__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 1

1


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 3

Gaute Sortland

Fotturar i Norge

Samlaget Oslo 2015


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 4


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 5

Og regnet vil falle og snøen vil dale over Fotturar i Norge


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 6


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 7

fotturar i norge har blitt ein gammal mann. Det er ikkje ofte han kjem seg ut nå lenger. Særleg om føremiddagane når vêret er klart, lengtar han til fjells. Han ser dei gamle nutane gjennom vindauga på sjukeheimen. Ikkje sjeldan er skylaget lågare enn fjella. Fotturar i Norge treng innimellom hjelp av ein maskin til å puste – eit sikkert teikn på at det går mot slutten. Han hugsar då han framleis budde heime og fann ut at han ikkje lenger orka å runke kvar kveld før han sovna. Då hadde han tenkt at det nærma seg slutten. Det er lenge sidan nå. Fotturar i Norge har ein son og to døtrer som kjem på besøk så ofte dei kan. Det må vere ei pine for dei å sjå han ligge slik. Men det er lite han kan gjere med det. Han døyr så raskt han berre maktar.

7


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 8

mine første fotturar i norge gjekk eg ikkje sjølv. Dei var det far sine føter som gjekk for meg. Eg var berre ein passasjer i ein okergul beremeis. Ein halvt formlaus luvekledd skapning som etter kvart sovna frå heile turen. Stega vogga meg i søvn, og hovudet hang og slang eller det låg framover, lent mot nakken til far. Denne søvnen er så tydeleg for meg. Det er som eg høyrer mor, brørne mine og ein eller annan onkel snakke i veg på stien framfor meg og bak meg. Midt mellom draum og ein fottur i Norge. Seinare har mine eigne føter måtta bere meg, og det har eg ikkje hatt noko imot. Eg har frivillig gått på Hardangervidda og i Etnefjella. Saman med kona mi har eg gått til Folgefonna (ho syntest det var for bratt og blei sur). Eg har gått fleire gonger i Jotunheimen og i Rondane. Då eg budde i Oslo, gjekk eg Nordmarka på kryss og tvers, og i oppveksten gjekk eg mykje i mine heimlege byheier og dreiv rundt i skogen bak huset som ei kvilelaus sjel. Ein gong gjekk eg ein fottur på Kreta. Det var varmt og passeleg krevjande. Det var for mykje turistar etter min smak, men utsikta då eg kom ned til havet, var verd heile turen. Eg blei overmodig og åt ein is før eg tok bussen tilbake til hotellet. Eg angra bittert, og måtte resten av dagen og store delar av natta halde meg på toalettet.

8


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 9

fotturar i norge vs. b.a.s.e.-hopp – Dette må vere totalt off the record, Åsgeir, elles får me aldri nokosinne hoppe igjen, nokon stad i heile fuckings verda. ‘Nuff said. Drit i å filme, sant? Fem minutt, så er eg i lufta. Ti minutt, så sprettar me ølen. Yess! Snakkast på jorda, buddy! Eg legg telefonen i brystlomma og festar hjelmen med eit klikk. Så set eg meg i lyngen. Nå går hjartet som eit helsikes stempel inni der. Det smell i kassen så det gjer vondt. Nå har eg puls! Får roe meg litt ned, samle tankane om dei rette tinga, før det er fire skritt ut mot spissen, trekke pusten djupt, ta sats med to trinn, skrike som ei kjerring og kaste meg ut i lufta. Må berre få tankane på plass. Fokusere på dei rette tinga. Eg ser jo nå at det er litt teit, dette, å hoppe utan godkjenning frå klubben, men eg meiner, det er så fucked up at du skal ha hoppa over 250 fallskjermhopp før du får klarsignal. Kva er meininga med eit slikt tal, liksom? Tatt rett ut av lufta. Det er september og fint turvêr, og det gjeld å bli sett av færrast mogleg. Helst berre Åsgeir, my best buddy i tjukt og tynt som sit nede i båten. Klar som eit egg. Og det kjem til å bli litt av ei historie, litt av ei oppleving. Og eg kjem til å bli høg som ein speed-tulling når eg landar, blir alltid det. Og me må berre fortast mogleg komme oss over fjorden til landstaden til Åsgeir, hoppe i bilen og dra inn til Stavanger og drikke, drikke, drikke. Få ut steamen. Eg kjem til å vere så fuckings on fire heile kvelden at dørvaktene vil prøve å kaste meg ut, men eg kjem til å seie: men det e‘kje narkotika, eg er 9


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 10

berre så fuckings on fire i dag, eg har hoppa frå fuckings Kjerag i dag, og eg er så pumpa på adrenalin at eg spinn, det er berre det, plis! gi meg ein sjanse, eg ska roe meg, ser du dei damene der borte, eg har sjans på hu eine der, tror eg, ser du? hu såg på meg, nai, det e’kje bara fordi eg bråge sånn, hu lige meg. Synst du eg er for gammal for hu? Meiner du at eg må stikke ein aen plass? Får eg ’kje komme inn igjen? Ja vel. Fuck deg, då, din abekatt! Lyngen er som ein madrass. Eg legg meg ned i han. Nå roar pulsen seg. Skyene heng lågt over meg, og det einaste som framleis bekymrar meg, er han fotturisten eg sprang forbi på vegen opp. Kva gjer han her, liksom? På ein vanleg arbeidsdag og alt. Går arbeidsledige på tur? Eg trudde dei stort sett såg på tv-seriar og surfa etter porno på nettet. Kjipt viss han kom opp og såg meg sette utfor. Han kunne melde meg til klubben, men det er ikkje noko å gjere med det nå. Får berre stå sin prøve. Får berre våge seg. Såg han meg, så såg han meg. Snigelen. Eg hadde tenkt at han var ein snigel, då eg sprang forbi. Han gjekk berre seint av garde i støvlar og med ein liten sekk på ryggen. Langt oppe i fjellsida over meg. Eg hadde ein stopp då eg la merke til han. Tok meg ein Red Bull. Kva var vitsen med å gå så seint, liksom? Sjå på utsikta på toppen? Og så gå ned igjen? Sveitte til ingen nytte? Eg bestemte meg for å dure forbi han i høg fart. Han helsa til og med då eg fór forbi. He, he! Kor flautt var ikkje det? Trudde han at han levde i nitten-pil-og-boge? Trur du oljefolka inne i 10


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 11

byen driv med sånt? Dei som skaper arbeidsplassar og pengar til landet. Dei som betyr noko! Nei, dei trener triathlon og syklar Birken og køyrer i ein helvetes fart opp til Sirdal for å stå på ski så snart det blir helg. Gå i gummistøvlar og helse på folk! Det held ikkje lenger. Eg tar fram mobilen. 11.59. Det er på tide å gjere seg klar. Sjekke vind og vêr og hoppe i det. Eller, eg kan berre gå ned igjen, slik Åsgeir helst vil eg skal? Nei. Åsgeir kan vere så kjerring innimellom. Han meinte det var ein dårleg periode av livet mitt å begynne med B.A.S.E-hopp igjen. Eg meinte det motsette. Han meinte eg kanskje ikkje gjorde dei beste vurderingane så kort tid etter eit samlivsbrot, eg meinte det motsette. Såg han ikkje at eg var skjerpa, klar, meir on fire enn på lenge! Eg trykker på mobilen igjen. 12.01. Ok. Inga melding frå Siri. Eg vurderer om eg skal sende ei. Nei, ho har fått meldingar nok. Eg reiser meg. Pulsen er ok. Eg ser på dei tynne tåkeflaka som driv forbi avgrunnen under meg. Innimellom ser eg ikkje fjorden. Snart er Johanna ferdig med skuledagen og på veg til SFO. I helga var ho hos meg. Det er ikkje til å halde ut at me bur i kvart vårt hus. Eg kjenner at sekken med skjermen heng slik han skal. Sjekkar at skoa og lissene er knytte, og at drakta er skikkeleg lukka. Nå skjer det. Som luksusdop skote med sprøyte rett inn i hjernen. To raske skritt fram og så skrike som ei kjerring. – Motherfucker!

11


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 12

fotturar i norge blir innimellom invitert til litteraturfestivalar for å lese frå si siste bok. Det likar han godt. Han blir smigra over å bli invitert, svarar alltid ja, sjølv om vilkåra er dårlege, sjølv om han drikk meir enn han hadde tenkt. Dei andre forfattarane røyker og drikk med stil. Dei kjenner kvarandre godt og har store ting på gang. Dei diskuterer og er vittige. Dei luktar sigarillos og gammalt papir, og Fotturar i Norge blir misunneleg, men skjuler det godt. Fotturar i Norge er også vittig, men tør ikkje seie stort. Fotturar i Norge er full, men skjuler det greitt. Han seier ha det til dei andre forfattarane og går heim til hotellet sitt åleine. Rommet er ikkje allverda. Han pussar tennene og ser kva dei andre har skrive på Facebook. Etterpå sovnar han med ei tydeleg kjensle av tap, mindreverd, og av at ein fest fortset utan han, at ingen tenker over at han manglar. Då Fotturar i Norge står opp, regnar det utanfor, men han er alt i alt nøgd med å ha vore på litteraturfestival. Han et frukost og tar snøggbåten heim. Han er heldig med avgangen. Treng ikkje vente meir enn ti minutt! Han feirar med kaffi og svele om bord.

12


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:23 Side 13

ei god historie for meg Og sommaren fôr og eg har ikkje fått gjort nokon ting, nesten. Berre skute ein elg. Ikkje det at det var jaktsesong liksom, men når det står ein elg inne på tunet og eg aldri før har skjøtt ein elg då er det fristande. Og dei som sa at det var ei skam for ein mann å gifte seg utan å ha skotet ein elg, han tok feil, då. Eller dei fekk ikkje råka meg, då. For det var fremdeiles tu dagar til brydlaupet då elgen kom trakkande inn på tunet og bikkjene var inne og såg på tv saman med kjerringa, ho var ikkje kjerringa mi då, men ho vart det to dagar etterpå – ja du skjønner, så det var stilt, og eg hadde nettopp lempa ut alt verktøyet av bilen og gjort han rein for me skulle hente ein masse dukar og kjøpe inn ein helvettes masse faens ting dagen etterpå, brus og øl og serviettar og poteter og alt så, det måtte til med skikkelig såpe baki der og, så. Eg stokk, veit du! Berre stod der, borte med flaggstonga, det hadde blitt litt mørkt på kvelden også. Lagde seg til regn med mørke skyer nedforbi fjella, sånne skikkelig lave, svarte nesten, lovde ikkje godt, sjølv om dei hadde meldt sol til brydlaupsfesten. Og det blei det og! Fantastisk ver den dagen. Men då så stod me berre der og såg på kvarandre. Elgen og eg, i mørket. Han var faen ikkje langt unna. Fem meter kanskje. Og eg trur at eg sa eit eller anna. Sikkert på engelsk sidan det kom så brått på, eg hugsar ikkje, men eg trur eg sa noko som, har du kome hit til meg for at eg skal få skute deg og bli ein ekte mann. Og han svara sjølvsagt ikkje, men rørde 13


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:24 Side 14

seg ikkje heller, så eg berre rygga inn i uthuset igjen og henta rifla. Rørde meg heilt stilt inni der, roleg på handa utan å tenne lys og fekk lada og eg veit ikkje heilt kva som gjekk gjennom skallen på meg, men det var ein slags plan. Fekk eg dette til nå så var det gjort. Det betydde alt. Var jo ikkje akkurat jaktsesong. Fekk berre ta konsekvensane etterpå. Kunne vel seie at elgen angreip meg? Her inne på tunet. Han var kanskje ikkje frisk sidan han berre stod der. Var jo ikkje normalt det? Kunne seie at han storma mot meg. At det var nødverje? Veit ikkje. Og eg lista meg ut igjen som ei lita mus, veit du, og såg det blenka i augo hans ute i mørket og eg gjekk litt nærmare. Roleg medan eg kviskra. Høyrde pusten hans, og han berre stod der og såg. Og oppe i bakken bak han såg eg naboen slukte lysa i stova, gjekk vel og la seg. Det kom til å bli eit helvettes smell. Til pass for han naboen. Hadde alltid noko å klaga på, men sjølv var han berre ein makk og ein snyltar. Hadde ikkje jobba på femten år. Klaga alltid viss bikkjene stod ute. – Du, sjå og få dei bikkjene dine til å halde kjeft før eg blir sprø, sa han til meg, veit du. – Men eg har vore på jobben heile dagen, svara eg. – Det er ikkje mitt problem. – Nei, men har du snakka til bikkjene då, spør eg. Nei, han hadde ikkje det. – Men du må berre kjefte på dei. Be dei halde kjeften sin, så slutar dei, sa eg. Utrulig irriterande fyr. Og eg løfta løpet mot elgen, var sikkert berre fire meter frå han, sikta og fyrte av to skaut på rappen. Og inni saltande helsikke så det small mellom husa og fjella, det dundra som i 14


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:24 Side 15

helvete, og så det sokk i elgen. Eg ville liksom trudd han prøvde å komme seg vekk, men han gjekk ikkje meir enn eit par skritt ein gong før han knela og velta i bakken så eg kjende det rista under føtene mine. Det var så eg nesten fekk han over meg, veit du. Skoten på klosse haldet. Heilt enormt. Og det var ikkje stille kvelden lenger og eg såg lyset til naboen kom på igjen der oppe, og alle bikkjene i heile dalen begynte å bjeffe, og mine eigne kom farande ut saman med dama mi som stod i døropninga og ropte kva som i helvettes skjedde! Og eg trur eg var litt skjelven, innrømme det, for eg hadde skote mitt første dyr og det suste litt i øyra etter smellet og eg snudde meg, og sa at eg trur me må endre menyen i brydlaupet, me må ha elg i staden, sa eg og ho blei stille då og kom ut og såg dyret. Men neste dag vart det berre styr, veit du. Og eg som hadde vaska bilen må eg nesten få seie. Måtte jo frakte elgen inn der, og viltnemnda og alt det der. Så kom eg seint på jobben også då og hadde ikkje hatt tid til å drikke kaffi, så eg var så kaffitørst at hovudet mitt heldt på å sprekke, og alle ville høyre kva som hadde skjedd veit du, ryktet gjekk fort, og det verste var at det berre var koppen det stod «Somle-kopp» på igjen på pauserommet, og eg hatar den koppen, fordi eg har aldri vore ein somlekopp og eg likar ikkje koppar med skrift på i det heile tatt, og den måtte eg stå og halde i då, medan hovudet letta, heldigvis, og eg måtte fortelje historia om og om igjen, og etterpå måtte eg berre dra igjen, beklage 15


Fotturar i Norge ferdig_a 14.01.15 15:24 Side 16

meg, men eg hadde eit brudlaup å arrangere, og alle forstod det då, og berre, ja, ja, du får komme deg av garde, berre dra du sa sjefen, og me dekker opp for deg me veit du. Og det var eigentleg så vidt me rakk å gjere alle innkjøpa, men heldigvis var ikkje dama mi sur på meg, sjølv om det lukta elg av alt som hadde vore baki bilen. Ho forstu det, trur eg. Og var kanskje litt stolt også på ein måte. Sidan ho kom herfrå og visste at alle dei gamle maste om at ein måtte jakte før ein kunne gifte seg. Det var noko med det. Men det passa jo så dårleg! Og me hadde tusen ting å ordne, og huset var fullt av slekt då me kom tilbake. Det var kaos og helsing og klemmar, men alle hjelpte til med å dekke bord og rydde og pynte kaker nede i samfunnshuset og nokon berre drakk øl og passa på at det var god stemning. Så eg angrar ingenting kan du seie, og det vart litt av ei god historie for meg då, dette med elgen, etter kvart. Når alle hadde lagt til litt ekstra og sånn. Blod som spruta og alt det der. Og det er noko å tenke på nå når ein sitt på post oppe i lia og ser ned på dalen og det har blitt haust og jaktsesong på ekte. Eg trur ikkje det kjem noko dyr forbi her i dag, men eg tar det som ein fottur. Har kanelbollar som kjerringa har laga, og kaffi på termos og bollane er så fuckings søte og gode, og det er litt for kaldt å sitte roleg, men det går ei stund til, og eg ser ned på dalen som er rar og fin på same tid, og så ulikt Shetland som noko kan få blitt, men eg kjenner, eller eg tenker på alt mulig, sikkert fordi eg frys, eg tenker at eg angrar ingenting. 16

Profile for Det Norske Samlaget

Fotturar i Norge  

Noveller og kortprosa av Gaute M. Sortland

Fotturar i Norge  

Noveller og kortprosa av Gaute M. Sortland

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded