Farvel, Syria

Page 1


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 1


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 3

Emil. A. Erstad

Farvel, Syria Om eit folk på flukt

Samlaget Oslo 


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 2


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 5

Innhald Forord av Jan Egeland  Prolog  Gullbilletten eller båten – forskjellen mellom kvoteflyktningar og asylsøkarar  Gullbillettane som dei færraste får  Kvifor ikkje hjelpe alle der dei er?  Den gråtande TV -reporteren  Det magiske talet  Jakta på og fanga av IS – homofile Kinan og Samir  Målet om sharia   dagar utan mat og drikke  Demonstrerte mot IS  «Utagerande homofili»  Fritt vilt  Kriminell overleving  Dei vi skal beskytte – dei sårbare kvoteflyktningane  Slik blir ein kvoteflyktning  Integreringsperspektivet  Vala flyktningane står overfor  Tre hindringar mot Europa  Tyrkia, Libya eller Russland 


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 6

 , 

Kven skal hjelpe viss ikkje vi? Motstandarane av flyktningkonvensjonen  Flyktningkonvensjonen ser dagens lys  I Fridtjof Nansen si ånd  Angrepa på Flyktningkonvensjonen  Flyktningane sin høge beskyttar  Israel – landet ingen vil til  Golfstatane – rikingane som ikkje vil hjelpe  Russland – muslimfryktande Assad-alliert  Visegrád-landa – røtene til framandfrykta  Canada – ei solskinshistorie  USA – delstatleg motstand  Tyskland – ei open dør  Sverige – få kvoteflyktningar  Norge – eit villig folk  Dei som trur på feil gud – Maryam frå Aleppo  Dei muslimske venene som forsvann  Sekterismen tar tak  «Assad – vår gode president»  Muslimfavorisering  Minoritetsflyktningen – kurdiske Khalid  Inga framtid  Sveitte for eige brød  Med krigen i bakgarden – nærområda i Libanon, Tyrkia og Jordan  Storskog, Norge  Beirut, Libanon 


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 7

 

Zaatari-leiren i Jordan  Å kritisere dei som stiller opp  Libanon – eit stappfullt vepsebol  Jordan – landet flyktningane returnerer frå  Tyrkia – det største mottakarlandet  Hjelpe her eller der?  Krigens tortur – Mahmoud og Mohammad  Elektrosjokk og bank  Barnebarnet utan mor  Frykt for fengsel i Libanon  Ei livshistorie om undertrykking  Best å halde kjeft  Torturert til blods  Den vakre songen  Meir enn god vilje – seks forslag til ny flyktningpolitikk  Viljen som manglar  Klare premissar  Forslag nummer éin: ti tusen fleire gullbillettar i året  Forslag nummer to: sponsorstøtte av kvoteflyktningar  Forslag nummer tre: akademiske visum til flyktningar  Forslag nummer fire: Norge må presse på for reell europeisk ansvarsfordeling  Forslag nummer fem: La flyktningar søke om humanitære visum ved ambassadar nær Syria  Forslag nummer seks: oppbyggingsplan for nærområda til Syria 


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 8

 , 

Redsla for dei som kjem – kunnskapsløyse hos politikarane  «Vart du skræmt no?»  «En ideell løsning»  Vi er alle medborgarar – det vi kan stille opp med  Når nokon set fyr på grasrota  Alta-mannen som forstod  Hitra Friidrettsklubb  Det viktige førsteinntrykket  Lett å gløyme  Takk  Notar 


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 9

Til Noah Leander og Kristin


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 10


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 11

Forord av Jan Egeland Vi lever i en tid hvor titalls millioner flyktninger har behov for beskyttelse. Historien vil vise hvordan vi som land og verdensdel lykkes og mislykkes i disse dager. Sikkert er det at vi blir utsatt for en historisk prøve i medmenneskelighet og menneskerettigheter. Ingen bør kunne si om ti eller tyve år at de ikke visste hva som skjedde i Syria, på Middelhavet eller ved grensene våre. Emil André Erstad har skrevet en viktig bok om et kapittel i denne dramatiske historien. En bok om hvordan Norge og Europa møtte FNs bønn om å ta imot kvoteflyktninger fra Syria. Flyktninghjelpen er en av de største hjelpeorganisasjonene i og rundt Syria, slik vi er det i Afghanistan og andre land i krig som driver mennesker på flukt mot Norge. For oss er det viktig å få fram at Norge og andre land med store ressurser bør øke støtten til nærområdene, der millioner ikke får tilstrekkelig beskyttelse eller hjelp. I tillegg må de som har behov for beskyttelse utenfor regionen kunne få det i trygge land som Norge. Gjennom denne boken bidrar Erstad til veldokumentert og opplyst debatt, ved å gi en god forklaring på hva kvoteflyktninger er og hvorfor vi bør gi dem trygghet. Han synliggjør beskyttelsesbehovet ved å for-


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 12

 , 

telle den dramatiske historien til noen av de menneskene det gjelder. Bare ved å forstå vår tid og dens største utfordringer kan vi unngå å svikte når vår sivilisasjon blir testet og vår medmenneskelige innsats kreves som mest. Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 13

Prolog I arbeidet med denne boka har eg møtt enkeltmenneska som den syriske borgarkrigen og flyktningkatastrofen handlar om. Eg har møtt Mahmoud som såg den vesle sonen til kameraten sin ligge død på leikeplassen, Kinan som vart kidnappa av IS fordi han er homofil, Maryam som måtte flykte frå Aleppo då den kristne fetteren hennar vart halshogd, og Mohammad som vart grovt torturert i eit syrisk fengsel. Desse og andre eg har snakka med, har fortalt korleis dei opplevde å vere flyktningar. Korleis dei kom seg til nabolanda rundt Syria, utan at livet der vart så mykje lettare. Korleis dei vart ståande att utan opphaldsløyve, skulegang eller jobbmoglegheiter før dei fekk kome til Norge som kvoteflyktningar. Eg høyrde smerta i kvart ord av det dei sa. Kinan, Mahmoud, Mohammad, Maryam og alle dei andre. Som syrarar kjende dei seg svikta av ei heil verd. Ikkje berre hadde dei opplevd grufulle overgrep i eit Syria som vart rive frå kvarandre, bit for bit, med alle trauma det førte med seg. Dei måtte også kjempe ein ny kamp i det dei passerte grensene til nabolanda – dei såkalla nærområda. Der vart mange av dei strippa for rettar og hadde ikkje lenger tilgang til skulegang for borna, helsehjelp til torturoffera eller nok mat. I Jordan, Libanon og


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 14

 , 

Tyrkia er det no så mange flyktningar at kapasiteten er sprengd, noko som også fører til omfattande menneskerettsbrot. «Vi må hjelpe dei i nærområda», seier vi. Men for Khalid, Mahmoud, Mohammad, Walida og alle dei andre er ikkje det svar godt nok. Å krangle om hovudtyngda av hjelp bør kome i nærområdet, er ein meiningslaus krangel. Det vi alle burde diskutere med brennheitt engasjement, er kva slags hjelp vi bør bidra med i nærområda til Syria. Kva er det som skal få land som Libanon, Jordan og Tyrkia til å handtere dei store flyktningmengdene? Korleis skal Libanon tvingast til å gi flyktningane heilt grunnleggande menneskerettar? Kva skal gjerast for at dei syriske flyktningborna i Tyrkia skal få skulegang og unngå å bli ein tapt generasjon? Flyktningar er fornuftige menneske i ein desperat situasjon. For mange av dei som har flykta til nabolanda, er livet utoleleg. I Europa kan mange av dei finne tryggleik, stabilitet og moglegheiter. Dei færraste ville forlate heimane sine og alt dei eig for å starte på nytt ein annan stad, viss dei fekk velje sjølv. Men når alternativet er ein vedvarande dårleg situasjon i nabolanda til Syria, eller tønnebomber og artillerield inne i Syria, tar flyktningane det einaste rasjonelle valet og legg ut i båt over Middelhavet. Det er ikkje slik at alle dei syriske flyktningane må kome hit, men nokre må det. Det finst flyktningar som ikkje vil få hjelp der dei er no, og desse flyktningane treng politiske løysingar som sikrar tryggleiken og


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 15

 

framtida deira. Ein stad må dei få kome. Å stenge grensene, å lukke auga eller å halde seg for øyra medan dei skrik om hjelp, er ikkje eit akseptabelt alternativ. Problemet forsvinn ikkje av den grunn. Desse flyktningane treng ei løysing som ikkje finst i dag. Dei treng at vi i rike, stabile og trygge land kjem opp med forslag til korleis vi kan hjelpe dei. Etter å ha jobba med dette feltet over ein lengre periode, og etter å ha intervjua både flyktningar, humanitære organisasjonar, akademikarar og representantar frå styresmaktene, kjenner eg eit sterkt behov for å føreslå nokre løysingar. Vi kan ikkje sitte stille og sjå på lenger. Vi treng ei luftbru av idear frå det norske folket til politikarane på Stortinget. I Farvel, Syria. Om eit folk på flukt kjem du til å møte sterke historier frå den verkelegheita flyktningane lever i, både i og utanfor Syria. Du kjem til å forstå litt meir av det som har skjedd i den verste flyktningkatastrofen sidan andre verdskrigen. Samtidig vil du bli klokare på kva val flyktningane tar, kvifor dei tar desse vala, og kva moglegheiter dei har. I boka ser eg nærare på korleis verda prøver å stille opp. Viktigast av alt er likevel forslaga som kan gjere situasjonen for flyktningane betre. Mange av oss er ikkje klar over kva konsekvensar det vil få dersom Tyrkia, Libanon og Jordan ikkje får ei hjelpande hand til å gi flyktningane ei framtid. Krigen i Syria kjem ikkje til å ende med det første, og vi bør førebu oss på at hjelpa bør vere langvarig. Dersom verdssamfunnet sviktar dei syriske flyktningane i nærområda til Syria, kan det


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 16

 , 

bidra til kollaps på lengre sikt. Derfor kjem eg også med nokre forslag til kva vi kan gjere for å forsterke hjelpa til eit nivå som er akseptabelt. Det viktige er at økonomiske midlar ikkje er nok. Flyktningane treng rettar. Dei treng opphaldsløyve, bustader, skular, sjukehus og arbeid. Det er her verdssamfunnet bør inn med ressursane sine. Temaet er omfattande, og endringar på feltet skjer raskt. Boka er derfor ikkje fullstendig utfyllande om kva som har med den syriske flyktningkatastrofen å gjere, men ho gir deg eit godt innblikk. Du vil forstå forskjellen på asylsøkarar og kvoteflyktningar, samtidig som du vil få eit overblikk over flyktningpolitikken som blir ført av dei ulike landa i både nærområda og resten av verda. Kapitla varierer frå å gi innblikk i historia til enkeltflyktningar til å gi oversikt over det større biletet av flyktningsituasjonen og dei politiske tilhøva. Du vil bli kjend med menneska eg har møtt på reisene mine til Jordan, Libanon og Italia, i tillegg til alle dei kvoteflyktningane eg har møtt rundt i norske kommunar. Vidare får du lese om Flyktningkonvensjonen, FNs høgkommissær for flyktningar, politiske forslag til endringar og politiske analysar. Eg trur denne samansetninga er viktig for å få ei god forståing av situasjonen dei syriske flyktningane lever i. Namna eg brukar på flyktningane, er for det meste dekknamn, fordi mange av dei ønsker å skjule identiteten sin. Bak dette ligg mellom anna frykt for kva familiemedlemene heime i Syria kan bli utsette


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 17

 

for dersom regimet eller opprørsgruppene blir kritiserte. Nokre har derimot valt å stille opp med fullt namn. Målet med Farvel Syria er å skape eit grunnlag for ein diskusjon om dei syriske flyktningane som er meir forankra i kunnskap enn i frykt, og som bidreg til å måle eit nyansert og realistisk bilete av utfordringane Norge og verdssamfunnet står overfor. Grefsen, . februar 


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 18

Gullbilletten eller båten – forskjellen på kvoteflyktningar og asylsøkarar Det var ingen som snakka i båten. Alle sat musestille. Det einaste som braut stilla, var motorduren og lyden av båten som skar gjennom dei låge bølgene. Innimellom gret nokre av borna. Dei over to hundre menneska om bord lytta etter redninga, og fleire av dei gret stille. Dei visste at dei hadde lagt alt i potten. Mange hadde reist i månadsvis eller årevis for å kome seg hit, dei hadde kanskje spart opp pengar i endå lengre tid. Det var ingen mellomting; anten kom du deg i land på den andre sida, eller så var det ute med deg. Kanskje kunne dei snart skimte Italia. For å forstå den syriske flyktningkatastrofen og det som skjedde våren , må vi starte på den andre sida av Middelhavet. Syrarane som valde den livsfarlege flukta over Middelhavet, frå Libya, Egypt eller Tyrkia til Italia, Malta eller Hellas, hadde allereie gjort opp eit brutalt reknestykke: Anten kunne dei halde fram liva sine inne i Syria, eller kanskje i ein flyktningleir eller eit vertssamfunn i nærleiken av Syria, eller gjere slik mange hundretusenvis gjorde: legge ut på ei livsfarleg reise over Middelhavet. Ei flukt med høgt sannsyn for å drukne undervegs. At mange valde og framleis vel denne siste utvegen, fortel mykje om den situasjonen


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 19

   

dei flykta frå. Det er dette brutale reknestykket mange syrarar på flukt må gjere opp: Det kan vere betre å drukne i forsøket enn å bli igjen. «Ahmed», «Aida» og vesle «Suhana» var blant dei som våga livet. Eg møtte den syriske familien i Sør-Trøndelag eit halvt år etter at dei hadde kryssa Middelhavet i ein liten fiskebåt. Dei fortalde ei historie som er felles for mange som har valt ei av båtrutene til Europa. Det unge ekteparet og borna deira flykta frå den syriske borgarkrigen og huset sitt i Damaskus til anarkiet i Libya, deretter til Italia før dei til slutt kom til Norge. I Damaskus hadde Ahmed og Aida ein stad å bu. Dei hadde jobb og inntekt. Dei fortel at livet ikkje var så verst, og at framtida såg lys ut. Politikk brydde dei seg ikkje om, anna enn at dei forstod at det ikkje var klokt å legge seg ut med president Bashar al-Assad og hans arabisk-sosialistiske parti, populært kalla Baath-partiet. Det syriske regimet brydde seg ikkje med deg, med mindre du brydde deg med det – i kjend diktatorstil. Etter kvart som opprøret tok ei meir borgarkrigsliknande form og krigshandlingane kom stadig nærare deira bydel, rett i utkanten av Damaskus, ønskte ekteparet å finne husly i eit tryggare område. All skytinga og dei plutselege bombeangrepa hadde skrudd bustadprisane så høgt at det ikkje lenger var mogleg å skaffe seg husvære i trygge delar av den syriske hovudstaden. Familien hadde blitt fortald at det var framtidshåp i Libya. Optimismen etter opprøret mot diktatoren Muammar Gaddafi vart delt fleire stader enn på flykt-


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 20

 , 

ningane sin ryktebørs. Dåverande statsminister i Norge og noverande generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, sa til Aftenposten at døden til Muammar Gaddafi var «starten på en ny epoke i Libya». NATO si bombing av det libyske regimet skulle føre til eit demokratisk og stabilt styre – og tryggleik og utvikling for innbyggarane i landet. Det var denne oppfatninga som rådde på Stortinget – der alle partia frå høgre til venstre stilte seg bak NATO-aksjonen mot landet. Med ein så optimistisk og håpefull retorikk frå diplomatar og politikarar i vestlege land var det kanskje ikkje så rart at mange syriske flyktningar lar seg lokke dit. Familien si einaste løysing var å kjøpe bussbillett til nabolandet Jordan. Planen var å reise frå Jordan til Libya gjennom Egypt. I Libya skulle dei bygge seg ei ny framtid. Reisa var lang, gjennom tørt, einsformig ørkenlandskap og framandt land. Dei hadde aldri vore utanfor Syria før. I time etter time sat dei vaktsame på bussen i tilfelle det skulle dukke opp røvarbandar langs vegen. At Aida var gravid med det første barnet deira, gjorde ikkje reisa noko lettare for det unge paret. Korrupte politifolk dukka opp fleire gonger og ville ha pengar for å sleppe bussen vidare. Etter kvart som dei nærma seg den libyske grensa, merka dei at landet var annleis enn både Syria, Jordan og Egypt. I staden for grensepoliti var det lokale væpna grupper, såkalla militsar, som skulle ha betalt for å la bussen og passasjerane passere uskadde.


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 21

   

Vel framme ved målet for reisa, byen Benghazi, gjekk det ganske fort opp for familien at ting ikkje var slik det var blitt dei fortalt. Det som møtte dei, var ein stat som hadde kollapsa. I likskap med resten av Libya var store delar av Benghazi prega av lovløyse, kaos og storstilt kriminalitet. Familien måtte heile tida betale lokale militsar pengar for at militsane skulle verne huset deira mot andre lovlause bandar med våpen. Mange menneske vart drepne i gatene framføre auga deira. Biltrafikken var livsfarleg, og ruinane etter det siviliserte Libyas fall var ein stor kontrast til dagleglivet i Damaskus. Då Aida skulle føde barnet, måtte dei nøye seg med eit nedslite og gamalt sjukehus i Benghazi der det mangla både medisinar, smertestillande og kompetent personell. Fødselen der var reine torturen, fortel Aida. Det gjekk heldigvis bra med både mor og barn. Ahmed fekk seg litt seinare jobb på ein bilverkstad, men der var det mange fleire tilsette enn dei hadde bruk for, så han måtte arbeide for luseløn. Det kunne ikkje halde fram på dette viset så mykje lenger. Ein dag hadde dei ikkje lenger pengar att til dei lokale militsane som vart betalte for å beskytte dei, og det merka dei fort konsekvensane av. Fleire gonger vart det skote mot leilegheita der dei budde, og dei opplevde at det vart skote rakettar mot bustadblokka deira. Det hende at naboar vart drepne medan dei sov. Krigen var nærare, meir intens og meir øydeleggande for liva deira i Benghazi enn han hadde vore heime i Damaskus. Flukta var ikkje over likevel.


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 22

 , 

«Det var eit helvete å leve i Libya. Vi måtte velje om vi framleis ville leve i eit slikt lovlaust inferno, eller om vi skulle ta sjansen på å kome oss over Middelhavet. For oss var det eigentleg aldri eit alternativ å betale menneskesmuglarar for å reise over havet, fordi vi visste kor farleg det var. Når familien vår heime i Syria ringde til oss, sa dei heile tida at vi ikkje måtte finne på å bli med desse båtane. Dei var veldig bekymra for at vi skulle velje det alternativet, fordi dei visste at mange som gjorde det, aldri kom fram. Sjøen var ein livsfarleg veg», fortel Ahmed. Likevel bestemte dei seg for å betale alt dei eigde for tre plassar i fiskebåten. «Det er det tøffaste valet eg har gjort i heile mitt liv», seier Ahmed. Sjøvegen var heller ikkje førstevalet deira. Ei stund før bestemte dei seg for å sende Aida og den nyfødde jenta med fly tilbake til Damaskus. Eit mellombels opphald i Damaskus freista meir enn infernoet i Libya. Planen vart spolert då Aida og Suhana vart avviste på flyplassen i Benghazi fordi dei ikkje lenger hadde gyldige identitetspapir – eit problem for mange av flyktningane som lèt seg smugle ut av Syria. Å sende Aida tilbake til Damaskus var ingen draumesituasjon for Ahmed, men dette var det tryggaste alternativet: Viss Aida hadde kome seg attende til Damaskus, kunne Ahmed likevel ta sjansen på båtreisa over Middelhavet utan å risikere liva til alle tre. Dessutan hadde Aida blitt gravid igjen. Dei tenkte derfor at ho ikkje burde utsettast for påkjenninga det var å sitte


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 23

   

timesvis i ein båt på ope hav. Det er ofte mennene som reiser først. Berre  prosent av flyktningane som tok sjøvegen til Europa i , var kvinner. Mange av kvinnene er igjen i Libanon, Tyrkia og Jordan. Eller endå verre: inne i Syria. Vel framme i ei trygg hamn i Europa kunne Ahmed ha funne ei løysing som fekk heile familien dit, anten ved hjelp av falske identitetspapir, familiegjenforeining eller på anna vis. Ahmed visste at om dei tre tok båten over Middelhavet, kunne det bety slutten for dei alle. Men han opplevde at han ikkje hadde noko val. Han kontakta kjenningar på bilverkstaden som kjende menneskesmuglarar. Dei kunne fortelje at prisen for ein billett var  dollar per person – også for vesle Suhana. Det tilsvara kring   kroner for alle tre. Dette var eit stort beløp å betale. Men det å halde fram med å leve i Libya var ikkje mogleg. «Vi tenkte det var betre å døy i forsøket på å nå Europa enn å leve vidare i Libya», seier Ahmed. Dei følgde med på vêrmeldinga i vekevis. I finvêr var det størst sjanse for å kome seg heilskinna over havet. Med sol og lite vind ville det kanskje ikkje ta meir enn ti eller tolv timar før dei kunne sitte trygt på dekk hos eit italiensk kystvaktskip. Likevel, sjølv i finvêr var det ingen garanti for at båten ville kome seg velberga over dei store havområda mellom det nordlege Afrika og det sørlege Europa. Sjølv om båten skulle klare å kome seg til eit redningsfartøy på den andre sida, skjedde det ofte at båtflyktningane i augneblinken


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 24

 , 

dei såg at redninga var nær, vart desperate, slik at båten kantra. Mange kan ikkje symje, og dei overfylte båtane slit med å halde seg stabile i vatnet. Om litt for mange lener seg mot den eine sida av båten, kan det vere nok til at båten krenger og katastrofen er eit faktum. Fleire gonger har redningsfolk i italienske kystvaktskip eller handelsskip sett at flyktningane har drukna rett framføre auga på dei. Ein dag i august , etter over to år i Benghazi og Libya, såg vêrmeldinga for dei neste dagane god ut. Familien tok sjansen, Ahmed ringde til menneskesmuglarane han hadde fått nummeret til, og dei tre vart frakta til småbyen Zuwara. Han ligg ved kysten heilt nordvest i landet inntil den tunisiske grensa, der det er kortast over til det italienske fastlandet. Ahmed hugsar framleis godt denne morgonen. Alle var veldig stille, og ein kunne nesten kjenne lukta av redsle rundt dei. Dei kom til eit hamneområde med ei strand der dei vart bedde om å vasse utover til båten som låg lenger ute i hamna. «Det var så djupt at eg måtte bere vesle Suhana på skuldrene mine for at ho ikkje skulle bli våt», seier Ahmed. Oppe i båten var det trongt om plassen. Det var for mange, tenkte han. Flyktningar frå fleire afrikanske og arabiske land. Nokre asiatar også. Etter at syrarane for alvor byrja å flykte frå landet sitt, var det mange andre nasjonalitetar som hengde seg på. Dei hadde allslags ulike motiv. Denne morgonen sat dei alle så tyste at kvart vesle bølgeskvulp og alle små variasjonar i


Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 25

   

motorduren kunne høyrast. Dei var våte etter strabasane før dei kom opp i båten, og det verka som om Suhana merka at det var fare på ferde. Ho var uroleg og grein mykje. Det var ein erfaren tunisiar som styrte båten i stø kurs mot områda der dei italienske kystvaktfartøya patruljerte. Han hadde GPS, noko dei fleste smuglarbåtane ikkje har. Det vart sagt at han gjorde dette ofte: reiste med flyktningane over havet og tok fly attende til Tunisia og Libya for nye turar. Ofte får flyktningane ansvaret for å styre båtane sjølv. I mange tilfelle er det dømt til å gå gale allereie før dei forlèt dei libyske strendene. Elles var det stilt. Ikkje ei bølge. Ei steikande sol varma frå ein himmel utan skyer. Dei var heldige med vêret. Etter ti timar på sjøen, i blikstille vatn, kunne dei endeleg skimte eit italiensk kystvaktskip i horisonten. Stemninga steig, sjølv om dei visste at dei ikkje var trygge enno. Det var framleis mogleg å kantre. Det kunne framleis ende fatalt. Mannskapet om bord på det store kystvaktskipet kasta ut tau og redningsbøyer, og rekte ut hjelpande hender til flyktningane i det dei klauv over ripa. Endeleg kjende Ahmed at han kunne lene seg inntil ein vegg av omsorg, letten braut fram, og han vart fylt av gode kjensler. Dei hadde klart det. Den vesle familien hans vart ikkje ein del av drukningstala i Middelhavet. No var han trygg. Suhana fekk mat, eit pledd og små leiketøy av mannskapet. Gravide Aida vart straks tatt hand om av den italienske legen på skipet.