__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 1


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 3

Solfrid Sivertsen

HO SYKLA BORT og andre noveller

Samlaget Oslo 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 5

Innhald Bussturen  Heilt tilfeldig  Ho sykla bort  Neste stoppestad  Snøengel  Liljekonvall  Under snø  Blinkesko  Marna Viola 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 6


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 7

Bussturen Eg står utanfor huset og ser opp mot vindauget. Gardinene er ikkje trekte heilt for. Eg stikk handa nedi postkassen, tar opp reklamen og nokre konvoluttar utan å sjå på dei, går dei fire trappetrinna opp og ringer på døra. Då ingen svarer etter fjerde ring, set eg ranselen frå meg, opnar det vesle siderommet og finn fram nøkkelen i det kvite bandet, låser opp døra og går inn, slepper ranselen ned på golvet og drar sakte ned glidelåsen i boblejakka, to–tre centimeter om gongen. Det er så stille at eg høyrer dei små metalliske lydane tommelen og peikefingeren lagar. Støvlettane av, ein etter ein, eg lar dei stå slik, den eine litt bak den andre, som om dei er på veg ut igjen. – Pappa? Ikkje noko svar, men det hadde eg heller ikkje venta, for huset er stille på ein eigen måte når det ikkje er nokon her, sjølv duringa frå kjøleskapet er lågare og forsiktigare, men eg prøver ein gong til, i det eg opnar døra og går inn i stova. – Pappa, er du her? Eg står litt nølande i gangen, så går eg bort til soverommet og opnar døra på gløtt. Mørkt. Ei uoppreidd seng. Ei klokke som tikkar. 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 8

– Pappa? Eg legg handa på dyna, auga har vant seg til mørket, og eg ser litt av eit skrukkete laken, og puta, med eit avtrykk etter eit hovud. Og på ein måte er eg letta, planen blir enklare no. Huset er tomt, slik det har vore så mange gonger i det siste. På kjøkenet opnar eg ei skapdør og tar ut ein pakke knekkebrød, finn fram kniv og smør. Ein kopp halvfull av kaffi står på bordet. Kald. Kanskje frå i går kveld eller i natt. Det er tomt for mjølk i kjøleskapet, og eg set meg ned ved bordet og tygg nokre bitar av knekkebrødet, brune smular samlar seg på bordet. Det er best slik, på eit vis er det best at han ikkje er heime i dag, sjølv om eg vil helst vita kor han er, før me drar. Eg må henta Johnny, og eg håpar at han har fått noko å eta heime hos kameraten, men eg vil ta knekkebrødpakken med i alle tilfelle. Eg går bort til vasken, tar eit glas og fyller med vatn, eit fort blikk i den vesle spegelen på veggen viser at panneluggen står til vêrs, eg væter handa under springen og prøver å stryka håret flatt igjen. Klokka på skjenken tikkar lydlaust og viser grøne tal. Eg opnar døra til klesskapet og tar ut den gamle, blå tursekken eg pakka i går kveld. Ekstra genserar til begge. Undertøy. Pyjamasbukser. To par sokkar. Og den slitne, brune plysjfrosken til Johnny eg stappa nedi i siste augneblinken. Eg går ut og lukkar døra etter meg. Eg finn fram knekkebrødpakken og eit eple frå kjøleskapet, kjenner eine sokken er litt våt der væte har trengt inn, men eg har ikkje tid til å skifta. Må gå no, 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 9

klokka fire, har eg sagt til Johnny, eg skal henta han klokka fire. Så tar eg jakka frå knaggen, trekkjer lua nedover hovudet, tar sekken over skuldra. Står ein augneblink og ser meg omkring, det grøne teppet der ein svart skinnhanske ligg som ei avkutta hand, spegelen på veggen med ei hylle under der det ligg ein klesbørste og ei fyrstikkeske, stumtenaren med frakkar og jakker på. Eit lite knepp, og døra er i lås. Eg går ned trappene, vottar, har gløymt vottar, men det er for seint no, eg stikk hendene i lommene og går ned den smale vegen frå huset. Johnny står i gangen og ventar då eg kjem. Eg seier at eg er visst litt sein, og at me må skunda oss. Så hjelper eg han på med jakke, støvlettar og lue, eg tar handa hans, og me begynner å gå. Stega våre lagar utflytande spor i det våte slapseføret. Han går så seint og med så små steg at eg nesten drar han med meg. – Kom no! – Kor skal me hen? – Det veit du. Eg sa det til deg i dag tidleg, og no går bussen snart. Ein bil køyrer forbi i stor fart så spruten står, og med eit rykk halar eg Johnny lenger inn på fortauet. – Skal pappa vera med? Han slepper handa mi, ser opp på meg. – Er du dum, eller? Han skal vel ikkje … Då hadde me vel køyrt i bilen, sant? Han svarer ikkje, berre begynner å gå igjen, støvlettane lagar ein knirkande lyd for kvart steg. På jobb, kan 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 10

eg seia viss han spør ein gong til, pappa må nok gå på jobb. Sjølv om det er lenge sidan han var på jobb, eg veit ikkje kor han er når han ikkje er heime, berre at han gløymer å handla, gløymer å seia frå når det er sengetid, gløymer å snakka med oss. – Frys du? seier eg etter ei stund. Han ristar på hovudet, dusken på den blå lua svingar fram og tilbake. Me kjem til busshaldeplassen, småspring det siste stykket, for eg trur me har dårleg tid, men me må venta ei lang stund før bussen kjem. Der står ein høg, gråhåra mann med ei veske i handa, han ser på oss då me kjem, små auge under buskete augnebryn og ein raud nase. Eg stirer på ein halvt istykkeriven rutetabell på veggen, lèt som om eg sjekkar rutetidene, sjølv om eg kan dei utanåt. Nokre små, grålege snøfnugg svever i lufta, flyg omkring som bitar av papir og smeltar i det dei når bakken. Endeleg ser eg dei gule lysa, og bussen som no svingar inn på haldeplassen. Hjartet slår hardt då me står på stigbrettet og sjåføren ser på oss, ser frå den eine til den andre, det glimtar i brilleglas og han tar imot pengane, held dei i den store, kvite handa ei stund, men gir oss ikkje billettar enno, eg høyrer ikkje kva det er han mumlar, han har bart som gøymer munnen. Eg skulle vel ikkje ha krølla hundrelappen slik, er det det at eg har krølla han? Eg held ei hand på skuldra til Johnny og ventar, slepper pusten forsiktig ut og høyrer mannen bak meg på stigbrettet hosta. Endeleg kjem remsa med billettar ut av maskinen, og eg strekkjer fram handa for å ta imot. – Bagasje? spør sjåføren, og eg ristar fort på hovu


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 11

det, skubbar Johnny framfor meg til sitjeplassar langt bak i bussen. Det er ikkje så mange passasjerar, og eg finn to sete med god avstand til andre. Eg legg sekken på golvet ved føtene, tar lua av Johnny og opnar jakka hans, tar mi eiga lue av og drar ned glidelåsen i jakka. Han får sitja ved vindauget så han kan sjå ut på det mørknande grå gatebildet. Eksosrøyken krøllar seg gulsvart langs kanten i det bussen køyrer ut frå haldeplassen, og Johnny snur seg mot meg igjen: – Eg har snart bursdag, eg. – Ja då. – For då blir eg sju år og får endå fleire nye tenner. Her. Han fører ein raudleg peikefinger til munnen, til tomrommet i overkjeven. Eg lukkar auga og legg hovudet mot stolryggen. Me sit langt bak, men likevel synest eg at bussjåføren kikkar på oss i spegelen rett som det er. «Går det bra med deg, Gina?» spurde engelsklæraren ein dag, og eg sa «ja» og bladde fram og tilbake i boka, svaret mitt drukna nesten i blafringa av papir. Ein gong var han ute heile kvelden og halve natta, eg høyrde døra slå då han kom heim og fjernsynet som blei sett på, klokka var halv fire, og eg drog dyna oppunder haka og stirte ut i det mørke rommet. – Er det langt igjen? – Ja, eit stykke. Er du svolten? Johnny ristar på hovudet, hendene hans ligg mellom låra, hovudet tungt mot stolryggen. – For eg har knekkebrød med. Og eit eple. 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 12

Det er lenge sidan han har vore på jobb. Ein gong spurde eg om han snart skulle begynna igjen, eg såg nedi ranselen og ikkje på han, og han såg på meg og snudde seg til vindauget igjen, og eg la bøker i ranselen, la dei nedi og tok dei opp igjen, og kjøkenklokka tikka så høgt, og han sa ingenting. Han har slutta å vera vanleg, som å spørja om me skal ha pizza til middag, spørja om eg kan ta ut av oppvaskmaskinen, leita etter lesebrillene sine og le når eg ertar han for det, sovna med avisa over ansiktet, gi oss lommepengar, spørja om lekser. Som om nokon har trylla vekk alt det vanlege, har trylla han om til ein annan. Ein dag han sat ved bordet med ei avis framfor seg, lo han, men ikkje slik vanleg latter, og sa at me måtte passa oss for ulvane, alle ulvane i verda. «Ulv i fåreklær», sa han, og me spurde ikkje kva han meinte, men eg drog Johnny ut frå stova, sa noko om at han berre tulla, pappa berre tullar, men Johnny såg på meg med auge som blanke knappar, han spurde ikkje om noko, berre lét meg ta han med opp på rommet. – Sjå kor mykje snø det er på fjella der borte, seier eg i det bussen stoppar på ein haldeplass. Johnny svarer ikkje. Han har hovudet på skrå, og kinnet kviler mot den blågrøne plysjstolryggen. Han har sige lenger ned i setet, eg ser bort på han og høyrer den jamne sovepusten. Dei nye passasjerane som stig på, er to ungdomsskulegutar antakeleg, ikkje stort eldre enn eg er. Dei set seg ned på motsett side av oss, lange armar og bein, ranslar 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 13

dumpar ned på golvet, dei ler, seier noko til kvarandre og ser bort på meg. Eg ser stivt framfor meg, kjenner hjartet hamra av garde. Please, ber eg inni meg, ikkje la dei snakka til meg. Ser ned på jakka, på striper av skit ved lommene, dongeribuksa, eg skulle tatt den andre, med rifter i, og eit blad eller ei bok, eg skulle hatt eitt eller anna å kasta blikket på. Johnny søv. Nokre dropar spytt renn ned eine munnvika, hovudet hans ligg nesten på skuldra mi no, og eg dyttar det på plass igjen. – Er det kjærasten din eller ungen din? Ein av gutane ser på meg og flirer. Eg stirer rett framfor meg og svarer ikkje, kjenner varmen krypa frå nakken og opp til kinna. Ei eldre dame som sit litt lenger framme snur seg og ser strengt på dei, og eg senkar blikket til hendene mine i fanget, neglene med blå naglelakk gøymde i knyttnevane. Er han heime no, tru? Har han merka at me ikkje er der, har han sett ranselen min i gangen? Er han redd for oss, eg håpar han er redd. «Sant at det berre er i eventyra det er ulvar?» spurde Johnny ein kveld, og eg sa «mhm», la dyna over han og mumla at han måtte sova. Eg trampa ut av rommet og inn på badet, stirte på ansiktet mitt i spegelen, det mørke, sinte ansiktet, for eg visste at eg ikkje kunne gå bort til Erle likevel. Me skulle ha ete taco og sett film, men han var ute. Og om han hadde vore heime, kunne eg vel ikkje ha gått likevel. Eg trudde berre, eg hadde berre håpa at eg … at han … At det skulle. At det plutseleg skulle bli betre. Eitt eller anna. Bussen stoppar ved ein haldeplass, dørene går opp og 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 14

slepper inn blaff av kulde og slepper ut dei to gutane, ein av dei med kviser rundt munn og nase og den andre med brunt krøllhår, han går slentrande langs midtgangen som om han trur han er noko, bratt rygg og svingande skuldrer. Eg ser ut, følgjer dei med blikket til dei forsvinn opp ei sidegate, to utflytande silhuettar som mørket sluker. Bussvindauga er blitt svarte firkantar no, ei og anna stjerne som kvite punktum langt der borte. Den jamne duringa av motoren får meg plutseleg til å hugsa ein annan busstur, for lenge sidan. Eg og Johnny og mamma. Sommar, og me skulle heim frå stranda, sjøen var ikkje så langt frå der me budde, og vanlegvis brukte me å spasera. Men denne dagen blei me overraska av ei kraftig regnbye, og me sprang opp til vegen og nådde akkurat ein buss i det han skulle køyra ut frå haldeplassen. Johnny på hofta hennar med dinglande føter og smokk i munnen, den turkise kjolen hennar med runde, mørke regnflekker på, ho strauk det våte håret frå panna og smilte til sjåføren i det ho gav han pengar, posen med vått badetøy slo mot leggene i det me gjekk innover i bussen, eg heldt i den fuktige kjolen hennar som lukta sjø og solkrem. Den sommaren var det så varmt, eg hugsar i alle fall at det var nesten berre soldagar, og at kveldane var for lyse til å sova i, og ein av dei kveldane gjekk eg ut av rommet og ned trappene, eg skulle akkurat til å ropa på mamma då eg høyrde stemmene deira frå stova. Dei høge, sinte stemmene. Eg sat i trappa ei lang stund, før eg snudde og gjekk inn på rommet mitt igjen, eg la meg i senga og stirte ut vindauget på den lyse himmelen. 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 15

Eg ser bort på Johnny, augnevippene hans flagrar litt i det bussen svingar inn på ein humpete vegstrekning. Han hugsar nok ikkje bussturen den sommaren, men eg hugsar alt, alt, luktene og fargane, fordi det var den sommaren ho reiste. Det var kanskje tidleg morgon eller sein natt då ho stod ved senga mi og kviskra at ho måtte reisa bort ei stund, men eg visste vel at ho var veldig glad i meg, eg måtte aldri gløyma det, og eg veit ikkje om eg sa noko, for det var nesten midt inne i søvnen, men eg drøymde ikkje, for ho bøygde seg ned og la kinnet mot mitt, og ho lukta av den kremen ho alltid hadde i ansiktet. Så var ho borte, eg var heilt vaken no, men som i søvne stod eg opp frå senga, gjekk ut frå rommet og sette meg på trappekanten. Nede i gangen stod ein koffert, grå med avskala måling i hjørna, og mamma la handa om det svarte handtaket, dei høge hælane laga skarpe lydar mot flisegolvet. Det var så tidleg på morgonen, eg sat berre musestille øvst på trappekanten. Gangdøra slo igjen etter henne, og eg lista meg ned trappene så ikkje pappa eller Johnny skulle høyra meg. I taxien som venta utanfor, var ho nesten berre ein mørk skugge i baksetet, og ho snudde seg heile tida og såg mot huset og døra med dei to lange vindauga i, og kanskje ho såg meg der i halvmørket. Raude lys og eksos, og bilen svinga ned til hovudvegen og blei borte. – Mamma er reist bort ei stund, sa pappa. Han stod ved kjøkenbenken og smurde på ei brødskive til Johnny, den blanke kniven i lange strøk fram 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 16

og tilbake. Han stod med ryggen til oss, kragen på den blå skjorta hans hadde våte flekker etter dusjen og var bretta inn på eine sida, han bøygde seg ned og tok opp kniven som hadde dotte på golvet, og la han i oppvaskkummen. Det gjekk nokre sekund før han sa: – Brunost? – Kor lenge skal ho vera borte, då? sa eg. Han snudde seg mot oss, gav Johny skiva og ruska han i håret. – Eg veit ikkje. Men me greier oss fint her, me tre, ikkje sant? Uff, det er ikkje meir mjølk igjen, går det bra med juice? Ingen av oss svarte, eg såg ned på asjetten der ei halv syltetøyskive låg, stolbeina skrapa mot golvet då eg reiste meg og gjekk ut av kjøkenet. Det er så lenge sidan den sommaren, og endå kan eg spola det som ein film inni meg, fram og tilbake. Litt etter litt blei alt nesten vanleg igjen. Lenge. Og det var ei dame som kom på besøk, ofte før me var i seng, ho hadde brune krøller og fekk heile stova til å lukta parfyme. «Hei, eg heiter Anne», sa ho første gongen ho kom. Dei lukka døra til stova, og eg høyrde dei snakka og lo, ho lo mest og høgast. Eg veit ikkje heilt når det slutta å vera vanleg heime. Kanskje då Anne slutta å komma, eller då pappa mista jobben. Eg hugsar at eg syntest det var litt rart då han sa det, «mista» jobben, som om det var noko ein hadde i lomma eller i ei skuffe.




Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 17

Bussen stoppar ved ein haldeplass, og to damer går av, ingen stig på. Johnny mumlar noko i søvne, og eg dunkar i armen hans, ser meg fort omkring. Eg kjenner at eg òg er trøytt, men eg vågar ikkje lukka auga, for det er ikkje så langt igjen no. Og så tenkjer eg plutseleg på den natta for ei tid sidan, då eg ikkje fekk sova og gjekk ned på kjøkenet. Han sat ved bordet og hadde lagt hovudet ned på armane, eg visste ikkje om han sov. Det stod ei nesten tom vinflaske ved sida av, eg sette henne litt lenger inn på bordet i tilfelle han rørte armane og velta henne. Eg stod heilt stille og såg på han ei stund, før eg gjekk til skapet og fann eit glas og opna døra til kjøleskapet, golvet var så kaldt, eg la den eine nakne foten over den andre mens eg skjenkte i glaset. Frå augnekroken såg eg at han reiste seg opp og kom bort til meg, glaset tippa over mot pyjamasen, og eg kjende den kalde mjølka mot magen då han la armane rundt meg og kinnet ein augneblink mot håret mitt. Med eitt bråbremsar bussen. Så glir han ut mot vegkanten, og rop høyrest frå nokre passasjerar. – Kva er det som skjer? Brumminga av motoren, kvining i bremsar og den breie, gråkledde ryggen til sjåføren som snur seg til begge sider, ein bunke med rutehefte dett i golvet. Eit stort vogntog køyrer forbi, stort som eit skip, med blinkande lys, tutar i fløyta eit par gonger, breidda tar nesten heile den smale vegbanen. Med eit rykk greier sjåføren å manøvrera bussen opp på vegen igjen, han roper eitkvart til passasjerane som eg ikkje høyrer. 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 18

Johnny har vakna, vender ansiktet mot meg med smale augnegliper, og eg legg handa på armen hans og seier at det er ok, det var berre bussen som måtte bråbremsa. Han gnir seg i auga, ser ut mot mørket, der ein og annan bil fer forbi med gule, skarpe lys, før han snur seg mot meg: – Veit du kor huset er? – Ja. Eg tar opp eplet frå sekken, legg det i fanget hans, og han legg hendene om det, fingrane tynne og raudlege, han løftar det opp og legg det ned igjen. Me skal snart av no. Har ikkje vore der på lenge, for dei har budd i utlandet ei stund, men eg kjem til å finna fram, kjem sikkert til å finna fram. Sokkeletasjen i det grøne huset, til høgre, nesten på bakketoppen. Kanskje er han heime no, eg håpar han lurer på kor me er. I det siste har han av og til sove når me skulle på skulen, og det har hendt me har forsove oss, i full fart har eg måtta hjelpa Johnny å kle på seg, dyppa ein handklesnipp under kjøkenkrana og sveipa over ansiktet hans, slå mjølk opp i eit glas, og så har han drukke halvparten før eg har dratt han ut av huset. Bussen svingar inn ved ein haldeplass, plutseleg er me framme. Eg hjelper Johnny opp frå setet, grip jakker, luer og sekken på golvet. Held handa hans i eit fast grep og nesten sleper han med meg mot den opne døra, ned dei høge trinna. Ute vaskar kald, våt luft over oss. Eg drar opp glidelåsen i jakka hans og så min eigen, slengjer sek


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 19

ken med eit rykk over eine skuldra. Me står der ei stund, ser på det ukjende landskapet, alt er nesten berre ein stor, mørk himmel over nokre små hus strødde omkring. – Kor skal me hen? Eg svarer ikkje, eg snur meg og ser først til den eine sida, så til den andre, før eg drar sekken betre opp på skuldra igjen. Med Johnny hengande i ei hand begynner eg å gå, søle og skitten, våt snø skvett om føtene. Bortover vegen til venstre, nokre få hus på eine sida, vidare oppover, og me kjem til ein slags fabrikkbygning eller løe. Det var feil veg. Johnny seier ikkje noko, han står heilt stille ved sida av meg, fingrane på eine handa knytte hardt om mi. Me snur og går ned til haldeplassen igjen, eg vender blikket til alle kantar. Tvers over vegen ligg det ein liten butikk nesten gøymd bak nokre grantre. Eg peikar: – Kom, der borte er det. Det går lett å komma seg over vegen, berre ein og annan bil køyrer forbi. Ein av bilane stoppar og lar oss passera, og ein tanke flyg gjennom hovudet nokre sekund; tenk om det er han som stoppar, som har køyrt ut og leita etter oss, då han oppdaga at me ikkje var heime. Men i skinet frå eit gatelys ser eg at det er ei svart stasjonsvogn, ikkje den raude Toyotaen som har stått heime i garasjen så lenge no. Han ville forresten heller aldri ha gissa kor me var. Væte har trekt inn i den eine støvletten, foten kjennest iskald, men me er der snart no, eg drar Jonny etter meg opp bakken, og på toppen stoppar me og pustar 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 20

litt. Eg kan sjå huset no, det er ikkje mange minuttar å gå. Og ho er vel heime, dei er vel heime? Ei dame kjem mot oss med ein hund i band, eg synest ho sakkar på farten og ser nysgjerrig på oss. – Er det her? seier Johnny og ser omkring seg. Eg slepper handa hans og seier skarpt: – Ja, hugsar du ikkje det, du har jo vore her før! Det står ein kost utanfor, lent mot veggen, eit par støvlar med snø i og eit bosspann med ein raud og kvit plastpose ved sida av. Ved døra er ei ringeklokke, som eg oppdagar ikkje verkar. Eg bankar på døra så hardt eg kan, ser ned på Johnny, på lua der dusken heng litt laust, tynne fingertuppar stikk fram frå jakkeerma. Kor er vottane, har han mista dei? – Dei kjem nok snart, kanskje dei ikkje høyrer fordi fjernsynet er på. Han svarer ikkje, berre står der og ser mot døra. I huset tvers over vegen heng ei adventsstjerne og skin med matt, gult lys endå det er ei stund sidan jul. Eg løftar handa og bankar igjen. Det kjem lydar innanfrå – ei dør blir opna. Og eg bankar igjen, knokane på handa blir såre, og der endeleg ei lysstrime, smal, så breiare, og så kjem ho. Nøkkelen blir vridd om, døra opna, og me snublar nesten over dørstokken. – Neimen! seier mamma, fer med blikket over oss begge, hendene ut til sidene. Lesebrillene heng i ei snor rundt halsen, og det glitrar i glasa då ho bøyer seg framover, blå augneskugge gnidd ut ved det eine auget, håret ligg i ein hestehale over skuldra. 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 21

– Neimen, seier ho igjen, tar nokre steg framover mot oss, mot Johnny, som berre står og ser på henne, lua med våte flekker på trekt nedover panna, – neimen i all verda! Ho set seg på huk, tar hendene hans, ei etter ei, opp mot munnen og blæs på dei, gøymer dei i sine eigne hender før ho hjelper han av med klede og støvlettar. Så reiser ho seg opp, og ho luktar sigarettar og parfyme eller sjampo då det varme kinnet hennar ligg mot mitt kalde kinn ein augneblink, og som om all kraft i fingrane mine plutseleg er borte, dett sekken ned på golvet med ein dump lyd. Inne i stova set eg meg i sofaen mellom ei pute og ei grøn strikkejakke, ser ned på eine foten, der halve sokken har ein mørkare farge av væte. Det er så varmt her inne, glasdøra på vedomnen eit raudgneistrande bilde. – Men eg visste ikkje … Me hadde vel ikkje planlagt …? Mamma ser frå den eine til den andre, augnebryna i to forbausa bogar. Eg trekkjer pusten, ser bort mot vindaugskarmen, der det står ein lysestake med kvite stivna stearinrender på, eit oskebeger og ei potteplante halvt skjult bak gardina, det er så lyst her inne etter mørket ute, og eg fører tunga over tannreguleringa på høgre side der det strammar litt, slepper ut ord og pust samtidig: – Me ville berre ta ein tur, fann på at me ville overraska … Eg lagar ei våt stripe på golvet med foten, frå augnekroken merkar eg blikket til mamma og dei korte beina til Johnny som dinglar frå stolen. Den mjuke sofaryggen 


Ho sykla bort ferdig.qxp_A 30.04.2018 08:26 Side 22

trekkjer hovudet mitt til seg som ein magnet, eg stryk det fuktige håret bak øyret og kjenner ei tyngde i augnelokka. Tor står i døra ut til kjøkenet, og som langt borte frå høyrer eg han seier noko om mat, og mamma som svarer at sjølvsagt må me ha noko å eta, den lange vegen og alt. No har han vel merka at me er borte, han har vel oppdaga det no. Ei lukt av steikt mat, speilegg kanskje, siv i ei lita sky inn den opne døra til stova, og eg kjenner plutseleg kor svolten eg er, det kjennest som om det er dagevis sidan eg har ete.

Profile for Det Norske Samlaget

Bussturen  

Novelle av Solfrid Sivertsen. Frå samlinga Ho sykla bort og andre noveller.

Bussturen  

Novelle av Solfrid Sivertsen. Frå samlinga Ho sykla bort og andre noveller.