Glimesteinar frå islandsk visetradisjon

Page 1


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 1


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 3

GLIMESTEINAR frå islandsk visetradisjon Atterdikting ved Johannes Gjerdåker

Samlaget Oslo 


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 4


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 5

 

Johannes Gjerdåker: Føreord

                 

Kjærleik Tunglynde Etikk Livsvisdom Sol og måne Hav og sigling Hest Gud og tru Årstidene Natt og dag Tid og lagnad Born og ungdom Manndom Alderdom Minne Vonbrot og svik Von Diktekunsten

 

Bergsveinn Birgisson: Eit lite etterstev Siterte utgåver


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 6


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 7

 Den islandske viseforma ferskeytla har vore dyrka på Island frå -talet til i dag. Forma har vore, og er, så venesæl og velkjend at dei aller fleste islendingar kan ei rekkje slike viser utanboks, og mange kan òg forma nye. For å vera i stand til det må ein ha brageyra, det vil seia at ein må høyra kva som er rett og gale versemål, at studlasetninga er i samsvar med reglane, og at enderima kling slik dei skal. Ferskeytla er eit frittståande einskilddikt som har mykje til sams med det norske gamlestevet, like eins med romersk epigramdikting og med persiske ruba’iyat, som Omar Khayyam dikta i og Edward Fitzgerald  år etter Omar gjorde verdskjend då han i -åra førde Khayyams persiske vers over til engelsk. Det er kanskje ikkje tilfeldig at det finst fire atterdiktingar av Omars Ruba’iyat på islandsk, fyrst av Einar Benediktsson, sidan Skuggi (Eggert Jochumsson) og Magnús Ásgeirsson og til slutt Helgi Hálfdanarson. Dei norske gamlesteva hadde frå fyrst av studlar og hovudstav, slik som dei islandske visene har, men dette diktelementet må i norsk, som i svensk og dansk dikting, ha gått tapt og falle ut av bruk i tida frå  til . Kan henda fylgde dette med store omleggjingar i lydverk og i grammatisk system i dei skandinaviske språka på denne tida. Samtidig kom så store mengder av tyske og nederlandske ord og ordlag inn i skandinavisk daglegtale, snart òg i skriftspråket, 


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 8

at sambandet med skriftspråket frå tidlegare hundreår vart brote. Som me veit, makta islendingane å halda sitt skriftspråk i hevd gjennom tida – òg. Det er meir enn eitt moment som er med og forklårar dette, ikkje minst at ålmenn lesedugleik var større på Island enn i Skandinavia og i Europa elles. Saman med lesedugleik høyrer interesse og sans for dikting, og då òg hug og vilje til å dikta sjølv. Diktekunst var ikkje i noko hundreår på Island ein idrott som var avgrensa til berre eit oversjikt i nasjonen. Biletspråket og klangverknaden som skaldar hadde dyrka fram gjennom skiftande tider, var skapt og kunne takast i bruk av kvinner og menn frå alle delar av folket. Jamvel i år  er tilveksten av nye viser stor. Det vert tilskipa tevlingar i visedikting etter visse reglar. Visedikting har stundom vore fast programpost i radio. Ein idrott som mange har vore med på, er å botna, d.e. å dikta den andre visehalvparten når ein annan har dikta fyrste halvparten. Eit kjent døme på dette har me frå livssoga til Hjálmar Jónsson frá Bólu (–). Då Hjálmar var berre ein gutunge, var han i båt saman med ein vaksen mann. Hjálmar kasta då fram denne visehalvparten: Eitthvað heggur kaldan kjöl, kippir leið af stafni. Eitkvart høgg mot kalde kjøl, kipper under tilje.


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 9

Mannen han var saman med, botna då: Okkar litla ferjufjöl flýtur í Drottins nafni. Hugs, vår vesle ferjefjøl flyt med Herrens vilje. Dei aller fleste visene som er med i dette utvalet, er forma med to enderim-par: . line og . line rimar, såleis òg . og . line. Det finst mange variantar i rimslyngjinga. Til dømes finst denne visa etter Sveinbjörn Beinteinsson: Dagar köldu djúpi frá draga tjöldin rauð og blá; fagurt kvöld med blik á brá bragaspjöldin ritar á. Her ser me at fyrste staving i dei fire linene rimar, like eins andre staving i dei fire linene, og såleis òg den siste stavinga i dei fire linene. Studlasetninga: dagar – djúpi – draga og blik – brá – braga. Det finst mange andre krevjande mønster for firelinersvers. Eit eineståande versemål er sléttubönd. Ei vise i denne forma kan lesast og kvedast frå båe endar. Det mest velgjetne dømet på dikt i sléttubönd gav Einar Benediktsson med Ólafs ríma Grænlendings, ei stor ríma som frå ende til annan er dikta i dette versemålet. Eit av dei siste versa lyder slik: 


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 10

Falla tímans voldug verk, varla falleg baga. Snjalla ríman stuðlasterk stendur alla daga. Blant dei skaldane som er med i denne boka, er sume klassikarar. Dei har med gode grunnar vore velkjende, og lesne utanboks gjennom lange skiftande tider. Men her er òg med mange som ikkje er nemnde i litteraturhistoriske verk eller i oppslagsbøker. Eg vil gjerne nemna at desse mindre kjende skaldane har dikta ferskeytlur på høgd med dei som høgsæteskaldane dikta, og her er viktig å nemna at mange av dei beste visene i denne samlinga er laga av kvinner. Det er her ikkje tale om større former som sonettar, kantater millom andre former, men om det enklaste og minste firelinersverset: stevet, epigrammet. Liknande røynsler er gjorde i mange land innom musikk, stevdikting og forteljekunst i segner og eventyr. Voss, januar  Johannes Gjerdåker


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 11

 Laksen mot stride straumen renn og sting mot harde grjote’; ilt er å leggja elsk til den som inkje vil gje i mote. (Gamal vise, anonym)

No eg held i neven din – nei, kor han er voren! Inga hand eg heller finn i heile Borgarfjorden! (Hallgrímur Pétursson)

Visst du såg mangt vondt som finst, men vit til siste kvelden: I kvar mann gløder gåva inst, ein gneist av kjærleikselden. (Ósk Skarphéðinsdóttir)




Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 12

Eg ville helst eg fekk vera strå og visna i lestane dine, for du vil trø lint og lettast på leide brestane mine. (Páll Ólafsson)

Som ein flyktning fer eg og flyr frå sjølve meg, og utlending, det er eg allstad, utan hjå deg. (Páll Ólafsson)

Auga mitt og auga ditt, å, dei fagre steinar! Mitt er ditt, og ditt er mitt, du veit kva eg meinar! Deg i sorg eg saknar stødt med såra utan gro’e – Å, om eg hadde deg aldri møtt, elskade venen min, go’e! Fredlaus var eg alle år, utan trøyst i harmen, just som om eit ope sår alltid sveid i barmen. (Rósa Guðmundsdóttir (Vatnsenda-Rósa)) 


Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 13

Kjærleikslaus er voni veik, visna, utruverdig, liksom osp av elde bleik, alt til kveiksle ferdig. (Sigurður Guðmundsson á Heiði)

Om eg òg fór på villan veg, var du meg nær ved sida; der som du er, er også eg, endå eg flakkar vida. (Sveinbjörn Beinteinsson)

Stundi skein, så skildest me, skjemt me tala saman; i meg kvar den lem og led livna ved vårt gaman! (Sveinbjörn Egilsson)

Syng du om kjærleik, syng du om vår og sumarblomen, så me høyrer unders omen etter longe stilna ljomen. (Herdís Andrésdóttir)




Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 14

 Dim er natt og dauvleg jol, døkt er hjarta lite; svartalv ber i svarte hól sorg for alven kvite. Borte er hans blide ljos brått i myrkret store; kuldeblad og klakaros kliv i trongrømd ljore. Kom i draumen, kom du att, kom med ljos du hyser, så at dag i dimme natt drøymd av solglans lyser. Oss vil fylgja alveborn ut or frost som hindrar; oppe i tjørni attom Horn ynskesteinar tindrar.




Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 15

Gøymd i fred i fanget ditt finst ‘kje meir å sakna; berre eitt er ynsket mitt: aldri meir å vakna. (Ásta Sigurðardóttir frá Álfaríma)

Ofte når kvida kvassast sting, kviskrar meg eitkvart forsiktigt: Også dette er ingenting mot eitt som er meire viktigt. (Indriði Þórkelsson á Fjalli)

Gode deg, kvar dag er myrk og dim av kvida, eg ville, fekk eg råda, rida rett til gards på andre sida. (Páll Ólafsson)

Over klaka øydesand einsam eg stig på ferdi; no er kvorve Norderland, no er eg heimlaus i verdi. (Kristján Jónsson (Kristján Fjallaskáld))




Glimesteinar ferdig_Layout 1 28.06.17 13:05 Side 16

Ikkje rart om angers bårer evig bryt i mannsens slag; for av myrke mold og tårer mann vart skapt på opphavs dag. (Grímur Thomsen, Gresk vise)

