Page 1


Eg er sĂĽ nĂŚr morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 1


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 3

Veronika Erstad

Eg er så nær morgonen eg kan kome

Dikt

Samlaget Oslo 2015


Eg er sĂĽ nĂŚr morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 4


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 5

Eg vaknar i skogen og går heim. Det er skumring. Skodda legg seg over vatnet. Eg er ikkje redd for at ei ulykke skal ramme meg. Det skjer plutseleg. Varmen breier seg frå omnen ut i kjøkenet. Naboen går over plenen med ei tekanne i handa. Eg ventar på at han skal ta i dørhandtaket, kome inn på kjøkenet, fylle ei mugge med vatn, setje seg ved bordet, legge hendene framføre seg og sjå på neglene, spørje om å få sjå hendene mine, legge handflate mot handflate, ta brødet ut av omnen, ete oss mette.

5


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 6

Veggane rører ved golvet og taket og meg. Her er eg vaken og her søv eg. Støvet legg seg ikkje, men kvervlar rundt meg. I skapet heng ein kjole med svarte prikkar. Ein dag skal eg ta kjolen ut av skapet, ta han på meg, kneppe knappane frå halsen til knea og gå ut og det er sommar.

6


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 7

Skogen nærmar seg huset. Havet held. Huset er på flukt. Når eg opnar auga, er eg her.

7


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 8

Blodårene er tydelege på handbaken. Eg toler ikkje kulde og heller ikkje varme. Eg har spinkle hender og lepper som sprekk. Eg tenkjer på kroppen min som eit korsett. Pusten slepp så vidt ut. Inne i den store genseren ser eg mindre ut enn eg er. Auga leitar på same måte i huset som i skogen, lyttar.

8


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 9

Skogbotnen er dekt av barnåler. Eg ser ikkje dyra som må vere her. Eg står stille til fuglane lettar frå greina. Eg held meg vaken heile natta. Noko losnar i mørket. Om morgonen ser eg etter dyrespor rundt huset. Eg ventar til det er lys hos naboen før eg tenner lampa over kjøkenbordet.

9


Eg er så nær morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 10

Eg veit at det streifar ulv omkring her, men eg ser dei ikkje. Eg har stått ute ei heil natt utan å sjå ulv. Dei små dyra og insekta kjem fram når sola går ned. Eg plukkar sopp og steikjer han i omnen. Det er alltid kaldt i huset, også om sommaren. Eg ventar alltid at det kan byrje å snø. Snøen legg seg tett inntil veggane og isolerer for vinden som rullar inn frå havet.

10


Eg er sĂĽ nĂŚr morgonen ferdig.qxd_a 27.01.15 09:26 Side 11

Hiet har fleire utgangar. Gulbrune auge ser ut.

11