__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


M_Eit eige rom.indd 2

22/09/15 10.13


Alfred Fidjestøl Eit eige rom Norsk kulturråd 1965–2015

Samlaget Oslo 2015

M_Eit eige rom.indd 3

22/09/15 10.13


4 | norsk kulturrüd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 4

22/09/15 10.13


Innhald 8 forskrift 11 Kapittel 1: «Skal norsk kultur avvikles?» – frå kulturkrise til kulturansvar 15 Nokon har snakka saman 19 Frå Forsøksråd til Kulturråd 24 Heiberg mot Groth 27 «En dynge skitt som burde være dobbelt beskattet» 36 «Støtt kulturen! Kjøp ‘Love’, kjøp ‘Cocktail’!» 39 «Noe farlig ligger i luften» 43 Kapittel 2: Pragmatisk og regelskeptisk – Kulturrådet tar form 45 Stolleiken 53 Automatisk innkjøpsordning 58 Det første normalåret 61 Vekk med bokavgifta 65 Kapittel 3: «Meiningslaus rabling» – rindalismen kjem til Noreg 69 Leirfallismen 75 Permanent innkjøpsordning 82 «Minste motstands veg» 85 Kapittel 4: Utvida kulturomgrep – innskrenka kulturråd 90 Prøysens siste pris 94 «Observere og lytte istedenfor å snakke» 99 «Fei vekk søpppelet!» 102 Bingo og Beethoven: Den første kulturmeldinga 106 Å finne seg sjølv: Den andre kulturmeldinga 112 Kulturdebatt utan Kulturrådet

innhald | 5

M_Eit eige rom.indd 5

22/09/15 10.13


117 Kapittel 5: Inn på Hospitalet – ein kur for Kulturrådet 121 Ukontroversielt kulturvern 127 Draumen om Hospitalet 134 «Selvforståelse» 143 «Høyres kulturrådssjef» 146 Natt på hospitalet 151 «Norsk i hodet» 157 Kapittel 6: Rådet aust for Pecos – Kulturrådet møter populærkulturen 160 a-ha eller Stedje 163 I 13. time 166 Gullgut til åtak 173 Kapittel 7: «Supperåd uten suppe» –kulturlivets forsøks- og utviklingsråd 176 Visjonen i sentrum 180 Aftenposten mot Kulturrådet 184 «Et rent avlastningsorgan» 188 «Kultur i tiden» 193 Kapittel 8: Ei arktisk løve – Kulturrådet under lidvinismen 198 Utgreiingseininga 201 Delegerte forvaltningsoppgåver 206 Fem meter høg livmor 213 Kapittel 9: Det frie feltet –det nye ansvarsområdet 217 Strid om scenekunsten 221 Den store nulledebatten 226 Frå Panga til Mosaikk 232 «Å, er det kulturrådsdirektør han er»

6 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 6

22/09/15 10.13


241 Kapittel 10: Å danse folks liv – Stortinget versus Kulturrådet 245 Giske tar opp kampen 249 Aksjon utvid innkjøpsordninga 252 Popkulturell oppdatering 255 By mot land 259 «Kulturpolitikk fram mot 2014» 263 Kapittel 11: Kampen for sjølvstendet –Knut Haavik goes native 266 «Barnehage- og fritidsklubbtenkning» 270 «Syphilia leser og lider for deg» 276 «Vi har så korte armar» 279 Farvel til embetsmannsstaten 283 Rådet i eit minefelt 288 Aviser i skvis 293 Kapittel 12: Kringsett av vener –kulturråd i kulturkamp 297 ABM-avvikling 299 Endringskompetent direktør 305 Ytringskultur i tida 311 Kapittel 13: Kulturråd i det blå-blå – uviss fortid, uviss framtid 314 Ny regjering 317 Høgttenkande statssekretær 323 Kulturstyret 325 Lovlaust Storting 329 «Passe prinsipielle» 331 Ny lov, ny retning 337 339 352 356 361

etterord notar litteraturliste sakregister namneregister

innhald | 7

M_Eit eige rom.indd 7

22/09/15 10.13


Forskrift Stundom les ein i avisene om folk som manglar minne. Menneske som plutseleg er hamna ein plass, og som verken kan g jere greie for kven dei er, eller kvifor dei er hamna der dei er. Politi og helsevesen må ta seg av dei. Ved hjelp av etterforsking og terapi og stundom offentlege etterlysingar freistar dei å hjelpe dei tilbake; til å finne ut kven dei er ved å undersøke kven dei var, slik at dei sjølve kan velje kven dei vil vere. Norsk kulturråd kan likne eit slikt fortapt menneske. Då kulturrådsadministrasjonen nyleg skulle utarbeide eit strategidokument fram mot 50-årsjubileet, rådde det undervegs full intern forvirring i dei ulike utkasta om kva substantiv som mest presist definerte Norsk kulturråd. Var det ein tradisjonell etat underlagd eit departement? Var det eit direktorat? Eller var det eit organ, og i så fall eit armlengdes-avstand-organ, kva no det skulle bety? Eller var det fleire ting på same tid og eigentleg litt av alt? Den såkalla blå-blå regjeringskoalisjonen som kom til makta hausten 2013, varsla straks ei kulturpolitisk fridomsreform med styrking av det frie feltet og maktspreiing. Samstundes valde den nye regjeringa å redusere løyvingane til Norsk kulturråd og lova ei full g jennomgang av verksemda. Situasjonen var forvirrande. Den nye statssekretæren i Kulturdepartementet, Knut Olav Åmås, kom rett frå stillinga som kulturredaktør i Aftenposten. Den moderne versjonen av Norsk kulturråd har ein «ytterst forvirrende og forvirret rolle», hadde han skrive der i 2010: «Selv innsidere i kulturlivet har vansker med å skjønne hvorfor Norsk kulturråd er sammensatt slik og hva hensikten er.»1 Kva Norsk kulturråd er, er eit ope spørsmål. Kva det skal vere, er eit politisk spørsmål. Men kva det har vore, er eit historisk spørsmål. Det er mogleg å undersøke det og g je framlegg til svar. Denne boka er ein slik freistnad. Det er ikkje ei bok om det kunst- og kulturlivet som er blitt støtta gjennom kulturrådssystemet desse 50 åra, det er ikkje ei bedriftshistorie om administrasjonen og dei mange som har vore tilsette i den, og det er heller ikkje historia til dei institusjonane som på ulike tidspunkt er blitt fusjonerte inn i den stadig større kulturrådsadministrasjonen som Statens kunstnarstipend, Fond for lyd og bilete eller ABM-utvikling. Det er ei forteljing om sjølve Rådet, om korleis og kvifor Gerhardsenreg jeringa fekk ideen om at det skulle bli etablert eit eige rom utanfor og ved sida av reg jering og Storting. Og om korleis dette rådet med skiftande mannskap og varierande kompetanse har brukt dette handlingsrommet til å forme 8 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 8

22/09/15 10.13


norsk kulturliv. Teksten held seg innanfor triangelet mellom styresmaktene, den ålmenne offentlegheita og dette rådet. Det har alltid stått strid om Norsk kulturråd, og denne teksten vil framheve striden og underkommunisere dei mange ukontroversielle tiltaka som har fått støtte. Norsk kulturråd har vore kontroversielt fordi det er blitt plassert midt i krysselden for nokre av dei mest grunnleggande motsetnadene i dette samfunnet, motsetnaden mellom elitekultur og folkekultur, mellom by og land, mellom ekspertar og folkevalde, mellom kunstens fridom og dei politiske krava til kunsten.

forskrift | 9

M_Eit eige rom.indd 9

22/09/15 10.13


10 | norsk kulturrüd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 10

22/09/15 10.13


Kapittel 1: «Skal norsk kultur avvikles?» – frå kulturkrise til kulturansvar

Helge Sivertsen (t.v.), Einar Gerhardsen og Andreas Cappelen tok kulturpolitikken ut av Stortinget ved opprettinga av Norsk kulturråd. FOTO: AFTENPOSTEN/NTB SCANPIX

Den 12. februar 1959 var heile det sentrale litterære og kulturpolitiske miljøet i Noreg samla til konferanse. Dei var på restaurant Glohane på toppen av Folketeaterbygget i Oslo, på eit møte i regi av Arbeidernes Opplysningsforbund. Under dei var Oslo i VM-feber. To dagar seinare skulle det vere VM i skøyter på Bislett. Knut «Kupper’n» Johannesen, som nettopp var blitt europameister på Nya Ullevi i Göteborg, kom til Oslo denne dagen etter ei vekes treningsopphald på Lillehammer og bad innstendig om ro; «la oss få være i fred til mesterskapet er over,» instruerte Kupper’n VGs lesarar.1 Begge meisterskapsdagane var utselde, men NRK skulle radiooverføre fem timar med Oddvar Foss og Knut Bjørnsen i kommentatorboksen. I tillegg var 20 fjernsynsmedarbeidarar i sving for å kringkaste skøyte-VM som del av NRK fjernsynets prøvesendingar. Trass Kupper’ns skuffande fjerdeplass skulle dette i ettertid bli ståande som sjølve fjernsynsgjennombrotet i Noreg. Masseidretten og dei nye etermedia hadde gode tider. Det tradisjonelle kulturlivet sleit tilsvarande. Tolv etasjar under konferansedeltakarane på restaurant Glohane førebudde Folketeatret kveldens framsyning av Helge Krogs Det store vi. Men berre eit fåtal av dei 1100 seta var selde. Folketeatret skulle straks leggast ned og bli slått saman med Det Nye Teater. «Teaterkrise» var ålment etablert som nemning på den plutselege svikten i teaterbesøket på 1950-talet. Den parallelle krisa for den norske skjønnlitteraturen hadde ikkje fått noko tilsvarande namn, men var like akutt. Og det var den som var emne for konferansen. Talet på nye utgjevingar fall drastisk, det same gjorde salstala for dei bøkene som faktisk blei gjevne ut. «Arbeiderbevegelsen og litteraturen» var konferansetittelen, Arbeidarpartiet reg jerte landet med reint fleirtal på Stortinget og hadde makta til å setje i verk tiltak om nokon kom opp med den rette ideen. Formannen i Den norske Forleggerforening og direktør i J.W. Cappelens Forlag, Henrik Groth, var invitert som innleiar og freista som best han kunne å provosere fram litt sjølvkritikk i salen. Groth var ingen sosialdemokrat, han var ein verdikonservativ samfunnsdebattant, frykta og elska for sine spissformuleringar og 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 11

M_Eit eige rom.indd 11

22/09/15 10.13


Henrik Groth ville fjerne omsetningsavgifta på bøker. FOTO: LEIF ØRNELUND/OSLO MUSEUM

uærbødige sarkasmar. Tynn og lang med ei minimalistisk stripe av ein bart entra han talarstolen og raljerte over arbeidarrørslas falske forhold til litteratur. Arbeidarrørsla hadde arbeidd for frigjering av ein heil samfunnsklasse, utan å innlemme frig jering til lesnad i prosjektet sitt. Arbeidarrørsla hadde berre interessert seg for den litteraturen som hadde eit politisk og propagandistisk potensial; arbeidarar skulle berre lese «ting som næret den sosiale indignasjon».2 Det var på høg tid reg jeringa g jorde noko for den norske bokbransjen. Og tiltaket bransjen trong, var enkelt, meinte Groth: Ta vekk omsetningsavgifta på bøker. Sidan 1935 hadde det vore ålmenn omsetningsavgift på dei fleste varer og tenester i Noreg, frå 1951 sett til 10 prosent. Bøker var inkluderte, mens pressa var fritatt. Vanskane med å skilje klart mellom presse og vekeblad g jorde at òg vekeblad hadde sloppe unna. No meinte Groth bøker måtte kome på linje med aviser og vekeblad, og at all trykt skrift heretter blei fritatt for avgift. Formann i Den norske Forfatterforening og sjef for NRKs Radioteatret, Hans Heiberg, heldt eit innlegg etter Groth der han sette ord på det han meinte 12 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 12

22/09/15 10.13


Hans Heiberg ville ha målretta tiltak for å hjelpe den norske skjønnlitteraturen. FOTO: LEIF ØRNELUND/OSLO MUSEUM

var den prinsipielt nye situasjonen for norsk skjønnlitteratur. Forlaga kunne i større grad enn tidlegare importere utanlandske bestseljarar som hadde vist sitt kommersielle potensial over heile verda, og risikofritt trykke desse bøkene i store opplag med tilsvarande låge prisar på den norske marknaden. Andelen norske bøker i den skjønnlitterære bokhausten var derfor jamt fallande. Samstundes var vegen ut i verda blitt radikalt mykje vanskelegare for norske bøker ved at ruta alltid hadde gått g jennom Tyskland, ein veg som var blitt «brutt da Hitler kom».3 Resultatet var at økonomien hadde svikta totalt for norske forfattarar. Konsekvensen av Heibergs analyse var at ein heller enn å fjerne omsetningsavgifta på alle bøker burde setje i verk målretta tiltak for å hjelpe den norske delen av skjønnlitteraturen. Det var altså usemje om tiltaka, men semje om kriseforståinga. Konferansen var slik sett eit vendepunkt. Heilt sidan krigen hadde den norske kulturpolitikken blitt styrt ut frå ein kulturoptimistisk tese. Vekst og velstand prega samfunnsutviklinga elles, folk fekk betre råd og meir fritid, og fleire tok høgare utdanning; det var berre eit spørsmål om tid før denne velstandsveksten ville g je seg utslag for kulturlivet. Fritid 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 13

M_Eit eige rom.indd 13

22/09/15 10.13


pluss kjøpekraft er lik auka kulturkonsum, var den kulturoptimistiske tesen. Og tesen var så sjølvsagd at han knapt trong empiri. Men ved overgangen til 1960-talet sneik det seg inn ei erkjenning, mellom norske kulturaktørar, i bransjeorganisasjonane, i stortingsopposisjonen og heilt til topps i Det norske Arbeidarpartiet, om at denne kulturoptimismen kanskje var feilslått. Det kulturpolitiske miljøet i Arbeidarpartiet såg no at det måtte g jere noko aktivt for å løfte norsk skjønnlitteratur. Likevel var det få konkrete framlegg til tiltak på restaurant Glohane. Frasen «noe drastisk» g jekk ig jen hos fleire. Berre sjefbibliotekar ved Deichmanske bibliotek i Oslo Henrik Hjartøy kom med ein heilt konkret idé. Men han formulerte seg så beskjedent og prøvande at det var ingen i salen eller i dei nedsette arbeidsutvala etter konferansen som greip fatt i ideen. Hjartøys framlegg var at staten kunne kjøpe inn 1100 eksemplar av alle nye norske skjønnlitterære bøker og dele desse ut gratis til alle folkeboksamlingane i landet. Biblioteklova, som var blitt vedtatt i 1935 og skjerpa i 1947, fastslo at det skulle vere eit folkebibliotek i kvar norsk kommune. Det var dermed eit utbygd mottaksapparat for nye bøker over heile landet. Helge Sivertsen, som hadde vore statssekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet og no var skuledirektør i Oslo, men framleis sentral i Arbeidarpartiet, var til stades på konferansen. Han heldt eit innlegg der han gav ein peikepinn om korleis det blei tenkt om desse tinga på toppen av Arbeidarpartiet; han gjekk nemleg klart mot Groths framlegg om å fjerne omsetningsavgifta på bøker. Kvifor skulle ikkje bokbransjen bidra til den felles velferda vår som alle andre bransjar? Og ville fjerning av avgifta på bøker vere eit selektivt tiltak for å skjerme nett den norske skjønnlitteraturen? Nei, støtta burde heller gå «den direkte vegen», meinte Sivertsen, som direktestøtte til norske forfattarar. Og kanskje kunne ein finansiere eit slikt løft gjennom å hente noko pengar frå den stadig veksande og lønsame vekebladbransjen, spekulerte han.4 Konferansen var over på ein kveld, men det blei sett ned fem arbeidsgrupper som skulle greie ut fem utvalde emne i ettertid. Den viktigaste gruppa fekk «Statens oppgaver og forpliktelser» som overskrift og forfattarane Torolf Elster og Hans Heiberg og nettopp Helge Sivertsen som medlemmer. Gruppa viste til at staten ytte 400 000 koner per år til norsk litteratur, men meinte dette burde aukast til ein million. Denne millionen burde gå til arbeidsstipend for forfattarar, reisestipend, honorarutbetaling til arbeidet med verdfulle bøker som hadde selt lite, trykkestøtte til verdfulle verk og arbeid for å spreie norsk litteratur i utlandet. Utvalet hadde fleire idear til korleis dette kunne finansierast, og meinte det var naturleg at ein tok noko frå det staten tente inn på avgift av bøker, og nemnde dessutan ig jen tanken om avgift på vekeblada

Innkjøpsordningas far Henrik Hjartøy. FOTO: LEIF ØRNELUND/OSLO MUSEUM

14 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 14

22/09/15 10.14


og viste til eit gamalt framlegg frå Forfattarforeininga om dette. Gjennom dette utvalsarbeidet blei trekløveret Elster, Heiberg og Sivertsen kulturpolitisk samsnakka. Den norske Forfatterforening var sjølvsagt prinsipielt mot avgift på bøker, men no fekk Sivertsen formannen i foreininga Hans Heiberg til å innsjå at det var meir tenleg å halde på denne avgifta og heller auke den direkte støtta til norsk litteratur. Ein allianse var skapt. Nokon har snakka saman Året etter Glohane-konferansen, i april 1960, tok statsminister Einar Gerhardsen endeleg Helge Sivertsen inn i regjeringa, som ny kyrkje- og undervisningsminister. Sivertsen var eit sjølvsagt val, vedgjekk Gerhardsen seinare. No fekk Sivertsen sjølv ansvaret for å følg je opp ideane han hadde lansert året i førevegen. Som politikar var han eit sterkt kort. Han hadde blitt landets første statssekretær i same departement i 1947, og hadde fungert som ein synleg og viktig statssekretær som hadde sett spor etter seg i både skule- og kulturpolitikken. Helge Sivertsen var arkitekten bak skulereforma som nyleg var g jennomført, med felles niårig grunnskule, og han var strategen bak dei såkalla ambulerande riksinstitusjonane innan kulturlivet, med Riksteatret i 1949, Norsk Bygdekino i 1950 og Riksgalleriet i 1953. Sivertsen var nøkkelmannen både i kulissane og på dei høgtidlege opningane. Den 23. juli 1950 hadde han vore mellom dei 300 publikummarane som pressa seg saman i forsamlingshuset i Storsteinnes for å sjå den svenske filmen Bare en mor som opningsfilm for Norsk Bygdekino. Og den 16. september 1953 hadde han opna Riksgalleriets første utstilling, «Norsk kunst fra Edvard Munch til i dag», i Drammen Kunstforening. Han var dessutan eit kjent namn og andlet. Han hadde vore på friidrettslandslaget, hadde konkurrert i både diskos og kule, med 47,72 og 14,42 som personlege rekordar, og hadde to noregsmeisterskap og deltaking i olympiaden i Berlin i 1936 på samvitet.5 Framleis kunne han sitje umerkeleg og bende handa mot bordplata når han sat i politiske møte, for å trene og vedlikehalde diskosarmen. Statsrådsutnemninga kunne tolkast som endå eit signal om at kulturpolitikken skulle prioriterast høgare i tida framover, og no var det spesielt litteraturen som fortente eit ekstra løft. Kyrkje- og undervisningsdepartementet under Sivertsens leiing var eit lite departement med få tilsette, men med ein stor portefølje og store utfordringar. Som statssekretær valde Sivertsen seg Enevald Skadsem, eit namn «som hentet ut av Garborgs bøker», ifølg je VG. Skadsem var jærbu, landsgymnasiast og jurist og byråsjef i same departement før han takka ja til den politiske stillinga. Ekspedisjonssjef i kulturavdelinga var Leif J. Wilhelmsen, engelskfilolog og tidlegare kulturattaché ved ambassaden i London og den første direktøren for Universitetet i Bergen. Og som byråsjef i 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 15

M_Eit eige rom.indd 15

22/09/15 10.14


Kontoret for kunst- og kulturarbeid sat Ingeborg Lyche, cand.mag. med planar om ein magistergrad i engelsk etter kvart og arbeidsrøynsle mellom anna frå utanriksdepartementet i London under krigen. Sivertsen var rask med å knyte til seg og søke råd hos sentrale norske forfattarar – og Ap-sympatisørar – som Hans Heiberg, Torolf Elster og Arve Moen. Forleggarforeiningas Henrik Groth hadde han mindre kontakt med, men i det offentlege ordskiftet var det Groth som sette dagsordenen. Hausten 1961 heldt Henrik Groth eit føredrag i Folketeatret under opninga av Østlandske Lærerstemne som blei mellom dei mest siterte og diskuterte føredraga i nyare norsk kulturhistorie. «Skal norsk kultur avvikles?» var den polemiske tittelen, og Groth formulerte her den generelle uroa og moderne kulturpessimismen på ein måte som g jorde at eit breiare politisk miljø plutseleg forstod alvoret. Groth snakka om stormaktsgravitasjonen som ein trussel mot norsk kultur og raska med seg alle kunstgreiner i forfallstesen. Den norske skjønnlitteraturen var i fritt fall. I 1931 var 68 prosent av skjønnlitteraturen i Noreg skriven av norske forfattarar, i 1960 berre 31. Den statlege støtta til norsk skjønnlitteratur var no 400 000 kroner per år, men burde straks 20-doblast til 8 millionar, meinte Groth. Staten tok inn 12 millionar i omsetningsavgift på bøker og ville dermed framleis sitje att med ei forteneste på 4 millionar. Vi må tenke oss at den norske marknaden ikkje var 3,5 millionar menneske, foreslo Groth, men 10 millionar. Ein diktar som selde 600 eksemplar, burde få vilkår som om boka selde 3000. Uroa til Groth for den norske litteraturen var i siste instans fundert i språksituasjonen. Groth var irritert på nynorsken og dei politiske freistnadene på å hjelpe fram eit samnorsk skriftspråk. Han kalla Ivar Aasen den «største tragedie i norsk kulturs historie», og han harselerte med dei nye skulebøkene som var skrivne etter Norsk språknemnds læreboknormal som Stortinget nyleg hadde vedtatt. «Hvem har ikke kjent den stramme, kjemiske lukt som står ut av skolebøkenes språk? Det er lukten av syntetisk kunstprodukt, av unatur, av komité, av forskrifter,» freste Groth. Skulle det norske språket reddast frå språkteknokratane, føresette det ein sterk og livskraftig norsk skjønnlitteratur, meinte Groth. Om ikkje politiske tiltak no blei sette i verk, kunne det norske språket ende opp som eit «litteraturløst pludrespråk til bruk i kjøkken og fjøs».6 Føredraget fekk brei pressedekning. Aftenposten trykte heile manuskriptet over to dagar. Helge Sivertsen var ikkje glad for dei stadige åtaka frå Groth mot avgifta på bøker. Men Groth var likevel ein nyttig alliert for å auke og spreie forståinga av at den norske skjønnlitteraturen fortente ekstraordinære tiltak. Det kvantitative argumentet fungerte. Ideen om at styresmaktene måtte kompensere økonomisk for at Noreg var eit lite – og kløyvd – språksamfunn,

«Hvem har ikke kjent den stramme, kjemiske lukt som står ut av skolebøkenes språk? Det er lukten av syntetisk kunstprodukt, av unatur, av komité, av forskrifter.» Henrik Groth

16 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 16

22/09/15 10.14


«I øyeblikket betaler stat og kommune lønn til over 30 000 lærere, prester og vitenskapsmenn. Om det ble 30 050 ville det ikke slå vår økonomi ut av balanse.» Helge Sivertsen

sette seg. Helge Sivertsen delte det synet, og før jul 1961 hyrte han inn den lovande doktorgradsstipendiaten i litteratur Brikt Jensen til å lage ei utgreiing om dei utfordringane eit «lite samfunns kulturliv møter når presset fra internasjonale strømninger stadig øker».7 Jensen viste at av dei 285 forfattarane som var organiserte i ei av dei to forfattarforeiningane våre, var det berre om lag ti som kunne leve av forfattarskapane sine, og at omsette romanar dominerte stadig meir av den norske skjønnlitterære marknaden. Helge Sivertsen laga eit såkalla PM, eit kortfatta dokument til intern bruk i reg jeringa, på 13 sider basert på Jensens rapport, som han la fram i mars 1962.8 Her formulerte Sivertsen den nye kulturpessimismen, erkjenninga av at marknaden åleine ikkje lenger kunne bere kulturlivet. Tradisjonelt hadde vitskapen vore finansiert av det offentlege og kunsten av marknaden, forklarte Sivertsen. Men no hadde situasjonen endra seg: «Dette systemet svikter nå på vesentlige punkter, dels fordi sterke kommersielle interesser virker inn på publikums etterspørsel, vel også fordi sansen for god kunst ennå ikke er tilstrekkelig utviklet hos et stort publikum.» Og så lenge Sivertsen heldt på parallellen til vitskapen og den vitskaplege finansieringa, verka ikkje den varsla kulturoffensiven så dramatisk: «Jeg antar at det i alt dreier seg om 50 norske forfattere, som på en eller annen måte bør skaffes så stor tilleggsinntekt at de kan ofre seg for sin kunst. I øyeblikket betaler stat og kommune lønn til over 30 000 lærere, prester og vitenskapsmenn. Om det ble 30 050 ville det ikke slå vår økonomi ut av balanse.»9 Helge Sivertsen førebudde hermed det første samla større løftet for norsk kulturpolitikk. Hittil hadde kulturpolitikken vore relativt tilfeldig. Statsdanninga i 1814 hadde representert eit kulturelt nullpunkt utan norske nasjonale kulturinstitusjonar, og det som var kome til resten av hundreåret, var stort sett starta opp som private initiativ med økonomisk hjelp frå staten i krisetider. I 1818 gav staten støtte til dei som ville etablere ein nasjonal teikneskule, i 1836 til ei nasjonal kunstsamling som seinare skulle bli til Nasjonalgalleriet, og først på 1930-talet innsåg Stortinget at det burde ta eit økonomisk medansvar for drifta av dei nasjonale teatera, Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene. Det hadde aldri blitt lagt fram noka kulturmelding, framleis fanst det ikkje ei eiga kulturavdeling i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Men no foreslo Sivertsen ei rekke overordna tiltak. Han stipulerte den samla kostnaden ved desse tiltaka til 8–9 millionar kroner i året, og foreslo dette finansiert ved ei 10-øres avgift på vekeblad for kvart selde eksemplar over 15 000. Han nemnde ingenting om noko kulturfond eller kulturråd, dette skulle vere ei tradisjonell ekstrasatsing over statsbudsjettet, finansiert ved ei

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 17

M_Eit eige rom.indd 17

22/09/15 10.14


ny avgift. Men finansminister Petter Jakob Bjerve sa nei til den nye avgifta. Omsetningsavgift på vekepressa var kontroversielt og prinsipielt vanskeleg. Det store kulturløftet til Sivertsen blei sett på vent. Men han fekk gjennomslag for ei omlegging av den statlege stipendpolitikken. Ordninga med kunstnarløner blei hausten 1962 avvikla til fordel for treårige arbeidsstipend, men slik at dei som alt hadde fått kunstnarløner, skulle få halde på sine. Den gamle ordninga var overmoden for revisjon. Ho fungerte dessutan meir som pensjon og takk for lang og tru teneste enn som støtte til aktivt skapande kunstnarar. I 1958 hadde snittalderen på dei forfattarane som fekk kunstnarløn, vore 71 år.10 Kunstnarorganisasjonane skulle innstille på kven som skulle få stipend, og Sivertsen skulle konsekvent følg je desse innstillingane. I dette låg det ei viktig erkjenning av at det var uheldig om styresmaktene meinte noko direkte om kva kunstnarar som fortente stipend. Stipendreforma var eit viktig grep for å styrke kunstlivet i Noreg og for å knesetje eit prinsipp om grensene for den kulturpolitiske innblandinga i kunstlivet. Men Sivertsen hadde større ambisjonar. Gjerninga hans fekk eit overraskande avbrot då Gerhardsen-reg jeringa den 28. august 1963 blei felt i Stortinget. Granskingsrapporten av den såkalla Kings Bay-ulukka på Svalbard var blitt diskutert over tre dagar i Stortinget og enda med at dei to representantane for Sosialistisk Folkeparti støtta mistillitsframlegget frå opposisjonen og kasta reg jeringa. Dei borgarlege partia danna reg jering med Høgre-mannen John Lyng som statsminister, ei reg jering som hadde stortingsfleirtalet mot seg og blei felt på nytt etter berre tre veker. Likevel var det vesle borgarlege intermessoet eit varsel. Det fanst eit regjeringsalternativ om valet i 1965 skulle endre samansetnaden av Stortinget i borgarleg favør. Den sosialdemokratiske æraen gjekk kanskje mot slutten. Helge Sivertsen hadde ikkje lenger uavgrensa med tid. Og då Gerhardsen sette inn juristen og den tidlegare kommunal- og arbeidsministeren Andreas Cappelen som ny finansminister, kunne Helge Sivertsen g jere ein ny freistnad på å få innført ei vekebladavgift øyremerkt norsk kulturliv. Under ein Nordisk Råd-sesjon i 1963 var det ei uformell samkome mellom Sivertsen, Gerhardsen og Cappelen. Gerhardsen hadde sans for Sivertsens kongstanke. Helge Sivertsen var ein av Einar Gerhardsens fortrulege i partiet. Helge og Merle Sivertsen ferierte ofte i lag med Einar og Werna Gerhardsen, dei hadde årlege påsketurar i fjellheimen ved Harpefoss i Gudbrandsdalen og hadde vore på campingtur i 1956 gjennom Danmark, Tyskland og Sveits til Italia. Gerhardsen stolte på Sivertsen og ville gje han frie tøylar til å formulere det varsla kulturløftet. No bestemte desse tre, kjapt og uformelt,

18 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 18

22/09/15 10.14


at dette skulle bli reg jeringas politikk. Nokon hadde snakka saman. Saka var avgjord.11 Kyrkje- og undervisningsdepartementet planla då å legge fram historias første norske stortingsmelding om kultur. Ingeborg Lyche fekk i oppdrag å skrive ei første skisse. I desember 1963 hadde ho klart eit utkast på 43 sider, der ho la vekt på at staten ikkje skulle kontrollere kulturlivet, men verne den kulturelle fridomen. Sakkunnige råd måtte avgjere statsstipend og statleg kjøp av kunst, til dømes. Dei sakkunnige rådsmedlemmene burde ikkje sitje for lenge om gongen, og desse råda burde helst vere desentraliserte. Lyche foreslo fleire ambulerande riksinstitusjonar, fordobling av talet på kunstnarstipend, styrking av utdanningsinstitusjonane, oppretting av ein musikkhøgskule og eigne tiltak for utg jeving av særleg verdfull litteratur. Ho g jekk mot fjerning av omsetningsavgifta på bøker, fordi det tiltaket berre ville favorisere konkurranseevna til den omsette litteraturen.12 Det var eit stort arbeid på lita tid, men det blei droppa og forkasta og lagt i ei skuffe. Prosessen med ei stortingsmelding ville ta for lang tid; helst burde alt vere vedtatt før valet hausten 1965. Dessutan visste Sivertsen at finansieringsideen med avgift på vekeblada var kontroversiell, og han ville derfor vente med å røpe noko til alt kom ut samla i form av ein stortingsproposisjon. Hemmeleghaldet var stort, Sivertsen avg jorde sjølv undervegs i prosessen kven som skulle vite om denne koplinga mellom avgiftsutvidinga og kultursatsinga. 13 Debatten skulle bli kort og intens. Innhaldsmessig arbeidde departementet vidare etter dei same tankane som i Lyches utkast til stortingsmelding. Så seint som i februar 1964 arbeidde ein framleis utan ein idé som kunne minne om Kulturfond-proposisjonen. Forleggarforeiningas formann Henrik Groth hadde forlate alle sine tidlegare og subsidiære framlegg om ekstrastøtte til verdfull litteratur, og fekk samla forleggarforeininga om dette eine: Foreininga kravde at den statlege litteraturstøtta burde kome g jennom eit fritak frå omsetningsavgift på bøker. I den breiare offentlegheita kunne det sjå ut som han var i ferd med å få g jennomslag. Dei borgarlege partia var alle mot bokavgifta, og dei sosialistiske såg ut til å vere på glid. «Det virker urimelig at bøker har oms,» skreiv Arbeiderbladet på kommentarplass.14 I april 1964 vedtok AUF at dei støtta kravet. Og Stortinget vedtok samrøystes at Finansdepartementet skulle sjå på saka. Sivertsen hadde for lengst bestemt seg for eit alternativt opplegg. Frå Forsøksråd til Kulturråd Same sommar, ein dag i juni 1964, var formannen i Forfattarforeininga Hans Heiberg saman med fleire andre i eit møte i Kyrkje- og 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 19

M_Eit eige rom.indd 19

22/09/15 10.14


undervisningsdepartementet. Det var strengt tatt eit teatermøte, Heiberg hadde mange hattar, i tillegg til vervet i Forfattarforeininga var han teatersjef i Radioteatret og styreformann i Riksteatret. Etter møtet trekte Sivertsen Heiberg til sides og spurde kva han ville gjere om litteraturfeltet fekk meir pengar til rådvelde, mykje meir pengar. Heiberg visste ikkje kva han skulle svare slik på ståande fot, men fekk lov til å setje ned ein hurtigarbeidande komité og kome tilbake til statsråden med eit forslag.15 Det var ein uvanleg situasjon. Ein interesseorganisasjon fekk eit hint frå ein sitjande statsråd om at dei kunne forvente eit betydeleg økonomisk løft, så framt dei var i stand til å formulere eit fornuftig krav. Løftet frå staten kom altså før kravet frå interessenten. Heiberg fekk ein unik sjanse, det g jaldt å tenke raskt og klokt. På eit styremøte i Forfattarforeininga den 25. juni 1964 blei det bestemt å «nedsette en liten ‘tenke-komité’ som kan gi dept. forslag til former for subsidiering av norsk skjønnlitteratur», med Torolf Elster, Odd Bang-Hansen, Finn Carling og Hans Heiberg som medlemmer. Dei skulle møtast første gongen heime hos Hans Heiberg på Blindern tre dagar seinare.16 Heiberg, Elster og Bang-Hansen var «Heibergs klikk» frå gamalt. Dei var vener frå før krigen, hadde samarbeidd i Sosialistisk Kulturfond og vanka i Mot Dag. Finn Carling var ein generasjon yngre, men ein mykje meir produktiv og anerkjend forfattar i samtida. Komiteen møttest fleire gonger, Helge Sivertsen kom sjølv og fekk delta på minst eitt av møta. Finn Carling ynskte seg ei kraftig utvida stipendordning, mens dei tre andre g jekk for innkjøp av ny norsk skjønnlitteratur til biblioteka, slik Henrik Hjartøy hadde foreslått på AOF-konferansen på Glohane i 1959. Det var no gått fem år sidan den konferansen, Hjartøy-framlegget var ikkje blitt plukka opp eller diskutert nokon stad, og no trudde Hans Heiberg at det var han personleg som hadde fått ideen. Seinare viste det seg at Helge Sivertsen trudde det var hans idé.17 Uansett samla komiteen seg om denne tanken. Eit slikt innkjøp ville g jere utg jevingane av ny norsk skjønnlitteratur økonomisk trygge for forlaga. Det ville sikre forfattarane eit kraftig økonomisk løft. Og det harmonerte med den kulturspreiingsideen som var rådande regime på kulturfeltet. Bibliotekbrukarar frå Hammerfest til Lindesnes skulle få same tilgang til den nye norske skjønnlitteraturen. Parallelt arbeidde embetsverket i Kyrkje- og undervisningsdepartementet med å konkretisere kultursatsinga. Den 20. juni 1964 blei omgrepet kulturfond nytta for første gong i ein intern korrespondanse, i eit notat ekspedisjonssjef Leif J. Wilhelmsen formulerte og sende til Helge Sivertsen. Wilhelmsen foreslo å opprette eit fond til bruk for kulturføremål som skulle bli administrert av eit råd som burde «representere organisasjoner som var engasjert i kulturarbeidet».18 Det britiske Arts Council var blitt oppretta rett etter krigen, med John M. 20 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 20

22/09/15 10.14


Keynes som ideolog og første styreformann. Arts Council oppstod i ei nasjonal g jenreisingsstemning etter verdskrigen, målet var å stimulere kulturlivet i Storbritannia og distribuere det til alle. Wilhelmsen hadde vore kulturattaché ved den norske ambassaden i London frå 1946 til 1949, Lyche planla framleis å ta magistergraden i engelsk litteratur, og Sivertsen hadde studert eit år i Oxford. Det var ikkje vanskeleg å sjå kvar dei hadde henta inspirasjonen. Arts Council var oppretta som eit frittståande og uavhengig organ, dei kulturtiltaka som fekk offentleg støtte, skulle ikkje sjå ut som dei representerte kultursynet til reg jeringa. Representantar for ymse departement fekk rett nok lov å vere til stades på møta, men dei lova å late det nye rådet i fred. Og dei g jorde det i praksis. Etter ti års drift konkluderte Arts Council sjølv med at det ikkje i ei einaste sak var blitt forsøkt overstyrt av styresmaktene.19 Forutan Arts Council er det sannsynleg at dei henta inspirasjon frå Helge Sivertsens eigne røynsler ved opprettinga av Forsøksrådet for skuleverket i 1954. Dette blei heller ikkje nemnt i debatten eller forarbeida, verken den gongen eller i den seinare litteraturen, men likskapane mellom dei to konstruksjonane, både i oppbygging og saksgang, er påfallande. Det politiske målet for Sivertsen med Forsøksrådet var å innføre den såkalla einskapsskulen, ein niårig grunnskule for alle, som skulle oppheve det gamle skiljet mellom ein gymnasførebuande realskule og ein yrkesførebuande framhaldsskule. For dette føremålet oppnemnde Sivertsen eit Forsøksråd av vitskaplege reformpedagogar, som ikkje var partsrepresentantar, men representerte «sakkunnskap». Dette sakkunnige rådet fekk som einaste oppgåve å reformere det norske skuleverket, og ifølg je skulehistorikar Alfred Oftedal Telhaug hadde dette rådet «så å si helt hånd om utviklingen av den 9-årige grunnskolen g jennom 1950- og 1960-årene».20 Forsøksrådet skulle – som det seinare Kulturrådet – rapportere til Stortinget ein gong i året. Som med det seinare Kulturrådet blei eit politisk område løfta ut av politikken, samstundes som Sivertsen g jennom utnemningane hadde kontroll på kva skulepolitisk retning dette reformpedagogiske utvalet ville gå. Som med det seinare Kulturrådet var saksgangen motivert av hastverk, reg jeringa hadde ikkje tid til å gå den vanlege vegen med stortingsmelding og lovframlegg. Og arbeidsforma i departementet var ganske lik i begge prosessane; dei interne førebuingane til Forsøksrådet var prega av hemmeleghald, diskresjon og at ein liten klikk av medarbeidarar som Sivertsen hadde tillit til, byråsjef Skadsem og dåverande statsråd Bergersen, fekk jobbe i fred. Lærarorganisasjonane var sette på gangen og visste ingenting før alt var avgjort. Etter same oppskrift arbeidde gjengen rundt Helge Sivertsen i løynd og fred med å formulere dei første utkasta til det som skulle bli stortingsproposisjonen 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 21

M_Eit eige rom.indd 21

22/09/15 10.14


om Kulturfondet. Leif J. Wilhelmsen fekk skrivejobben. I det første notatet skreiv Wilhelmsen at kulturvern og kulturbygg burde vere den prioriterte oppgåva for det nye fondet; han nemnde både Grieghallen i Bergen, utviding av Den Nationale Scene, kunstindustrimuseum i Bergen og Trondheim, utvida Nasjonalgalleri og ny opera i Oslo. Men ingenting om norsk litteratur. Generell støtte til norsk litteratur burde framleis vere ei statsbudsjettsak, syntest Wilhelmsen. Men på dette punktet var Sivertsen usamd. Litteraturstøtte «må vere ei av dei viktigaste oppgåvene for dette fondet», skreiv Sivertsen med blyant i margen.21 I ein ny versjon, i juli 1964, tok Wilhelmsen med nokre avsnitt om støtte til litteraturen, slik sjefen hadde pålagt han, men dei konkrete ideane var framleis lause. Wilhelmsen foreslo 400 000 kroner i årleg støtte til norsk skjønnlitteratur og eit utval som kunne g je departementet råd om tiltak til beste for litteraturen, altså eit lite råd med eit mykje snevrare mandat enn det seinare Kulturrådet.22 Samstundes arbeidde Sivertsen med å få backing internt i reg jeringa for opplegget. At han skulle få gjennomslag for omsetningsavgift på vekeblad, var alt klarert med Gerhardsen og Cappelen, men finansminister Cappelen var veldig lite lysten på å øyremerke inntektene frå denne avgifta til eit fond, og endå mindre lysten på å opprette eit fond utanfor statsbudsjettet. Den konkrete bruken av pengane burde bli bestemt på vanleg måte i samband med budsjetthandsaminga, meinte Cappelen. Det braut med all politisk logikk og kutyme å gje frå seg makta over offentlege pengar. «Også Stortinget må antas å ville stå friest mulig ved behandlingen av disse bevilgningssaker,» argumenterte Cappelen.23 Men Leif J. Wilhelmsen svarte på vegner av Kyrkje- og undervisningsdepartementet at dei frykta at ordinære statsløyvingar til kultur då ville hamne i dette fondet, og heile poenget med dette fondet var at det skulle kome i tillegg til dei ordinære løyvingane. Han viste til korleis forskingsråda disponerte tippemidlane nettopp ved at pengane var disponerte utanfor statsbudsjettet. Og mange av kulturtiltaka var av ein slik art at det var umogleg å fastlegge disposisjonane over eitt år på førehand, slik ordinær budsjetthandsaming kravde. Ingen av dei sakkunnige råda Kyrkje- og undervisningsdepartementet alt hadde, hadde den naudsynte breidda og autoriteten. «Departementet finner derfor ikke å kunne frafalle sitt forslag om at det skal opprettes et Norsk kulturråd i forbindelse med institueringen av kulturfondet.»24 Som i så mange kulturpolitiske saker stod Finansdepartementet mot Kyrkjeog undervisningsdepartementet. Offentleg er regjeringa alltid samla og samd, men etterlatne interne reg jeringsnotat, som i dag er oppbevarte i Riksarkivet, ligg der som handfaste vitneprov om denne ideologiske motsetnaden mellom dei to departementa. Eit maskinskrive førsteutkast til stortingsproposisjon er 22 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 22

22/09/15 10.14


Bøker i bibliotekkategorien «western og pocket kriminal» fløymde inn over marknaden.

bevart, med embetsverket i Finansdepartementet sine handskrivne kommentarar i margen. «Kunstarter som tidligere ikke hadde kunnet slå rot i vår karrige jord, som opera og ballett, har fått sikkert fotfeste, og kunst som tidligere bare var en liten overklasses eie, er økonomisk nå kommet innen rekkevidde for en stor del av folket,» står det i Kyrkje- og undervisningsdepartementets maskinskrivne tekst. «Dette var svært. ‘Karrig jord’. Vi har en av verdens høyeste levestandarder. ‘Sikkert fotfeste’. Ja ved hjelp av helt uforholdsmessige tilskott. Sannheten er at folket gjennom skatten betaler millioner for at et lite fåtall skal få se opera,» har Finansdepartementet kommentert i margen. «Den ‘dannede allmennhet’ er ikke lenger begrenset til en liten privilegert gruppe, men omfatter nå mange mennesker i alle yrker,» står det i den maskinskrivne teksten. «Vil virkelig Regj. si noe sånt,» spør kulepennen i margen og føyer til under teksten: «Nei, dette blir for mye følelser og for lite analyse.»25 Det var to ulike politiske logikkar som møttest, departement mot departement. Ein konstruktiv og litt pompøs stil mot ein destruktiv og kynisk. Ein som ville få til noko nytt og uprøvd. Og ein som ville stanse det. Men Kyrkje- og undervisningsdepartementet lét seg ikkje stagge av gretne margkommentarar. Målet var å få kulturfondsplanen ferdig til budsjetthandsaminga hausten 1964. Dette kunne fort bli Gerhardsens-reg jeringas siste statsbudsjett. For å styrke kapasiteten i departementet blei forlagssjef i Universitetsforlaget Tønnes Andenæs engasjert. Formelt blei Andenæs engasjert frå den 11. september 1964, men i praksis hadde han vore i gang lenge, og alt 14 dagar seinare kunne han levere frå seg 52 maskinskrivne sider med fyldig dokumentasjon og statistikk. Andenæs stadfesta i tal det inntrykket alle hadde av at utanlandske underhaldningsromanar utg jorde ein stadig større del av marknaden. I 1963 kom det ut heile 236 omsette bøker i kategorien «Western og kriminal», mot 51 nyskrivne norske romanar. Tal er maktas språk. Skulle den generelle og utbreidde uroa for norsk litteraturs framtid kunne omsetjast til politisk handling, måtte vegen gå om ein kvantitativ analyse. Andenæs skisserte til slutt fleire mottiltak for å snu utviklinga, mellom dei ei innkjøpsordning av «alle årets nye norske skjønnlitterære bøker og barnebøker til samtlige folkebibliotek».26 Dette var første gongen denne ideen blei formulert skriftleg. Han kalkulerte dette eine tiltaket til 1,3 millionar kroner per år, og supplerte med andre tiltak til beste for norsk litteratur til ein samla kostnad på fem millionar. Helge Sivertsen hadde heilt sidan Heiberg-komiteen ynskt seg ei innkjøpsordning. Men han var nervøs for om forlaga kunne tenkast å spekulere i ei slik innkjøpsordning, om dei ville senke kvalitetskrava straks alle nye skjønnlitterære bøker ville vere sikra eit statleg innkjøp på 1000 eksemplar. Han tok derfor med seg nestformannen i Forleggarforeininga og forlagssjef i Aschehoug 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 23

M_Eit eige rom.indd 23

22/09/15 10.14


forlag Arthur Holmesland på ein lang skogstur i Nordmarka hausten 1964 for å lufte uroa. Holmesland forsikra Sivertsen om at det ikkje kom til å skje. 27 Norske forlag var seriøse og ansvarlege kulturinstitusjonar, sa Holmesland. Og Sivertsen bestemte seg for å gå for ei innkjøpsordning. Heiberg mot Groth Sentrale norske forleggarar som Tønnes Andenæs og Arthur Holmesland visste dermed godt kva som var på gang, mens formannen deira ante ingenting. Henrik Groth la den 2. oktober 1964 fram publikasjonen Omsetningsavgiften på bøker som ein siste samla argumentasjon frå Den norske Forleggerforening for kvifor avgifta på bøker måtte bort. Groth trudde han hadde sigeren i lomma, og skreiv sjølv ei innleiing med tittelen «Siste ord til Staten», der han vedgjekk at han var usikker på om denne publikasjonen i det heile tatt var naudsynt: «Dette dokumentariske skrift er kanskje unødvendig. Omsetningsavgiften på bøker later til å synge på sitt siste vers.»28 Men samstundes som Groth lanserte publikasjonen, stod kong Olav V på Stortingets talarstol og las opp trontalen som opna den nye stortingssesjonen. Før han bad Gud signe Stortingets g jerning, las han opp ei liste over ting den sitjande regjeringa lova å gjennomføre det komande året, mellom desse å legge fram ein «proposisjon om opprettelse av et kulturfond til fremme av norsk litteratur, kunst og kulturvern».29 Han sa ingenting om reformer i omsetningsavgifta, og det vesle kongen sa om kulturfondsplanane, var det vanskeleg å forstå for mykje av. VG spekulerte likevel dagen etter på om nyordet «kulturfond» var eit hint om at bokavgifta likevel ikkje kom til å bli fjerna: «Det skulle vel aldri her være tale om en slags avlatspenger fordi man ikke har villet ta det skritt å avskaffe omsetningsskatten på bøker.»30 Tre dagar seinare la finansminister Andreas Cappelen fram framlegget til statsbudsjett for 1965. Her blei det for første gong g jort offentleg at reg jeringa planla å innføre avgift på vekeblad og «bruke inntekten av avgiften på ukeblad og tidsskrifter til støtte for kulturelle tiltak».31 Vekebladavgifta skulle etter planen innførast frå den 1. april det komande året, mens den generelle omsetningsavgifta skulle hevast frå 10 til 12 prosent, med verknad alt frå den 1. november. Og avgifta på bøker skulle ikkje fjernast. Ho skulle altså i praksis auke, frå 10 til 12 prosent, til liks med alle andre varer med omsetningsavgift. Reg jeringa visste godt at framlegget var upopulært. Og at det kom til å bli bråk. Den 7. oktober gjekk kulturredaktør i Arbeiderbladet, forfattar, formann i Forfattarforeiningas litterære råd og Arbeidarparti-representant i Oslo bystyre Arve Moen ut mot avgifta på vekepressa. Resten av Presse-Noreg reagerte òg med avsky. Både fordi dei meinte staten hermed skattla frie ytringar, og fordi

«Det skulle vel aldri her være tale om en slagsavlatspenger fordi man ikke har villet ta det skritt å avskaffe omsetningsskatten på bøker.» VG

24 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 24

22/09/15 10.14


mange frykta at avgift på aviser var eit sannsynleg neste steg. Framlegget frå Finansdepartementet sa at visse abonnementstidsskrift skulle vere fritatt for omsetningsavgift, men fritaket skulle ikkje gjelde blad med «underholdning og populær orientering». Presseorganisasjonane meinte departementet hermed braut eit prinsipp som reg jering og Storting hadde vore konsekvente mot: å ikkje vurdere innhaldet i frie publikasjonar. Midt i debatten om avgift på vekeblad, den 16. oktober 1964, g jekk sjølve kulturfondsproposisjonen gjennom i statsråd, og same føremiddag kalla Helge Sivertsen inn til pressekonferanse. Her blei ideen for første gong presentert. 15 millionar skulle årleg gå til eit nytt kulturfond, kunne avisene melde frå konferansen. Av desse skulle fem millionar i året medverke til «å forandre norsk litteraturs levevilkår» g jennom innkjøpsordninga. Sjølve utgangspunktet for fondsideen var «de alvorlige utviklingstendenser som g jør seg g jeldende for norsk diktning», fortalde Sivertsen til den frammøtte pressa, men han nemnde òg dei andre kulturfelta som fondet skulle støtte. At det skulle opprettast eit eige kulturråd i samband med fondet, med sju medlemmer oppnemnde av reg jeringa, blei berre nemnt i forbifarten i pressereferata. Det var det nye fondet, den planlagde bruken av pengane og koplinga mellom inntektene frå omsetningsavgift på vekeblad og kulturfondet som var saka. Sivertsen fekk òg spørsmål om han med dette fondet skulle bli ein kulturtyrann som skulle detaljstyre norsk kulturproduksjon. Sivertsen feia det vekk: «Statsråden benektet at han vil komme til å spille rollen som ‘kulturtyrann’ når fondsmidlene skal fordeles, og erklærte at han ikke ser den fare for åndsfriheten som enkelte har antydet,» refererte Aftenposten.32 Helge Sivertsen hadde lukkast med strategien om hemmeleghald. «Jeg var aldeles uforberedt på dette,» uttalte Henrik Groth då han høyrde om Kulturfondet.33 Groth hadde oppriktig trudd regjeringa skulle fjerne avgifta på bøker, han trudde han hadde lagt premissane for debatten, og forstod først no at han hadde vore plassert fullstendig på gangen. Sosiolog og kulturforskar Per Mangset har peikt på etableringa av Kulturrådet som eit døme «det korporative aspektet ved norsk kulturpolitikk».34 Men handsaminga av Groth viser at det ikkje var tilfellet. Dette var ikkje korporativisme, men kameraderi. Sivertsen rådspurde seg med dei han kjende og likte og delte partimedlemskap med. Han gjekk bak ryggen på formannen i Forleggarforeininga og fekk under handa råd frå viseformannen og Ap-medlemmen Arthur Holmesland. Og han engasjerte den uavhengige forleggaren og Ap-medlemmen og Groths personlege fiende etter to rettstvistar på 1950-talet Tønnes Andenæs til utgreiingsjobben. Han sat på hemmelege møte med utvalde medlemmer av Forfattarforeininga på Blindern heime hos Hans Heiberg. Heile planen blei snikra ferdig på bakrommet. 1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 25

M_Eit eige rom.indd 25

22/09/15 10.14

Profile for Det Norske Samlaget

Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015  

Av Alfred Fidjestøl.

Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015  

Av Alfred Fidjestøl.