__MAIN_TEXT__

Page 1


folk i vest

Samlaget 3 Oslo


Skal du lære noko om den verkelege verda, bør du snakke med folk som lever der. Det gjer fotograf Odd E. Nerbø. Prosjektet «Folk i vest» er journalistikk i si reinaste form, eit pauserom bortanfor politikk, Dagsnytt atten, Facebook og medierådgjevarar. Der folk er folk. Dei siste tiåra er journalistikk ofte blitt sett på som kontorarbeid og inne­aktivitet. Internett, e-post, Facebook-chat og telefon vert somme gonger ein vegg mellom journalistane og verkelegheita. Allmenta er ein speleplass for dei markeringskåte, dei som roper høgt og lenge. Dessutan går vi alle med eit kamera i lomma, som vi bruker til å setje i scene våre eigne liv. Men ein selfie seier ikkje meir enn tusen ord. Selfien er ofte eit augneblikksbilete utan kontekst, utan ein «story», utan hjarte og stemme. Vi trudde kanskje at pressefotoet var blitt irrelevant. Det lever framleis.   Nerbø sine bilete minner oss om kven mediebransjen eigentleg jobbar for. Menneska i hans bilete han ingen kalkulert mediestrategi. Her er ingen dårlege bortforklaringar. Dette er folk i byen, og dette er deira forteljing. «Folk i vest» består utelukkande av reinskorne foto av menneske i eit ­bestemt miljø, som fortel ei historie om seg sjølv og staden dei er på, om sitt livs såraste augneblikk, om det største vendepunktet, om nærleik og separasjon, om det aller viktigaste.


Nerbø får 82 år gamle Trygve Hjønnevåg til å snakke om det mest utenkelege, tapet av Marta, den einaste kjærasten han nokon gong hadde. 41 år gamle Asa Shimada opnar seg om sitt livs store vendepunkt, då ho fekk ein klem av mor si før jul i fjor, den første ho nokon gong har fått av henne. Saman utgjer desse forteljingane ei større historie, om oss. Den av Odd sine historier som har gjort sterkast inntrykk på meg, er den om 28 år gamle Salma Dahman: Draumen min er blitt realitet. Eg har opna min eigen Rema 1000 på Nordnes. Eg var berre 16 år då eg fekk jobb som pantejente på Rema, og i studietida fortsette eg å jobbe i butikken. Inst inne har eg elska Rema frå første dag. Med få unntak er kundane veldig snille og hyggelege, men det hender at nokon kjeftar på meg, fordi eg har hijab på. Då svarer eg berre med det største smilet eg har. Det er morosamt, for somme gonger verkar det som om det å smile er det verste du kan gjere. Før vart eg litt redd og trist inni meg. No er eg sterkare og har meir sjølvtillit.  Bak dette utsnittet av eit liv aner vi ei unik historie om oppdrift, vilje og verdigheit. Salma si forteljing går føre seg midt i ein av dei heitaste politiske debattane i landet, der det krevst ekstra sterk rygg for å stå åleine. Salma har klart det, draumen er blitt verkeleg. Norsk innvandringsdebatt kan verke opportunistisk. Salma Dahman er ekte. Slik går Odd Nerbø silkemjukt bak mytane og fordommane. Det er slik journalistikk skal vere.


New York Times var det første mediet som sette seg føre å opne augo for kvardagsfolket, dei som strauk forbi kontora kvar einaste dag, kvinna på benken, gubben i parken. Dei som bar på noko svært, men som aldri fekk høve til å dele livshistoria si med resten av verda. Konseptet vart til «Humans of New York», den ekte forteljinga om verdsbyen, der menneska ofte vert så forsvinnande små, til statistikk og støv. Odd Nerbø har teke denne metoden til Bergen, Vestlandet og Noreg. Den fungerer også her, fordi bileta er så fulle av alt det livet er fullt av. Draumar, ambisjonar, livslyst, kjærleik, sakn og sorg. Vi som har jobba med Nerbø ei stund, veit at han har ei eksepsjonell evne til å komme i kontakt med folk, til å finne den vesle opninga, det empatiske spørsmålet som får samtalen i gang og tilliten til å flyte fritt. Han kan få alle til å føle seg viktig, fordi alle er viktige. Til saman vert bileta i «Folk i vest» til ei større forteljing om bergensarar, vestlendingar, innlendingar og utlendingar som baksar, kavar, strever, elskar, shoppar, tekstar, pratar, fell, fortaper seg og sørger, og så reiser seg igjen. Difor ligg det også eit slags moralsk imperativ i Nerbø sine bilete. Alle fortener å bli sett, ein eller annan gong. Ingen skal gå usynleg gjennom livet. Kulturredaktør i Bergens Tidende


9


Søstrene Solveig Wilhelmsen (84) og Mary Eriksen (91) – Hver torsdag i mer enn 35 år har vi sittet ved bord 26 her på Lido. De første årene var mor med oss. Siden var vi en fast venninnegjeng, men de andre er enten døde eller klarer ikke å komme seg ut lenger. Vi to har det alltid så hyggelig sammen. Ikke ett minutt har vi vært uvenner. Til sammen har vi ni barn og 24 barnebarn, men oldebarna har vi ikke tall på. Torsdag med smørbrød på kafé er ukens høydepunkt, og vi møtes fast på trappen klokken 11. Den uken vi får trygd, koser vi oss ekstra med et glass vin til maten.

11


Robert Sørheim (27) og Noah (4 md.) – Det skjer så utruleg mykje fint i livet mitt no. Eg har vorte pappa og er så stolt at eg nesten sprekk. Fødselen var skremmande, men eg heldt hovudet kaldt. No har eg permisjon, får vera saman med Noah heile tida og er vorte ein kløppar på bleieskift. Skotårs­dagen­ fridde sambuaren til meg. Eg sa ja utan å nøla. I dag har me vore i banken og fått lån, og i mai flyttar alle tre inn i eiga leilegheit på Sandsli.

13


Gerd (81) og Godtfred (82) Ulvestad – Gerd har vært en perle i mitt liv. Det er sikkert som lås. Hun var 16 år da vi møttes. To år etter var vi gift. Jeg vokste opp i Hødden i Bergen. Mor og far egnet seg ikke til å ta vare på meg, så jeg vokste opp hos bestemor. Mange av guttene i strøket var ute etter meg for det. Noen ganger skulle hele gjenger ta meg. Redningen var at jeg kom inn i boksemiljøet da jeg var tolv år. Der lærte jeg å forsvare meg, men lærte også hvor farlig det er å slå med knyttet neve. Det ble slutt på at jeg løp for livet. Jeg tok de kampene som måtte til, for å få fred. Det var som oftest nok at jeg turte å stå imot mobberne. En av guttene i gaten var ofte nedfor, fordi faren banket han flere ganger i uken. 13 år gammel banket jeg på hos dem. Jeg sa til faren at han måtte slutte å pryle sønnen, ellers skulle han få med meg å gjøre. Da ble det slutt på mishandlingen. Jeg ble norgesmester i boksing, men Gerd ville helst at jeg skulle legge opp. Så det gjorde jeg. Hun har i grunnen fått meg til å ta det litt roligere. Etter 38 år som bossmann i Bergen kommune ble jeg pensjonist. Siden har vi gått arm i arm og kost oss med byvandring hver eneste dag.

15


Ole Jakob Nilsen (24) – Har du verkeleg brukt pengane dine på verdas dårlegaste bil? har mange sagt til meg. Det er eg ikkje einig i. Dette er ein god bil, mykje betre enn ryktet sitt. For min del begynte det heile i Berlin for fire år sidan. Der kunne ein få køyra Trabant mot betaling. Sidan eg har stor interesse for austblokkhistorie, kjøpte eg ein prøvetur. Frå då av har eg vore seld. Etter ein del jakting på nettet vart det til at eg køyrde til Tyskland med bil og hengar og kjøpte denne herlegdomen. At han er grøn, viste seg å ha spesiell verdi. Seljaren kunne fortelja at i det gamle Aust-Tyskland var grønfargen så sjeldan at folk trudde berre det å sjå ein slik bil passera ville føra til framgang og lykke.

17


Gustav Fredrik (7) og Helena (8) Lorentzen – Da jeg ble født,​ hadde jeg ikke et eneste hårstrå på hodet. ­ Men etter ett og et halvt år kom det veldig fort masse rødt hår med krøller. Gustav har samme farge. Siden jeg kom først​,​har han arvet det etter meg. Mange av vennene mine spør om de kan få klippe av litt og få noen krøller. Den eneste i familien som har krøller, er tante på Voss. Det er henne vi skal til nå. Hun har gitt oss kofferter fra butikken sin.​

19

Profile for Det Norske Samlaget

Folk i vest  

Av Odd E. Nerbø.

Folk i vest  

Av Odd E. Nerbø.