__MAIN_TEXT__

Page 1


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 1


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 2

  Kvitt. Roman,  Båten er så liten. Roman,  Forfattaren har også gitt ut barnebøker.


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 3

Laura Djupvik

Hjartet er ingen logrande hund Roman

Samlaget Oslo 


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 4

© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no : Øyvind Torseter : Samlaget : Minion / : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 5

Imens er skyene hvite og himmelen helt blĂĽ. Hvorfor sĂĽ mye Gud. Hvorfor ikke lite grann for menneskene. Clarice Lispector, Stjernens time


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 6


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 7

Mor mi minte mest om eit insekt der ho sat som fanga i sin eigen lenestol, sokken saman på midten, med dei tynne armane og beina stikkande fram. Berre hovudet hennar var som før, i alle fall så lenge ho ikkje opna munnen og prøvde å seie noko. Ho hadde ei blokk i fanget og konsentrerte seg om fingrane som ikkje ville lukke seg skikkeleg rundt blyanten. Då ho var ferdig, reiv ho lappen av blokka, gav han til meg og venta til eg hadde lese. Far min i stolen ved sida av hadde duppa av med hendene falda over brystet. – Den blinde som leier den halte, las eg høgt. Ho lo då, ein mørk, hol lått. Eg prøvde å le, eg også, før eg sa at bussen straks var her, løfta kofferten og gjekk ut av huset. Når eg no tenker tilbake på dette, er eg ikkje lenger sikker på om det var slik, at ho lo, for når eg prøver å sjå henne for meg, tolke lyden som kom ut av henne, kan det like gjerne vere at mor mi gret.

7


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 8


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 9

*


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 10


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 11

Eg går ut på dekk i lag med dei andre passasjerane. Båten sakkar farten. Folk på kaia vinkar under paraplyar og svære hetter. Landgangen blir smekka på plass, eg skundar meg i land. Fleire blir møtte med handtrykk og klemmar. Bilane svingar snart ut mot hovudvegen, ein etter ein. Om far min hadde stått her, hadde han vore lett å få auge på. Han ville ha ruva høgt over dei andre. Han ville ha bore kofferten min til bilen, spurt om turen hit gjekk greitt, og så ville han ha køyrt meg heim. Men far min veit ikkje lenger kva fil han skal legge seg i, han kan ikkje lenger måle avstand og tid. Samla sett, sa legen, er han ein risiko. Kåpa blir tung av regnet. Eg trillar kofferten bort mot busshaldeplassen. Eit eldre ektepar står alt og ventar. Dei klagar over at det alltid blæs her. Og at bussen er sein. Klagen er som ein jamn straum, dei byter på å leie an. Bussen blinkar inn på haldeplassen. – På tide, stønnar kona. Eg følgjer etter med kofferten. – Du skal utover? spør sjåføren. 11


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 12

Eg nikkar og finn ein ledig tosetar midt i bussen. Eg dreg opp glidelåsen på støvlettane, legg kåpa frå meg og tørkar ansiktet med skjerfet. Det er framleis lyst nok til at ein kan sjå landskapet opne seg. Sjøen blenker, trass regnet. Ein kan til og med seie at sjøen glitrar. Det finst så mange metaforar med lys i seg. Landskapet minner om bileta søstera mi og eg teikna som barn. Vi låg utover stovegolvet og teikna utsikta frå huset. Tone var ivrig med fargane. Horisonten, sa far min, det er der alt forsvinn. Det er så langt blikket når, sa han. Vi teikna hav som møter himmel, med ein lang strek. Bussen køyrer over bruer og gjennom karrig landskap, før det opnar seg og vegen ligg tett ved sjøen igjen. I skråninga bygger dei slike firkanta samanhengande hus. Alle vil ha utsikt. Høyrer brokkar av samtalane. Dei reiser til husa sine, til kona, til barna, og ein seier han skal selje huset dagen etter. Ei skal innom butikken før ho skal heim og ete middag, og ein mann snakkar høgt i mobilen på eit språk eg ikkje anar kva heiter. Ei jente trur at kjærasten låg med ei anna i helga, og skal slå opp når ho har pressa fram sanninga. Ho græt i fanget til ei venninne, kveilar seg saman i tosetaren. Ein gut håper på ein lærlingplass, han har venta lenge nok, seier han. Dei går av bussen, ein etter ein. 12


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 13

Sjølv reiser eg til ein stad som alltid er den same, ein stad langt inn i barndommen. Vi rundar eit nes og endü eit.

13


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 14

Eg sjekkar mobilen ein gong til. Enno ingenting frå deg. Kanskje du går frå kontoret no, er på veg gjennom gatene, spring for å nå den overfylte trikken. Eller du er heime, har slått på skrivebordslampen. Når eg vaknar hos deg, er veggen bak oss alltid lys. I haust drøymde eg at eg flaug over eit enormt Europa-kart. Eg hadde på meg dei lange, svarte støvlettane, elles var eg naken. Som om eg var fri og suveren og ikkje trong nokon ting. Utanom støvlettane. Etter at eg vakna, blei eg liggande og sjå på deg, dei lette linjene, den opne panna der eg innbiller meg at alle dei smarte ideane dine ligg lagra. Eg kunne knapt vente til du vakna. – Eg har hatt ein utruleg draum, sa eg, og du strauk meg over kinnet, eg tenkte: No er vi snart kjærastar. Då eg fortalde om draumen, lo du og spurde om du var Europa-kartet. Kanskje det, sa eg, og farga av draumen og det varme lampelyset som gjorde kroppane våre vakrare, mest gylne, sette eg meg over deg, overrumpla deg, låste deg fast. Eg var så klar no, og auga dine utvida seg, overraska, før du tok imot meg. Ein augneblink innsåg eg at eg knapt kjende meg sjølv.

14


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 15

Rett overfor meg på bussen sit ein eldre mann. Hunden hans ser oppmerksamt på meg, ber om medynk. Tunga heng ut av munnen, nakken er bøygd. Eg får vondt av han. Det er lengre veg heim enn du forstår. Eg bøyer meg over midtgangen og let han snuse på handa mi. Han minner meg om Lassi, den gamle hunden til besteforeldra mine. Ho var gammal og subba bortetter golvet, kom seg ikkje ut og tissa overalt. Pelsen var pjuskete. For det meste låg ho på teppet i kjøkkenkroken. Ein dag fekk bestemor vite at ein mann i nabobygda hadde kvalpar, same rase som Lassi. Då bestefar kom heim til middag, sat ein liten kvalp borti kroken på teppet. Lassi var borte. Bestefar sa som regel ikkje stort, ikkje ho heller. Ingen av dei nemnde den gamle som var borte, eller den nye som var kommen til. Dei heldt berre fram å kalle hunden for Lassi. Mor mi samla saman slike små historier som ho delte med meg medan ho sydde, strikka, kokte, steikte eller skar opp ein halv gris. Eg hang rundt henne, eller eg sat på benken og dingla med beina. Vi heldt oss ikkje i lag med syndarar og tollarar og slikt, men vi snakka gjerne om dei. 15


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 16

Humoren var som ein mørk understraum. Det som opptok oss mest, var historier om folk som sleit med livet. Dei tunge og triste lagnadene. – Og ironien då, sa ho, – som finst i mest alle ting. Dei gode som døyr tidleg, dei vonde som klarer seg. Eg forstår ikkje lenger kva mor mi seier. Når ho ringer meg, lagar ho lydar som like gjerne kunne komme frå eit dyr. Og far min snakkar bak henne ein stad: – Kva er det du seier? Orda hennar er uforståelege støytar. – Eeeeæææ Sist eg var heime, fann eg lappar overalt. Legen hadde tinga ei datamaskin med taleprogram, men ho hadde ikkje fått henne. – Når kjem den der talemaskina? spurde far min. Ho skreiv og skreiv på denne blokka si. Brukte lang tid på kvar bokstav. Fingrane kunne ikkje krøkast skikkeleg, heller ikkje rettast ut. Så reiv ho lappen av. Fort glapp han ut av handa i det ho skulle gi han til far min. Då han endeleg fann lappen igjen, forstod han knapt kva som stod der, for ikkje eingong skrifta hennar er som før. Eg hermar etter dei spastiske hendene når eg er langt borte frå henne. Vridde hender. Fingrar som spriker i ulike retningar. Held hendene opp framfor meg, får fingrane til å verke like vanskapte som hennar har blitt. Eg ser 16


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 17

henne for meg, snublande rundt med hovudet først. Mor mi har blitt ein av dei lagnadene ho sjølv kunne ha fortalt om. Bussen svingar inn ved den gamle haldeplassen. Eg tar på meg kåpa og nikkar til sjåføren, er den einaste som skal av her. Ute kastar eg eit blikk opp mot skogen og mot kyrkja på andre sida av vegen. Ein lyskastar skin opp langs kyrkjeveggen, men inne er det mørkt. Også det gamle bussskuret er tomt. Grafittien har falma. Bussen girar om og tar fatt på dei lange bakkane oppover, til den andre sida av øya. Det mørknar. Eg går fort no. Eg knappar kåpa, snurrar skjerfet rundt halsen. Postkassa er full, eg let alt vere til i morgon. Eg passerer den gamle lensmannsgarden vi trudde det spøkte i, og naboens påbygde villa. Det lyser frå huset vårt, i enden av bakken. Mor mi vil kanskje trenge ei god historie, men eg har inga. Noko har hengt seg fast i hjulet på kofferten, dei siste metrane sleper eg han etter meg.

17


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 18

Far min står i døra. Han brukar ikkje å klemme meg, men no tar han rundt meg som om eg var av glas. Han kviskrar til meg i det vi går inn: – Ikkje eingong om ho held i noko, kan ho stå. Beina sviktar under henne. Sist eg var heime, kunne ho gå ut på trappa, med hjelp heilt ned på plenen. No sit ho som då eg drog, i stolen inst i stova. Skuldrene har falle ned og inn mot brystet, ho har ei pute i nakken. Ho vinkar til meg med eine armen. Eg vinkar litt tafatt tilbake. Ho begynner å gråte. Eg går bort, bøyer meg ned og klemmer henne. Huda er klam, litt grå. Det er verre, langt verre enn ein trur. Eg gir henne eit tørk frå rullen på bordet, veit at ho ikkje kan fordra desse ukontrollerte gråtesekvensane som følgjer med sjukdommen. Sjølv om alt er til å gråte av. Ho bøyer seg fram, og først no ser eg at ho har noko i fanget. Med eitt seier ei metallisk stemme: VELKOMMEN HEIM! Vi skvett, både far min og eg. Kvart ord blir sagt med 18


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 19

likt tonefall og trykk. Stemma er energisk, nesten munter. – Kva seier ho? spør far min. Mor mi trykker ned ein tast, og så kjem heile replikken på nytt. VELKOMMEN HEIM! Med ein og ein finger skriv ho. Vi ventar, eg set meg i sofaen. Far min ristar på hovudet, som om dette er meir enn han kan fatte. DEI KJEM I MORGON, MED SENG OG RULLESTOL. – Så dei kjem i morgon, med seng? Så bra, svarer eg. Mor mi blunkar. Far min gjentar: – Dei kjem i morgon med seng og rullestol. Han peikar på maskina. – Er det ikkje utruleg kva dei lagar no til dags? – SENG MED HJUL, avbryt mor mi. Eg legg ut om turen og fortel om folk eg har møtt, men ikkje noko om deg, sjølvsagt. Kva skulle eg seie? Eg let som om eg er flyvertinne, eg snakkar som billettøren på hurtigbåten, og eg nemner det gamle ekteparet som klagar på vinden. Det er sikkert lenge sidan dei har hatt besøk, for no ler dei begge. Eg kan ikkje fatte at det er så morosamt, det eg seier, slett ikkje, eigentleg, no når tida er kommen for rullestol og seng med hjul, men dei ler så dei blir raude i ansiktet. 19


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 20

Med eitt stoppar mor mi. Ho bøyer seg fram. Ho gapar. Først kjem ein surklande lyd, så rykker ho bakover, ho får ikkje puste. Ho held på å bli kvelt av sin eigen lått, og ho hostar, og det surklar, og eg har alt reist meg opp. Eg bøyer meg og prøver å halde rundt henne så ho får hosta ut alt slimet, og eg ristar i henne, ho er som ei flis. Og slik held eg på, eg ristar og skubbar og løftar til eg merkar at ho endeleg dreg pusten på nytt. Eg hjelper henne opp frå stolen, ho støttar seg til meg. Buksa hennar held på å falle av, eg tar etter den. Det er berre ei snor i livet på buksa hennar no. Ho kan ikkje opne glidelåsar eller knappe opp ein knapp. Eg hentar ei flaske med mat, eg veit korleis eg skal hjelpe henne. Eg henger flaska opp ned på eit stativ, eg koplar henne til gjennom slangen ho har operert inn i magen. Sakte glir den kvite flytande massen inn i mor mi. Legen på sjukehuset seier at den inneheld alt ho treng. Ho heldt fram å ringe meg. Pusten hennar raspa i øyret. Ho prøvde ikkje eingong. Kvifor ringer du meg? tenkte eg. Togna var ikkje til å halde ut. – Det er haust, sa eg berre, – og det er aldri så fint her som no, når lauvet frå lønnetrea legg seg over fortau og ein vassar i gult og brunt og ein kjenner at draget i lufta 20


Hjartet er ingen logrande hund ferdig.qxp_A 12.12.2018 09:58 Side 21

av den svalande vinden liksom tar tak i ein sjølv og alt rundt ein går i oppløysing – I det same skamma eg meg fordi eg snakka slik til mor mi. Eg snakka slik ein gjer når ein har flytta til ein ny stad og gir etter for lysta til å vere ein annan. Og no høyrde ho meg slik eg ofte prøver å vere, ein annan enn meg sjølv eller ein annan enn den ho kjenner meg som. Er det ikkje slik eg også har snakka til deg? Tilgjort og klokare og morosamare enn eg er? Med eit slags inntrykk av at eg er ein som bit meg merke i korleis lauvet rører på seg, når det eg bryr meg om, er korleis eg ser ut frå di side av kafébordet. Ho ringer ikkje ofte no lenger, men av og til, skreiv ho i ein e-post, av og til må ho berre høyre stemma mi.

21

Profile for Det Norske Samlaget

Hjartet er ingen logrande hund