Fiskebolleboks-raketten

Page 1


2


3




anna r. folkestad Henrik And. Biletbok 2011 Unni og Gunni malar. Biletbok 2012 Unni og Gunni reiser. Biletbok 2012 Unni og Gunni gjer det fint. Biletbok 2013 Tanntrøbbel. Besta og Bo. Leseland, nivå ein 2015 Krabbekrise. Besta og Bo. Leseland, nivå ein 2016 Plommeproblem. Besta og Bo. Leseland, nivå ein 2017 Stupe-Stig. Leseland, nivå to 2018 Ulla. Biletbok 2019 Byggebøll. Besta og Bo. Leseland, nivå ein 2021

© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Design: Torill Stranger Førtrykk: Torill Stranger Skrift: Fedra Serif B Pro Papir: 120 g Munken Pure Trykkeri: Scangraphic Printed in Poland ISBN 978-82-340-0508-4

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Anna R. Folkestad

Samlaget Oslo 2021


Fiskebollane duppar rundt i den tynne, bleike sausen. Nils og faren har ete fiskebollar til frukost, middag og kvelds så lenge Nils kan hugse. «Skikkeleg gode fiskebollar!» seier faren. Nils nikkar. Han vil ikkje skuffe faren ved å seie at lukta av ­fiskebollar eigentleg gjer han kvalm.

4


Faren smiler. «Fiskebolleboks-sjef Ragnhild Franzen er veldig snill som gir oss gratis fiskebollar», seier han. «M-hm», seier Nils og tvingar ned endå ein sleip ­fiskebollebit. Han håpar dei klarer å ete så mange fiskebollar til ­frukost i dag at han aldri treng ete ein einaste ­fiskebolle igjen.

5


Då dei er ferdige med frukosten, står det veldig mange fiskebolleboksar på kjøkkenbenken. «Me klarte det! No har me nok boksar til å tette det siste hòlet på fiskebolleboks-raketten», seier faren. «Og så er raketten heilt ferdig?» spør Nils. «Nesten. Me ventar endå på oppskytingsknappen eg bestilte frå utlandet», seier faren. «Og når den kjem, kan eg endeleg få oppfylt draumen vår om å reise rundt månen i ein heimelaga fiskebolleboks-rakett!» Nils tek marsvinet sitt, Collins, ut av buret og klappar det. Han fekk marsvinet av faren til jul i fjor, slik at han ikkje skal vere heilt åleine hos Ragnhild Franzen når faren skal ut og reise. «Collins lurer på kva som vil skje om ­oppskytingsknappen ikkje kjem fram», seier Nils. Faren blir stille ei lita stund. «Då må eg vente med å reise til knappen dukkar opp», seier han. «Og det hadde vel vore dumt?» spør Nils. «Å vente med å reise?»

6


«Kjempedumt!» seier faren. «Tenk om draumen vår blir knust berre fordi oppskytingsknappen rota seg bort i ­posten!» Nils nikkar. «Ja, det hadde vore noko», seier han.


Faren samlar saman fiskebolleboksane. «Set du Collins inn i buret?» spør han. «Me må ut i verkstaden. No skal me endeleg få vise heile verda at det ikkje er heilt tullerusk å drøyme om å reise rundt månen i ein heimelaga fiskebolleboks-rakett.»

No vil han vise at alle kan drøyme stort Skal bygge ein rakett av fiskebolleboksar som skal kunne reise rundt månen!

8


Overtek bygging

Tullerusk?

Trur endå han klarer å bygge ein rakett av fiskebolleboksar. Men er han litt tullerusk?

Til månen og tilbake! Draumen om å flyge rundt månen er snart i boks!

No overtek sonen bygginga av fiskebolleboks-raketten!


Nils set Collins inn buret. «Collins lurer på om han kan vere med ut i verkstaden», seier han. Faren rynkar på nasen. «Njaaa …» Han dreg litt på det. «Ver så snill», seier Nils. «Collins er einsam her inne heilt åleine.»


Faren kikkar inn i buret. «Greitt. Berre han ikkje gneg på leidningane, så går det sikkert bra.» Nils ser på Collins. «Han skal vere inni buret heile tida medan me bygger», seier han. «Eg lovar.»

11