Frå Bontelabo til Ånuglo

Page 1

Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen, og har arbeidd særleg med sosiolingvistikk, dialelektologi og namnegransking. I 2008 gav han ut «Ord og uttrykk frå Hordaland».

ISBN 978-82-5217604-9

GUNNSTEIN AKSELBERG

Frå Alverstraumen, Knarvik, Myking i Nordhordland, Bekkjarvik, Huglo, Utbjoa i Sunnhordland, Aga, Hjeltnes, Veig i Hardanger, Bulken, Lønahorgi, Ygre på Voss, til Arna, Minde, Rundemanen og Skoltegrunnskaien i Bergen – her finn du tydinga, opphavet og historikken – til desse og hundretals andre namn på gardar, fabrikkar, åkrar, bruer, fjelltoppar, elvar, vatn, øyar, fjordarmar, gjel, gater, flyplassar og kommunar.

FRÅ BONTELABO TIL ÅNUGLO STADNAMN I HORDALAND

Mannen bak det populære programmet «Språkspalten» på NRK Hordaland er ute med ei ny folkeopplysande bok, denne gongen om stadnamn.

GUNNSTEIN AKSELBERG


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 3

Gunnstein Akselberg

Frå Bontelabo til Ånuglo Stadnamn i Hordaland

Samlaget Oslo


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 5

Innhaldsliste Føreord 9 Innleiing 12 Nordhordland 21 Alver, Alversund, Alverstraumen 21 Alvøen, Alvøyna 22 Askøy, Askøyna, Fenring 24 Austrheim 26 Bjørsvik, Bjørsvika 27 Bruvik, Brøknipa 29 Duesund 30 Eikanger, Eikangervågen 31 Eksingadalen, Ekse 33 Fedje 35 Fjell 36 Frekhaug 37 Herdla, Herdleværet 38 Holsnøy, Holsøya 40 Isdal, Isdalstø 42 Knarvik, Knarrvik(a) 43 Lindås 45 Litlebergen 46 Luro, Lygra 47 Manger 48

Mastrevikane 49 Masfjorden, Matre 50 Meland 52 Mjøs 54 Modalen 55 Mongstad 56 Myking 58 Njøta 59 Osterøy 59 Radøy 61 Romarheim, Romarheimsdalen 61 Seim 62 Sotra 64 Sund 66 Sæbø 67 Telavåg, Telavågen, Telle 68 Toska 69 Vaksdal 70 Valestrand, Valestrandsfossen 71 Ådland, Ådlandsvik 73 Sunnhordland 75 Austevoll 75 Bekkjarvik 76

5


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 6

Bømlo 77 Etne 78 Fitjar 80 Fjæra 80 Førde 81 Gjermundshamn 82 Huftarøy, Hufto, Hufthamar 84 Huglo 85 Kvinnherad 86 Leirvik 88 Løfall, Løfallstranda 89 Melderskin 90 Moster 92 Onarheim 93 Os 94 Reksteren 95 Rosendal 96 Rubbestad, Rubbestadneset 98 Sagvåg, Sagvågen 99 Siggja(r)vågen, Siggjo 100 Skånevik 101 Stord 103 Sveio 104 Tysnes, Tysnesøy 105 Uggdal, Uggdalseidet 107 Uskedalen 108 Utbjoa, Innbjoa, Bjoa 109 Valen, Valestrand, Valevåg 111 Våge 113 Ølve 113 Åkra 114

6

Åmvik, Åmvikedalen 115 Ånuglo 117 Hardanger 119 Aga 119 Brimnes 121 Bruravik, Bruraviki 122 Bu 125 Dyranut, Dyranutane 126 Eidfjord 128 Finse 129 Folgefonna 131 Folkedal 133 Fyksesund 135 Granvin 136 Hallingskeid 139 Hardanger 141 Hesthamar 144 Hjeltnes 145 Hjølmadalen 146 Hårteigen 148 Jondal 150 Kinsarvik 151 Kinso 154 Kvam 155 Kvanndal 156 Lofthus 158 Måbødalen 160 Norheimsund 162 Nå 163 Odda 164 Osa 166 Røldal 168 Samlafjorden 169


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 7

Tyssedal, Tyssedalen 171 Tørvik, Tørvikbygd 174 Ullensvang 175 Ulvik 178 Utne 179 Vallavik 180 Varaldsøy 181 Vassfjøro 183 Veig 186 Vikøy 187 Vøringsfossen 188 Øystese 189 Ålvik 191 Voss 193 Bavallen 193 Bolstad 195 Bordalen 196 Borstrondi 198 Bulken 199 Bømoen 201 Dyrvedalen 203 Evanger 205 Finne 207 Gjøstein 209 Grauo 214 Gråsida 216 Gullfjordungen 217 Hamlagrø 220 Hangur 222 Holbygdi 223 Kvitanosi 224 Lønahorgi 226 Melsvatnet 227

Myrkdalen, Mørkve 228 Mølster 233 Oppheim 234 Raundalen 236 Reimegrend 238 Sivle 240 Skulestadmoen, Skulestad 242 Sonvesåsen, Sonve 245 Stalheim 247 Styveshorgi 249 Tjukkabygdi 250 Tvildemoen, Tvildesåsen, Tvilde 252 Vangen, Vossavangen 253 Vassenden 256 Vassvøri, Vassveri 257 Vestbygdi 260 Vinjo 261 Voss 264 Vossastrandi, Strondi 268 Vosso 269 Vådalen 270 Ygre 272 Bergen 274 Arna 274 Bergen 275 Bergenhus 280 Blåmanen 281 Bontelabo 283 Bryggen 286 Damsgård 288 Danmarks plass 290

7


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 8

Dreggen 292 Fana 293 Fjellveien 294 Fjøsanger 295 Flesland 298 Florida 300 Fløen 302 Fløyen, Fløyfjellet 303 Fyllingsdalen 304 Haukeland 306 Kalfaret 308 Kronstad 311 Laksevåg 313 Landås 315 Loddefjord, Lyderhorn 316 Lungegården 319 Store og Lille Lungegårdsvannet 319 Små-, Lille- og Storelungeren 319 Løvstakken, Lauvstakken 321 Marken 323 Milde 324 Minde 325 Mjølkeråen 326 Mulen 327 Møhlenpris 329 Nattland 331

Nesttun, Midttun, Øvsttun 332 Nordnes 335 Nøstet 337 Paradis 338 Puddefjorden 339 Rotthaugen 342 Rundemanen 343 Salhus 344 Skansen 345 Skolten, Skoltegrunnen, Skoltegrunnskaien 346 Skuteviken 347 Starefossen 349 Stend 350 Straume 351 Sverresborg 352 Sydnes, Sydneshaugen 353 Torgallmenningen 356 Ulriken 358 Vetrlidsallmenningen 360 Vågen 363 Årstad 364 Åsane 367 Litteratur 368 Stadnamnregister 372 Namneregister 378


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 9

Føreord Namn har stor allmenn interesse, både stadnamn og personnamn. Grunnen er nok at namn fortel noko om oss. Dei fortel om kven vi er og kvar vi er, om historie og samtid, om natur og kultur, om abstrakte og konkrete tilhøve, om verdiar og normer, om haldningar og opplevingar, om tid og stad, og om språk og identitet. Namn karakteriserer, identifiserer, signaliserer, kommuniserer og orienterer. Denne boka handlar om stadnamn. Ho handlar om eit utval stadnamn i Hordaland. Namna representerer dei fem regionane Nordhordland, Sunnhordland, Hardanger, Voss og Bergen. Boka er disponert etter desse fem regionane og i denne rekkjefølgja. Namna representerer dei fem regionane ved å namngje forskjellige lokalitetar som by og bygd, fjell og fjord, elvar og vatn, øyar og fastland, naturobjekt og kulturelle objekt, arbeid og fritid, og plante- og dyreliv. På denne måten gjev boka samstundes eit samansett bilete av det vidfemnande fylket Hordaland. Målet er å setja namna inn i ein større språkleg og kulturell samanheng enn berre stutt å nemna kva eit namn eller dei einskilde namnelekkane som eit namn er sett 9


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 10

saman av, kan tyda. Difor er det med ein del opplysningar i denne boka som ikkje alltid vert tekne med i allmenne namnebøker. Namna går inn på lokale, nasjonale og internasjonale samanhengar. Slike samanhengar er viktige å peika på. På denne måten vert namn sentrale bindelekkar mellom den heimlege verda og den større verda utanfor. Ei lita bok som denne kan berre ha med nokre få namn når målet er å setja namna inn i ein meir omfattande språkleg og kulturell samanheng, og likevel vert plassen for liten for mange einskildnamn. Namnepresentasjonar vil alltid måtta balansera mellom dei knappe og dei meir omfattande framstillingane. Eg vonar at balansegangen her har vore til det beste for lesarane. Eit godt mål på den allmenne namneinteressa er programposten Språkspalten. Snakk med oss som no går kvar torsdag på 15. året i NRK Hordaland. Til denne spalta kjem det stendig spørsmål om namn, særleg lokale stadnamn. Denne boka er inspirert av denne programposten der eg har samarbeidd med den erfarne NRK-journalisten Kjell Jensen i vel 14 år. Då Jensen vart pensjonert våren 2010, var det fleire yngre programleiarar som tok over. Desse yngre programleiarane har i hovudsak vore Espen Hatlestad, Mariann Reikerås, Lene Granli, Helena Rønning og no frå hausten 2011 også Thomas Anthun Nielsen. Takk til alle desse for inspirasjon, interesse og engasjement! 10


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 11

Takk til lokalhistorikar, forfattar og forlagsredaktør Jo Gjerstad som eg har diskutert fleire av namna frå Bergen med. Takk til førstekonsulent Kjell Erik Steinbru som har kontrollert at namneformene i boka er i samsvar med dei offisielle namneformene, til førstekonsulent Jarle Halveg som har lese gjennom manuset, og til professor emeritus Oddvar Nes som har kome med gode faglege råd og kommentarar. Bergen 19. september 2011 Gunnstein Akselberg


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 12

Innleiing Dette er ei bok om stadnamn i Hordaland. Boka gjev den allment interesserte lesaren kunnskap om kva eit utval av namn i fylket tyder. Hovudmålet er å greia ut om namnetydingar, men for å kunna tyda namn treng ein opplysningar mellom anna om språklege, topografiske, kulturelle, historiske, botaniske, næringsmessige og fleire andre rammevilkår. Difor vert det gjort greie for slike rammetilhøve som er relevante for kvart einskilt namn. A. Presentasjonen og tolkinga av namna Kvar namneartikkel er bygd opp etter ein felles mal, men med større eller mindre individuelle variasjonar. Hovudstrukturen i namneartiklane er slik: • Normert offisiell skriftform: Namna vert først presenterte i ei normert offisiell skriftform. I praksis dreier det seg om namneformer som finst i Sentralt stadnamnregister (SSR). Det inneber at namna er godkjende til bruk i offentleg samanheng eller at skrivemåten er fastsett etter at det har vore gjennomført namnesak med grunnlag i Lov om stadnamn. • Namnetype: Så blir det opplyst om kva for hovud12


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 13

type av namn som er aktuell, t.d. om det er gardsnamn, tettstadnamn, bygdenamn, kommunenamn eller områdenamn. Oftast er det slik at t.d. eit opphavleg gardsnamn er bakgrunnen for – eller opphavet til – eit bygdenamn, eit tettstadnamn, eit kommunenamn og eit områdenamn. Det er ikkje uvanleg at einskilde namn får geografiske utvidingar etter som tida går. Bynamnet og kommunenamnet Bergen t.d. er truleg opphavleg eit gardsnamn, som igjen kan byggja på eit naturnamn (sjå under namnet Bergen). Sjølv om eit gardsnamn er opphavleg (primært) i høve til andre namn, kan det henda at også dette gardsnamnet kan vera laga (er sekundært) til eit anna og opphavleg naturnamn. Ofte viser det seg at eit gamalt gardsnamn kan innehalda eit endå eldre elvenamn, eit endå eldre øynamn eller eit endå eldre fjordnamn. • Karakteristiske trekk ved lokaliteten: Dinest vert det opplyst om karakteristiske trekk ved lokaliteten eller staden av topografisk, kulturell, historisk eller materiell art. • Eldre namneformer: Eldre namneformer vert tekne med om slike finst. Som regel vert dei eldste skriftformene nemnde, og dessutan former som er karakteristiske eller spesielle med tanke på namnetyding. • Normert norrøn form: I dei tilfella det er mogleg å oppgje slike, vert det tatt med normerte norrøne former. • Tradisjonell uttale: Det vert også gjeve opplysning om tradisjonell uttaleform dersom det er interessant for 13


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 14

tolkinga. Dei tradisjonelle uttaleformene er skrivne i ei svært grov lydskrift. • Namnelekkar: Det vert opplyst om kva for namnelekkar eit namn er sett saman av, med vekt på kva som er hovudlekk og kva som er utmerkingslekk. Hovudlekken og utmerkingslekken vert så knytt til kva for lokalitet eller tilhøve som utgjer bakgrunnen for desse namnelekkane. • Namnetyding: Kvar av namnelekkane vert tolka på grunnlag av dei opplysningane som ligg føre. Ofte kan tolkinga vera nokså grei. Andre gonger er det uklart kva som kan vera tydinga både til til dei einskilde namnelekkane og til heile namnet. Då blir det ofte presentert ulike tolkingsframlegg. Andre gonger kan det vera uråd å ha noka meining om tydinga til eit namn. • Språkhistorisk bakgrunn (etymologi): Til slutt vert namnelekkane sette inn i ein språkhistorisk samanheng ved å visa til korleis tilsvarande nemningar finst i andre nordiske og germanske språk, og kva som er det språkhistoriske innhaldet (etymologien) i namnelekkane. • Interne referansar: Nokre namnelekkar går att i fleire av namna som vert omhandla i boka. I slike tilfelle vert namnelekken presentert og tolka berre i tilknyting til det éine av desse namna, og så vert det vist til dette oppslaget når same namnelekken dukkar opp i samband med andre namn. Dette er gjort for å hindra oppattaking av same informasjonen fleire stader. Til dømes vert namnelekken sund presentert under namnet Sund (Nordhord14


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 15

land), og så vert det vist til namnet Sund (Nordhordland) når namn som t.d. Fyksesund (Hardanger) og Norheimsund (Hardanger) vert omtala. Dette er hovudmalen, og han blir følgd i hovudsak for dei fleste namna, men med mindre variasjonar, og i nokre einskildtilfelle større variasjonar. B. Fem geografiske regionar Boka er delt i fem geografiske bolkar etter dei regionane som ein ofte, formelt eller uformelt, deler Hordaland fylke inn i: Nordhordland, Sunnhordland, Hardanger, Voss og Bergen. Desse regionane er som regel lette å skilja frå kvarandre geografisk, men det vil sjølvsagt vera grenseområde som kan vera vanskelege å plassera i rett region, som t.d. mellom Sunnhordland og Hardanger, og mellom Voss og Nordhordland. Regionsnamnet Midthordland vert ikkje nytta som term eller som region i denne boka. Dét kan føra til at namn som einskilde lesarar kanskje måtte oppleva å vera knytte til ein region Midthordland, difor kan vera å finna i regionane Sunnhordland eller Nordhordland. C. Namneutvalet Dei namna som er valde ut for kvar region, er tenkt å skulle kunna representera noko som er karakteristisk for 15


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 16

området – og som publikum kjenner er særleg knytte til regionane. I ei slik bok må det gjerast eit utval, og dét valet er til sjuande og sist subjektivt – sjølv om det byggjer på overordna utvalsprinsipp. Det vil difor alltid vera andre namn som burde ha vore med i eit utval. Slik vil det alltid vera, same kor stort utvalet måtte vera. Eg har freista å ta med om lag like mange namn frå kvar region, men litt variasjon har det blitt. Det er til saman 213 namneoppslag i boka. I desse oppslaga får eitt eller fleire namn særomtale. Frå Nordhordland er det tatt med 40 namneoppslag, frå Sunnhordland 35 oppslag, frå Hardanger 43 oppslag, frå Voss 41 oppslag og frå Bergen 54 namneoppslag. Dessutan vert også fleire andre namn nemnde i boka av di dei er av same type, av di dei vert nytta som samanlikningsgrunnlag, eller på grunn av at dei ligg i det geografiske næromådet. D. Presentasjonssamanhengen I staden for å nemna svært kortfatta kva eit namn eller namnelekkar tyder eller kjem av – slik vi ofte får presentert i mange oversiktsbøker, i oppslagsverk og i namnelister – vert det her lagt vekt på å presentera namna og namnelekkane i ein noko større språkleg og kulturell samanheng. Ei slik bok vil naturleg nok få eit noko leksikalsk preg t.d. ved at dei einskilde namneartiklane i hovudtrekk har 16


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 17

nokolunde same oppsettet og disposisjonen. Dette kjem òg fram ved at ein del formuleringar nødvendigvis vil gå igjen i namnepresentasjonane. Den språklege stilen kan sikkert til tider også verta noko stereotyp. Slikt er i stor grad prega av den sjangeren boka er skriven i. Likevel bryt eg fleire gonger med dette, særleg i presentasjonen av den kulturelle ramma – både i byrjinga av artikkelen og inne i teksten. E. Presentasjonen Eg har freista ikkje å nytta for mange faguttrykk eller såkalla framandord. Det fører til at eg stundom nyttar allmennuttrykk der det høver, som t.d ‘nemning’ for ‘appellativ’. Andre gonger set eg framandordet i parentes, som t.d (‘assimilasjon’) for ‘likegjering’. F. Jamføringar Sjølv om eit stadnamn er eineståande og unikt ved at det namngjev ein særleg lokalitet, er stadnamn i dei aller fleste tilfella knytte til andre namn på den måten av dei er identiske med andre namn, ved at dei er sette saman med ein eller fleire liknande namnelekkar, eller ved at lokalitetane har eitt eller fleire fellestrekk. Andre gonger kan to eller fleire forskjellige namn ha felles historisk bakgrunn, eller kjeldetilhøva kan ha fellestrekk. Dette kan vera namn innom det same geografiske området, innom 17


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 18

ein heilt annan del av landet, eller i utlandet for den del. Difor vil det svært ofte vera både nyttig og viktig å jamføra eit namn med andre namn i arbeidet med namnetolking. G. Omfanget på presentasjonane Einskilde artiklar er noko lengre enn andre, elles har dei fleste artiklane – med mindre variasjonar – i hovudsak nokolunde den same lengda. Det er særleg namn som kan vera litt meir kompliserte å tolka enn andre namn, eller namn med mange tolkingsalternativ, som gjer at teksten for nokre namn kan bli litt lengre. H. Natur- og kulturnamn Vanlegvis reknar vi med to hovudtypar av stadnamn, såkalla naturnamn og dei vi kallar kulturnamn. Naturnamn er namn på naturlokalitetar som til dømes fjell, haugar, dalar, berg, steinar, skogar, myrar, bekkar, elvar, fjordar, øyar, vatn og tjørnar. Naturnamn er altså namn på ‘naturlege’ stader som ikkje er skapte av menneske. Kulturnamn er derimot namn på lokalitetar eller objekt som menneske har skapt. Slike er til dømes namn på gardar, vegar, bruer, hus, gjerde, åkrar, marker, parkar, hagar, byar, bygder, fabrikkar og flyplassar.

18


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 19

I. Primære og sekundære namn Stundom er kulturnamna opphavlege, eller primære, kulturnamn, som t.d. Bryggen, Nøstet, Nesttun, Internett, Google, Noko nytt? (klesbutikk på Geilo), Sveis/Sveisen (frisør mange stader) og Kvarteret (studenthus i Bergen). Men ofte er kulturnamn sekundære i høve til naturnamn, som t.d. Odda, Voss, Førde, Laksevåg, Ulvik, Nordnes og Sydneshaugen. Alle desse namna er opphavlege naturnamn som seinare er blitt namn på kulturlokalitetar. Eit gardsnamn kan såleis vera primært i høve til andre namn som t.d. eit tettstadnamn, eit kommunenamn eller eit bygdenamn. Men det same namnet, som kulturnamn, kan vera sekundært i høve til eit naturnamn, som t.d. Fjell, Sund, Matre og Vikøy.

J. Namnesamansetjing Namn kan vera sette saman – eller komponerte, som vi ofte seier – på litt ulike måtar. Dei fleste namna er sette saman av to namnelekkar. Desse kallar vi hovudlekk og utmerkingslekk. Ein hovudlekk er den namnelekken som fortel kva for lokalitet vi har med å gjera. Slike lekkar er oftast substantivnemningar som t.d. bakke, bygd, dal, fjord, haug, hus, fjell, nes, stein, strand, vik og øy. Hovudlekken fortel altså om kva for kategori eller type av lokalitet eller stad det er 19


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 20

snakk om. Denne hovudlekken vil i dei aller fleste tilfella vera den siste lekken i eit namn. Utmerkingslekken er den namnelekken som karakteriserer eller gjev opplysning, av ulik art, om lokaliteten utover den informasjonen som hovudlekken gjev. Slik informasjon kan vera t.d. farge (kvit), storleik (tjukk), retning (aust), geografisk plassering (opp, midt), alder (gamle, nye) og dyreliv (ulv, hare). K. Kjeldegrunnlaget Eg byggjer på mange forskjellige kjelder når eg presenterer dei einskilde namna, men det vert ikkje ført referansar i teksten. I litteraturlista bak i boka vert den viktigaste litteraturen som eg har nytta, sett opp. L. Bakgrunnen for boka Denne boka har bakgrunn i språkprogrammet Språkspalten. Snakk med oss som eg har hatt på NRK Hordaland i snart 15 år. I dette programmet vert det tatt opp alle slags språklege spørsmål og problemstillingar, men emne som namn og namnetydingar, og dessutan emne som dialektar og dialektord, har vore gjennomgåande tema. Dette er også bakgrunnen for at eg i 2008 gav ut boka Ord og uttrykk frå Hordaland.


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 21

NORDHORDLAND Alver, Alversund og Alverstraumen Alversund er namn på gard og tettstad i Lindås (sjå det) kommune. Tidlegare, fram til 1964, var det også kommunenamn. Tettstaden ligg ved utlaupet av Alverstraumen. Namnet Alversund er laga til gardsnamnet Alver, som ligg like ved Alverstraumen. Namnet Alversund er sett saman av hovudlekken sund og utmerkingslekken Alver. Alversund er opphavleg eit naturnamn. Hovudlekken sund, norrønt sund, ‘trongt farvatn eller innsigling’ og ‘trong passasje’, viser til det tronge sundet som går inn frå Kvernafjorden og opp i Radfjorden, mellom Radøy og Lindåshalvøya. Her er trongt og smalt fjordlaup. Om nemninga sund elles, sjå under namnet Sund (Nordhordland). Utmerkingslekken i namnet Alversund, gardsnamnet Alver, er heimla skriftleg første gongen i 1329 i namneforma i Aalvidru og seinare som i Aluidru ca. 1360, Alwidhra i 1463 og af Aluidro i 1490. Tradisjonell uttale er /ålvår/ og /ølvør/. Normert norrøn form er Alviðra. 21


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 22

Namneforma Alver er såleis ei samantrekking av den opphavlege forma Alviðra. Eit opphavleg gardsnamn Alviðra er laga til ei norrrøn nemning *alviðra. Denne nemninga er sett saman av hovudlekken viðra, som tyder ‘blåsa’, og utmerkingslekken som er ei førestaving (prefiks) al- som tyder ‘heilt, fullt’. I islandsk finst ei nemning alviðra med tydinga ‘mildt vêr frå alle kantar’. Det finst òg ein gard på Island som heiter Alviðra. Ytst i Sognefjorden finn vi dessutan gardsnamnet Alvera, som har den same språklege bakgrunnen. Namnet Alver kan såleis tyda ‘stad der vêret står på frå alle kantar’ og ‘stad der det blæs frå alle kantar’. Hovudlekken straum i namnet Alverstraumen er nemninga straum, norrønt straumr ‘straum, sterk og jamn rørsle i væske, vatn, sjø’. Namnelekken viser til dei sterke straumtilhøva i Alversundet. Nemninga straum, norrønt straumr, har i svensk forma ström og i dansk strøm, i gamalengelsk strēam, i engelsk stream, i gamalfrisisk strām, i gamallågtysk strōm, i nederlandsk stroom, i gamalhøgtysk stroum, strōm, strūm og i nyhøgtysk Strom. Den fellesgermanske forma er *strauma- ‘straum’, til indoeuropeisk *sroumo- som er avleidd av *srou-, *sreu- ‘strøyma, flyta’. Alvøen og Alvøyna Alvøen er namn på ei lita bygd, opphavleg ein gard, i Laksevåg i Bergen. Bygda ligg på eit nes i sjøen attmed Alvø22


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 23

pollen. Alvøyna er namn på øy i Øygarden kommune, der Sture-terminalen for utskiping av råolje ligg på Stura, og dessutan namn på ubygd øy i Sund kommune, rett vest for Flesland lufthamn. På Alvøy finst den gamle industristaden Alvøen, som er ein av dei eldste og best bevarte industristadene i Noreg. Her finst vel 40 små velhaldne arbeidarhus frå 1800-talet og Alvøen hovudbygning frå 1797 som er bygd i empirestil med rokokkoinnslag, med tilhøyrande hageanlegg og lysthus. Her fanst Alvøen Papirfabrikk frå 1797 til 1981, som m.a. produserte kvalitetspapir til t.d. dokument, traktatar og setelpapir til Noregs Bank. Gardsnamnet Alvøy er heimla skriftleg i formene Aluen og Alffuenn frå ca 1520 og Alueøenn frå 1563. Normert norrøn form er *Alføy. Tradisjonell uttale er /alvøyno/. Namna Alvøen og Alvøyna er sette saman av hovudlekken øy og utmerkingslekken Alv. Hovudlekken øy, norrønt øy, har dei to hovudtydingane ‘øy, omfløytt land, kringfløytt land’ og ‘engslette ved vatn; flatt, frodig og fuktig lende ved vatn’. Då det her er nes og ikkje øy, høver ikkje den første tydinga. Derimot kan den andre tydinga høva på delar av området her. Om nemninga øy elles, sjå under namnet Varaldsøy (Hardanger). Utmerkingslekken Alv i namnet Alvøy er truleg ei norrøn nemning *alfr, som tyder ‘aur, grus, grusgrunn’. Denne namnelekken finst også i gardsnamnet Alvheim i 23


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 24

Øygarden og i gardsnamnet Alve i Arendal. Nemninga alf i tydinga ‘grus’ finst i svensk.

Askøy, Askøyna og Fenring Askøy er namn på ein kommune nordvest for Bergen, medan Askøyna er namn på den største øya i denne kommunen. Tradisjonell uttale av øynamnet er /askøyno/ og /askøynè/. Kommunenamnet Askøy er laga til øynamnet Askøyna. Sentrum i Askøy kommune er tettstaden Kleppestø (sjå det) heilt sør på øya, som har hurtigbåtsamband med Bergen. Hengjebrua Askøybrua, som vart opna i 1992, gjorde Askøy landfast med Bergenshalvøya. Sørlege delar av Askøy har vorte ein forstad eller soveby til Bergen. Svært mange som bur her, har arbeidet sitt i Bergensområdet, og mange ‘bergensarar’ har flytta til Askøy for å kjøpa eller byggja seg hus. Askøy-dialekten er difor under sterkt press frå bergensmålet over store delar av øya. Øynamnet Askøy er laga til gardsnamnet Ask som førstelekk, som er namnet på ein gard som ligg på austsida av øya ved Byfjorden som går inn til Bergen, mest rett overfor Mjølkeråen (sjå det) i Åsane (sjå det). Samansetjinga Askøy er nok ei nyare namnelaging. Gardsnamnet Ask er heimla første gongen som a Aske ca. 1360. Elles er namnet skrive a Aski i mellomalderen. Normert norrøn form er Askr. Formene Aske og Aski frå mellomalderen er dativformer. 24


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 25

Namnet Ask er usamansett og laga til nemninga ask, norrønt askr ‘ask, asketre’. Liknande namnelaging har vi òg i gardsnamnet Ask sør for Gjermundshamn (sjå det) i Kvinnherad (sjå det) kommune. Også tettstad- og kommunenamnet Asker, med den norrøne fleirtalsforma Askar, i Akershus, er laga til trenemninga ask, norrønt askr. Grunnen til ei slik namngjeving må vera vegetasjonen på staden då namnet vart gjeve. Såleis har nok namnet vore eit naturnamn før det vart overført til busetjinga, garden. Namnet Ask er truleg svært gamalt, som mange usamansette naturnamn er. Nemninga ask, norrønt askr, finst i svensk og dansk som ask, i gamalengelsk som æsc, i engelsk som ash, i gamallågtysk og gamalhøgtysk som ask, og i nyhøgtysk som Esche. Germansk form er *askiz- til indoeuropeisk *os-k- ‘ask’. Om nemninga øy, sjå under namnet Varaldsøy (Hardanger). I mellomalderen vart øya Askøyna kalla Fenring, t.d. fleire gonger på 1200-talet, i nominativsformer som Fenring, Fænring og Fehnring; i genitivsformer som til Fenhrings; og i dativformer som í Fenring og á Fenring. Normert norrøn form er Fenring. Namnet Fenring er truleg samansett av dei to namnelekkane hovudlekken ring og utmerkingslekken Fen. Hovudlekken er truleg laga til nemninga ring, norrønt hringr ‘ring, krins, krets’, og viser til forma på ein del 25


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 26

av øya. Denne nemninga finst i svensk og dansk som ring, i gamalengelsk som hring, i engelsk som ring, i gamalfrisisk, gamallågtysk og gamalhøgtysk som hring, i nederlandsk som ring og i nyhøgtysk som Ring. Fellesgermansk form er *hrengha- ‘ring’, til indoeuropeisk *krengh-, *skrengh- ‘bøya rundt’. Utmerkingslekken i øynamnet Fenring er truleg nemninga fen, norrønt fen ‘sump, myr’. Nemninga fen finst òg i svenske dialektar som fen, i gamalengelsk som fenn, i gamalfrisisk som fenne, i gamallågtysk som feni, i nederlandsk som veen, i gamalhøgtysk som fenna og fennī, og i mellomhøgtysk som venne. Germansk form er *fanja‘sump’. Ei tolking av namnet Fenring til nemningane ring ‘ring’ og fen ‘myr, våtmark, sump’ høver både språkleg og reelt. Vi skal likevel ikkje sjå bort frå at vi her kan ha med ei avleiing -ing å gjera, til eit *fenr- som er utolka i dag. Austrheim Austrheim er namn på gard, bygd og kommune nordvest i Hordaland fylke, som grensar til Sogn og Fjordane fylke i nord og til Fedje kommune i vest. Kommunen omfattar ei rekkje øyar ut mot Nordsjøen og nordvestspissen av Lindåshalvøya. Namnet Austrheim er heimla skriftleg første gongen i forma a Austreimi i 1329, ca. 1360 som Austrheim og 26


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 27

som Østrem ca. 1520. Normert norrøn form er Austr(h)eimr. Tradisjonell uttale er /austreim/. Namnet Austrheim er sett saman av hovudlekken heim og utmerkingslekken Austr. Hovudlekken heim, norrrønt heimr, tyder ‘bustad, gard’ og ‘einskildgard, heim’. Heim-namna utgjer ein av dei store gardsnamnklassane i Noreg. Sjå under namnet Oppheim (Voss). Utmerkingslekken Aust er adverbet aust, norrønt austr, ‘aust’, og fortel om i kva for himmelretning garden Austrheim ligg i høve til andre gardar, utan at vi i dag kan seia for visst kva for gard eller gardar dette måtte vera. Gardsnamnet Austrheim tyder rett og slett ‘austgarden’, ‘garden i aust’. Rimelegvis kan det tidlegare også ha vore ein gard *Vestrheim, ‘vestgarden’, her, og som no er borte. Adverbet aust, norrønt austr, finst i svensk som öst og i dansk som øst, i gamalengelsk som ēast, i engelsk som east, i gamallågtysk som ōstar, og i gamalhøgtysk som ōstar. Fellesgermansk form er *austa-, *austra- til indoeuropeisk *awstero- ‘austre, austleg’, som er komparativ til *āws-, *awes- ‘lysa som morgonrauden’ (jfr. nemninga aurora). Bjørsvik og Bjørsvika Bjørsvik er namn på gard og lita grend søraust i Lindås kommune, i ei vik i Osterfjorden. Bjørsvika er namnet på vika. 27


Frå Bontelabo_Layout 1 16.02.12 14.34 Side 28

Namnet Bjørsvik er heimla skriftleg som Biergaldzwigh ca. 1520, som Bierrisuigenn i 1563 og som Biørsvig i 1723. Normert norrøn form må truleg vera *Bj˛orgulfsvík. Tradisjonell uttale er /bjørsvikjène/. Namnet Bjørsvik er sett saman av hovudlekken vik og utmerkingslekken Bjørs. Hovudlekken vik, norrønt vík, ‘vik, lita bukt’, refererer til den vesle bukta som går inn mot nord i Osterfjorden. Om nemninga vik elles, sjå under namnet Skuteviken (Bergen). Utmerkingslekken i namnet, Bjør, er truleg mannsnamnet Bj˛orgulfr eller Bergulfr. Når personnamn vert nytta som namnelekkar i stadnamn, er det oftast av di vedkomande person har busett seg der, dyrka opp jorda der eller eigd staden ein gong. I andre tilfelle kan personnamn i stadnamn vera knytte til ei særleg hending eller ei segn. Personnamnet Bj˛orgulfr, Bjørgulv, er sett saman av den norrøne nemninga bj˛org, bjørg, ‘berging, hjelp’. Nemninga bjørg er førstelekk i fleire kvinne- og mannsnamn og etterlekk i kvinnenamn. Sistelekken i namnet Bjørgulv er nemninga ulv, norrønt ulfr, ‘ulv’, nytta som personnamn eller persontilnamn. Namnet Bjørgulv tyder såleis ‘reddande ulv’ eller ‘hjelpande ulv’. Den norrøne namneforma Bergulfr er laga på same måten som Bj˛orgulfr med nemninga ulv som hovudlekk. Nemninga berg som utmerkingslekk, har same språklege rot og tyding som bjørg, ‘berging, hjelp’. Såleis tyder også namnet Bergulv ‘reddande ulv’ eller ‘hjelpande ulv’. 28