He-he!

Page 1



Erna Osland Illustrert av Per Ragnar Møkleby

ei

en

He-he!

bo

k

om

at l d e n l i vsv i kt i g e

r e t

Samlaget Oslo 2016

He-he! ei bok om den livsviktige latteren


Til Emil, Erle og Erling som liker like godt 책 lese som 책 le.

2


Innhald 5 6 8 10 12 14 16 20 22 24 26 28 30 32 34 36 40 42 44 50

Den livsviktige latteren Kva er latter? Når ler vi? Kva er så morosamt at vi må le? Kan dyr le? Kan alle menneske le? Gjer latter oss smartare? Lærer vi lettare når vi ler? Veks vi raskare når vi ler? Blir vi friskare av å le? Blir vi snillare av å le? Blir vi sterkare av å le? Kan vi le oss i hel? Lærer vi å le? Ler små og store av det same? Er all latter lik? Kan latter styrast? Kven ler mest? Kven styrer latteren på skolen? Kvifor liker vi så godt å le?

52 Stikkord 53 Litteratur

3


4


Den livsviktige latteren Ler barn oftare enn vaksne? Kven ler vi saman med? Og kva ler vi av? Desse spørsmåla – og fleire til – skal du få svar på i denne boka. Du skal få vite kvifor det er så godt og livsviktig å le.


Kva er latter? Latter er lyd. Den same lyden kjem igjen og igjen. Han blir ei lang rekke av he-he eller hi-hi. Thi-hi-hi frå den som kniser. Hø-hø-hø frå den som er sjenert. Du har kanskje høyrt om rektoren som oppdaga at det sat ein gut på gangen og skratta og lo? – Kvifor sit du og ler? spurde rektoren. – Eg blei sendt på gangen fordi eg feis så fælt, og no sit læraren og alle dei andre igjen inne i fislukta, hiksta guten.

6


Når nokon ler, kan vi både høyre og sjå det. Munnvikene deira går oppover, dei opnar munnen og gliser. På same tid tar pustemusklane våre ein pause i pustinga, slik at vi begynner å hive etter pusten. Denne hikstinga kan få magen til å verkje av latter. Om guten som sat på gangen hadde vore son til rektor, hadde rektor sloppe å gå ut for å få vite kven som lo. Det er nemleg slik at kvar person ler på sin måte. Det finst ørsmå skilnader frå person til person. Men vi kan likevel skilje ut latteren til dei vi kjenner godt. Det er nyttig for oss menneske at vi kan både sjå og høyre latteren. For latteren sender viktige meldingar. Og det fine med desse meldingane er at vi kan forstå dei, same kva for språk vi snakkar!

7


Når ler vi? Latteren er daglegdags. Dei fleste ler kvar dag, mange gonger om dagen – i alle slags situasjonar. Vi kan til dømes begynne å le berre fordi vi ser at andre ler. Latter ser ut til å smitte! Kjenner du historia om tvillingane som låg i senga si og lo og lo? Dei skulle bade før leggjetid, men mora hadde bada den same tvillingen to gonger. Kanskje lo mora også? For det er nokså vanleg å le når vi har dumma oss ut. Latteren får det dumme til å verke mindre alvorleg. Men vi kan også le for å dumme ut andre. Ein vond latter kan ein vel kalle det. Mange ler når dei blir redde. Og her finn vi sjølve grunnlaget for latteren. Dei som har forska på latter, trur at latteren blei til for uendeleg lang tid sidan. Den tid menneska levde i små flokkar, var det viktig å

8


kunne sende ut signal om at dei sjølve ikkje var farlege. Ved å le når dei sjølve kjende seg truga, kunne dei melde frå at ingen trong å gå til angrep på dei, for dei var redde sjølve. Latteren var godt eigna til å sende slike signal, for den kunne både høyrast og sjåast. Når vi snakkar om latter no til dags, tenkjer vi helst på den latteren som kjem når vi er glade og i godt humør. Den er det trass alt mest av. Å sprute ut i latter saman med venner når vi ser eller høyrer noko morosamt, er herleg!


Kva er så morosamt at vi må le? Vi ler når nokon kiler oss. Mest kilne er vi på magen, under haka eller under armane. Men kvifor ler vi ikkje når vi kiler oss sjølve? Vi må bli overraska for å le, og det er det vanskeleg å bli når ein kiler seg sjølv. Ei overrasking må altså til om vi skal synast at noko er morosamt. Vi kan seie det så enkelt at den som ler, opplever noko uventa, noko som er heilt annleis enn det han eller ho hadde tenkt på førehand. Du har høyrt vitsen om jenta som sat og lo heilt aleine? – Kvifor sit du og ler? spurde dei andre. – Eg sit og fortel vitsar til meg sjølv, og nett no fortalde eg ein som eg ikkje hadde høyrt før, svarte jenta. Ei hending som tar ei uventa vending gir oss fort lyst til å le. Men vi ler også om nokon forsnakkar seg, blandar saman uttrykk eller bakar snakkvendt.

10


11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.