__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 1

1


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 3

Aina Basso

FINNE LY Roman

Samlaget Oslo 


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 29


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 5

Og disse skamløse Mennesker maa vor Almue huse; dette Levnet og disse Forargelser maa den se og taale, helst den enfoldigere og ringere Almue, som ikke har Mandemod og Folkestyrke til at jage Pakket bort. Ja, vore Husmænd og enligt boende Bønderfolk maa lide Mere af disse vilde Gjæsters Ryggesløshed. I fordums Dage, da Folkets Enfoldighed og Overtro var større, og Fanterne selv bedre erindrede Slægtens gamle Kneb og Kunster, kunde de mere stilfærdigt liste sig omkring og med søde Ord og gode Løfter, med sin Trolddoms- og Spaadomsgave, skaffe sig, hvad de behøvede, og det i Overflod. Nu derimod maa de mere og mere tvinge sig frem med Trudsler og Vold. De gaa som Røvere i Landet. Eilert Sundt. Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge. Bidrag til Kundskab om de laveste Samfundsforholde. 


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 6


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 7

Ei kråke flaksar over hustaket. Eg bankar tre gonger, så står eg på trammen og kikar på den stengde døra. Eg bankar igjen. Ikkje ein lyd frå huset. Eg går ned på tunet, tek meg ein runde og legg merke til nokre krøter på ei eng bortved skogbrynet, dei går der så fredeleg og tygg, med årete, stramsprengde jur. Eg høyrer ei jamn hogging frå skogen, snur meg etter lyden, men får ikkje auge på nokon der inne. På tunet står ein hoggestabbe med ei blankkvest øks i, det ligg nykløyvde kubbar nedom, ei svak lukt av kvae. Eit ekorn hoppar ned frå den store furua på tunet, tek nokre raske byks mot stabben, hoppar opp på han, snuser litt på øksa og bykser vidare. Eg kjenner som eit nærvær frå tømmerhuset, så eg går opp på trammen igjen, listar meg fram til døra og legg øyret innåt, vil høyre om det står einkvan på andre sida og lyttar, som eg, men det kjem ikkje ein lyd. Eg bankar ein gong til, og no høyrer eg det endeleg romstere innanfor. Døra går opp. Ein gamling kjem fram i lyset, og ein yngre mann står bak han i den mørke gangen. Auga til gamlingen er fjerne, som er det ikkje meg han ser, men ei verd utom alt, eller innom. Eg er Hanna, seier eg. Eg kjem for å søke teneste.


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 8

Gamlingen ber meg inn, og den unge går framom oss inn i kjøkenet. Ver så god, seier gamlingen og nikkar mot ein stol. Eg set meg, og dei set seg på andre sida av bordet. Gamlingen tenner pipa og lener seg bak i stolen. Kom du til fots gjennom skogen? Eg ristar på hovudet. Ikkje siste biten. Eg fekk sitje på med ein tømmerkøyrar. Skogane her er store. Han nikkar, pattar på pipa. Eg gløttar frå den eine til den andre. Den unge kremtar, dultar gamlingen i sida. Ja visst, seier han. Så du søker teneste? Eg kom i prat med handelsmannen nede i bygda, seier eg, han meinte de kunne trenge ei hand. Sidan husmora ikkje. Jau, seier gamlingen og stryk seg over bryna. Vi kunne det. Du kan byrje med det same? Eg nikkar. Og du kan koke og sy? Mjølke kyrne og passe dyra? Eg kan gjere alt de ber meg om. Eg liker å arbeide. Lærer fort. Gamlingen blæs ei røyksky over bordet, smattar litt. Det høyrest no greitt ut for meg. Kva seier du, Johannes? Den unge blir raud, ser i bordet.


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 9

Greitt for meg, mumlar han. Då seier vi det slik, seier gamlingen. Johannes er yngste son min, seier han. Harald har nok ingenting imot det, han heller. Eldste son min, legg han til og nikkar ut vindauget. Det er han du høyrer i skogen, han held på med hogsten. Det er berre vi tre her inne, i mils omkrins. Han reiser seg mødesamt og peiker på ei dør rett bak meg. Du kan ta kammerset. Johannes, kan du vise henne? Du har ikkje teke med deg så mykje? Eg ristar på hovudet, vil til å seie noko, ei løgn, men gamlingen fortset. Du kan få kleda etter salige husmora. Vårherre skal vite at ho ikkje treng dei meir, og ikkje vi heller. Dei daude heng att i plagga, tenker eg, men seier ingenting. Vi reiser oss, Johannes smyg seg forbi meg og opnar døra til kammerset. Tømmervegger og golvbord. Ei seng i eine hjørnet, ei rosemåla kiste under vindauget. Eit tjukt lag støv. Skal vise deg kor du finn halm, seier han. Han snur seg og går, eg følger han ut på tunet, skogen reiser seg kring garden.


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 10

Gamlingen går ut og set seg på ein benk på nordveggen, og Johannes tek meg ein runde rundt på garden. Han viser meg fjøsen og løa, stabburet og eldhuset. Vi helser på dyra. Hønene, grisen, kyrne på marka, sauene som kjem ut mellom trea når han kallar på dei. Han tek meg til hesten i skogbrynet. Dette er Svarten, seier han og stryk hesten over mulen. Du er ikkje redd? Nei, eg er van med hestar frå eg var lita. Vår slekt har alltid hatt hest. Eg blir ståande og klappe Svarten medan Johannes spring tilbake til garden etter havre. Ein storvaksen ung mann kjem ut av skogen, går rakt mot meg og hesten. Kven er du? Eg er Hanna, seier eg, kniksar litt. Hanna? Kva gjer du her? Eg har kome for å søke teneste. Han stryk hua av hovudet og handa gjennom det raude, sveitte håret, nikkar kort til meg. Eg er Harald, seier han. Eg nikkar. Kor er dei andre, spør han og ser seg rundt. Har dei overlate deg til deg sjølv allereie? Bror din gjekk for å hente havre til hesten. Husbonden sette seg på benken.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 11

Det er vel likt dei, seier han. Nei, eg får kome meg inn og få meg noko mat. Det blir vel orden på matstellet òg no som du er komen? Jau, eg håper då det. Lovar godt. Eg byrjar bli lei av den svidde grauten til Johannes. Han ler litt og dreg på seg hua igjen, går mot garden. Eg stryk hesten over halsen og ser Johannes kome mot oss med havrebøtta. Dei to brørne går rett forbi kvarandre på marka, ser ikkje ut til å veksle eit ord.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 12

Eg følger skogsvegen eit stykke før eg tek kvelden. Han snor seg inn mellom trea. Ser ikkje lenger enn nokre alen verken fram eller bak, som blir vegen slukt av skog etter kvart som eg går, og greinene filtrar att hòlet eg kom ut av. Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men så gjekk det godt i staden, og no er eg her. I vegkanten får eg auge på ein halvsirkel med steinar. Eg bøyer meg og dreg vekk graset som dekker dei. Dei har vore her. Eit rykk i bringa, ein fiskekrok i hjartet. Eg leiter etter fleire teikn. Grankvistar, halmstrå med knute, innskjeringar i trestammene. Kva veg har dei gått? Har dei slått leir, vore mange? Eg sparkar i vegkanten, leiter etter spora deira, etter tankane. Eg finn ikkje meir. Teikna er forgjengelege. Dei visnar og smeltar, rotnar og fyk vekk. Berre nokre blir att. Slike som er lagde i stein, slike som er rissa i bork.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 13


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 14

Hanen gjel og hunden gøyr sine tre bjeff til morgonen. Eg har drøymt om Hanna. Eg reiser meg frå senga, løftar vatn til andletet, kjenner den vesle skjeggstubben over haka. Går til vindauget og skubbar det opp. Lufta strøymer. Eg lener hendene mot karmen og ser dagen kome. Sola står opp attom skogen. Lyset nærmar seg garden på rydningen, hesten som beitar i skogskuggen, kryp i langsemd umerkeleg for auget. Forgyller øyra, manen, den rundmjuke mulen. Ryggen, halen, buk og hovar. Høyrer nyvakne fuglar i reir, mellom greiner. Strekker meg, set fingertuppane i taket. Kroppen løyser seg, ein lyd slepper bringa. Dreg på meg bukse og skjorte og går. Glaset står ope i eit gap mot dag. Eg kjenner dogga i graset. Kjenner svalheita, og veit ho snart skal vere vekke. Svarten vrinskar då han høyrer meg kome. Denne dagen vil bli varm, som den førre.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 15

Eg striglar Svarten, legg handa på mulen. Han slikkar glatt, slikkar salt. Sola luner, våt lukt av natt. Dørhengsler knirkar. Der kjem Hanna, seier eg. Ho ruslar over graset, ho geispar. Døra til dassen jamrar opp og slamrar att. Svarten tygg, eg stryk han på halsen. Ein sporv lettar, ei dirring i lufta. Døra smell. Eg ser etter henne. Ho går over tunet, tek vegen om regnkummen. Han er tom for vatn, det har ikkje regna på lenge. Ei fluge svirrar rundt hesterumpa, halen slår. Kjenner lukta av møkk, dampar frå pærene på marka. Vi skulle ha grave ein brønn på garden. Far snakka om det før mor blei sjuk, men det blei ikkje. Skulle skifta taket på fjøsen. Blei ikkje, det heller. Ho klappar hunden som har lagt seg i solstrima på trammen. Seier noko til han, eg høyrer ikkje kva, berre tonen hennar, mjuk i tunstilla. Eg fyller to bøtter i bekken som renn mellom trea, ei i kvar neve. Det skumplar over på vegen tilbake, renn kaldt nedetter hendene. Eg tømmer dei i stampen. Svarten drikk lenge, før han rettar seg og lyttar, høyrer noko eg ikkje høyrer. Ei tid står still. Hesteauga stivna mot vest, mot skogen. Så losnar det, han beveger på øyret, fortset å




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 16

tygge. Kneggar lågt, kastar på manen, tek nokre steg fram. Han løftar halen, ein tung stråle i graset. Eg knip att auga mot sola. Hanna kjem ut av eldhuset med mjølkebøttene. Går mot oss over tunet, bøyer av og klyv over steingarden, kryssar enga. Ho løftar ei bøtte til helsing. Eg løftar handa og slepper henne att, gnir henne seigt over låret. Kjenner hjartet så tydeleg i brystet, hardt og tungt som sleggeslag.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 17

Morgonsola gyller kjøkenet. Hanna auser graut i skåla. Takk, seier eg. Ho smiler lett, leppene raude, glatte og mjuke. Eg vil seie noko, men Harald kjem, så eg teier. Han tek plassen på andre sida. Eit solfelt lyser opp handa hans på bordplata, den grove trøya, kuttar av ved halsen, leiver andletet hans i skugge. Er far oppe, seier han. Har ikkje sett han, svarer Hanna. Eg ser ut vindauget, hesten ved skogbrynet slår med halen, tennene mine klinkar mot skeia. Ser i augekroken at Harald får ei skål, ser handa hennar setje henne på bordet framom han, ser handa hans nærme seg skåla, treffe hennar hand. Ho dreg henne til seg, stryk ein mørk lokk bak øyret. Eg et ei jamn rand av grauten, mjuk og grov. Eg kan gå og vekke han, seier ho. Harald nikkar. Følger henne med blikket då ho går. Kroppen hennar gjennom rommet, gjennom sol og skugge. Forbi meg, eit lett drag då ho passerer, dreg lukta hennar smalt gjennom nasen, høyrer stega hennar attom ryggen, døra bli opna, lufta frå gangen, lukta der ute, stega hennar, knakar i golvet, knoken treffer stovedøra, tre bank. Du kan vel opne kjeften, du òg. Ikkje sitje der som ein tagal tust dag ut og dag inn.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 18

Han møter blikket mitt, kort og stramt, så ser han vekk, ut glaset. Har ikkje raka seg i dag heller, raude stubbar på haka, langs kjevebeinet. Eg lèt fingrane gli langs min eigen kjeve. Nesten som nyraka, endå det er gått dagar. Han vil kome att frå arbeid med skjegg om nokre veker, tjukt og tett, som kopar. Den kvite huda når han rakar det av, dei korte stråa som flyt i vaskefatet, som han lèt stå, får henne til å tømme, fekk mor til å tømme, verkar så lenge sidan no, sidan det var vinter, alt var frose, beinhard tele djupt i marka. Vi er heldige som har henne, seier han. Det er ikkje kven som helst som vil vere her i skogen og stelle for tre karfolk åleine. Eg har ingenting å seie til bror min, odelsguten. Ein ramn landar i storfurua på tunet, så ein til og endå ein.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 19


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 20

Eg vaknar og skjøner ikkje kor eg er. Ein leirplass ein stad, tenker eg og gliper med auga, men høyrer ikkje fuglar, ikkje vind. Båten? Men det duvar ikkje, og eg høyrer ikkje plasking av elvevatn mot baugen. Tukthuset, tenker eg. Men eg er visst åleine? Eg opnar auga og oppdagar at eg ligg feil veg i rommet. Eit framandt hus, eg set meg opp i senga. Så hugsar eg alt. Eg står opp og dreg på meg skjørtet og trøya. Går bort til vindauget og gløttar på gardina. Tidleg morgon, sola så vidt over tretoppane. Felt av sol og skugge over tunet, skogen mørk imot. Døra til dassen går opp, og gamlingen kjem ut. Han stoggar på marka og ser mot skogen. Står slik lenge, før han tuslar tilbake mot huset med seine, seige steg. Eg knyter på meg skautet og skundar meg ut i kjøkenet. Vil stå klar som ei god taus, men han kjem ikkje inn. Går berre tilbake til stova, knepper døra igjen etter seg. Eg ventar litt, så går eg ut på tunet. Sola står høgare, varmar andletet. Eg knip att auga og dreg av meg skautet, løyser håret og greier det med fingrane. Lagar ei ny flette og fortar meg inn i skogen, finn bekken som renn mellom trea.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 21

Fråværet av husmora er overalt. I det store, skitne kjøkenet og dei uvaska kjørela. I det tjukke støvlaget og spindelveven i krokane, dei sure mjølkebøttene og dei tørre flugene i vindaugskarmane. Eg skurar. Samlar kjørela i famnen og har dei ut på tunet, ber vatn til eldhuset og koker opp i den store gryta, vaskar i skap og krikar, dreg fram møblar, tørkar vegger. Eg vaskar alle kleda, dei etter den daude husmora skrubbar eg ekstra godt. Eg krev at dei tre mannfolka byter på seg reint frå inst til ytst, og ser ikkje på det dei gir meg. Eg triv halmen og kleda av sengene, og då eg etter mykje akkedering med husbonden får kome inn i stova der han ligg, og husmora låg på det siste, røskar eg alt ut av sengebenken, der òg. Halmen brenner eg, dei seier ingenting, står berre på tunet og kikar på bålet ei tid, før dei snur seg og går, kvar til sin kant. Det kunne like gjerne vore tre einebuarar som budde der i skogen, som ingenting med kvarandre hadde å gjere. Delte berre vegger og tak, mat og møde. Det er som dei er ukjende for kvarandre, desse tre, eller som eit band mellom dei har slitna og heng der og sleng, laust, utan feste. Til sist skurar eg golvet, bryt små einerkvistar og hiv utover. Det gir frå seg god lukt, noko har då mor mi lært meg.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 22

Eg ser henne med eitt så tydeleg for meg. Ho står framfor vindauget og kikar ut, silhuetten hennar mørk mot den lyse ruta. Det er ikkje stort å sjå der ute. Ein fugl kan vise seg, eller ein katt som har kome seg inn under tukthusporten. Mor dunkar fingeren mot glaset, men katten snik seg rundt hjørnet og forsvinn. Vevstolane dunkar. Den skarpe sauelukta frå ullsekkane, rom som ikkje blir lufta. Den gule huda, dei flekkete neglene. Den skitne, grå fangedrakta vi må gå med til ho rotnar. Eg sit uverksam ved rokken. Ser på hendene mine, sprokne og vonde, kjenner kor dei dunkar av verk, av kutt og sår som ikkje får gro. Neglene mine med tjukke sørgerender. Den som hadde hatt varmt vatn og ein klut. Døra slår opp, og eg byrjar å spinne. Meisteren kjem bort og stiller seg over meg. Sit du her og latar deg? Eg. Tal ikkje tilbake! Den harde neven hans knip meg i skuldra. Hendene mine verker. Auga til mor då blikka våre møtest. Finst fuglar i dei auga, finst himmel og greiner som vaiar.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 23

Harald kjem medan eg koker opp vellingen. Han set seg og trommar fingrane mot bordplata, eg snur meg, han møter blikket mitt og smiler. Eg blir uroleg av stilla hans, vil seie noko for å bryte henne, men kjem på at eg er i teneste, må ikkje snakke først. Døra går opp, det er Johannes. Han nikkar fort og smyg seg ned ved bordet. Men du, Hanna, seier Harald, du har ikkje fortalt oss mykje om deg sjølv. Kor er det du kjem frå? Eg har venta på det. Kan ikkje godt seie at eg er fødd langs vegen, ein stad ingen hugsar nøyaktig kor er, kven vil vel ha ein omstreifar i hus. Så eg har dikta opp ei soge og ei heimbygd lenger nord. Ei bygd så lita at det ikkje kan vere tale om noko arbeid for tenestejenter der. Vi stogga der ein gong, overnatta nokre netter i løa til ein venleg husmann. Ei bygd nord for Trondheim, seier eg. Men der var ikkje arbeid å få for tenestejenter, og den vesle husmannsplassen kunne ikkje fø meg meir, så eg tok teneste lenger sør. Når var dette? Eg var nesten ferdig med andre året av tenesta, seier eg. Men. Eg ville ikkje vere der meir.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 24

Korfor ikkje? Eg vil nødig seie noko vondt. Men husmora var ikkje som ei husmor bør. Å? Korleis då? Ho var stygg med meg. Til slutt klarte eg ikkje meir, eg måtte vekk. Johannes rynkar panna. Så førte tilfellet meg hit til bygda, seier eg, og handelsmannen fortalde om denne garden. Skulle halde seg unna sånne, seier Johannes til hendene sine. Eg nikkar og tørkar auget fort med knoken. Slike husfruer burde ikkje få ha tenestefolk, seier eg og snufsar litt. Eg møter blikket til Harald, han mønstrar meg lenge. Nei, slike folk skal ein passe seg for, seier han og blunkar. Han tygg skrå og spenner armane under trøya så musklane bular, han stryk seg over den raude skjeggskuggen. Så reiser han seg og kjem bort til benken, stiller seg tett inntil meg. Eg går i skogen ein tur, seier han. Roper du meg heim når det blir middag? Eg væter leppene, ser opp på han. Det blir ikkje lenge. Han kunne løfta meg rett opp, som vog eg ingenting, og bere meg kor langt det skulle vere, inn i berget det blå, eller til verdas ende. Dei store armane som famna om kroppen, skjeggstubbane som kitla mot den tynne huda mi på halsen.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 25


Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 26

Skogen omsluttar jorda som ringar inn garden. Eg har sjølv rydda det nye stykket, lagt opp steingardane som skil skog frå beitemark, frå åker, grøn av aks. Funne stein som passa i stein, lag på lag, alen etter alen. Eg set ein kubbe på stabben og rettar rygg, hevar øksa. Splittar kubben i to like delar, dei fell til mark, kvar på si side. Eg tørkar panna, eg snur meg mot eldhuset. Hanna innom den opne døra, henne sola legg seg over, ho som blæs mørkt hår frå panna. Ser ikkje meg. Hanna ved benken, Hanna med kropp som ruggar, fram og attende, i rullande rørsler. Hanna som knar deigen, som knar den store deigen lenge, som slår nevane ned i han, faldar han, knar meir. Hanna som løftar den faste deigen, held han mellom hendene, klappar han, slepper han i trauet. Hanna som legg eit reint klede over deigen og set han til heving i sol. Hanna som set hendene til midja, klapsar mjølet av hendene. Hanna som ikkje kastar eit einaste blikk ut, men går lenger inn i rommet, blir oppslukt av huset. Høgg hardt. Neste gong eg rettar meg opp, står far på trammen med pipa og hua. Han blir varm i dag, seier han.




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 27

Pattar på pipa, dreg i den slakke bukseselen. Eg nikkar til han, løftar øksa, det summar lett i hovudet. Kubben splittar, vedskiene fell over kvarandre i dumpe klunk. Sola er høgare, dagen er vindlaus, myggen står gråtett i klyngene. Svarten har trekt seg nærare skogen, inn i det som enno finst av skugge. Hunden kjem springande ut mellom trea. Han er ikkje min, meg ensar han ikkje. Høyrer pesinga då han fer forbi, den skabbete pelsen, duger ikkje til golvskinn eingong. Det knirkar i dørhengsler, og Hanna kjem ut. Er du her, Fant! Følgde du Harald til bygds, du då? Hunden pesar og hoppar så tunga sleng. Ho godsnakkar med han og klør han bak øyra, riv noko rusk ut av pelsen hans. Så kjem stega hennar, kjappe og lette. Eg rettar rygg, stryk sveitten av panna. Ho møter blikket mitt og smiler. Glatt munn, kjøtfull. Eg gnir handa over bukselåret. Ho går over tunet med raske føter, opp dei tre trinna til stabbursdøra. Opnar henne, døra knirkar. Inn i halvmørkret, støvlyset. Hunden tassar etter, klørne hans mot trinna, han lograr, snøftar. Ho husjar han vekk med eit lett klaps, og han spring tilbake over tunet, løftar beinet mot ein busk. Eg legg frå meg øksa, tek eit steg til sides, eitt tilbake. Far er gått om nova, har sett seg på benken. Eg byrjar gå mot buret. Salt lukt av mat frå den opne døra, eit svalt felt, eg høyrer henne romstere. Stansar. Går vidare. Stansar. Ho dukkar fram i opninga: Så bra du kjem, Johannes. Kan du løfte ned denne for meg?




Finne ly ferdig_A 04.07.14 10.45 Side 28

Ho peiker på ein pølsekveil som heng frå taket. Eg nikkar, tek trappa i to steg, er inne, mørkt og svalt, lukta der inne, lukta av henne. Ho kjem inntil meg, ser opp og peiker. Eg hektar ned kveilen, legg han i hendene hennar. Må sjå vekk. Små lynblenk bak auga, eg blunkar, ser ut på tunet, ser graset med sol over, stabben med øks i, vedskiene, myggen, blir ståande. Takk, Johannes. Ho smiler igjen. Små frekner over nasen. Ein slik liten nase. Og søkket mellom nasen og overleppa, kunne plassert ein veslefinger i det, ville passa akkurat.



Profile for Det Norske Samlaget

Finne ly  

Roman av Aina Basso

Finne ly  

Roman av Aina Basso