Dikt 2014

Page 1


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 1


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 3

Theis Ørntoft

DIKT 2014 Frå dansk ved Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese

Samlaget Oslo 2016


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 4


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 5

I natt, i år ein stad mellom alle sine atom døydde det ein kalla mor mi. Det blir sagt at ho framleis song mens dei skar henne opp. Det blir sagt at olja draup frå levra hennar. Eller det blir sagt at ho fall gjennom dagar og netter heilt til floda på botnen bar liket med seg inn i jungelen. Det blir sagt, og det er slik det blir sant. Eg ser på skjelettet hennar inne i ravklumpen på nattbordet over taka blir himmelen bleik. Så kjem sola.

5


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 6


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 7

SVART FREKVENS


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 8

Under asfalten rullar sauehovuda ned over dei steile skrentane til fabrikken der barna mine sit og syr i seg sjølve.

8


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 9

For meg er samfunna døde. Eg trur ikkje lenger det er eit spørsmål om forfining men om avvikling.

9


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 10

Eg drøymer at eg står i eit kryss mellom likesæle og desperasjon. Langsamt går det opp for meg at det ikkje er ein draum. Eg ser ut på dagane gjennom plantar og motlys eg les at ein er forplikta til å tenke håpefullt i den siste tida. Men eg tenker ikkje håpefullt. Eg kjenner lett tungsinn etter at Line har gått. Kanskje har ho gått eg kan ikkje hugse når eg kan ikkje hugse om ho nokosinne var her kanskje møttest vi på baren i går, og snakka ein stad blant alt det andre som skjedde mellom oss kanskje drog vi heim då det blei seinare og såg film skodespelet var usynleg for meg som skodespel.

10


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 11

Det er forvirrande tider eg skal fortelje om det var tider der ingenting skulle sette grenser for oss. Kvar gong eg ikkje distraherer meg sjølv med likegyldige gjeremål tenker eg på apokalypsen kvar gong nokon uttrykker håp for det beståande kjenner eg meg fysisk dårleg. La oss sette oss her i skumringa og vente på at revolusjonen grip oss. La oss sette oss ned med kvikksølv i lungene og flysamband i hud og hår og lese breaking news dei sløyfar skøytebanen i årets kommunale budsjett kva faen er det for noko dei finn ettersøkt drapsmann inne i barndomsminnet til tv-stjerne kva faen er det for noko. Gjekk gjennom ein ærleg passasje ein stad her om dagen i ein samtale kanskje. Eg har ikkje lenger nokon overordna plan for livet ut over å halde meg tett på folk eg elskar eg har fått nok av å innbille meg samfunna eg har fått nok av å fylle munnen min med petroleum og sjå boreplattformene komme seglande sjå dei skyte flammene sine opp i mørket.

11


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 12

La oss seie at eg sit og downloadar noko i den svarte natta eller la oss seie at eg høyrer Iron & Wine og står opp har sove i ti timar omtåka og tung av medisin. Har ikkje høyrt musikken på mange år, men fekk lyst det grøne graset på coveret får meg til å tenke på barndom desmerdyret som jaga slangar i det våte graset huset på pålar palmane som omkransa hagen vår. Var hos Aina og Oscar i kveld kan ikkje hugse korleis vi enda opp med å sjå Rambo men det var ei skuffande oppleving. Det er berre ein einaste interessant scene der Rambo tar ein soldat som gissel Rambo held han for munnen i det høge graset så peiker han opp på det eine auget sitt sjå, seier han og soldaten blir sogen inn i tunnelen som går gjennom auget til Rambo inn i skogen der vennene ligg i små lyseraude kar og klipper hol i huda til kvarandre så aure og laks hoppar.

12


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 13

Eg lengtar mot eit før og eit etter. Det at eg no ligg søvnlaus i Mjølkevegen minner meg om i går der eg ligg søvnlaus i Mjølkevegen eg kan ikkje halde tidene frå kvarandre forstår du problemet forstår du at eg ikkje kan merke forskjellar forstår du at det luktar av tang og rotne krypdyr når eg tunar på frekvensane med niggerstemma mi blafrande ut av halsen i lyseraud og oppkøyrd underskog De har rett nok vore i det grøne, seier han og heller ølen sin ut over seg sjølv her luktar av gammal havbotn, seier eg og kastar meg opp på land bilen vår gjekk rett gjennom isen kvalhaiane sirkla rundt taka på skyskraparane der nede vi måtte haike tilbake til overflata heile tida sat sjåføren og ropte i førarsetet sjå tunga mi, ropte han og peikte ut på kvikksølvet som flaut av stad under brua. Det venta eit par e-postar då eg vakna frå det eg går ut frå var ein draum. Ein frå Mads i Paris som skriv at han har gått tom for humør og gler seg til å komme vidare. Og ein frå søstera mi på New Zealand

13


Dikt 2014 ferdig_Layout 1 21.11.16 14:07 Side 14

det går betre i parforholdet hennar no, skriv ho dei sov i ein skog av bregnar i natt, skriv ho og kvar gong ho stod opp for å tisse flaut det mørke hav ut av kjønnet hennar. Fall i søvn att etter å ha svart drøymde ingenting, himmelen grå då eg vakna. Eg går ut og stiller meg i dusjen. Eg stiller meg og ventar på at eg ikkje gidd stå der lenger. Eg går ut i byen og møter venner og kjende lyttar til stemmene deira, ser dei i auga. På eit tidspunkt går eg heim.

14