei av dei viktigaste feiringane for buddhistar frå land aust i Asia. Denne festen blir feira i juli eller august, når regntida er over. Under høgtida ofrar buddhistar gåver til sine eigne forfedrar og forfedrane til andre. I tillegg til å be for alle forfedrane ber dei for alle som har det vondt og vanskeleg, både menneske og dyr. I somme land deler munkar ut roser etter at dei har halde ein tale i tempelet. Dei som har mista mor si, får ei kvit rose. Dersom mora lever, får dei ei raud rose. Denne høgtida byggjer på ei forteljing om ein av disiplane til Buddha, som hjelpte den døde mor si.

Vulan

Forfedrar er

avdøde slektningar.

Kvite og raude roser

Mogallana hjelper den døde mor si Ein av disiplane til Buddha heitte Mogallana. Han såg at mora var gjenfødt som ei svolten ånd. Fordi ho hadde vore gjerrig, hadde ho no fått trong hals og ein stor, tom mage. Ho hadde det svært vondt. Mogallana spurde Buddha korleis han kunne hjelpe mora. Buddha sa: «Om du vil hjelpe henne, må du samle all den krafta som finst blant munkane. Dersom alle munkane bruker kreftene sine på å meditere og gjere gode gjerningar, kan dei sende krafta si til dei døde. Slik kan dei døde få hjelp.» Mogallana og dei andre munkane gjorde som Buddha sa. Under heile regntida anstrengde dei seg. Dei mediterte og gjorde godt mot andre. Mor til Mogallana fekk krafta frå dei gode gjerningane deira. Slik blei ho gjenfødt i himmelen. På den måten lærte munkane at gode gjerningar hjelper andre.

69


Nyttårsfeiring I tempelet

Nyttårsfeiringa er viktig i buddhistiske land. Ofte går festen føre seg i tempelet. Der ber og ofrar buddhistar til forfedrane.

Ulike tidspunkt

Det bur buddhistar i mange land, og dei bruker kalenderen i det landet dei bur i. Derfor kan nyttår bli feira på ulike tidspunkt.

70


OPPGÅVER 1 Kva er vesak? 2 Kva er vulan? 3 Kva er forfedrar? 4 Kva er ein munk, og kva er ei nonne? 5 Kva er eit kloster? 6 Korleis feirar ein del buddhistar fullmånedagar? 7 Kva vil det seie å meditere?

8 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i buddhismen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 9 Skriv ei forteljing om ein gut som bur i eit kloster i regntida. 10 Korleis trur buddhistar at dei døde kan få hjelp? 11 Lag ein teikneserie av forteljinga om Mogallana. 12 Skriv fem setningar om det du ser på biletet frå nyttårsfeiringa på side 70.

13 Finn landa India, Thailand, Vietnam og Kina på verdskartet. Kor mange menneske er buddhistar i desse landa? 14 Bruk høgtidskalenderen til å finne ut når vesak blir feira i år.

15 a) Er det rett å hjelpe andre for å oppnå noko sjølv? Fullfør setningane under. Det er rett å hjelpe andre for å oppnå noko sjølv, fordi … Det er ikkje rett å hjelpe andre for å oppnå noko sjølv, fordi … b) Kva grunngivingar var dei beste? Kvifor?

71


Høgtider i hinduismen

Når vi skal feire divali, gjer mamma reint i huset, og vi pyntar oss med fine klede. Vi pyntar med blomar og set lys rundt i heile huset. Vi set også mange lys ute, men vi har flest inne. Om kvelden tenner vi alle lysa. Så ber vi til Gud. Vi et mykje god mat. Mamma plar også å lage mange godteri. Ho har fortalt at når vi gir godteri til kvarandre, tyder det at vi vil gi kvarandre glede. Shilpa, 10 år

72


Divali Divali er ei av dei viktigaste høgtidene i hinduismen. Festen blir feira i fem dagar i mange delar av India, og somme stader enda lenger. Under divali blir mange gudar og gudinner feira, både heime hos hinduar og i templa. Det er vanleg å sende opp fyrverkeri og å gi kvarandre godteri og gåver. Ordet divali kjem frå det gamle språket sanskrit og tyder ei klyngje eller rekkje av lys. Ofte blir divali kalla lysfesten. Hinduane trur at divali blei feira første gongen da guden Rama kom tilbake til heimbyen sin i India etter å ha vore borte i mange år. Da blei menneska så glade at dei tende tusenvis av lys for å feire Rama og kona hans, Sita. Det same gjer hinduar som feirar divali i vår tid. Dei set lamper i vindauga, utanfor dørene og på elvane. Dei mange lampene som blir tende, skal også vise gudinna Lakshmi vegen til husa til hinduane. Hinduane trur at ho gir rikdom og lykke når ho kjem på besøk.

Gudar og gudinner

Lysfesten

Rama og Sita

Lakshmi

73


Rama og Sita Rama var ein ung og vakker prins. Han budde i India for lenge, lenge sidan. Rama var både klok og god i alt han gjorde. Han var den flinkaste bogeskyttaren i landet. Han var ein god ektemann for kona Sita. Og han gjorde alltid det far hans sa han skulle gjere. Derfor var far hans, kongen, svært stolt av han. Han var sikker på at Rama ein dag ville bli ein svært god konge. Men kongen hadde fleire søner og fleire koner. Ei av konene var svært sjalu på Rama. Ho lurte derfor kongen til å love at son hennar skulle arve trona. Rama blei send vekk for å leve i skogen. Sita ville bli med han, jamvel om det var vanskeleg å bu i skogen. Ei stund levde dei lykkeleg saman. Sita plukka blomar og laga mat. Rama gjekk på jakt. Men plutseleg ein dag skjedde det noko forferdeleg. Ein vond demon fekk auge på Sita. Han heitte Ravana og var herskar over øya Lanka. Ravana ville gifte seg med Sita. Sita nekta. Alt ho tenkte på, var sin kjære Rama. Da kidnappa Ravana henne. Han tvinga henne med til borga si på øya Lanka. Øya låg langt, langt borte frå skogen der Rama og Sita budde. Sita gret og gret.

74


Rama var fortvila. Ein fugl fortalde han kva som hadde skjedd med Sita, og Rama sette av garde på den lange vegen for å redde henne. På vegen blei han kjend med Hanuman. Hanuman var ein ape med spesielle krefter. Han var svært sterk, og han kunne flyge. Hanuman var også svært snill. Han lova å hjelpe Rama. Hanuman var general for ein stor hær av apar. Ved hjelp av alle apane bygde han ei bru over til øya Lanka. Det blei eit stort slag, og mange døydde eller blei alvorleg skadde. Men Hanuman visste råd. Så fort han berre kunne, flaug han over heile India og til den store fjellkjeda Himalaya. Der voks det planter som kunne gjere skadde menneske og apar friske. For å vere sikker på at han fekk med seg dei rette plantene, tok Hanuman like godt med seg eit heilt fjell. Slik redda han mange av dei skadde soldatane. Etter mange og harde kampar tok Rama og hæren til Hanuman til slutt knekken på den vonde Ravana. Rama kom saman med Sita igjen, og dei kunne endeleg reise tilbake til India. Folket jubla, og overalt blei det tent lys til ære for Rama og Sita. Etter 14 år heimanfrå blei Rama endeleg krona til konge.

75


Fest for Krishna Holi

Holi er ein fest som mange feirar for guden Krishna. Holi er ein fargesprakande fest. Både barn og vaksne kastar fargepulver og farga vatn på kvarandre. Mange hinduar brenner bål og dansar i gatene.

#bilde 76-rle 5: feiring av holi, bilde av glade barn og voksne som har kastet farge på hverandre. (som en påminnelse for hukommelsen siden det er noen år siden elevene hadde om denne festen, og som et utgangspunkt for at læreren kan fortelle for de klassene som ikke har brukt verket / kjenner til holi fra tidligere undervisning)#

Ganeshas fødselsdag

Statuar i havet

76

Ein annan stor fest er fødselsdagen til Ganesha. Da blir Ganesha feira i heimane, i templa og på gatene. Når festen er over, senkar hinduane statuar av Ganesha i havet. Dersom dei ikkje bur nær havet, kan dei senke statuen i ei elv eller ein innsjø. Hinduane trur at Ganesha tek bønnene deira med seg for å hjelpe dei.


Feiring av bror og syster På bror- og systerdagen blir kjærleik mellom sysken feira. Jentene knyter ein raud tråd rundt handa til brørne som eit vern mot vonde krefter. OPPGÅVER 1 Kva er divali? Korleis blir divali feira? 2 Kva er holi? Korleis blir holi feira? 3 Korleis blir fødselsdagen til Ganesha feira?

4 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i hinduismen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 5 Samanlikn divali med ei anna høgtid du kjenner. Kva er likt, og kva er ulikt? 6 Lag ein teikneserie om Rama og Sita.

7 Lag ei dramatisering av forteljinga om Rama og Sita.

8 Bruk høgtidskalenderen og finn ut når høgtidene i hinduismen blir feira i år. 9 Læreboka fortel om gudane Ganesha, Krishna og Lakshmi. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne meir informasjon om ein av desse gudane. Lag eit faktaark. 10 Lag eit armband til nokon du er glad i.

11 Kva vil det seie å vere glad i kvarandre? Lag to grunngivingar. a) Vi viser at vi er glad i kvarandre når vi ..., fordi ... b) Vi viser at vi er glad i kvarandre når vi ..., fordi ... 12 Kva er det motsette av å vere glad i kvarandre? 13 Vi skal alltid gjere vennene våre glade. a) Ta stilling til påstanden. b) Grunngi meiningane dine.

c) Kva for ei grunngiving er den beste?

77


Høgtider i jødedommen

Ein rabbinar er

ein religiøs leiar i ei jødisk forsamling.

Daniel og familien hans er på veg ned til Akerselva etter gudstenesta i synagogen. Under gudstenesta blei det blåse i eit bukkehorn. Ved elva vrengjer Daniel og familien jakkelommene sine og tømmer lommerusket ut i elva. Daniel følgjer rusket med auga der det flyt av garde, og han kjenner seg letta over at han no kan begynne på nytt i det nye året. Magen rumlar. Han gler seg til dei skal heim og ete middag, og til epla som er dyppa i honning.

Høgtider og historie Historia til jødane

Jødedommen har mange høgtider. Nokre av høgtidene blir feira til minne om viktige hendingar i historia til jødane. Det er viktig for jødane å knyte opplevingar til høgtidene. Dei ulike opplevingane hjelper dei til å hugse historiene bak høgtidene.

Jødisk nyttår Rosh hashana Rosh hashana er namnet på jødisk nyttår. Orda tyder «den første i året» eller «hovudet til året». Jødane feirar nyttår om hausten. Feiringa varer i to dagar og kan vere både høgtidleg ■ Synd er å gjere eller tenkje noko som er det og morosam. Mange jødar tømmer lommene for rusk under motsette av det Gud vil. denne høgtida. Det er eit symbol på at dei kastar frå seg syndene sine. På den måten gjer dei seg ferdige med det gamle året før dei begynner på det nye. I synagogen blir det blese i eit bukkehorn. Lyden av hornet skal få jødane til å tenkje over Bukkehorn året som har vore, og til å leve eit betre liv i året som kjem. Det er vanleg at venner og familie møtest til eit stort felles måltid heime. Dei et eple dyppa i honning, eit symbol på at det nye Eple året skal bli søtt og godt.

78


Forsoningsdagen Jom kippur er den viktigaste høgtida i jødedommen. Denne høgtida kjem 8-9 dagar etter jødisk nyttår. Jom kippur blir kalla forsoningsdagen. Da ber jødane Gud om tilgiving for alle feila dei har gjort. Jom kippur er ein fastedag. Fasten varer i 25 timar. Da verken et eller drikk jødane. Barn og alvorleg sjuke vaksne treng ikkje å faste. Mange jødar går til gudsteneste i synagogen på forsoningsdagen, og ofte blir synagogane heilt fulle. Jødane lyttar til opplesing frå Toraen og ber sjølv. Gudstenesta blir avslutta med at det blir blese i eit bukkehorn, som ved nyttårsfeiringa.

Jom kippur

Faste ■

Ordet forsone

tyder å gjere opp.

79


Syrisk konge

Sabbat Tempelet Guden Zevs

Hanukka I år 164 f.Kr. hadde ein syrisk konge makta over området der jødane budde. Kongen trudde på andre gudar enn det jødane gjorde. Han ville tvinge jødane til å tru på det same som han. Derfor nekta han dei å feire sabbat. Dei fekk heller ikkje lese i dei heilage tekstane sine. Han tok tempelet med makt og kasta ut dei jødiske gjenstandane. I staden sette han inn ein statue av den greske guden Zevs. Historia fortel at jødane samla ein hær som gjekk til angrep på kongen og folket hans. Jødane vann kampen og fekk tilbake kontrollen over landområda og tempelet. Dei kasta ut statuen og reinsa tempelet. Endeleg kunne jødane bruke tempelet igjen.

Lysestake

Åtte dagar ■

I tempelet hadde dei ein sjuarma lysestake. Lysa i staken skulle brenne heile tida. Men da jødane skulle ta i bruk tempelet igjen, fann dei berre nok olje til at lysa kunne brenne éin dag. Dei tende likevel lysa i staken, og eit under skjedde: Lysa brann i åtte dagar.

Eit under er noko

som ikkje kan skje, men som skjer likevel.

80

Denne historia forklarer kvifor hanukka blir feira i åtte dagar. Hanukka blir feira til minne om at jødane fekk tempelet sitt tilbake.


Under hanukka tenner jødane lys i ein lysestake med åtte armar, pluss eit niande lys i midten. Den første kvelden blir eitt lys tent, den andre kvelden to lys og så vidare. Dei bruker lyset i midten til å tenne dei andre lysa med. Dette lyset blir kalla ein «tenar». Lysa i hanukkastaken blir tende både heime og i synagogen. Etter lystenninga syng jødar ein song som fortel historia bak høgtida.

Hanukka blir feira i desember eller i januar. Da gir jødar gåver til kvarandre og et god mat saman. Det er vanleg at barna lagar, eller får, snurrebassar. Desse snurrebassane bruker dei til å spele eit spel som heiter snurren eller dreidl. Spelet går ut på å vinne noko, for eksempel nøtter eller godteri.

Gåver Snurrebassar

81


Sedertallerken Pesach Egypt Ti plager ■

Den førstefødte er

den eldste i syskenflokken.

Moses

Pesach-høgtida Ved påsketider feirar jødane pesach. Jødane var i ein periode slavar i Egypt. Faraoen i Egypt nekta å sleppe dei fri. Historia fortel at Gud sende ti plager over Egypt for å få Farao til å ombestemme seg. Den tiande plaga var at alle førstefødte søner kom til å døy om Farao ikkje lét jødane reise frå landet. Gud lova å spare jødane dersom dei gjorde som han sa. Jødane måtte slakte eit lam , ete det og smørje litt av blodet på dørkarmane sine. Da ville Gud gå forbi huset deira utan å drepe nokon. Ordet pesach tyder å gå forbi. Alle dei egyptiske førstefødte sønene døydde den natta. Dei jødiske gutane fekk leve. Same natta som den siste plaga kom over egyptarane, lét Farao jødane likevel reise. Den førstefødte sonen hans var død. Moses

Reisa gjennom Raudehavet (1969) av Tamás Galambos

82


førte jødane ut av Egypt. Hendinga blir kalla utvandringa frå Egypt. Utvandringa skjedde så fort at brøddeigen kvinnene hadde sett for å lage brød til flukta, ikkje fekk tid til å heve seg. Jødane måtte derfor ete flate brød. På grunn av dette et ikkje jødane mat med gjær i så lenge pesach varer.

Utvandringa ■

Å vere slave er å

bli behandla som om andre eig ein. Ein slave blir tvinga til å arbeide

Før pesach er det vanleg at jødar ryddar og vaskar i huset. Dei kastar eller brenner all mat som er laga av mjøl. Dei to første kveldane under høgtida et dei eit påskemåltid. Det heiter seder. Sedermåltidet består av ulike matretter som skal minne jødane om slaveriet og utvandringa frå Egypt.

utan lønn.

Sedermåltidet

83


OPPGÅVER 1 Kva er rosh hashana? 2 Kva er ein rabbinar? 3 Korleis blir jom kippur feira? Kva vil det seie å forsone? 4 Kva er sabbat? 5 Korleis feirar jødane hanukka? 6 Kvifor feirar jødane pesach? Kva tyder pesach? 7 Kva er eit sedermåltid? Kva et jødane ved dette måltidet?

8 Skriv eit samandrag av delkapittelet om høgtider i jødedommen. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 9 Kva er synd? Forklar og gi eksempel. 10 Ordet syndebukk heng saman med forsoningsdagen. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne historia bak dette ordet. I kva samanhengar bruker vi ordet i vår tid? Gi eksempel.

11 Læreboka fortel om ei av plagene som blei sende over Egypt. Bruk eit oppslagsverk på skolebiblioteket eller ein søkjemotor på Internett for å finne ut kva dei ni andre plagene var. 12 Undersøk kva som er meininga med dei ulike matrettene i sedermåltidet. Finn fram til samanhengen mellom smak, innhald og historie. Lag ein lysbiletpresentasjon. 13 Lag ditt eige måltid med meining. Set saman eit måltid med matvarer som kan fortelje om ei hending du har vore med på, eller om noko som er viktig for deg. Teikn og fortel.

14 Kva kan vi lære av historia? a) Vi kan lære noko av historia, fordi … b) Vi kan ikkje lære noko av historia, fordi …

84


Andre merkedagar Dagar som er skrivne med raud farge i kalenderen, er fridagar. I norske kalendrar er alle søndagar, mange kristne høgtider og andre viktige merkedagar markerte med raudt.

Fridagar

For mange er første nyttårsdag kviledag etter nyttårskvelden. Statsministeren held ein tale i radio og tv den dagen. Han eller ho ser tilbake på året som har gått, og snakkar om kva som blir viktig for alle i året som kjem.

Første nyttårsdag

1. mai er den internasjonale arbeidardagen og blir markert over heile verda. I Noreg er det vanleg med folkemøte i byar og på tettstader. Dei som vil, kan gå i tog for å vise kva dei er engasjerte i. Mange ber plakatar om rettane til arbeidarane i Noreg og resten av verda.

1. mai

17. mai er nasjonaldagen i Noreg, grunnlovsdagen. Vi feirar at Grunnlova blei ferdig 17. mai 1814.

17. mai

85


FN-merkedagar 24. oktober

Å stifte vil seie

å grunnleggje eller opprette noko.

FN blei stifta 24. oktober 1945. Det blir markert kvart år på denne datoen, for at barn og vaksne skal tenkje på kva FN står for. Mange skolar bruker dagen til å arbeide med FN og menneskerettane. Jamvel om Noreg er eit av dei tryggaste landa i verda å bu i, kan vi ikkje ta menneskerettane som noko sjølvsagt. Vi må passe på at dei blir følgde, både i Noreg og i andre land i verda.

Urfolk er menneske

som har budd i eit område heilt frå før det blei eit land, og

Merkedagar i livssynshumanismen Livssynshumanismen har ingen eigne merkedagar, men Human-Etisk Forbund markerer FN-dagen. Det blir gjort fordi menneskerettane er svært viktige for livssynshumanistar.

Gjennom året fokuserer FN på mange ulike tema. Kvart tema har fått sin eigen dag. Kvinnedagen, verdsbokdagen, den internasjonale barnedagen og internasjonal dag for urfolka i verda er nokre av desse dagane.

som har halde på den gamle kulturen.

Samefolkets dag 6. februar

6. februar er samefolkets dag. Det er ein merkedag for samar både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen blei feira første gongen i 1993.

Sameflagget Det samiske flagget er felles for alle samar. Sirkelen er ei framstilling av sola og månen. Det er fordi samane blir kalla solsonen og månedottera i eit samisk dikt. Solringen er raud, og måneringen er blå. Raudt, grønt, gult og blått er dei samiske fargane.

86


OPPGÅVER 1 Kva slags dagar er 1. januar, 1.mai og 17. mai? Kva kallar vi desse dagane? 2 Når er FN-dagen? Når er samefolkets dag?

3 Skriv eit samandrag av delkapittelet om merkedagar. Bruk overskriftene, ordforklaringane og nøkkelorda i margen som hjelp. 4 Kva er skilnaden mellom ein merkedag og ein heilagdag? 5 Korleis blir ulike merkedagar markerte på skolen din?

6 Gå inn på FN-kalenderen på www.fn.no. a) Finn desse dagane: kvinnedagen, verdsbokdagen, den internasjonale barnedagen og internasjonal dag for urfolka i verda. Når og kvifor blir desse dagane markerte? b) Vel tre andre merkedagar frå FN-kalenderen. Når og kvifor blir dei markerte? OPPSUMMERANDE OPPGÅVER TIL KAPITTELET 7 Sjå på læringsmåla i opninga av kapittelet. Skriv fem setningar om kva du har lært til kvart læringsmål. 8 Skriv eigne bilettekstar til fem av bileta i kapittelet. 9 Finn likskapar og skilnader mellom nyttårsfeiringar i dei ulike religionane. 10 Kvifor har vi høgtider? 11 Faste er vanleg i fleire religionar. Kva for nokre? Kvifor fastar menneske? 12 Kva høgtider blir markerte på skolen dykkar? 13 Kvifor er det vanleg å vaske huset og pynte seg til mange av høgtidene? 14 I kapittelet møter du Even, Halvar, Miriam, Hai, Shilpa og Daniel. Alle feirar ulike høgtider. Gå saman i par og skriv ein samtale mellom to av desse barna, der dei samanliknar feiringane av viktige høgtider i religionen sin. Framfør oppgåva som eit rollespel.

15 a) Ta stilling til påstandane under. Grunngi svara dine. Alle dagar er like. Ingen dagar er like. b) Kva for ei grunngiving var den beste? Kvifor?

87


88


iil5-nn-kpt3