Domestiserte dyr

Page 1




ARILD REIN Hundedagane. Roman. 1998 Grisekoret. Roman. 2001 Kaninbyen. Roman. 2004 Stavangertrilogien. 2005 Vintercamping. Eit underhaldningsstykke. 2007 Den evige fred. Ein politisk farse. 2010 Songar frå mitt territorium. 2012 St. Olav-komplekset. Roman. 2014 Felttestamente. Roman. 2016 Krapyl. Kortprosa. 2017 Rotteland. Roman. 2019


Arild Rein

Domestiserte dyr Ein opera buffa i tre delar

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslagsillustrasjon: Andreas Soma Omslagsdesign: Benjamin Hickethier Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11,3/14,6 pkt. Minion Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0677-7

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


The weight of the earth is about things in captivity: animals and the people and all that surrounds us. – david wojnarowicz

For Jan Egil



Skilsmissefesten 9 Arvefesten 103 Makuleringsfesten 195



SKILSMISSEFESTEN



Kven orkar å leva med deprimerte personar? Hæ? Eg berre spør, Maria, sa Ekhidna. Kven faen orkar å leva med ein oppblåst person, ein forkommen bauta, som etter årevis med tung drikking og tungt forbruk av statssubsidierte tablettar har hamna i botnen av bøtta med ein kropp som har forlate forstanden, og ein forstand som har forlate kroppen? Hæ? Det er ikkje eit fornuftsmenneske ein snakkar om her, men eit menneske der kroppen er skild frå hovudet for fleire tiår sidan. Ja, naturen er i sanning hårreisande grotesk. Kven orkar å leva med ein person som lik søppel ein hiv i ei søppelsjakt frå toppen av ei blokk, rasar gjennom livets etasjar og til slutt hamnar i kjellaren, i ein konteinar, i ei likkiste klar for ekspedisjon? Hæ? Eg berre spør? Ikkje eg, Maria, sa Ekhidna, faen ikkje eg. Å vera sjuk fører menneske på kortast mogleg tid til seg sjølv. Men å vera djupt deprimert fører ein ingen stader, anna enn ut i ei myr som til slutt drar deg under, der ein må stå på pinne frå morgon til kveld, frå kveld til morgon, veke ut, veke inn, månad etter månad, i 11


årevis, med vaskeklut og bleier, kateter og trøyst, med smadra nattesøvn og smadra nervar, der ein må varma opp babymat på glas for å få mat og fiber i den redselsfulle kroppen, som er fødd med ei gullskei i kjeften. Det er som å prøva å heisa opp ein stakkar som har dotte i sjøen med rustning på, Maria, sa Ekhidna, prøver du å dra han over ripa og opp i båten igjen, vil du sjølv detta uti og drukna. Å vera sjukepleiar, vaskehjelp, kokke, skopussar, ballevaskar, psykolog og sexdokke for din eigen mann er ein bestialsk absurditet. Å stussa det satans Anders Behring Breivik-skjegget hans kvar bidige dag, kle på han den svarte Anders Behring Breivik-dressen med den kvite Anders Behring Breivik-skjorta og det svarte Anders Behring Breivikslipset, høyra på den satans Anders Behring Breivikpipestemma hans dag ut og dag inn, barbera den glatte satans Anders Behring Breivik-skallen hans og vaska dei tunge Anders Behring Breivik-ballane hans gjorde meg kvalm. Han var til å kasta opp av, Maria, sa Ekhidna, det skjønar du vel? Er det rart eg har kasta gifteringen pokker i vald? Hæ? Om eg ser på meg sjølv som ein demon? Sjølvsagt ikkje. Alt handlar om sjølvomsorg. Å ta dolken min ut av Chanel-veska mi for å drepa Brutus før han drep meg, kva faen er gale i det? Hæ? Ingenting, etter mi bok. No må det snart vera slutt på å be om unnskyldning for å vera smart og vera medlem av Mensa. At eg ikkje fall i empatigryta då eg var fødd, veit du som veslesøster alt om, 12


Maria, sa Ekhidna. At eg fall i intelligensgryta, skal det òg bli brukt mot meg no? Hæ? Korfor er eg heilt åleine i krosstoget mitt for utrydding av menneskeslekta? Er det fordi eg midt i mitt brennande hjarte har ei dassbøtte med lort i som min forstand? Er det fordi folk ikkje kan utstå det eg seier, dei går i lange karavanar rundt meg? Er det fordi folk alltid føretrekker den dårlege kopien framfor den irriterande originalen? Åh, hadde berre dei såkalla vennene mine hatt evna til å skjula dumskapen sin og sin manglande intelligens bak og under si tiltalande slankheit, hadde det vore til å leva med. Hadde dei berre halde dei brøddumme brødskuffene sine igjen, hadde ikkje livet mitt vore så i ulage. Det er denne perverse sjølvovervurderinga, denne nihilistiske invaderinga av toskeskap frå alle kantar eg ikkje kan tola. Det er eit statskupp iscenesett av lågpanna tuskhandlarar frå øvste til nedste hylle. Ingen snakkar lenger om geopolitikk som kan verna oss mot alle tåpane og idiotane. Om dei perverspene og pervers-dumme ikkje likar det eg har å seia, er det berre å dra sin kos. Det siste eg ønsker, er eit pinefullt og perverst hoff rundt meg, som sleiker meg oppetter ryggen og rundt anus. Dei fleste eg kjenner, vil høgtrykksspyla meg vekk frå denne byen, dette landet, dette kontinentet, fjerna det dei kallar avskummet, og gler seg til gravferda mi. Nei, eg skulle gjort som deg, Maria, sa Ekhidna, blitt ein antipode. Alle som har blitt verande her på nisseberget, har blitt sjuke og 13


dumme, og alle som drog ut i den store verda, har blitt sunne og smarte. For å overleva og bu her må ein ha bøffelhud rundt sjela si. Folk hyler og skrik om at ein må heie på alt som er norsk, og det norske flagget. Korfor kan ingen heia på flagget til dei kloke og oss som veivar med det, litt oftare? Hæ? Som stiller med eit filosofisk fundament av armering og betong? Mørkeret er så jævla kaldt og ufyseleg når hovuda til dei rundt deg er skrudde av, Maria, sa Ekhidna. Å ja, me er ein nasjon av naskarar og knaskarar. Norge er ei gammal kone med vidopen veske, ei kone som sløser bort milliardar på vanedannande tablettar så snart vêrhanane og fillefransane stikk fram labben og klynkar og kryp, og seier dei er dopsjuke. Eg kjenner eg frys i hel innanfrå av denne sirkusordenen, men eg er for klok til å pissa i trusa for å halda på varmen av den grunn. Norge er eit land i klimakterium som oppfører seg som eit barn. Det finst prinsipielt ikkje lenger vaksne menneske igjen i dette pseudolandet, sjå deg rundt, ser du nokon vaksne? Hæ? Alle eg kjenner, ligg på puppen eller sit på potta og ropar: Mor, mor kom og tørk meg. Finst det nokon forskjell på ei barnesjel og ei vaksensjel lenger? Oppfatningane dei vaksne blir fôra med, og blir gripne av, kan jo ikkje vera barnslege nok. Ekte idear må fordummast til eit nivå som ikkje må overstiga fatteevna til eit barn. Sjå deg rundt. Ser du andre enn infantile vaksne rundt på alle baugar og kantar? Er det rart eg er i ferd med å gnissa tennene 14


mine heilt ned til gommane? Hæ? Den førre eksmannen min, eks-eksmannen min, var ein røyndomsfjern og lite levedyktig kroppsbyggar frå underklassen som trudde han kunne bygga eit panser av kjøt og musklar rundt eliteforakta si, og som alltid måtte drikka seg frå sans og samling for å takla sjølvforakta han hadde fått inn med morsmjølka. Korfor finn eg alltid menn som drikk, Maria? sa Ekhidna. Er det fordi eg sjølv er alkoholikar, og både mor vår og far vår var alkoholikarar, og forfedrane våre var alkoholikarar i hundrevis, om ikkje tusenvis av år? Hæ? Går ein til dagbøkene mine, står det mykje om det der, og mykja anna òg, som heller ikkje toler dagens lys. Den førre eksmannen min bygde kolossale musklar med steroid og kettlebells. Men kroppen er jo ikkje ein organisme som først og fremst blir halden på plass av musklar, sener og bein. Har ein ikkje ein skalle av stål og ein sivilisasjonsfiendtleg augneblinksfilosofi å navigera etter, har ein ikkje nubbesjanse i denne menneskeetande dyrehagen. Å ja, ein kan alltid fella ei krokodilletåre for dei som bukkar under. Men stopp en hal, ingen har sett ei krokodille grina. Dei som seier dei har sett det, lyg så det renn og driv med reinspikka historieforfalsking. Krokodillene har overlevd på denne brutale planeten i åttifire millionar år. Det er klin umogleg å overleva her så lenge om ein kastar bort tid og ressursar på grining og tåreflaumar. Men å komma med sånne sitatfiendtlege utsegner gjer ein nærmast til ein 15


forbrytar i dei sentimentale sirklane eg vankar i. No kjenner eg meg god og brisen, Maria, sa Ekhidna, men det betyr jo ikkje at eg ikkje tenker glasklart for det. Den førre eksmannen min, eks-eksmannen min, sa til meg: «Om du går frå meg, tar eg livet av meg.» Går det an å bli bondefanga og halden i selen av sånt vas, av sånne fanatiske truslar? Eg pakka koffertane mine og tok ein velfortent badeferie på Bali. Veka etter eg drog for å kosa meg med sol, børst og ferieknulling, fann dei den gledesdreparen på botnen av byfjorden. Han hadde hoppa frå ein djupvasskai med den tyngste kettlebellen han eigde, surra rundt hendene. Då redningsdykkarane fann han, stod den førtiåtte kilo tunge kettlebellen på havsens botn med den førre eksmannen min svevande i sjøen som ein omvend Superman på veg mot jordas indre. Å kalla ein redningsdykkar ein redningsdykkar i sånne tilfelle, er rein løgn. Korleis kan ein redningsdykkar redda livet til ein sjølvmordar etter ti timar på botnen av ein fjord? Hæ? Det er likdykkarar dei er, faen ikkje redningsdykkarar, skal ein henga bjølla på katten. Men no må me snakka om lystigare ting, Maria, sa Ekhidna. Det er jo trass alt skilsmissefesten min me faktisk er her og feirar i kveld, sjølv om denne sosietetsfarsen ikkje var min idé. Men å samla så mange velståande og tarvelege folk på eitt brett, folk ein vanlegvis aldri ser – og takk Gud i himmelen for det – må det jo komma noko positivt og fruktbart ut av, noko ein kan dra nytte av. I verste fall 16


blir denne skilsmissefesten berre nok ei klassisk rotbløyte som blir skriven av på skatten som beskjeden bevertning og betalt over skattesetelen av det norske folket. Skål, Maria, sa Ekhidna. Heldigvis er ikkje døtrene mine, som eg motvillig har avla, her i dag. Å ja, eg elskar barna mine over alt på guds grøne jord, men alle smarte folk veit at kjærleik er eit absurdum som ikkje finst i naturen. Sjå deg rundt, Maria, sa Ekhidna, ville du sleppt ungane dine inn i denne selskapsjungelen utan livvakter med handjarn og pistolar i beltet? Hæ? Sjå på alle dei skabbete selskapsløvene som spinn rundt og skålar på jakt etter lammekjøt, eller skrukkete og nypudra kjøt i alle aldrar som prøver å sjå ut som lammekjøt. Dei er i sanning fødde selskapsmenneske med skruppellaust selskapstalent. Har du ikkje råd til livvakter for soppane dine, er det best dei held seg heime. Når det er sagt, er det kjernesunt for avkommet ditt at dei ser at foreldra deira er i stand til å laga ein heidundrande fest når dei endeleg, etter alle desse vonde åra, skal skilja lag. Faen, kanskje eg skulle tatt dei med likevel, Maria? sa Ekhidna. Her er det eitt hundre og ti prosent sjanse for at dei hadde lært noko heilt anna enn på søndagsskular, sosionomskular og universitet. Ein må kunna skilja mellom snørr og bart, samleie med og utan kondom. At ungane ser at mor deira er drivande full, ser eg ingenting gale i, at ungane ser at mor deira stiller utan truse under designarkjolen på sin eigen skilsmissefest, 17


er noko heilt anna. At eg er ein sjølvdiggande golddigger av ei anna verd, er klart som knalldyr sprit. Etter det fatale feilsteget med bolarsjølvmordaren frå underklassen, kva faen skulle eg elles ha gjort? Hæ? Men er eg ein storforbrytar og ei troféheks om eg gifta meg med og avla to døtrer med ein sugardaddy? Er det å ha forretningsvit og å vera ei forretnings- og rekneskapskvinne òg gale no? Denne massedumskapen eg høyrer frå alle brølapene rundt meg, går meg hus forbi. Erkeprotestantane får gjerne skrika sundt stemmebanda sine til inga nytte for min del. Det dei ikkje skjønar, er at den som skrik høgast og er mest kritisk til det eg held på med, er meg sjølv. Enkelte gonger er eg så rasande på meg sjølv at eg er redd at underkjevegebisset mitt skal detta ut. Faen. Eg gløymde mellomromstannbørstane mine heime, eg skulle aldri ha ete så mykje wagyutartar, kjøtslintrene heng jo og sleng rundt tennene mine som rotnande bastskjørt. Det var den rabiate eks-eksmannen min, som du veit – håpar den jævelen blei oppeten av likmakkar på ein tortursein måte – som øydela kjeven min og tennene mine i underkjeven med dei groteske knyttnevane sine, og som gjorde at eg måtte slurpa suppe i månadsvis og har gjort urnervesystemet mitt allergisk mot alt som heiter suppe, inkludert suppe med gullflak i. Eg har hatt så vondt i originaltennene mine oppe at eg meir enn ein gong har drøymt om å få periodontitt, som eksmannen min har, for då dett jo ten18


nene ut ei etter ei utan at ein treng å lea på ein muskel, eller betala i svinedyre dommar og bli torturert av ein tannlegesadist. Er det rart at eg har gitt faen i originaltennene oppe og kjøpetennene nede? Korkje originalsmertene eller fantomsmertene i kjeften min er til å halda ut. Dei himmelskrikande smertene naturen har trædd ned over hovudet på meg som eit kondom, gir jo faen inga meining. Dei som opererte kjeven min, skulle berre latt tennene i overkjeven òg ha gått i hundane eller den vegen høna sparkar. Drøymer ikkje alle menn om å bli sogne av damer utan tenner med ein kjeft som liknar ein vagina? Hæ? Sjå deg rundt, Maria, sa Ekhidna, her har du provinskjendisar i alle valørar, i alle former, fargar og fasongar, frå dei på toppen av næringslivspyramiden til dei som er bankerott. Her har du A-kjendisar, B-kjendisar, C-kjendisar, D-kjendisar, E-kjendisar og heilt ned til Æ-, Ø-, Å-kjendisar, kjendisar som er heilt ukjende for andre enn dei sjølv, folk det er pinleg og uappetitteleg å ha hengande rundt kjolekanten, men som eksmannen min er avhengig av som dårleg dop. Korfor elskar han å omgåast desse fullstendig øydeleggande og brøddumme narsissistane som får nervøst samanbrot om dei ikkje er omtalte og har bilete av seg sjølv i dårlege aviser, dårlege vekeblad eller på dårlege tv-kanalar kvar bidige dag ? Hæ? Svaret er like enkelt som at eitt dumt brød pluss eitt dumt brød er to dumme brød, det er fordi eksmannen min er ein brøddum nærings19


livsnarsissist sjølv, sjølvsagt. Ja, det må vera takhøgd for å seia sånne elementære sanningar på ein skilsmissefestdag som denne, og som eg er deleigar av. Ingen kan med handa på kjønnsorganet og handa på hjartet seia at eg ikkje er ei god kaoskone og ei god kaosmor, men ein ting har eg lært døtrene mine til punkt og prikke: Ignorer alle tarvelege små- og storkjendisar som om dei var giftig luft. Bank i bordet, i heile mitt baksnakka liv har eg nesten aldri hatt ein kjendiskuk i kjeften. Å vera ein kjendisknullar er jo ein einaste stor geniknusarmaskin. Finst det noko meir avskyeleg og nedrig enn å ha kjendissæd i trusa eller i kjeften? Eg berre spør? Er det nokon som har treft andre enn middelmåtige, evneveike og fullstendig latterlege kjendisar? Hæ? Rekk opp handa om dei gjer det. Nei, ingen. Det var det eg trudde. At ikkje endå fleire av dei har gjort sjølvmord, er berre trist og leitt. Me lever sanneleg i deprimerande tider, Maria, sa Ekhidna. Alt ved desse kjendisbaronane gjer meg kvalm og matt. Er det rart eg drikk som Jeppe på Bjerget? Eg gjer meg så tarveleg eg kan for desse viagrasjåvinistane og babyputinane. Må eg absolutt søkka så lågt at eg nedverdigar meg til å snakka med desse krampe- og forretningskjendisane, bruker eg filibustertaktikk for å slita dei ut og gjera dei om til nervevrak. Eg seier det høgt og klart og drit i om dei høyrer etter: «Eg foraktar kvar ynkelege venn til eksmannen min heilt inn til beinet og heilt utan å anstrenga meg.» Du veit sikkert at eks20


mannen min er økonomutdanna i Danmark. Du veit kva ein økonom blir kalla på dansk? Vismand! Det er grotesk og til å le seg i hel av for eit fornuftsmenneske. Denne lammande ambivalensen eg har til denne innavlske festen, gjer at eg så vidt greier å drikka, sjølv om eg jo veit eg må for å halda ut. Men faen heller, ein fest er ein fest er ein fest, same kva som er grunnen. Tenker eg meg ørlite om, er det jo mykje å skåla for i dag, for kven kan nekta for at ekteskapet er ein steinknusaranstalt som gjer ein om til støv og ingenting? Hæ? At eg klarte å hoppa ut av den ekteskapelege steinknusarkjeften i siste sekund med fornufta og alle pengane mine i god behald, ser eg som min største og smartaste prestasjon og det stikk motsette av inkompetanse. Alt handlar om profesjonalitet i alle ledd heilt ut i fingerspissane. Å kalla det eg har gjort for å sikra meg og pengepungen min, for kriminell åtferd, er like infantilt og klisjéaktig som å seia ja til ein blåtur til Venezia med ein av «vismennene» her på festen som eksmannen min trur eg vil knulla. Kor kvinnefiendtleg, grotesk og inkompetent går det an å bli? Hæ? Eg berre spør. Berre Gud i det høge kan svara, Maria, sa Ekhidna. Eg smatt inn i ekteskapet med eksmannen min for å legga eit stort og sementtungt lokk over mitt tidlegare liv – det må eg vera ærleg som ein menneskesmuglar og seia – eit liv som dei som er lite skolerte i menneskekunnskap, ikkje skjønar tyttebæret av og av den grunn ville brukt mot meg som ein machete. 21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.