Den tid, den song

Page 1



Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 1

1


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 2

Siri Ă˜kland Det stĂĽr til liv. Korttekstar. 2017

2


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 3

Siri Ă˜kland

Den tid, den song Dikt

Samlaget Oslo 2019


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 4

© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no OMSLAG:

Laila Mjøs Samlaget SKRIFT: Sabon 11/13,5 PAPIR: 100 g Munken Premium Cream TRYKKERI: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden FØRTRYKK:

ISBN

978-82-340-0069-0

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 5

INNHALD

Bør Skrap Jordsmonn Kvar gong Utferd Forlata Flukt Skjerpa Slik Mangeltilstand Innflytting I emning Borte Hevd Grunnforhold Heimanfrå Skifte Fred Framkalla Handverk Sælebot Tidsforskjell I Tidsforskjell II Tidsforskjell III Tidsforskjell IV Tidsforskjell V Ei beine Likevekt Måtehald

9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 6

Sløra Avtrykk Avskoren Napp Dragning Underskot Nærskylde Motmæle Regelen Opp att Møte Tungemål Restar Brest Miskunn Vals Framhald Syn Seinare

40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 7


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 8


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 9

BØR

frå barndommen blir ingenting overlevert som ikkje er festa i vegg eller ankra i jord umerkeleg skavar me av oss hud til me blir smalare, kappar ribbein til me blir smidigare lydlaust smyg me oss ut av linlenker handsydde, hampetau slegne av slekta så lang ut reiser me så med dogg om leggene og eit lodd i lomma som me ein gong skal støypa om og gøyma i våre eigne barns sko

9


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 10

SKRAP

Bestemor la potteskar i myra og trudde dei var borte for alltid. Ingen barn skulle skjera seg, ingenting vondt skulle skje.

10


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 11

JORDSMONN

Kven var eg før eg kan hugsa? Ei tavle far min kunne skriva på? Ei skrift som mor mi kunne viska bort? I snøen teikna eg mine eigne ord, med barnehand skreiv eg som om tida stod stille. Våren tok vare på minna, førte dei ned i grunnvatnet, så eg seinare kunne suga dei til meg frå safta av ein liljekonvall.

11


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 12

KVAR GONG

På bagasjebrettet finst berre fart og ein rygg i dongeri. Fingrane luktar metall frå grepet under setet, føtene peikar utover, ingen sandaltær inn i spilene. Far min har fiskestong på styret og fangsten i ein ring av hesjestreng. Kneet dunkar borti fisken om han ikkje passar på. Men det gjer han.

12


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 13

UTFERD

Eg føder meg sjølv som mor og dotter mi som barn. Eg ber fram skogar der ingen har trakka og vegar ingen har trødd, eg føder urodde vatn og uoppdaga hav. I blinde reiser eg over myrsnipedun og set knappenåler i ein gomme, i ei panne, i ein valk. Sjå, her har eg vore, her skal eg bli.

13


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 14

FORLATA

alle alltid aldri meir halda deg bety noko meir betrakta mindre enn det eg kan halda ut det eg kan er å halda fast fistel innover kan eg sjå utover er det meir å sakna våren vårast vakrast vera dei mange som set si lit til nytt liv håpet det grøne håper for meg som aldri ser meg tilbake berre ser meg tilbake som om svaret finst fanst kan finnast

14


Den tid den song FerdigNY.qxp_A 05.08.2019 11:01 Side 15

FLUKT

Eg streifar som ein gjest i skogen, blind for mi eiga overmakt. Då høyrer eg raske vengeslag. Ein fugl lar seg falla mot meg, svingar seg opp og stuper på ny og ny gjennom lyset. Med instinktiv presisjon rissar den vesle kroppen blanke bogar i lufta, like runde som dei er skarpe, like lette som vonde å sjå. Forstyrra går eg heim att mens eg undrast kven som vil la seg avleia av mine vakre fall, kven som vil la seg narra til å tru at hos meg finst ikkje noko reir av håp, ingen egg av framtid. Lurer på kven som vil vika for mine raude skrik, her er ingen ungar å knusa.

15