__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

1

17:48

Side 1


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 2

magnhild bruheim Varselet. Kriminalroman. Samlaget 1997 Maskerade. Kriminalroman. Samlaget 1999 Lykkeland. Norsk slagertradisjon frå Søstrene Bjørklund til Fru Johnsen. (Saman med Sissel Bjørgan.) Samlaget 2000 Utan englevakt. Kriminalroman. Samlaget 2000 Svart arv. Kriminalroman. Samlaget 2001 Dragsug. Kriminalroman. Samlaget 2002 Matminne frå Gudbrandsdalen. (Saman med Hilde og Stig Grytting.) Samlaget 2004 Ny melding. Ungdomsroman. Samlaget 2003, 2005 Trolldomskraft. Roman. Samlaget 2005 Venneringen. Ungdomsroman. Samlaget 2007 Nattskrik. Kriminalroman. Samlaget 2008 På flukt. Ungdomsroman. Samlaget 2010

2


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 3

Magnhild Bruheim

Det som ein gong var Roman

Samlaget Oslo 2010

3


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Stian Hole førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7567-7

4

Side 4


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 5

Til minne om far og mor


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 6


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 7

I natt drøymde eg om far att. Draumane er aldri heilt like. Men dei handlar om det same. Plutseleg er han tilbake i heimen vår. Eg forstår det ikkje. Han er jo død. Så viser det seg at det berre er noko vi har trudd. Vi har jo aldri vore heilt sikre på kva som skjedde den dagen han forsvann ut av liva våre. Nå er han i huset saman med resten av familien han var ein del av. Har vendt tilbake etter alle desse åra. Har eldst litt som vi andre. Kvar har du vore? Spørsmålet vi ikkje stiller. Lokket vi legg over det vi ikkje forstår. Det er nok at han er her … saman med oss. Alt som ligg mellom, er ikkje lenger så viktig. Kvar draum har ein ny variant. Denne gongen sit han urørleg i stolen i det mørke rommet. Det mørke rommet han så ofte sat i. Dit vi ikkje måtte tre inn. Ikkje uroe. Nå er det berre han og eg her. Eg rører meg sakte. Har eg lov denne gongen? Eller berre uroar eg, som alltid før? Eg set meg ned ved sida av. Ingen klem. Vi har aldri klemt. Konturane av ansiktet i mørkret. Det einaste eg ser. Så gjer eg det. Strekkjer ut handa. Rører ved kroppen som sit der. Han har vendt tilbake til oss. Handa mi stryk nedover låret hans, mot kneet. Stoppar. Resten av beinet er ikkje der. Berre noko mjukt. Ein kjøttstump. Kva er det som

7


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 8

har hendt med deg? Eg er nær han, men når ikkje heilt fram. Ansiktet er vendt mot meg, men auga ser meg ikkje. Den første tida etter at far var død, drøymde eg ofte at han plutseleg stod i rommet der eg var. Det overvelda meg, så eg fekk ikkje fram eit ord. Sjølv om eg meir enn noko anna hadde ønskt å få snakke med han ein siste gong. For å seia det som aldri vart sagt. Men eg visste jo at han var død, derfor skremde det meg at han stod der. Kor gjerne eg skulle lært han å kjenne! Den siste tida har ønsket kome sterkare tilbake. Koma så nær som eg aldri klarte å koma. Bak det strenge og alvorlege ansiktet, leite etter smilet eg berre har eit uklart minne om. Men det er som i draumen, eg grip etter han utan å nå fram. Kanskje er dette siste sjansen til å finne han, nå når vi er i ferd med å rydde han bort. Bit for bit fjernar vi alle ting som minner og slettar dei siste spora etter oss som levde her. Tømmer huset og gjer oss ferdige med denne staden. Etter at mor døydde i fjor, har bandet hit slitna. Heretter skal alle namna våre knytast til barndomsheimen berre som historie. Huset kan snart nullstille seg og ta imot andre menneske. Bålet brenn i det sterke vårlyset. Lufta er rå og kjølig, men flammane steiker. Landskapet rundt oss er i ferd med å ta tilbake fargane. Markene ligg gule og ventar, oppetter liene står den nakne bjørkeskogen fiolett blant furutrea. Dei kvite stammane spreier ut kvite greiner, lik armar som strekkjer seg i vêret. Litt høgare oppe møter skogen snøen og dei blåsvarte, harde berga. Anna og eg har brukt mesteparten av helga til å rydde. Nå står vi og stirer teiande på det som ligg under flammane.

8


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 9

Skrot som blir til oske og ingenting. Det meste av det vi kastar, må samlast i haugar og køyrast på avfallsplassen. Ting som ein gong hadde ein verdi. Ting vi drog inn i heimen for at dei skulle gjera nytte for seg eller pynte opp, for å utfylle verda vår, det vi hadde saman og kvar for oss. Eg rotar i bålet med ein stav, ein del papir og treverk har hamna i utkanten, eg mokar det inn mot midten der elden har godt tak. «Passar du bålet mens eg går og tømmer eit par kommodeskuffar til?» seier eg og tar eit par steg bort. Den eine skuffen er fylt av brev vi har tatt vare på frå barndommen. Bunkar frå jenter vi brevveksla med den gongen det var ein hobby. Eg stappar i bereposen. I den neste skuffen finn eg dei fem dagbøkene eg skreiv frå eg var knapt fjorten til eg var nærmare atten. Den første har lyseblå, blanke permar og er dekorert med gutenamn, skrivne med tusj. Eg finn ikkje den vesle nøkkelen og bryt derfor opp låsen for å sjå kva fjortenåringen har å fortelja. I det eg opnar boka, dett det ut ei lita notisbok. Denne hadde eg gløymt. Truleg var dagboka utskriven før eg fekk tak i ei ny, derfor måtte notisboka ein periode gjera nytten. Over ei heil side midt i boka er det teikna ei tåre med svart tusj. På sidene før har eg rabla ned nokre notat med overskrifta «Den verste dagen i livet mitt». Stega til Anna trampar i gangen nede. «Er du der?» roper ho, og utan å vente på svar legg ho til: «Eg varmar noko middagsmat.» Raskt puttar eg dagboka med notisboka ned i skuffen att. Etter middagen går Anna og eg ned til elva. Går over markene og følgjer vatnet som renn roleg på yta og skjuler den

9


Det som ein gong var ferdig.qxd:A

17-06-10

17:48

Side 10

strie straumen under. Vi har med kaffi på termos og set oss på steinar. «Er du i gang med ny bok?» spør ho. «Berre som idé,» svarer eg og ventar litt før eg legg til: «Eg vil skrive om dette, her det begynte. Om oppveksten min.» «Noko spesielt frå den tida, eller?» «Ting som ligg lagra som eg aldri har vorte ferdig med.» Anna kommenterer ikkje det nærmare. Ho rotar i sekken for å finne kjekspakka. «Det må jo bli ein del om far,» legg eg til. Desse dagane har vi grave fram så mykje av det som har forma liva våre. Små ting har mana fram heile historier. Akkurat nå er vi saman om så mykje. Som vi var det den gongen for lenge sidan. Eit ord eller ei setning er nok til å opne store rom. Det får minna til å renne i ein straum forbi, lik elva vi ser på. Passerer situasjonar, hendingar, menneske vi har møtt, alt vi har felles. Eg spør om ho hugsar drosjeturen innover fjellet den gongen vi skulle hente far. «Naturlegvis,» seier ho. «Eg hugsar godt kor redd eg var.» Ho var berre fire, og eg var seks år den første gongen eg trudde vi miste far. Ein bit av ei påbegynt sorg beit seg fast. Som ei førebuing.

Profile for Det Norske Samlaget

Det som ein gong var  

1 magnhild bruheim 2 Magnhild Bruheim Roman Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7567-7 Til minne om far og mor 7 har hendt med deg? Eg er...

Det som ein gong var  

1 magnhild bruheim 2 Magnhild Bruheim Roman Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7567-7 Til minne om far og mor 7 har hendt med deg? Eg er...

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded