Page 1

RESSURSBOK FOR LÆRAREN

Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Maria Therkelsen Gunnfrid Ljones Øierud

Inn

i

R

e

o i lig

liv , n

NYNORSK

g etikk o n y ss

l

t e iv

3


sadsadsadas


Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Maria Therkelsen Gunnfrid Ljones Øierud

Inn i livet

3

Religion, livssyn og etikk

Ressursbok for læraren

nynorsk Det Norske Samlaget Oslo 2011

LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 1

28-09-11 12:02:38


© Det Norske Samlaget 2011

ISBN: 978-82-521-7793-0 Printed in Norway Trykk/innbinding: Zmedia AS Grunnskrift: Minion Regular Papir: 130 g Arctic Matt Redaktørar: Hege Simensen Hermo, Charlotte Hole og Ellen Skjold Kvåle Biletredaktør: Ellen J. Glimstad Grafisk formgivning og omslag: Speed Design Omsetjing frå bokmål til nynorsk: Kari Marie Thorbjørnsen

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering inngått med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningskrav og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.

LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 2

28-09-11 12:02:38


Forord Velkommen vidare Inn i livet! I denne boka fører vi vidare det livsnære perspektivet på religion, livssyn og etikk ved å fokusere på tema som alle elevane kan kjenne seg igjen i. I denne boka skal vi ta for oss familieskikkar i kvardagen. Elevane lærer også om levereglar, om rettane til barn og om bønn i religionane. Inn i livet er eit resultat av eit stort engasjement – for RLE-faget og for fagleg formidling. Vi i forfattargruppa bak Inn i livet håpar at du som brukar av skolebokverket vil bli smitta av engasjementet vårt og vil oppleve at RLE er eit levande fag som angår deg og elevane dine. La oss saman føre RLE-faget inn i livet! Lykke til! Beste helsing

Dagrun Astrid Aarø Engen Eli-Anne Vongraven Eriksen Ragnhild Iversen Even Næss Maria Therkelsen Gunnfrid Ljones Øierud

3 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 3

28-09-11 12:02:39


4 LĂŚreveilTrinn3NN(01-27).indd 4

28-09-11 12:02:39


Innhald Bakgrunn for læreverket

6

Innhald

6

Struktur

6

Arbeidsmåtar

7

Fritak i RLE

8

Filosofisk metode

9

Arbeid med bilete i RLE

12

Arbeid med musikk i RLE

12

Arbeid med drama i RLE

13

Arbeid med forteljingar i RLE

14

Årsplan

15

Kapittel 1: Filosofi og etikk

18

Kapittel 2: Kristendom i kvardagen

33

Kapittel 3: Islam i kvardagen

48

Kapittel 4: Livssynshumanisme i kvardagen

57

Kapittel 5: Buddhisme i kvardagen

65

Kapittel 6: Hinduisme i kvardagen

74

Kapittel 7: Jødedom i kvardagen

83

Kapittel 8: Forteljingar frå Bibelen

92

Kjelder og illustrasjonar

141

5 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 5

28-09-11 12:02:39


Bakgrunn for læreverket I læreplanen for faget religion, livssyn og etikk frå 2008 heiter det at RLE-faget «er et ordinært skolefag som normalt skal samle alle elever». Ein føresetnad for verkeleg å kunne samle alle elevar er at alle elevar kan kjenne seg igjen i og bli engasjerte av faget. Det har forfattarane av Inn i livet teke på alvor. Inn i livet legg opp til at elevane skal møte religionar og livssyn slik dei blir levde og opplevde i kvardagen, som noko ekte, livsnært og allmennmenneskeleg. Målet er å bidra til å vekkje motivasjon og lærelyst. Samtidig gir dette fokuset ein del føringar for innhald, struktur og val av arbeidsmåtar i Inn i livet.

Innhald Innhaldet i Inn i livet er først og fremst valt ut frå ­kompetansemåla i læreplanen innanfor dei tre hovud­ områda: • kristendom • jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og livssyn • filosofi og etikk Den såkalla fordelingsnøkkelen, som tidlegare viste kor stor del av undervisninga som skulle brukast på dei ulike hovudområda, er fjerna i læreplanen av 2008. Det gir større fridom og større ansvar for både lærar og skole­ bokverk. Læreplanen presiserer likevel at kristendommen framleis skal utgjere den kvantitativt største delen av lærestoffet, på grunn av den rolla kristendommen har hatt og framleis har i norsk kultur og historie. I Inn i livet varierer den kvantitative vektinga ein del frå årstrinn til årstrinn, avhengig av kva tema som blir behandla. I læreverket som heilskap er dei tre hovudområda i læreplanen vekta med om lag ein tredel kvar. Slik oppfyller verket både kravet om likeverdig behandling av religionsstoffet og kravet om at kristendommen skal utgjere den kvantitativt største delen av lærestoffet. I tillegg gjer denne fordelinga det mogleg å gjennomføre eit samanliknande perspektiv. Hovudområda filosofi og etikk er behandla både separat og integrert i det tematiske arbeidet med ulike religionar og livssyn. Kompetansemåla i læreplanen etter 4. årstrinn er i Inn i livet fordelte mellom bøkene for 1. til 4. årstrinn. Ein del av kompetansemåla blir behandla i bøkene for fleire årstrinn, både på grunn av den tematiske og samanliknande tilnærminga til kunnskapsstoffet i Inn i livet, og fordi ein del av kompetansemåla er svært omfattande. Namna på tema og kompetansemål er ikkje alltid samanfallande. Derfor finn du til sist i dette innleiingskapittelet

ein årsplan som også viser kva kompetansemål ein siktar mot på 3. årstrinn. I nettressursen til Inn i livet kan du finne meir heilskaplege framstillingar av dei einskilde religionane og livssyna, dersom du ønskjer eit supplement til den tematiske framstillinga.

Struktur I Inn i livet blir nytt lærestoff alltid introdusert med tanke på at dei fleste elevar skal kunne kjenne seg igjen i stoffet. Læreboka har derfor ei tematisk oppbygging som gir felles referansepunkt for mange elevar. Alle vil for eksempel kunne kjenne seg igjen i temaet familieskikkar, som er eit tema i kapittel 1 i Inn i livet 3. Levereglar i kvardagen er også noko elevane kjenner, både frå heimen og frå skolen. Kapittel 2–7 tek for seg korleis religion og livssyn kan prege kvardagen for kristne, muslimar, livssynshumanistar, buddhistar, hinduar og jødar. Ved å møte forteljingar frå kvardagslivet, bønn, ritual og levereglar lærer elevane mellom anna om viktige kjenneteikn ved ulike religionar og livssyn. Den tematiske struktureringa gjer at elevane møter alle religionar og livssyn som læreplanen omfattar, på kvart årstrinn. Ved at kunnskapsstoffet er tematisert, er intensjonen frå Kunnskapsløftet følgd opp på ein god måte. Det støttar ideen om at faget skal samle alle elevar, fungere som møteplass og fremje dialog på tvers av religionar og livssyn. I somme klasser er det kanskje elevar med eit livssyn eller ein religion som ikkje blir nemnd direkte i boka. Da er det fint om læraren sjølv set seg inn i kva denne eleven eller desse elevane trur på, og presenterer noko av dette stoffet for klassa. I samtale med eleven og dei føresette til eleven vil læraren sjå kva som er det mest naturlege å gjere.

Piktogram Eit viktig hjelpemiddel som gjer det lettare å sortere kunnskapsstoffet, er piktogramma, som er eit gjennomgåande element i heile Inn i livet-serien. Kvart piktogram består av eit sentralt symbol frå den aktuelle tradisjonen, utført i ein bestemt farge. Alle piktogramma er trykte på alle sider i elevboka som tek for seg ein eller fleire religionar eller livssyn. Piktogrammet for den aktuelle tradisjonen er visuelt utheva, slik at koplinga mellom lærestoff og tradisjon blir tydeleg. Rekkjefølgja på piktogramma frå venstre til høgre avspeglar oppslutninga om ulike religionar og livssyn i Noreg i dag: Kristendommen med flest registrerte medlemmer står først, mens jødedommen med færrast registrerte medlemmer står til slutt.

6 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 6

28-09-11 12:02:39


Kristendom: Krossen er hovudsymbolet i kristendommen. Den tomme krossen symboliserer Kristi oppstode og er mest vanleg innanfor protestantisk kristendom. Krusifikset, krossen med den lidande Jesus, symboliserer Jesu krossfesting og død. Det er mest vanleg innanfor den ortodokse og romersk-katolske kyrkja. Islam: Halvmånen og stjerna er eit symbol som ofte blir brukt for å representere islam. Halvmånen og stjerna er ikkje eit heilagt symbol. Verken Muhammed eller andre tidlege muslimske leiarar brukte desse figurane som symbol for islam. Mange meiner at halvmånen og stjerna først kom i bruk som eit symbol for islam under det osmanske riket. Humanismen: «Happy Human» er eit symbol som blir brukt av humanetikarar verda over. Symbolet kan tolkast som eit menneske som strekkjer hendene i vêret i rein lykke og fridom, og som på den måten jublar over livet. Det kan i tillegg sjåast som ein stor H – for humanismen – som omsluttar jordkloden (sirkelen eller ballen mellom dei to øvste strekane). Sjølve symbolet kjem frå England, og i 1966 vedtok Human-Etisk Forbund at det skulle vere merke og symbol for denne organisasjonen.

Arbeidsmåtar Arbeidsmåtane i Inn i livet er på fleire plan direkte i samsvar med læreplanen. Arbeidsmåtane står i samsvar med formålet med faget: Dei lèt elevane trene på dei grunnleggjande ferdigheitene, og dei legg til rette for at elevane gjennom undervisninga kan nå dei ulike kompetansemåla. Religion, livssyn og etikk er ikkje berre eit kunnskapsfag. Det skal også trene elevane i ulike ferdigheiter, fremje bestemte haldningar og fungere som møteplass for elevar som hører til ulike religionar og livssyn. Faget skal etter intensjonen medverke til å skape forståing og kjennskap til ulike religionar og livssyn, også i dei klassene der det ikkje er eit stort mangfald av ulike religionar representert. Inn i livet legg derfor opp til undervisning med varierte og engasjerande arbeidsmåtar. Her i Ressursbok for læraren vil du finne forklaringar, konkrete læringsmål og bakgrunnsmateriale til dei einskilde oppslaga og oppgåvene i elevboka. Du vil finne oppgåver med ulik vanskegrad, oppgåver som er tilpassa kvar einskild elev og lokale forhold, og fasit og fasitforslag til dei ulike oppgåvene. I elevboka er ulike oppgåvetypar markerte med små, standardiserte ikon som viser tydeleg for elevane kva slags arbeid som er venta av dei. Det er ein klar samanheng mellom desse oppgåvetypane og fleire av dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen.

Buddhismen: Hjulet er eit utbreidd symbol innanfor buddhismen. Hjulet med dei åtte eikene blir kalla lærehjulet og symboliserer Buddha si lære. Dei åtte eikene symboliserer den åttedelte vegen, som er vegen til frelse innanfor buddhismen. Skrive og snakke

Hinduismen: Lyden om er det viktigaste mantraet i hinduismen. Eit mantra er ein heilag lyd eller eit heilagt ord med mykje kraft. Om symboliserer Brahman, verdssjela. Det er den evige lyden som hinduar alltid seier eller syng før og etter bønn. Om kan seiast, syngjast, mumlast eller skrivast på det indiske språket sanskrit, slik som her. Jødedommen: Davidsstjerna er eit utbreidd symbol for jødedom. Somme meiner at davidsstjerna illustrerer symbolet på skjoldet til kong David. Andre meiner at den øvste trekanten peikar opp mot Gud, mens den nedste peikar mot menneskeverda.

Dramatisere

La oss tenkje saman

Læreplanen seier at undervisninga «skal stimulere til allsidig dannelse og gi rom for undring og refleksjon». For å komme læreplanen i møte blir den filosofiske samtalen brukt som metode i Inn i livet. Her blir det lagt opp til at elevane skal undre og forundre seg sjølvstendig og saman, som deltakarar i eit tenkjande fellesskap. Den filosofiske metoden er det gjort greie for i eit eige punkt på side 9.

Eit tips til læraren er å hengje piktogrammet for den religionen eller det livssynet ein arbeider med, opp på tavla i kvar time. Læraren kan gjerne ha alle piktogramma hengande oppe på veggen i klasserommet, og ta ned det piktogrammet som gjeld for det elevane skal lære om i kvar time.

7 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 7

28-09-11 12:02:40


Fritak i RLE Faget skal normalt samle alle elevane, og undervisninga bør derfor ikkje føre til eit omfattande fritaksbehov. Faget skal vere ope, bidra til innsikt, respekt og dialog og fremje forståing og toleranse i spørsmål om religion og livssyn. Samtidig skal faget gi kunnskap om religionar og livssyn både som tradisjon og som aktuelle kjelder til tru, etikk og livstolking. Inn i livet legg opp til bruk av arbeidsmåtar som tek vare på og respekterer særpreg og mangfald i religionar og livssyn på ein fagleg og kunnskapsbasert måte. Både opplæringslova og læreplanen peikar på at det ikkje skal vere forkynning eller religionsutøving i undervisninga. Likevel kan det vere tilfelle der elevar eller føresette opplever delar av undervisninga som utøving eller tilslutning til ein religion eller eit livssyn, eller som støytande eller krenkjande. I slike tilfelle har dei føresette rett til å krevje fritak frå den aktuelle aktiviteten (jf. opplæringslova § 2–3a.) Merk at eventuelle fritaksmeldingar ikkje krev grunngiving. Det er berre aktivitetar og undervisningsformer ein kan få fritak frå. Det er ikkje høve til å få fritak frå heile faget eller frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i læreplanmåla. Dersom eleven får fritak frå delar av undervisninga, skal skolen leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen. Fritaksreglementet gjeld dessutan for undervisninga i alle fag, ikkje berre for RLE. Læreplanen krev at det «utøves varsomhet ved valg av arbeidsmåter. Spesielt gjelder varsomheten arbeidsmåter som foresatte og elever ut fra egen religion eller eget livssyn kan oppleve som utøvelse av annen religion eller tilslutning til annet livssyn». Å syngje ein salme eller seie fram ei bønn, eit mantra eller liknande er eksempel på arbeidsmetodar som kan oppfattast som religionsutøving eller som tilslutning til ein religion eller eit livssyn. Slike aktivitetar kan ein derfor få fritak frå. Lærestoffet må da tileignast på ein annan måte. Eleven bør på ingen måte kjenne seg annleis eller utelaten. Dersom foreldra til ein elev i ei klasse for eksempel ikkje ønskjer at eleven skal syngje religiøse songar, kan det vere lurt at læraren seier at klassa skal lytte til songane på CD-ane til Inn i livet. Det viktigaste er å ta omsyn til elevane og deira føresette. I tilfelle der dette omsynet inneber utfordringar, er det ei oppgåve for læraren, saman med dei føresette, å tenkje kreativt for å finne ei god løysing. Det er aldri ei god løysing å la einskildelevar kjenne seg annleis eller tilsidesette. Både i jødedom og islam er det biletforbod, men forbodet blir praktisert ulikt, også innanfor kvar av religionane. I kor stor grad dette forbodet får konsekvensar for kva elevane kan teikne, varierer. Men i praksis kan det innebere at somme elevar ikkje ønskjer å teikne Gud, englar, heilage personar eller profetar. Eit slikt ønske er det teke omsyn til i utforminga av oppgåvene, først og

fremst under arbeidet med desse to religionane. Også framstilling gjennom dramatisering er omfatta av biletforbodet. Fleire av profetane i islam er felles for islam, jødedom og kristendom. Biletforbodet kan derfor bli gjeldande i samband med teikning, forming og dramatisering av bibelforteljingar. Dialog med heimane er viktig for å få ei forståing av kva tilretteleggingar som bør gjerast i kvar einskild klasse. Når det gjeld ekskursjonar, bør det skiljast mellom deltaking og observasjon. Å besøkje ein synagoge for å få ei omvising vil normalt vere meir prega av observasjon enn av deltaking. Å ta del i ei gudsteneste under eit kyrkjebesøk er eit eksempel på det motsette. I tråd med læreplanen legg Inn i livet opp til arbeidsmåtar som ligg nærmare observasjon enn deltaking, for å unngå forkynning og religionsutøving i undervisninga. Praktiseringa av fritaksreglementet er ikkje berre avhengig av god tilrettelegging i skolebokverket. Det største ansvaret ligg på skolen og heimane. Skolen skal etter læreplanen sørgje for å gi god informasjon om korleis undervisninga er planlagd gjennomført. Heimane har på si side eit ansvar for å halde seg oppdaterte og eventuelt melde frå om fritaksbehov. Med god kommunikasjon mellom skole og heim, og med eit skolebokverk som kjem fritaksspørsmåla i møte, bør undervisninga kunne drivast slik at alle elevar kjenner seg igjen i faget, uavhengig av at somme har eit fritaksbehov.

8 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 8

28-09-11 12:02:40


Filosofisk metode Den filosofiske samtalen Barn prøver å finne ut korleis ting i verda heng saman, og derfor stiller dei ofte mange og vanskelege spørsmål. Den amerikanske filosofen John Dewey sa at barna sjølve må prøve å finne svara ved å prøve ut ting på eiga hand. Læraren bør derfor prøve å hjelpe barna til å tenkje sjølve. Denne metodiske tilnærminga blir kalla den filosofiske samtalen. Metodikken ber med seg arven frå den sokratiske samtalen. I Inn i livet kallar vi den filosofiske samtalen «La oss tenkje saman», og samtalen blir markert med eit eige ikon.

På 3. årstrinn kan vi etter kvart stille strengare krav til gode grunngivingar og resonnement enn vi kunne gjere på dei lågaste årstrinna. Læraren bør derfor differensiere tenkjeøvingane ut frå kor modne elevane er. For læraren er det viktig å vere både tolmodig og dristig. Å arbeide opp forståing for filosofiske samtalar krev tid og modning. Vi kan seie at tenkjeøvingane har to hovudformål. For det første skal elevane utvikle evna til å tenkje sjølvstendig, og for det andre skal dei lære seg å tenkje saman i eit undersøkjande fellesskap. Ein føresetnad for å skape eit slikt undersøkjande fellesskap er at elevane kjenner seg trygge i gruppa. Dei må oppleve at dei er med i eit fellesskap som saman skal finne svar på filosofiske spørsmål. Ved sida av desse måla medverkar den filosofiske samtalen til å utvikle grunnleggjande munnleg ferdigheit.

Strukturen i den filosofiske samtalen Filosofiske spørsmål har ingen eintydige og enkle svar, og læraren må fortelje elevane at det ikkje finst nokon fasit til desse spørsmåla. Det er likevel ikkje slik at det eine svaret er like godt som det andre. Elevane må utvikle ei forståing for at det finst svar som er betre enn andre svar, nemleg dei svara som har dei beste grunngivingane. Utan denne premissen blir filosofiske samtalar lett meiningslause. Det er derfor vesentleg i filosofiske samtalar at elevane finn fram til gode spørsmål, grunngivingar og svar i fellesskap. Den filosofiske samtalen tek opp allmenne problemstillingar, og det er derfor eit poeng å unngå private problemstillingar som ikkje har interesse for fleire.

La oss tenkje saman Den filosofiske samtalen er ein metode. Det inneber at læraren må etablere reglar og ein struktur for korleis samtalen skal gå føre seg, og tydeleggjere dei rollene lærar og elev har når dei held på med denne aktiviteten. Med jamlege øvingar i filosofisk samtale vil elevane bli vande med reglane og samtalestrukturen. Læraren spelar ei viktig rolle i desse tenkjeøvingane. Ein bør unngå å komme med eigne forslag, jamvel om det iblant kan vere vanskeleg. Meiningane til læraren har stor innverknad i klassa, og elevar vil ofte prøve å finne ut kva læraren meiner. Dersom læraren tydeleg signaliserer eigne meiningar, vil elevane gjerne oppfatte desse meiningane som dei «rette», noko som kan setje grenser for deira eigen tankeprosess. Læraren må gå inn for å drive samtalen framover, og samtidig hindre at samtalestunda berre blir ei pratestund. På neste side står forslag til spørsmål som læraren kan bruke for å skape utvikling i samtalen.

«La oss tenkje saman»-øvingane bør i prinsippet følgje ein fast struktur, slik at ein unngår at samtalane flyt ut. Det vil seie at læraren må gå inn for å halde dei filosofiske samtalane innanfor faste rammer. Elevane bør helst sitje i ein ring, slik at alle kan sjå ansikta til kvarandre. 1) Oppvarming og fokusering Ei økt med filosofisk samtale begynner med ei oppvarmingsøving, tilpassa etter kva årstrinn elevane er på, kor godt dei kjenner kvarandre og kor trena dei er i filosofiske samtalar. Det finst forslag til oppvarmingsøvingar på neste side. Oppvarminga bør avsluttast med ei fokuser­ ing, slik at elevane er klare til å begynne på den filosofiske samtalen. Å minne om reglane for filosofiske samtalar er ein god måte å fokusere på.

Nokre grunnleggjande ­reglar for filosofiske samtalar:­ • • • •

Vi lyttar til kvarandre. Vi tenkjer igjennom det andre seier. Vi respekterer kvarandre. Det finst ikkje enkle svar på spørsmåla.

2) Hending Tenkjeøvingane begynner med ei felles hending knytt til eit aktuelt kompetansemål. Hendinga kan vere ei forteljing, eit bilete, ein aktivitetsleik eller ein påstand. Den enklaste måten å gjennomføre tenkjeøvingane på er at læraren les opp påstandar eller spørsmål som elevane skal ta stilling til.

9 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 9

28-09-11 12:02:41


3) Tenkjepause Hugs å gi elevane ein kort tenkjepause før dei begynner å formulere påstandar, svar eller spørsmål. 4) Samtale Læraren set i gang samtalen ved å vende seg til elevane med ein påstand eller eit spørsmål. Turtaking og struktur er det læraren som bestemmer. Ein stein, ein ertepose eller ei klinkekule kan brukast som hjelpemiddel til å halde styr på samtalen. Ein kan for eksempel ha som regel at det berre er den som held steinen, erteposen eller klinkekula, som får snakke. Læraren kan bruke ulike spørsmål for å hjelpe elevane til å formulere resonnement og argument.

Hjelpespørsmål som ­læraren kan stille ­undervegs i samtalen:

• • • • •

Kvifor trur du det er slik? Prøv å gi nokre eksempel. Forklar kvifor du er einig eller ueinig. Prøv om du kan forklare det på ein annan måte. Kven vil hjelpe til med å forklare dette med andre ord?

Undervegs i samtalen må elevane ta standpunkt til påstandar. Dei kan markere standpunktet sitt for eksempel ved at dei som er einige, reiser seg eller rekkjer opp handa, held hendene på hovudet eller strekkjer ut ein fot. Slik får elevane vist kva dei meiner, jamvel i store grupper. Det kan vere vanskeleg for elevane å ta eit tydeleg standpunkt, men det er ein føresetnad for den filosofiske samtalen. Elevane skal både øve opp evna til å ta stilling, og dei skal utvikle ferdigheitene å lytte, å grunngi og å prøve ut ulike standpunkt i eit fellesskap. Det er ikkje eit nederlag for elevane å skifte standpunkt undervegs i samtalen. I den filosofiske samtalen er det viktigaste ikkje å vinne diskusjonen, men å få fram ulike meiningar med grunngivingar. Læraren kan be elevane om å ta stilling fleire gonger under samtalen. Læraren kan bruke hjelpespørsmål som: Kva synest du om dette? Synest du at det er rett eller gale? Er du einig eller ueinig? 5) Avrunding I avrundinga får elevane høve til å seie noko om øvinga. Hugs å gi dei ein kort tenkjepause før dei får seie noko. Spørsmål som læraren kan stille, er for eksempel: • Kva lærte du? • Kva hadde du ikkje tenkt på tidlegare? • Kva var det du undra deg over, kva var det du syntest var rart, morosamt, spennande eller interessant?

Elevane kan oppleve den filosofiske samtalen ulikt, og det er ikkje sikkert at alle får det same læringsutbyttet av samtalane. Det kan hende at elevane opplever ulike ting som viktige i samtalen, og derfor bør ikkje læraren prøve å trekkje ein felles konklusjon etter avrundinga. Ein felles konklusjon fangar kanskje opp ein del synspunkt, men vil også utelukke andre synspunkt, og kan på den måten fungere ekskluderande.

Leikar og oppvarmingsøvingar Leikar og øvingar kan ein bruke til å variere undervisninga eller som oppvarming før filosofisk samtale. Ved val av oppvarmingsøving bør læraren vurdere kor trygge elevane er på kvarandre, og kor godt dei kjenner arbeidsmetoden. Songleikar som «Per sjuspring», rytme- og hermeleikar eller enkle dramaøvingar passar godt som oppvarmingsøvingar. Kviskreleiken Elevane sit i ein ring. Ein elev eller læraren set leiken i gang ved å finne på eit ord som han eller ho kviskrar i øyret til personen til venstre for seg. Denne eleven kviskrar det vidare til sidemannen sin, og slik held leiken fram til den siste i ringen. Den siste seier høgt det han eller ho hørte. Den som sette leiken i gang, fortel så kva det var han eller ho kviskra. Kva har skjedd med ordet på vegen? Vanskegraden kan eventuelt aukast ved at ein skal kviskre ei heil setning. Mitt skip er lasta med Alle sit i ein ring. Ein av elevane eller læraren held ein ertepose eller liknande i hendene og opnar med å seie: «Mitt skip er lasta med» + ein bokstav, for eksempel: «Mitt skip er lasta med K.» Erteposen blir kasta til ein annan i ringen. Denne personen må følgje opp med å seie eit ord som begynner på K, før han eller ho kastar erteposen vidare. Leiken går heilt til ein ikkje finn på fleire ting på K. Da vel læraren ein ny bokstav. Ein variasjon er å bruke ulike kategoriar i staden for bokstavar, for eksempel «Mitt skip er lasta med dyr», «Mitt skip er lasta med land», «Mitt skip er lasta med fargar» eller «Mitt skip er lasta med religionar». Da må elevane finne svar som passar inn i kategoriane. Ta standpunkt! Denne leiken trenar elevane i å ta standpunkt. Det er viktig at leiken går raskt, og at påstandane eller spørsmåla som blir brukte, ikkje blir opplevde som alvorlege og seriøse. Læraren eller ein elev opnar med å seie ein påstand eller eit enkelt spørsmål, for eksempel: «Kattar er betre enn hundar.» Elevane har fem sekund på seg til å ta standpunkt. Læraren tel: «Tusenogein, tusenogto, tusenogtre, tusenogfire, tusenogfem – ta standpunkt!» Elevane viser med avtalt teikn om dei er einige eller

10 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 10

28-09-11 12:02:41


ueinige i påstanden. Teiknet kan for eksempel vere at dei reiser seg eller set seg på huk, rekkjer opp ei hand eller strekkjer ut ein fot, eller at dei stiller seg ved vindauget eller ved tavla. Så held læraren eller eleven fram med neste påstand eller spørsmål.

Litteraturtips Brenifier O. Bare spør! Metoder for samtale i klasserommet. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 2004. Børresen B, Malmhester B. La barna filosofere. ­Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2003. Haglund L. Att tänka noga. Stockholm: Tiden, 2001. Lipman M, Sharp AM, Oscanyan FS. Philosophy in the Classroom. Philadelphia: Temple University Press, 1980. Matthews GB. Philosophy and the Young Child. Cambridge MA: Harvard University Press, 1980.

Oppskriftsark – den filosofiske samtalen 1. Oppvarming og fokusering • Oppvarmingsleik • Fokusering 2. Hending Påstand, spørsmål, bilete, problemstilling, forteljing eller liknande.

5. Tenkjepause og avrunding Hjelpespørsmål: • Kva lærte du? • Kva hadde du ikkje tenkt på tidlegare? • Kva var det du undra deg over? • Kva var det du syntest var rart, morosamt, spennande eller interessant?

3. Tenkjepause 4. Samtale Læraren passar på at alle får taletid, at samtalen held seg innanfor rammene, og at samtalen utviklar seg. Læraren kan undervegs be elevane om å ta stilling til påstandar som kjem. Læraren kan også stille spørsmål for å dra samtalen vidare. Hjelpespørsmål undervegs: • Kvifor trur du det er slik? • Kan du gi nokre eksempel? • Er du einig eller ueinig? Forklar. • Kan du prøve å forklare det på ein annan måte? • Kven vil hjelpe til med å forklare dette med andre ord?

Reglar for den ­filosofiske samtalen: • • • • •

Vi lyttar til kvarandre. Vi tenkjer igjennom det andre seier. Vi respekterer kvarandre. Det finst ikkje enkle svar på spørsmåla. Vi gir ein grunn for det vi seier.

11 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 11

28-09-11 12:02:41


Arbeid med bilete i RLE I Inn i livet er det eit rikt og variert utval av bilete av ulike typar. Dei kan delast inn i tre hovudkategoriar: illustrasjonar, kunstbilete og fotografi. Tanken er at bileta kan fungere som utgangspunkt for samtale rundt ulike tema. Under følgjer nokre forslag til spørsmål som læraren kan bruke for å skape konsentrasjon i samtalane og drive dei framover. Ein del av bileta i elevboka er med som faksimile her i Ressursbok for læraren. Ulike symbol og element på biletet er markerte og skildra ved sida av faksimilen. 1. Assosiasjonar: a) Kva tenkjer du på når du ser biletet? (Fri assosiasjon er viktig. Læraren tek tak i dei relevante assosiasjonane for å føre samtalen vidare i ønskt retning.) b) Korleis opplever du stemninga i biletet? Forklar. c) Hører biletet heime i ein bestemt religion eller eit livssyn? Forklar. 2. Beskrive innhald: a) Kva ser du på biletet? b) Kjenner du igjen personar, hendingar eller ei historie? 3. Symbolikk: a) Ser du symbol (eitt eller fleire) på biletet? b) Ser du ting på biletet som tyder noko spesielt? I så fall: – Kva tyder det du ser? – Kven bruker det? – Kva blir det brukt til? 4. Form: a) Kva slags bilete er det (illustrasjon, kunstbilete, fotografi)? b) Korleis trur du biletet er laga? c) Kor gammalt trur du biletet er? d) Kva fargar er brukte i biletet? 5. Fakta: a) Kven har laga biletet? b) Når blei biletet laga?

Arbeid med musikk i RLE Tankane elevane gjer seg omkring musikk, har eigenverdi. Verken læraren eller elevboka kan gi fasitsvar. I arbeidet med musikk bør ein derfor begynne med oppgåver som tek utgangspunkt i tankane til elevane. Deretter kan læraren gå vidare til meir faktaorienterte spørsmål om innhald, funksjon og form. Spørsmåla under kan vere til nytte i arbeidet med musikk i RLE-faget. For å gi elevane eit utgangspunkt kan læraren stille spørsmål 1a og 1b før elevane lyttar til musikken. 1. Assosiasjonar: a) Kva tenkjer du når du hører denne musikken? (Fri assosiasjon er viktig. Læraren tek tak i dei relevante assosiasjonane for å føre samtalen vidare i ønskt retning.) b) Korleis opplever du stemninga i musikken? Forklar. c) Verkar musikken alvorleg, trist eller glad? d) Synest du musikken er rask eller langsam? 2. Innhald og funksjon: a) Er det noko ved denne musikken som gjer at du trur han har med religion eller livssyn å gjere? b) Kva for ein religion eller kva for eit livssyn trur du denne musikken hører saman med? c) Kva blir denne musikken brukt til? (Stikkord: bønn, meditasjon eller lovsong.) 3. Til songar og salmar: a) Kjenner du igjen hendingar, ord eller namn i teksten? b) Kva handlar teksten om? 4. Form: a) Kva instrument kan du høre? b) Kvar trur du denne musikken kjem frå? c) Kor gammal trur du denne musikken er? Elevane kan gjerne teikne nonfigurativt mens dei lyttar til musikken. Etter lytteøving og samtale om musikken kan dei arbeide vidare med teksten, ritualet, bygningen og religionen/livssynet som musikken er henta frå.

Litteraturtips Artikkelen «Metodisk arbeid med religionenes musikk i KRL» av Geir Winje finst på nettstaden www.aages.net/rlnett/.

12 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 12

28-09-11 12:02:41


Arbeid med drama i RLE Drama som arbeidsmåte bør vere eit gjennomtenkt val, både når det gjeld kva slags forteljingar og situasjonar som eignar seg til dramatisering, og ut frå korleis elevgruppa er samansett. Til kvart kapittel i elevboka finst det konkrete forslag til dramatiseringsoppgåver her i ressursboka. Dei står under overskrifta «Oppgåver/ aktivitetar». Dramatisering og rollespel omfattar fleire aktivitetsformer. Her presenterer vi kort fire ulike aktivitetar som blir brukte i forslaga til dramaoppgåver.

Litteraturtips Heggstad KM. 7 veier til drama. Grunnbok i drama­ pedagogikk for lærere i barnehage og småskole. Oslo: Fagbokforlaget, 2003. Lindqvist G. Lekens muligheter. Oslo: Ad Notam Gyldendal, 1997. Sæbø AB. Drama i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget, 2003. Sæbø AB. Drama – et kunstfag. Den kunstfaglige dramaprosessen i undervisning, læring og erkjennelse. Oslo: Tano Aschehoug, 1998.

Stillbilete Å lage eit stillbilete går ut på at elevane står heilt i ro som eit frysbilete eller ein statue. Stillbiletet skal illustrere eit tema eller ein situasjon. I eit stillbilete er det alltid fleire rollefigurar. Både ansiktsuttrykk, positur og plassering i rommet er viktig i arbeidet. Ei gruppe utarbeider eit stillbilete. Medelevane tolkar stillbiletet.

Talekor I eit talekor får einskildelevar eller grupper av elevar tildelt kvar sin tekst eller del av ein tekst. Ein kan for eksempel la jentene lese somme delar av teksten, mens gutane les andre. Solistar kan gjerne få som oppgåve å lese opp tittelen og andre tekstbrokkar. Læraren instruerer elevane i stemmebruk (for eksempel: kviskrande, ropande, gledefylt, trist, mekanisk eller lattermild stemme).

Mime Når elevane mimar, blir dei bevisste om kroppsspråket sitt, og kunnskapen blir kroppsleggjord. Ved å mime opplever elevane ei historie på ein annan måte enn dei gjer ved lesing og lytting. Når dei mimar hendingar, personar og forteljingar, hugsar dei dei kanskje betre enn om dei berre hadde lytta til dei.

Hørespel Å lage eit hørespel krev både planlegging og teknisk utstyr. Det er derfor veleigna som eit prosjektarbeid. Elevane er aktivt med i planlegginga. Manus til hørespelet må lagast før sjølve prøvefasen og innspelinga. I radioteater er lydrekvisittar svært viktige: Å klemme på ein pose potetmjøl kan for eksempel illudere lyden av å gå i kram snø.

13 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 13

28-09-11 12:02:41


Arbeid med forteljingar i RLE Ved å arbeide med dei sentrale forteljingane i ein religion eller forteljingar knytte til eit livssyn får elevane ei oppleving av kva denne religionen eller dette livssynet dreiar seg om. Kristne forteljingar er for eksempel eit uttrykk for kristen tru og kan seie noko om kva det vil seie å vere kristen. Ramma, den narrative forma, kan elevane kjenne seg igjen i. I forteljingane i religionane finst mange allmennmenneskelege tema, eller dei formidlar fellesmenneskelege kjensler og opplevingar som elevane kan kjenne seg igjen i. Slik kan ukjent stoff formidlast på ein måte som er kjend. Forteljingar kan få fram likskapar og skilnader og er også eit godt utgangspunkt for samtale og dialog i RLE. Spørsmåla under kan vere til nytte i samtalar om forteljingar. Dei føreset at læraren presenterer forteljinga på ein open måte og lèt elevane utforske forteljinga og kva ho handlar om. Lista med spørsmål er ikkje uttømmande, og det er ikkje meininga at klassa skal svare på spørsmåla i ei bestemt rekkjefølgje. Det som elevane tek tak i, både det dei kjenner igjen (det allmennmenneskelege) og det som vekkjer undring fordi det er rart, annleis, vakkert osv., kan gi læraren eit utgangspunkt for formidling av kunnskapsstoffet om religionar eller livssyn i samband med forteljinga.

Litteraturtips Halldis Breidlid og Tove Nicolaisen har laga ein modell for arbeid med forteljingar i RLE. Modellen tek utgangspunkt i tre dimensjonar: den allmenn­ menneskelege, den religiøse og den religionsspesifikke. Breidlid H, Nicolaisen T. På skattejakt i fortellings­ universet. Fortelling i religionene. Bergen: Fagbok­ forlaget, 2007.

Forløp og struktur • Kva handlar forteljinga om? • Kven handlar forteljinga om? • Korleis begynner forteljinga? • Korleis sluttar forteljinga? • Kva er høgdepunktet i forteljinga? • Kva tid er handlinga i forteljinga frå? • Kven fortel forteljinga?

Gjenkjenning og undring • Korleis vil du beskrive forteljinga? (Er ho skummel, spennande, morosam, trist, rar …?) • Kvifor vil du beskrive forteljinga slik? • Kvifor trur du xxx (nemn ein person i forteljinga) handla slik? • Kva kjensle trur du denne personen hadde da? • Har du opplevd noko eller hørt om noko som liknar på dette? • Kjenner du til ei forteljing som liknar på denne?

14 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 14

28-09-11 12:02:42


Vurderingsskjema

Årsplan Inn i livet 3

Vi har laga eit vurderingsskjema for kvart halvår – sjå kopioriginal 27 og 28. Dersom læraren ønskjer å bruke dei, er tanken at elev og lærar saman skal vurdere inn­ satsen til eleven ut frå ein del utvalde mål. Vurderingsskjemaet blir gjennomgått med dei føresette ein gong per halvår. Det er eit skjema der eleven sjølv må skrive inn ei eigenvurdering, i tillegg til den som læraren skriv inn. Læraren må sjølv finne stad og tid for når det passar å fylle ut vurderingsskjemaet. Eit godt alternativ til det ferdigformulerte vurderings­ skjemaet er å la elevane vere med på å formulere spørsmål til ei oppsummerande prøve. Da fungerer prøva i større grad som repetisjonsarbeid i tillegg til å vere eit reint vurderingsverktøy. Fordel ansvaret for dei ulike delkapitla eller sidene mellom elevane. Samle alle spørsmåla. Lag fasit saman med elevane. Fastset i fellesskap kor mange poeng kvart spørsmål kan gi, og kva som skal til for å oppnå maksimal poengsum. Elevane bruker spørsmålslista og fasiten til å øve seg og til å høre kvarandre. Læraren vel så ut nokre av spørsmåla som skal brukast under prøva.

Elevbøkene til Inn i livet er organiserte med tanke på at dei skal kunne følgje ein årsplan (sjå neste side). Det vil seie at ein følgjer strukturen til elevboka gjennom året. Årsplanen gir forslag til korleis stoffet kan disponerast i tid, men opnar samtidig for at læraren kan gjere individuelle og lokale tilpassingar. Det kan også vere aktuelt å kople årsplanen opp mot den religiøse høgtidskalenderen som finst på nettressursen til Inn i livet: http://innilivet. samlaget.no. Årsplanen viser kva kompetansemål det blir trena på i dei ulike delane av elevboka. Her står kompetansemåla slik dei er framstilte i læreplanen. På kvart einskilt oppslag i lærarressursen er kompetansemåla brotne meir ned. Årsplanen er delt inn i kor mange veker elevane har på skolen. Det er ikkje ført opp vekenummer, som vil variere frå år til år på grunn av feriar og merkedagar. Sidetala i planen viser til sidene i elevboka.

15 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 15

28-09-11 12:02:42


Årsplan

HAUST Tidsbruk, Tema i Inn i livet 3 veker

Kompetansemål

1 Kapittel 1: Familieskikkar (s. 6–9) - Samtale om familieskikkar i kvardagen på Filosofi og etikk tvers av religionar og livssyn. 3 Levereglar i kvardagen - Føre ein enkel dialog om samvit, etiske (s. 10–17) levereglar og verdiar. - Samtale om respekt og toleranse og motverke mobbing i praksis. 2 Rettane til barn (s. 18–20) - Bruke FNs barnekonvensjon for å forstå rettane til barn og forstå likeverd og kunne finne eksempel i media og ved bruk av Internett. 1 Kapittel 2 Bønn (s. 22–23) - Fortelje om innhaldet i sentrale tekstar Kristendom i kvardagen frå 1. Mosebok i Det gamle testamentet 1 Barnekor og salmar - Samtale om kristendom og korleis religiøs (s. 21, 24–25) praksis kjem til uttrykk gjennom levereglar, bønn og gudsteneste 2 Forteljingar om skapinga - Kjenne til kristen salmetradisjon og og dei første menneska eit utval songar, også samiske (s. 26–31) - Kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til kristendommen 2 Søndag og levereglar (s. 32–35) 1 Kapittel 3: Ismael ber (s. 36–37) - Samtale om islam og korleis religiøs praksis Islam i kvardagen kjem til uttrykk gjennom levereglar, 2 Bønn og bønneteppet bønn og matreglar. (s. 38–42) - Kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til islam. 1 Levereglar og matreglar (s. 43–44) 1

Kapittel 4: Tanken er fri (s. 45–47) - Samtale om korleis livssynshumanisme Livssynshumanisme kjem til uttrykk gjennom levereglar. i kvardagen

Til saman 17 veker

16 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 16

28-09-11 12:02:42


VÅR T idsbruk, veker

Tema i Inn i livet 3

Kompetansemål

2 (framh.) Kapittel 4: Levereglar (s. 48–50 og 52) - Samtale om korleis livssynshumanisme Livssynshumanisme kjem til uttrykk gjennom levereglar. i kvardagen 1 Kunst i - Kjenne igjen kunst og gjere bruk av livssynshumanismen (s. 51) estetiske uttrykk knytte til humanisme. 1 Kapittel 5: Buddha (s. 53–54) - Samtale om buddhismen og korleis religiøs Buddhisme i kvardagen praksis kjem til uttrykk gjennom 1 I tempelet (s. 55–57) levereglar, bønner og meditasjon. - Gjenkjenne kunst og gjøre bruk av estetiske 2 Levereglar (s. 58–61) uttrykk knyttet til buddhismen. 2 Kapittel 6: Puja (s. 62–65) - Samtale om hinduismen og hvordan religiøs Hinduisme i kvardagen praksis kommer til uttrykk gjennom 2 Levereglar og matreglar leveregler, puja og matregler. (s. 66–70) - Kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til buddhismen. 1 Kapittel 7: Sabbat (s. 71–73) - Samtale om jødedom og korleis religiøs Jødedom i kvardagen praksis kjem til uttrykk gjennom 1 Bønn (s. 74–75) levereglar, bønn, matreglar og høgtider. - Kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske 2 Levereglar og matreglar uttrykk knytte til jødedommen. (s. 76–79) 1 Kapittel 8: Forteljingar frå dei to første - Fortelje om innhaldet Forteljingar frå Bibelen bøkene i Bibelen (s. 80–81) i sentrale tekstar frå 1. Mosebok i Det gamle testamente 1 Tårnet i Babel (s. 82–83) - Kjenne til kristen salmetradisjon og eit utval songar, også samiske 3 Sara, Abraham, Isak - Kjenne igjen kunst og gjere bruk og Josef (s. 84–91) av estetiske uttrykk knytte til kristendommen

2

Spel: Kappløp

Til saman 22 veker

17 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 17

28-09-11 12:02:42


Mål

• Elevane skal kunne samtale om familieskikkar i kvardagen på tvers av religionar og livssyn. • Elevane skal kunne bruke FNs barnekonvensjon for å forstå rettane til barn og likeverd og kunne finne eksempel i media og ved bruk av Internett. • Elevane skal kunne føre ein enkel dialog om etiske levereglar. • Elevane skal kunne samtale om respekt og toleranse og motverke mobbing i praksis.

KapIttel

Tips til læraren

Astrid Lindgren: Pippi flytter inn. Oslo: Damm, 1945. Her står mellom anna «Pippi feirer fødselsdag». Tommy og Annika er vande med visse skikkar i samband med bursdagsfeiring, og med reglar for korleis ein oppfører seg, men Pippi lagar sine eigne skikkar og reglar.

1

Filosofi og etikk I dette kapittelet skal du lære om: ➔

familieskikkar

levereglar

rettane til barn

Adrian ligg i senga og får ikkje sove. Han gler seg slik til i morgon tidleg! Da blir han åtte år. Han veit at mamma, pappa og Maiken kjem og vekkjer han tidleg. Da har dei med nybakte bollar og gåver.

Bakgrunn

Familie Familieskikkar er knytte til det fellesskapet som familien utgjer. Det er likevel ikkje eintydig kva ein familie kan vere for ulike elevar. Det er viktig å normalisere ulike familieformer, og å vere merksam på at ikkje alle elevar opplever familien eller heimen like positivt. Somme elevar har heimen sin i ein omsorgsinstitusjon eller bur hos ein fosterfamilie. I slike høve har fellesskapet som er knytt til heimen, funksjon som ein familie. Bursdag som eksempel på ein familieskikk Ikkje alle familiar har spesielle skikkar i kvardagen, men dei fleste familiar har ein eller fleire familieskikkar, det vil seie noko dei gjer på same måten kvar gong. Eit eksempel som kanskje er felles for fleire familiar, er skikkar knytte til bursdagar. Somme elevar er kanskje vande med å få bursdagssong eller gåver om morgonen på bursdagen. Andre kan ha andre skikkar knytte til bursdagen sin. Når dagen blir markert på ein spesiell måte som er lik frå år til år, kan det vere med på å styrkje samhaldet og kjensla av å høre til i eit lite fellesskap – «slik gjer vi det hos oss». I ein kultur eller i eit samfunn går mange slike tradisjonar på tvers av religionar og livssyn. Men jamvel om bursdagsmarkering er eit kjent eksempel for mange elevar, bør ein som lærar vere merksam på at ikkje alle markerer bursdagen sin. Det er for eksempel ikkje vanleg at Jehovas vitne feirar bursdagar. Dessutan kan det finnast elevar som ikkje assosierer bursdagen sin med gode opplevingar. Somme kan for eksempel sakne foreldre som dei ikkje har kontakt med.

Det har blitt ein skikk i familien til Adrian at den som har bursdag, får frukost og gåver på senga. Adrian synest det er fint å begynne bursdagen sin slik.

6

RLE3kap1+2.

Til samtale

1. Er det skikk å feire bursdagar heime hos deg? 2. Bruker de i så fall å feire på ein spesiell måte? (Hjelpeord: gåver, mat, pynt, song.) 3. a) Kjem du på noko anna de bruker å gjere jamleg, or eksempel ein gong i året eller ein gong i veka? b) Gruer du deg eller gler du deg til det? Kvifor?

La oss tenkje saman

Til læraren: Påstandane under er utgangspunkt for filosofisk samtale. Bruk framgangsmåten som det er gjort greie for på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 9–12.) Ta stilling til påstandane og lag grunngivingar: • Det beste med bursdagen er gåvene som eg får, fordi … • Det beste med bursdagen er at andre viser at dei er glad i meg, fordi … • Det beste med bursdagen er at familie og venner samlast, fordi …

18 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 18

28-09-11 12:02:47


Adrian får presang på senga. Får du presang på senga når du har bursdag? Kva slags skikkar har du og familien din når det er bursdag? Faren ser på Arian, og Adrian ser på faren. Korleis ser dei på kvarandre? Mora har eit fat med bollar og lys på. Kor mange bollar har ho på fatet? Kvifor er det så mange bollar, trur du? Syster til Adrian har også ei pakke i hendene. Trur du ho er spent på om Adrian liker gåva?

Til høgtlesing Pippi feirer fødselsdag (utdrag) 7 RLE3kap1+2.indd 7

06-05-11 14:32:14

Til samtale om «Pippi feirer fødselsdag» 1. Har du vore i bursdagsselskap? Likna det på bursdags selskapet til Pippi? 2. Kva gjer Tommy og Annika når dei gratulerer Pippi? (Tommy bukkar, Annika neiar, dei leverer gåve, dei seier «Vi gratulerer!».) 3. Kven andre enn Pippi får fødselsdagsgåver? (Tommy og Annika.) 4. Kva er det som ikkje er vanleg, seier Tommy? (At gjestene får fødselsdagsgåver.) 5. Kva er vanleg å gjere i bursdagsselskap? 6. Har du lese om Pippi før? Har Pippi foreldre? (Mora døydde da Pippi var baby, faren er konge på ei sørhavsøy og bur ikkje saman med Pippi.)

Tommy og Annika finn ein dag eit brev frå Pippi i postkassa, der ho inviterer dei til bursdagsselskap. Dei pyntar seg og har med gåve til Pippi. Nå husket Tommy og Annika omsider på at de skulle gratulere Pippi. Tommy bukket og Annika neide, og så leverte de den grønne pakken og sa: «Vi gratulerer!» Pippi takket og rev ivrig papiret av pakken. Og der lå en spilledåse! Pippi ble rent fra seg av glede. (…) Pippi sveivet og sveivet og så ut til å glemme alt annet. Men plutselig kom hun på noe. – Men kjære, dere må jo også få fødselsdagsgavene deres, sa hun. – Jamen det er ikke vår fødselsdag, sa Tommy og Annika. Pippi så forbauset på dem. – Jo, men jeg har jo fødselsdag, jo, og da kan jeg vel gi fødselsdagsgaver også? Eller står det skrevet noe sted i skolebøkene deres at en ikke kan det? Er det noe med pluttifikasjonene som gjør at det ikke går an? – Nei, det er klart det går an, sa Tommy. – Skjønt det er ikke vanlig. Men jeg for min del vil gjerne ha en gave. Frå Astrid Lindgren: Pippi flytter inn. Oslo: Damm, 1945.

19 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 19

28-09-11 12:02:50


Mål

• Elevane skal kunne samtale om familieskikkar.

Tips til læraren

Høgtlesingsteksten«Søndagstur» passar til biletet på side 9 i elevboka.

Familieskikkar Ein familieskikk er noko ein familie bruker å gjere. Det blir ein skikk når vi gjer det om igjen og om igjen på same måten. Adrian får bollar og gåver på senga når han har bursdag. Slik har det vore på alle bursdagar i mange år i familien hans. Det har blitt ein skikk. Ein del familiar feirar for eksempel jul på same måten kvart år. Da har dei ein familieskikk knytt til høgtida jul.

Bakgrunn

Familieskikk Ein familieskikk er forklart som noko familien bruker å gjere på same måten kvar gong. Eit anna ord for skikk kan vere vane. Kva som blir rekna som ein familieskikk, finst det ikkje noko klart svar på. Familieskikkar er gjerne knytte til spesielle høve, anten det dreiar seg om å skape eit spesielt høve i kvardagen eller om høgtidsfeiringar. I Noreg er det mange som feirar jul, og mange familiar feirar jul på om lag same måten kvart år. Familieskikkar i kvardagen er gjerne knytte til ting som ein gjer jamleg – kvar dag, ein gong i veka eller kvart år. Somme besøkjer bestemor kvar søndag, somme dreg på ferie til tante kvar sommar, somme les saman kvar kveld.

Oppgåver/aktivitetar

1. Elevane arbeider i grupper og samlar inn eksempel på familieskikkar. Gå saman i grupper på to eller tre og intervju nokre vaksne (foreldre, føresette, besteforeldre eller andre) om familieskikkar dei har opplevd. Førebu dykk ved å lage spørsmål og fordele arbeidet i gruppa. Fortel om intervjuet i klassa. Læraren kan hjelpe til med forslag om korleis ein kan innleie spørsmåla med spørjeord (kva, korleis, kven, kvar, kva for nokre, når), eller korleis ein kan formulere opne spørsmål («Kan du fortelje om …», «Har du nokre eksempel på …»). Nokre eksempel på spørsmål: • Kan du fortelje om ein familieskikk frå da du var liten? • Kor ofte gjorde de det du fortel om? • Gledde/grudde du deg til det? • Var det mykje arbeid å stelle i stand?

Vi har også mange skikkar i kvardagen. Familien til Adrian bruker å vere på tur i skogen kvar søndag. Det er ein skikk for dei å gjere det.

8

Det er eit poeng at ikkje alle skal intervjue foreldra sine. Det er viktig å unngå at elevar kjem i ein situasjon der dei føler at dei «manglar» familieskikkar, eller at vanskelege familieforhold hos somme elevar blir fokus for undervisninga utan at desse elevane sjølve ønskjer det. Samtidig er det fint å skape rom for at elevar kan dele både positive og negative opplevingar rundt temaet, så lenge det skjer på elevane sine premisser. Læraren kan passe på at alle elevane har nokon å intervjue. Kanskje somme grupper kan intervjue andre lærarar? 2. Sjå på biletet på side 9 i elevboka. Gå saman i grupper og dramatiser kva som skjer på biletet. (Til læraren: Sjå side 13 i innleiinga om arbeid med drama i RLE.) 3. Les teksten på kopioriginal 1. Snakk saman i gruppa om oppgåvene og skriv stikkord. (Fasit til oppgåvene: 1. Gå på ski. 4. Besten, bestefar til Tonje.)

20 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 20

28-09-11 12:02:54


Til høgtlesing Søndagstur

oppgåV e R oppgåV

1 Lag eit tankekart. I midten kan du skrive «Skikkar i familien min». Teikn eller skriv inn kva skikkar familien din har. 2 Kva er ein familie? Snakk saman om kva ein familie kan vere. Teikn familiane på eit stort ark, eller lag ein kollasj med utklipp frå vekeblad, teikneseriar eller aviser.

9

La oss tenkje saman

1. Påstandane under er utgangspunkt for filosofisk samtale. Påstandane er strengt teke ikkje filosofiske, men dei kan brukast når elevane skal øve på å gi grunngivingar, og samtidig til ein samtale om skikkar. Læraren kan byte ut eksempla under med andre familieskikkar, slik at påstandane blir aktuelle for klassa. Bruk framgangsmåten som det er gjort greie for på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 9–11. Ta stilling til påstandane og lag grunngivingar: • Den beste familieskikken er bursdagar, fordi … • Den beste familieskikken er sommarferie, fordi … • Den beste familieskikken er laurdagspizza, fordi …

I dag er det søndag. Adrian og familien hans går tur i skogen, slik dei gjer kvar søndag. For å komme til skogen må dei kjøre bil eit stykke, til dei kjem til eit gult skilt som det står «Granlia» på. Da svingar dei inn på grusvegen og kjører til dei kjem til ein liten parkeringsplass, akkurat stor nok til bilen deira. Så tek dei på seg sekkene sine og går innover ein stig i skogen. Alle har kvar sin sekk. Maiken har alltid kikkert og fuglebok i sekken. Pappa har alltid niste og tursjokolade med. Adrian har ikkje så mykje i sekken når han kjem, men når han skal heim igjen, er sekken full av saker han har funne. Adrian kallar skogen «Skatteskogen», fordi han alltid finn noko interessant der – ein pinne som ser ut som ein fugl, ein fin stein, kongler som ekorn har ete på, eller noko anna fint. Dei har ein spesiell stad inne i skogen der dei bruker å slå seg ned og ete nista. Det var pappa som visste om denne plassen, for han brukte å dra hit saman med farfar da han var gut. Mamma har ofte med seg ei bok som ho sit og les mens Maiken, Adrian og pappa spring rundt på oppdagingsferd eller lagar noko. Når det er vatn i bekken, lagar dei ofte borkebåtar og har seglekonkurranse. Da må mamma leggje frå seg boka og ta tida. «Klar, ferdig, gå!» roper ho. Pappa bruker alltid å tjuvstarte første gongen. Da må dei fiske opp igjen båtane sine og starte på nytt. «Det var ikkje med vilje», seier pappa da, «båten berre glapp!» «Åååå, det seier du kvar gong!» roper Maiken og Adrian i kor. Dei går tur nesten kvar einaste søndag, også om det regnar og blæs. Om vinteren, når det er snø, går dei på ski. Da har dei skikonkurranse og snøballkrig. Maiken vinn nesten alltid skikonkurransen, for ho er så sterk i armane. Etterpå tenner pappa opp bål, og så steikjer dei pannekaker eller grillar pølser. «Slik skulle vi ha det alltid», seier pappa da. «Men det har vi jo», seier Adrian og smiler til pappa. «I alle fall kvar søndag!»

21 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 21

28-09-11 12:02:57


Mål

• Elevane skal kunne samtale om etiske levereglar.

Tips til læraren

Sjå side 12 i innleiinga for korleis ein kan arbeide med bilete i RLE.

Levereglar i kvardagen Levereglar er reglar for korleis vi bør leve. Det er reglar for kva vi bør gjere og kva vi ikkje bør gjere. Somme levereglar seier korleis vi skal oppføre oss mot andre. Andre reglar seier korleis vi skal kle oss eller kva slags mat vi kan ete. Vi skal ikkje Her er nokre eksempel: skade andre.

Vi må vaske hendene før vi et.

Vi må vente til det er vår tur.

oppgåV oppg åVe åV eR

1 Skriv og teikn tre reglar for korleis vi skal oppføre oss mot andre. 2 Skriv og teikn tre reglar som gjeld når du er på skolen.

10

Eli Hovdenak: Nei, nei gutt

RLE3kap1+2.

Bakgrunn

Levereglar i kvardagen Levereglar seier noko om korleis ein skal leve saman med andre, og er noko alle menneske relaterer seg til i kvardagen. Somme levereglar er spesifikke for menneske som hører til ein bestemt religion eller eit bestemt livssyn, andre er felles for menneske frå mange samfunn i verda. På side 10 i elevboka er det tre eksempel. «Vi skal ikkje skade andre» er ein grunnleggjande regel for korleis vi skal oppføre oss mot andre. Regelen er felles for mange religionar og livssyn og er også nedfelt på ulike måtar i Noregs lover. «Vi må vaske hendene før vi et» og «vi må vente til det er vår tur» er reglar som i større grad gjeld konkrete kvardagssituasjonar. Slike levereglar blir ofte kalla «vanleg folkeskikk». Somme levereglar består over tid. Det gjeld helst dei meir grunnleggjande og generelle levereglane. Andre endrar seg over tid. Somme blir borte, andre kjem til. Det gjeld framfor alt reglar knytte til konkrete situasjonar i kvardagen. Dei kan endre seg både fordi haldningar hos folk endrar seg, og fordi situasjonane endrar seg.

Kommentar til teksten på side 11 i elevboka Margrethe Munthe (1860–1931) skreiv mange forteljingar og songar for barn. Ho er spesielt kjend for moralistiske songar slik som denne, som heiter «Lua av». Songen er skriven tidleg på 1900-talet, altså for om lag 100 år sidan. Da var det vanleg for menn og gutar å gå med hatt eller lue, og det var ein vanleg regel å ta av seg lua når ein kom inn. Regelen er ikkje like streng i dag, men mange vaksne vil nok synast at det ikkje er rett å ha lue på inne.

Til samtale

Les teksten av Margrethe Munthe på side 11 i elevboka. 1. Kva reglar fi nn du i teksten? (Ta av deg lua når du kjem inn, heng opp kleda, tørk av føtene før du går inn, ver stille.) 2. Kva synest du om reglane? Er det gode reglar? 3. Er det ein regel no for tida at ein må ta av seg lua før ein går inn?

22 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 22

28-09-11 12:03:06


Eli Hovdenak (fødd 1956) er norsk kunstnar og illustratør. Dette biletet, som er eit tresnitt, viser ein glad gut som svingar seg i taklampa. Eli Hovdenak seier at det måtte bli slik. Da ho las orda «storme inn i stua», såg ho for seg at han måtte vere utruleg vilter og glad.

Nei, nei gutt, dette må bli slutt! Ikke storme inn i stua før du har fått av deg lua! Glemte du det rent? Det var ikke pent.

Eit tresnitt blir laga på ei slipt treplate, som ein så bruker til å lage trykk med. Alt som skal vere kvitt i det ferdige trykket, må skjerast vekk med kniv eller holjern. Da blir det som skal ha farge, ståande opp av flata. Ofte blir det brukt fleire ulike plater, slik at ein kan lage bilete med ulike fargar. Platene er nøye tilpassa kvarandre, slik at fargefelta i det ferdige trykket stemmer. Ein rullar farge over treplata med ein valse, slik at det berre kjem farge på dei felta som står opp. Så blir papiret lagt oppå og pressa mot plata. Når papiret så blir lyfta av, har det fått eit spegelvendt avtrykk av motivet på treplata.

Husk å ta alltid lua a’! Ikke kast den, ikke sleng den, pent og rett på knaggen heng den! Tørk av foten din og gå stille inn. Margrethe Munthe, frå Kom skal vi synge (2002)

11 RLE3kap1+2.indd 11

06-05-11 14:32:25

4. Kan reglar forandre seg over tid? Kvifor/kvifor ikkje, trur du? 5. Må du hengje opp kleda dine, tørke av deg på føtene og vere stille når du kjem inn heime hos deg sjølv? 6. Kven bestemmer reglane heime hos deg? 7. Korleis er det på skolen? Finst det reglar for kva ein har lov til å ha på seg inne eller ute på skolen din?

Oppgåver/Aktivitetar

1. Tidsreise: Gå saman i grupper på 3–4 elevar og bli einige om å reise tilbake i tid. Finn ut kva for ei tid de vil reise til. Lag ei liste over levereglar som de trur fanst på den tida. 2. Bølgjepapptrykk: Med bølgjepapp kan du lage enkle trykk. Motivet kan ikkje vere komplisert, det må byggjast opp av enkle former. Det er morosamt å lage ansikt. Temaet kan vere «Å uttrykkje kjensler». Eit tips er å sjå korleis ein får fram kjensler og ulike ansiktsuttrykk i teikneseriar. Teikn opp motivet du vil trykkje,

på eit stykke bølgjepapp. Bruk saks for å klippe ut motivet du har teikna. Der det skal vere kvitt, skal du klippe hol heilt igjennom. Område som skal vere heilt dekte med farge, lèt du stå igjen. Der du vil ha striper, klipper du bort det ytste laget (slik at du kjem ned på «bølgjene»). Legg på vassfarge (gjerne frå tube) ved hjelp av rulle eller svamp. Legg eit papir oppå og trykk. Gjer det raskt, før fargane tørkar.

La oss tenkje saman

Påstandane under er utgangspunkt for ein filosofisk samtale. Bruk framgangsmåten som det er gjort greie for på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 9–11. Ta stilling til påstandane og lag grunngivingar (prøv å lage minst tre grunngivingar til kvar påstand): • Vi treng levereglar, fordi … • Vi treng ikkje levereglar, fordi … Kva for ei grunngiving er den beste?

23 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 23

28-09-11 12:03:13


Mål

• Elevane skal kunne samtale om etiske levereglar.

Tips til læraren

Astrid Lindgrens bøker om Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Karlson på taket eignar seg godt til samtalar om levereglar.

lille Billy Moren til lille Billy fortalte ham alltid nøyaktig hva han skulle gjøre og hva han ikke skulle gjøre. Alle de tingene han fikk lov til å gjøre, var kjedelige. Alle de tingene han ikke fikk lov til å gjøre, var spennende.

Bakgrunn

Rett og gale, snill og slem Gode tilnærmingar til omgrepa rett og gale er å bruke leik og forteljingar. Forteljingane kan fungere som eksempel, dei kan danne ein konkret samanheng der desse abstrakte omgrepa kan brukast. Ei side ved etikken er å vurdere om ei handling er rett eller galen. Med utgangspunkt i forteljingar kan elevane øve på å vurdere ulike handlingsforløp opp mot levereglar og normer dei kjenner til, og dei kan øve på å sjå kva den aktuelle situasjonen har å seie for kva som er rett å gjere. Barnelitteraturen er full av forteljingar om barn som opplever å måtte velje. Slike forteljingar knyter handlingane til ein situasjon som elevane kan kjenne seg igjen i. Samtidig vil dei vere i stand til å sjå handlinga utanfrå, og det blir lettare for dei å øve på å sjå ei handling frå ulike synsvinklar, noko som ikkje alltid er så enkelt når ein skal vurdere situasjonar ein sjølv har opplevd. Ved å samanlikne tilfelle og situasjonar kan ein få fram etisk relevante skilnader og likskapar, og ein kan overføre det ein drøftar, til situasjonar som er aktuelle for elevane.

Til samtale om «Lille Billy» 1. Kva fortalde mor til Billy? (Kva han skulle gjere.) 2. Kva syntest Billy om dei tinga han fekk lov til å gjere? (Han syntest dei var kjedelege.) 3. Kva syntest Billy om dei tinga han ikkje fekk lov til å gjere? (Dei var spennande.) 4. Kvifor fekk han ikkje lov til å gå ut gjennom hageporten, trur du? (Eit forslag er at mora var redd for at han skulle skade seg, og at ho ville verne han. Ver merksam på at somme barn kan ha opplevd å leve slik, for eksempel på grunn av krig eller vanskelege familieforhold.) 5. Kva trur du Billy tenkte på den solrike ettermiddagen da han stod og såg ut av vindauget? (Elevane kan

En av de tingene han ALDRI ALDRI måtte gjøre, og den aller mest spennende av alle, var å gå ut gjennom hageporten alene og utforske verden utenfor. En solrik ettermiddag sto lille Billy på kne på stolen i dagligstua og stirret ut gjennom det åpne vinduet på den fantastiske verdenen utenfor. Moren hans var på kjøkkenet og strøk klær, og selv om døra var åpen kunne hun ikke se ham. Fra tid til annen ropte moren på ham: – Hva er det du driver med nå, lille Billy? Hver gang svarte Billy tilbake: – Jeg er snill, mamma. Men lille Billy var forferdelig lei av å være snill. Roald Dahl, frå Bittesmåene (1991) 12 RLE3kap1+2.indd 12

06-05-11 14:32:25

fabulere fritt. Han ser kanskje for seg alt det han trur fi nst i verda utanfor hageporten?) 6. Kva var det Billy gjorde når han var snill? (Han var lydig. Han gjorde ikkje dei tinga han ikkje fekk lov til.) 7. Kvifor trur du Billy var lei av å vere snill? (Å vere snill er for Billy å gjere som mora seier. Mora lèt ikkje Billy få gjere ting på eiga hand, og det synest han er kjedeleg.) 8. Synest du mor til Billy var snill mot Billy? (Her må ein snakke om kva snill tyder, og ulike måtar å vere snill på.) 9. Kva trur du Billy kjem til å gjere? Kvifor? 10. Synest du det er rett av Billy å gjere som mora seier? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåver/Aktivitetar 1. Tenk deg at Billy går ut gjennom hageporten for å utforske verda utanfor. Kva opplever han? Skriv ned stikkord og fortel for klassa kva du trur Billy opplever. 2. Teikn korleis Billy trur det ser ut utanfor hageporten.

24 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 24

28-09-11 12:03:16

RLE3kap1+2.


05-11 14:32:25

Til høgtlesing Slemme Lars (utdrag) Å være slem er fint. Da snakker alle om meg. Da ser de på meg og hvisker: «Se, der går slemme Lars – han er slem han!» Og så kan jeg bestemme meg for å være snill – hvis jeg gidder. Jeg kan si: «Nå vil jeg være snill.» Så blir jeg det. Hvis jeg gidder. Men – å være snill er strevsomt og anstrengende. Snille må nemlig alltid være det – passe på å hjelpe andre vanne tomatene for far bake brødene for mor rake lauvet i hagegangen og måke bort snøen i porten hjelpe gamle damer og menner over veien slik at de ikke ramler ned i mørke hull og blir borte. Frå Arild Nyquist: Slemme Lars. Oslo: Aschehoug, 1987

13 RLE3kap1+2.indd 13

06-05-11 14:32:27

3. Billy bestemmer seg for å fortelje mora kva han synest om at han ikkje får lov til å gå ut aleine. Korleis reagerer mora? Kva endar samtalen med? Gå saman i par og dramatiser samtalen mellom Billy og mora.

La oss tenkje saman

Til samtale om høgtlesingsteksten 1. 2. 3.

Kvifor seier slemme Lars at det er lettare å vere slem enn å vere snill? Gi eksempel på at det kan vere vanskeleg å vere snill. Gi eksempel på at det kan vere vanskeleg å vere slem.

Bruk framgangsmåten som er beskrevet på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 11. 1. Påstandane under er utgangspunkt for filosofisk samtale. Kva er det å vere snill? Ta stilling til påstandane: • Å vere snill tyder at vi gjer det andre seier, fordi … • Å vere snill tyder at vi gjer det som er rett, fordi … 2. Ta utgangspunkt i forteljinga om Billy på side 12 i eelevboka, og bruk påstanden under som grunnlag for ein filosofisk samtale. Ta stilling til påstanden og lag minst tre grunngivingar: • Vi kan bli lei av å vere snille, fordi …

25 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 25

28-09-11 12:03:19


Mål

• Elevane skal kunne samtale om rett og gale.

Tips til læraren

• Rannveig Aas Olsbu: Barns moraldannelse gjennom lek. Bergen: Fagbokforlaget, 2009. Ei bok skriven med utgangspunkt i barnehagebarn, men mykje er relevant og kan overførast til 1.–4. trinn. Les for eksempel kapittelet om korleis barn praktiserer etikk gjennom leik. • Levi Geir Eidhamar og Paul Leer-Salvesen: Nesten som deg selv. Barn og etikk. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2008. Her er mellom anna eit kapittel om barn og etikk som bruker eit eksempel med barn på 4. årstrinn og viser korleis dei gjer vurderingar og uttrykkjer tankar om tilgiving.

Oppgåver/Aktivitetar

1. Les høgtlesingsteksten om rett og gale. Teikn to store sirklar på tavla. Over den eine skriv du «Rett», og over den andre skriv du «Gale». Elevane skal plassere handlingar i sirklane, og du kan skrive på tavla. Du kan anten gi elevane eksempel, eller dei kan sjølve komme med sine eigne. Eksempel på handlingar: banne, smile, symje, rydde rommet sitt, brøle, lese ei bok, seie frå til læraren om at ein blir mobba, gi bort kleda sine, dele matpakke med nokon som har gløymt si eiga, la vere å ete matpakka si, bli sint, osv. Finn gjerne andre ting som ikkje er opplagt at er rett eller gale. Be elevane om å grunngi plasseringa si av dei einskilde handlingane. Kanskje det kjem fl eire grunngivingar? Kva er evt. skilnaden på dei? Er ei grunngiving betre enn ei anna? Elevane er kanskje ueinige om kvar ei handling skal plasserast? Kva er grunngivingane for at handlinga er rett, og kva er grunngivingane for at ho ikkje er rett? Kan ei handling vere rett i somme situasjonar og ikkje rett i andre situasjonar? Gi elevane god tid til å tenkje og formulere grunngivingar. Dei kan også snakke saman i grupper eller notere på ark før dei bestemmer seg for kvar dei vil plassere ei handling, og kva grunngivinga er. Resten av klassa kan vise om dei er einige eller ueinige, for eksempel ved at dei som er einige, reiser seg. 2. Ein annan innfallsvinkel er å la elevane prøve å definere orda «rett» og «gale». Skriv omgrepa i sirklar og lag eit tankekart. Her kan det kome synonym som «fint», «snill», «rettferdig», «slemt», «ulovleg» osv. La elevane arbeide individuelt eller i par, og diskuter etterpå. Det er også naturleg å konkretisere tydingane i handlingar, som «hjelpe», «si noko fint», «slå», «krangle». Oppgåva er open og gir rom for differensiering. La evt. elevane lage teikningar til dei ulike eksempla.

Rett og gale Dei fleste menneske vil nok helst gjere det som er rett. Men somme gonger gjer vi likevel det som er gale. Det er ikkje alltid like lett å gjere det som er rett. Er eg snill?

Var det gale?

Kva er rett å gjere?

Dersom du spør nokon om det er best å vere snill eller slem, svarer nok dei fleste at det er best å vere snill. Dersom du spør nokon om dei alltid er snille, svarer nok dei fleste nei. oppgåV oppg åVe åV eR 1 Kva vil det seie å vere snill? Lag eit tankekart. I midten kan du skrive «snill». 2 Kvifor er det ikkje alltid like lett å gjere det som er rett?

3 La oss tenkje saman: Det du gjer, er anten rett eller gale. Dei som følgjer reglar, er alltid snille.

14

RLE3kap1+2.

3. På side 14 i elevboka er det bilete av tre barn som har kvart sitt spørsmål. Kvifor lurer dei på dette, trur du? Gå saman i grupper. Vel eitt av bileta og dramatiser kva som har skjedd. Dersom det er vanskeleg å komme på noko sjølve, kan læraren komme med eksempel. 4. Kva leikar liker du å leike? Kan du forklare reglane i ein av dei? (Kva må ein gjere i leiken? Kva er ikkje lov å gjere i leiken?) 5. Kva reglar synest du skal gjelde for venner? Diskuter reglane med dei andre i klassa. Klassa kan saman lage ein veggplakat med vennereglar. 6. Arbeid med kopioriginal 2, «Rett og gale».

Oppgåver og aktivitetar til «Du har noe ingen andre har» 1. Lytt til songen på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 15. 2. Læraren skriv teksten på tavla. Klassa deler seg i to og syng songen som kanon.

26 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 26

28-09-11 12:03:21


Til høgtlesing Rett og gale Er det gale å sykle? Nei, det kan da vel ikkje skade nokon om du syklar. Men tenk om du syklar midt i vegen og utan hjelm? Er det da rett å sykle? Er det gale å lyge? Ja, det er vel ikkje rett å seie noko som ikkje er sant. Men tenk om det kjem nokre bøller og spør om du har sett ein i klassa di som dei bruker å plage? Er det da gale å seie «eg har ikkje sett han», sjølv om du nettopp har sett kvar han gjekk? Du har sikkert hørt reglar for kva som er rett og gale å gjere. Dei stemmer som regel. Men ikkje alle reglar passar i alle situasjonar. Når ein skal finne ut kva som er rett å gjere, må ein både tenkje etter om det finst reglar som passar, og kva som er rett å gjere i nettopp den situasjonen ein er i.

Venner og uvenner Å ha venner er fint. Alle menneske treng venner. Venner kan vere einige og ueinige og likevel vere venner. Somme gonger kan venner bli så ueinige eller så sinte på kvarandre at dei begynner å krangle. Kanskje blir dei uvenner. Ofte kranglar vi mest med dei vi kjenner og liker best. Vi kranglar med venner, sysken eller foreldre. Men om vi kranglar, kan vi likevel bli venner igjen. oppgåVeR

Til høgtlesing Du har noe ingen andre har

1 Vel nokre av orda i teksten på denne sida. Bruk orda til å skrive eit dikt om vennskap.

Du har noe ingen andre har. Ingen er som deg. Du kan mye, har litt av hvert å lære meg. Glad for at jeg møtte deg!

2 Kan du vere venn med uvennene til vennene dine? a) Ja, eg kan vere venn med uvennene til vennene mine, fordi … b) Nei, eg kan ikkje vere venn med uvennene til

Jeg er glad for at du lever.

vennene mine, fordi … 3 Korleis kan vi bli venner igjen etter ein krangel?

Av Grethe-Karin Hovde (tekst), Anti Janteloven (trall) © Norsk Noteservice as. Trykt med løyve.

15 RLE3kap1+2.indd 15

06-05-11 14:32:28

3. Samtal om melodien: a) Kva ord passar til å beskrive melodien? (For eksempel hoppande, trallande, glad?) b) Kva slags stemning eller humør gir melodien dykk? Blir de triste? Blir de glade? 4. Samtal om teksten: a) Kva synest de om teksten? (For eksempel: fi ne ting å seie til andre.) b) Kva tyder «Ingen er som deg»? (Det fi nst berre ein av kvar av oss, og alle er verdifulle.) c) Korleis ville det vere om nokon sa til deg kvar dag at dei var glad for at du lever? d) Kan du komme på noko anna det er fint å seie til andre? 5. Kva kan du? Lag ei liste med fem ting som du kan. 6. Kva kan du lære andre? Snakk saman om kva det kan vere kjekt å lære. Det kan vere noko du kan eller veit, eller noko du har opplevd. Det må ikkje nødvendigvis vere noko vanskeleg. Nokre eksempel: å flette armband, fakta om ein fotballspelar du liker godt, korleis det var i Legoland. Vel ein av tinga frå lista, eller noko

anna, som du kan lære bort til andre. Fortel korleis du vil gå fram for å lære det bort. 7. Gå saman to og to. Snakk saman om listene de har laga, og om kva de kan og har opplevd. Finn noko som du kunne tenkje deg å lære av den andre. Lær kvarandre ein ny ting! 8. Tenk på nokon du er glad for å ha møtt. Fortel om han eller henne og om korleis de møttest. Dersom de vil, kan de skrive og teikne litt kvar og lage ei bok som heiter «Glad for at eg møtte deg!»

Fasit til oppgåver på side 14 i elevboka 2. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett å gjere. Somme gonger veit vi kva som er rett, men har ikkje så lyst til å gjere det. Kanskje er det vanskeleg eller ubehageleg å gjere det vi veit er rett å gjere.

27 LæreveilTrinn3NN(01-27).indd 27

28-09-11 12:03:23


Mål

• Elevane skal kunne samtale om respekt og toleranse og motverke mobbing.

Tips til læraren

Utdanningsdirektoratet har nettsider med ressursar som gjeld arbeid mot mobbing på skolen og for eit godt læringsmiljø: http://www.udir.no/Tema/Laringsmiljo

Stopp! Ikke mobb! Stopp! Ikke mobb! Dette her er kameraten min. Ikke finn på noe tull. Vennen min er god som gull. Nå vil jeg bare si ifra. En for alle – alle for en. Så nå vil jeg slå fast svart på hvitt: Her er mobbefritt!

Bakgrunn

Utdanningsdirektoratet gir i rettleiingsmateriale for tilsette i skolen denne definisjonen på mobbing: «Negativ eller ‹vondsinna› åtferd gong på gong frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Erting gong på gong på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing.» Frå Arbeid mot mobbing. Rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskolen. Oslo: Utdanningsdirektoratet, 2011.

Til samtale

1. Kva skal ein gjere dersom ein ser at nokon blir mobba? Kva hender dersom du berre står og ser på at nokon blir mobba? (Snakk saman om tilskodarrolla. Berre å stå og sjå på kan gjere det verre for den som blir mobba. Det kan vere ekstra flautt for denne personen, og den som mobbar, kan mobbe enda meir fordi han eller ho får eit publikum.) 2. Kva vil det seie å bli utestengd? (For eksempel at du ikkje blir spurd om å vere med og leike, eller at andre finn på ting å seie for å sleppe å vere saman med deg.) Er det mobbing? (I alle fall dersom det går over tid, eller dersom det er den same som alltid er sistevalet eller som er upopulær.) Korleis trur du det kjennest å bli utestengd? 3. Kva kan ein gjere for å skape eit miljø der ingen blir mobba? 4. Kvifor trur du at somme mobbar andre? (Dei kan for eksempel gjere det for å kjenne makt eller for å kjenne seg som del av ei gruppe.) Kva trur du skjer med den som mobbar andre? (Mobbaren kan også ta skade av mobbinga på ulike måtar.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Kva er mobbing? Snakk saman i klassa om kva mobbing kan vere. Lag ein stor veggplakat. Skriv «MOBBING» midt på eit stort ark. Skriv, teikn eller lim inn utklipp med eksempel på kva mobbing kan vere.

16 RLE3kap1+2.indd 16

06-05-11 14:32:29

Eksempel kan vere • å få kallenamn • å bli erta over tid • å bli dytta, slått eller dregen rundt omkring • å få skolesekken sin eller noko anna ein eig, kasta rundt • at nokon spreier rykte om deg • at nokon sender ekle tekstmeldingar til deg • å bli ignorert og sett utanfor • å bli tvinga til å gi frå seg pengar eller noko anna ein eig • å bli utsett for angrep på grunn av hudfarge, etnisk bakgrunn eller religion 2. Kva kan ein gjere for å stoppe mobbing? Gå saman i grupper. Lag eit rollespel om nokon som blir mobba (ta for eksempel utgangspunkt i nokre av eksempla over), og om korleis mobbinga blir stoppa. (Til læraren: Sjå side 13 i innleiinga om arbeid med drama i RLE.) 3. Lytt til «Stopp! Ikke mobb!» på Inn i livet 5–7 CD 2, spor 19, og les songen på side 16–17 i elevboka. Kva handlar songen om? (Om at den som er ein ekte venn, seier frå når nokon blir mobba.) Kva tenkjer de om

28 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 28

28-09-11 12:05:04

RLE3kap1+2.


05-11 14:32:29

Til høgtlesing Hedvig og Hardemo-prinsessen (utdrag) Hedvig går i fjerde klasse. Det har nettopp begynt ein ny elev i klassa. Han heiter Ole. No skal dei springe sekstimeter. Hedvig elskar å springe sekstimeter, for ho bruker å vinne. Læraren, Bengt Lamm, seier at dei tre beste skal springe finale. I finalen er Hedvig, Per og Ole, den nye guten. «Still opp», roper Bengt Lamm. Så går han og ser etter at alle tre står riktig.

Alle har en gang stått utenfor. Kjent på en klump inni seg. Så jeg vil være den som er en ekte venn, og våger å si fra når ting ikke er bra. Så derfor sier jeg: Stopp! Ikke mobb ...

Gjør mot andre det du vil at de skal gjør’ mot deg. Ja, det er en god regel – synes jeg! Frode Skålevik, frå Stopp! Ikke mobb! (2006)

17 RLE3kap1+2.indd 17

06-05-11 14:32:29

det? Synest de det er lett å seie frå når nokon blir mobba? Kven skal ein seie frå til? 4. På Internett kan de finne filmar som viser rørslene til «Stopp! Ikke mobb!». Øv på å syngje songen med rørsler til.

La oss tenkje saman

Ta utgangspunkt i teksten på side 16–17 i elevboka. Bruk påstanden under som grunnlag for ein filosofisk samtale ut frå framgangsmåten som det er gjort greie for på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 9–11. Ta stilling til påstanden og lag minst tre grunngivingar: • Ein ekte venn er ein som vågar å seie frå, fordi …

Til samtale om høgtlesingsteksten 1. Kvifor vil ikkje Ole knyte skolissene? (Han kan ikkje knyte sløyfe.)

«Det ser bra ut. Men Ole må se å knytte skolissene.» Ole ser ned på høyreskoen, der skolissene har lirket seg opp. Han bøyer seg og stapper dem under pløsen. «Du knytter skoene på ordentlig.» «Det trengs ikke, jeg kan ha dem sånn.» «Du knytter skoene på ordentlig», sier Bengt Lamm igjen og peker med neven. «Nå.» «Nei.» «Hvorfor ikke?» «Derfor.» «Du skal svare på spørsmålet. Hvorfor vil du ikke knytte skolissene?» Ole ser i bakken, biter sammen kjevene og nekter å si noe mer. Da drar Hedvig etter pusten og skriker så hele skolen, hele Hardemo, hele verden hører det: «Fordi han ikke kan! Han vet ikke hvordan man knytter sløyfe!» Det er som om kroppen får et vulkanutbrudd, så deilig føles det å gi ham inn, han dustemikkelen som tror at han kan komme drassende med stor bukse og mørke krøller og vinne. Alle stirrer på Ole. Bengt Lamm også. Så legger han fra seg notatboka. «Nåvel,» sier han og går ned på kne. Ole ser ut som om han helst vil seile sin vei gjennom skyene og ikke eksistere mer. Bengt Lamm fomler litt med de tjukke skolissene, øyeblikket føles evighetslangt. Frå Frida Nilsson: Hedvig og Hardemo-prinsessen. Oslo: Cappelen Damm, 2010.

2. Kvifor skrik Hedvig at han ikkje kan knyte sløyfe? (Det verkar som om ho har lyst til å rakke ned på han.) 3. Kva synest du om det Hedvig gjer? Er det mobbing? (Det er vondskapsfullt gjort overfor ein som er ny i klassa. Ho hadde nok ikkje våga å rope slik dersom ho var den som var ny i klassa.) 4. Kva synest du om det læraren gjer? (Han veit nok ikkje at Ole ikkje kan knyte sløyfe, men når han knyter skolissene for han, blir det ekstra flautt for Ole.) 5. Korleis kjennest det for Ole? (Han ser ut som om han helst vil segle sin veg gjennom skyene og ikkje eksistere meir.) 6. Korleis ville Ole ha fortalt om denne hendinga, trur de?

29 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 29

28-09-11 12:05:06


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om FNs barnekonvensjon. • Elevane skal kunne samtale om rettar og barnearbeid med eksempel frå media.

Rettane til barn Rettane til barn er reglar. Reglane seier at alle barn har rett til å ha det dei treng for å leve. Barn har rett til nok mat og ein stad å bu. Dei har også rett til å vere trygge og til at vaksne passar på dei. Her er nokre fleire rettar som barn har: – Alle barn har rett til å gå på skole. – Alle barn har rett til kvile, fritid og leik.

Artikkel 2 i barnekonvensjonen 2. INGA DISKRIMINERING. Rettane i konvensjonen gjeld for alle barn utan forskjellsbehandling og utan omsyn til barnet og foreldras rase, farge, kjønn, språk, religion, opphav, eigedom, funksjonshemming eller oppfatningar. Staten skal sørgje for at ingen vert diskriminert. Jenter som leikar på ei strand i India

18 RLE3kap1+2.indd 18

Bakgrunn

Artikkel 31 i FNs barnekonvensjon seier at alle barn har rett til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst- og kulturliv. Artikkel 2 i konvensjonen gjeld ikkje-diskriminering. Eit enklare ord for diskriminering er forskjellsbehandling. Det er ikkje lov å forskjellsbehandle barn ut frå korleis barnet ser ut, kvar det kjem frå, kva det trur på eller meiner, eller fordi barnet har nedsett funksjonsevne eller av andre grunnar.

Oppgåver/Aktivitetar 1. Gå inn på www.unicef.no. Søk på «barnearbeid». Kva stoff finn du der? (Om kva barnearbeid er, om tiltak mot barnearbeid, eksempel på barnearbeid osv.) 2. Gå inn på www.fn-filuren.no. Finn teksten om rettane til barn under temasidene. Les teksten og lag fem spørsmål og svar kvar. Gå saman i par og still kvarandre spørsmål.

06-05-11 14:32:34

Til samtale om biletet på side 18 i elevboka 1. Kva ser du på biletet? (Jenter som leikar på ei strand, bølgjer, blått hav, blå himmel.) 2. Kor gamle trur du jentene er? (Kanskje rundt 8–9 år?) 3. Korleis ser jentene ut? Kva klede har dei? Er dei reine eller skitne? Har dei pynta seg? (Dei er berrføtte og har reine, lyse kjolar, dei er glade, dei har pynt i håret.) 4. Korleis er stemninga i biletet? (Glad, roleg, leikande, blått, vått, osv.) 5. Har du leika i bølgjene eller bada i sjøen nokon gong? Når var det? (Kanskje på ein fridag eller i ein ferie?) 6. Kva tid på dagen er det? (Det kan vere ettermiddag på grunn av det blå lyset – kanskje det er etter skoletid?)

30 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 30

28-09-11 12:05:11

RLE3kap1+2.


05-11 14:32:34

Barnearbeid Barnearbeid er ikkje det same som å hjelpe til heime eller å ha ein liten jobb i fritida. Barnearbeid vil seie at barn må arbeide så mykje at dei nesten ikkje får tid til å leike eller gå på skolen. Mange barn i verda har slikt arbeid.

Tips til læraren

• På regjeringa.no ligg Barnekonvensjonen i norsk utgåve (i fulltekst og kortversjon, og som ein plakat på bokmål, nynorsk og samisk). • På www.unicef.no finst stoff om barnearbeid og eigne sider for barn. Her ligg det tilpassa tekst om rettane til barn og korte animasjonsfilmar som tek for seg ulike artiklar i Barnekonvensjonen. • På www.fn-filuren kan elevane lese om FN og menneskerettar.

<bildeønske, foto viktig at vi ser barnas verdighet: barnearbeid, for eksempel på fabrikk, som hushjelp eller landbruk/gruve 1/2 side>

Denne guten arbeider i ein mursteinsfabrikk i Bangladesh

19 RLE3kap1+2.indd 19

06-05-11 14:32:42

Til samtale om biletet på side 19 i elevboka 1. Kva ser du på biletet? (Ein gut som held ein murstein, og biletteksten seier at han arbeider i ein mursteinsfabrikk.) 2. Kor gammal trur du guten er? (Han er kanskje rundt 8 år?) 3. Korleis ser guten ut? Kva klede har han? Er han rein eller skiten? Er han sterk? (Han er berrføtt og har vanleg shorts og skjorte, han er full av steinstøv og har tørkle på hovudet, og det ser ut som om han lyftar tungt.) 4. Korleis ser du at det er ein mursteinsfabrikk? (Vi ser stablar med ubrend og ferdig brend murstein, det er utandørs og liknar kanskje ikkje så mykje på ein typisk norsk fabrikk?) 5. Korleis trur du arbeidet er? Er det tungt? Kva må ein vere god til for å ha den jobben guten har, trur du? (Ein må sikkert vere sterk, og ein må vere nøyaktig og forsiktig så ikkje steinane blir knuste.) 6. Kva tid på dagen er det? (Det er dagtid, for det er

dagslys.) Kva gjer du vanlegvis på denne tida av dagen? (Du er på skolen på vekedagane og har fri i helgane.) 7. Kvifor trur du guten arbeider på fabrikken i staden for å vere på skolen? (Truleg fordi familien treng pengane han tener.) 8. Samanlikn biletet på side 19 med biletet på side 18. Kva er likt? Kva er ulikt? (Barna er på same alder, skilnaden er at jentene på side 18 leikar, mens guten på side 19 arbeider.)

La oss tenkje saman

1. Elevane ser på biletet på side 18 og biletet på side 19 i elevboka og bruker påstandane under som utgangspunkt for ein filosofisk samtale. Bruk framgangsmåten som det er gjort greie for på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 9–11. Ta stilling til påstandane under og lag grunngivingar: • Barnearbeid bør ikkje vere lov, fordi … • Barnearbeid bør vere lov dersom barna tener like mykje som vaksne, fordi …

31 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 31

28-09-11 12:05:16


oppgåV oppg åVe åV eR

1 Gå saman to og to.

Kommentar til oppgåver på side 20 i elevboka

Fortel kvarandre kva de gjer etter skoletid. 2 Kva slags oppgåver har de heime? 3 Kva treng barn? Lag ei liste med fem punkt om kva barn treng for å ha det bra. Skriv lista slik: Barn treng … for å …

3. Snakk litt om kva det vil seie å ha det bra. Lista bør kunne gjelde for alle barn, så prøv å få elevane til å tenkje vidare enn til kva dei sjølve ønskjer seg i sin eigen situasjon. Eksempel: Om ein tenkjer på alle barn i verda – når er det barn har det bra? Kva er det alle barn treng? Her kan det komme mange ulike svar. Eksempel på grunnleggjande behov: å vere mett, å vere varm, å vere trygg, å sleppe å ha det vondt. Kva treng ein for å ha det slik? For eksempel mat, ein plass å bu, ein familie (eller omsorgspersonar), venner. Men å ha det bra kan vere meir enn det heilt grunnleggjande. Kva med å ha høve til å leike og lære, å ete god mat, å kunne slappe av, å kunne utfalde seg og å kunne ha gode opplevingar? Da treng barn kan hende skole, fritid, at butikkane har eit mangfald av varer, og at familiane har nok pengar til å kjøpe varer. Kanskje treng dei også eit kulturtilbod og høve til å reise til andre land.

20

Bakgrunn (til side 21)

Kyrkjer og kyrkjelydar har ulike tilbod til barn og ungdom. Somme aktivitetar går føre seg ein ettermiddag i veka eller annakvar veke. Innhaldet kan variere – det kan vere prate- og leikestund, barna får høre noko frå Bibelen eller om kristen tru, eller det kan vere aktivitetar som friluftsliv, musikk, dans, drama, samtalegrupper, formingsaktivitetar og «klubb» der ein spelar spel eller driv med idrett. Det finst også eingongsaktivitetar. Alle barn på eit bestemt alderstrinn i kyrkjelyden kan for eksempel bli inviterte til ei helgesamling der dei overnattar i kyrkja og er med på å lage gudsteneste. Målet med slike aktivitetar er vanlegvis todelt. Ein ønskjer at barn og unge skal få lære om kristendom og bli kjende med kyrkja, og ein ønskjer å arrangere noko som det er hyggeleg og kjekt for barn og unge å halde på med.

32 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 32

28-09-11 12:05:20


Mål

KapIttel

• Elevane skal kunne fortelje om innhaldet i sentrale tekstar frå 1. Mosebok i Det gamle testamentet. • Elevane skal kunne samtale om kristendom og korleis religiøs praksis kjem til uttrykk gjennom levereglar, bønn og gudsteneste. • Elevane skal kunne kjenne til kristen saletradisjon og eit utval songar, også samiske. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til kristendommen. 2

Kristendom i kvardagen I dette kapittelet skal du lære om: ➔

bønn og kristne levereglar

salmar og andre kristne songar

forteljingar frå Bibelen

søndag som heilagdag

21

Til samtale

1. Sjå på biletet på side 21 i elevboka. Kva er det bilete av? (Eit barnekor.) 2. Korleis ser du at biletet viser eit kor? (Barna har open munn som om dei syng, og det er notar rundt dei som viser at dei syng og ikkje roper eller ler.) 3. Barna er på korøving i kyrkja. Korleis kan du sjå det på biletet? (Vindauga som vi ser bak barna, ser ut som kyrkjevindauge.) 4. Har du nokon gong sunge i kor? Fortel. 5. Korleis trur du ein skal oppføre seg i eit barnekor? (Dei som er med i eit barnekor, må stå pent utan å tøyse. Dei må følgje med på det dirigenten eller leiaren gjer, og dei må syngje.) 6. Kan du nemne eit barnekor som finst i nærleiken? Korleis kjenner du til dette koret?

Til høgtlesing Marte på korøving Det er onsdag ettermiddag. Marte har vore på SFO og ete middag, og no roper pappa: «Marte, er du klar? Vi må dra om eitt minutt! Vi burde forresten eigentleg ha vore av garde alt.» Marte skal på øving i barnekoret i kyrkja. Ho gler seg. Tårnet på kyrkja er synleg lenge før dei kjem til sjølve kyrkja. Pappa svingar bilen inn rett framfor inngangen og vinkar «ha det». Marte er eit par minutt for seint ute, men dei har ikkje begynt å syngje enno, så det går bra. Ho smiler og vinkar til fleire av dei andre barna, og spring bort til nokre av dei ho kjenner best og står ved sida av dei. Ola er leiar for koret, han er dirigent. «Hallo, alle saman, så fint å sjå dykk», smiler han. Så begynner korøvinga. Dei syng nokre songar dei kan frå før. Marte liker spesielt godt den som heiter «Du er du og du duger». Det er morosame rørsler til songen, og han er lett å syngje. I dag lærer dei ein ny song òg. Barnekoret skal vere med og syngje under gudstenesta på søndag, og no lærer dei ein song som dei skal syngje saman med alle dei andre som kjem dit. Når dei har sunge ei stund, er det pause. Da er det først saft og kjeks og tid til å prate litt, før det er leiketid. I dag leikar dei «haien kjem». Det er aller artigast når Ola er haien. Så er det tid for forteljing. Marte er litt andpusten etter «haien kjem» og synest det er kjekt å sitje litt og høre på når Ola les frå ei kristen barnebok. Korøvinga blir avslutta med at dei syng litt meir, og no er det barna sjølve som bestemmer kva songar dei skal syngje.

Oppgåver/Aktivitetar 1. Teikn eit barnekor. 2. Still opp klassa som eit barnekor. Har de korkrakkar på skolen, kan dei brukast. Syng ein eller fleire songar som de kan. Læraren står framfor koret og er leiar.

33 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 33

28-09-11 12:05:23


Mål

• Elevane skal samtale om kristen bønnepraksis.

Bakgrunn

Korleis kristne ber Kristne trur at Gud er tre personar i ein, og kan derfor rette bønnene både til Gud, Jesus og Den Heilage Ande. «Kjære Gud» og «Kjære Jesus» er vanlege måtar å innleie ei bønn på. I gudstenester bruker presten ofte meir formelle formuleringar som «Herre Gud, himmelske Far». I somme trusretningar, som katolisismen, ber ein også til helgenar. Kristne trur at Gud hører bønner, og også at Gud kan svare på bønn. At Gud svarer, inneber ikkje at dei får høre Guds stemme, men at dei trur Gud kanskje kan endre noko som dei ber for. Bønn er ikkje å gi Gud «ordrar», men det er vanleg å tru at det kan skje ei forandring når ein ber til Gud. Når ein tenner lys for nokon og tenkjer på dei, kan det også vere ei slags bønn om at Gud skal vere med dei og passe på dei. Kristne ber både aleine og når fleire er samla. Dei ber saman når det er gudsteneste eller søndagsskole, og for eksempel under korøving i eit barnekor. Det finst ferdig formulerte bønner, men det er også vanleg å be med sine eigne ord. Når kristne ber med eigne ord, snakkar dei med Gud om det dei er opptekne av. Jesus og bønn I Bibelen står det mange stader at Jesus sjølv bad, og at han oppfordra menneska til å be. Jesus lærte disiplane ei bønn som blir kalla Vår Far eller Fadervår, fordi ho begynner med dei orda. Denne bønna ber kristne ofte saman. Ho blir brukt kvar gong kristne feirar gudsteneste, og somme ber Fadervår kvar dag.

Bønn Jonas ber til Gud. Han trur at Gud hører det han seier, og at Gud veit kva han tenkjer. Bestemor til Jonas faldar hendene og lukkar auga når ho ber. Jonas faldar hendene somme gonger. Når det er kveld, syng Jonas og pappa ein song som er ei bønn. Jonas og pappa bruker også å be bordbønn. Jonas har lært at maten er ei gåve frå Gud. Han syng ofte eit bordvers som heiter «O, du som mettar liten fugl». Orda er litt vanskelege. Pappa har forklart at når dei ber Gud om å velsigne maten, ber dei Gud om å vere med i måltidet. Og så takkar dei Gud. Det er alltid bønn når det er gudsteneste. I Bibelen står det at Jesus sa at menneska skulle be. Han sa at Gud hører bønner. Jesus bad sjølv. Han lærte også andre korleis dei skulle be.

22

RLE3kap1+2.

Til samtale

1. Kva gjer guten på biletet på side 23 i elevboka? (Han ber.) 2. Korleis kan du sjå at han ber? (Han lukkar auga og faldar hendene.) 3. Læraren les «Bønna om vatn» høgt ein eller to gonger. a) Kva heitte mannen i legenda du nettopp hørte? (Benedikt.) b) Kvar budde Benedikt? (I eit kloster i Italia.) c) Kven budde han saman med? (Fleire andre menn. Dei blei kalla munkar.) d) Kvifor ville munkane at Benedikt skulle flytte klostera? (Dei måtte gå heilt ned til foten av klippene for å hente vatn. Klostera låg øvst på klippene. Det var langt og tungt arbeid.) e) Kva gjorde Benedikt? (Han gjekk opp på toppen av klippene og bad til Gud. Han la tre steinar der oppe, med ei opning mellom dei.) f) Kva sa Benedikt at munkane skulle gjere? (Han sa at dei skulle gå til toppen av klippene, og at dei ville finne vatn dersom dei grov mellom dei tre steinane.)

g) Kva skjedde? (Munkane grov og fann vatn. Legenda seier at denne vasskjelda eksisterer enno.)

Oppgåver/Aktivitetar 1. Lytt til Fadervår på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 1. a) Kva handlar songen om? (Det er ei bønn til Gud, akkurat den same som blir beden i kyrkja eller av kristne elles, men her er det sett melodi til.) b) Arbeid med Fadervår. Forslag til spørsmål finst på side 12 i innleiinga under «Arbeid med musikk i RLE». c) Kor mange vers og/eller refreng er det? (Det er berre eitt vers, ingen gjentakingar, ikkje noko refreng. Songen er berre ei bønn med melodi til.) 2. Gå saman i grupper på 4–5 elevar. Dramatiser legenda om Benedikt og vatnet. Éin er Benedikt, dei andre er munkar. Framfør dramatiseringa for klassa. (Til læraren: Sjå side 13 i innleiinga om arbeid med drama i RLE. Læraren bør lese legenda høgt fleire gonger før elevane går kvar for seg og øver i gruppene.)

34 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 34

28-09-11 12:05:26


Kristne har ikkje ei spesiell bønnestilling. Dei kan la vere å gjere noko spesielt med kroppen, men det er ganske vanleg å falde hendene. Somme lukkar auga, somme kneler, somme lyftar hendene. Denne guten faldar hendene og lukkar auga når han ber.

Til høgtlesing Bønna om vatn Før maten:

Etter maten:

O, du som mettar liten fugl,

For helse, glede, dagleg brød,

velsign vår mat, O Gud.

vi takkar deg, O Gud.

Amen

Amen

Benedikt heitte ein mann som levde i Italia på 500-talet. Han var oppteken av å be, lese i Bibelen og tenkje på Gud. Fleire ville leve som han, og dei begynte å bu saman i det som blei kalla kloster. Der skulle dei be og tene Gud og menneske. Benedikt er ein viktig helgen for mange kristne. No skal du få høre ei legende frå mellomalderen, om Sankt Benedikt og bønna om vatn:

oppgåVeR 1 Kvifor trur du somme faldar hendene og lukkar auga når dei skal be? 2 Kva handlar «O, du som mettar liten fugl» om?

23 RLE3kap1+2.indd 23

06-05-11 14:32:47

3. Teikn dei tre klostera som var bygde på toppen av klippene.

Fasit til oppgåve 1 på side 23 i elevboka Å falde hendene gjer det lettare å halde hendene i ro og ikkje gjere noko anna med dei når ein ber. Når ein lukkar auga, blir ein ikkje så lett uroa av det ein har rundt seg. Da kan ein konsentrere seg fullt og heilt om bønna.

Tre kloster var bygde på toppen av nokre bratte klipper. Mennene som budde i klostera, sleit hardt for å skaffe det vatnet dei trong. Det var langt å gå ned frå klippene for å fylle byttene med vatn, og det var tungt arbeid å bere det opp. Men vatn måtte dei ha. Dei spurde Benedikt mange gonger om dei ikkje kunne flytte klostera, slik at dei slapp dette frykteleg tunge arbeidet. Ein kveld klatra Benedikt heilt opp til toppen av klippene, og der sette han seg og bad. Han bad svært lenge. Da han hadde bede svært lenge, la han tre steinar heilt øvst på toppen av klippene. Det blei ein slags ring med opning i midten. Om morgonen var Benedikt tilbake i klosteret, og dei andre munkane begynte enda ein gong å spørje om det ikkje var mogleg å flytte klostera til ein stad der det var lettare å få tak i vatn. Da sa Benedikt: «Gå heilt opp til toppen av klippene. Der vil de finne tre steinar. Grav midt mellom dei tre steinane, og Gud vil la det strøyme vatn derifrå for dykk.» Dei gjekk og fann staden, og det strøymde alt fram vatn derifrå. Dei grov eit hol, og det blei straks fylt med vatn. Den dag i dag kjem det vatn frå denne kjelda på toppen av klippene. Omsett og tilrettelagt etter J. de Voragine: The Golden Legend: Readings on the Saints. Princeton: Princeton University Press, 1993.

35 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 35

28-09-11 12:05:29


Mål

• Elevane skal kunne fortelje noko om kva ein salme er og kjenne til salmen «Måne og sol».

Barnekor og salmar Marte og storebror hennar er i kyrkja kvar onsdag. Storebror er med i uteklubben. Dei går på tur og lagar ofte bål. Ein leiar er med. Han bruker å fortelje noko om Gud kvar gong.

Sjå teksten knytt til kapittelopnaren side 21 for bakgrunnsstoff om kristne barne- og ungdomsaktivitetar.

Marte er glad i å syngje. Ho er med i barnekoret. Når dei har sunge ei stund, leikar dei. Dei får også høre ei forteljing før dei går heim. Når Marte er på gudsteneste, syng dei ofte salmar. Salmane er songar som alle syng saman. Dei fleste salmane er ei slags bønn til Gud. Orgelet speler til. Barnekoret til Marte har lært seg ein salme som dei syng under ei gudsteneste: oppgåV oppg åVe åV eR

Vel ei av oppgåvene: a) Teikn Marte og barnekoret. b) Teikn storebror når han er i uteklubben.

24

RLE3kap1+2.

Bakgrunn

Salmar og kristne songar Det finst mykje ulik musikk som kan kallast kristen, både i form av songtekstar og instrumentalmusikk. Det finst kristen rock og pop, mange av dei store klassiske komponistane skreiv kristen musikk (som messer og rekviem), og det finst mykje kristen musikk for barn. I Noreg er salmar den songtypen som først og fremst blir assosiert med kyrkja og kristenlivet. Dei fleste salmetekstar vender seg til Gud, og dei er derfor ei slags bønn. Ein del salmar er takkesalmar, somme er ei bønn om noko bestemt, somme handlar om kva kristne trur på, og somme prisar Gud. I Den norske kyrkja er det vanleg å syngje salmar i gudstenesta. Mange synest det er ein viktig del av gudstenesta, fordi det er ein måte å syngje til Gud på saman med alle dei andre som er til stades. Det finst både gamle og nye salmar. I salmeboka kan ein både finne salmar frå 300-talet og heilt nyskrivne salmar. Somme passar til ei bestemt tid eller ei bestemt hending.

Det finst for eksempel julesalmar, påskesalmar, dåpssalmar, kveldssalmar, morgonsalmar og vårsalmar. Tidlegare var det vanleg å lære salmar utanåt på skolen. Derfor er det mange vaksne i Noreg som kan fleire salmar utanåt jamvel om dei ikkje er kristne eller har gått mykje i kyrkja.

Til samtale

1. Kva gjer Marte og storebror hennar i kyrkja? (Marte er med i barnekoret. Storebror er med i uteklubben.) 2. Kva er ein salme? (Ein salme er ein song som ofte er ei bønn til Gud. I kyrkja syng kyrkjelyden salmar saman.) 3. Les saman versa og refrenget på salmen som står på side 25 i elevboka. Lytt deretter til «Måne og sol» på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 3 og 4. Spor 4 er ein samisk versjon av «Måne og sol». a) Kva heiter denne salmen? («Måne og sol».) b) Kvifor trur du han heiter det? (Det er opningsorda i teksten. Den første linja er heilt lik tittelen.)

36 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 36

28-09-11 12:05:31


«Måne og sol» er ein takkesalme der kyrkjelyden syng «Herre, vi takkar deg». Teksten lovprisar Gud som stor og god, og kyrkjelyden syng «Herre, vi prisar deg». Salmen handlar i tillegg om kva kristne trur på, sidan teksten både seier at Gud har skapt jorda og menneska, og at Jesus døydde på ein kross for alle menneske. «Måne og sol» har eit tredje vers i tillegg til dei to som fekk plass i elevboka. Det handlar om Den Heilage Ande. Når det første verset handlar om Gud, det andre om Jesus og det tredje om Den Heilage Ande, seier salmen også at kristne trur på ein treeinig Gud, altså at Gud er både Gud, Jesus og Den Heilage Ande på ein gong.

Måne og sol 1. Måne og sol, vindar og hav og blomar og born skapte vår Gud. Himmel og jord, allting er hans, Herren vår Gud vil vi takka. Omkvede: Herre, vi takkar deg. Herre, vi prisar deg. Herre, vi lovsyng ditt heilage namn. 2. Jesus, Guds Son, død på ein kross for alle, for oss, lever i dag. Ja, han er her, ja, han er her. Herren vår Gud vil vi takka. Omkvede Britt G. Hallqvist, frå Barnesalmeboka (1999)

25 RLE3kap1+2.indd 25

06-05-11 14:32:48

c) Kva handlar første verset om? (Om alt det fantastiske som kristne trur at Gud har skapt, og om at dei vil takke Gud for det han skapte.) d) Kva handlar refrenget om? (Det er ein takk til Gud.) e) Kva handlar andre verset om? (Det handlar om at kristne trur at Jesus som Guds son døydde for alle menneske, og at Jesus er her på jorda enno. Til slutt står det igjen at dei vil takke Gud.) f) Kvifor trur du det står: «Ja, han er her, ja, han er her»? (Kristne trur at jamvel om Jesus er i himmelen, er han også til stades på jorda og kan hjelpe menneska når dei ber til han.) 4. Kan du nokon salmar eller songar utanåt? Korleis har du lært deg dei?

Oppgåver/Aktivitetar

1. Det finst salmar som blir brukte til jul, påske, vår, 17. mai osv. Søk på Internett etter salmar som du har hørt på skolen eller i andre samanhengar. Lag overskrifter: «Julesalme», «Påskesalme», «Vårsalme» og «17. mai-salme». Du kan gjerne finne meir enn ein salme til kvar overskrift. Skriv ned titlane på salmane du finn. (Eksempel på vårsalme kan vere «No livnar det i lundar». Eksempel på påskesalme kan vere «Påskemorgen slukker sorgen». Eksempel på julesalme kan vere «Deilig er den himmel blå».) 2. Arbeid med kopioriginal 3. Finn dei skjulte orda i rutenettet. Orda du skal finne, er ord frå salmen «Måne og sol».

37 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 37

28-09-11 12:05:33


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane i Bibelen om skaping og dei første menneska.

Tips til læraren

Forteljingar om skapinga og dei første menneska

På Inn i livet-nettsidene finst ein animasjon om Adam og Eva.

Jonas har hørt om at Gud skapte verda på sju dagar. Men nokon sa at Gud skapte menneske av leire. Han spør mamma om det. Mamma fortel at heilt først i Bibelen står det to forteljingar om korleis verda blei skapt. Dei er litt ulike. Ho held fram: «Den forteljinga du har hørt før, er den som står først. Den andre kan du få høre no.» Så fortel mamma:

gud skaper verda

I forteljinga blir Adam skapt av jord og leire eller støv, og av Guds pust. Det kan lesast som at han og alle menneske er sett saman av både noko stort og guddommeleg (Guds pust) og av jord eller støv, som ikkje er så fantastisk

Gud skapte jorda og himmelen, men det fanst ingen planter og ingen menneske. Da tok Gud jord og forma ein mann. Gud bles pust inn i nasen hans, så han blei til eit levande menneske. Mannen heitte Adam. Gud planta ein hage, og Adam budde i hagen. 26 RLE3kap1+2.indd 26

Bakgrunn

Den første boka i Bibelen er 1. Mosebok, som opnar med to skapingsforteljingar. Dei er både like og ulike. Den som står først, er den som er med i Inn i livet 1, og som er mest kjend. I denne forteljinga blir verda skapt på seks dagar, og Gud kviler på den sjuande dagen. Først skapte Gud lys, land og etter kvart planter, fuglar og fiskar, så dyr og til slutt menneske. For kvar ting Gud skapte, står det i forteljinga at «Gud såg at det var godt». Ein del kristne trur bokstaveleg på den første skapingsforteljinga, og trur at Gud skapte verda på ei veke. Blant kristne i Noreg er det meir vanleg å meine at desse to forteljingane ikkje skal tolkast bokstaveleg, men at dei likevel seier noko viktig om korleis verda blei til: Sidan forteljingane seier at Gud skapte verda, seier dei altså at verda ikkje blei til heilt tilfeldig, men fordi det fanst ein Gud som ønskte å skape ei verd. Det står også at det Gud skapte, var godt. Begge forteljingane seier dessutan at Gud skapte menneska, og at menneska var det aller finaste Gud skapte. Dermed seier forteljingane at menneska finst fordi

06-05-11 14:32:50

Gud ville det, og at mennesket står i ei særstilling i skaparverket. Ordet Adam tyder menneske, og forteljinga kan dermed lesast som ei forteljing som er meint å handle om alle menneske.

Til samtale

1. Sjå på illustrasjonane på side 26 og side 27 i elevboka. Kva er det teikningar av? Kvar i forteljinga passar dei ulike teikningane inn? 2. Jonas har hørt at Gud skapte verda på svært kort tid. Kor mange dagar var det? (Seks dagar, og så kvilte Gud den sjuande dagen.) 3. Er det nokon som veit om alle kristne trur at Gud skapte verda på ei veke? (Nei, men somme kristne trur det.) 4. Kva er det Jonas har hørt at Gud skapte menneske av? (Av leire.) 5. Mor til Jonas seier at det står fleire forteljingar i Bibelen om korleis verda blei skapt. Kor mange forteljingar? (To.)

38 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 38

28-09-11 12:05:44

RLE3kap1+2.


05-11 14:32:50

Men Adam var heilt aleine. Gud såg at det ikkje var godt. «Eg vil gi han nokon å vere saman med. Nokon som er lik han sjølv», sa Gud.

Så skapte Gud dyr og fuglar og tok dei med til Adam. Adam gav namn til dei, men han fann ingen som var lik han sjølv.

Adam og Eva. I forteljinga er det eit poeng at mennesket er skapt til å ha fellesskap med andre menneske.

Da fekk Gud Adam til å sovne. Mens han sov, tok Gud eit av ribbeina hans. Av det laga Gud ei kvinne. Ho heitte Eva. No var ikkje mannen aleine meir. Eva og Adam var saman og hadde kvarandre. Etter 1 Mos 2

27 RLE3kap1+2.indd 27

06-05-11 14:32:55

6. Kva heitte mannen som det står at Gud skapte, og korleis skapte Gud liv i han? (Mannen heitte Adam. Det står at Gud bles pust i nasen hans, og at han da blei levande.) 7. Kvifor skapte Gud fuglar og dyr? (Han såg at Adam var aleine, og da ville Gud gi han nokon å vere saman med.) 8. Kven gav fuglane og dyra namn? (Adam.) 9. Kvifor måtte Adam sove? (Gud ville hjelpe Adam med å finne nokon som var lik han. Derfor fekk Gud Adam til å sovne, og så tok han ut eit ribbein frå han, og av det ribbeinet skapte Gud ei kvinne.) 10. Kva er eit ribbein, og kvar på kroppen finst det ribbein? 11. Kva heitte den kvinna som Gud skapte? (Eva.)

Oppgåver/Aktivitetar

1. Bruk plastilin. Form skapningar av plastilin og gi dei eit namn. 2. Det finst tallause dyr i verda. a) Klassa deler seg i grupper og får ein eller fleire bokstavar. Dei skal prøve å finne så mange dyr som mogleg med

namn som begynner med denne bokstaven (eller desse bokstavane). Gruppa skriv på ark, og resultata blir gjennomgått i plenum etterpå. Eller: b) Skriv ein bokstav på tavla eller på flippover. Den som veit om eit dyr som begynner på denne bokstaven, rekkjer opp handa. Kor mange dyr finn de for kvar bokstav? Eller: c) Leik «Mitt skip er lasta med». Det kan vere lasta med for eksempel kamelar, kameleonar, kongekrabbar, kyr, klegg osv. 3. Kristne trur at Gud har skapt alle blomar og planter også. Skriv opp alle blomar og planter du kan namnet på. Kan du svært mange, kan du skrive dei under ein og ein bokstav. Vel sjølv kva for ein bokstav du vil begynne med. Du treng ikkje å ta alle bokstavane i alfabetet.

39 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 39

28-09-11 12:05:56


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane i Bibelen om skapinga og dei første menneska. • Elevane skal kjenne til og kunne snakke om eit kunstbilete frå kristen kunst.

Bakgrunn

Adam og Eva – syndefallet Kristne kallar gjerne denne forteljinga for syndefallsberetninga, og leser ho slik at ho handlar om korleis ondskapen eller synda kom inn i verda. Mennesket gjorde noko Gud hadde sagt det ikkje skulle gjere; det synda. Originalteksten skildrar korleis Adam og Eva vidare blei dømde til eit liv i strev og smerte: «Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,» seier Gud til Adam når dei forlét hagen, mens Eva må «føde med verk og vanda». Tematikken med at Gud grip inn og straffar eller stoppar menneska når dei går imot hans vilje, finst fleire stader i Det gamle testamentet; samanlikn f.eks. med forteljinga om Babels tårn i kapittel 8 eller om Noahs ark på trinn 1. Ut frå dette perspektivet er forteljinga om Adam og Eva ei forklaring på kvifor det er så mykje ondskap og vanskar i verda. Tilstanden i Edens hage, eller paradis, var ein tilstand av harmoni. Verda var berre god. Når mennesket set seg opp mot Guds påbud, blir harmonien broten. Men korleis skal vi forstå at det var kunnskapens tre som var forbode? Vanlegvis tenkjer vi jo på kunnskap som noko positivt. Men her er kunnskap altså innsikt i godt og ondt. Det var ei innsikt berre Gud skulle ha, for den gjorde Adam og Eva i stand til å gjere gale handlingar. At menneska fekk denne innsikta, kan også beskrivast som at dei gjekk ut av ein uskuldstilstand. Originalforteljinga skildrer korleis Adam og Eva «oppdagar seg sjølve» da dei blei jaga ut av hagen: Først da la dei merke til at dei var nakne og dekte seg til. Samstundes kjem også døden inn i verda. I originalteksten står det nemleg at hagen også inneheldt livsens tre, i tillegg til kunnskapens tre. Hvis menneska åt av det, ville dei bli udødelege. Så da Gud stengte menneska ute frå hagen, blei dei forhindrå frå å ete av dette treet. Somme kristne meiner at denne forteljinga ikkje handlar så mykje om korleis synd eller det onde først kom inn i verda. Dei vil heller ha fram at den viser noko allmennmenneskeleg om å bli frista til noko ein veit ein ikkie bør gjere.

Til samtale

1. Kva slags tre fekk Adam og Eva ikkje lov til å ete av? (Kunnskapens tre.) 2. Kven var det som lokka Eva? (Slangen.) 3. Kva skjedde med Adam og Eva etter at Gud hadde oppdaga at dei hadde ete av kunnskapens tre? (Dei blei jaga ut av hagen.) 4. Kven skulda Adam på da Gud oppdaga at dei hadde ete av den forbodne frukta? (Han skulda på Eva.) 5. Kven skulda Eva på? (Ho sa det var slangen som hadde lurt henne.)

Dei første menneska Eva og Adam budde i den herlege hagen som Gud hadde laga. Alt var godt. Midt i hagen voks kunnskapens tre. Det treet gav kunnskap om både godt og vondt. Gud sa: «De kan ete frukta frå alle trea i hagen, men ikkje frå kunnskapens tre. Om de et av det, skal de døy.» I hagen budde det ein slange. Han sa til Eva: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal ete av noko tre i hagen?» Ho svarte: «Vi kan godt ete av frukta. Men Gud har sagt at vi vil døy dersom vi et av kunnskapens tre.» Da sa slangen: «De kjem ikkje til å døy! Men Gud veit at de vil bli like kloke som han dersom de et av frukta.» Treet var flott, og Eva ville gjerne bli klok. Så ho tok ei frukt og åt. Ho gav til Adam også, og han åt av frukta. Da kom Gud.

28 RLE3kap1+2.indd 28

06-05-11 14:32:59

6. Kvifor trur du både Adam og Eva skulda på andre? (Her er det mange moglege svar. La elevane komme med tankane sine. Kanskje Adam og Eva var redde? Kanskje dei var litt feige som ikkje våga å ta på seg skulda sjølve?) 7. Har du nokon gong gjort noko dumt og så lagt skulda på andre? (La dei elevane som ønskjer det, fortelje. Kanskje læraren også har eksempel frå sin eigen barndom?) 8. I forteljinga i elevboka står det at alt var godt i den herlege hagen Gud hadde skapt. Korleis hadde det vore i verda dersom alt var godt? (La elevane få snakke og fantasere.)

Oppgåver til biletet på side 29 i elevboka

Sjå side 12 i innleiinga om arbeid med kunstbilete i RLE. 1. Heilt til høgre i biletet ligg ein mann på magen på bakken. Det er to andre personar her òg. Kva trur du kunstnaren har måla her? (Her ser vi at Gud skaper Eva frå Adams ribbein.)

40 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 40

28-09-11 12:06:03

RLE3kap1+2.


05-11 14:32:59

Biletet er eit oljemåleri frå 1530, måla av den tyske kunstnaren Lucas Cranach d.e. (1472–1553). Det er eit renessansebilete med stor detaljrikdom og ei nokså naturtru framstilling av kroppar og dyr. Biletet rommar mange ulike scenar frå forteljingane om skapinga og syndefallet.

Eva og Adam gøymde seg. «Kva har de gjort?» spurde Gud. Adam skulda på Eva og sa: «Eva gav meg ei frukt frå treet, og eg åt av frukta.» Men Eva skulda på slangen og sa: «Slangen lokka meg, og eg åt.» Gud sende menneska ut frå hagen og sperra inngangen. No kjende menneska til både det gode og det vonde.

Kristne meiner at ingen veit korleis Gud ser ut. Derfor unngår kristne kunstnarar ofte å framstille Gud figurativt, eller dei vel å framstille Gud som ein slags Jesusfigur. I dette biletet har målaren valt å framstille Gud på ein svært uvanleg måte. Her er Gud fleire stader ein gammal mann, og på ein stad er han eit ansikt i skya.

Etter 1 Mos 2–3 Lucas Cranach d.e. (1472–1553): Paradiset, 1530

Påfuglen er eit utbreidd symbol for liv eller for det udøyelege. Her kan fuglen symbolisere at den paradisiske hagen var ein stad for evig liv, eller han kan symbolisere håpet som kristne har om nytt liv etter døden.

Biletet viser mykje av det flotte resultatet av Guds skaparverk. Mange av dyra opptrer i harmoniske par, men det skulande blikket til løvene kan tyde på at det snart er slutt på det gode også hos dyra. 29 RLE3kap1+2.indd 29

06-05-11 14:33:06

2. I midten av biletet står Gud og snakkar med Adam og Eva. Kva trur du Gud seier her? (Gud peikar på kunnskapens tre. Kunstnaren vil vise at Gud sa at dei ikkje fekk ete av kunnskapens tre, men av dei andre trea.) 3. Mot venstre kant av biletet står Adam og Eva saman med ein litt merkeleg skapning. Kven er det, trur du? (Her blir Adam freista av Eva og av ein slange som er halvt kvinne. At slangen er halvt kvinne, kan symbolisere at menneske også er freistarar, at freisting ikkje berre kjem utanfrå.) 4. Mot høgre del av biletet er det ei stor sky, og Adam og Eva ser redde ut. Kva trur du kunstnaren prøver å vise her? (Her snakkar Gud til Adam og Eva frå skya. Dei gøymer seg fordi dei veit at dei har gjort noko gale, og dei har oppdaga at dei er nakne.) 5. Heilt til venstre i biletet spring Eva og Adam med ein engel bak seg. Kva trur du skjer her? (Her blir dei drivne ut av hagen av ein engel med sverd. Dei fekk ikkje lov til å vere der meir, fordi dei hadde gjort det som ikkje var lov.) 6. Kor mange ulike dyr kan du finne i biletet? (NB! Det er også ein einhyrning, eit fabeldyr, med.)

Oppgåver/Aktivitetar

1. Bruk kopioriginal 4 og brett ein slange av papir. Ark med fargar gir fin effekt. 2. Heile klassa kan lage ein veggplakat av Edens hage. Teikn og fargelegg på et kvitt ark, klipp deretter ut teikningane og lim dei på ein stor farga plakat. Elevane må fordele oppgåvene mellom seg. Dei treng: Adam, Eva, kunnskapens tre, slangen, dyr, planter, blomar osv. Dersom ein vil arbeide i mindre grupper, kan kvar gruppe lage ein plakat. I islam blir Adam rekna som den første profeten, og muslimske elevar vil kanskje ikkje teikne Adam. Da bør det leggjast til rette for at dei får teikne noko av det andre som kan vere i hagen.

41 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 41

28-09-11 12:06:06


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane i Bibelen om skaping og dei første menneska.

Abel og Kain var brør. Abel hadde sauer, mens Kain dyrka jorda. Kain ofra noko han hadde dyrka, til Gud, mens Abel ofra det aller finaste lammet han hadde.

Mamma fortel Jonas om dei to sønene til Adam og Eva. Dei heitte Kain og Abel.

Gud sette svært stor pris på offeret frå Abel, og Abel blei sjølvsagt glad. Men Gud brydde seg knapt om offeret frå Kain. Dermed blei Kain sint, og Gud mistenkte han for å ha vonde tankar.

Forteljinga seier at da det hadde gått ei stund, ville Kain ta Abel med ut på markene der dei var aleine. Abel blei med.

Kain og Abel ofrar.

Gud seier: «For eit flott offer, Abel!

Dei gir gåver til Gud.

Det var eit veldig fint lam!»

Kain seier til Abel:

Kain drep Abel.

Mens dei var ute på markene, gjekk Kain laus på Abel. Han slo i hel bror sin.

«Bli med ut på markene!»

30 RLE3kap1+2.indd 30

Bakgrunn

Ifølgje bibelforteljingane levde Adam og Eva svært lenge og fekk mange barn. Kain og Abel var dei første. Dette er ei forteljing som liknar på forteljinga om Eva og Adam i hagen. Menneska gjer noko som er imot Guds vilje. Men i denne forteljinga gjer dei noko mykje meir brutalt, idet Kain drep bror sin. I og med at synda er komen inn i verda, begynner menneska å kjenne misunning, hat, sinne og andre negative kjensler, og dei begynner å skade kvarandre. Når vi les forteljinga, kan det verke urettferdig at Gud berre likte offeret frå Abel. I kristen tradisjon har ein tolka det slik at grunnen var at Abel gav Gud det aller finaste han kunne finne, mens Kain ikkje gjorde det. Abel viste større takksemd overfor Gud. Derfor blei Gud mest glad for offeret hans. I forteljinga står det ikkje berre at Gud ser Abels blod, men at Abels blod roper til han frå jorda. Det vil seie at Gud verkeleg la merke til det som skjedde. Vonde gjerningar, som drap, «ureinar» den gode og rettferdige jorda

06-05-11 14:33:09

Gud ville ha. Men i forteljinga er det slik at jamvel om Gud ikkje synest noko om det Kain har gjort, og sender han vekk til eit anna land, sluttar ikkje Gud å bry seg om han. Forteljinga seier at Gud ikkje aksepterer handlinga Kain har gjort, men han vil likevel passe på han.

42 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 42

28-09-11 12:06:10


Da Kain hadde drepe Abel, fekk han høre ei stemme. Det var Gud som snakka til han og spurde kvar Abel var. Legg merke til at på biletet flyt det litt blod fram frå bak steinen. Det er blodet til Abel. Den mørke skya kan symbolisere Gud og at Gud er sint for det som har skjedd.

«Kvar er bror din, Kain?»

«Eg ser blodet frå bror din!

spør Gud. Kain svarer:

Dra din veg, Kain!

«Skal eg passe på bror min

Men eg skal passe på deg slik at

heile tida, synest du?»

ingen drep deg», seier Gud.

Gud visste at Kain hadde drepe Abel, og sa det til Kain. Som straff for det han hadde gjort, skulle han frå no av vere heimlaus og fredlaus. Det vil seie at han var utstøytt frå samfunnet og ikkje hadde noko vern mot hemn. Kain sa til Gud at det var ei fælsleg straff, og at han kom til å bli drepen sjølv. Men Gud lova at han skulle passe på han likevel. Gud sette eit merke på Kain, og det merket skulle sikre at ingen ville drepe han.

Etter 1 Mos 4

oppgåV oppg åVe åV eR

1 Gå saman i grupper eller i par og fortel historia om Adam og Eva for kvarandre. 2 Gå saman i grupper eller i par og fortel historia om Kain og Abel for kvarandre.

31

05-11 14:33:09

Til samtale

1. Sjå på teikneserien. Kven er Kain, og kven er Abel? (Kain har gule klede, Abel har raude klede.) 2. Kven var foreldra til Kain og Abel? (Adam og Eva.) 3. Kvifor var Kain misunneleg på Abel? (Gud sa at Abel hadde eit fint offer, men han sa ikkje noko positivt om offeret frå Kain.) 4. Korleis vil du forklare ordet misunning? (Det vil seie at ein ønskjer at ein hadde det slik som ein annan har det. Somme gonger kan ein bli misunneleg på andre fordi dei har noko som er svært fint, eller fordi dei er flinke til noko, osv. Snakk saman i klassa. La elevane komme med fleire eksempel.) 5. Kain og Abel var sysken. Har du sysken? Har det hendt at du har vore misunneleg på dei? (Dei elevane som ønskjer det, kan fortelje.) 6. Kain var så misunneleg på Abel at han gjorde noko heilt forferdeleg. Kva gjorde han? (Han drap bror sin.)

Oppgåver/Aktivitetar

1. Arbeid med kopioriginal 5. Kopioriginalen er laga med utgangspunkt i historiene om Adam og Eva og Kain og Abel. 2. a) Gå saman i grupper. Gruppene lagar eit dramastykke som handlar om misunning, gjerne mellom sysken. Eller: b) Skriv ei historie som handlar om sjalusi og misunning. Læraren kan skrive innleiinga til historia på tavla, og elevane skriv vidare. Innleiinga kan vere slik: Synne og Svein er sysken. Synne er to år eldre enn Svein. Ho går i femte klasse og får alltid lov til å vere oppe lenger om kvelden enn broren. Svein synest det er urettferdig. Han er ikkje trøytt når han må leggje seg klokka ni, og han ligg sur i senga og hører på at Synne ser tv saman med pappa. Svein finn på noko lurt. Ein kveld etter at pappa har sagt god natt …

43 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 43

28-09-11 12:06:13


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om søndag som heilagdag. • Elevane skal kunne fortelje om kva som kjenneteiknar kristne levereglar.

Kristne feirar gudsteneste på søndag, den dagen som er heilagdag og kviledag. Ein del kristne deltek ofte i gudsteneste, andre deltek sjeldan.

Ein familie som er på gudsteneste

Søndag For kristne er søndag ein spesiell dag. I kyrkja er det gudsteneste med bønn, song og tale. Marte og familien går til gudsteneste av og til. Dei et ofte ein ekstra god middag saman på søndagar.

Bakgrunn

Heilagdag I den første skapingsforteljinga i Bibelen står det at Gud kvilte på den sjuande dagen i skapingsveka, og at han «velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag». Å halde kviledagen heilag er eit av dei ti boda. At denne dagen er heilag, vil seie at han er Guds dag på ein spesiell måte, og ein dag som er litt annleis og åtskild frå andre dagar. Andre dagar er fylte med arbeid og alle andre vanlege gjeremål, men ifølgje det tredje bodet skal ein ikkje arbeide på søndag, men halde heilagdag for Gud. Bodet blir ulikt praktisert: Somme meiner at bodet om ikkje å arbeide inneber at ein for eksempel ikkje bør klippe plenen på ein søndag, mens andre synest det er heilt greitt. Å halde heilagdag for Gud inneber for mange kristne å ta del i gudstenester. Kvifor søndag? Skapingsforteljinga og dei ti boda er felles for kristne og jødar. Jødar har imidlertid sabbat, heilagdag, på laurdag. Jesus var jøde og dei første kristne var jødar, men heilagdagen blei altså flytta til søndag, fordi dei første kristne begynte å samlast for å feire Jesu oppstode på den dagen dei trudde at han hadde stått opp, som var søndag. Kristne levereglar Kristen etikk eller kristne levereglar består ikkje av ei liste over forbodne og påbodne handlingar. Kristne meiner at det grunnleggjande er å elske Gud, andre og seg sjølv. Kva ein skal gjere i ulike situasjonar, må ein vurdere ut frå kjærleik til og respekt for alle som Gud har skapt, og som Gud elskar. Kristne meiner at når menneske skal ha

Søndag blir kalla heilagdag eller helgedag. Det er fordi kristne trur at Jesus stod opp frå dei døde på ein søndag. Søndag blir også kalla kviledag. Det er fordi det står i Bibelen at Gud kvilte éin dag etter at han hadde skapt verda. Søndag er fridag i Noreg, fordi kristendommen er den viktigaste religionen her. 32 RLE3kap1+2.indd 32

06-05-11 14:33:19

kjærleik til alle, vil dei handle slik at det er godt for alle menneske. Kristne levereglar kan utleiast frå ei slik grunnleggjande forståing av kjærleik til alle menneske. Men det finst også ein del meir «handfaste» reglar. Dei ti boda seier mellom anna at ein ikkje skal drepe, ikkje lyge og ikkje stele. Den gylne regelen er også viktig: «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei» (Matt 7,12). Forteljingar er dessutan ei viktig kjelde til kristen etikk. Det gjeld for det første bibelforteljingane om Jesus. Jesu liv blir framheva som eksempel til etterfølging. Da peikar kristne gjerne på at Jesus var mild mot dei svake, men streng mot dei mektige og urettferdige, at han kjempa mot løgn og urettferd, og at han la vekt på tilgiving, på å ofre seg, vere audmjuk, tene andre og ikkje fordømme. I Bibelen står det også at Jesus sjølv fortalde forteljingar der poenget er å seie noko om korleis menneska skal leve. Desse forteljingane er andre vesentlege kjelder til kristen etikk. Forteljinga om den miskunnsame samaritanen, på side 34–35 i elevboka, er eit eksempel på dette.

44 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 44

28-09-11 12:06:16


Levereglar Ola er leiar for barnekoret der Marte er med. «Gud har skapt verda og alle menneske, og Gud er glad i alle», seier Ola. «Vi skal leve slik at vi er gode mot alle som Gud har skapt.» Ola held fram: «Jesus var rettferdig og hjelpte menneska. Han brydde seg om dei. Slik skal vi også prøve å vere.» Ola seier at Jesus ein gong fortalde ei forteljing som handlar om at det er viktig å bry seg om andre. «Den skal de få høre no,» seier Ola og fortel om den miskunnsame samaritanen.

oppgåVeR

Kva slags familieskikk har Marte og familien hennar på søndagar?

33

05-11 14:33:19

Til samtale

1. Kva for ein dag i veka er heilagdag for kristne? (Søndag.) 2. Marte og familien hennar et ein god middag på heilagdagen. Kva andre måtar trur du ein kan markere heilagdagen på? (Somme går i finare klede på søndagen. Det er vanleg å la vere å arbeide om ein ikkje må, osv.) 3. Kva inneheld gudstenesta i kyrkja? (Bønn, song, tale osv.) 4. Kvifor er søndag ein heilagdag for kristne? (Kristne trur at Jesus stod opp frå dei døde på ein søndag.) 5. Kvifor er søndag ein kviledag for kristne? (Fordi det i Bibelen står at Gud kvilte ein dag etter at han hadde skapt verda.) 6. Les teksten om levereglar på side 33 i elevboka. a) Kva seier Ola om Gud? (Han seier at Gud har skapt verda og alle menneska, og at Gud er glad i alle.) b) Korleis seier Ola at ein skal leve? (Ein skal leve slik at ein er god mot alle som Gud har skapt.) c) Kva seier Ola om Jesus? (At han var rettferdig og hjelpte menneska, han brydde seg om dei.)

d) Kva handlar forteljinga som Ola fortel, om? (Om at det er viktig å bry seg om andre.)

Oppgåver/Aktivitetar

1. Arbeid aleine. Lag ein dagsplan for deg sjølv over kva du bruker å gjere på ein heilt vanleg søndag. Skriv i skriveboka di. 2. Skaff lokalaviser og sjå kva du finn om gudstenester der. Når begynner vanlegvis ei gudsteneste? Kva slags informasjon finn du elles om gudstenesta? (Klokkeslett, stad, prest som taler, tema, osv.) 3. Lærar i rolle: Læraren er prest, og elevane kan spørje om kva som skal skje under gudstenesta neste søndag. Kva salmar skal syngjast? Kva skal talen handle om? Kva slags bønner skal bedast, osv. (Til læraren: Sjå side 13 i innleiinga om arbeid med drama i RLE.)

45 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 45

28-09-11 12:06:18


Mål

• Elevane skal kunne fortelje innhaldet i forteljinga om den miskunnsame samaritanen. • Elevane skal kjenne til og kunne snakke om eit kunstbilete frå kristen kunst.

Biletet er måla av den tyske kunstnaren Paula Modersohn-Becker (1876–1907). Det er ikkje eit forsøk på å gi ei realistisk framstilling av noko verkeleg, men ei forenkla eller stilisert framstilling. Her er nokså få element, knapt med detaljar og skarpe fargar i kontrast. Resultatet er at fargane og dei elementa som faktisk er med i biletet, blir svært viktige og sentrale.

H Den miskunnsame samaritanen Ein mann var på reise. Plutseleg kom nokre røvarar. Dei tok alt han hadde, slo og sparka han og lét han liggje igjen. Han var nesten død.

Byen med ein overnattingsstad der mannen kan få pleie.

Så kom det ein prest same vegen. Han såg mannen, men gjekk berre forbi. Etterpå kom ein annan mann som også var prest. Han stoppa heller ikkje for å hjelpe. Dei hadde det travelt og var redde for at røvarane skulle komme tilbake.

Eselet til samaritanen står bak epletreet.

Dei to prestane går forbi på vegen bak.

Den miskunnsame samaritanen som hjelper mannen som er såra kjem tydeleg fram på biletet. Paula ModersohnBecker (1876–

Biletet stemmer ikkje heilt med det som står i bibelforteljinga. I Bibelen er hendinga lagd til ein aud og skummel stad, men på biletet ser det ut som om hendinga skjer rett utanfor bymuren.

M I S

1907): Den miskunnsame samaritanen, 1907

34 RLE3kap1+2.indd 34

Bakgrunn

Prestar og samaritanar Dei to første som kom forbi den såra mannen, var prestar. Ordet prest har i denne samanhengen ei litt anna tyding enn den dei fleste elevane kjenner. I evangelieteksten er formuleringa «ein prest og ein levitt». Prestar og levittar var religiøse leiarar knytte til tempelet. Dei var menn som var høgt akta, og som følgde dei religiøse lovene om reint og ureint. Samaritanane var eit folk som følgde ein religiøs tradisjon som ligg nær jødedommen, men som også har klare skilnader. Dei hadde ein annan stad enn tempelet i Jerusalem som sin heilage stad, og dei hadde til dels andre heilage skrifter. Det var vanleg blant jødar å sjå på samaritanane som religiøst ureine. Det finst framleis nokre få samaritanar i Palestina i dag. Bodskapen i forteljinga I innleiinga til forteljinga stadfestar Jesus at det største bodet er å elske Gud og å elske andre menneske (nesten sin) som seg sjølv. Dette bodet blir ofte kalla det dobbelte

06-05-11 14:33:26

kjærleiksbodet. Det blir rekna som det mest sentrale bodet i kristendommen. I sjølve forteljinga er det eit viktig poeng at det er prestar som går forbi, mens det er ein samaritan som er miskunnsam. Han er god og hjelper den som har det vondt, jamvel om det kostar han noko. Dei som hørte forteljinga, ville forvente at prestane var gode menneske som følgde bodet om å elske nesten sin. I staden er det samaritanen som viser seg å følgje det største bodet, og som er miskunnsam – altså ein som tilhørarane såg ned på. Jamvel om Jesus ikkje direkte seier at «de skal bry dykk om menneske som ikkje hører til same folkeslag og ikkje har same tru som de sjølve», seier forteljinga at det å elske nesten sin ikkje berre er å elske «sine eigne». Å elske nesten sin vil seie at ein skal elske også dei som ikkje er lik ein sjølv, eller som ikkje hører til same gruppe som ein sjølv. I Bibelen blir forteljinga avslutta med desse orda: «Gå du og gjer som han.» Derfor les kristne denne forteljinga

46 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 46

28-09-11 12:06:22

RLE3kap1+2.


05-11 14:33:26

HURRA FOR EIT NYTT MENNESKE! Så kom det ein mann som var samaritan. Samaritanane var ei gruppe menneske som mange ikkje ville ha noko med å gjere. Samaritanen såg mannen som hadde det så vondt. Han syntest frykteleg synd på han. Han gjekk bort til han, stelte såra hans og la bandasjar på såra. Så lyfta han mannen opp på eselet sitt og tok han med til ein stad der dei kunne overnatte. Der passa han på mannen, bytte bandasjar og gav han mat. Da samaritanen måtte dra vidare, gav han pengar til nokon som kunne passe på mannen til han blei heilt frisk.

Oppgåver/Aktivitetar

Etter Luk 10

1. Teikn noko frå forteljinga om den miskunnsame samaritanen. Du kan også lage ein teikneserie som dekkjer heile forteljinga. 2. Sjå på biletet på side 34 i elevboka. Vel ut (eller læraren fordeler) ein del av biletet (for eksempel treet, huset, eselet, samaritanen og mannen som er såra, prestane …). Bruk vassfargar og mål den delen du har valt, på eit ark. Prøv å måle i same stil som kunstbiletet. (Når alle er ferdige, kan fleire bitar setjast saman til eit heilt bilete, med nokre overlappingar.)

oppgåVeR 1 Kvifor trur du prestane berre gjekk forbi den sjuke mannen, utan å hjelpe han?

MAMMAEN TIL SARA HAR STOR MAGE. 2 Har du nokon gong hjelpt nokon som trong hjelp? INNE I MAGEN ER DET EIN BABY. SNART KJEM BABYEN UT. 3 Dramatiser historia om den miskunnsame samaritanen.

37 35 RLE3kap1+2.indd 35

06-05-11 14:33:27

som ein tydeleg bodskap om korleis ein skal vere. Som kristen skal ein aktivt vise miskunn også mot dei ein ikkje kjenner, eller som ikkje hører til same gruppe menneske som ein sjølv.

Til samtale

Kva vil det seie å vere miskunnsam? (Det vil seie å vere god mot andre, å bry seg og å føle med ein som har det vondt.)

La oss tenkje saman

Les forteljinga om den miskunnsame samaritanen. Ta stilling til påstanden under og lag fleire grunngivingar. (Til læraren: Bruk framgangsmåten som det er gjort greie for på oppskriftsarket om filosofisk samtale på side 9–11.) • Du skal elske andre menneske som deg sjølv, fordi …

Oppgåver til biletet på side 34 i elevboka (Til læraren: Sjå side 12 i innleiinga om arbeid med kunstbilete.) 1. Samanlikn med biletet på side 29 i elevboka. Korleis er stilen i dei ulike bileta? Kva er ulikt? (La elevane snakke.) 2. Korleis er fargebruken i dette biletet? (Det er brukt sterke fargar og ganske få ulike fargar.) 3. Kva kjensler eller tankar får du av å sjå på biletet? 4. Når er biletet laga? (I 1907, det står ved sida av biletet.) 5. Kva farge har kleda til mannen som er såra? (Dei er raude.) 6. Trur du kunstnaren har meint noko spesielt med å la den såra mannen ha raude klede? (Raudt blir gjerne assosiert med blod, fare og krig.) 7. Kva farge har kleda til den miskunnsame samaritanen? (Dei er grøne.) 8. Trur du kunstnaren har meint noko spesielt med å la den miskunnsame samaritanen ha grøne klede? (Grønt er ein farge som vanlegvis symboliserer liv og vekst.)

47 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 47

28-09-11 12:06:25


Mål

• Elevane skal kunne samtale om islam og korleis religiøs praksis kjem til uttrykk gjennom levereglar, bønn og matreglar. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til islam.

kapittel

3

islam i kvardagen Når muslimar ber, gjer dei ulike rørsler. Dei står oppreist, dei sit på kne og dei bøyer seg framover og legg panna mot eit bønneteppe. Desse rørslene gjer dei mens dei seier vers frå Koranen. Koranen er den heilage boka for muslimar.

i dette kapittelet skal du lære om: ➔

bønn i islam

bønneteppet

levereglar i islam

matreglar i islam

Ornamentikk blir ofte brukt som utsmykking av veggene i moskeen. Ornamentikk består av ulike mønster som blir gjentekne. Det er vanleg å bruke mønster av planter og geometriske figurar.

Muslimar bruker eit bønneteppe når dei skal be. Det gjer dei for å sleppe å be rett på bakken eller golvet, og for å forsikre seg om at det er reint der dei ber. I moskeane er det som regel teppe på golvet, slik at dei som kjem til bønn, ikkje må ha med seg eigne bønneteppe.

36

Bakgrunn

Rituell reinsing Muslimar må vere rituelt reine for å kunne be. Derfor utfører dei ei rituell reinsing før bønnen. Formålet med denne reinsinga er ikkje å vaske av seg, men å førebu seg til bønn. Dersom ein er skitten, vaskar ein seg først og utfører den rituelle reinsinga etterpå. I alle moskear er det derfor ein stad der folk kan vaske seg, slik biletet på side 43 i elevboka viser. Alle muslimar må utføre den rituelle reinsinga før dei skal be og før dei skal lese i Koranen, same kvar dei er. Er det ikkje vatn tilgjengeleg, kan sand brukast til å gjennomføre reinsinga. Bønna Den muslimske tidebønna er ei av dei fem søylene i islam. Dei fem søylene er religiøse plikter som muslimar ifølgje islam har overfor Gud (på side 54 her i lærarressursen står det meir om dei fem søylene). Muslimar vender seg mot Mekka når dei ber. Under bønna gjer dei ulike rørsler samtidig med at dei seier vers frå Koranen.

Kunst i islam I islam er det biletforbod – det er ikkje lov å lage bilete av Gud, englar, profetar, menneske og dyr. Dette forbodet blir tolka på ulike måtar. I moskeane er det ikkje vanleg med bilete av levande vesen, men utanfor moskeen er det meir utbreidd. Mange muslimar har bilete av familie og venner heime, og barn får som regel lov til å teikne det dei vil, med unntak av Gud, englar og profetar. Biletforbodet kan førast tilbake til Koranen og hadith-litteraturen, og bakgrunnen for forbodet er at det skal hindre avgudsdyrking. På side 8 i innleiinga står det meir om kva det islamske biletforbodet omfattar. Kalligrafi, ornamentikk og mosaikk er vanlege kunstformer i islam. Kalligrafi er vakker skrift. Moskeane blir ofte utsmykka med ei blanding av mosaikk, kalligrafi frå Koranen og ornamentikk, der ornamentikken pyntar opp mosaikkflisene og breier seg utover i store mønstre av gjentakingar.

48 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 48

28-09-11 12:06:29


Tips til læraren

Ismael ber Ismael skal be saman med far sin. Før dei kan be, må dei vaske seg. Far og Ismael går inn på badet. Først vaskar dei hendene, munnen, nasen og ansiktet. Så vaskar dei armane og tek vatn i håret. Til slutt vaskar dei føtene. No er dei klare til bønn.

• På den norske nettsida www.islam.no finst det mykje praktisk informasjon om bønna. Her står det forklart kvifor muslimar skal be, og korleis dei skal be. På nettsida finst det også informasjon om den rituelle reinsinga som muslimar må utføre før bønn.

Inne i stua stiller far og Ismael seg på kvart sitt bønneteppe. Dei begynner bønna med å stå. Så gjer dei ulike rørsler mens dei seier vers frå Koranen. Dei bøyer seg framover, set seg på kne og legg panna på teppet. Dei gjer dei same rørslene fleire gonger. Så er bønna ferdig.

oppgÅver

1 Kva må Ismael vaske før han kan be? Teikn og forklar. 2 Kva gjer Ismael når han ber?

37

Til samtale

1. Kva skal Ismael gjere? (Han skal be saman med far sin.) 2. Kva må Ismael gjere før han kan be? (Han må vaske seg.) 3. Kvifor trur du Ismael må vaske seg før han kan be? (Her kan det vere mange svar, men det rette er at han må vere rein for å kunne be.) 4. Når må du vaske deg? (Mange moglege svar, for eksempel: før du skal ete, før du legg deg, når du står opp, før du skal i bursdag, før du skal i symjehallen, før du skal be, osv.) 5. Kva står Ismael på når han ber? (På eit bønneteppe.) 6. Kva seier Ismael når han ber? (Han seier fram vers frå Koranen.) 7. Kva er Koranen? (Den heilage boka for muslimar.)

Oppgåver/Aktivitetar

1. Arbeid med kopioriginal 6, om kunst i islam. 2. Sjå på biletet på side 36 i elevboka. a) Kva ser du på biletet? (Tre personar som bøyer seg ned. Eit teppe og ein vegg med mange ulike mønster.) b) Kva trur du personane på biletet gjer? (Dei ber.) c) Skriv ein kort tekst som passar til biletet. Les teksten høgt for ein av dei andre elevane i klassa.

Fasit til oppgåvene på side 37 i elevboka 1. Ismael må vaske hendene, munnen, nasen, ansiktet og armane, ta vatn i håret og vaske føtene før han kan be. 2. Ismael står på eit bønneteppe når han ber. Han begynner bønna med å stå, og så gjer han ulike rørsler mens han seier vers frå Koranen. Han bøyer seg framover, set seg på kne og legg panna på teppet. Han gjer dei same rørslene fleire gonger.

49 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 49

28-09-11 12:06:33


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om bønn i islam.

Tips til læraren

- Nora S. Eggen: Den utvalgte. Historien om profeten Muhammads liv. Oslo: Solum forlag, 2002. Dette er ei barnebok om profeten Muhammeds liv.

«Kvifor ber vi?» spør Ismael. «Vi ber fordi Gud har sagt at vi skal be», svarer far. «Vi snakkar til Gud når vi ber, og vi viser Gud at vi tenkjer på han. Vil du høre ei forteljing om da profeten Muhammed lærte å be?» Ismael nikkar, og far begynner å fortelje:

Bakgrunn

Bønnerop I muslimske land kallar bønneropet frå minareten inn til bønn. Ein minaret er eit tårn som hører til moskeen. Bønneropet, adhan, er eit vers som skal minne muslimar om at det er tid for bønn. Bønneropet er på arabisk. Dei første orda i bønneropet er «Allahu Akbar», som tyder «Gud er større enn alt». I Noreg har det vore debatt om bønnerop frå moskear. Ein av dei store moskeane i Oslo har fått løyve til å la bønneropet lyde utanfor moskeen éin gong i veka, på fredagar, men lyden er ganske låg, slik at han ikkje bryt støyforskriftene.

Da gabriel lærte Muhammed å be Ein dag da Muhammed var ute på ei av høgdene ved Mekka, kom engelen Gabriel til han. Engelen kom for å lære Muhammed å be. Gabriel sette hælen sin i bakken, og ut av bakken strøymde det vatn. Gabriel vaska seg i vatnet. Muhammed gjorde det same. Deretter bad Gabriel, og Muhammed bad på same måten.

Til samtale

1. Kvifor ber Ismael og far? (Fordi far til Ismael meiner at Gud har sagt at dei skal be.) 2. Kva seier far til Ismael at dei gjer når dei ber? (Han seier at dei snakkar til Gud når dei ber, og at dei viser at dei tenkjer på Gud.) 3. Kven lærte ifølgje forteljinga Muhammed å be? (Gabriel.) 4. Kven er Gabriel ifølgje forteljinga? (Ein engel.) 5. Kvifor vaska Gabriel og Muhammed seg? (Fordi dei skulle be. Muslimar må vaske seg før bønn.) 6. Korleis lærte Gabriel Muhammed å be? (Gabriel viste Muhammed kva han skulle seie og gjere, og så gjorde Muhammed det same som Gabriel.)

Muhammed å be» trur du denne illustrasjonen hører til? (Den delen der Gabriel set hælen i bakken og det strøymer vatn fram.) c) Skriv eit dikt som passar til illustrasjonen på side 38. Diktet treng ikkje å handle om forteljinga.

Oppgåver/Aktivitetar

Fasit til kopioriginal 7

1. I forteljinga lærer Gabriel Muhammed korleis han skal be, gjennom å vise han kva han skal gjere. Vi kan lære mykje av å sjå på kva andre gjer. Gå saman to og to. Du skal mime noko du er flink til å gjere. Det er ikkje lov å snakke. Den andre skal gjere det same som du, og gjette kva det er du gjer. Så byter de. 2. Arbeid med kopioriginal 7. Fyll inn orda som manglar i forteljinga. 3. Sjå på illustrasjonen på side 38 i elevboka. a) Kva trur du illustrasjonen skal vise? (Ei vassåre som spring ut av bakken.) b) Kva for ein del av forteljinga om «Da Gabriel lærte

38 RLE3kap3+4+5.indd 38

06-05-11 14:25:12

1. En dag da Muhammed var ute på ei av høgdene ved Mekka, kom engelen Gabriel til han. 2. Engelen kom for å lære Muhammed å be. 3. Gabriel sette hælen sin i bakken, og ut av bakken strøymde det vatn. 4. Gabriel vaska seg i vatnet. Muhammed gjorde det same. 5. Gabriel innleidde bønna med å stå og seie: «Gud er større enn alt.» 6. Koranen er den heilage boka til muslimane. 7. Gabriel bøygde seg framover, la panna mot jorda og takka Gud.

50 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 50

28-09-11 12:06:35


Til høytlesning I moskeen oppgÅver

Gå saman to og to. Fortel med dine eigne ord historia om da Gabriel lærte Muhammed å be.

Gabriel innleidde bønna med å stå og seie: «Gud er større enn alt.» Så sa han vers frå Koranen. Koranen er den heilage boka til muslimane. Gabriel bøygde seg framover, la panna mot jorda og takka Gud. Til slutt helsa han til begge sider og sa: «Fred vere med dykk.» Slik lærte profeten Muhammed å be. Da Muhammed kom heim, lærte han kona si å be. Alle muslimane lærte å be på denne måten. I dag ber muslimar over heile verda akkurat slik. Tilrettelagt frå Nora S. Eggen: Den utvalgte. Historien om profeten Muhammads liv (2002)

39

05-11 14:25:12

8. Til slutt helsa han til begge sider og sa: «Fred vere med dykk.» 9. Da Muhammed kom heim, lærte han kona si å be. 10. I dag ber muslimar over heile verda akkurat slik.

Halima er med far sin i moskeen. Det er fredagsbønn. Far til Halima går til fredagsbønn i moskeen nesten kvar veke. Der ber han saman med dei andre mennene i moskeen. No sit Halima og faren og pratar saman i avdelinga til mennene. Vanlegvis sit menn og kvinner i kvar si avdeling i moskeen. Men i dag er ikkje mor til Halima med, så Halima er i avdelinga til mennene saman med far. Sidan Halima ikkje er vaksen, kan ho sitje saman med mennene jamvel om ho er jente. «Kvifor ber du i moskeen kvar fredag, pappa?» spør Halima. «Fordi alle muslimske menn skal gjere det», seier far. «Islam seier at alle muslimske menn skal be saman i moskeen på fredagar. Det er ei religiøs plikt. Eg liker også å be i moskeen. Eg liker å vere her fordi eg treffer vennene mine her. Og eg liker å be saman med andre. Det knyter oss saman.» «Kvifor er ikkje mor i moskeen kvar fredag, da?» spør Halima. «Kvinner må ikkje be i moskeen på fredagar slik som menn. Men dei kan gjere det om dei vil», svarer far. «Allahu Akbar. Allahu Akbar.» – Far blir avbroten av bønneropet. Bønneropet er eit vers som fortel muslimar at det no er tid for bønn. Bønneropet fyller heile moskeen med lyd, men det kan ikkje hørast utanfor moskeen. Det synest Halima er rart. For det er jo så mykje lyd inne i moskeen. Halima veit at i land der det bur mange muslimar, kan ein også høre bønneropet utanfor moskeen. Det har ho sjølv hørt ein gong ho var på ferie i Tyrkia. Far reiser seg opp. «Du kan stå ved sida av meg og be, Halima», seier han. Halima reiser seg opp og stiller seg ved sida av far. Dei ser på kvarandre og smiler, så begynner dei å be.

Oppgåver til høgtlesingsteksten 1. Kvar er Halima og far? (I moskeen.) 2. Kvifor er dei i moskeen? (Fordi det er fredagsbønn.) 3. Kvifor er ikkje mor til Halima i moskeen? (Fordi kvinner ikkje er forplikta til å be i moskeen på fredagar slik som menn, men dei kan gjere det om dei vil.) 4. Kva fortel bønneropet muslimane? (At det er tid for å be.) 5. Lytt til første delen av bønneropet, al-Adhan, på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 23. a) Kva hører de? (Ein mann som snakkar eller syng.)

b) Snakkar mannen fort eller langsamt? (Langsamt.) c) Kva for eit språk trur de mannen snakkar? (Rett svar er arabisk.) d) Mannen seier «Allahu Akbar». Det er arabisk og tyder «Gud er større enn alt». Kor mange gonger seier mannen «Allahu Akbar»? (Fire gonger.)

51 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 51

28-09-11 12:06:37


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om bønn i islam. • Elevane skal arbeide med bønneteppet.

Tips til læraren

På www.islam.no kan du finne bønnetidene for dei største norske byane i Noreg under fana «bønnetider». Denne informasjonen kan det også lagast lokale rekneoppgåver til, tilsvarande det vi gjer her i lærarressursen.

Eksempel på fem bønnetider. For å vite når dei skal be, bruker mange ein bønnekalender som dei får i moskeen. Bønnetidene blir bestemde ut frå solas rytme.

Bønn Mor og far til Halima ber fem gonger om dagen. Dei ber ei bønn før sola står opp. Dei ber to bønner mens sola er oppe og ei bønn ved solnedgang. Den siste bønna ber dei etter at sola har gått ned. Dei kan be overalt. Vanlegvis ber dei heime. Men på fredagar ber far til Halima i moskeen. Da er det fredagsbønn i moskeen, og mange menn samlar seg der for å be saman. Halima er ni år. Derfor treng ho ikkje be fem gonger om dagen. Det er berre vaksne muslimar som må gjere det.

Muslimar ber på eit bønneteppe, fordi dei skal be på ein stad som er religiøst rein. Bønneteppa kan vere ulike, men dei fleste har ei markering som viser bønneretninga mot Mekka. oppgÅ oppg Åver Å ver

Mor og far til Halima ber fem gonger om dagen. a) Kor mange gonger ber dei på to dagar? b) Kor mange gonger ber dei på ei veke?

40

RLE3kap3+4+

Bakgrunn

Bønnetidspunkta Bønna skal bedast fem gonger i døgnet og følgjer solrytmen. Morgonbønna skal ein be ved daggry, før soloppgang. Middagsbønna skal ein be etter at sola har nådd det høgaste punktet. Ettermiddagsbønna skal ein be før sola går ned. Solnedgangsbønna skal ein be etter solnedgang, og kveldsbønna skal ein be når det er heilt mørkt ute. For somme muslimar er det viktig å be til rett tid. Andre meiner at det viktigaste er at dei ber fem gonger om dagen, ikkje sjølve tidspunkta. Somme vel også av praktiske omsyn å slå saman nokre av bønnene. I klasser med mange muslimske elevar kan det vere fleire oppfatningar om korleis og når ein bør be. I slike situasjonar er det viktig at læraren kjenner til at det finst ulike tolkingar av tidebønna i islam, og at ein ikkje presenterer éin måte å praktisere tidebønna på som betre enn ein annan. Fredagsbønn i moskeen Fredagsbønna er det viktigaste samlingspunktet i moskeen.

Til middagsbønna på fredag kjem dei fleste menn som har høve til det. På denne dagen kjem også ein del kvinner og mange barn til moskeen. Fredagsbønna blir avslutta med ei preike, som helst skal seie noko viktig både om islam og om eit aktuelt tema. Barn og bønn Muslimske barn er ikkje forplikta til å be fem gonger om dagen, dei religiøse pliktene gjeld for vaksne. Ifølgje islam bør barn begynne å be dei daglege bønnene når dei kjem i puberteten, men på langt nær alle følgjer dette kravet. Dei daglege bønnene er svært viktige for praktiserande muslimar, fordi dei blir oppfatta som ei plikt pålagd av Gud. Mange barn blir oppfordra til å be saman med dei vaksne frå dei er ganske små, andre barn ønskjer sjølve å be fordi dei vil gjere som dei vaksne. I ein del muslimske heimar er det vanleg at barna ber ei eller fleire av dei daglege bønnene saman med familien sin, også før dei kjem i puberteten. På den måten lærer barna å be. Mange muslimske elevar kan derfor ha erfaring med bønn.

52 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 52

28-09-11 12:06:40


Bønneteppet

På dette bønneteppet er det den store pila i midten som skal liggje slik at ho peikar mot Mekka. Mange bønneteppe er dekorerte med mønster i form av ornamentikk.

Halima har fått eit bønneteppe av mor si. Mange muslimar bruker bønneteppe når dei ber. På bønneteppet til Halima er det mange ulike mønster i fine fargar. Halima er stolt av bønneteppet sitt. Halima har bønneteppet på rommet sitt. Når ho skal be, tek ho det med ut i stua. Der har familien eit bilete som viser retninga mot Mekka. Mekka er ein heilag by for muslimar. Muslimar må snu seg mot Mekka når dei ber.

Oppgåver/Aktivitetar

Bønneteppe frå Iran

41 RLE3kap3+4+5.indd 41

06-05-11 14:25:18

Til samtale

1. Kor mange gonger om dagen ber foreldra til Halima? (Fem gonger.) 2. Kvar bruker foreldra til Halima å be? (Heime.) 3. Kvar ber far til Halima på fredagar? (I moskeen.) 4. Kvifor ber far til Halima i moskeen på fredagar? (Fordi det er fredagsbønn, og da samlast mange menn i moskeen for å be saman.) 5. Kva heiter teppet det er bilete av på side 41 i elevboka? (Bønneteppe.) 6. Kva bruker muslimar bønneteppet til? (Til å be på.) 7. I kva retning vender Halima seg når ho skal be? (Mot Mekka.)

1. Sjå på klokkene på side 40 i elevboka. Kva klokkeslett viser dei ulike klokkene? (Klokke 1: Ti på seks (05.50), klokke 2: ti på halv åtte (07.20), klokke 3: ti over eitt (13.10), klokke 4: fem på sju (18.55) og klokke 5: fem på halv ni (20.25).) 2. Klokkene viser tidspunkt for når foreldra til Halima må be. Den øvste klokka viser tidspunktet for når dei må be første bønn, klokke to viser tidspunktet for når dei må be andre bønn, osv. a) Kor lang tid er det mellom klokke 1 og klokke 2? (1 time og 30 minutt.) b) Kor lang tid er det mellom klokke 2 og 3? (5 timar og 50 minutt.) c) Kor lang tid er det mellom klokke 3 og 4? (5 timar og 45 minutt.) d) Kor lang tid er det mellom klokke 4 og 5? (1 time og 30 minutt.) e) Kor lang tid er det mellom første bønn og siste bønn? (14 timar og 35 minutt.) 3. Gå saman to og to. Sjå på biletet av bønneteppet på side 41 i elevboka. a) Lukk boka slik at de ikkje ser biletet lenger. Beskriv for kvarandre korleis bønneteppet ser ut. b) Når de har blitt einige om korleis de meiner bønneteppet ser ut, skal de teikne det. De kan teikne eit bønneteppe kvar, eller eitt saman. c) Opne elevboka igjen. Samanlikn bønneteppa de har teikna, med teppet på side 41. Kva er likt? Kva er ulikt? Har de med for mange ting på teppet de har teikna? Eller har de med for lite?

Fasit til oppgåver på side 40 i elevboka a) Dei ber 10 gonger på to dagar (5 x 2= 10). b) Dei ber 35 gonger på ei veke (5 x 7= 35).

53 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 53

28-09-11 12:06:43


Mål

• Elevane skal arbeide med bønneteppet. • Elevane skal kunne fortelje om levereglar i islam.

Bygningen øvst på bønneteppet skal vise den store moskeen i Mekka i Saudi-Arabia. Den store moskeen omkransar Kabaen, som muslimar vender seg mot når dei ber.

I mange bønneteppe er det ei slags pil som skal peike mot Mekka når teppet er i bruk. På dette bønneteppet finn vi slike piler fleire stader.

Dette bønneteppet er pynta med ulike former for ornamentikk. Vi ser både mønster av geometriske figurar og plantemønster.

Bønneteppe frå Tyrkia

oppgÅ oppg Åver Å ver

1 Sjå på bileta av bønneteppa. a Kva er likt, og kva er ulikt? b Kva slags mønster ser du på teppa? 2 Teikn nokre av mønstera du ser på bønneteppa.

44 42

Bakgrunn

Bønneteppe Bakgrunnen for at muslimar ber på eit bønneteppe, er at staden dei ber på, må vere rituelt rein. I bønneromma i moskeane er det ofte teppe på golvet, og desse romma blir oppfatta som rituelt reine. Her kan muslimar be rett på golvteppet. Men utanfor moskeane, i heimen eller på arbeidsplassen kan muslimar skape seg ein rituelt rein stad ved å bruke eit bønneteppe. Det er vanleg at praktiserande muslimar har sitt eige bønneteppe. Barn får gjerne sitt eige bønneteppe når dei skal begynne å be regelmessig, eller når dei begynner å øve seg på å be.

Muslimar skil mellom handlingar som Gud tillèt, og handlingar som Gud forbyr. Tillatne handlingar blir kalla halal, og forbodne handlingar blir kalla haram. Tanken bak handlinga er likevel viktig for muslimar. Intensjonen bak må vere god for at ei handling skal vere god. Dei fem søylene i islam er religiøse plikter som muslimar har, og som blir rekna som obligatoriske handlingar. Både menn og kvinner er forplikta til å halde seg til dei fem søylene. Dei fem søylene er truvedkjenninga, bønna, den rituelle avgifta (ein velferdsskatt som skal gå til trengande), fasta i månaden ramadan og pilegrimsreisa til Mekka. Jamvel om dei fem søylene er rekna som religiøse plikter, er det ikkje slik at alle muslimar held seg til dei.

Levereglar i islam Ifølgje islam har Gud gitt menneska ei rekkje plikter og reglar. Muslimar trur at dersom dei følgjer desse pliktene og reglane, følgjer dei Guds vilje. Reglane seier korleis menneska skal vere mot Gud og mot kvarandre. Ei god handling følgjer Guds reglar og plikter, mens ei dårleg handling bryt med Guds reglar og plikter.

54 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 54

28-09-11 12:06:50


Levereglar AMINA ER FØDT FARMuslimar KVISKRAR TIL AMINA. trur at Gud har gitt dei levereglar HAN KVISKRAR GUDS NAMN. som dei må følgje. DETReglane ER DET AMINA skal HØRER. seierFØRSTE korleis menneska vere mot kvarandre og mot Gud. Mange av levereglane står i Koranen.

Oppgåver/Aktivitetar

Å be fem gonger om dagen er ein leveregel som muslimar har. Å vaske seg før bønn er ein annan. Dei skal også tru på Gud, hjelpe fattige, faste i ein månad kvart år og dra på pilegrimsreise til Mekka.

Ein gut vaskar seg før bønn på Lakkegata skole i Oslo

43 45

Til samtale

1. Kven trur muslimar at dei har fått levereglane frå? (Frå Gud.) 2. Kva dreiar levereglane i islam seg om? (Om korleis menneska skal vere mot kvarandre og mot Gud.) 3. Kva levereglar som muslimar har, blir nemnde i elevboka? (Å be fem gonger om dagen, å vaske seg før bønn, å tru på Gud, å hjelpe fattige, å faste i månaden ramadan og å dra på pilegrimsreise til Mekka.) 4. I kva for ei bok står mange av levereglane til muslimar? (I Koranen.) 5. Kva andre levereglar kjenner du til? (Her kan elevane ha mange svar. Somme vil for eksempel hugse dei ti boda, andre hugsar kanskje den gylne regelen, osv.) 6. Kva for ein av levereglane du kjenner til, synest du er den viktigaste? Grunngi svaret ditt.

1. Sjå på biletet av bønneteppet på side 42 i elevboka. a) Kva tenkjer du når du ser dette biletet? (Fri assosiasjon.) b) Kva er det bilete av? (Eit bønneteppe.) c) Ser du noko på biletet som gjer at du trur det hører til ein bestemt religion eller eit bestemt livssyn? (Her kan elevane ha mange svar. Dei ser for eksempel sju halvmånar, kuplar, minaretar og ornamentikk.) d) Kva ser du på bønneteppet? (Mange ting: ein moské med kuplar og tårn som heiter minaretar, to søyler, halvmånar, plantemønster, geometriske mønster.) e) Ser du piler eller spissar på dette teppet som du trur skal vise oss retninga mot Mekka? Kvar ser du dei? (Dei er i midten av teppet. Den første pila finn vi i den gule bakgrunnen midt i biletet. Øvst i det gule feltet ser vi ei stipla linje som endar i ein liten spiss. Det er den første pila eller spissen. Deretter ser vi ein liten spiss i den svarte bakgrunnen med plantemønster, og rett over den ser vi ei lita pil inne i det vesle huset.) f) Kva slags former og figurar kan du sjå på bønneteppet? Teikn og forklar kva former og figurar du finn. 2. Sjå på biletet på side 43 i elevboka. a) Kva tenkjer du når du ser dette biletet? b) Kva ser du på biletet? (Ein gut som vaskar seg.) c) Les teksten under biletet. Kvifor vaskar guten føtene i vasken? (Fordi han skal be. Muslimar må vaske seg før dei skal be.) d) Skriv ein kort tekst som passar til biletet. 3. Lytt til Salah-songen på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 24. a) Kva tenkjer du når du hører denne musikken? (Fri assosiasjon.) b) Verkar musikken alvorleg, trist eller glad? c) Kva for ein religion eller kva for eit livssyn trur du denne musikken hører til? d) Kjenner du igjen hendingar, ord eller namn i songteksten? (Her vil elevane kunne kjenne igjen fleire ting.) e) Kva handlar songen om? (Fleire ting: Han handlar om å høre bønneropet (adhan på arabisk), om å komme i moskeen (masjid på arabisk) kvar fredag, om å lese i Koranen, om å be dei daglege bønnene, om å tene Gud, Allah, og om å gi livet sitt over til Allah.)

55 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 55

28-09-11 12:06:55


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om matreglar i islam.

Biletet viser ein butikk i Oslo som sel halal-kjøtt. Etter dei islamske matreglane kan ikkje muslimar ete svinekjøtt eller mat som har blod i seg. Forbodet mot å ete blod gjer at dyra må slaktast på ein slik måte at alt blodet renn ut av kroppen. Mens dyret blir slakta, seier slaktaren «bismillah», som tyder «i Guds namn». Dyret bør også stå vendt mot Mekka. Butikk i Grønland Basar i Oslo

Matreglar Familien til Halima følgjer dei islamske matreglane. Dei kan ete alt av fisk, frukt og grønt. Men dei kan ikkje drikke alkohol, og dei kan ikkje ete svinekjøtt eller blod.

Bakgrunn

Matreglar Dei islamske matreglane står i Koranen og hadith-litteraturen. Mat som er lov å ete blir kalla halal, mens mat som er ulovleg å ete blir kalla haram (jf. prinsippa for tillatne og forbodne handlingar på side 54). Sjiamuslimar har strengare matreglar enn sunnimuslimar. I tillegg til reglane som er nemnde i elevboka, kan dei ikkje ete skaldyr eller fisk utan skjel. Det er stor variasjon blant muslimar når det gjeld kor strengt dei følgjer matreglane. Somme prøver å følgje alle, andre følgjer nokre av matreglane, og somme bryr seg ikkje om dei. Om songen «Bismillah» («I am a Muslim») Denne songen er på engelsk og handlar om ordet «bismillah», som tyder «i Guds namn». Barna syng om at dei er muslimar i alt dei gjer kvar einaste dag. Dei syng om at dei må ete mat slik at dei kan vekse, og at dei seier «bismillah» før dei et og drikk. Når dei er ferdige med å ete og drikke, takkar dei Gud for maten ved å seie «alHamdullilah». Barna syng også om andre situasjonar der dei seier «bismillah», for eksempel når dei skal ut og kjøre bil, og når dei skal leggje seg.

Til samtale

Reglane står i Koranen og i andre bøker som er viktige for muslimar. Forbodet mot å ete blod gjer at kjøttet som muslimar kan ete, må vere frå dyr som er slakta på ein bestemt måte. oppgÅ oppg Åver Å ver

Kva kan Halima ete, og kva kan ho ikkje ete? Teikn og forklar.

44 44

Oppgåver/Aktivitetar

1. Lytt til songen «Bismillah» («I am a Muslim») på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 26. a) Kva tenkjer du når du hører denne musikken? b) Kva liker du med songen – eller kva liker du ikkje? c) Kva for ein religion eller kva for eit livssyn hører denne musikken til, trur du? d) Kven er det som syng? (Ulike barn som syng vers og refreng, og vaksne som dannar bakgrunnskor.) e) Kva for eit språk syng dei på? (Engelsk.) 2. Kva har du lært i dette kapittelet? Løys kryssordoppgåva på kopioriginal 8.

1. Kva matreglar følgjer familien til Halima? (Dei islamske matreglane.) 2. Kvar står dei islamske matreglane? (I Koranen og i andre bøker som er viktige for muslimar.) 3. Kva slags kjøtt kan muslimar ete? (Kjøtt som er slakta på ein bestemt måte, og som blir kalla halal-kjøtt. Svinekjøtt kan dei ikkje ete.)

56 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 56

28-09-11 12:07:02


Mål

• Elevane skal kunne lytte til og samtale om tekstar som uttrykkjer eit humanistisk livssyn. • Elevane skal kunne samtale om korleis livssynshumanisme kjem til uttrykk gjennom levereglar. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til humanisme.

AMINA ER FØDT kapittel

4

livssynshumanisme i kvardagen

FAR KVISKRAR TIL AMINA. HAN KVISKRAR GUDS NAMN. DET ER DET FØRSTE AMINA HØRER.

i dette kapittelet skal du lære om: ➔

levereglar i livssynshumanismen

kunst i livssynshumanismen

I eit humanistisk kor syng dei songar som uttrykkjer eit humanistisk livssyn. På Inn i livet CD 1–4 og CD 5–7 finst eksempel på slike songar. Livssynshumanismen vel musikk og kunst som uttrykkjer eit humanistisk livssyn, og nyttar slike kunstuttrykk for eksempel i dei humanistiske seremoniane.

45 45

Til samtale om biletet på side 45 i elevboka 1. Kva ser du på biletet? (Barn som snakkar eller syng, eit kor.) 2. Kva gjer barna på biletet? (Dei står og syng.) 3. Korleis står dei? (Dei står rett opp og ned, to står litt framfor dei andre.) 4. Ser det ut som om dei syng om noko trist eller noko morosamt? Kvifor/kvifor ikkje? (Dei ser ikkje akkurat triste ut, det ser ikkje ut til at dei rører så mykje på seg, somme ser ut til å smile.) 5. Kjenner du nokon som syng i kor?

57 LæreveilTrinn3NN(28-57).indd 57

28-09-11 12:07:08


Mål

• Elevane skal kunne lytte til og samtale om tekstar som uttrykkjer eit humanistisk livssyn.

Tips til læraren

- Hilde Sophie Plau, red.: Dikt og sanger til store dager. Oslo: Humanist forlag AS, 2002. Ei songbok med notar og besifring til bruk ved sekulære merkedagar og humanistiske seremoniar.

Tanken er fri Liv og Torunn er bestevenner. Dei syng i kor saman kvar onsdag. Koret er eit humanistisk barnekor. På veg heim frå korøvinga snakkar dei om barna i koret og øver litt på songane I dag har dei lært ein ny song. Den heiter «Din tanke er fri».

oppgÅ oppg Åver Å ver

1 Kva trur du det vil seie at ein tanke er fri? 2 Teikn eller skriv om ein tanke som gjer deg glad.

46

RLE3kap3+4+

Bakgrunn

Tanken er fri Din tanke er fri» er opphavleg ei tysk folkevise frå ca. 1780 («Die Gedanken sind frei»). Alf Cranner har gjendikta teksten til norsk. Songen handlar om tankefridom, som er ein viktig verdi i livssynshumanismen. Tankefridom inneber samtidig fridom til å uttrykkje seg og til å uttrykkje det ein tenkjer.

Til samtale

1. Kva trur du eit humanistisk barnekor er? (Eit kor for livssynshumanistar.) 2. Kva for ein song har Liv og Torunn lært? («Din tanke er fri».) 3. Har du hørt denne songen før? I så fall: Hugsar du kvar du har hørt han? 4. Kva er det motsette av at tanken er fri? 5. Går det an å seie høgt alt ein tenkjer? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåver til utdraget frå «Din tanke er fri» 1. Les teksten saman. 2. Er det ord i teksten som du treng forklaring på? 3. Lytt til songen på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 20. a) Kva tenkjer du på når du hører songen? b) Verkar musikken alvorleg, trist eller glad? c) Kva rørsler synest du passar til musikken? Trampande? Gyngande? Raske? d) Er det noko ved songen som gjer at du trur han har med livssynshumanismen å gjere? (Teksten handlar om menneske, at menneska er frie og om tankefridom.)

58 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 58

28-09-11 12:10:46


Til høgtlesing Tankefridom og religionsfridom Tankefridom er ein menneskerett. Alle barn har tankefridom, det står i FNs barnekonvensjon. Å ha tankefridom vil seie at du kan tenkje akkurat det du vil, og at du kan fortelje om det du tenkjer på, dersom du vil. Det vil også seie at ingen kan tvinge deg til å fortelje kva du tenkjer. Du har rett til å halde tankane dine for deg sjølv. Barn har rett til å tenkje og tru det dei vil. Religionsfridom vil seie at du kan tru det du vil, og at du kan høre til ein religion eller eit livssyn dersom du ønskjer det. Religionsfridom inneber altså at du også har rett til ikkje å tru på noko spesielt. Livssynshumanistar er generelt opptekne av menneskerettane. Dei meiner at menneskerettane uttrykkjer det som livssynshumanismen står for, og tanke- og religionsfridom er ein viktig menneskerett. For å melde seg inn i Human-Etisk Forbund må ein vere 15 år gammal.

Jeg tenker hva jeg vil, mitt ønske bestemmer. I stillhet blir det til, i ukjente drømmer. Min tanke og lengsel vil bryte hvert stengsel. Og slik vil det alltid bli: Min tanke er fri! Tysk folkevise, norsk tekst: Alf Cranner

47 RLE3kap3+4+5.indd 47

06-05-11 14:25:34

Oppgåver/Aktivitetar 1. Det er ikkje alltid så lett å bestemme kva ein skal tenkje! Bestem deg for noko du vil tenkje på, og prøv å tenkje på berre denne tingen i eitt minutt (for eksempel ein postmann, ei kake eller ei bok du liker). Læraren kan ta tida. Greidde du det, eller begynte du å tenkje på andre ting etter kvart? 2. Tenk og teikn fritt! Begynn med eit kvitt ark og ein blyant. Teikn fritt strekar, krusedullar og former i eitt minutt. Sjå på det du har teikna, og bruk fantasien: Kva ser det ut som? Kan du sjå noko som kan bli rare dyr, menneske eller andre skapningar i krusedullane? Set på auge, øyre, bein, armar eller det som trengst. Fargelegg! 3. Tenk om du kunne bestemme kva alle andre skulle tenkje på. Kva ville du ha bestemt da? Kvifor? Skulle alle tenkje det same? Skulle alle tenkje det same som du? Teikn eller skriv stikkord og presenter munnleg for dei andre i klassa.

4. Skriv eit dikt om å tenkje fritt. Om du vil, kan du bruke mønsteret under. Ekstra flott blir det om to og to av «Eg tenkjer på»-linjene rimar på kvarandre. Du kan også lage fleire strofer. Dersom linje 5 og 6 er like i kvar strofe, blir det nesten som ein song. (1) Eg tenkjer på _______ (2) Eg tenkjer på _______ (3) Eg tenkjer på _______ (4) Eg tenkjer på _______ (5) Eg tenkjer på smått, eg tenkjer på stort (6) – og no er det gjort!

59 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 59

28-09-11 12:10:48


Mål

• Elevane skal kunne samtale om levereglar i livssynshumanismen.

Bakgrunn

Levereglar i livssynshumanismen Livssynshumanistar meiner at dersom alle menneske tenkjer fritt og bruker fornuft, erfaring og empati, kan dei sjølve finne ut kva som er rett å gjere og velje å handle i tråd med det. Dei har ikkje eit sett av levereglar som alle livssynshumanistar må følgje. Livssynshumanistar meiner likevel at eit samfunn fungerer best dersom det er ei viss semje om grunnleggjande verdiar og reglar for korleis vi oppfører oss mot kvarandre i kvardagen. Dei fleste livssynshumanistar vil vere einige om at den gylne regelen (du skal gjere mot andre slik du vil at andre skal gjere mot deg) er eit grunnleggjande etisk prinsipp. Ut frå dette prinsippet kan ein lage meir konkrete reglar som gjeld i kvardagen. Dei eksempla som er nemnde i kapittel 4 (ein skal høre på kva andre seier, ein skal ikkje skade andre, ein skal hjelpe dei som treng hjelp), er reglar som dei fleste livssynshumanistar vil vere einige om. Livssynshumanistar meiner at alle reglar må bli til gjennom at menneske samarbeider. Ein skal heller ikkje følgje reglar blindt. Kvart menneske skal kunne tenkje fritt og kritisk og handle etter sitt eige samvit. Livssynshumanistar framhevar at ingen reglar er eviggyldige. Saman kan menneska også endre reglar som ikkje fører til noko godt. Å snakke saman Samarbeid og dialog er ein viktig verdi i livssynshumanismen. Livssynshumanistar ser det som viktig at barn lærer å snakke saman og å høre på kvarandre, fordi det er nødvendig om ein skal kunne forstå kvarandre og kunne samarbeide. Gjennom dialog kan det skapast forståing for synspunkt og haldningar hos den andre.

Til samtale

1. Kvifor trur du det hjelper for Liv og Torunn å snakke saman når dei er ueinige? 2. Fortel om ein gong du krangla med nokon. Kva gjorde de for å bli venner igjen?

Oppgåver/Aktivitetar 1. Teikningar som blir til gjennom samarbeid og ved at ein snakkar saman: Gå saman i par og sit med ryggen mot kvarandre. Begge skal ha eit ark og ein tusj. Den eine begynner å teikne. Den som teiknar, skal skildre for den andre kva han eller ho teiknar. Den andre skal prøve å teikne det same. Det er ikkje lov å snu seg for å sjå, men begge kan snakke så mykje dei vil og stille spørsmål. Det er om å gjere å snakke saman og høre på kvarandre.

Levereglar Torunn og Liv øver på den nye songen. «Jeg tenker hva jeg vil, mitt ønske bestemmer», syng dei. «Det vil seie at alle menneske skal kunne tenkje akkurat det dei vil sjølve. Men det vil ikkje seie at alle kan gjere som dei vil», seier korleiaren Svein. «Når menneska tenkjer fritt, kan dei sjølve finne ut kva som er rett og gale. Da kan vi lage gode levereglar», forklarer han. Livssynshumanistar meiner at menneska treng gode levereglar for å kunne vite kva som er rett å gjere.

oppgÅ oppg Åver Å ver

1 Kven må finne ut kva som er rett og gale? 2 Kvifor treng menneska levereglar?

48

Læraren kan ta tida. Når læraren seier: «Snu dykk!», kan de sjå på teikningane til kvarandre. Liknar dei? Kanskje de vil byte roller og ta ein runde til? 2. Arbeid med kopioriginal 9.

Til høgtlesing Reglar for korøving Ein onsdag sa korleiaren Svein: «I dag skal vi lage reglar for korleis alle skal oppføre seg når det er korøving. Vi skal lage reglane saman. Dei skal gjelde heile året.» Alle barna fekk komme med forslag til reglar. Etterpå snakka dei saman og blei einige om fire reglar. «Desse reglane skal gjelde eit år», sa Svein. «Om eit år skal vi snakke saman og finne ut om vi må endre på reglane, ta bort nokre reglar eller leggje til reglar som manglar.»

60 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 60

28-09-11 12:10:51


Kven snakkar her? (Jenta med mørkt hår.) Kva trur du jenta med lyst hår gjer? (Ho hører etter.)

Å snakke saman Liv og Torunn har lært at det er viktig at ein finn ut saman kva som er gode levereglar. Det kan ein gjere ved å snakke saman og høre på kvarandre.

Korleis synest du dei ser ut – alvorlege, triste, glade? Kva trur du dei snakkar om?

Somme gonger er Liv og Torunn ueinige. Da hjelper det å snakke saman. Dei blir ikkje alltid einige. Men når dei snakkar saman, får dei vite meir om kvifor dei er ueinige. Det er også viktig. Ein leveregel i livssynshumanismen er å høre på kva andre seier.

Kven snakkar her? (Jenta med lyst hår.) Kva trur du jenta med mørkt hår gjer? (Ho hører etter.)

oppgÅ oppg Åver Å ver

Kva er viktig for å lage gode levereglar?

49

Oppgåver til høgtlesingsteksten

1. Kvifor trur du Svein ville at dei skulle lage reglar for korøvingane? 2. Finn fire reglar for korøving i klassa. 3. Her er reglane Svein og barna i koret blei einige om: Reglar for korøving a. Alle helsar på kvarandre når vi møtest. b. Alle står fint når vi øver. c. Alle hører etter når Svein snakkar. d. Alle seier «ha det» til kvarandre når vi går. 4. Kva synest du er den beste regelen av dei fire som dei blei einige om? Kvifor? 5. Finst det reglar som du synest manglar? Kva reglar er det?

Fasit til oppgåvene på side 48 i elevboka 1. Menneska må sjølve finne ut kva som er rett og gale. 2. Menneska treng levereglar for å kunne vite kva som er rett å gjere.

Fasit til oppgåva på side 49 i elevboka Når menneska tenkjer fritt, kan dei sjølve finne ut kva som er rett og gale. Da kan dei lage gode levereglar (side 48). For å lage gode levereglar må ein snakke saman og høre på kvarandre, slik at ein saman kan finne ut kva som er gode levereglar (side 49).

61 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 61

28-09-11 12:10:53


Mål

• Elevane skal kunne samtale om levereglar i livssynshumanismen. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og bruke estetiske uttrykk knytte til humanisme.

Tips til læraren

Å bry seg om andre

• Ernest Raboff: Konstböcker for barn: Pablo Picasso. Stockholm: Bonniers Juniorförlag, 1979. Ei svensk bok som inneheld fine analysar for barn av ulike verk av Pablo Picasso. • Susanne Rajka: Picassos øyne. Oslo: Grøndahl Dreyer, 1992. Ei skjønnlitterær barnebok om Per som møter Picasso. Boka fortel om Picassos liv, bileta hans og tankane hans. • Susanne Rajka: Picassos øyne. Arbeidsbok. Oslo: Grøndahl Dreyer, 1992. Arbeidsoppgåver for barn. Oppgåvene tek utgangspunkt i kjende verk av Picasso og måleteknikkane hans.

I koret er det ei jente som heiter Stine. Det er nesten ingen av barna som snakkar med Stine. Av og til fniser og kviskrar dei store jentene når Stine kjem. «Dersom det var meg dei kviskra om, ville eg bli lei meg», seier Liv til Torunn. Dei bestemmer seg for å prøve å bli venner med Stine. Livssynshumanistar meiner at alle menneske skal bry seg om andre. Det vil seie at ein skal gå inn for at alle har det best mogleg. Ein viktig leveregel i livssynshumanismen er at ein ikkje skal skade andre. Ein annan viktig leveregel er at ein skal hjelpe dei som treng hjelp.

Pablo Picasso: Barn som held ei due, 1901

50 RLE3kap3+4+5.indd 50

Bakgrunn

Å bry seg om andre Etikk i livssynshumanismen dreiar seg ofte om å handle slik at flest mogleg skal få det best mogleg. Det er ein variant av den gylne regelen. Det er denne regelen Liv og Torunn praktiserer når dei bestemmer seg for at dei skal prøve å inkludere Stine, slik at ho også skal få det best mogleg under korøvingane. Picasso laga kunst for å arbeide for fred Picasso opplevde fleire krigar i løpet av livet. Da den andre verdskrigen tok slutt, var han 64 år gammal. Da blei han oppteken av å arbeide for fred. Verdskonferansen i 1949 brukte ei due som Picasso hadde måla, som symbolet for fred på plakaten sin. Ei kvit due er eit symbol for fred over heile verda. Nokre av måleria til Picasso viser krig og konfliktar. Slike bilete måla han for å protestere mot det vonde menneska gjer mot kvarandre.

06-05-11 14:25:39

Oppgåver til «Barn som held ei due» (Sjå side 12 i innleiinga om arbeid med bilete i RLE.) 1. Kva føler du når du ser biletet? Blir du trist, glad eller noko anna? 2. Kva ser du på biletet? (Eit barn som held ei due, ein ball, jenta står i eit rom.) 3. Kva fargar har Picasso brukt i biletet? 4. Kva ord synest du passar til å skildre fargane? 5. Korleis vil du skildre strekane i biletet? Er dei rette, skarpe, runde, mjuke, tjukke, tynne eller noko anna? 6. Kan du skildre ansiktet til jenta – korleis vender det, korleis er auga, korleis er munnen, kva fargar er brukte, osv.? 7. Kva slags uttrykk har jenta i ansiktet? Er ho glad, trist, vemodig, sjenert eller noko anna? 8. Korleis held jenta dua? (Varsamt, tett inntil seg.) 9. Kvifor trur du jenta held dua? 10. Trur du jenta bryr seg om dua?

62 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 62

28-09-11 12:10:59

RLE3kap3+4+


05-11 14:25:39

Barn som held ei due er måla av den spanske kunstnaren Pablo Picasso (1881–1973) i 1901. Da var han 20 år. Duer førekjem i mange av verka til Picasso. Far hans dreiv oppdrett av duer, og han begynte å teikne dei allereie som gut. I dette biletet har han måla ei jente som held ei due tett inntil seg. Truleg har kunstnaren måla syster si, Conchita, som døydde av difteri i 1895. Biletet uttrykkjer ei stillferdig, var og vemodig kjensle. Barnet held fuglen med varlege hender. Linjene i biletet er tjukke og mjuke.

Jenta er måla med lyse fargar og kjem tydeleg fram i biletet. Ho har bleikt ansikt, kvit kjole og held ei kvit due. Det kvite kan symbolisere uskuld. Jenta har hovudet på skakke. Ho har opne auge og varsamt smilande munn. Jenta strålar ut ro og uskuld.

Den mørke, duse bakgrunnen forsterkar inntrykket at jenta som lys og klar.

RLE3kap3+4+5.indd 51

06-05-11 14:25:43

11. Veit du kva duer er eit symbol på? (I livssynshumanistisk samanheng kan dua vere eit symbol på fred, men ho kan også ha andre symbolske innhald. I kristendommen er dua eit symbol på Den Heilage Ande. Ei due kan også symbolisere sjela eller at eit menneske døyr – eit eksempel finst i Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren, der Jonathan kjem tilbake som ei kvit due i vindauget.) 12. Får biletet deg til å tenkje på noko du har lese om i kapittelet? Kvifor/kvifor ikkje? 13. Får biletet deg til å tenkje på levereglar i livssynshumanismen?

Oppgåver/Aktivitetar

1. Teikneseriekonkurranse: Gå saman i grupper på 5–6 elevar. Lag ein teikneserie om Liv og Torunn ut frå forteljinga på side 50 i elevboka. Det skal vere like mange teikneserieruter som det er elevar i gruppa. Klipp ut kvar einskild rute. Få læraren eller andre til å feste ei teikneserierute på ryggen til kvar av elevane i gruppa med teip.

No skal de setje teikneserien rett saman igjen. De må vere gode til å samarbeide, sidan bileta sit på ryggen. Den gruppa som først blir ferdig, har vunne. 2. Tenk deg at du er Stine. Lag ei forteljing om korleis det er i koret når ingen snakkar med deg. 3. Arbeid med kopioriginal 10. Snakk saman om dei to situasjonane de ser på kopioriginalen. Kva er problematisk her? Ser de at det er mogleg å velje å gjere ulike ting? Deretter arbeider elevane individuelt med teikningane. Gå saman to og to og presenter for kvarandre kva de har teikna, og diskuter resultatet. 4. Arbeid med kopioriginal 11. Snakk saman om kva som gjer at «Nå skal jeg sove» er eit dikt som uttrykkjer livssynshumanisme. Den som snakkar i diktet, snakkar til dei andre menneska i verda og til naturen. Diktet handlar om å bry seg om andre – både menneske og dyr. Snakk saman om at diktet også kan passe for menneske som ikkje er livssynshumanistar, eller menneske som hører til ein religion, fordi dei aller fleste menneske synest det er viktig at ein bryr seg om kvarandre.

63 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 63

28-09-11 12:11:04


oppgÅ oppg Åver Å ver

1 Kvifor bestemmer Liv og Torunn seg for å bli venner med Stine? 2 Skriv ned tre levereglar som livssynshumanistar har.

3 Kva kan Liv og Torunn gjere for å bli venner med Stine? Lag eit rollespel som viser kva ein kan gjere for å bli venner.

Dette er ein statue av Buddha. Han sit under eit stort tre og mediterer. Meditasjon er øvingar som buddhistar og andre gjer for å bli rolege inne i seg og for å bli betre kjende med seg sjølve. I dette kapittelet skal de lære meir om meditasjon.

Buddha har lange øyreflippar. Det skal vise visdom. Somme meiner at dei lange øyra kan vise at han hører bønner. Andre meiner at dei lange øyreflippane er eit teikn på kongeleg status, sidan indiske prinsar ofte hadde tunge øyreringar som gjorde øyreflippane deira lange.

52

Fasit til oppgåver på side 52 i elevboka 1. Dei ser at Stine ikkje har venner i koret. Dei tenkjer at dersom dei sjølve var i ein slik situasjon, ville dei bli lei seg. Det verkar som om dei bryr seg om Stine og ønskjer å gjere det same mot henne som dei ville ønskje at andre skulle gjere mot dei (den gylne regelen i praksis). 2. Ein skal høre på kva andre seier, ein skal ikkje skade andre, og ein skal hjelpe dei som treng hjelp. 3. Snakk saman i klassa om kva Liv og Torunn kan gjere for å bli venner med Stine. Få fram ulike forslag. Gå saman tre og tre (eller fleire dersom de ønskjer det) og lag rollespel som viser kva Liv og Torunn gjer for å bli venner med Stine. Blir dei venner?

64 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 64

28-09-11 12:11:08


Mål

• Elevane skal kunne samtale om buddhismen og korleis religiøs praksis kjem til uttrykk gjennom levereglar, bønner og meditasjon. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til buddhismen.

kapittel

5

Buddhisme i kvardagen i dette kapittelet skal du lære om: ➔

bønn og meditasjon i buddhismen

levereglar i buddhismen

eit kunstbilete som viser Buddha

Buddha har lukka munn og smiler svakt. Det skal vise at han har forstått sanninga om livet. Det milde smilet skal også vise at buddhistar kan stole på Buddha si lære.

Det er vanleg å tenne lys framfor statuar av Buddha. Lyset minner om at Buddha blei opplyst. Han forstod noko ingen andre hadde forstått. Den som tenner lys framfor Buddha, prøver å få noko av visdommen hans.

Buddha i Khuong Viet-tempelet på Løvenstad i Akershus

Buddha sit på ei slags trone. Trona ser ut som ein stor blome, som heiter lotusblome. Lotusblome er ei vasslilje. Blomen veks ofte i grumsete vatn, men er likevel heilt rein. Derfor er han eit bilete på eit reint sinn som hevar seg over det som er dårleg. Lotusblomen er eit av dei viktigaste symbola i buddhismen.

Buddhistar trur at det har vore mange buddhaer, og at det skal komme fleire. I buddhisttempla er det statuar av ulike buddhaer, og andre av hjelparane i buddhismen.

Bakgrunn

Buddhisme i Noreg Biletet i elevboka er frå Khuong Viet-tempelet på Løvenstad i Akershus. Dette tempelet er først og fremst samlingsstad for norsk-vietnamesiske buddhistar. Det er fleire buddhisttempel og buddhistiske sentra i Noreg, mellom anna i Oslo, Akershus, Bergen, Trondheim, Stavanger, Fredrikstad, Holmestrand og Moss. Det er truleg ein stad mellom 15 000 og 25 000 buddhistar i Noreg. Dei aller fleste har innvandra til Noreg frå buddhistiske land i Asia, eller dei har foreldre eller besteforeldre som har innvandra. Dei fleste har bakgrunn frå Vietnam og Thailand.

Til samtale om biletet på side 53 i elevboka 1. Kva legg de først merke til i biletet? 2. Kva ser de på biletet? a) Kven er personen i midten? (Buddha.)

b) Beskriv korleis Buddha ser ut. (Han sit roleg i meditasjonsstilling, med beina i kryss, han har lange øyre, halvopne auge og ein hårtopp på hovudet.) 3. Kva slags fargar er det i biletet? 4. Korleis er stemninga i biletet? 5. Sjå nøye på biletet. a) Kan nokon sjå fire lotusblomar? (Buddha sit på ein, og han har ein rosa blome på kvar side. I sirkelen rundt hovudet hans ser vi også omrisset av ein lotusblome i rosa.) b) Kan nokon sjå ein hjort? (Nedst i venstre hjørne.) c) Kan nokon sjå svaner? (Nedst i høgre hjørne.)

Oppgåver/aktivitetar

Bla igjennom kapittelet om buddhisme i elevboka. Sjå på teikningane og bileta. Kor mange bilete og teikningar av Buddha kan du finne igjen? (Bilete på side 53, illustrasjon av statue på bordet på side 54, illustrasjon av statue på alteret på side 55, illustrasjon av statue øvst på side 57, kunstbilete på side 59, illustrasjon av Buddha som barn på side 60.)

65 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 65

28-09-11 12:11:11


Mål

• Elevane skal kunne samtale om buddhismen og korleis religiøs praksis kjem til uttrykk i heim og tempel.

Tips til læraren

Buddha

Buddhistforbundet har eigne skolesider med bakgrunnsstoff og diskusjonsforum for både elevar og lærarar. Her finst også ei oversikt over buddhisttempel som kan kontaktast for skolebesøk. Sjå http://buddhistforbundet.no/skolen

Christina er buddhist. Heime har familien ein statue av Buddha. Heile familien bøyer seg framfor statuen. Dei ærar Buddha fordi han har gitt dei læra si. Å ære nokon vil seie å vise stor respekt og takksemd. Dei viser Buddha respekt ved å og bøye seg. Dei tenner lys og set fram gåver framfor statuen. Dei takkar Buddha for det han har lært dei.

Elevane kan kjenne igjen statuen av Buddha fordi han sit i lotusstilling. Han sit på ein lotusblome, med eit roleg uttrykk i ansiktet. Han har lange øyre og ein hårtopp på hovudet. Han er kledd i ei enkel kappe.

Buddha har fortalt korleis menneska bør leve. Han sa at menneska må lære at dei ikkje skal vere grådige, ikkje hate og ikkje vere uvitande. Å vere uvitande vil seie at ein ikkje veit noko.

Bakgrunn

Læra til Buddha Buddha var ein mann som levde i India for om lag 2500 år sidan. Han filosoferte over at alle menneske blir fødde og døyr mange gonger. Kvar gong dei blir fødde på nytt, må dei oppleve vonde ting som sjukdom, alderdom og død. Buddha ville finne ein veg bort frå å bli fødd mange gonger og stadig oppleve at noko gjer vondt. Buddhistar meiner at Buddha fann svara på spørsmåla sine heilt på eiga hand. Han var opphavleg prins, men forlet overklasselivet for å leve eit enkelt liv. Gjennom meditasjon blei han ein buddha, ein «oppvakna». Han fann ut at menneska har det vondt fordi dei er grådige, kjenner hat og manglar forståing. For å sleppe fri frå gjenfødinga må ein derfor arbeide med seg sjølv. Ein må få forståing, forandre hatet til medkjensle, og frå å vere grådig må ein bli gåvmild. Buddha er lærar for alle buddhistar. Han har lært dei korleis dei bør leve, derfor viser dei Buddha stor respekt. I dei heilage tekstane i buddhismen står det mykje om korleis Buddha levde. Han er eit førebilete for buddhistar, og dei prøver å følgje eksempla og råda han skal ha gitt.

Til samtale

1. Korleis ærar buddhistar Buddha? (Dei bøyer seg, tenner lys og set fram gåver.) 2. Kva har Buddha lært menneska? (Korleis dei bør leve. Han har sagt at dei ikkje skal vere grådige, ikkje hate og ikkje vere uvitande. Å vere uvitande vil seie å ikkje ha kunnskap om korleis verda heng saman, etter Buddhas filosofi. Det inneber blant anna å forstå at vi ikkje kan

54 RLE3kap3+4+5.indd 54

06-05-11 14:25:46

flykte frå det som er ubehageleg, som død, sjukdom og motgang. Det betyr også å innsjå at vi ikkje kan få alt vi ønskjer oss, verken av makt eller pengar eller ting. Vi kan ikkje alltid få viljen vår. Å forsone seg med at dette er ein realitet vil ifølgje Buddha gjere livet enklare.) 3. Kva tyder orda under? Forklar og gi eksempel. a) Vere grådig. b) Hate. c) Vere uvitande.

Oppgåver/aktivitetar 1. Kva vil det seie å vise respekt? 2. Korleis kan vi vise andre respekt? 3. Lag ei kort historie om nokon som er grådig, hatefull eller uvitande. Kva skjer? 4. Lytt til nonnesong frå eit buddhistisk kloster som eksempel på korleis det lyder når buddhistar les eller syng heilage tekstar. Eit eksempel finst på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 2.

66 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 66

28-09-11 12:11:14


Statue av Buddha som mediterer.

I tempelet

På alteret står det blomar, skåler med vatn og frukt.

Av og til er Christina i tempelet med familien sin. Tempelet er det heilage huset til buddhistar. I tempelet er det statuar av Buddha og andre viktige personar. Her møter Christina og familien andre buddhistar. Dei møter også munkar og nonner. Det er menn og kvinner som har bestemt seg for å bruke all tid på å studere læra til Buddha.

Munken er barbert på hovudet. Det skal vise at han ikkje er oppteken av kvardagslege ting. Han arbeider med å følgje og forstå læra til Buddha. Det barberte hovudet viser også at han ikkje er forfengeleg.

Foreldra til Christina les heilage tekstar i tempelet. Munken slår ein rytme for at alle skal lese i same takt. Christina er i eit anna rom i tempelet. Der teiknar, dansar eller leikar ho saman med dei andre barna.

Munken har på seg ei enkel kappe. Kappa er ikkje til pynt, men skal verne mot kulde, varme og insekt. Munkekapper kan ha ulike fargar, men dei vanlegaste fargane er oransje, raudt og gult.

oppgÅ oppg Åver Å ver

Sjå på biletet av munken. Korleis ser han ut? Kva gjer han?

55

Munken held eit rytmeinstrument i handa. Det er ei spesiell tromme laga av tre. Treet har fine utskjeringar. Munken slår ei takt på tromma for å gjere det lettare å lese i takt når nokon les heilage tekstar.

05-11 14:25:46

a) Korleis hørest det ut når desse nonnene les tekstar saman? (Det lyder som ei blanding av lesing og song. Dei vekslar mellom nokre få ulike tonar. Av og til er stemmene lyse, og av og til er dei litt mørkare.) b) Kva er annleis enn når de sjølve les tekstar høgt på skolen? (Nonnene les i kor. Det lyder som om dei nesten ikkje har pausar mellom orda eller setningane. Elevar i norsk skole les som regel høgt ein og ein. Dei har tydelegare pausar mellom ord og setningar.) c) Lytt til nonnesongen fleire gonger. Prøv om de klarer å slå rytmen i lesinga med ein finger mot pulten. 5. Lytt til trommerytmen frå eit buddhistisk kloster på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 1. a) Lytt til opptaket fleire gonger. Klarer de å slå rytmen med ein finger mot pulten? b) Les setninga «Munken slår ein rytme» høgt. Prøv å tromme rytmen med fingeren mot pulten. Prøv å lese setninga med ulik rytme. (Læraren kan tromme eller klappe rytmen som elevane skal prøve å følgje.) Korleis blir takta? Er ho jamn eller ujamn? Prøv å tromme den

same takta utan å lese, og prøv å lese i same rytme utan å tromme. c) Korleis kan de lage ein rytme? Utforsk kva gjenstandar i klasserommet som kan brukast som instrument. Korleis kan kroppen vere eit rytmeinstrument? Klapp, knips, tramp, hopp, trom med fingrane osv. 6. Arbeid med kopioriginal 12, der de skal finne fram til viktige ord frå side 54 og 55 i elevboka. (Fasit: Rebus 1: Ære. Rebus 2: Tempel. Rebus 3: Statuar. Rebus 4: Munk.)

Fasit til oppgåve på side 55 i elevboka Munken er barbert på hodet. Han har på seg en enkel, rød kappe. Han holder noe i hendene. Det er et slags instrument som han slår en rytme på.

67 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 67

28-09-11 12:11:18


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om bønn og meditasjon i buddhismen.

Meditasjon

Ein kan meditere både sitjande, ståande og mens ein gjer andre aktivitetar. Men det vanlegaste er å sitje. Da er det viktig å sitje i ei stilling som det er mogleg å halde lenge. For personar som er mjuke i kroppen, er det vanleg å sitje i lotusstilling. Det vil seie å sitje med beina i kryss og med føtene liggjande på motsett lår. Det går også an å sitje med beina i kryss utan å dra føtene opp på låra, eller på ein stol om det er meir behageleg.

Ole er munk. No mediterer han. Ole sit heilt stille og pustar roleg. Han mediterer for å bli roleg inne i seg og for å bli betre kjend med seg sjølv. Når han er roleg inne i seg, er det lettare å leve etter Buddha si lære. Somme gonger prøver Ole å la vere å tenkje på noko spesielt. Andre gonger gjentek han spesielle ord, eller han tenkjer på korleis han kan vere eit betre menneske. Mange munkar og nonner bruker mykje tid på meditasjon. Vanlege buddhistar kan også meditere. oppgÅ oppg Åver Å ver

1 Kva vil det seie å vere roleg inne i seg? 2 Kva gjer du om du er uroleg inne i deg?

56

RLE3kap3+4+

Bakgrunn

Meditasjon Meditasjon er ein måte å roe ned kroppen og sinnet på. Dei som mediterer, seier gjerne at det er lettare å leve eit godt liv og gjere gode handlingar når kroppen og sinnet er konsentrert og roleg. Det er mange måtar å meditere på. Ei enkel meditasjonsøving kan vere å telje roleg til ti. Når det dukkar opp andre tankar enn tala, prøver den som mediterer, å leggje merke til tanken utan å halde fast ved han eller følgje han vidare. Personen prøver heller å konsentrere seg om å halde fram med å telje. Mange meiner det er eit godt tips å telje til ti kvar gong ein blir sint. Det er fordi kroppen og kjenslene roar seg ned når ein blir konsentrert. I meditasjon er det vanleg å øve seg på å vere merksam på pusten. Mange meditasjonsøvingar omfattar spesielle pusteteknikkar, for eksempel å følgje med på skilnaden i pusten når ein pustar ut og inn, eller å prøve å puste inn gjennom den eine nasebora og ut gjennom den andre. Det er også ein måte å roe ned kroppen og auke konsentrasjonen på. Buddhistar bruker dessutan spesielle setningar som dei

gjentek når dei mediterer. Det kan vere ei hjelp til å konsentrere seg, ei øving for å utvikle eiga medkjensle, eller ei form for bønn for å få hjelp til andre ting. Somme bruker ein slags bønnekrans for å telje kor mange gonger dei seier setningane. Bønn i buddhismen? Ein del buddhistar vil vere ueinige i at bønn er ein sentral praksis i buddhismen. Dei meiner at Buddha ikkje kan bryte inn i menneskelivet. Han har hjelpt menneska ved å gi dei læra si, men han er ikkje ei form for gud som det er naturleg å vende seg til i bønn. For andre buddhistar er bønn derimot ein viktig del av kvardagen. Somme ber til Buddha, men vanlegare er det å be til såkalla bodhisattvaer. Ein bodhisattva er ein person som har nådd oppvakning og har høve til å bli ein buddha, men som vel å hjelpe andre med å nå den same oppvakninga først. Det finst mange standardiserte bønner i buddhismen. Mange handlar om å få hjelp til å leve eit betre liv sjølv. Ein del ber også for at døde slektningar skal få det godt.

68 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 68

28-09-11 12:11:24


Bønn Christina ber til Buddha. Ho ber om at det skal gå bra på skolen, og om at familien hennar skal ha det godt. Somme buddhistar ber om hjelp til å følgje Buddha si lære og leve eit godt liv. Andre buddhistar meiner at Buddha ikkje kan hjelpe menneske som ber til han. Dei meiner at Buddha har hjelpt menneska ved å gi dei læra si. Derfor ærar dei Buddha, men dei ber ikkje til han.

Læra til Buddha er samla i mange bøker. Dei eldste buddhistiske tekstane er om lag to tusen år gamle. Dei er skrivne på eit språk som heiter pali. I alle buddhistiske retningar er det vanleg å seie fram heilage tekstar. Det blir gjort på ein måte som lyder som ei blanding av lesing og song.

Dei fleste buddhistar seier tre setningar før dei skal ære Buddha og før dei skal be eller meditere. Dei seier: «Eg tek tilflukt i Buddha. Eg tek tilflukt i Buddha si lære. Eg tek tilflukt i dei som følgjer Buddha si lære.» Å ta tilflukt vil seie å søkje støtte og vern hos nokon.

Dei som følgjer læra til Buddha, blir kalla sangha. Ordet kan tyde både munke- og nonnefellesskapet og alle som er buddhistar.

57 RLE3kap3+4+5.indd 57

06-05-11 14:25:50

Til samtale

1. Kva er meditasjon? (Meditasjon er å øve på å bli roleg inne i seg og betre kjend med seg sjølv.) 2. Kvifor mediterer munken Ole? (Fordi det gjer det lettare for han å følgje læra til Buddha.) 3. Kva gjer Ole når han mediterer? (Han sit heilt stille og pustar roleg. Somme gonger gjentek han spesielle ord eller tenkjer på korleis han kan vere eit betre menneske. Andre gonger tenkjer han ikkje på noko spesielt.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Mange buddhistar gjer pusteøvingar når dei skal meditere, for å roe ned kroppen og bli meir konsentrerte. Det er også mange ikkje-buddhistar som gjer pusteøvingar for å konsentrere seg betre. Sit roleg og følg med på korleis du pustar. a) Prøv å puste berre gjennom munnen. b) Prøv å puste berre gjennom nasen.

c) Prøv å puste inn gjennom nasen og ut gjennom munnen. d) Prøv å puste raskt. Korleis kjennest det? e) Prøv å puste roleg. Korleis kjennest det? 2. Kan du hugse korleis pusten din er når du er sint? 3. Kan du hugse korleis pusten din er når du er avslappa?

Fasit til oppgåvene på side 56 i elevboka 1. Her vil svara vere individuelle. Å forklare kva det vil seie å vere roleg inne i seg er kanskje lettast å gjere ved å forklare kva det ikkje er: Ein er for eksempel ikkje bekymra, stressa, sint eller nervøs for noko. Ein er heller ikkje veldig oppspilt. 2. Her er det også mange moglege svar. Somme snakkar kanskje med foreldra eller med ein venn, somme ber, og somme synest kanskje det er godt å springe litt?

69 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 69

28-09-11 12:11:29


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om levereglar i buddhismen. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til buddhismen. Her arbeider dei med eit moderne bilete av Buddha i hjorteparken.

Tips til læraren

Levereglar

Tor Åge Bringsværd: En gang ble Buddha spist av en tiger. Oslo: Spartacus Forlag, 2011. Forfattaren har gjendikta 25 forteljingar frå Buddhas tidlegare liv. Les for eksempel historia om Banyan. Historia handlar om korleis Buddha i form av ein hjort tilbyr seg å ofre seg sjølv for å redde andre hjortedyr. Historia passar til leveregel 1 og til biletet på side 59 i elevboka.

Dei ti vonda er: 1. Å drepe 2. Å stele 3. Å vere utru 4. Å lyge 5. Å sladre 6. Å drive med baktaling 7. Tomme ord 8. Misunning 9. Raseri 10. Ekstreme synsmåtar

Buddha sa at menneska må unngå å gjere det vonde og gå inn for å gjere det gode. Han gav menneska fem levereglar. Desse reglane seier kva ein ikkje skal gjere. Levereglane skal hjelpe menneska til å tenkje klart og leve eit godt liv. Buddhistar seier fram reglane når dei er i tempelet.

Dei ti goda er: 1. Å la vere å ta liv 2. Å la vere å stele 3. Å unngå utruskap 4. Å la vere å lyge 5. Å la vere å sladre 6. Å la vere å baktale 7. Å unngå tomme ord 8. Å unngå grådigskap 9. Å unngå raseri 10. Å unngå ekstreme synsmåtar

1. Eg vil ikkje ta liv

4. Eg vil ikkje lyge

2. Eg vil ikkje stele

3. Eg vil ikkje vere utru

5. Eg vil ikkje bruke rusmiddel

58 RLE3kap3+4+5.indd 58

Bakgrunn

Buddha gav mange råd til menneska om korleis dei burde leve. Mange av råda dreiar seg om å vise omsorg og omtanke for andre. Ei oppsummering av bodskapen i buddhismen er at ein skal utvikle sinnet (hugen), unngå å gjere det vonde og prøve å gjere det gode. Buddhistar skal alltid prøve å gjere gode handlingar. Buddhismen legg stor vekt på at ein skal vere gåvmild og sjenerøs. Buddha gav også menneska fem levereglar som seier kva dei ikkje bør gjere. I elevboka er desse levereglane språkleg forenkla. Slik er dei vanlegvis formulerte: 1. Eg tek på meg leveregelen om ikkje å ta liv. 2. Eg tek på meg leveregelen om ikkje å ta noko som ikkje er gitt meg. 3. Eg tek på meg leveregelen om å halde meg frå urett åtferd knytt til seksuelt begjær. 4. Eg tek på meg leveregelen om ikkje å lyge. 5. Eg tek på meg leveregelen om å halde meg frå rusdrikk som fører til tankeløyse. Reglane er ikkje forbod, men noko buddhistar sjølve vel å

06-05-11 14:25:52

halde seg frå å gjere. Regel 1, 2, 4 og 5 vil nok dei fleste barn umiddelbart forstå. Omformuleringa av regel 3 tilsvarer korleis ein norsk-vietnamesisk munk sjølv forklarer punktet om å halde seg frå urett åtferd knytt til seksuelt begjær når han underviser barn. I tillegg til desse levereglane har buddhismen noko som blir kalla «dei ti gode handlemåtane». Det er lister med ti punkt som fortel kva som er riktig å gjere og tenkje. Punkta er skrivne både som noko ein bør gjere, og noko ein bør unngå å gjere. Dei blir kalla dei ti vonda og dei ti goda. Sjå rammeteksten.

Til samtale

1. Sjå på illustrasjonane på side 58 i elevboka. Kva skjer? Korleis bryt menneska på teikningane dei buddhistiske reglane? 2. Buddhistiske levereglar skal hjelpe menneska til å tenkje klart og leve eit godt liv. Korleis kan livet bli vanskeleg om ein bryt levereglane? Prøv å gi eksempel til kvar regel.

70 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 70

28-09-11 12:11:35


Buddha sit under eit tre. Han fortel om læra si til fem menn som leitar etter sanninga. Ifølgje myten var det i meditasjon under eit tre at Buddha opplevde oppvakninga si.

Buddha blir framstilt med mange faste kjenneteikn. Du kan lese meir om kjenneteikna til Buddha på side 65 her i lærarressursen.

Buddha sit i ein park med mange hjortedyr. Etter tradisjonen skal han ha halde den første talen sin i ein slik park. Hjorten er eit viktig symbol i buddhismen, og fleire buddhistiske forteljingar handlar om hjortedyr. Ei slik forteljing står på neste side her i lærarressursen. Laura James: Buddha i hjorteparken, 2010 oppgÅ oppg Åver Å ver

Samanlikn biletet av Buddha over med biletet på side 53. Kva er likt, og kva er ulikt?

59

05-11 14:25:52

Oppgåver/aktivitetar

1. Arbeid med kopioriginal 13 om levereglar i buddhismen. 2. Arbeid med kopioriginal 14 om biletet av Buddha i hjorteparken. (Desse elementa er fjerna: 1: Munnen til Buddha. 2: Lotusblomen i handa til Buddha. 3: Hjorten øvst til høgre. 4: Mannen nedst til høgre. 5: Den høgre foten til Buddha.)

Fasit til oppgåven på side 59 i elevboka

Nokre konkretiserande spørsmål kan hjelpe elevane på veg dersom dei synest oppgåva er vanskeleg: Kva gjer Buddha? Kvar er han? Kva har han på seg? Korleis ser ansiktet hans ut? Korleis er håret hans? Korleis er bakgrunnen på biletet? Er det andre personar eller dyr på biletet? Likskapar: Begge bileta viser Buddha. Han sit under eit tre. Han har beina i kryss, og føtene ligg oppå motsett lår.

Ansiktet er ganske likt på begge bileta. Han har bogeforma augebryn, halvopne auge og lukka munn. Han ser avslappa ut. Han sit på ein lotusblome. Han har ei gyllen kappe. Skilnader: Biletet på side 53 viser ein statue, biletet på side 59 er eit måleri. Buddha held hendene ulikt. På side 53 har han hendene samla i fanget, på side 59 held han den eine handa mot bakken, og den andre handa ligg i fanget og held ein lotusblome. Bakgrunnen på bileta er ulik. På side 53 ser vi eit fjellandskap. På side 59 ser vi åsar, det går nokre hjortedyr på graset, og vi ser ein fugl på bakken og ein i treet. På side 53 ser vi at det står nokre statuar, blomar og lys framfor Buddha. Det er også ein lotusblome på kvar side av han. På side 59 ser vi fem personar som bøyer seg for Buddha.

71 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 71

28-09-11 12:11:38


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om levereglar i buddhismen.

Tips til læraren

På nettsidene til Inn i livet finst «Buddha og svana» som animasjonsfilm. Adressa er http://rle.samlaget.no

Buddha og svana Da Buddha var barn, leika han ofte med fetteren sin. Ein dag gjekk dei ein tur i skogen. Fetteren hadde med seg pil og boge. Plutseleg såg dei ei svane flyge over dei. Fetteren sikta på svana med pila si og skaut henne. Gutane sprang mot staden der svana hadde falle ned. Buddha kom først fram. Svana var enno i live. Ho skalv og såg på Buddha med redde auge. Buddha syntest synd på svana. Han drog pila forsiktig ut av vengen på fuglen.

60 RLE3kap3+4+5.indd 60

Til høgtlesing Den gylne hjorten Buddhistar trur at alle skapningar har levd mange liv. Dei trur at dei fleste gløymer dei gamle liva sine, men at Buddha kunne hugse alle sine tidlegare liv. Han fortalde ofte historier om kva han hadde opplevd i tidlegare liv. Her er ei slik historie. Historia handlar om å vise medkjensle. Ein gong blei Buddha fødd som ein vakker hjort. Pelsen hans var gyllen som om han var laga av gull. Horna var som spiralar av sølv, og auga klare og skinande som juvelar. Ein dag den gylne hjorten gjekk og beita for seg sjølv, hørte han rop frå elva. «Det er ein mann», tenkte hjorten. «Så sant eg er i live, kan eg ikkje la han døy. Eg må redde han!» Dermed kasta hjorten seg ut i den strie straumen, sumde mot den ropande mannen, la han på ryggen sin og frakta han trygt i land. Han stelte mannen i nokre dagar, og samla frukt som mannen kunne ete. Da mannen hadde fått kreftene tilbake, sa hjorten: «Eg skal vise deg vegen ut frå skogen og inn til byen.

06-05-11 14:26:03

Men eg ber deg om éin ting. Ikkje la grådigskap styre deg slik at du fortel kongen eller andre rike menn at det finst ein gyllen hjort i skogen her.» Mannen lova å halde på løyndommen. Så tok hjorten mannen på ryggen igjen og bar han trygt inn til byen. Det gjekk ikkje mange dagane før mannen begynte å tenkje på kor mange pengar den gylne hjorten kunne vere verdt. Han gjekk til kongen og fortalde om gøymestaden til hjorten i skogen. Kongen samla straks jegerane sine og la i veg ut i skogen saman med den grådige mannen. Hjorten kunne høre jegerane nærme seg på lang avstand. «Der kongen er, vil eg vere trygg», tenkte hjorten. Så vandra han roleg mot kongen. Kongen spente bogen og sikta på den gylne hjorten. Hjorten såg på kongen og sa med mjuk stemme: «Ikkje skad meg, konge. Sei meg heller: kven fortalde deg at du kunne finne ein gyllen hjort i skogen her?» Kongen blei forbløffa. Han senka bogen og såg ærbødig på den strålande hjorten. Så peika han på mannen som tidlegare var blitt redda av hjorten. «Denne mannen, hjort, fortalde kvar vi kunne finne deg.»

72 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 72

28-09-11 12:11:41

RLE3kap3+4+


05-11 14:26:03

Til samtale om «Buddha og svana» 1. Kven leika Buddha saman med i forteljinga om Buddha og svana? (Fetteren sin.) 2. Korleis reagerte fetteren da han såg ei svane flyge over dei? (Han skaut henne.) 3. Korleis reagerte Buddha da svana blei skoten? (Han prøvde å redde henne.) 4. Kva blei gutane ueinige om? (Om kven som hadde rett på svana.) 5. Korleis blei gutane einige om å løyse problemet? (Dei bad ein dommar om å avgjere saka.) 6. Kva var avgjerda til dommaren? (At Buddha skulle få behalde den såra svana. Dommaren sa at eit liv må høre til den som prøver å redde det, ikkje den som prøver å øydeleggje det.) 7. Kva gjorde Buddha da svana var frisk igjen? (Han lét henne flyge til fridommen.) 8. Kva gjer de sjølve om de er ueinige om noko?

Så la han nokre blad på såret for å stoppe blodet. Fetteren rekte fram handa. «Gi meg svana», sa han. «Eg vil drepe henne.» Men Buddha nekta. «Eg vil hjelpe henne så ho blir frisk», sa han. «Kva?» ropte fetteren. «Det var eg som skaut svana, så ho er mi!» Buddha var ikkje einig. «Dersom du hadde drepe henne, hadde ho vore di», sa han. «Men eg har redda svana, så no eig eg henne.» Gutane blei ikkje einige. Til slutt kom Buddha med forslag om at ein dommar skulle avgjere saka. Gutane forklarte kva som hadde skjedd. Så sa dommaren: «Eit liv må høre til den som har redda det, ikkje den som prøver å øydeleggje det. Buddha har rett til å behalde den såra svana.»

Oppgåver/aktivitetar

Buddha stelte svana til ho blei frisk igjen. Så flaug ho mot fridommen.

1. Les levereglane på side 58 i elevboka og tenk på forteljinga om Buddha og svana. Kva for ein leveregel passar best til forteljinga? (Leveregel 1: Eg vil ikkje ta liv.) 2. Lag ein teikneserie om Buddha og svana. 3. Spel skodespelet om Buddha og svana (kopioriginal 15). Kanskje skodespelet kan framførast ved sommaravslutninga for klassa?

Tilrettelagt frå Kildesamling til kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (1999)

61 RLE3kap3+4+5.indd 61

06-05-11 14:26:04

«Konge», sa hjorten, «eg kjenner denne mannen. Eg redda han da han var i ferd med å drukne i elva her. Og no har han ført meg inn i fare.» «Kva?» utbraut kongen. «Redda du han, og så avslørte han deg? For ein vondskap! Eg skal skyte og drepe han!» Men hjorten stoppa han. «Eg vil ikkje la mannen døy på grunn av meg. La han gå, og gi han pengane du lova i lønn for meg. Eg skal tene deg slik du ønskjer, konge.» Kongen blei rørt av at hjorten var så god. «Fordi du er så god, vil eg ære deg ved å la deg få eit ønske oppfylt», sa han. «Da ønskjer eg at alle skapningar skal vere trygge frå fare», sa hjorten. Kongen heldt lovnaden sin. Og frå den dagen lyfta ingen så mykje som ei hand verken mot fuglar eller ville dyr. Slik redda den gylne hjorten med medkjensla si livet til både den grådige mannen og til fuglane og dyra i skogen. Omsett og fritt fortalt etter Ruru-Jataka, omsett til engelsk av W.H.D. Rouse (1901). Teksten er tilgjengeleg på sacred-texts.com: http://www.sacred-texts.com/bud/j4/j4046.htm

Til samtale om «Den gylne hjorten» 1. Kven var den gylne hjorten? (Buddha i eit tidlegare liv.) 2. Korleis reagerte hjorten da han hørte ein mann rope om hjelp? (Han redda mannen frå elva.) 3. Korleis svikta mannen hjorten? (Han avslørte gøymestaden til hjorten for kongen.) 4. Kvifor ville kongen drepe den grådige mannen? (Fordi mannen hadde gjengjeldt det gode hjorten gjorde, med å forråde han.) 5. Korleis redda hjorten mannen andre gongen? (Han bad kongen om å la mannen få gå fritt.) 6. Historia handlar om medkjensle. Kven viste medkjensle i historia? Korleis? (Hjorten og kongen. Hjorten viste medkjensle med mannen da han redda han frå elva og kongens sinne. Kongen viste medkjensle da han lytta til ønska frå hjorten og lova å verne alle skapningar.)

73 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 73

28-09-11 12:11:44


Mål

• Elevane skal kunne samtale om hinduismen og korleis religiøs praksis kjem til uttrykk gjennom levereglar, puja og matreglar. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til hinduismen. Her arbeider dei med ulike gudebilete og statuar.

Dette er Ganesha. Han er ein svært populær gud. Ganesha er lett å kjenne igjen fordi han har elefanthovud. I Inn i livet 2 arbeidde elevane med historia om korleis Ganesha fekk elefanthovudet sitt.

kapittel

6

Hinduisme i kvardagen

Her har Ganesha fire armar. I ei hand held han ei øks. Det viser at han er ein stor krigar. Øksa viser også at Ganesha vernar dei som trur på han. I ei anna hand held han eit tau. Ei tolking av tauet er at Ganesha dreg dei som tilber han, vekk frå dei daglege problema deira. Andre seier at Ganesha fangar hindringar med tauet.

i dette kapittelet skal du lære om: ➔

puja

levereglar i hinduismen

matreglar i hinduismen

statuar og bilete av guden Ganesha

Magen til Ganesha er rund. Han er svært glad i søtsaker. Dette er Lakshmi, som er gudinne for rikdom og lykke. Lakshmi har vakre klede og ei krone på hovudet. I Inn i livet 2 lærte elevane om Lakshmi i samband med lysfesten divali. Under divali lagar hinduar fine mønster framfor døra for å ønskje Lakshmi velkommen. Lakshmi sit på ein lotusblome, som er ei slags vasslilje. Jamvel om lotusblomen veks opp frå grumsete vatn, er sjølve blomen alltid rein. Derfor er lotusblomen eit bilete på det reine. Lakshmi liker at folk er reine, både innvendig og utanpå. Derfor skal ingen vere uvenner når divali begynner, og både hus og menneske skal vere pynta og reine.

Bakgrunn

Puja Puja skal uttalast «pudsja». Det er eit ritual som hinduar utfører for å tilbe og vise kjærleik til gudane sine. På neste side i lærarressursen kan du lese meir om kva hinduar gjer under ein puja. Kor ofte ein hindu gjer puja varierer. Mange gjer puja kvar morgon, andre gjer puja ein fast dag i veka, mens somme gjer det berre ved spesielle høgtider. Det varierer også frå familie til familie kor mykje barna tek del i pujaen. Kor mange gudar og gudinner er det i hinduismen? Ingen kan gi eit nøyaktig tal for kor mange gudar og gudinner det er i hinduismen. Det kan vere vanskeleg å setje eit skilje mellom kven som er ulike gudar, og kven som berre er nye former av same guddom. Vidare oppstår det stadig nye gudar. Tradisjonelt reknar ein med at det er 33 namngitte gudar i Veda, dei eldste heilage tekstane. Mange ordtak seier at det for kvar vedisk gud finst tusen andre, ein million andre osv. Slik kan teljinga av gudar komme opp i 330

62

millionar gudar og gudinner. Det er eit uttrykk som viser at det er fleire gudar enn ein kan telje, men det er også eit uttrykk for at alle vesen har noko guddommeleg i seg. Kvifor har gudane mange armar? På fleire av bileta og illustrasjonane i elevboka er gudane framstilte med mange armar. Det skal vise at gudane har overmenneskelege krefter. Kor mange armar ein gud blir framstilt med, er avhengig av kva eigenskapar kunstnaren vil få fram. Ganesha kan for eksempel framstillast med alt frå to til tjue armar. I armane held gudane ulike gjenstandar. Kvar gjenstand viser ein spesiell eigenskap eller ei spesiell kraft hos guden. Når hendene er tomme, kan måten hendene blir haldne på, seie noko om kva guden gjer og korleis guden er. Når gudane er framstilte med mange armar, er det altså for å symbolisere dei ulike eigenskapane og kreftene deira.

74 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 74

28-09-11 12:11:49


Det er vanleg å ha mange statuar og bilete av gudane og gudinnene heime. Her ser vi mellom anna fleire gudinnebilete, eit bilete av Ganesha og eit stort bilete av guden Shiva. Shiva er ein av hovudgudane i hinduismen og far til Ganesha. Han kan kjennast igjen på den grålege huda og dei tre stripene i panna. I den eine handa held han eit slags spyd med tre taggar på. Ut frå håret hans ser vi ei vasstråle. Det er elva Ganges.

Eit hinduistisk alter

Puja Madhav er hindu. Familien hans har mange statuar og bilete av gudane og gudinnene sine heime. Tre av gudane heiter Ganesha, Lakshmi og Krishna. Mor til Madhav har forklart at gudane og gudinnene bur inne i statuane og bileta. Derfor er det viktig å passe godt på dei.

Dette er guden Krishna. Her ser vi han framstilt som ein ung, vakker gjetargut. Midt i panna har han eit u-forma merke, som opphavleg er teiknet til guden Vishnu. Vishnu er ein annan hovudgud i hinduismen, og det er vanleg å tenkje på Krishna som ei form av Vishnu. I Krishnas skapnad har han komme ned til jorda for å hjelpe menneska. Krishna er lett å kjenne igjen på grunn av den blålege hudfargen og fløyta som han har i hendene. Blåfargen er himmelfargen og viser at Gud held oppe livet på jorda. Elevane får høre mange historier om Krishna i Inn i livet 4.

Familien ber til gudane og gudinnene, syng for dei og set fram gåver. Det heiter å gjere puja. Hinduar gjer puja for å vise kjærleik til gudane og gudinnene sine. 63

Til samtale

1. Sjå på biletet på side 62 i elevboka. a) Kva ser de? b) Kven trur de personane på biletet er? c) Kjenner de igjen nokon av figurane? d) Korleis kan de sjå at det ikkje er teikningar av vanlege menneske? (Det er for eksempel eit strålande lys rundt hovudet til Lakshmi, Ganesha har elefanthovud og menneskekropp, og Krishna har blåfarga hud.) 2. Sjå nøye på biletet på side 63. Klarer de å finne igjen nokon av gudane eller gudinnene frå teikninga på side 62? (Ganesha sit til høgre i biletet i midten. Midt i same biletet står gudinna Lakshmi. Ho kan vere vanskelegare å oppdage, sidan ho står på dette biletet og sit på illustrasjonen. Men elevane kjenner kanskje igjen lotusblomen ho står i, krona hennar og stråleglansen rundt hovudet?)

Tips til læraren

På nettressursen til Inn i livet kan elevane finne eit interaktivt bilete av Ganesha med nokre av kjenneteikna hans.

75 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 75

28-09-11 12:11:54


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om puja i hinduismen. • Elevane skal kunne kjenne igjen estetiske uttrykk knytte til hinduismen. Her ser dei teikningar av ulike gudestatuar.

Når pujaen begynner, ringjer hinduar med ei bjølle. Det er ein måte å helse gudane på, og å seie frå om at dei som tilber gudane, er komne.

H

Når hinduar gjer puja, bruker dei ulike ting:

Hinduar helsar gudane ved å halde hendene samla. Dei bruker også å bøye hovudet, gjere eit bukk med heile overkroppen eller leggje seg heilt ned på golvet framfor gudane. Det finst ulike typar av gudebilete. Somme er laga for å fortelje historier om gudane. Da ser ofte gudane mot sida. På bilete og statuar som er laga for tilbeding, har gudane alltid klare og opne auge. Når hinduar gjer puja, er det både for å sjå gudane og for at gudane skal sjå dei.

Når pujaen begynner, ringjer hinduar med ei bjølle.

Dette er ei lita lampe som er fylt med ghee (klarna smør) eller olje. I lampa er det ei veke som brenn, på same vis som i stearinlys. Når lampa brenn, er det eit symbol på at hinduar vil brenne vekk dårlege sider ved seg sjølve og gi seg over til gudane.

Hinduar tenner lys framfor gudane.

I tillegg til vatn og frukt er det vanleg å leggje annan mat og pengar framfor gudane. Etter at frukta og maten har stått framfor gudane ei stund, blir alt delt ut til menneska som kjem til tempelet. Hinduar tenkjer seg at gudane velsignar maten.

Hinduar helsar gudane ved å halde hendene samla.

Gudane får gåver. Dei får ofte vatn og frukt.

Hinduar ser på auga til gudane og gudinnene. Dei tenkjer at gudane ser tilbake på dei.

Hinduar les heilage tekstar, ber og syng for gudane sine.

M I S

oppgåver

1 Kvifor gjer hinduar puja?

Hinduar har mange heilage og filosofiske tekstar som dei les og syng framfor gudane. Ofte er éin person forsangar, og dei andre gjentek orda. Både barn og vaksne kan vere forsangarar.

Bakgrunn

Det er ikkje nødvendig å dra til hindutempelet for å vere ein god hindu. Men for mange hinduar er tempelet ein viktig forsamlingsstad, i tillegg til at det er ein stad der dei ser og tilber gudane. Pujaen i tempelet har same form som i heimen, men varer som regel lenger. I tillegg er det gjerne ein bramin, det vil seie en hinduistisk prest, som leier pujaen. Noreg har hindutempel mellom anna på Slemmestad i Buskerud og i Oslo, Drammen, Bergen og Trondheim. I elevboka står det at presten seier heilage ord. Han seier dei fram på ein spesiell måte, som lyder som ei blanding av song og høgtlesing. Tekstane er mellom anna frå dei heilage bøkene som heiter Veda. Desse tekstane er opptil 3000 år gamle.

2 Lag ei liste over kva hinduar bruker når dei gjer puja.

64 RLE3kap6+7+8.indd 64

06-05-11 14:16:56

Oppgåver/aktivitetar

1. Studer teikningane på side 64 i elevboka. Kan du finne igjen gjenstandar frå biletet på side 63? (Elevane kan finne ei lita lampe, ei skål med vatn og bilete av hindugudar med opne auge.) 2. Sjå på teikninga på side 65 i elevboka. Kva slags gåver er sette fram framfor gudestatuane? (Lys og frukt.) 3. Lytt til «Ganesh mantra», som finst på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 9, som eksempel på songar hinduar syng for gudane sine. Det finst informasjon om songen på nettressursen til Inn i livet, og i Inn i livet ressursbok for læraren 2. a) Lytt til songen. Kven syng? Hører vi menn eller kvinner? Barn eller vaksne? (Vi hører menn og kvinner. Dei hørest vaksne ut.) b) Syng dei aleine eller saman? (Ein mann syng vers aleine. Somme gonger gjentek kvinner og menn verset hans saman.) c) Hører vi instrument? (Innleiingsvis hører vi klokker eller

76 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 76

28-09-11 12:12:10

RLE3kap6+7+


05-11 14:16:56

Her ser vi guden Rama med familie og hjelparar. Som Krishna er Rama ei form av Vishnu, og han blir dyrka av mange hinduar i Noreg. (Illustrasjonen er teikna etter hovudalteret i hindutempelet på Slemmestad i Buskerud.) Rama er ein sterk, klok og modig krigar som er veldig flink til å skyte med pil og boge. Vi ser bogen hans og pilkoggeret på ryggen. Ved sida hans står kona Sita og broren Lakshman.

HURRA FOR EIT NYTT MENNESKE! puja i tempelet Tempelet er det heilage huset til hinduar. Her er det mange store statuar av gudane. Mange hinduar dreg til tempelet for å besøkje gudane. I tempelet arbeider ein prest. Presten leier pujaen i tempelet. Han vaskar gudestatuane, kler av og på dei, tenner lys, set fram gåver og seier fram heilage ord.

Dette er guden Hanuman, Ramas trufaste venn og hjelpar. Han er halvt ape, skal ha superkrefter og kan gjere seg så stor eller liten han vil. Her blir han ikkje framstilt med apeutsjånad, men vi ser halen hans. På neste side her i lærerressursen finn du ei historie om da Hanuman hjelpte Rama å befri Sita.

Presten tenner lys framfor statuane. Han har sett fram ulike slag frukt i gåve til gudane. Presten er oftast kledd i kvitt, men her har han oransje klede. På sanskrit, det heilage språket for hinduar, blir presten kalla bramin.

MAMMAEN TIL SARA HAR STOR MAGE. INNE I MAGEN ER DET EIN BABY. SNART KJEM BABYEN UT.

Guten bøyer seg med hendene samla framfor gudane. Slik helsar han dei og viser respekt. 37

RLE3kap6+7+8.indd 65

06-05-11 14:17:00

bjøller. Vidare i melodien er det brukt tradisjonelle tromme- og strengeinstrument. Dei heiter dholak og tambura.) d) Korleis er stemninga i songen? (Her er det mange moglege svar.)

Tips til læraren

Tor Åge Bringsværd: Hanuman: apeguden. Oslo: Gyldendal Tiden, 2000. Ei barnebok om Hanuman, illustrert av Annette Halvorsen, som er godt eigna til høgtlesing. Sjå også historia på neste side.

Fasit til oppgåver på side 64 i elevboka 1. Hinduar gjer puja for å vise kjærleik til gudane og gudinnene sine. 2. Når hinduar gjer puja, bruker dei ei bjølle, lys, vatn, frukt og heilage tekstar.

77 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 77

28-09-11 12:12:24


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om levereglar og matreglar i hinduismen.

Til høgtlesing Hanuman hjelper Rama Hanuman var son av apedronninga og den store vindguden. Av far sin arva han evna til å flyge. Hanuman voks opp til å bli ein sterk og modig ape. Men han ville gjerne vere ein god venn og hjelpe andre. Ein dag blei han kjend med ein prins som heitte Rama. Kona til Rama, Sita, var blitt bortført av ein vond demon. Hanuman lova å hjelpe Rama med å redde kona hans. Sidan Hanuman kunne flyge, var han perfekt som spion. Han flaug og speida heilt til han fann ut kvar demonen heldt Sita som fange. Rama, Hanuman og mange andre kjempa mot demonen og krigarane hans. I kampen blei bror til Rama, som heitte Lakshman, alvorleg skadd. Det einaste som kunne redde han, var planter som voks i fjella langt, langt borte. Rama var fortvila. Da fekk Hanuman ein idé. Han flaug av garde, så raskt han berre kunne, og kom snart til fjella. Der såg han at det voks mange ulike planter. Han visste ikkje kva planter han skulle plukke. Men Hanuman hadde fleire mektige krefter. Han kunne gjere seg så liten eller stor som han ville. No gjorde han seg kjempestor og plukka med seg heile fjellet! Så flaug han tilbake til slagmarka. Der kunne legane velje ut dei rette plantene, og dermed blei Lakshman frisk igjen. No hadde Hanuman brukt kreftene sine til å hjelpe vennene sine. Dei heldt fram med å slåst, og til slutt fekk dei befridd Sita. Mange hinduar ber til Hanuman om vern fordi han er så sterk og modig.

Til samtale om høgtlesingsteksten 1. Kva eigenskapar har Hanuman? (Han er sterk, modig og hjelpsam. Han kan flyge og forandre storleik.) 2. Korleis brukte Hanuman kreftene sine til å hjelpe vennen Rama? (Han brukte evna til å flyge, slik at han kunne vere spion og finne kona til Rama. Han flaug og henta urter for å hjelpe legane med å gjere bror til Rama frisk.) 3. Korleis kan du hjelpe vennene dine? 4. Har du nokon gong hjelpt vennene dine? Har du nokon gong fått hjelp frå vennene dine? Fortel om kva som skjedde, og korleis dei hjelpte deg eller du hjelpte dei. .

Levereglar Hinduar har mange ulike levereglar. Somme av reglane gjeld for alle.

Alle bør for eksempel vere tolmodige, tilgi kvarandre, snakke sant og ikkje stele.

oppgåver

Korleis meiner hinduar at alle menneske bør prøve å vere? Set saman rett tal og bokstav og skriv levereglane. 1) Ikkje

a) Kvarandre

2) Tilgi

b) Sant

3) Vere

c) Stele

4) Snakke

d) Tolmodig

66

Bakgrunn

Levereglar Hinduar har mange heilage tekstar og mange lærarar med ulike meiningar. Det finst derfor ikkje eit felles sett med levereglar, slik som i mange andre religionar. Dei ulike tekstane inneheld ulike lister over korleis menneska bør leve, og kva slags eigenskapar menneska bør ha. Eigenskapane som er nemnde i elevboka, er henta frå éi slik liste. Andre levereglar er at ein ikkje skal vere grådig, ein skal gi seg over til Gud, studere dei heilage skriftene og gjere øvingar for å få betre konsentrasjon og kontroll over seg sjølv. I tillegg er ikkje-vald eit viktig uttrykk i hinduismen. Det inneber at en ikkje skal skade andre. For hinduar heng alt liv saman. Menneske kan bli gjenfødde som dyr, og dyr kan bli gjenfødde som menneske. Derfor meiner mange hinduar at det ikkje berre er gale å skade menneske, det er gale å skade dyr også. Matreglar Mange hinduar vil seie at kua er eit heilagt dyr for dei. Det

78 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 78

28-09-11 12:12:29


I hinduismen har alt liv noko guddommeleg i seg. Kua blir likevel vist ekstra respekt. Dette dyret har hatt høg status sidan den tidlegaste tida i hinduismen, og er nemnt i mange religiøse skrifter. Kyr er dessutan knytte til guden Krishna, og guden Shiva har oksen Nandi som ridedyr.

Matreglar Foreldra til Mohini et ikkje kjøtt frå ku eller okse, fordi kua er eit heilagt dyr for hinduar. «Kua gir mennesket mange gåver. Når kua gir så mykje til mennesket, er det gale å drepe henne», forklarer far.

Somme hinduar et ikkje kjøtt i det heile. Dei meiner det er gale å drepe dyr, fordi noko av gudane bur i alt som lever. Derfor er det viktig å vise omsorg for alle, både menneske og dyr. oppgåver

Sjå på biletet. Kva trur du hinduar meiner med at kua gir mange gåver?

67

er ikkje slik at kua er ein gud som dei ber til, men ho blir vist ære fordi ho gjer så stor nytte for seg. Ho gir mjølk som blir brukt til å lage yoghurt, smør og ghee. Ghee er klarna smør som blir brukt i gudetilbedinga. Oksen blir brukt som nyttedyr, han pløyer åkeren og er trekkdyr. Møkka frå både ku og okse blir brukt som brennstoff og byggjemateriale. Ein del hinduar er vegetarianarar. Andre lèt vere å ete kjøtt på utvalde dagar og før dei går til tempelet. Andre igjen har ikkje spesielle matreglar.

Oppgåver/aktivitetar

Fasit til oppgåva på side 66 i elevboka 1) Ikkje c) stele 2) Tilgi a) kvarandre

3) Vere d) tolmodig 4) Snakke b) sant

Fasit til oppgåva på side 67 i elevboka Kua gir for eksempel mjølk. Av mjølka kan menneska lage mellom anna ost, smør og yoghurt.

1. Kva gode eigenskapar har elevane i klassa? Sit i sirkel. La alle elevane seie ein god eigenskap ved eleven som sit ved sida av. For eksempel: Eilif er snill, Nora er tolmodig osv. 2. Arbeid med kopioriginal 16 om matreglar i hinduismen. (Fasit: Familien kan ete kake, grønsaker, bananar, brød, ris og fisk. Gryterett avhengig av kva som er i (ikkje storfekjøt; ikkje kjøtt i det heile for vegetarianarar).)

79 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 79

28-09-11 12:12:31


Mål

• Elevane skal kunne kjenne igjen bilete av Ganesha. • Elevane skal kunne snakke om levereglar i hinduismen.

Tips til læraren

Sjå side 14 i innleiinga om korleis ein kan arbeide med forteljingar i RLE.

ganesha og katten Da guden Ganesha var liten, leika han ofte ved fjellet der han budde. Ein dag fekk han auge på ein katt. «Eg skal ta deg!» ropte Ganesha. Så sprang han etter katten. Katten mjaua av redsel. Han sprang nedover fjellet og gjennom skogen så fort han kunne. Men Ganesha var raskare. Han tok tak i halen til katten og heldt han fast. Katten blei så redd at han ikkje eingong greidde å mjaue. Han skalv over heile kroppen. No såg Ganesha kor redd katten var. Han sleppte taket i han. Så gjekk han heim til mor si.

Til samtale om forteljinga om Ganesha og katten 1. 2. 3. 4.

Kven handlar forteljinga om? (Guden Ganesha.) Kvar leika Ganesha? (Ved fjellet der han budde.) Kva slags dyr fekk Ganesha auge på? (Ein katt.) Kva gjorde Ganesha med katten? (Han jaga han, fanga han og heldt han fast i halen.) 5. Korleis reagerte katten på det Ganesha gjorde? (Han blei svært redd.) 6. Kven møtte Ganesha da han kom heim? (Mor si.) 7. Kva hadde skjedd med mor hans? (Ho hadde sår og blåmerke over heile kroppen.) 8. Korleis hadde mora blitt skadd? (Ho hadde vore katten som Ganesha hadde jaga.) 9. Kvifor trur du mor til Ganesha hadde skapt seg om til ein katt? (Kanskje for å lære Ganesha at han ikkje skulle skade andre?) 10. Kva kan vi lære av forteljinga om Ganesha og katten? (Vi kan lære det same som Ganesha lærte, nemleg at vi må vere forsiktige så vi ikkje skader andre. Andre kan bli skremde, skadde eller lei seg jamvel om noko berre er meint som ein leik. Derfor er det viktig å tenkje på korleis andre har det.)

Mora hadde sår og blåmerke over heile kroppen. Det såg ut som ho hadde rispa seg på kvistar og slått seg mot steinar. 68 RLE3kap6+7+8.indd 68

06-05-11 14:17:03

Oppgåver/aktivitetar

1. Arbeid med kopioriginal 17 i samband med forteljinga om Ganesha og katten. (Fasit: 1: Usant. 2: Sant. 3: Usant. 4: Sant. 5: Sant. 6: Sant. 7: Usant. 8: Sant. 9: Usant. 10: Sant.) 2. Kvifor meiner du det er viktig å ta omsyn til andre? Læraren skriv setninga: «Du bør ta omsyn til andre, fordi …» på tavla, og elevane skriv kvar si avslutning av setninga. Arbeid saman etter metodikken «La oss tenkje saman». Sjå side 9 i innleiinga.

Fasit til oppgåva på side 69 i elevboka Ganesha lærte at han måtte vere forsiktig så han ikkje skadde andre. Han lærte at andre kan bli skremde, skadde eller lei seg jamvel om det ein gjer, berre er meint som ein leik. På den måten lærte han at ein alltid må ta omsyn til andre.

80 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 80

28-09-11 12:12:35


Til høgtlesing Liten og rask «Kva har skjedd?» spurde Ganesha. «Tenk deg om», sa mora. «Skadde du ikkje nokon for berre ei kort stund sidan?» Ganesha hugsa katten. «Eg var katten», sa mora. «Hugs det. Når du skader nokon, skader du meg.» Ganesha bøygde hovudet så djupt at dei store øyra hans fall over brystet og snabelen sokk ned på bakken. «Tilgi meg», sa han. «Eg meinte ikkje å skade deg. Eg meinte ikkje å skade katten heller. Det var berre ein leik.» «For deg var det kanskje ein leik», sa mora. «Men det var ingen leik for meg. Ver forsiktig når du leikar, så du ikkje skremmer eller skader nokon eller gjer dei lei seg.» Ganesha lova å hugse det mora sa. Og frå den dagen tok han alltid omsyn til andre. Tilrettelagt frå Uma Krishnaswami: The broken tusk (1996)

oppgåver

Kva lærte Ganesha etter leiken sin?

69

05-11 14:17:03

Til samtale om høgtlesingsteksten 1. Kven handlar forteljinga om? (Guden Ganesha og ein demon med elefantansikt.) 2. Kva er skilnaden mellom Ganesha og demonen i forteljinga? (Ganesha gav andre glede og lykke, mens demonen var grådig og maktsjuk og skremde andre.) 3. Kvifor ville demonen slåst med Ganesha? (Fordi han var sjalu.) 4. Kva skjedde da demonen prøvde å slå Ganesha? (Ganesha var så rask at han fekk demonen til å falle i bakken utan at demonen såg Ganesha røre seg.) 5. Kva ønskte demonen å lære av Ganesha? (Farten hans.) 6. Kva slags dyr blei demonen omskapt til? (Ei mus.) 7. Korleis kunne musa vere tenar for Ganesha? (Musa blei ridedyret hans.)

Det var ein gong ein demon som var svært grådig og glad i makt. Ein demon har krefter som ein gud, men bruker kreftene til å gjere slemme ting. Demonen hadde elefantansikt, slik som guden Ganesha. Men mens Ganesha gav andre glede og lykke, skremde demonen alle han møtte. Jamvel blomane blei så redde at dei fall av stilkane sine. Ein dag overhørte demonen nokon som snakka stygt om han og roste Ganesha. Demonen blei sjalu på Ganesha. «Eg skal trampe ned Ganesha så eg blir den einaste med elefantansikt!» ropte han. Så storma han opp på fjellet der Ganesha budde. «Ganesha, du er ei pyse! Kom ut og slåst!» ropte demonen. «Slåst?» sa Ganesha med mild stemme. «Det kan da ikkje vere nødvendig.» Men demonen heldt fram med å rope stygge ting til han. Til slutt reiste Ganesha seg langsamt opp og gjekk roleg ut for å møte demonen. Demonen stramma musklane og knytte nevane. Men kva skjedde? I neste stund låg han på ryggen på bakken og heiv etter pusten. Ganesha heldt han fast. «Korleis gjorde du det?» sa demonen da han fekk pusten tilbake. «Eg såg ikkje eingong at du rørte på deg.» Ganesha drog på skuldrene. «Kva skal eg gjere med deg», sa han og hjelpte demonen opp. «Du tek opp altfor mykje plass på dette vakre fjellet.» Demonen bøygde seg framfor Ganesha og tok på føtene hans med hendene. «La meg bli tenar og følgjesvein for deg», sa demonen. «Eg ser at eg har mykje å lære av deg.» Ganesha tenkte seg litt om. «Akkurat kva vil du lære?» spurde han. «Farten din!» sa demonen. «Dersom eg kunne forflytte meg så raskt berre éin gong i livet, ville eg døy lykkeleg.» Ganesha fekk eit glimt i auget. «Og du vil tene meg, seier du?» Demonen nikka ivrig. «Da trur eg du må sjå annleis ut», sa Ganesha. «Det ville vere forvirrande om vi begge gjekk rundt med elefanthovud. Og det finst andre kroppar som er raskare.» Demonen bøygde hovudet. «Gi meg den kroppen du vil», sa han. Ganesha tenkte seg om. Så knipsa han med fingrane. «Du skal bli ei mus!» sa han. «Ei lita, klok og rask mus. Du skal forflytte deg like fort som vinden, og saman skal vi reise rundt i verda.» I same stund blei den store demonen forvandla til ei mus. Og sidan har musa vore ridedyret til Ganesha. Omsett og tilrettelagt frå Uma Krishnaswami: The broken tusk. Little Rock: August House, 1996.

81 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 81

28-09-11 12:12:40


Mål

• Elevane skal kunne kjenne igjen bilete og statuar av Ganesha. Ganesha har kropp som eit menneske og hovud som ein elefant. Dei store øyra viser at han hører bønner. Han har tre kvite striper og ein raud prikk i panna. Krona på hovudet viser at han har kongeleg status. Den eine støyttanna er knekt. Ei forteljing seier at han brukte tanna til å skrive med. Ganesha har ein blomekrans rundt halsen. Hinduar ærar gudane sine mellom anna ved å gi dei blomar. Her har Ganesha fire armar. Det skal vise at han har store krefter og mange eigenskapar. I den eine handa held han ei slags utsmykka øks. Det viser at Ganesha er ein stor krigar. Øksa viser også at Ganesha vernar dei som trur på han.

Biletet til venstre er ein plakat av Ganesha. På biletet til høgre er det ein statue av Ganesha.

Det er ikkje så lett å sjå kva Ganesha held i den øvste venstre handa, men det skal vere eit tau. Dersom ein tenkjer at tauet er bretta saman, er det kanskje lettare å kjenne igjen? Sjå side 74 her i lærarressursen for forklaring.

oppgåver

1 Sjå på bileta av Ganesha. Kva er likt, og kva er ulikt?

Ganesha har ei mus eller rotte som ridedyr. Mus og rotter kjem seg fram nesten overalt. Dei klatrar, kryp og grev seg rundt alle hindringar. Musa som ridedyr er såleis eit bilete på at Ganesha kan fjerne hindringar. På side førre sida her i lærarressursen kan du lese historia om korleis Ganesha fekk ei mus som ridedyr. Godtebollen viser at Ganesha gir gåver. Han er dessutan svært glad i søtsaker. Ganesha sit og står på ein lotusblome. Lotusblomen står for visdom.

Fasit til oppgåver på side 70 i elevboka 1. Likskapar: På begge bileta har Ganesha elefanthovud. Han har krone på hovudet og kostbare rosa og grøne klede med gullband. Den eine støyttanna er kortare enn den andre. Han har tre kvite striper og ein raud prikk i panna. Han har fire armar med armband på. I to av hendene held han gjenstandar som liknar på kvarandre. Det er ei øks og eit tau. Skilnader: Til venstre ser vi eit bilete av Ganesha, til høgre ser vi ein statue. Til venstre sit Ganesha i ein gul lotusblome, til høgre står han i ein rosa lotusblome. Til venstre ser vi også ridedyret hans, ei mus. På biletet til venstre er Ganesha rundare både i ansiktet og kroppen

2 Kva kjenneteikn har Ganesha? 3 Lag ei teikning til forteljinga om Ganesha og katten. Prøv å få med kjenneteikna til Ganesha.

Dora Holzhandler: Sabbatsmåltid, 1986

70

enn på statuen til høgre. På biletet til venstre held Ganesha ein bolle med godteri. 2. Ganesha har elefanthovud med tre kvite strekar og ein raud prikk i panna. Kroppen hans er rosa. Magen er rund. Han har fire armar. Dei held ulike gjenstandar.

Oppgåver/aktivitetar

1. Arbeid med kopioriginal 18 om kjenneteikna til Ganesha. (Fasit: Han har hovud som ein elefant, han held ei øks, han rir på ei mus.) 2. Arbeid med kopioriginal 19. Kjenner de igjen Ganesha? (Fasit: Det er tre bilete av Ganesha – biletet øvst til venstre, biletet øvst til høgre og biletet i midten i andre rad. Dei andre bileta er av Rama, Hanuman og Lakshmi.)

82 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 82

28-09-11 12:12:46


Mål

• Elevane skal kunne samtale om jødedom og korleis religiøs praksis kjem til uttrykk gjennom levereglar, bønn, matreglar og høgtider. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til jødedommen.

kapittel

7

Jødedom i kvardagen i dette kapittelet skal du lære om: ➔

sabbat

bønn i jødedommen

levereglar i jødedommen

matreglar i jødedommen

Biletet er måla av Dora Holzhandler i 1986 og heiter Sabbatsmåltid. Dora Holzhandler er ein jødisk kunstnar som blei fødd i Frankrike i 1928. Ho er kjend for fargerike bilete, måla i ein litt barnleg stil. Dette hovudplagget blir kalla ein kippa. Jødiske menn skal dekkje hovudet når dei ber og når dei er i synagogen. Synagogen er det heilage huset for jødar. Mannen har eit bønnesjal rundt skuldrene. Det er kvitt med svarte striper. Dette er eit sabbatsbrød. Det hører med til sabbatsmåltidet. Sabbatsbrødet er ein fletta loff. Ikkje alle bruker fletta loff, i Midtausten er det også vanleg å ete flate brød til sabbatsmåltidet. Lysa blir kalla sabbatslys, og lysestakane sabbatslysestakar. Kvinna i huset har som oppgåve å tenne sabbatslysa. Når ho tenner lysa 20 minutt før solnedgang fredag kveld, fortel det at sabbaten begynner. Sabbatsmåltidet blir innleidd med at mannen i huset les ei velsigning over brødet og vinen. Både vinen og brødet er viktige delar av sabbatsmåltidet.

Bakgrunn

Sabbatsmåltidet er eit viktig familiemåltid. I religiøse familiar er det vanleg at både barn, foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og syskenbarn møtest for å ete sabbatsmåltidet saman. Familien sit ofte lenge ved bordet og et og hyggjer seg. Her snakkar dei saman, diskuterer og syng sabbatssongar.

Tips til læraren

Geir Winje har skrive ein svært informativ artikkel, «Kunst og estetikk i jødedommen». Artikkelen ligg ute fleire stader på Internett, mellom anna på heimesidene til Høgskolen i Vestfold: http://www-lu.hive.no/ansatte/gw/j-kunst.htm.

Oppgåver/aktivitetar

1. Sjå på biletet på side 71 i elevboka. (Til læraren: Fleire spørsmål til biletet finst på neste side her i lærarressursen.) a) Kva tenkjer du når du ser biletet? b) Trur du biletet hører heime i ein bestemt religion eller eit bestemt livssyn? Forklar. c) Kva ser du på biletet? d) Skriv eit dikt som passar til biletet. Les diktet ditt for dei andre i klassa.

83 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 83

28-09-11 12:12:50


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om sabbat. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til jødedommen.

Bakgrunn

Sabbat Det fjerde bodet i jødedommen seier at jødar skal hugse sabbaten og halde han heilag. Sabbaten begynner ved solnedgang fredag og varer til solnedgang laurdag. Heilagdagen er høgdepunktet i veka og skal gi kvile til alle. Sabbat blir feira både i synagogen og heimen. Fredag kveld og laurdag morgon er det gudsteneste i synagogen. På fredagskveldane er det i hovudsak menn som går til gudsteneste, men laurdag morgon går mange familiar til gudsteneste saman. Etter gudstenesta fredag kveld er det vanleg at familien samlast for å ete sabbatsmåltidet. Sabbaten blir feira til minne om at Gud ifølgje Toraen kvilte den sjuande dagen etter at han hadde skapt verda. Han er også til minne om forteljingane i Toraen om utvandringa frå Egypt, og om pakta mellom Gud og det jødiske folket (sjå for eksempel 1 Mos 2,1–4 og 5 Mos 5,15).

Sabbat Mor til Dina har laga mat og dekt bordet. No tenner ho to sabbatslys. Det viser at sabbaten begynner. Sabbat er heilagdagen til jødane. Familien til Dina feirar sabbat med eit stort festmåltid. Under måltidet syng dei songar. Sabbaten blir feira til minne om at Gud skapte verda, og at Gud hjelpte jødane til å bli frie frå slaveriet i Egypt. I Toraen, som er den heilage boka til jødane, står det at Gud skapte verda på seks dagar, og at han kvilte den sjuande dagen. Derfor er sabbaten også ein kviledag. Det vil seie at jødar ikkje skal arbeide under sabbaten.

Til samtale

1. Kva er sabbat? (Heilagdag og kviledag for jødar.) 2. Kor ofte er det sabbat? (Kvar veke.) 3. Når begynner og sluttar sabbaten? (Sabbaten begynner ved solnedgang fredag kveld og varer til solnedgang laurdag kveld.) 4. Når tenner mor til Dina dei to sabbatslysa? (Når sabbaten begynner ved solnedgang fredag.) 5. Når bruker du og familien din å tenne lys? 6. Kvifor trur du at vi tenner lys? (Mange svar: fordi det er koseleg, fordi det er mørkt ute, når nokon har bursdag, fordi vi skal ete, osv.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Sjå på biletet på side 71 i elevboka. (Forklaring til biletet står på det førre oppslaget.) a) Kor mange personar ser du på biletet? Kor mange vaksne og kor mange barn er det? (12 personar: fem vaksne, sju barn.) b) Kva trur du menneska på biletet gjer? (Dei sit rundt eit bord med mat, så dei et.) c) Kva har mennene rundt skuldrene? (Eit bønnesjal.) d) Kva har mennene og gutane på hovudet? (Eit lite hovudplagg som blir kalla kippa.) e) Kor mange kippaer ser du på biletet? (Fire.) f) Korleis trur du biletet er laga? (Det er måla.) g) Kva fargar ser du i biletet? (Mange.) h) Kva heiter kunstnaren som har måla biletet? (Dora Holzhandler, det står nedst til høgre på biletet.) 2. Sjå på dei små bileta på side 73 i elevboka.

oppgåver

1 Sjå på biletet på side 71. Fortel kva som skjer på biletet. 2 Kvifor feirar jødar sabbat?

44 72

a) Kva er det bilete av øvst til venstre? (Torarullar som er pakka inn i eit klede.) b) Kvar har du tidlegare sett davidsstjerna som er teikna på kledet rundt Torarullane? (Fleire stader: vi bruker denne stjerna som piktogram for alle kapitla om jødedom i Inn i livet. På denne sida ser vi også at det runde vindauget i synagogen er utsmykka med ei davidsstjerne.) c) Kva kan biletet med dei to solene fortelje oss om sabbat? (At sabbaten begynner ved solnedgang fredag kveld og varer til solnedgang laurdag kveld.) d) Kva heiter dei to lysa? (Sabbatslys.) e) Kva slags bygning er det bilete av på side 73? (Ein synagoge.) f) Kva kan biletet av skiltet med strek over «Arbeid» fortelje oss om sabbat? (At det ikkje er lov å arbeide når det er sabbat. Sabbaten er ein kviledag.) g) Kva er det bilete av nedst til høgre? (Eit sabbatsbrød.) 3. Sjå på bileta på side 71 og 73. Bruk bileta og fortel korleis jødar kan feire sabbat. 4. Lag eit faktaark om sabbat. Sjå kopioriginal 20, «Faktaark om sabbat».

84 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 84

28-09-11 12:13:06


I Toraen står det at sabbat AMINA FØDT er heilagdagenER til jødane.

FAR KVISKRAR TIL AMINA. HAN KVISKRAR GUDS NAMN. DET ER DET FØRSTE AMINA HØRER.

Fredag Laurdag Sabbaten begynner ved solnedgang fredag kveld og varer til solnedgang laurdag kveld.

Sabbatsfeiringa begynner med at mor tenner to sabbatslys.

Under sabbaten er det gudsteneste i synagogen fredag kveld og laurdag morgon. Sabbat er kviledag.

Sabbatsbrødet er eit fletta brød.

Tips til læraren

oppgåver

På sidene til Det Mosaiske Trossamfund Oslo finst meir informasjon om sabbat. Adressa til heimesida er: http://www.dmt.oslo.no

Teikn tre ting som hører med til sabbatsfeiringa.

73 45

5. Lytt til songen «Shabbat shalom» som finst på Inn i livet 5–7, CD 2, spor 14. (Til læraren: Sjå side 12 i innleiinga om arbeid med musikk i RLE.) a) Kva tenkjer du når du hører denne musikken? b) Verkar musikken alvorleg, trist eller glad? c) Kva liker du med songen – eller kva liker du ikkje? d) Kva syng dei? («Shabbat shalom».) e) Shalom er hebraisk og tyder fred. Kva trur du «shabbat shalom» tyder? (Fred over sabbaten, eller fredeleg sabbat.) f) Kor mange gonger syng dei orda «shabbat shalom» i løpet av songen? (11 gonger syng dei «shabbat shalom», men dei syng «shabbat» fleire gonger.)

Fasit til oppgåver på side 72 i elevboka

Fasit til kopioriginal 20 1. 2. 3. 4. 5.

Sabbat er heilagdagen for jødar. I Toraen står det at sabbat er heilagdagen for jødane. Sabbat er kviledag. Det vil seie at jødar ikkje skal arbeide under sabbaten. Sabbat begynner ved solnedgang fredag kveld og varer til solnedgang laurdag kveld. 6. Sabbatsfeiringa begynner med at mor tenner to sabbatslys. 7. Familien til Dina feirar sabbat med eit stort festmåltid. 8. Sabbatsbrødet er eit fletta brød. 9. Under sabbaten er det gudsteneste i synagogen fredag kveld og laurdag morgon. 10. Sabbaten blir feira til minne om at Gud skapte verda, og at Gud hjelpte jødane å bli fri frå slaveriet i Egypt.

2. Sabbat blir feira til minne om at Gud ifølgje Toraen skapte verda, og at Gud hjelpte jødane til å bli fri frå slaveriet i Egypt.

85 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 85

28-09-11 12:13:21


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om bønn i jødedommen. • Elevane skal kunne kjenne igjen kunst og gjere bruk av estetiske uttrykk knytte til jødedommen.

Faren har eit bønnesjal rundt skuldrene. Vi kan sjå at han har lagt delar av bønnesjalet over hovudet. Det kan ha fleire fargar, men vanlegvis er det kvitt med blå eller svarte striper. Jødiske menn har på seg eit bønnesjal når dei skal be.

Bønn

Når far ber morgonbønna på kvardagar, bind han to små boksar rundt panna og armen. Boksane festar han med skinnreimar. Inne i dei små boksane er det vers frå Toraen. Den eldste guten på biletet har også slike boksar og reimar, men ikkje den yngste. Jødiske gutar skal begynne å bruke slike boksar og reimar når dei er 13 år, etter at dei har blitt bar mitsva. Bar mitsva tyder «son av plikta». Når guten blir bar mitsva, får han dei same religiøse pliktene som ein vaksen jødisk mann har. Det inneber mellom anna at han skal be og ta del i gudstenesta.

Det er tidleg om morgonen. Jakob og familien skal snart ete frukost. Men først skal far be. Jakob ser på at far gjer seg klar til bønn. Først dekkjer far til hovudet med ei lue som heiter kippa. Lua er ganske lita. Så tek han på seg eit bønnesjal som er kvitt med svarte striper. Det har frynser i kvar ende. Deretter bind far to små boksar rundt panna og armen. Boksane festar han med lange skinnreimer. Inne i boksane er det tekst frå Toraen.

Gutane har ein kippa på hovudet. Jødiske gutar og menn skal dekkje hovudet med dette hovudplagget når dei ber og når dei er i synagogen. I somme jødiske forsamlingar bruker også kvinner kippa. Bønnesjalet har frynser i kvar ende. Frynsene er til minne om alle boda, det vil seie lovene og reglane, som står i Toraen. Toraen er den mest heilage boka for jødar. Ho inneheld Mosebøkene. Både faren og gutane les frå ei bønnebok. Boka blir kalla bønnebok fordi ho inneheld mange bønner.

Amerikanske jødar som ber

44 74 RLE3kap6+7+8.indd 74

Bakgrunn

Bønn i jødedommen Ortodokse jødiske menn er forplikta til å be tre gonger om dagen. Dei skal be om morgonen, om ettermiddagen og om kvelden. Under morgonbønna har dei på seg tefillin, som er namnet på boksane og skinnreimane dei knyter rundt hovudet og armen. Ei av dei første religiøse pliktene ein jødisk gut får etter bar mitsva, er å bruke tefillin. I somme ikkje-ortodokse forsamlingar kan også kvinner bruke tefillin. Under bønn les jødar frå ei bønnebok som heiter Sidur. I Noreg er det vanleg at jødiske barn får denne boka under ein høgtideleg seremoni når dei går i 4. klasse. Shema, den jødiske truvedkjenninga Bønna Jakob ber om morgonen og om kvelden før han legg seg, heiter shema. Shema blir kalla den jødiske truvedkjenninga. Ho oppsummerer det viktigaste i den jødiske læra, trua på éin Gud. Alle jødiske menn skal ifølgje Toraen resitere shema to gonger om dagen. I songen «The children’s shema» blir innhaldet i truvedkjenninga sunge fleire gonger. Vi har laga oppgåver til songen under.

06-05-11 14:17:45

Til samtale

1. Kva skal far til Jakob gjere før dei skal ete frukost? (Han skal be.) 2. Kva heiter det vesle hovudplagget som far til Jakob tek på seg før han ber? (Kippa.) 3. Mot kva for ein by vender far til Jakob seg når han ber? (Mot Jerusalem.) 4. Når bruker Jakob å be? (Om morgonen og om kvelden.) 5. Kva seier Jakob når han ber? («Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.») 6. Kva kan bønna til Jakob fortelje oss om kva jødar trur på? (Dei trur på Gud, og dei trur at det finst éin Gud.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Arbeid med kopioriginal 21. Vis kva far til Jakob må ta på seg før han ber, og kvar sylinderen skal henge. 2. Lytt til songen «The children’s shema» som finst på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 11. Shema er namnet på den jødiske truvedkjenninga, som er bønna Jakob ber om morgonen og om kvelden.

86 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 86

28-09-11 12:13:29


Far står medER ansiktet mot Jerusalem når han ber. AMINA FØDT Han ber tre gonger om dagen.

FARSomme KVISKRAR AMINA. gonger TIL ber han i synagogen, HAN KVISKRAR GUDS NAMN. andre gonger heime. DET ER DET FØRSTE AMINA HØRER.

Sylinderen som heng ved inngangen til alle rom heime hos Jakob, blir kalla mezuza. Han inneheld ein bitteliten pergamentrull med to små tekstar frå Toraen. Sylinderen skal minne jødar om Gud og om boda dei trur Gud har gitt dei. Det er ein utbreidd skikk å helse sylinderen ved å ta på han når ein går inn i ein jødisk heim eller eit rom i heimen.

Jakob bruker også å be. Han ber om morgonen og om kvelden før han legg seg. Når Jakob ber, seier han: «Hør, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.» Det er ei viktig bønn i jødedommen. Heime hos Jakob heng det ein liten sylinder ved inngangen til alle rom. Inne i sylindrane er det to små tekstar frå Toraen. Sylindrane er til minne om Gud og dei levereglane Gud har gitt jødane.

oppgåver

1 Kva tek far til Jakob på seg før han ber? 2 Kva skal sylindrane minne om?

75 45

05-11 14:17:45

a) Kva tenkjer du når du hører denne musikken? b) Kva for ein religion eller kva for eit livssyn trur du denne musikken kjem frå? c) Kven er det som syng? (Ei kvinne og nokre barn.) d) Hører du instrument? (Ein gitar.) e) Kva for eit språk syng dei songen på? (Engelsk og hebraisk.) f) Kjenner du igjen ord eller namn i songteksten? g) I songen syng dei «Shema Israel». Sjå på teksten om Jakob på side 75 i elevboka. Kva trur du desse orda tyder? («Hør, Israel.») h) Kan du kjenne igjen andre ord frå bønna som Jakob ber, i songteksten? (Her vil det variere kor mykje engelsk barna kan. Somme kjenner kanskje igjen orda «Gud» og «Gud er éin».) 3. Heime hos Jakob heng det ein sylinder ved inngangen til kvart rom. a) Korleis ser ein sylinder ut? (Ein sylinder er eit avlangt rør eller behaldar.) b) Finn de ting forma som sylindrar i klasserommet? Ute eller heime?

c) Skriv ned namnet på dei sylinderforma gjenstandane de finn, og forklar kort kva dei blir brukte til.

Fasit til oppgåver på side 75 i elevboka 1. Far tek på seg ein kippa og eit bønnesjal og bind to små boksar med skinnreimar rundt panna og armen før han kan be. 2. Sylindrane er til minne om Gud og om dei levereglane jødane meiner Gud har gitt dei.

87 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 87

28-09-11 12:13:33


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om levereglar i jødedommen. • Elevane skal kunne fortelje om matreglar i jødedommen.

Levereglar

Tips til læraren

Jødar trur at Gud har gitt dei levereglar som dei må følgje. Levereglane står i Toraen.

• Det står meir om dei jødiske matreglane på heimesidene til Det Mosaiske Trossamfund Oslo. Sjå: www.dmt.oslo.no, «Kashrut – matregler». • På nettressursen til Inn i livet finst ei oversikt over dei jødiske høgtidene.

Ein viktig regel er: Du skal elske nesten din som deg sjølv. Det vil seie at du skal vere like oppteken av korleis andre har det, som du er av korleis du har det sjølv. Å vise kjærleik til Gud og menneska rundt seg er viktig i jødedommen. Andre viktige levereglar er å halde sabbaten heilag, å feire høgtider og å følgje dei jødiske matreglane.

Bakgrunn

Levereglar I Toraen står det at Moses fekk dei ti boda av Gud på fjellet Sinai. Dei ti boda kan ein sjå på som eit samandrag av alle forskrifter og reglar jødar har forplikta seg til å følgje, som ein del av pakta med Gud. Dei seier mellom anna at ein ikkje skal ha andre gudar enn Gud, og at ein skal halde sabbaten heilag. Boda seier også at ein skal respektere mor si og far sin, og at ein ikkje skal drepe, stele eller lyge. Rabbinarane har utleidd 613 bod frå Torateksten. Det inneber ikkje at vi finn igjen nøyaktig 613 bod i sjølve teksten, men at den jødiske tradisjonen har tolka seg fram til at Toraen inneheld 613 bod. Boda blir forklarte, utdjupa og diskuterte i andre heilage tekstar, mellom anna Talmud. Mange jødar trur at Toraen og Talmud kan rettleie dei til å leve eit godt liv. For somme jødar er det viktig å følgje mange av boda i Toraen. Andre følgjer ein del av boda, mens somme ser dei meir som etiske retningslinjer. Matreglar Dei jødiske matreglane kan førast tilbake til Toraen og til 3 Mos 11,3–25 og 5 Mos 14,3–21. Seinare har rabbinarane utvida og forklart dei opphavlege boda. Matreglane seier kva jødar kan og ikkje kan ete. Mat som er lov å ete, blir kalla kosher. Etter matreglane er det lov å ete kjøtt frå pattedyr som har delte klauver og tygg drøv, for eksempel storfe og sau. Grisen

44 76 RLE3kap6+7+8.indd 76

06-05-11 14:17:48

tygg ikkje drøv, og hesten har ikkje delte klauver, og desse dyra kan jødar derfor ikkje ete. Forbodet mot å ete blod gjer at dyret må slaktast på ein slik måte at mest mogleg blod renn ut av kroppen til dyret, jf. halalreglane i islam. Matreglane seier også at det er lov å ete fisk som både har finnar og skjel. Ål har ikkje skjel, og skaldyr har ikkje finnar, og dei er det derfor ikkje lov å ete. Å følgje alle kosherreglane kan krevje mykje tid og arbeid, spesielt for jødar som bur i Noreg. Kosherslakta kjøtt blir berre selt i éin butikk i Oslo. Mange jødar i Noreg følgjer derfor berre somme av matreglane, ikkje alle. Jødar som følgjer matreglane, må oppbevare kjøttmat og mjølkemat åtskilt i kjøkkenet. Derfor har dei fleire sett servise, bestikk, dukar og gryter som dei bruker til dei ulike mattypane. Dei som tolkar matreglane strengast, meiner at mjølk og kjøtt heller ikkje skal blandast i magen. Derfor ventar dei opp til seks timar frå dei har ete kjøtt til dei et mjølkemat eller drikk mjølk. Etter at dei har drukke mjølk, ventar dei rundt tre timar før dei kan ete kjøtt igjen, fordi det tek kortare tid å fordøye mjølk enn kjøtt.

88 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 88

28-09-11 12:13:38


Matreglar AMINA ER FØDT FARFamilien KVISKRAR TILfølgjer AMINA. til Dina dei jødiske matreglane. HAN KVISKRAR Matreglane står GUDS i ToraenNAMN. og seier kva jødar kan og DETikkje ER kan DETete.FØRSTE AMINA HØRER. Dina kan ete kjøtt frå sau, geit, ku og okse. Men ho kan for eksempel ikkje ete svinekjøtt, og ho kan ikkje ete blod. Kjøttet må derfor vere frå dyr som er slakta på ein spesiell måte. Dina kan ete alt av frukt og grønt, og ho kan ete dei fleste fiskeslag. Dina kan ikkje ete kjøttmat og mjølkemat samtidig. Kjøtt og mjølk skal heller ikkje blandast i magen. Har Dina ete kjøtt, må ho derfor vente nokre timar før ho kan drikke mjølk eller ete mjølkemat, og omvendt. oppgåver

Mange matretter inneheld både mjølk og kjøtt. Finn fem eksempel på slike matretter som Dina ikkje kan ete.

77 45

05-11 14:17:48

Til samtale

1. Kva slags reglar trur jødar at Gud har gitt dei? (Levereglar.) 2. I kva for ei bok står levereglane? (I Toraen.) 3. Ein viktig leveregel i jødedommen er: Du skal elske nesten din som deg sjølv. Kva trur du det tyder? 4. Kva slags reglar er det familien til Dina følgjer? (Dei jødiske matreglane.) 5. Kva slags kjøtt kan Dina ete, og kva slags kjøtt kan ho ikkje ete? (Ho kan ete kjøtt frå sau, geit, ku og okse. Men det må vere slakta på ein spesiell måte. Ho kan ikkje ete svinekjøtt.) 6. Kva slags annan mat kan Dina ete? (Alt av frukt og grønt, og dei fleste fiskeslag.) 7. Kva slags mat kan Dina ikkje ete samtidig? (Kjøttmat og mjølkemat.) 8. Korleis prøver Dina å unngå å blande kjøttmat og mjølkemat i magen? (Ho ventar nokre timar frå ho har ete kjøtt til ho kan drikke mjølk eller ete mjølkemat som for eksempel iskrem, og omvendt.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Lag ei liste over tre levereglar som står i Toraen. 2. Ein viktig leveregel i jødedommen er å vise kjærleik til menneska rundt seg. Korleis kan vi vise at vi bryr oss om andre? Diskuter og lag ei liste over svara. 3. Arbeid i grupper og finn ut meir om dei jødiske matreglane. Gå inn på heimesidene til Det Mosaiske Trossamfund Oslo og les kva som står om dei jødiske matreglane der. Lag deretter ein kort presentasjon av det de har funne. De kan velje om de vil fortelje om dei jødiske matreglane, eller om de vil skrive eller teikne.

Fasit til oppgåva på side 77 i elevboka Det er fleire matretter som inneheld både kjøtt og mjølk. Nokre eksempel: pizza med kjøtt og ost, cheeseburgar, lasagne, taco med ost, diverse gryteretter og rømmegraut med spekemat.

89 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 89

28-09-11 12:13:42


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om levereglar i jødedommen.

«I jødedommen har vi mange forteljingar som handlar om korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre», seier far til Jakob. «No skal du få høre ei som handlar om at vi ikkje skal baktale andre»:

Bakgrunn

«Hevenu shalom Aleichem» eller «Eg blir så glad når eg ser deg» finst på kopioriginal 22. Det er ein tradisjonell hebraisk folkesong. Songen er omsett til mange ulike språk, og det har blitt laga mange nye vers som ikkje har noko med den opphavlege versjonen å gjere. Den norske utgåva av songen er ikkje ei omsetjing av den hebraiske teksten, men består av eigne vers. Dei hebraiske orda i songen tyder «Vi har gitt dykk fred».

om å baktale andre For lenge sidan levde det ein rabbinar som heitte Rav. Ein rabbinar er ein person som kan mykje om jødedommen, og som lærer bort denne kunnskapen til andre. Rabbinaren Rav sa til vennene sine: «Det er tre dårlege ting som alle menneske gjer kvar einaste dag.

Oppgåver/aktivitetar

1. Lytt til songen «Hevenu shalom Aleichem» eller «Eg blir så glad når eg ser deg» på Inn i livet 1–4, CD 2, spor 12. 2. Arbeid med oppgåvene på kopioriginal 22. Der står også teksten til songen.

Til samtale

1. Kva er ein rabbinar? (Ein person som kan mykje om jødedommen, og som lærer bort denne kunnskapen til andre.) 2. Kva for tre dårlege ting meinte rabbinaren Rav at alle menneske gjer kvar dag? (Å tenkje ekle tankar, å tru at dei skal få ønska sine raskt oppfylte av Gud, og å baktale andre.) 3. Kva trur du det vil seie å tenkje ekle tankar? 4. Kva vil det seie å baktale nokon? (Det kan for eksempel vere å snakke stygt om nokon som ikkje er til stades.) 5. På kva måtar meinte rabbinaren Rav at menneske baktaler kvarandre? (Han meinte at dei baktaler andre når dei snakkar stygt om andre. Men også når dei flirer, ristar på hovudet, gjer grimasar eller dreg på skuldrene for å vise at dei synest andre er dumme.) 6. Kva kan vi lære av forteljinga på side 78–79 i elevboka? (At vi ikkje skal baktale andre.) 7. Har du nokon gong baktalt nokon, eller har du sjølv blitt baktalt, på dei måtane rabbinaren Rav skildrar? a) Korleis baktalte du, eller korleis blei du baktalt? b) Kan du fortelje om korleis det var? c) Kva følte du da?

44 78 RLE3kap6+7+8.indd 78

06-05-11 14:17:50

Oppgåver til «Dei magiske ønska» 1. Kva handlar forteljinga om? 2. Kva kan vi lære av denne forteljinga? (At vi må vere flinke og anstrenge oss for å oppnå det vi ønskjer oss.) 3. Dersom du kunne få eit ønske oppfylt, kva ville det vere? Teikn og forklar. Presenter ønsket ditt for resten av klassa. 4. Teikn noko som passar til forteljinga.

Fasit til kopioriginal 22 1. Songen handlar om at eg blir glad når eg ser deg, og at det er Guds fred eg vil gi deg. 2. 12 gonger

90 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 90

28-09-11 12:13:47


AMINA ER FØDT oppgåver FAR KVISKRAR TIL AMINA. HAN Kvifor KVISKRAR skal vi ikkjeGUDS baktale NAMN. andre? DET ER DET FØRSTE AMINA HØRER. Det er å tenkje ekle tankar. Det er å tru dei skal få ønska sine raskt oppfylte av Gud. Og det er å baktale andre.» Vennene til Rav syntest det han sa om baktaling, var rart. Dei kunne ikkje forstå at ingen kunne la vere å baktale nokon i 24 timar! Rav forklarte at han også snakka om det å vere ufin mot andre utan å seie noko. Han sa: «Det finst sikkert somme menneske som greier å gå ein heil dag utan å seie noko stygt om andre. Men ein kan også vise kva ein synest om andre utan å bruke ord. Å gjere grimasar, dra på skuldrene, flire eller riste på hovudet for å vise vennene våre at vi synest at nokon er dum, er også ei form for baktaling.» Frå Den babylonske Talmud

79 45

05-11 14:17:50

Til høgtlesing Dei magiske ønska Tre jødiske barn levde i ein liten by i Polen. Judah var sju år, systera Miriam var seks år, og den gode vennen Samuel gjekk i klassa til Judah. No nærma lauvhyttefesten (sukkot) seg. Det er ein fest til minne om at Gud passa på jødane da dei vandra rundt i ørkenen i førti år. Læraren til Judah, Miriam og Samuel fortalde dei at i den siste natta under lauvhyttefesten opnar himmelen seg. Dei som ser himmelen opne seg, vil ha eitt minutt på seg til å komme med eit ønske. Og alle ønska vil blir oppfylte med ein gong. «Eg ønskjer å bli ein stor leiar for folket mitt», sa Judah. «Eg ønskjer at eg kan bli like klok som profeten Samuel», sa Samuel. «Og eg», sa Miriam, «eg ønskjer å bli like fantastisk og omsorgsfull som Miriam, syster til Moses.» Barna bestemte seg for å halde seg vakne den siste

natta under lauvhyttefesten, og når himmelen opna seg, skulle dei seie fram ønska sine. Den natta kraup dei ut av sengene sine og møttest utanfor synagogen. Det var mørkt ute, og dei kunne høre ei ugle som ulte, og smådyr som sprang for å gøyme seg. Barna blei redde, men dei blei sitjande og vente. Timane gjekk, og barna blei både trøytte og svoltne. Plutseleg hørte dei eit torebrak. Lyn fór over hovuda på dei, jorda rista og himmelens portar opna seg. Barna kikka opp på himmelen. Men dei var så svoltne og redde at dei heilt gløymde ønska sine. «Eg er så svolten», sa Miriam. «Om eg berre hadde ein pai!» Plutseleg flaut det med paiar rundt dei. «Korleis kunne du kaste bort ønsket ditt på den måten», sa Judah sint. «Du er så dum. Eg skulle ønskje du var ein pai!» Popp! Plutseleg blei stakkars Miriam til ein pai! Det vakre ansiktet hennar var forvandla til deigmasse, og auga hennar blei fylte av tårer. «Åh!» skreik Samuel. «Så forferdeleg. Eg skulle ønskje Miriam var Miriam igjen!» Popp! Plutseleg blei Miriam seg sjølv igjen. Fleire lyn fór over himmelen, og igjen hørest eit torebrak. Barna såg opp på himmelen, men den magiske stunda var over. Skuffa gjekk dei heimover med tårer i auga. «Kva er i vegen?» spurde ein gammal mann dei. Halvt gråtande fortalde dei at dei hadde kasta bort ønska sine. «De kasta ikkje bort ønska dykkar», sa han. «Ønska dykkar er framleia dykkar. Men de har lært noko viktig. De må vere flinke og anstrenge dykk, dersom de vil ha ønska dykkar oppfylte.» «Kven er du?» spurde barna. «Eg er nattas vaktar», sa den gamle mannen, og så forsvann han. Barna skunda seg heim og i seng. Før dei gjekk kvar til sitt, lova dei kvarandre at dei skulle gjere som den gamle mannen hadde sagt. Judah var veldig flink på skolen. Han blei rådgivar for prinsar og prinsesser. Da han blei stor, blei han kjend over heile verda for klokskapen sin. Samuel blei ein stor lærar og blei berømt for kunnskapen sin om Toraen og Talmud. Han blei rabbinar og gifta seg med Miriam, som blei ei fantastisk og omsorgsfull kvinne. Slik gjekk alle ønska deira i oppfylling. Dei tre gode vennene lærte barna og barnebarna sine at dei måtte vere flinke og arbeidsamme for å få ønska sine oppfylte. Før han døydde, fortalde rabbinar Samuel forsamlinga si historia om det som hadde skjedd den siste natta under lauvhyttefesten da han var barn. «Berre du sjølv kan få ønska dine til å gå i oppfylling», sa han. «Nøkkelen til himmelportane er i dine hender. Bruk han klokt, og du vil oppdage alt det gode Gud har i vente for deg.» Omsett og tilrettelagt frå Gloria Goldreich: Ten traditional Jewish children’s stories. New York: Pitspopany, 1996.

91 LæreveilTrinn3NN(58-91).indd 91

28-09-11 12:13:51


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om innhaldet i nokre sentrale forteljingar frå 1. Mosebok.

kapittel

Biletet inneheld element frå ulike forteljingar i 1. Mosebok.

Dette er frå forteljinga om Noah som bygde ei ark, ein stor båt, da det blei storflaum i verda. Forteljinga står i lærarressursen til Inn i livet 1.

8

Forteljingar frå Bibelen i dette kapittelet skal du lære om: ➔

forteljingar frå dei to første bøkene i Bibelen

kristne kunstbilete

Her ser vi Sara, Abraham og Isak. Det står om dei på side 84–85 i elevboka. I den første skapingsforteljinga i Bibelen står det at Gud skilde lyset frå mørket, kalla dei dag og natt og skapte måne og sol. Forteljinga står i lærarressursen til Inn i livet 1. Deretter skilde Gud vatn og land frå kvarandre, skapte planter og blomar, skapte fiskar i vatnet og fuglar under himmelen, dyr på land og ikkje minst menneske.

Ifølgje Bibelen heitte dei første menneska Adam og Eva, og dei budde i ein herleg hage som Gud laga til dei. Denne delen av skapingsforteljinga er behandla i kapittel 2.

RLE3kap6+7+

Bakgrunn

1. og 2. Mosebok 1. og 2. Mosebok inneheld forteljingar med litt ulikt preg. Dei første kapitla omfattar forteljingar om «urgammal tid», mellom anna om skaping og dei første menneska. Resten av 1. Mosebok blir kalla fedrehistorie, det vil seie forteljingar om personar som forfattarane av Bibelen rekna som forfedrane sine. Herfrå kjem forteljingane om Abraham og Sara og generasjonane som kom etter dei. Forteljingane i 2. Mosebok opnar med at etterkommarane etter Abraham og Sara er i Egypt og er slavar der. Så kjem forteljinga om Moses som fører folket ut frå Egypt og inn i jødanes eige land. (Forteljingane om Moses vil elevane møte i Inn i livet 4, i kapittelet om jødedom.) Kva status har forteljingane for kristne, jødar og muslimar? Mosebøkene står i den delen av den kristne Bibelen som blir kalla Det gamle testamentet. Det er ein heilag tekst for både kristne og jødar. Mosebøkene utgjer Toraen, som blir rekna som det mest heilage skriftet i jødedommen.

Kristendommen fører røtene sine tilbake til jødedommen. Jesus var jøde, og kristendommen heng tett saman med jødedommen på mange måtar. Kristne slutta ikkje å bruke Mosebøkene, men la til Det nye testamentet, som berre dei kristne har. Forteljingane i dette kapittelet er dermed religiøse forteljingar som er felles for både jødar og kristne, men som sjeldan blir tolka likt innanfor dei to religionane. I dette kapittelet er det dei kristne tolkingane som blir presenterte, sidan kapittelet dekkjer kompetansemål innanfor kristendom. Mange av forteljingane i 1. og 2. Mosebok er også viktige for muslimar, fordi dei handlar om personar som blir rekna som profetar i islam. Ifølgje islam har Gud alltid kommunisert med menneska gjennom profetar. Muhammed er den viktigaste profeten i islam, og er rekna som den siste i ei lang rekkje. I Koranen, den heilage boka for muslimar, er fleire av dei omtalte. Adam blir rekna som den første, og etter han følgjer ei lang rekkje av profetar, blant dei Noah, Moses, Abraham og Jesus.

92 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 92

28-09-11 12:15:39


Tips til læraren

Forteljingar frå dei to første bøkene i Bibelen

«Noahs ark» finst på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 11. Sjå side 12 i innleiinga om arbeid med musikk i RLE.

Kaia er kristen. Ho kan forteljinga om at Gud skapte jorda og Adam og Eva. Ho hugsar historia om Noah som bygde ein stor båt med plass til mange dyr. Ho har hørt om Abraham og Moses. Kaia har fått høre nokre av desse forteljingane heime, og ho har hørt somme av dei i kyrkja.

Til samtale 1. Kva heitte dei to første menneska som Gud skapte ifølgje Bibelen? (Adam og Eva.) 2. Kvar står forteljingane om Adam, Eva og Noah? (I 1. og 2. Mosebok.) 3. Kvar har Kaia hørt desse forteljingane? (Heime og i kyrkja.) 4. Kva for ei bok er den aller første i Bibelen? (1. Mosebok.)

Alle desse forteljingane står i Første og Andre Mosebok. Desse bøkene står heilt fremst i Bibelen. Bibelen er den heilage boka for kristne.

Oppgåver/aktivitetar

oppgåver 1 Kjenner du til nokre av dei forteljingane som Kaia kan? Fortel det du hugsar. 2 Kva heiter den heilage boka til kristne?

81 RLE3kap6+7+8.indd 81

06-05-11 14:17:54

Til samtale om biletet på side 80 i elevboka 1. Kva hugsar de frå forteljinga om Noahs ark? 2. Kvifor bygde Noah denne båten? (Fordi Gud hadde sagt at han skulle gjere det.) 3. Kven tok han med seg i arka? (Familien sin og mange dyr.) 4. Kor mange dyr av kvart slag tok Noah med? (To, ei ho og ein hann av kvart slag, slik at dei kunne få avkom og dyrearten kunne overleve.) 5. Det flaug ein fugl frå arka – kva gjorde fuglen? (Han skulle sjå om det fanst tørt land nokon stad. Da fuglen kom tilbake med eit blad i nebbet, forstod Noah at vatnet hadde begynt å gå tilbake.) 6. Kva hugsar du frå forteljinga om Adam og Eva? 7. Kvar ser vi avbilda Abraham og Sara og sonen Isak? (I midten av biletet, Sara i blått og Abraham i gult.)

Oppgåvene under passar godt på uteskole ein vår- eller sommardag. 1. Lag ein båt slik som Noah gjorde. Elevane lagar kvar sin borkebåt. Slik gjer du: Du treng ein kniv og eit stykke tjukk bork. Borken frå furu er best. Bruk kniven til å skjere til den ytre forma på borken så det liknar ein båt. På midten lagar du hol til masta. Masta kan vere ein pinne med papir eller blad på. Pinnen må ikkje vere for tung, for da veltar båten. Er de i nærleiken av ein bekk, kan de kappsegle med båtane. Dersom det ikkje er ein bekk i nærleiken, kan de teste båtane inne i ein vask eller ei balje. 2. På mange bilete av Adam og Eva er dei avbilda med blad om livet, eller med kransar av blad og blomar i håret. Gå ut og lag ein blomekrans eller ein krans av blad. Slik gjer du: Ta ein blome og legg ein ny tett inntil, litt nedanfor. Surr stilken rundt den første. Samle dei to stilkane. Pass på at stilkane er lange, slik at blomane får nok feste. Neste stilk tvinnar du ein gong rundt over og under den førre blomen. Slik held du fram til kransen er stor nok. Endane på kransen kan du feste med litt hyssing eller ståltråd. Tips: Ei klasse med fine blomekransar på hovudet kan bli eit koseleg klassebilete. 3. Arbeid med kopioriginal 23. (Fasit: Eva, månen, ein fugl, ein blome på graset og dyre i opninga på arken.)

93 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 93

28-09-11 12:15:43


Mål

• Elevane skal kjenne til forteljinga om tårnet i Babel. • Elevane skal kjenne til og snakke om eit kunstbilete frå kristen kunst.

Til høgtlesing Tårnet i Babel Noahs familie ble større og større. En gang slo den seg ned i en dal. Jorden var full av bløt leire som de voksne formet med hendene og brente i ovnen og bygde hus av. Alle de voksne fikk seg et nydelig leirhus med god plass til barna. Men de greide ikke å slutte å bygge. Husene skulle hele tiden bli høyere, finere og flottere. En dag var det plutselig en som sa: «Hei, la oss bygge et tårn som når helt opp til Gud i himmelen! Det skal være så flott at folk i hele verden kommer til å snakke om hvor fantastiske vi er.» Alle mente det var en god idé, så de satte i gang med byggingen. Oppe i himmelen så Gud med bekymring på menneskene og tårnet deres. Gud likte ikke at menneskene var så opptatt av seg selv. Han tenkte: «Hvis de kan finne på å bruke all tiden sin på å bygge et sånt tårn, hvilke andre dumme ting kan de ikke finne på da? Jeg blir nødt til å stoppe dem på et vis.» Og Gud fikk en idé. Den gangen snakket alle mennesker det samme språket. Men fra det ene øyeblikket til det andre skjedde det noe merkelig: folk begynte å snakke forskjellige språk. Når noen spurte på ett språk, fikk de svar på et annet. Folk ble forvirret og snakket i munnen på hverandre. Ordene som kom ut av munnen på dem, ga ingen mening. Alt var bare rot. Derfor ble byen kalt Babel, som betyr forvirring. Tårnet ble ikke ferdig og nådde aldri opp til Gud i himmelen. Tilrettelagt frå Den store Barnebibelen. Oslo: Det norske bibelselskap, 2008.

Bakgrunn

Forteljinga om tårnet i Babel seier på den eine sida at menneska er nysgjerrige og flinke, og at om dei samarbeider, kan dei oppnå store resultat. På den andre sida er det ei forteljing om overmot og om skilnaden mellom Gud og menneske. Kristne les gjerne forteljinga slik at om menneska prøver å bli som Gud, går det ikkje bra. Såleis er dette ei vidareføring av syndefallstemaet som vi møtte i kapittel 2, om Adam og Eva i paradis. Menneska skal ikkje prøve å bli like mektige som Gud. I denne forteljinga fører det til kaos. Babbel og babelsk forvirring Babbel er prat utan meining. Babelsk forvirring kallar vi det når det er full forvirring og ingen veit kva dei skal gjere eller kva andre gjer. Har nokon av elevane hørt desse uttrykka? Dei kjem frå forteljinga om tårnet i Babel.

Tårnet i Babel Kaia byggjer med lego-klossar saman med veslebror sin. Dei blir einige om å byggje eit tårn som når heilt opp til taket. Men Kaia vil byggje på ein måte og veslebror på ein annan måte. Så i staden for eitt stort tårn blir det to små. «Ja, dette var nesten som tårnet i Babel, det», seier bestemor som er på besøk. «Tårnet i Babel?» Verken Kaia eller veslebror skjønar kva det tyder. «Det er ei forteljing frå Bibelen», seier bestemor. «Det står at menneska prøvde å byggje eit tårn som nådde heilt opp til himmelen. Dei ville bli like mektige som Gud.» Ho held fram: «På den tida snakka alle same språk. Det gjorde Gud noko med. Han gjorde det slik at ingen lenger forstod kva dei andre sa. Da gav dei opp å byggje. Dei gav opp å bli like mektige som Gud», avsluttar bestemor. oppgåver

Teikn tårnet i Babel på din eigen måte.

82

RLE3kap6+7+

Til samtale om høgtlesingsteksten 1. Kvifor ville menneska byggje dette høge tårnet? (Dei ville bli like mektige som Gud, så dei ville lage eit tårn som nådde opp til himmelen.) 2. Kva heitte byen der det høge tårnet blei bygd? (Babel.)

Til samtale om kunstbiletet på side 83 i elevboka (Til læraren: Sjå side 12 i innleiinga om arbeid med kunstbilete.) 1. Kan du sjå menneske i tårnet? 2. Kva gjer menneska? (Dei ser ut til å vere bygningsarbeidarar som arbeider hardt.) 3. Kan du finne noko som ser ut som gammaldagse heisekraner, stillas, armering osv.? 4. Snakk saman om kva dette tårnet kan vere like stort som.

94 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 94

28-09-11 12:15:53


Biletet er måla av Pieter Brueghel d.e. (ca. 1525–1569). Det er kjenneteikna av svært stor detaljrikdom og nokså naturtru framstilling.

Tårnet er framstilt som kolossalt, og det når heilt opp i skyene. Når ein ser menneska oppe i tårnet, oppfattar ein noko av dimensjonane. Tårnet ser også ut til å vere bygd over eit fjell, og det framstår som høgare enn det høgaste fjell.

Biletet viser mykje hardt arbeid, både i og rundt tårnet. Det er også fullt av innretningar som er kjende frå bygging på 1500-talet og tidlegare: Båtar kjem inn med byggjemateriale, hestar dreg vogner med byggjemateriale opp frå stranda, vi ser enorme steinblokkar, kraner som lyftar steinar og reisverk i tre.

Pieter Brueghel d.e. (1525–1569): Tårnet i Babel, 1563 (utsnitt)

83 RLE3kap6+7+8.indd 83

06-05-11 14:20:03

Kor mange eksemplar av Slottet i Oslo trur du det er plass til inne i dette tårnet, for eksempel? 5. Kor høgt trur du tårnet er? 6. Korleis ser tårnet ut? Er det heilt ferdig? Har menneska som byggjer, begynt å bli forvirra og held på å gi opp? (Det er ein del rart ved måten tårnet blir bygd på, kanskje fordi språket var forvirra allereie. Det ligg også nokre menn på graset mellom skogen og foten av tårnet. Dei kan ha innsett at byggjeprosjektet ikkje går, og har gitt opp.) 7. Kven er dei menneska som står nærmast i biletet? (Det er kongen som kjem for å sjå på tårnet. Arbeidarane bøyer seg for han.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Kva trur du skjedde med det høge tårnet etter at menneska slutta å byggje på det? Lag ei lita historie. 2. Bruk klossar eller anna som er tilgjengeleg og lag eit tårn som er så høgt som råd er. Kanskje klossar kan lånast hos

SFO? Bygg saman i små grupper. Kva for ei gruppe byggjer det høgaste tårnet? Ta gjerne bilete av bygginga og heng opp i klasserommet etterpå. 3. Gå saman i grupper. Lag hemmelege ord som skal tyde ulike ordrar, for eksempel at «Blikt!» kan tyde «Stå på eitt bein!», «Krall!» kan tyde «Ta i golvet!» osv. Kvar gruppe skal kunne forstå fire slike ordrar. Etterpå skal ein frå kvar gruppe seie ein og ein ordre, og alle elevane må følgje denne ordren samtidig. Gruppa veit kva ordren tyder, men dei andre elevane må gjette kva ordet tyder ved å gjere noko som dei trur det kan tyde. Snakk saman etterpå om korleis det må ha vore å skulle byggje eit tårn dersom INGEN forstod kva nokon sa. I denne leiken forstod jo somme kva orda skulle tyde, men kva om ingen forstod kvarandre? Ville det vere mogleg å samarbeide da? 4. Gjer akkurat det same som i oppgåve 3, men no er det ikkje lov å bruke språk. Det er altså ikkje lov å snakke i det heile, men det er lov å bruke kroppsspråk, vise kvarandre med hendene osv.

95 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 95

28-09-11 12:16:00


Mål

• Elevane skal kunne fortelje historia om Sara og Abraham.

Tips til læraren

På nettsidene til Inn i livet ligg det ei animert forteljing om Abraham og Sara. Adressa er http://rle.samlaget.no

Mor til Kaia har bursdag. Ho blir 31 år. Da Kaia legg seg den kvelden, snakkar ho med pappa. Ho fortel at mor til bestevenninna hennar er 49 år. «Det er ei gammal mamma», seier Kaia. Da fortel pappa ei forteljing frå Bibelen om Sara. Ho var nesten hundre år da ho blei mor.

Sara, abraham og isak Sara var kona til Abraham. Dei hadde ingen barn. Gud sa til dei at dei skulle dra til eit land som Gud ville vise dei. Gud lova å vere med og passe på dei. Gud sa også at dei skulle få barn og få ei stor slekt. Sara og Abraham reiste. Dei slo seg ned i det nye landet som blei kalla Kanaan. Åra gjekk, men dei fekk ingen barn. Sara hadde ei tenestekvinne som heitte Hagar. Sara sa til Abraham at han kunne prøve å få barn med Hagar i staden. 84 RLE3kap6+7+8.indd 84

Bakgrunn

Gud gav Abraham lovnader om at han skulle få eit land, at han skulle få stor slekt og at Gud ville hjelpe og passe på han og alle etterkommarane hans. I mange av forteljingane i 1. og 2. Mosebok er litt av spenninga at desse lovnadene både blir oppfylte og ikkje oppfylte – det tek lang tid å få etterkommarane som er lova, og ved slutten av 1. Mosebok er etterkommarane etter Abraham og Sara i Egypt, ikkje i det landet Gud hadde lova dei. Pakt med Gud Gud seier at han inngår ei pakt med Abraham. Gud gir lovnader, og Abraham og etterkommarane hans skal ha eit spesielt nært forhold til Gud og leve etter Guds vilje. Etterkommarane etter Abraham Sara og Abraham blir rekna som stamforeldra til jødane, det vil seie at jødar reknar seg som etterkommarane deira. Jesus var jøde, og kristendommen spring ut av jødedommen. Kristne reknar seg også på ein måte som slekta etter

06-05-11 14:20:04

Sara og Abraham, jamvel om det ikkje blir forstått som ein biologisk slektskap. Kristne tenkjer at dei er Abrahams etterkommarar fordi dei trur som han. Han er eit førebilete, sidan han trudde på lovnadene frå Gud og handla ut frå dei (Hebr 11). Muslimar reknar seg som etterkommarar etter Abraham og sonen Ismael.

Til samtale

Les forteljinga om Sara, Abraham og Isak. 1. Kva heitte kona til Abraham? (Sara.) 2. Kva heitte landet dei flytta til? (Kanaan.) 3. Kva heitte tenestekvinna til Sara? (Hagar.) 4. Hagar og Abraham fekk eit barn saman. Kva heitte denne sonen? (Ismael.) 5. Kor gammal var Sara da Gud sa at Abraham og Sara skulle få eit barn? (Nesten hundre år.) 6. Kva gjorde Sara og Abraham da Gud fortalde dei at dei skulle få eit barn? (Dei lo, dei kunne ikkje tru det.)

96 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 96

28-09-11 12:16:03


oppgåver

1 Kva heitte mannen til Sara? 2 Kva heitte sonen dei fekk?

Gud lova Abraham og Sara mange etterkommarar. Gud bad Abraham sjå opp mot himmelen og telje stjernene, og lova at det skulle bli enda fleire menneske i slekta hans enn det var stjerner på himmelen.

Dei fekk ein son som fekk namnet Ismael. Sara og Abraham blei gamle. Dei var nesten hundre år da Gud på nytt sa at dei skulle få barn. Da begynte begge to å le. Det var jo heilt uråd at dei som var så gamle, skulle få barn! Men Gud svarte at «ingenting er umogleg for Gud». Så fekk Sara og Abraham ein son. Dei gav han namnet Isak.

Både Sara og Abraham begynte å le ved tanken på at dei som var så gamle, skulle få barn, og namnet Isak heng saman med det hebraiske ordet for å le.

Etter 1 Mos 12–21

85

05-11 14:20:04

7. Kva skjedde vidare? (Sara fekk ein son.) 8. Kva heitte denne sonen? (Isak.)

Oppgåver/aktivitetar 1. I forteljinga står det at det skulle bli svært mange menneske i slekta til Sara og Abraham. Kor langt kan du telje? Gå saman to og to og snakk saman: Kva kjem etter tusen? Korleis held systemet fram? Kva kjem etter ti tusen? Kva kjem etter hundre tusen? Kor mange nullar er det i ein million? Osv. 2. Spel loopen om Sara og Abraham, som ligg på kopioriginal 24. Ein loop består av ei viss mengd kort, der kvart kort inneheld eit svar og eit spørsmål (men svaret hører ikkje til spørsmålet som er på det same kortet). Dersom loopen består av ni kort, skal ni personar stille seg opp med eitt kort kvar. Korta må stokkast på førehand. Den eleven som har kort nr. 1, skal begynne med å lese spørsmålet på kortet. (Det er merkt med ei pil. Ikkje les svaret som står øvst.) Den eleven som meiner at han eller

ho har svaret til dette første spørsmålet, skal svare: «Det har eg, svaret er …» Så les denne eleven svaret øvst på kortet sitt (læraren må heile tida følgje med og kontrollere at svara er korrekte). Deretter skal den same eleven stille spørsmålet som står nedst på hans eller hennar kort. Slik held loopen fram til alle har svart og stilt spørsmål. Når siste spørsmål er lese opp, vil den eleven som innleidde loopen, også avslutte han ved å ha rett svar til det siste spørsmålet. Det er altså same elev som både innleier og avsluttar loopen (derfor ordet loop). Ein loop kan spelast om igjen mange gonger, ein berre byter om på personar og kort. Det kan vere ein fordel å laminere korta eller kopiere dei på tjukkare papir, slik at dei varer lenger.

97 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 97

28-09-11 12:16:05


Mål

• Elevane skal kunne fortelje historia om Esau og Jakob.

Til høgtlesing Jakob flyktar og vender tilbake rebekka, isak og sønene

I Bibelen står det om kva som skjedde etter at Jakob hadde lurt faren til å velsigne han.

Isak, sonen til Sara og Abraham, gifta seg med Rebekka. Dei fekk tvillingar. Først blei Esau fødd. Han hadde nesten like mykje hår på kroppen som eit dyr med pels. Jakob blei fødd rett etterpå.

Esau blei rasande da han oppdaga kva som hadde skjedd. Han sa til seg sjølv: «Så snart far døyr, skal eg drepe Jakob!» Dette hørte mora, og ho fekk Jakob til å flykte. Jakob drog langt vekk og blei borte i mange år. Men så bestemte han seg for å prøve å vende tilbake. Da Jakob nærma seg staden der Esau budde, sende han nokre menn i førevegen for å snakke med Esau. Dei sa til Esau: «Jakob vil komme tilbake. Han har mange dyr med til deg i gåve, og han håpar at du vil ta imot han og gåvene.» Men da mennene kom tilbake til Jakob, kunne dei fortelje at Esau hadde med seg fire hundre mann og var på veg mot dei. Jakob trudde at Esau ville angripe han. Da sende han enda fleire gåver for å gjere Esau blid. Da Esau kom fram til Jakob, bøygde Jakob seg heilt ned til bakken for å vise at han ville tene Esau. Men Esau ville ikkje at Jakob skulle vere ein tenar. Han sprang mot Jakob for å kysse han. Esau hadde tilgitt Jakob, og var berre glad for å sjå han.

Faren var mest glad i Esau, mora var mest glad i Jakob. Esau var eldst, og derfor skulle han eigentleg arve alt etter faren og ta over som leiar for slekta. Men Rebekka og Jakob la ein plan. Dei ville lure Isak til å gi alt til Jakob. Isak var blitt gammal og nesten blind. «Esau», sa Isak, «skyt eit dyr og lag ein god matrett til meg, så vil eg velsigne deg!» Det vil seie at Isak ville be om at Gud skulle vere med Esau. Isak ville også gjere Esau til leiar for slekta. Rebekka hadde hørt kva Isak sa. Så snart Esau drog på jakt, laga ho i stand ein god matrett.

Etter 1 Mos 28–35

86 RLE3kap6+7+8.indd 86

Bakgrunn

Velsigning Å velsigne nokon er å be om at Gud må vere med dei, passe på og sørgje for dei. Gudstenester blir vanlegvis avslutta med ei velsigning: «Herren velsigne deg og bevare deg … og gi deg fred.» Isaks velsigning av Jakob inneheld noko som liknar. Det er ei bønn om at Gud skal la det gå godt med Jakob. Men Isaks velsigning har også eit heilt anna innhald: Når Isak velsignar Jakob, gjer han samtidig Jakob til leiar for slekta. Denne velsigninga var eit ritual som ikkje kunne gjerast om eller gjerast ugjort. Bodskapen i forteljinga I forteljinga om Rebekka, Isak og sønene er det ingen eintydige heltar eller førebilete. Verken Isak, Rebekka, Esau eller Jakob blir skildra som berre gode. Rett før denne forteljinga i Bibelen står det at Esau hadde gifta seg med to dårlege koner og dermed skapt sorg hos foreldra sine. Isak og Rebekka hadde kvar sin yndlingsson, og begge behandla den andre sonen urettferdig. Det var vanleg for ein mann

06-05-11 14:20:07

som Isak, som var overhovud for slekta, å velsigne alle sønene sine når han skulle døy. Men Isak ville berre velsigne yndlingssonen sin og behandla dermed Jakob dårleg. Jakob og Rebekka var heller ikkje snille. Dei lurte den sjuke og gamle Isak til å velsigne feil son, noko som gjorde at Esau ikkje fekk den velsigninga han skulle ha hatt. Ingen av dei var berre gode, og det gjekk heller ikkje særleg godt med nokon av dei. Isak og Esau blei lurte. Jakob måtte rømme og halde seg borte i mange år, og når Jakob var borte, var Rebekka sjølvsagt lei seg fordi ho ikkje fekk vere saman med yndlingssonen sin. Abraham, Isak og Jakob – mannleg slektslinje Abraham og Sara er «stammor og stamfar», men slekta blei i den tida rekna ut frå mennene, ikkje ut frå kvinnene. Desse forteljingane og den jødiske slekta blir derfor ikkje omtalt som slekta til Sara, Rebekka og Rakel, men som slekta til Abraham, Isak og Jakob.

98 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 98

28-09-11 12:16:10

RLE3kap6+7+


05-11 14:20:07

Isak ville velsigne Esau, men bad Esau om først å dra på jakt og så lage ein god matrett av det dyret han drap. Jakob rakk å lure til seg velsigninga før Esau kom tilbake frå jakt.

Jakob var yndlingssonen til Rebekka, så ho ville at han skulle bli velsigna i staden for Esau. Ho følgde med i kulissane heile tida, og hjelpte Jakob med å lure faren.

Isak såg svært dårleg. Han skulle velsigne Esau, som var sterkt hårete på kroppen. Jakob var glatt i huda, men han festa pels rundt hender og okler, slik at faren skulle bli lurt til å tru at han var Esau. Jakob kledde seg ut med kleda til Esau. Han batt pels på hendene for å verke like hårete som Esau. Så gjekk han inn til Isak. Han greidde å lure faren, så Isak velsigna Jakob i staden for Esau. Etter 1 Mos 24–27

87 RLE3kap6+7+8.indd 87

06-05-11 14:20:11

Til samtale

1. Kven var eldst av Jakob og Esau? (Dei var tvillingar, men Esau var fødd først, og derfor var han på ein måte eldst.) 2. Kvifor skulle Esau eigentleg bli leiar for slekta? (Han var fødd først og var dermed eldst, og da hadde han rett til det.) 3. Faren var mest glad i ein av sønene. Kven var han mest glad i? (Esau.) 4. Korleis gjorde Jakob seg så lik Esau som råd var? (Han tok på seg kleda til Esau og batt pels rundt hendene for å verke like hårete som Esau.) 5. Esau blei svært sint på Jakob. Kvifor blei han det? (Fordi Jakob hadde lurt til seg velsigninga frå faren, og dermed fekk han retten til å arve alt og vere leiar for slekta. Det gjorde Esau svært sint, fordi det var han som eigentleg skulle ha denne retten.)

Oppgåver/aktivitetar

1. Dramatiser forteljinga om Isak som blir lurt av Rebekka og Jakob. 2. Les teksten om Rebekka, Isak og sønene på side 86–87 i elevboka. Arbeid med kopioriginal 25. Fyll inn dei orda som manglar på arket. Ikkje sjå i boka før du er ferdig. Når du er ferdig, kan du rette kopioriginalen sjølv og sjå kor mange rette du fekk.

Til samtale om høgtlesingsteksten 1. Kva sa Esau da han oppdaga at Jakob hadde lurt til seg velsigninga? (At han ville drepe bror sin når faren var død.) 2. Kven hjelpte Jakob med å flykte? (Mora.) 3. Kor lenge var Jakob borte frå familien? (I mange år.) 4. Kva skjedde da Jakob drog heim igjen? (Han var redd for at Esau ville drepe han, og hadde med seg mange dyr som broren skulle få. Men Esau var ikkje sint lenger. Han hadde tilgitt Jakob.)

99 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 99

28-09-11 12:16:13


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane om Josef.

Til høgtlesing Josef og draumane hans

Josef

Ein gong hadde Josef ein draum som han fortalde til alle brørne sine. Han sa til dei: «No skal de høre kva eg har drøymt! Vi var ute på åkeren og batt saman korn i buntar. Vi hadde kvar vår bunt eller kvart vårt kornband. Plutseleg reiste kornbandet mitt seg opp og blei ståande, men alle kornbanda dykkar stilte seg omkring kornbandet mitt og bøygde seg for det!» Da sa brørne til han: «Du skal kanskje vere konge og bestemme over oss, er det det du prøver å seie?» Og så hata dei han enda meir for draumane og historiene hans. Sidan hadde Josef enda ein draum som han fortalde til brørne sine og far sin. «No har eg hatt enda ein draum», sa Josef. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» Josef hadde like mange brør som det var stjerner i draumen – ti halvbrør og ein heilbror. Da han fortalde om draumen, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skal eg og mor di og brørne dine komme og bøye oss til jorda for deg?». Brørne blei berre meir misunnelege. Faren passa på å hugse kva Josef hadde sagt, for det kunne hende at desse draumane sa noko om kva som skulle skje i framtida

«I kveld tenkte eg at eg skulle fortelje om oldebarnet til Sara og Abraham. Han heitte Josef», seier pappa. Kaia vil gjerne høre om Josef, så pappa fortel:

Josef i brønnen Josef var son av Jakob og kona Rakel. Han hadde ti store halvbrør. Josef var yndlingssonen til faren, og han fekk finare klede enn dei andre. Brørne var frykteleg misunnelege. Dei hata Josef.

Etter 1 Mos 37,5–11

88 RLE3kap6+7+8.indd 88

Bakgrunn

Josef og dei misunnelege brørne I Bibelen står det at Jakob, som var son av Isak og far til Josef, ønskte å gifte seg med Rakel. Jakob arbeidde for far hennar i til saman 14 år for å få gifte seg med henne. Men far til Rakel lurte Jakob til å gifte seg med systera Lea før han kunne få Rakel. Jakob fekk altså to koner, men han var alltid mest glad i Rakel og dei barna han fekk med henne. Josef var den første sonen Jakob fekk med Rakel, og han var favorittsonen til Jakob. Alle halvbrørne til Josef såg at faren var mest glad i Josef, og dei var frykteleg misunnelege. Dei hata Josef så sterkt at dei ikkje greidde å seie eitt einaste vennleg ord til han. Situasjonen blei ikkje betre av at Josef fortalde dei om nokre draumar han hadde hatt, om at han stod over dei (sjå høgtlesingsteksten «Josef og draumane hans»). I forteljingane om Josef er draumar viktige. Her gir Gud draumar som fortel noko om framtida, og Josef får visdom til å tolke slike draumar og handle etter dei slik at det endar godt.

06-05-11 14:20:12

Til samtale

1. Kven var mor til Josef? (Rakel.) 2. Kor mange eldre halvbrør hadde Josef? (Ti.) 3. Kvifor var brørne misunnelege på Josef? (Fordi faren var meir glad i han enn i dei andre. Josef fekk finare klede og var favorittsonen.) 4. Kva gjorde brørne med Josef da dei var ute med dyra? (Dei reiv sund kleda hans og kasta han i ein tom brønn.) 5. Kva skjedde da handelsfolka kom forbi? (Brørne selde Josef til handelsfolka.) 6. Kva gjorde brørne med kleda til Josef? (Dei smurde blod på dei frå eit dyr.) 7. Kva sa faren da han fekk sjå kleda? (Han blei frykteleg lei seg, for han trudde Josef var blitt drepen av eit dyr.)

100 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 100

28-09-11 12:16:16


3. Kva handla den neste draumen om? (Josef drøymde at sola, månen og stjernene bøygde seg for han.) 4. Kva sa far til Josef om denne draumen? (Faren blei også fornærma, og skjente på Josef. Men han gløymde aldri desse draumane, for han tenkte på at dei kanskje kunne seie noko om kva som skulle skje i framtida.)

oppgåver

1 Kva er det å vere misunneleg? 2 Har du nokon gong vore misunneleg? Fortel.

Til høgtlesing Kaia og pappa syng kveldssalme Ein dag var dei eldre brørne til Josef ute med dyra. Josef kom til dei. Dei bestemte seg for at no skulle dei bli kvitt han. Dei reiv sund kleda hans og kasta han ned i ein tom brønn. Da kom det nokre handelsfolk forbi. Dermed fekk brørne ein ny idé. Dei drog Josef opp av brønnen og selde han til handelsfolka. Kleda til Josef var sundrivne, og brørne tok blod frå eit dyr og smurde på kleda. Da faren fekk sjå kleda, blei han sikker på at Josef var drepen av eit vilt dyr. Han blei frykteleg lei seg. Etter 1 Mos 37

89

05-11 14:20:12

Oppgåver/aktivitetar 1. Teikn Josef i brønnen. 2. Gå saman i grupper. Dramatiser historia om Josef i brønnen. 3. Lag stillbilete for kvarandre i klassa. Korleis ser ein ut når ein er frykteleg lei seg? Det er ikkje lov å lage lyd.

Til samtale om «Josef og draumane hans» 1. Kva handla draumen om kornbanda om? (Josef drøymde at han og brørne hadde kvart sitt kornband. Josefs kornband stod rett opp, mens alle dei andre kornbanda, som tilhørte brørne, bøygde seg for kornbandet til Josef.) 2. Korleis reagerte brørne på denne draumen? (Dei blei sinte og hata broren. Dei sa at Josef ikkje skulle få vere konge over dei, og ikkje bestemme over dei.)

Når Kaia skal leggje seg, bruker mamma eller pappa å lese eller fortelje ei historie, og så syng dei ein kveldssong. Somme gonger syng dei ei bønn eller ein salme. Denne kvelden er det ein fin sommarkveld, og sola skin framleis ute. Etter at pappa har fortalt historia om Josef, seier han: «No fekk eg lyst til å syngje ein salme som mor mi somme gonger brukte å syngje om kvelden. Salmen heiter «Fager kveldssol smiler». Han handlar både om at det er ein fredeleg og fin kveld, og om at menneska lengtar etter fred hos Gud.»

Oppgåver til «Kaia og pappa syng kveldssalme»

1. Hugsar de kva ein salme er? (Repeter stoff om salmar frå kapittel 2, side 24–25). (Salmar er kristne songar som ein bruker å syngje saman i kyrkja. Mange salmar er ei slags bønn til Gud. Det finst både gamle og nye salmar og salmar til ulike tider og høve, som dåp, jul, påske, morgonstund osv.) 2. Lytt til «Fager kveldssol smiler», som finst på Inn i livet 1–4, CD 1, spor 8. Salmen står også som nr. 812 i Norsk salmebok. a) I første vers står det: «Fager kveldssol smiler over heimen ned, jord og himmel kviler stilt i heilag fred.» Kva tyder fager? (Fin, vakker.) b) Kva slags stemning er det denne salmen skildrar? (Kveld, sol, heilag fred.) c) I siste vers står det at hjartet lengtar til den tida kjem da ein skal sove i Guds armar. Kva kan det tyde? (At ein lengtar etter å kvile og finne fred hos Gud. Det kan også tyde at ein lengtar etter å døy og komme til Gud etter døden.) d) Denne salmen er ein kveldssalme. Kva vil det seie? (At det passar å syngje denne salmen om kvelden. Andre salmar passar det å syngje til andre tider eller høve.)

101 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 101

28-09-11 12:16:17


Mål

• Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane om Josef.

Biletet er måla av den italienske renessansemålaren Rafael (1483–1520) og er eit takmåleri i eit galleri i Vatikanet. Den tilbakehaldne fargebruken er gjerne meint å gi eit verdig eller opphøgd preg.

Farao hadde to draumar som var svært like. Den eine handla om kyr som var feite og magre, den andre om kornaks som var fine og dårlege. Etter Rafael: Scene frå historia om Josef

Josef i egypt Handelsfolka som kjøpte Josef, selde Josef som slave i Egypt. Kongen i Egypt blei kalla farao. Han hadde nokre merkelege draumar. Han drøymde at det først kom sju fine og feite kyr, og etterpå kom det sju magre og sjuke kyr som åt opp dei sju første. Gud hjelpte Josef til å forstå kva draumen skulle tyde: Det skulle først bli sju gode år, da kornet ville vekse godt. Deretter skulle det komme sju år da ingen ting ville vekse. Josef kom med forslag til farao om at det burde lagrast korn i dei første sju åra.

Tips til læraren

Til oppgåva på side 91 i elevboka bør læraren hjelpe til med å fordele teikneoppgåver. Når teikningane heng på veggen, kan elevane fortelje historia om Josef med teikningane som støtte. Elevane kan fortelje for resten av klassen i par, eller éin og éin kan fortelje frå si eiga teikning, eller dei kan gå saman i grupper og fordele mellom seg kven som skal seie kva. 90 RLE3kap6+7+8.indd 90

Bakgrunn

I forteljinga går det bra med Josef fordi Gud er med han. Sjølv om han blir slave og kjem i fengsel, endar det likevel godt: Gud hjelper Josef så han kan tolke draumar, og draumetolkinga hans fører til at mange menneske unngår å døy av svolt. Forteljinga seier også noko om å forandre seg og å tilgi. Brørne til Josef var vonde mot Josef. Derfor skjuler han kven han er for dei, og set dei på prøve. Han overtalar først brørne til å dra heim og hente yngstebroren Benjamin. Benjamin er Josefs einaste heilbror og faren Isaks augnestein. Brørne gjer dette utan å setje seg opp mot Josef, og viser slik ei meir audmjuk haldning. Da Benjamin kjem, blir Josef frå seg av glede, men han held fram med å spele spelet sitt. Når brørne skal tilbake att, legg han eit sølvbeger i kornsekken til Benjamin. Dermed blir Benjamin skulda for tjuveri, og Josef får testa brørne sine enda ein gong. Da viser det seg at ein av brørne vil ta straffa for Benjamin. Når Josef har sett brørne sine på prøve i fleire rundar, og forstår at dei har forandra seg, fortel han kven han er, og at han tilgir dei.

06-05-11 14:20:17

Til samtale

1. Kva gjorde handelsfolka med Josef? (Dei selde han vidare som slave i Egypt.) 2. Kva er ein slave? (Ein slave er eigedommen til ein annan, må arbeide svært hardt og får ikkje råde over seg sjølv. Ingen vil vere slave frivillig. Det var vanleg med slavar i Egypt i gamle dagar, og det var slavar som bygde dei store pyramidane.) 3. Kva blei kongen i Egypt kalla? (Farao.) 4. Kva drøymde kongen? (Han drøymde om sju fine og feite kyr, og deretter om sju magre og sjuke kyr som åt opp dei sju feite kyrne.) 5. Kva sa Josef at denne draumen skulle tyde? (Han sa at det først ville komme sju gode år og deretter sju dårlege år.) 6. Korleis visste Josef kva draumen skulle tyde? (Gud hjelpte han til å forstå det.) 7. Kva for ein god idé fekk Josef? (Han sa til farao at det burde lagrast korn frå dei sju gode åra, slik at det var korn nok til dei dårlege åra òg.) 8. Kvifor kom brørne til Josef til Egypt? (Dei hadde ikkje mat heime og ville kjøpe korn.)

102 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 102

28-09-11 12:16:20


Til høgtlesing Korleis slaven Josef blei rådgivar for kongen Dette er forhistoria til forteljinga på side 90–91 i elevboka.

Da ville folk ha noko å ete i åra etterpå òg. Farao syntest det var ein god idé, og Josef fekk ansvaret for dette. Da dei sju dårlege åra kom, blei det lite mat hos familien til Josef. Derfor kom brørne hans til han i Egypt for å kjøpe korn. Brørne kjende ikkje igjen Josef. Han kjende dei igjen med éin gong, men han sa ikkje kven han var. Josef lurte brørne sine fleire gonger. Han sette dei på prøve. Til slutt fortalde han kven han var. Han bad dei hente faren, slik at alle kunne bu i Egypt. I Egypt fekk dei mat. Etter 1 Mos 39–46

oppgåver

Heile klassa teiknar historia om Josef. Heng opp teikningane i rett rekkjefølgje på veggen når dei er ferdige.

91

Josef var slaven til ein mann som heitte Potifar. Han måtte arbeide i huset hans og gjere alt som Potifar sa. Men i Bibelen står det at «Herren var med Josef, så det gjekk han vel». Josef var veldig flink til å jobbe, og etter kvart fekk han ansvar for all eigedommen til Potifar. Josef hadde det godt. Men ein dag laug kona til Potifar og sa at Josef hadde angripe henne. Josef var berre ein slave, og ingen trudde på han når han sa at alt var løgn. Josef blei kasta i fengsel. Men også her var Gud med han. Fangevaktarane syntest godt om han og behandla han bra. I fengselet var det ein fange som vanlegvis arbeidde som hoffmann hos farao, det vil seie at han var faraos nærmaste tenar. Denne hoffmannen hadde ein merkeleg draum som ingen forstod, men med Guds hjelp klarte Josef å tolke draumen for han. Draumen tydde at hoffmannen snart skulle sleppe ut av fengselet. Etterpå sa Josef: «Hugs på meg når du kjem ut av fengselet!» Han håpa at hoffmannen kanskje kunne hjelpe han til å bli fri igjen. Men hoffmannen gløymde Josef straks han kom utanfor fengselsmurane, og Josef blei sitjande innesperra i to år til. Da fekk farao også merkelege draumar. Ingen greidde å tolke desse draumane, men så kom hoffmannen på kva som hadde skjedd i fengselet. Josef kunne jo tyde draumar! Dermed fekk han Josef ut av fengselet og til farao. Etter 1 Mos 39–41

05-11 14:20:17

9. Kva skjedde da Josef avslørte at det var han som var bror deira? (Dei henta faren, og saman fekk dei bu i Egypt, der det var mat til alle.)

Oppgåver til kunstbiletet på side 90 i elevboka 1. Kven trur du den sitjande mannen er? (Det er farao som sit på trona, med ei spesiell krone på hovudet.) 2. Korleis ser farao ut? Kva trur du han føler? (Han ser ut til å tenkje djupt og er svært alvorleg. Han tenkjer nok på draumen sin.) 3. Kven trur du er Josef? (Det er mannen med blå klede. Han forklarer draumen for farao.) 4. Kven trur du mannen bak farao er? (Det er ein hoffmann eller ein tenar. Mannen bak farao og mennene til høgre i biletet viser at farao har hoffolk rundt seg.)

5. Kva gjer dei ulike personane med hendene? (Farao har hendene i fanget. Josef peikar opp mot sirklane som representerer draumane, eller mot Gud – forteljinga seier at tolkinga av draumane kom frå Gud. Tenarane bak Josef peikar på Josef for at merksemda skal samlast om han.) 6. Kor mange kornaks er det i sirkelen som viser den første draumen? (Sju + sju. Nokre er tynne, nokre tjukke. Dei står for sju år med mykje mat og sju år med lite mat.) 7. Korleis har kunstnaren framstilt draumane? (I sirklar. Det kan minne om bruken av tankebobler eller draumebobler i teikneseriar.)

Oppgåver/aktivitetar 1. Lag ein teikneserie om det som skjedde da Josef var i Egypt. 2. Dramatiser historia om Josef i Egypt.

103 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 103

28-09-11 12:16:22


Dette er teiknet for kristendom. Her skal de svare på spørsmål om kristendommen.

Dette er teiknet for islam. Her skal de svare på spørsmål om islam.

Dette er teiknet for livssynshumanisme. Her skal de svare på spørsmål om livssynshumanismen.

sitt startfelt. brikkene i kvart Reglar: ål frå . Spelarane set stiller eit spørsm mot kvarandre felt. Den andre To og to speler si fram i første tiv, n flyttar brikka rer rett alterna Den eine spelare spelaren ste spelaren sva sin tur. Dersom Dersom den før t neste spelar spørsmålsarket. runde. ste felt. Så er de på nytt i neste flytte fram til ne e stad og prøve får han eller ho r ho stå på sam rer rett på tiv, må han elle st i mål og sva svarer feil alterna n som kjem før ankvar gong. De Still spørsmål ann r, har vunne. spørsmålet de

Begynn spelet med å setje spelbrikkene her.

92 RLE3kap6+7+8.indd 92

Tanken bak spelet

Hovudtema for elevboka er religion og livssyn i kvardagen. Gjennom dette spelet får elevane ein uhøgtideleg repetisjon av tema dei har arbeidd med gjennom året, slik som bønn, heilag tekst, heilagt hus, gudar og levereglar. Spelet kan brukast som ei uformell kartlegging av måloppnåinga til elevane, ved at læraren går rundt og lyttar mens elevane spelar.

Forklaring til spelet

Les gjennom spelereglane i elevboka i fellesskap. To og to spelar mot kvarandre. Spelarane set brikkene i kvart sitt startfelt. Den eine spelaren flyttar brikka si fram i første felt. Den andre stiller eit spørsmål frå spørsmålsarket. Dersom den første spelaren svarer rett alternativ, får han eller ho flytte fram til neste felt. Så er det neste spelar sin tur. Dersom spelaren svarer feil alternativ, må han eller ho stå på same staden og prøve på nytt i neste runde. Spelarane stiller spørsmål annankvar gong. Den

06-05-11 14:20:19

som kjem først i mål og svarer rett på spørsmålet der, har vunne. Før spelet begynner, kan det vere nyttig å gå igjennom piktogramma på brettet i fellesskap. Det finst fire ulike spørsmålsark, som ligg som kopioriginal 26 a–d. Gå igjennom eitt av spørsmålsarka i fellesskap. Vis at piktogramma viser kva for eit spørsmål som skal stillast, og at fasiten står til høgre. Del ut spørsmålsarka. Pass på at dei som spelar saman, får ulike spørsmålsark. Den eine spelaren skal lese frå det eine arket, mens den andre skal lese frå det andre arket. På den måten har dei ikkje dei same spørsmåla og kan heller ikkje finne ut av svara på det dei blir spurde om. For ein rask variant av spelet får elevane eitt spørsmålsark kvar. For ein lengre variant får dei to ark kvar. Dei kan da stille spørsmål frå ark nummer to om dei svarer feil på spørsmålet i første omgang.

104 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 104

28-09-11 12:16:27

RLE3kap6+7+


Dette tr eng de

– Ei sp el b rikke til kvar – Spørs målsark , som de D e få ka r n av også lag læraren e eigne . spørsm ål til dei ulik

:

e felta.

05-11 14:20:19

Dette er teiknet for buddhisme. Her skal de svare på spørsmål om buddhismen.

Dette er teiknet for hinduisme. Her skal de svare på spørsmål om hinduismen.

Dette er teiknet for jødedom. Her skal de svare på spørsmål om jødedommen.

På dette feltet kan de få spørsmål om alle religionar og livssyn. Den første som svarer rett på spørsmålet sitt her, har vunne kappløpet. 93 RLE3kap6+7+8.indd 93

06-05-11 14:20:20

Oppgåver/aktivitetar

1. Spel kappløpspelet i grupper på opp til fire elevar. 2. Dersom somme elevgrupper blir raskt ferdige, kan dei spele spelet på nytt ved å lage eigne spørsmål til rutene. 3. Spelet kan også spelast som ein variant av fantasi. Elevane går da frå rute til rute, men i staden for å stille eigne spørsmål skal den eine eleven teikne eller mime noko frå den aktuelle religionen eller det aktuelle livssynet. Den andre eleven prøver å gjette kva den første mimar eller teiknar. Her blir konkurranseelementet borte, men spelet fungerer likevel godt som ein repetisjon.

105 LæreveilTrinn3NN(92-105).indd 105

28-09-11 12:16:32


106 LĂŚreveilTrinn3NN(106-144).indd 106

28-09-11 12:20:12


Kopioriginalar Kopioriginal 1:

Tonje Glimmerdal

Kopioriginal 2:

Rett og gale

Kopioriginal 3:

«Måne og sol» – finn orda

Kopioriginal 4:

Brett ein slange av papir

Kopioriginal 5:

Kva hører saman?

Kopioriginal 6:

Kunst i islam

Kopioriginal 7:

Kva ord manglar?

Kopioriginal 8:

Islam – kryssordoppgåve

Kopioriginal 9:

Levereglar i livssynshumanismen

Kopioriginal 10: Kva skjer dersom eg … Kopioriginal 11: «Nå skal jeg sove» Kopioriginal 12: Buddhisme – finn orda Kopioriginal 13:

Levereglar i buddhismen

Kopioriginal 14: Buddha i hjorteparken Kopioriginal 15: Buddha og svana – skodespel Kopioriginal 16: Matreglar i hinduismen Kopioriginal 17: Ganesha og katten – sant og usant Kopioriginal 18: Korleis ser Ganesha ut? Kopioriginal 19: Bilete av Ganesha Kopioriginal 20: Faktaark om sabbat Kopioriginal 21: Kvar skal gjenstandane vere? Kopioriginal 22: «Hevenu shalom Aleichem» /

«Eg blir så glad når eg ser deg»

Kopioriginal 23: Forteljingar frå 1. Mosebok Kopioriginal 24: Loop om Sara og Abraham Kopioriginal 25: Rebekka, Isak og sønene Kopioriginal 26a: Kappløp – spørsmålsark 1 Kopioriginal 26b: Kappløp – spørsmålsark 2 Kopioriginal 26c: Kappløp – spørsmålsark 3 Kopioriginal 26d: Kappløp – spørsmålsark 4 Kopioriginal 27: Vurderingsark for 3. trinn i RLE, hausthalvåret Kopioriginal 28: Vurderingsark for 3. trinn i RLE, vårhalvåret 107 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 107

28-09-11 12:20:12


Kopioriginal 1:

Tonje Glimmerdal Tonje Glimmerdal er det einaste barnet i Glimmerdalen. Men kvar påske kjem tante Eir og tante Idun heim til Glimmerdalen på besøk. Tonje elskar tantene sine. I år har dei komme tidlegare fordi dei har hørt rykte om at snøen er i ferd med å smelte. Dei bruker nemleg å gå på ski på dei høgaste fjelltoppane. Tonje og to brør som er på ferie i Glimmerdalen, Ole og Bror, blir med på skitur til toppen av Vardetind. Tonje går fremst og lagar løype i den våte snøen. Etter kvart kjem ho inn på eit opp­ trakka spor. Då ho lyftar hovudet, ser ho kven som har laga det. – No skal du få sjå nokon som kan å stå på ski, forklarer ho til Ole og peikar oppover mot dei to svarte prikkane under toppen på Vardetind. – Kven er det? spør Bror. – Tantene mine, seier Tonje stolt. Vardetindsida er yndlingsbakken til tante Eir og tante Idun. – Det er ein sjukdom, bruker besten å seie til dei. – Kan de ikkje halde dykk på flatene som anna folk? Men om tantene heldt seg på flatene som anna folk, då kunne ikkje Tonje stå og høyre musikk i hovudet når ho ser dei kome dansande slik som no. Og besten, han kjem forresten ikkje heim før seinare i påska. Tante Idun køyrer finast. Sporet er ein jamn bord etter henne, som om nokon har drege fingeren gjennom snøen. Tante Eir køyrer meir i rykk og napp, men det er ho som er best til å hoppe. Frå Maria Parr: Tonje Glimmerdal. Oslo: Samlaget, 2009.

Oppgåver

1. Kva bruker tantene til Tonje å gjere i Glimmerdalen i påska? 2. Kven andre skulle komme til Glimmerdalen i påska? 3. Kva bruker du og familien din å gjere i påska? 4. Trur de det er vanleg å gå på ski i påska i Noreg? 5. Trur de det er vanleg å vere saman med familien sin i påska? 6. Kvifor er det fridagar i påskeveka? 7. Korleis trur du forteljinga sluttar? Skriv framhaldet! 108 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 108

28-09-11 12:20:12


Kopioriginal 2:

Rett og gale Sjå på bileta under og svar på spørsmåla: a) Kva handling ser du på biletet? b) Er det rett eller gale? c) Kvifor?

a) Å b) er c) fordi

a) Å b) er c) fordi

a) Å b) er c) fordi

109 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 109

28-09-11 12:20:13


Kopioriginal 3: «Måne og sol» – finn orda I rutenettet skjuler det seg 18 ord frå teksten til salmen «Måne og sol» (side 25 i elevboka). Finn orda og set ring rundt dei.

A

L

M

E

N

H

K

I

S

T

B

K

U

I

K

A

S

S

E

R

T

Y

R

M

Å

N

E

R

N

H

L

A

S

T

B

J

L

F

R

P

F

H

K

Ø

K

V

L

H

A

Å

D

H

K

Å

F

A

D

Q

C

H

Z

G

O

G

V

T

A

K

K

A

W

F

K

A

J

L

G

L

Ø

R

I

J

L

B

A

M

Æ

A

V

R

E

L

R

N

J

S

F

H

O

E

G

Ø

O

B

O

R

N

K

L

O

J

S

O

L

H

N

U

D

B

S

A

K

T

O

H

P

L

E

G

S

G

H

R

M

O

L

E

V

E

R

F

A

R

A

T

O

K

K

L

E

J

V

E

R

G

H

U

B

A

R

T

E

Y

Z

V

A

T

G

H

Y

U

H

S

R

T

J

F

U

S

I

J

H

Y

S

V

I

N

D

A

R

T

E

A

T

Å

N

N

E

L

I

V

I

N

N

R

E

B

L

E

K

A

D

T

O

N

A

J

S

U

M

H

S

K

A

P

T

E

H

G

H

B

O

R

K

N

E

S

A

R

E

G

N

Y

T

A

L

U

J

E

R

V

N

K

L

E

M

S

T

F

O

Desse orda skal du leite etter: måne, sol, vindar, takka, blomar, born, skap­ te, vår, Gud, ja, han, er, her, Jesus, son, lever, dag, hav Orda kan stå loddrett eller vassrett.

110 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 110

28-09-11 12:20:13


Kopioriginal 3: «Måne og sol» – finn orda Lærarens fasit I rutenettet skjuler det seg 18 ord frå teksten til salmen «Måne og sol» (side 25 i elevboka). Finn orda og set ring rundt dei.

A

L

M

E

N

H

K

I

S

T

B

K

U

I

K

A

S

S

E

R

T

Y

R

M

Å

N

E

R

N

H

L

A

S

T

B

J

L

F

R

P

F

H

K

Ø

K

V

L

H

A

Å

D

H

K

Å

F

A

D

Q

C

H

Z

G

O

G

V

T

A

K

K

A

W

F

K

A

J

L

G

L

Ø

R

I

J

L

B

A

M

Æ

A

V

R

E

L

R

N

J

S

F

H

O

E

G

Ø

O

B

O

R

N

K

L

O

J

S

O

L

H

N

U

D

B

S

A

K

T

O

H

P

L

E

G

S

G

H

R

M

O

L

E

V

E

R

F

A

R

A

T

O

K

K

L

E

J

V

E

R

G

H

U

B

A

R

T

E

Y

Z

V

A

T

G

H

Y

U

H

S

R

T

J

F

U

S

I

J

H

Y

S

V

I

N

D

A

R

T

E

A

T

Å

N

N

E

L

I

V

I

N

N

R

E

B

L

E

K

A

D

T

O

N

A

J

S

U

M

H

S

K

A

P

T

E

H

G

H

B

O

R

K

N

E

S

A

R

E

G

N

Y

T

A

L

U

J

E

R

V

N

K

L

E

M

S

T

F

O

Desse orda skal du leite etter: måne, sol, vindar, takka, blomar, born, skap­ te, vår, Gud, ja, han, er, her, Jesus, son, lever, dag, hav Orda kan stå loddrett eller vassrett. 111

LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 111

28-09-11 12:20:14


Kopioriginal 4:

Brett ein slange av papir

1. Du treng eit kvadratisk ark (ark der alle sidene er like lange). Brett arket i to frå hjørne til hjørne.

2. Brett der du ser dei stipla linjene, slik at sidene møtest på midtlinja.

3. Brett på same måten ein gong til. Der dei stipla linjene er, skal sidene møtast på midten.

4. Brett der du ser dei stipla linjene.

5. Snu.

6. Brett motsett veg annankvar gong (brett «fjell og dal»).

7. Brett ut falden på begge sider slik du ser på biletet, slik at bretten går «utover» utanpå tuppen.

8. Brett inn tuppen slik du ser på biletet.

9. Teikn auge på slangen, og så er han ferdig! 112 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 112

28-09-11 12:20:15


Kopioriginal 5:

Kva hører saman? Set strek frå rett setning til rett bilete. Fargelegg bileta etterpå. Kain drap Abel.

I hagen budde det ein slange.

Abel hadde eit flott offer.

Adam og Eva budde i denne herlege hagen.

Gud såg at Kain hadde drepe bror sin.

Midt i hagen voks kunnskapens tre.

Gud jaga menneska ut av hagen.

Eva åt frukt og gav til Adam.

113 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 113

28-09-11 12:20:18


Kopioriginal 6:

Kunst i islam Mønsteret på biletet kallar vi ornamentikk. Ornamentikk er mønster som blir gjentekne. Mange moskear er pynta med ornamentikk. No skal du lage din eigen ornamentikk. Slik gjer du: 1. Teikn ferdig mønsteret slik at biletet blir likt på begge sider. Teikn gjerne forsiktig med blyant først, slik at du får det rett. 2. Fargelegg mønsteret med dei fargane du liker. 3. Heng opp biletet i klasserommet slik at alle får sjå kor fint det har blitt.

Tilleggsoppgåve: Klipp nøyaktig rundt ornamentikken. Heng opp det du har laga tett inntil teikningane dei andre elevane har laga, slik at dei saman dannar eit mønster. No har de laga mosaikk av bileta dykkar. 114 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 114

28-09-11 12:20:20


Kopioriginal 7:

Kva ord manglar? Les forteljinga «Da Gabriel lærte Muhammed å be» på side 38–39 i elevboka. Fyll inn orda som manglar i setningane under. 1. Ein dag da _____________________ var ute på ei av høgdene ved Mekka,

kom ________________ Gabriel til han.

2. Engelen kom for å lære Muhammed å __________. 3. Gabriel sette hælen sin i bakken, og ut av bakken strøymde det ________________. 4. Gabriel _________________ seg i vatnet. Muhammed gjorde det same. 5. Gabriel innleidde bønna med å stå og seie:

«_________________________________________________________________.»

6. ____________________ er den heilage boka til muslimane. 7. Gabriel bøygde seg _______________, la ______________mot jorda og takka Gud. 8. Til slutt ____________han til begge sider og sa: «____________________________

___________________________________________.»

9. Da Muhammed kom heim, lærte han _________________ si å be. 10. I dag ___________ muslimar over heile _______________________akkurat slik. 115 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 115

28-09-11 12:20:21


Kopioriginal 8:

Islam – kryssordoppgåve Finn svaret på spørsmåla under, eller fyll inn ordet som manglar. Skriv svaret inn i kryssordet der det hører heime.

1 2 3 4 5 6 7

1. Muslimar har fleire levereglar dei må følgje. Kven trur dei har gitt dei levereglane? 2. Kva heiter byen som muslimar må vende seg mot når dei ber? 3. Kva må vaksne muslimar gjere fem gonger om dagen? 4. I kva for ei bok står mange av levereglane til muslimar? 5. Kva kallar vi ein person som følgjer religionen islam? 6. Kva kallar vi teppet som mange muslimar ber på? 7. Å be fem gonger om dagen er ein ___________ som muslimar har. Løysingsord:______________________________________ 116 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 116

28-09-11 12:20:21


Kopioriginal 8:

Islam – kryssordoppgåve Lærarens fasit Finn svaret på spørsmåla under, eller fyll inn ordet som manglar. Skriv svaret inn i kryssordet der det hører heime.

2

M

E

K

1

G

K

A

3

B

E

U

4

K

O

R

A

D

N

E

N

5

M

U

S

L

I

M

6

B

Ø

N

N

E

T

E

P

P

E

7

L

E

V

E

R

E

G

E

L

1. Muslimar har fleire levereglar dei må følgje. Kven trur dei har gitt dei levereglane? 2. Kva heiter byen som muslimar må vende seg mot når dei ber? 3. Kva må vaksne muslimar gjere fem gonger om dagen? 4. I kva for ei bok står mange av levereglane til muslimar? 5. Kva kallar vi ein person som følgjer religionen islam? 6. Kva kallar vi teppet som mange muslimar ber på? 7. Å be fem gonger om dagen er ein ___________ som muslimar har. Løysingsord: Gabriel 117 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 117

28-09-11 12:20:22


Kopioriginal 9:

Levereglar i livssynshumanismen Set strek frå kvart bilete til leveregelen som hører til.

Ein skal ikkje skade andre.

Ein skal høre på kva andre seier.

Ein skal hjelpe dei som treng hjelp.

118 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 118

28-09-11 12:20:22


Kopioriginal 10:

Kva skjer dersom eg … Eg ser at nokon står åleine. Anten kan eg gjere slik: Det fører til:

Eller eg kan gjere slik:

Det fører til:

Oppgåver: 1. Kva er det bilete av? Snakk saman om kva som er problemet i den første ruta. Skriv litt om det her, eller på eit ark. 2. Kva hender vidare? Snakk saman og finn på to ulike ting det går an å gjere. Teikn det inn i den andre ruta i teikneseriane. 3. Kva fører det til? Teikn det inn i den siste ruta i teikneseriane. 4. Kva for ei handling fører til det beste resultatet, synest du? Kvifor? Skriv litt om det.

119 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 119

28-09-11 12:20:23


Kopioriginal 11:

Nå skal jeg sove Nå skal jeg sove for det er kveld på denne siden av jorden, og alle barn på denne siden skal sove om en liten stund. Stjernene skinner der oppe på him’len, og når det regner og blåser, skinner de blanke stjernene bakom skyer og over regn. Pass på meg når jeg sover, fugler og fisken i sjøen den blå, alle dere andre som lever og er våkne på den andre siden av jorden, så skal jeg passe på dere i morgen når det er natt hos dere.

Pass på meg, alle blomster, for dere skal også sove snart, pass på oss, og vi skal drømme i natt om solen som skinner i morgen tidlig, om natten som bare er snill og blå og aldri farlig. Pass på meg, hele verden, og jeg skal sove og drømme om at alle har det godt på jorden. Magli Elster

Frå Turid Opsahl, Ellen Seip Stubbe og Jo Tenfjord, red.: Den store dikt- og regleboka. Oslo: Aschehoug, 2005

Oppgåver 1. Kven er det som snakkar i diktet? 2. Kven snakkar ho eller han til? 3. Kva ønskjer ho eller han? 4. Tenk dykk ein draum om at alle har det godt på jorda. Kva ville de drøyme om da? Lag ein kollasj med ord, teikningar, utklipp frå bilete og blad osv. som viser kva draumen ville handle om. Vis kollasjen til dei andre i klassa og fortel dei andre i klassa kva de ville drøyme om.

120 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 120

28-09-11 12:20:24


Kopioriginal 12:

Buddhisme – finn orda

Rebus 1: Eit ord som tyder å vise stor respekt og takksemd:

Rebus 2: Kva heiter det heilage huset til buddhistar?

Rebus 3: I tempelet er det

Rebus 4: Ein mann som bruker all si tid på å studere læra til Buddha, blir kalla 121 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 121

28-09-11 12:20:25


Kopioriginal 13:

Levereglar i buddhismen Skriv inn rett regel til bileta.

122 LĂŚreveilTrinn3NN(106-144).indd 122

28-09-11 12:20:25


Kopioriginal 14:

Buddha i hjorteparken Kva manglar på teikninga av Buddha i hjorteparken? Finn fem feil. Sjå på biletet på side 59 i elevboka og teikn inn det som manglar. Når du er ferdig, kan du fargeleggje teikninga.

123 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 123

28-09-11 12:20:26


Kopioriginal 15:

Buddha og svana – skodespel Forteljaren: Da Buddha var barn, leika han ofte med fetteren sin. Roller: Ein dag gjekk dei ein tur i skogen saman. • Forteljaren Buddha: Sjå, der flyg ei svane! • Buddha Devadatta: Eg vil skyte henne! Eg er sikker på at eg kan treffe henne. • Devadatta, fetteren til Buddha: Nei, ikkje gjer det! Buddha (med pil og boge) Devadatta: Hmm, eg må sikte skikkeleg. • Svana (Devadatta spenner bogen og gjer som om han skyt.) • Ein dommar Devadatta: Jippi, eg trefte! Buddha: Å nei, svana fell! Devadatta og Buddha (i kor): Eg må finne svana! (Begge gutane spring i ring. Buddha kjem fram til svana først.) Buddha: Stakkars svane. Du er såra. Men ikkje ver redd, eg skal hjelpe deg. Sjå, no dreg eg pila ut av vengen din og legg nokre blad på såret. Du blir nok frisk igjen. (Devadatta kjem bort til Buddha og svana.) Devadatta: Kva er det du gjer? Gi meg svana. Eg vil drepe henne. Buddha: Nei, du får ikkje drepe svana. Eg vil hjelpe henne så ho blir frisk. Devadatta: Kva? Kvifor det? Det var eg som skaut svana så ho fall ned frå himmelen, så ho er mi! Buddha: Om du hadde drepe svana, hadde ho vore di. Men ho er berre såra, og sidan eg har redda henne, er det eg som eig henne. Devadatta: Det kan ikkje du bestemme! Eg skaut svana først, gi henne til meg! (Devadatta prøver å ta svana, men Buddha held handa roleg opp framfor fuglen.) Buddha: Vi blir ikkje einige. La oss finne ein dommar som kan avgjere saka. Devadatta (misnøgd): Greitt. Vi kan gå tilbake til slottet og finne ein vaksen som kan dømme. (Dei går i sirkel motsett veg av da dei leita etter svana. På slottet møter dei dommaren.) Forteljaren: Dei to fetrane gjekk tilbake til slottet. Der fann dei ein vaksen som dei begge meinte var rettferdig. Dommaren: Korleis kan eg hjelpe dykk? Buddha: Da vi gjekk i skogen i stad, fekk vi auge på ei svane. Devadatta skaut mot henne med pila si. Svana fall ned. Eg fann henne. Ho var i live, men skadd. Eg drog ut pila for å redde henne … (Devadatta avbryt.) Devadatta: … Og no seier Buddha at svana er hans. Enda det var eg som skaut henne! Sei at svana er mi, eg vil drepe henne! Dommaren (ristar på hovudet): Eit liv må høre til den som har redda det, ikkje den som prøver å øydeleggje det. Buddha har rett til å behalde den såra svana. Devadatta: Ååå. Buddha: Takk, dommar. Eg lovar å stelle svana så godt eg kan. (Devadatta og dommaren går ut frå scenen.) Buddha: No, svane, er du frisk igjen. Flyg, flyg mot fridommen! (Svana flaksar med hendene og flyg ut av scenen.) 124 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 124

28-09-11 12:20:27


Kopioriginal 16:

Matreglar i hinduismen Familien til Mohini skal ha fest. Foreldra til Mohini vil ikkje servere kjøtt frå ku. Kva slags mat kan dei ete? Hjelp familien med å velje ut mat ved å setje ring rundt maten dei kan ete.

125 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 125

28-09-11 12:20:28


Kopioriginal 17:

Ganesha og katten – sant og usant Les forteljinga om Ganesha og katten på side 68–69 i elevboka. Kva er sant, og kva er usant? Set kryss i rett rute.

Sant

Usant

1. Ganesha budde i byen da han var liten. 2. Ein dag fanga Ganesha ein katt. 3. Ganesha koste med katten. 4. Ganesha heldt fast katten i halen. 5. Katten var eigentleg mor til Ganesha. 6. Ganesha blei trist da han forstod kva han hadde gjort. 7. Ganesha skadde katten for å vere slem. 8. Ganesha skadde katten utan å meine det. 9. Den dagen lærte Ganesha at han ikkje skulle lyge. 10. Den dagen lærte Ganesha å ta omsyn til andre.

126 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 126

28-09-11 12:20:28


Kopioriginal 18:

Korleis ser Ganesha ut? Set kryss i rett rute. 1. Ganesha har hovud som …

ein elefant

ein ape ein katt

2. Ganesha held …

ein hammar

ein pistol ei øks

3. Ganesha rir på …

ein hest

ei mus ei ku

127 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 127

28-09-11 12:20:29


Kopioriginal 19:

Bilete av Ganesha Sjå nøye på bileta. Kva bilete viser Ganesha? Skriv namnet hans under bileta av han.

Kor mange bilete av Ganesha fann du?

128 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 128

28-09-11 12:20:33


Kopioriginal 20:

Faktaark om sabbat Les side 72–73 i elevboka og fullfør setningane under. Pynt faktaarket ved å teikne noko som passar til sabbaten. 1. Sabbat er ___________________________ for jødar. 2. I __________________står det at sabbat er heilagdagen for jødane. 3. _____________________er kviledag. 4. Det vil seie at jødar ikkje skal ____________________under sabbaten. 5. Sabbat begynner ved ___________________________ fredag kveld og varer til

solnedgang _______________________ kveld.

6. Sabbatsfeiringa begynner med at mor tenner to ______________________. 7. Familien til Dina feirar sabbat med eit stort _________________________. 8. ___________________________ er eit fletta brød. 9. Under sabbaten er det gudsteneste i ______________________ fredag kveld og

laurdag morgon.

10. Sabbaten blir feira til minne om at ________________ skapte verda, og at ________________ hjelpte jødane å bli fri frå slaveriet i ___________________.

129 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 129

28-09-11 12:20:33


Kopioriginal 21:

Kvar skal gjenstandane vere? 1. 2.

Kva er dette? Samanlikn teikningane med bileta på side 74 og75 i elevboka. Klipp ut dei små teikningane og lim dei på rett stad på arket. Når du er ferdig, kan du fargeleggje det ferdige biletet. Gå saman to og to. Fortel kvarandre kva dei ulike gjenstandane på arket heiter, og kva dei blir brukte til.

130 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 130

28-09-11 12:20:35


Kopioriginal 22:

Hevenu shalom Aleichem / Eg blir så glad når eg ser deg Hevenu shalom Aleichem, Hevenu shalom Aleichem Hevenu shalom Aleichem Hevenu shalom, shalom, shalom Aleichem. Eg blir så glad når eg ser deg, Eg blir så glad når eg ser deg, Eg blir så glad når eg ser deg, Eg blir så glad, så glad, så glad når eg ser deg. Det er Guds fred eg vil gi deg, Det er Guds fred eg vil gi deg, Det er Guds fred eg vil gi deg, Det er Guds fred, Guds fred, Guds fred eg vil gi deg. Oppgåver

1. Fortel kva songen handlar om.

2. Ordet «shalom» er hebraisk og tyder fred. Kor mange gonger blir ordet «fred» sunge i songen?

3. Lag nye vers til songen. Kva vil du syngje om?

131 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 131

28-09-11 12:20:35


Kopioriginal 23:

Forteljingar frå 1. Mosebok Sjå på teikninga på side 80 i elevboka. Kva er det som manglar her? Finn fem feil. Teikn inn det som manglar. Når du er ferdig, kan du teikne inn fleire planter og dyr, og kanskje eit telt som Abraham og Sara kan bu i? Så fargelegg du biletet.

132 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 132

28-09-11 12:20:36


Kopioriginal 24:

Loop om Sara og Abraham

Svaret er: Isak

For 9 personar

Svaret er: Sara.

Svaret er: Til eit nytt land.

➔ Spørsmål: Kva heitte kona til Abraham?

Spørsmål: Kvar sa Gud at Abraham og Sara skulle dra?

Spørsmål: Kva lova Gud at Sara og Abraham skulle få?

Svaret er: Barn og ei stor slekt.

Svaret er: Kanaan.

Svaret er: Hagar.

Spørsmål: Kva heitte det nye landet?

Spørsmål: Kva heitte teneste­ kvinna til Sara?

Spørsmål: Kva heitte sonen som Abraham fekk med Hagar?

Svaret er: Ismael.

Svaret er: Nesten hundre år.

Svaret er: Dei lo.

Spørsmål: Kor gamle var Sara og Abraham da Gud lova dei barn?

Spørsmål: Kva gjorde Sara og Abraham da Gud sa at dei skulle få barn?

Spørsmål: Kva heitte sonen som Sara og Abraham fekk?

1

(Klipp ut korta. Læraren kan sitje med dette arket for å ha fasiten.)

133 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 133

28-09-11 12:20:37


Kopioriginal 25:

Rebekka, Isak og sønnene Set inn dei orda som manglar på arket.

Isak, sonen til ____________________________ og Abraham, gifta seg med _____________________________________. Dei fekk tvillingar. Først blei _____________________________ fødd. Han hadde nesten like mykje ______________________________ på kroppen som eit dyr med pels. _____________________________blei fødd rett etterpå. Faren var mest glad i _______________________________, mora var mest glad i _______________________________. Esau var eldst, og derfor skulle han eigentleg _____________________ alt etter faren og ta over som leiar for slekta. Men ____________________________ og Jakob la ein plan. Dei ville lure ____________________________ til å gi alt til Jakob. Isak var blitt gammal og nesten __________________________________. «Esau», sa Isak, «skyt eit dyr og lag ein god matrett til meg, så vil eg _________________________ deg!» Det vil seie at Isak ville be om at Gud skulle vere med Esau. Isak ville gjere Esau til ______________________________ for slekta. Rebekka hadde hørt kva Isak sa. Så snart Esau drog på _______________________, laga ho i stand ein god matrett. Jakob kledde seg ut med ______________________________ til Esau. Han batt ________________________ på hendene for å verke like hårete som Esau. Så gjekk han inn til Isak. Han greidde å lure faren, så ___________________________ velsigna Jakob i staden for Esau. 134 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 134

28-09-11 12:20:37


Kopioriginal 26a:

Kappløp – spørsmålsark 1

Piktogram

Spørsmål Kva handlar forteljinga om den miskunnsame samaritanen om? a. At det er viktig å bry seg om andre b. At det ikkje er bra å lyge Kva gjer muslimar før dei ber? a. Tek på seg kvite klede b. Vaskar seg Kva er ein viktig leveregel for livssynshumanister? a. At vi skal hjelpe dei som treng hjelp b. At vi alltid skal gi bort pengar

Rett svar

a

b

a

Kva heiter det heilage huset for buddhistar? a. Moské b. Tempel

b

Kva heiter guden med elefanthovud? a. Shiva b. Ganesha

b

Kva heiter heilagdagen for jødar? a. Sabbat b. Synagoge

a

I kva religionar er det ikkje lov å ete svinekjøtt? a. Jødedom og islam b. Islam og hinduisme

a

135 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 135

28-09-11 12:20:38


Kopioriginal 26b:

Kappløp – spørsmålsark 2

Piktogram

Spørsmål Kva må kristne gjere når dei skal be? a. Gå i kyrkja og sitje med lukka auge b. Ikkje noko spesielt, men det er vanleg å falde hendene Kva heiter den heilage boka for muslimar? a. Koranen b. Historia om Muhammed Meiner livssynshumanistar at alle kan gjere som dei vil? a. Ja b. Nei

Rett svar

b

a

b

Kva er ein viktig leveregel for buddhistar? a. Eg vil ikkje stele b. Eg vil ikkje stele frå dei som har lite

a

Kva for eit dyr er heilagt for hinduar? a. Grisen b. Kua

b

Kor mange gudar er det i jødedommen? a. Ein b. Tusenvis

a

I kva religionar og livssyn er det viktig å tru på Gud? a. Kristendommen, islam, jødedom og hinduisme b. Alle

a

136 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 136

28-09-11 12:20:39


Kopioriginal 26c:

Kappløp – spørsmålsark 3

Piktogram

Spørsmål Kvifor er søndag heilagdag i kristendommen? a. Fordi kristne trur Jesus døydde på ein søndag b. Fordi kristne trur Jesus stod opp frå dei døde på ein søndag Kva for ein dag dreg flest muslimar til moskeen for å be? a. Fredag b. Laurdag

Rett svar

b

a

Livssynshumanistar syng gjerne at tanken er … a. … fri b. … god

a

Kva er ein viktig leveregel i buddhismen? a. Eg vil ikkje bruke rusmiddel b. Eg vil ikkje bruke rusmiddel før eg blir vaksen

a

Kva er puja? a. Ein leveregel b. Å be, syngje og gi gåver til gudane

b

Kvar står levereglane til jødar skrivne? a. I Toraen b. I Koranen

a

I kva religionar og livssyn er det viktig å vere oppteken av korleis andre har det? a. Kristendommen og buddhismen b. Alle

b

137 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 137

28-09-11 12:20:41


Kopioriginal 26d:

Kappløp – spørsmålsark 4

Piktogram

Spørsmål

Rett svar

Kvifor blei Josef kasta i brønnen? a. Fordi brørne ville at han skulle hente vatn. b. Fordi brørne hans var misunnelege på han.

b

Kva slags kjøtt kan muslimar ikkje ete? a. Oksekjøtt b. Svinekjøtt

b

Ein leveregel i livssynshumanismen er a. Å ikkje bry seg om kva andre seier b. Å høre på kva andre seier

b

Kvifor bøyer buddhistar seg framfor statuar av Buddha? a. For å vise respekt b. For å kysse føtene hans

a

Kva heiter det heilage huset for hinduar? a. Synagoge b. Tempel

b

Kva er ein kippa? a. Eit lite hovudplagg b. Ei heilag bok

a

I kva religionar er tempel eit heilagt hus? a. Islam og hinduisme b. Buddhisme og hinduisme

b

138 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 138

28-09-11 12:20:41


Kopioriginal 27: Vurderingsark for 3. trinn i RLE, hausthalvåret Namn:

Dato for når Følgjande punkt Forslag til vurderinga skal vurderast: gjennomføring: er gjord Filosofi og etikk: Elevane skal kunne fortelje om kva ein familieskikk er, og gi eksempel på familie­ skikkar.

Eleven kan lage ei teikning. Læraren observerer. Eller: i samtale med læraren.

Filosofi og etikk: Elevane skal kunne føre ein enkel dialog om etiske levereglar.

Samtale i mindre elevgrupper eller i par. Læraren går rundt og lyttar.

Filosofi og etikk: Elevane skal kunne fortelje om rettane til barn og gi eksempel på rettar barn har.

I samtale med læraren. Eller: i elevgruppe, læraren lyttar og noterer.

Kristendom: Elevane skal kunne fortelje om bønn i kristendommen.

I samtale med læraren.

Kristendom: Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet frå bibelforteljingane om skaping og dei første menneska.

Samtale i mindre elevgrupper eller i par. Læraren går rundt og lyttar.

Kristendom: Elevane skal kunne fortelje om levereglar i kristendom­ men.

I samtale med lærar­ en, eller elevane forklarer gjennom skriving og teikning.

Islam: Elevane skal kunne fortelje om bønn i islam.

I samtale med lærar­ en, eller elevane forklarer gjennom skriving og teikning.

Eleven har oppnådd Kommentar: målet som skulle vurderast (set kryss) JA NEI

Dato:

Underskrift elev:

Underskrift lærar:

Underskrift føresett(e): 139

LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 139

28-09-11 12:20:42


Kopioriginal 28: Vurderingsark for 3. trinn i RLE, vårhalvåret Namn:

Dato for når Følgjande punkt Forslag til vurderinga skal vurderast: gjennomføring: er gjord: Livssynshumanisme: Elevane skal kunne samtale om levereglar i livssyns­ humanisme.

I samtale med lærar­ en, i mindre grupper, i storgruppe eller gjennom teikning.

Buddhisme: Elevane skal kunne samtale om bønn og meditasjon i buddhismen.

Læraren observerer og lyttar. I samtale med læraren, eller elevane forklarer gjennom skriving og teikning.

Hinduisme: Elevane skal kunne fortelje om puja.

I samtale med lærar­ en, i mindre grupper, i storgruppe eller gjennom teikning. Læraren observerer og lyttar.

Jødedom: Elevane skal kunne fortelje om levereglar i jødedom­ men.

I samtale med lærar­ en, i mindre grupper, i storgruppe eller gjennom teikning. Læraren observerer og lyttar.

Kristendom: Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane om Sara, Abraham og Isak.

Samtale i mindre elevgrupper eller i par. Læraren går rundt og lyttar.

Kristendom: Elevane skal kunne fortelje om hovudinnhaldet i forteljingane om Josef.

I samtale med læraren, eller elevane forklarer gjennom teikning (og skriv­ ing).

Eleven har oppnådd Kommentar: målet som skulle vurderast (set kryss) JA NEI

Dato:

Underskrift elev:

Underskrift lærar:

Underskrift føresett(e):

140 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 140

28-09-11 12:20:42


Kjelder Side 19 Side 25 Side 27 Side 28 Side 29 Side 35 Side 72 Side 81 Side 91 Side 94 Side 108 Side 120

«Pippi feirer fødselsdag», utdrag frå Astrid Lindgren: Pippi flytter inn. Oslo: Damm, 1945. Utdrag frå Arild Nyquist: Slemme Lars. Oslo: Aschehoug, 1987. Anti Janteloven (Trall), tekst av Grethe-Karin Hovde, © Norsk noteservice as, Oslo. Frå Arbeid mot mobbing. Rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskolen. Oslo: Utdanningsdirektoratet, 2011. Utdrag frå Frida Nilsson: Hedvig og Hardemo-prinsessen. Oslo: Cappelen Damm, 2010. «Bønna om vatn», omsett og tilrettelagt etter J. de Voragine: The Golden Legend: Readings on the Saints. Princeton: Princeton University Press, 1993. «Den gylne hjorten», omsett og fritt fortalt etter Ruru-Jataka, omsett til engelsk av W.H.D. Rouse (1901). Teksten er tilgjengeleg på sacred-texts.com. http://www.sacred-texts.com/bud/j4/j4046.htm «Liten og rask», omsett og tilrettelagt frå Uma Krishnaswami: The broken tusk. Little Rock: August House, 1996. «Dei magiske ønska», omsett og tilrettelagt frå Gloria Goldreich: Ten traditional Jewish children’s stories. New York: Pitspopany, 1996. «Tårnet i Babel», tilrettelagt frå Den store Barnebibelen. Gjenfortalt av Synne Garff, omsett av Arne Berggren og Kristine Berg. Oslo: Det norske bibelselskap, 2008. Utdrag frå Maria Parr: Tonje Glimmerdal. Oslo: Samlaget, 2009. Magli Elster: «Nå skal jeg sove», frå Turid Opsahl, Ellen Seip Stubbe og Jo Tenfjord, red.: Den store dikt- og regleboka. Oslo: Aschehoug, 2005.

Alle bibelforteljingane er tilrettelagde frå www.bibel.no

Illustrasjonar Annlaug Auestad: omslag, kopioriginal 2, 4, 5, 6, 9, 10, 12, 13, 14, 16, 18, 21, og 23. Akin Düzakin: kopioriginal 19. Elisabeth Moseng: kopioriginal 17, 19.

141 LæreveilTrinn3NN(106-144).indd 141

28-09-11 12:20:42


LĂŚreveilTrinn3NN(106-144).indd 142

28-09-11 12:20:42


LĂŚreveilTrinn3NN(106-144).indd 143

28-09-11 12:20:42


LĂŚreveilTrinn3NN(106-144).indd 144

28-09-11 12:20:42


y

e

i

Inn

Religio

n,

liv

ss

n

og

k tik

1.–7. trinn

et v i l

3

Velkommen Inn i livet! Inn i livet tek elev og lærar med inn i religionar og livssyn som vi møter i Noreg i dag. Kunnskapsstoffet blir framstilt tematisk og røyndomsnært. Det vil seie at læreverket tek ­utgangspunkt i kvardagen til barn og vaksne. Inn i livet følgjer læreplanen for faget RLE – religion, livssyn og etikk frå 2008. Religionar og livssyn blir presenterte i eit samanliknande perspektiv. Filosofisk metode er ein integrert del av verket. I arbeidet med Inn i livet kan eleven utvikle alle dei grunnleggjande ferdigheitene. Inn i livet opnar i stor grad for tilpassing og differensiering.

Inn i livet 3. Ressursbok for læraren inneheld faksimilar av kvart oppslag i elevboka. Læraren finn mål for ­undervisninga, nyttige tips og relevant bakgrunnsstoff, forteljingar, fyldige kommentarar til illustrasjonar, ­aktivitetar og tekstar i elevboka og forslag til varierte oppgåver og aktivitetar. Andre komponentar til Inn i livet 3: • Inn i livet 3. Elevbok • Inn i livet 1–4. CD • Inn i livet. Nettstad http://innilivet.samlaget.no

ISBN 978-82-521-7793-0

ISBN 978-82-521-7793-0

9 788252 177930 9 788252 177930


Inn i livet 3. Ressursbok nyn  

Inn i livet 3. Ressursbok nyn

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you