Page 1


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 1


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 3

Åshild Ulstrup

Eg ser ei sol Døden – tankar og undring Forord ved Asbjørn Aarnes

Samlaget Oslo


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 5

Då lyrikaren Olav Nygard låg på sitt siste sa han til kona si, Rakel: No ser eg deg ikkje. Ei stund etter: No høyrer eg deg ikkje. Så ser han mot taket og seier: Eg ser ei sol. Det er den som skal lysa deg heim, Olav! sa kona hans. Ja, svara diktaren. Og sa ikkje meir.


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 7

Innhald Asbjørn Aarnes: Om liv og død – og døden sjølv 9 Der liv og død møtest 13 Det siste farvel 123 Døden i draum og undring 145 Etterord 195 Kjelder 198


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 9

Om liv og død – og døden sjølv Eg skalv då eg las denne boka, for det er ei bok der me høyrer om døden og møter døden sjølv. Det finst sjølvsagt andre bøker om dødssjuke og døyande personar, men maken til denne boka finst knapt, korkje på norsk eller på andre språk. For her møter me så utruleg mange menneske – bygdefolk og bymenneske, kjende og ukjende, i inderleg samtale om døden. Åshild Ulstrup har verka eit langt liv som intervjuar og programskapar i NRK, og ho har ein rik og omfattande forfattarskap. Allereie som barn fann ho glede i samtalane med eldre, slik alderdomen i åra seinare har vore ei utømeleg kjelde til nytt engasjement. Samtalane om døden er formidla med undring og hjartevarme Her møter me sivilingeniør Erik Tandberg, som dei fleste har sett på TV og høyrt i radio. Han er ein tolkar av løyndomen i universet og kjenner ferdene til månen og til fjerre planetar. Han fortel om det vesle punktet som har utvikla seg til det universet me kjenner. Dette er ein røyndom han skynar, men det er ei uløyst gåte kven som har laga dette punktet og fastsett utviklinga. Her vert det ein viktig samtale med Åshild Ulstrup: – Uansett hvor mye naturvitenskapen klarer å legge frem av hendelser etterpå, så kommer man til dette ene spørsmålet som naturvitenskapen ennå ikke har kunnet gi noe svar på. For meg er det Gud, sier han. – Den Gud du finn gjennom kristendomen? spør Åshild Ulstrup. – Ja. – Ein Gud i himmelen? 9


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 10

– Jeg tror ikke på en fysisk himmel, men tror på en skaperkraft og en åndelig eksistens. – Der det er liv? – Ja, jeg tror det kan være liv i himmelen, men er ikke i stand til å beskrive hva som er der, eller hvordan den åndelige himmelen fungerer. Hensikten med den vet jeg heller ikke. Det er også en av de store uløste gåtene for meg. I boka møter me òg kunstnarar og diktarar, som Arnulf Øverland mot slutten av livet. Når døden nærmar seg, skriv han eit farveldikt til kone og born, som er eit av dei tydelegaste dikta han har skrive: Jeg går omkring og tar på en og annen ting som mine hender er fortrolig med en gammel snadde og en lysestake og jeg har gjemt et blåmalt øsekar. Det er de eldste tingene jeg har de bringer stunder av mitt liv tilbake. Jeg tar i stolen der jeg ofte satt i drøm og grubleri til langt på natt. Og plutselig fornemmer jeg at tiden er det som var og som er lenge siden. Nu er det kveld, jeg tar på tingene, jeg tar farvel. Jeg ser på henne og på barna våre. Det er vel mangt jeg ville si. Jeg får det ikke til, jeg går forbi og sakte stryker jeg dem over håret.

Øverlands dotter, Åsil, vart gripen av diktet. Faren hadde sagt so lite om diktet og seg sjølv då han var frisk og aktiv, og tagnaden gjorde henne trist. Men no, etter at han forlét livet, skynar ho meir av han. Ho har lese alle dikta og foredraga hans og har kome nærare både diktaren og faren. 10


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 11

Me møter dei viktigaste norske diktarane i boka: Olav Aukrust, Gunnar Reiss-Andersen, Einar Skjæraasen og Herman Wildenvey. Det kjem fram sider ved diktarane biografiane ikkje kan gje. Det er gripande å lesa om dei mange måtane å døy på. Nokre døyr med uro og undring, andre med sinnsro og tolmod. Det underlege er at få har tenkt at kroppen skal bli til jord for alltid og medvitet slokna. Hjå dei fleste lever ei von om eit liv etter døden, der dei skal møta att sine kjære. Teksten sviv millom liv og død – og millom poesi og prosa. Asbjørn Aarnes


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 13

Der liv og død møtest


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 15

Frå eg var lita, har gamle kvinner og menn vore ei kraftkjelde og ein inspirasjon for meg. Som journalist har eg levd og «døydd» med så mange. Nå er eg der sjølv – i denne spanande overgangen mellom vaksenliv og alderdom, mellom liv og død. I denne boka har eg samla nokre av desse røystene som har festa seg i meg gjennom livet fram til dagen i dag. Røyster som har gjeve meg mot til å sjå alderdomen – og også døden – i augo. Oppegåande menn og kvinner som veit at dagane krympar, ser seg tilbake og spør kva livet vart. Alle har me vårt eige liv, vår eiga historie – og også våre ulike tankar om det som me ein gong skal møta: Døden. Sjølv har eg alltid undra meg over kva som skal røra seg i meg den dagen eg veit at alt er over. Er det livet eg har hatt og etterkomarane tankane mine krinsar kring – anger, tilgjeving og takk? Eller er eg så utanfor alt at eg berre er oppfylt av meg sjølv – og stunda? Eg har ikkje svaret, men det har dei som ligg på sitt siste og veit at døden nærmar seg. Når eg dette året har samla meg om døden som tema, er det også mange av våre kjende diktarar som har kome meg i minnet. For det er vel desse som, ved sida av prestane, framfor nokon har gjeve døden eit språk. Men korleis tok dei imot døden då det vart alvor? spør eg borna deira. For fire år sidan miste eg mor, far og ektemann, nesten samstundes. Eg veit kva eit sorghjarta er. Men død, kven er du? Då mor låg på dødsleiet, bad ho Vårherre om å skunda seg. For ho gledde seg slik til å få møta mor si, far sin og bror min, Tor, 15


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 16

igjen. Timen før ho lukka augo sine, førde ho handa mi til munnen sin som for å kyssa den. Så la ho den roleg tilbake mens heile andletet lyste opp i eit uventa strålande smil – mens ho såg meg djupt i augo for siste gong. Det var så tydeleg at ho hadde noko å fortelja, men var utan krefter til å få orda fram. Å – kor gjerne eg skulle visst kva som gjorde henne så glad!

16


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 17

Sivert Sivertsen tek lange sprang i tida der han sit og fabulerer framfor PC-en sin. Han er 91 år gamal og har mykje på hjarta som det hastar å setja ord på – enten for lokalavisa eller for etterslekta. Eg møter han i heimen hans på Stord. Året er 2001. Den tidlegare maskinsjefen blar i minna om sin einsame barndom, sitt frodige liv til sjøs, og tek gjerne ein krangel om dagen i dag. – Ein må prøva å leva og bruka tankane sine. Når eg ikkje kan bruka dei til noko nyttig, må eg bruka dei til fabuleringar. Eg lever no. Og det er ikkje så lite trass i meg. Eg nektar å bli ein gamling som skal gøymast bort. Det skjerpar meg å få temperaturen opp og visa tida på min måte. Far min vart 98 år gamal. Då han fór sin veg, visste me ingen ting om han. Korleis hadde han hatt det? Kva hadde han tenkt? Kva hadde han drøymt om? Han levde eit langt liv, men snakka aldri om det. Så eg tenkjer at så lite skal det ikkje stå att etter meg. I barndomsheimen til Sivert Sivertsen var der mange born. Då mor hans døydde, vart han som tiåring sendt til tanta og onkelen som var barnlause. – Eg fekk mat nok, men med kjærleiken var det skralt. Med det same eg kom, vart eg sett til vaksen manns arbeid. Var det noko eg ikkje makta, fekk eg høyra at det var vitet som mangla, ikkje kreftene. Ein gong eg ikkje hadde krefter nok til å ro mot hard sjø, vart eg kalla «du din tosk». Det er slikt som set seg fast! Eg hadde nett fylt elleve år. Då mor døydde, kom eg på kant med Vårherre. Dagen før ho døydde, vart eg kalla inn til henne. Ho snakka med kvar einskild av oss borna og fortalde korleis det skulle gå oss 17


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 18

i livet. Til meg sa ho: «Det kjem til å bli noko stort av deg, Sivert. Du har gode evner, du!» Men det har no ikkje blitt til noko enno. Kanskje det framleis er von, ha, ha! Det er vel likevel desse orda frå mor som har halde meg oppe heile vegen, for elles så hadde eg gjeve opp for lenge sidan. Det skulle bli betre! Draumen var vel alt eg hadde i livet. Det var viktig å koma seg ut. Men så kom dei dårlege trettiåra. Det var uråd å få seg arbeid. Eg var heldig som hadde slik interesse for maskiner. Det hjelpte meg vidare. Maskinrommet til sjøs vart mitt yrkesliv til slutt. Men før eg kom så langt, var det mange vakenetter. Eg har teke utfordringar som syntest heilt meiningslause – og kome frå det. At eg er blitt så gamal, er ikkje ved hjelp av, men på trass av! Nå har eg vore like lenge pensjonist som eg var yrkesaktiv. – Men nå – korleis kjenner han seg? – Når eg ser meg sjølv utanfrå, ser eg ein som fer stabbande med staven, krukjen, men som er privilegert på alle måtar. Eg er ikkje redd for å bu åleine, for å stupa her i stova – eller døy. – Korleis ser du på døden? – Den tenkjer eg på som ein søvn. Eg pustar ut, ein annan pustar inn. Eg har fått del i eit liv som eg har hatt til låns. Men korleis det går vidare, veit me jo ikkje. Kroppen min går opp i naturen – i mold og makk, gras og blomar – i ein løvetann, kanskje. Eg er ikkje så innbilsk at eg trur Vårherre står og passar på meg – endå det kan ha sett slik ut fleire gonger. Det var nok heller englane som var der. – Du gifte deg seint! – Ute i øyane var det ikkje så mange å trena seg på. Eg vart nokså tafatt når eg kom i lag med annan ungdom. Kjende meg som ein heimføding, så det vart ingen tidleg suksess med damer. Å gifta seg førde med seg ansvar. Det skulle mot til det, så eg vart gåande som frikar til eg var 32. Men så vart eg kjend med Marta. Me våga ekteskapet og heldt lag i 49 år. 18


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 19

– Kva er det finaste minnet? – Det finaste eg tenkjer tilbake på, er dei gamle konene som når eg kom inn, gjekk bort og fann ei kaka, og eg fekk ta ned i smørkruset med peikefingeren og smørja utover. Det bildet sit så sterkt i meg. Eg kan gløyma kor eg la nøklane mine i går, men desse bilda frå fine stunder i barndomen står like klårt. Eg hugsar kva folk sa – og korleis dei såg ut når dei sa det. Sjøen går rolegare nå. Eg har ikkje så lett for å bli irritert, og ser nok større på alt. – Korleis ser du framover? – Det går fint. Barneborna mine ser ut til å bli gagns menneske. Borna har klart seg bra. Då eine barnebarnet mitt tok doktorgraden i marin biologi i fjor, fekk eg vera til stades. Det var stort. I takketalen sa han at han først og fremst ville takka bestefar som hadde gjeve han gneisten og interessa for sjøen. Det likte eg. – Og bestefar var Sivert Sivertsen, du! – Ja, eg har alltid prøvd å gjera mitt beste, av og til kanskje vore litt for dumsnill. Men eg tøyer meg gjerne litt for eit godt ettermæle. – Kva vil du skal bli ståande etter deg? – Det er det som ligg på bordet – skriftene som fortel om ein gamal mann som kunne sitja og tumla med slike tankar. Alt eg har gjort tidlegare i livet, har ikkje sett noko merke etter seg, men det eg har skrive som ligg i haugen der, kan det henda at nokon kjem til å bla i. Og kanskje smila litt til. Ein av bestefedrane mine var fødd i 1833, så det er eit langt tidsspenn eg har teke for meg. Eg kan ha min tunge stunder ennå, men har vit nok til å snakka med meg sjølv og ta meg eit glas vin. Det blir inga stor sorg når eg er borte. Dertil har eg levd for lenge, men kanskje blir eg hugsa med litt vemod av mine næraste. Eg ser for meg at det blir ein fin haustdag dei ber meg ut til den siste køyreturen. Presten har vel spurt mine næraste om korleis eg har skikka meg i tida frå den 2. februar 1910 og fram til dødsdagen. Gravfylgjet har 19


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 20

fått vita at det var ein sers beskjeden mann dei no hadde teke avskil med, men ein mann som også har lagt bak seg ei fantastisk reise på livets berg-og-dal-bane. Denne reisa er eg djupt takksam for – ikkje minst det eg har røynt i dei djupaste dalane. Men mens eg går her og tuslar og ventar på avskilen, vil eg prøva å halda fram med å hevda det eg synest er rett, og det eg synest er gale. Det er mange som ser for seg at me skal koma til himmelen, der det er gullgater og palmar. Kva i all verda skal me med gull? Kva er det dei ventar seg? Skal me få mat og drikke i himmelen – eller skal me berre syngja og veifta med palmegreiner i lange kvite kjortlar? Det kunne vera greitt i ein liten sommarferie, men det evige livet skal aldri ta ende! Når eg ein dag skal pusta ut for siste gong, så kjem det nye liv etter meg som opnar augo og drar inn pusten for første gong. Er ikkje det det evige liv? Sivert Sivertsen døydde ein vårdag i 2005, 95 år gamal.

20


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 21

– Som oftast ber eg kveldsbøn. Det synest eg er trygt og godt: «Komme ditt rike, skje din vilje!» Året er 2004. Sara Dybing er 101 år gamal og bur på same sjukeheimen som ho i heile sitt yrkesliv var styrar på, Alders Hvile i Stavanger. – Eg kunne ikkje den gongen tenkja meg korleis det var å vera gamal. Og då eg var barn, tenkte eg at det måtte vera fint å få rå over andre. Som styrar på sjukeheimen var eg aldri stygg mot nokon. Men etter dagens målestokk var eg nok likevel streng. Så ofte spør eg meg sjølv: Har du brukt livet ditt rett? Det var dødsfall på heimen. Presten kom til dei som ville ha han, men dei likte òg at eg sat ved senga. Mange var redde for døden, og det var eg òg … Unnskyld at eg får tårer nå! Det var nok noko eg skulle ha ugjort! Men eg må la det liggja. Nå ber eg om å få sovna stille inn og koma roleg herifrå. Men eg vonar at eg er klar til å fara, at eg er så trøytt og slapp at eg berre ynskjer å få kvila for godt. Så trøytt er eg ikkje ennå, seier 101åringen. – På mange måtar er det blitt lettare å leva. Skal det vera ei meining med livet mitt, må det vera at eg fekk hjelpa så mange. Sara Dybing vart 103 år gamal.

21


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 22

Diktarpresten Anders Hovden var son av ein fiskar, men var slik ein gløgg liten gut at presten i bygda meinte han måtte få utdana seg til lærar – og sleppa å bli med far sin på vinterfiske. Dermed starta 16-åringen på Volda lærarskule. Men same året døydde faren, slitaren som heldt liv i familien på magre jordlappar og uvisst hav. Faren sin bortgang fekk Anders Hovden til å skriva kanskje sitt første kjende dikt, som han las ved gravferda til far sin. Handi hans far min var sliti og hard og skrukkut som gamalt horn ho fekk si bragd på den magre gard i træling for kone og born … … Tidt når eg vaknar, og båten driv av, eg tykkjer hans trugne hand enn ror ved sida mot straum og kav og bergar meg båten i land. Anders Hovden var fødd i 1860 i Ørsta på Sunnmøre og er vel for dei fleste av oss mest kjend for salmane sine. Hovden skreiv 250 salmar og dikt – og forteljingar. «Fagert er landet» vart skriven etter ein skitur langs Krøderen ein vakker vinterkveld i 1907. I all hans dikting har naturen og folkelivet vore den sterkaste inspirasjonen. Dei siste åra sine budde han hos dotter si, Arnhild Bache-Wiig på Nordstrand i Oslo – der han døydde, 73 år gamal, i 1943. 22


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 23

Arnhild var den nest yngste av dei ti borna hans. Ho minnest ein barndomsheim med liv og fest. Alle spelte på kvart sitt instrument, og dei glade tonane spelte seg inn i blodet til dottera. Når kjentfolk kom innom – Arne Garborg, Olav Gullvåg, Johan Bojer og mange andre – ville faren alltid at borna skulle vera til stades i stova. – Han meinte det vart så viktig for oss seinare i livet, seier dottera. Ho hugsar faren sin salme som berre står i Nynorsk salmebok: «Gud Fader tak deg av flokken vår, den livlege barneskare.» – Den song han med alle oss borna når me rodde utover Hovdevatnet sommarkveldane – så høgt at det gav attljom frå åsane omkring, seier ho. Dottera ser han òg så for seg på dei daglege turane hans med hendene på ryggen. Og hugsar korleis han innprenta dei at ingen måtte tru at dei var så mykje betre enn andre. – Far likte ikkje sjølvsikre personar. Men det gjorde, trudde eg – at eg ikkje hadde så stor sjølvtillit – og gav far skulda for det. Det gjorde han vondt å høyra. Så like før han døydde, sa eg til han at eg ikkje hadde vore så snill som eg burde, seier Arnhild BacheWiig, som eg møtte som 90-åring. Men då hadde faren svara henne at englar lever ikkje på denne sida av verda. – Far trudde ikkje på helvete. «Helvete er her, det!» sa han. Mot slutten av livet sa han: «Eg hev rodd min vesle færingsbåt langs med land og inn i vikane. Såg berre ut i havgapet stundom – og kjende gufsen. Kva lever att etter meg?» Han gav seg sjølv svaret: «Nokre små dikt, kanskje – og nokre salmar for ei sjel.» Den siste setninga far fekk sagt før han lukka augo sine, var så i eitt med synet hans på livet og på Altet, sa dottera: «Sjå – det er sol over fjelli!» Guds himmel er klår, og livssoli gyller det evige år og natti er slokna, og dauden er daud, 23


Eg ser ei sol ferdig.qxd:Eikemo

01-03-12

12:27

Side 24

og augo er blanke, og kinni er raud, og hjarto dei jublar som songfugl i lid, til æveleg tid! Arnhild Bache-Wiig døydde 93 år gammal.

24

Profile for Det Norske Samlaget

Eg ser ei sol. Døden - tankar og undring  

Eg ser ei sol. Døden - tankar og undring, Åshild Ulstrup

Eg ser ei sol. Døden - tankar og undring  

Eg ser ei sol. Døden - tankar og undring, Åshild Ulstrup