Flog

Page 1




Dordi Strøm

Flog Roman

Samlaget Oslo 2021



Mørket er så tungt når vi står op Kulden skælver i den lilles krop Hun har svært ved rigtig at få øjne Hendes lemmer er så små og nøgne Sådan et lille dyr der er så sart Hen over koppen Smiler hun til mig Det er rart Trille: Et lille lys i mørket (1978)

nogle gange blir jeg bange for at blive til en sten inden i mig fylder stenen alle lyse rum vokser ud i de lyse rum ja, den fylder alle lyse rum Trille: Bange for at blive til en sten (1978)


Alle øyeblikkene i livet vårt synes å være samlet i et eneste rom, som om de fremtidige hendelsene allerede eksisterer og bare venter på at vi endelig skal innfinne oss i dem, slik vi innfinner oss til en bestemt tid i bestemte hus, når vi først har takket ja til en invitasjon. Og kunne man ikke tenke seg, fortsatte Austerlitz, at vi også i fortiden, i det som allerede har vært, og som for en stor del er utslettet, har avtaler og må oppsøke steder og personer som står i sammenheng med oss, liksom hinsides tiden? W. G. Sebald: Austerlitz (2001)


Til mor mi


Dei som er med Dagne, eit barn (1971–) Fred, eit barn, ein ung mann, ein far (1945–) Åsta, eit barn, ei ung mor, ei ung kvinne, ei enkje, ei farmor (ca. 1931–1987) Embret, eit barn, ein mann, ein far (1914–1956) Liv, ei mor


flog n1 (norrønt flog; samanheng med XI fly) 1 2

3 4 5 6 7

flyging (i lufta) ein fugl i (glidande) flog fart, laup, (II), renn; annsemd; flukt, rømming; renning, flyging ute, sverming vere, kome i vilt flog / ta floget / ta, leggje til flogs / jage nokon på flog / i (same) floget i (forbi)farten / få flog på nokon / vere ute på flog i eitt flog utan stans rensle, flage i kroppen (til dømes av gikt) ryggflog brå sjukdom få floget i dikting, kunst: liv og fart, driv, lyfting; kraft; fantasi; flukt det er (poetisk) flog i diktet flukt uthuset ligg i flog med stova hengjebratt fjellside, stup brett på ski eller mei Frå Nynorskordboka



Dagne Åsta



Pust oktober 1980 Hald inn rumpa når du går, ropar farmor, sjå på meg! Mi rumpe er flat og fin, ser du? Eg går og held inn rumpa heile tida, og det skal du òg gjere! Dagne er redd farmor ikkje skal like henne, og at ho ikkje skal få lov til å komme til farmor meir. Ho vil eigentleg ikkje vere her, men det er til hjelp for mor at ho er her, så derfor seier ho ingenting. Mor køyrer henne til farmor og vinkar ifrå bilen. Dagne står på trappa og vinkar tilbake, og så tenkjer ho at det er lenge til søndag, og så blir ho med farmor inn.

13


september 1980 Dagne sit ved kjøkenbordet og teiknar til farmor. Ho teiknar ei jente som sit på ei grein høgt oppe i eit tre. Under treet er det eit hol, og i holet ligg ein skatt. Skatten er eit skip, og i skipet ligg ei dronning. Kjolen er voven av den finaste brennesleduk, og om livet har ho Orions belte. I hendene held ho eit par sko med venger, og rundt armane har ho ringar med edelsteinar. Ho ser opp på jenta i treet. Ho smiler.

14


oktober 1980 Farmor finn fram andre klede til henne, ho får ein brun jumper med høg hals som ho må ta på seg. Det er viktig å vere pen og ordentleg, seier ho. Jumperen er glatt og kald mot huda. Den høge halsen er trong å få over hovudet og gjer at håret hennar knitrar. Dagne står med hendene i vêret og ser farmor gjennom stoffet i halsen på jumperen. Farmor dreg hardt i den for å få den nedover hovudet hennar. Etterpå er den eit brunt trekkspel tett inn mot halsen, ho får blanke, brune trekkspelarmar med riller på. Buksa farmor har funne fram, er for lang. Den du har, får gå, seier farmor. Rumpa di står altfor mykje ut bak, sprettrumpe er ikkje pent. Sjølv har farmor så pen og flat rumpe fordi ho går og held den inne heile dagen, heilt frå ho står opp og til ho går og legg seg igjen om kvelden, og det burde ho òg gjere. Berre prøv, sånn ja, sånn skal det vere, ropar farmor. Dagne knip og knip. Ho klarar ikkje å puste medan ho knip. Ho spør om det verkeleg er sant at farmor går slik og knip inn rumpa. Og ja då, det er det sjølvsagt, trur du eg står her og lyg til deg kanskje? Farmor har berre øvd seg så lenge på å gå slik, det er derfor ho klarar det så bra. Ho går sånn og held rumpa inne til den nesten blir borte, til den berre blir ei fortsetting av ryggen. Som eit flatt brett rett ned i dei tynne låra og dei 15


smale anklane, og dei nette små føtene nedst nedanfor terylenbuksepressen, i dei små tøflane med duskar på. Det kjem ikkje gratis, må du tru, det å sjå bra ut, sjå på meg! Det er berre å sette i gang med å øve seg, seier farmor. Farmor likar kanskje ikkje å ete. Då kjem det lukt overalt og smular overalt, og det vil ho ikkje. Farmor vil ha det reint og pent på det blankskura kjøkenet. Det skal lukte godt på kjøkenet og på stova med den kvite sofaen, den med nuppane på. Sofaen som det nesten ikkje er lov å sitte i. Det er i alle høve ikkje lov å turne i den eller ha føtene oppe i den, det går ikkje an. Om Dagne absolutt må sette seg, så må ho ikkje stø seg på glasbordet som står inntil sofaen. Då kjem det små, feite fingermerke på glasbordet, og då må farmor vaske bordet, og det blir for travelt og heilt unødvendig om ho heller kan klare å unngå det. Så derfor er det best å ikkje sette seg i det heile, men heller halde seg ute på stovegolvet, om ho absolutt skal vere i stova. Eller ho kan sette seg ytst på ein kjøkenstol og berre sitte heilt stille på den. Det er best om ho vil bli likt der i huset. Om Dagne sit slik ytst på ein kjøkenstol, så er det ingen som kan sjå at ho slappar av i rumpa.

16


november 1945 Åsta går ut i gangen og stenger døra bak seg. Ho står og kviler litt, ho kan kjenne den ruglete veggen mot bakhovudet og høyre den tørre lyden av håret mot tapetet. Ho let att auga og ser etterbilete av lyspæra bakom augelokka. Fred skrik inne på soverommet. Ho knip igjen auga, prøver å knipe saman øyra òg, ho krøllar dei saman som rosenkål og stenger lyden ute. Ho opnar auga igjen og ser ned. Det svake lyset frå stoveglaset lagar ei stripe på golvet. Ho set den eine foten inn i stripa, så den andre. Ho balanserer på line med rosenkåløyre, hendene ut til sidene. Ho er ein linedansar om natta i det kalde huset. Ho går på line gjennom gangen ut i stova til sofaen. Rosenkåløyra krøllar seg ut igjen, og då kan ho høyre Fred. Ho skal gå inn på soverommet igjen, ho skal berre kvile litt først. Ho lar kroppen dette bakover mot sofaputene, no gjer ho det, ho let att auga og lar kroppen dette. Hovudet treffer noko hardt, det må vere armlenet. Tennene klappar saman og bit over tunga, den er hoven og framand, den fyller munnen. Den er ein glatt snigel, ein kald filet med eit hakk i, den ligg og flyt i ein saus av spytt og noko varmt og blankt som renn ut av hakket og fyller munnhola. Ho prøver å svelge. Det er vanskeleg å svelge medan ho ligg slik med haka på bringa. Ho kan ikkje røre seg. Munnen fyllest av spytt og blod frå 17


hakket. Det susar i øyra. Ho svelger litt og litt av blodspyttsausen som fyller munnhola rundt den hovne snigelen med hakket. Ho blir liggande slik medan det susar i hovudet og rosenkåløyra tar inn tikkinga frå kjøkenet. Kjøkenklokka, den heng der på veggen. Fred har slutta å skrike, ho høyrer det ikkje.

18


Lukt oktober 1971 Mat luktar, ungar og kaffi luktar. Åsta likar ikkje lukt som ikkje passar med det ho ser. Klementinar luktar sjølv om ho ikkje ser dei. Kvar haust skal alle ha klementinar. Folk får tak i dei overalt, dei sel dei på Domus. Der kjøper folk klementinar i kilovis, dei fyller store posar. Folk meiner dei har rett til å ta seg en klementin kvar som helst. På bussen, på gata, til og med på kafeen. Vi har rett til å ta oss ein klementin kvar som helst og når som helst, og vi har rett til å ikkje vaske oss etterpå, tenkjer dei. Vi har rett til å ete klementin til dømes midt under eit møte på jobben, eller vi kan gå til telefonkiosken og ta av røyret og ringe til nokon vi kjenner, etter at vi har ete klementin, men utan å vaske fingrane først. Ho blir kvalm, ho går på do. Der sit ho heilt til sjefen hamrar på døra. Sjefen veit at det er ho som sit der inne i båsen bak den stengde døra, det har hendt før. Ho klarar ikkje å reise seg frå dosetet. Minutta går, og køen framfor glasdisken blir lengre og lengre. Kundane vil ha kaffien sin og eplekake med krem og kakemenn, og så vil dei sitte lenge og sjå ut glaset på slapsevêret utanfor. Dei tømmer den eine kaffikoppen etter den andre med gratis påfyll. Så får dei lyst på ein klementin, som dei fiskar opp frå sitt eige handlenett, og så et dei ikkje berre ein eller to, men mange etter kvarandre, og ikkje tar dei med seg 19


klementinskalet når dei går. Det lar dei ligge igjen på papirduken i små, små bitar som ho må pirke opp når ho ryddar. Ho har alltid hanskar på, og så held ho pusten. Ho kan ikkje puste når ho pirkar opp dei ørsmå oransje bitane med klementinskal og klementinsteinar som ligg strødd overalt på duken og i koppar og på tefat og på golvet. Ho held pusten til ho får samla dei små oransje klementinskalbitane i posen og laga dobbelknute. Ho kastar posen i søpla og får vridd av seg hanskane og kasta dei òg. Så må ho vaske hendene. Mange gonger må ho vaske hendene, medan ho pustar gjennom munnen. Folk blir så glade når dei får ein klementin. Dei blir glade, og ho skal smile og vere glad med dei. Men ho er ikkje glad, ho må kaste opp. Barn likar klementinar, ho får seg ikkje til å ta i dei. Ho får seg ikkje til å ta i korkje barn eller klementinar.

20


Åsta Embret



Grav februar 1945 Åsta står vinterbrud. Embret er meir enn dobbelt så gamal.

23


mars 1953 Eg grev, nokon må grave. Graving er bra. Eg har greie på graving, ein må ha det om ein bur her, vi har bruk for det når landet skal byggast, at det finst karar som kan grave, og som har greie på stein. Eg er ein slik kar. Eg har god greie på stein, seier Embret.

24


Vente oktober 1952 Åsta må vite kvar ting er, ho likar ikkje rot. Ein kloss på golvet, snott i eit nasebor, smular på benken, halvvegs oppeten brun frukt som nokon har gløymt igjen, hår som ikkje vil vekse rett, ein kvervel i ein pannelugg. Ho toler ikkje ting som ligg på feil plass, og som ikkje passar inn. Straks Embret er ute av huset, kastar ho det ho finn som ligg feil – ein lapp, ein sokk, ein kopp, eitkvart Embret eller guten har sett ifrå seg eller gløymt igjen eller gått ifrå. Tinga skal ikkje få forstyrre. Ho vil vente i fred. Alt skal vere ryddig og reint og avstemt i fargane. Då kan ho sitte heilt stille og vente. Ho pustar, let att auga. Ho høyrer klokka på veggen tikke og sukkinga frå kjøleskåpet.

25