Liv Oddrun Larsen
Dronninga Illustrert av Henning Lystad
Samlaget Oslo 2011
Š Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no Omslag: Maria LundÊn Grafisk Design Printed in Norway Boka er sett med Sabon 12/21 Papir: 150 g Claro bulk Sats, trykk og innbinding: AIT Otta AS ISBN 978-82-521-7889-0
1 – Eg gler meg sånn! Eg har vondt i magen! Nora ser på Hege med lysande auge. Kinna er raude, og frostrøyken ligg som små skyer rundt ho. Dei sit og dinglar med beina på muren som omkransar skoleplassen. – Berre ein time att. Så er det helg. Og klassefest! – Fest, pip Hege og hutrar. – Om vi ikkje har frose til istappar lenge før den tid. – Pingle, ler Nora og legg armen rundt ho.
5
Hege trykkjer seg tett inntil Nora. Kulda bit godt no før jul. Ho tek seg i å lengte tilbake til det varme klasserommet. Jørgen joggar forbi, vinkar sjenert opp mot dei. – Eg trur Jørgen liker deg, kviskrar Nora. – Han får rosa øyreflippar kvar gong du er i nærleiken. Knallrosa! Eg er sikker på dei lyser i mørket. Nora fniser så ho held på å dette ned frå muren. Hege svarer ikkje, granskar skoleplassen. Det kryr av gutar der ute. Men ikkje … Ho strekkjer hals, myser mot den skarpe vintersola. Jo, der!
7
Ut frå ei av glasdørene i skolebygget kjem ein gut i knallblå jakke. Sitringa er der med ein gong. Den jakka ville ho ha kjent igjen overalt! Han er aleine, kva om ho … Kroppen spenner seg, gjer seg klar til å hoppe. Da opnar glasdøra seg på ny. Ei smilande jente kjem ut, spring rett bort til Jakob. Hege sig saman på muren. Sitringa blir til ein ekkel klump. Vilde! Vilde, Vilde, Vilde. Alltid Vilde! Kan ho ikkje berre … flytte!
2 Døra til jentedoen går opp med eit smell, bringar med seg eit iskaldt vintergufs. – Hjelp! Eg tissar meg ut! hyler ei jente. Hege hoppar der ho sit på doloket. At ho ikkje kunne få vere i fred her inne. Dei siste få minutta før timen byrjar. Ho må rekke å skylje ansiktet i kaldt vatn. Elles vil alle sjå at ho … Ho høyrer springande skritt over golvet, trekkjer lynraskt beina oppunder seg. Ho har gløymt å låse døra!
Det sildrar så lenge frå dobåsen bortanfor at jentene som ventar, byrjar å fnise. – Skund deg da, Synne! Det er stemma til Vilde. – Vi kjem for seint til timen! – De lovde å vente! kjem det hissig. – Ja da! Har du doangst, eller? – Ho er redd for dotrollet. Det er Emma si stemme. – Det bit deg i rumpa på ein dårleg dag. – Slutt! hyler Synne inne frå båsen sin. Hege ler lydlaust ned i ermet på jakka si. Kva om ho hoppa fram frå båsen sin med eit «bø!» Da skulle dei få sett på dotroll!
3 At dei ikkje kan få somla seg ut! Hege er så rasande at ho nesten freser der ho sit samankrøkt. Kva er det dei tenkjer på? Det har ringt inn for fleire minutt sia. Likevel står dei og jåler seg til framfor spegelen. – Kva skal du ha på deg i kveld, V ilde? – Eg har fått ny genser. Juleraud. Og nye hjarteøyredobbar. – Du er verkeleg forelska, ler Synne. Hege spissar øyra, lener seg fram. Vilde mumlar noko, fniser. Men vatnet frå springen gjer det umogeleg å høyre. – Spegel, spegel på veggen der, kven er den vakraste på skolen her? Stemma til Synne er høgtideleg og lattermild på same tid. – Ikkje eg, i alle fall, sukkar V ilde.
11
– Hege! hyler dei andre i kor og sprutar ut i latter . – I alle fall er det det ho trur. Den vonde dronninga på skolen! Ho trur at alle gutane … – Kva i alle dagar går føre seg her? Den buldrande stemma til gymlæraren rungar plutseleg i veggene. – Er de blitt tussete, jenter! Det har ringt inn for lenge sia! – Synne …, byrjar Emma med tynn stemme. – Synne måtte … – Eg … Eg byrja å blø naseblod, stotrar Synne. – Naseblod? Eg skal gi dykk naseblod, eg! Ut med dykk!
12
4 Hege sit som ei saltstøtte. Om litt byrjar tårene å renne på ny . Dei dryp ned på dongeribuksa, lagar mørke merke på det slitne stoffet. Den vonde dronninga? Er det slik dei ser på ho? Vilde og ho har vore i tottane på kvarandre før , det er sant. Det vil ho ikkje tenkje på. Det er gløymt for lengst, er det ikkje? Men Synne og Emma? Kva har ho gjort dei? Argt tørkar ho tårene, gir dodøra eit hardt spark. Her vil ho ikkje vere. Ikkje eit sekund lenger.
14
Den friske lufta utanfor gjer godt, kjøler ned det brennvarme ansiktet. Ho står ei stund, tek nokre djupe andedrag. Så bestemmer ho seg. Aldri om ho går tilbake til timen. Aldri! Ho skulkar, gjer ho. Så kan dei ha det så godt.