__MAIN_TEXT__

Page 1


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 1


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 3

Lars MĂŚhle

Den stille flokken Kriminalroman

Samlaget Oslo 2017


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 5

Nina vil jeg jila jik tikno jilipa det honkar om de tavringar som pala dromen jar Om sasaro de avoar som jalar sigt og lett i etanes med natan iti vandrings-jidanet NĂĽ vil jeg synge en liten sang det er om de tatere som etter veien gĂĽr Om alle de gutter som springer raskt og lett i sammen med kona uti tater-livet FrĂĽ Romano Cavo (Tater-gutt)


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 6


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 7

prolog Hagaheimen, laurdag 31. mars 2012 Grusen knasa lett under skoa på veg opp bakken. Det var den same ruta som dei alltid gjekk. Pleiaren Stephan tok eit drag av sigaretten. Han heldt røyken nede i lungene eit sekund, før han sleppte han ut i skodda. Deretter kasta han eit blikk mot langtidspasienten. Så merkeleg ein brande. Rusla alltid to steg framfor han, som om han ville oppleve alt i verda først. Pasienten gjekk berre under tilnamnet Den Stumme. Eigentleg heitte han Arnold Johansen. Stephan hadde sansen for han. Johansen sa rett nok aldri eit ord. Men han var enkel å ha med å gjere. Aldri noko tull. Ingen klagar så lenge han fekk ta dagens tur opp til eika, i skogen bak Hagaheimen. Berre han fekk sjekke om det var komme fugl i kassa. Men det var han til gjengjeld nøydd til å gjere ein gong om dagen. Alltid klokka 11.00. Sjølv om vinteren. Dette underlege ritualet. Det fanst likevel pasientar med tvangstankar langt meir bisarre enn dette. Den Stummes daglege vandring opp til eika og fuglekassa var så absolutt til å leve med. Stephan fekk jamvel tatt seg eit par sigarettar undervegs. Komme seg litt bort frå den trykkande stemninga på avdelinga. Dei krakelerte, fortvilte menneska. Stephan visste at Arnold hadde vore innblanda i 7


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 8

valdsepisodar. For lenge sidan. Det var derfor han var på lukka avdeling, der bord og stolar var bolta fast til golvet – og døra ut frå avdelinga alltid var låst. Men han fekk lov til å ta seg lufteturar, så lenge ein mannleg pleiar var med. Den Stumme stansa. På nøyaktig det same punktet som han alltid gjorde. Og no kom Arnold til å snu seg sakte mot han og vente på løyve til å gå bort til eika. Same om han eigentleg alt visste at det var greitt. Om ein–to–tr… Den Stumme snudde seg. Auga søkte seg sakte fram. Stephan måtte smile. – Berre stikk bort, du. Eg røyker litt her imens. Den breie ryggtavla forsvann inn i skodda. Stephan blei ståande og trippe og inhalere i kulden. Sjølvsagt hadde det ikkje komme fugl i kassa. Det var for tidleg. Trekkfuglane kom ikkje før om ein månad. No, i overgangen mellom mars og april, var det berre meiser, kråker og skjorer inne blant dei bladlause, sprikande greinene. Gløden på sigaretten flytta stadig lenger ned mot filteret. Akkurat idet han trakka filteret ned i grusen med joggeskoen, skimta han ein skugge i tåka. Stephan skvatt litt og myste mot den utydelege skikkelsen. – No, var det fugl i kassa? Skuggen stod roleg. – Arnold? Det gjekk eit rykk i skuggen. Han kom nærmare. Like etter stega Den Stumme ut på stien – og strena forbi han, utan å svare på spørsmålet. 8


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 9

Nei vel, ingen fugl, da. Ikkje denne gongen heller. Det bar tilbake i retning Hagaheimen. Den Stumme låg to steg framfor han igjen. Likevel kjente Stephan at noko liksom lugga. Han klarte ikkje å setje fingeren på akkurat kva. Men det var noko med den vesle nølinga til Arnold der inne i skogkanten. Den Stumme var alltid så målretta, ja, nesten robotaktig i rørslene. Men kanskje Arnold berre leita etter han i tåkehavet. Stephan slo seg til ro med det. Han merka ikkje dei små rykka i kinna til Den Stumme. Flakkinga i auga. Han skjønte ikkje at Den Stumme gøymde hendene i bukselommene for å skjule kor dei skalv. Han såg ikkje det ulmande raseriet som var i ferd med å slite seg. Pleiaren kunne ikkje vite at Den Stumme endeleg hadde fått livsteiknet. Det han hadde venta på i alle desse åra. Nokre få, små, velvalde ord som snart skulle snu opp ned på alt.


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 10

1 Solåsen, palmesøndag 1. april 2012 Sølvi kom først. Klokka var berre fem over ni da den vesle Nissanen hennar glei roleg over parkeringsplassen og inn i ei ledig lomme ved inngangen til skogsstien. Ho vrei nøkkelen om i tenninga. Motoren stilna. Sølvi trekte pusten djupt. Auga søkte seg mot dei høge granstammane, kransen av barnåler i tåkehavet, dunkle konturar av sprikande greiner, bladlause ospetre, dødt fjorårsgras i grøftekantane. Grått, vått, stille. Kvervlande skodde. Auga fann sidespegelen ved passasjersetet. Ikkje teikn til Birgitte. Det var ingen på parkeringsplassen i det heile. Bussen måtte vere forseinka. Birgitte skulle ha komme hit før henne. Ho skulle ha stått og venta ved gangstien, eit lunt smil, runde briller, skulderlangt, grånande hår under ei svart strikkelue, Fjällräven-sekk, blå anorakk. Å, herregud, kor Sølvi grudde seg. For samtalen ho måtte ta med Birgitte no. Om Den usynlege kvinna. Ho som berre hadde dukka opp på dørtrammen, nærmast ut frå ingenting, og formidla dei oppsiktsvekkande opplysningane. Ho måtte få Birgitte til å legge frå seg den artikkelen. 10


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 11

Om tida på Svanviken. Den ho var så oppsett på å skrive. Og den drivarane av heimesida Latjo drom alt hadde sagt ja til å publisere. Men det var livsfarleg. Dei fantastiske fire hadde fått nyss i det. På eit eller anna vis. I hovudet gjekk Sølvi gjennom korleis ho måtte legge saka fram for Birgitte. Varsamt. Trinnvis. Ho skulle fortelje at alt ulma og var i ferd med å flyte over. Men Birgitte var så fordømt sta. Når ho først fekk los på noko, var ho umuleg å rikke. Sølvi grøssa. At alt det der måtte komme tilbake! Ho hadde jo sett fram til dette augeblikket heile vinteren, det å gå opp til Solåsen med Birgitte, den vesle, bortgøymde glenna dei hadde rydda på toppen av åskammen, langt inne i naturreservatet, der dei kunne få vere i fred for alle blikk. Dei første åra bar dei med seg sekkar med matjord. Dei planta krokus, påskeliljer og staudar, rips- og solbærbusker. Kvar vår sådde dei grønsaker, ei lita stripe med ringerikspotetar. Dei hadde rydda sin eigen vesle blomster- og kjøkkenhage her inne. Den vesle holeopninga mellom to steinar brukte dei som «kjøleskap». Dei lagra bær og gulrøter inne i det svale, kalde rommet. På bålplassen samla dei ved og kvist. Der kokte dei kaffi. Der steikte dei pølser og pinnebrød. Enkelte gongar klamra dei seg til kvarandre mens tårene trilla ned langs kinna. Kvar gong tente dei lys for Helena, den arme søstera, som dei ikkje hadde funne att før det var for seint. 11


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 12

Songane dei hadde sunge oppe på Solåsen, var ofte tileigna henne, men òg broren, foreldra og andre. Men sjølv her inne torde dei ikkje synge høgt. Ingen måtte få høyre. Deira eigne, ulovlege songar. På det bannlyste språket. Så hardt sat frykta framleis i dei. Fortida deira var for vond og farleg til å kunne delast med nokon. Blikket til Sølvi seig ned i dashbordet. Fingrane smatt opp i augekroken, som om ho ville viske bort tårene allereie før dei kom. Det banka på ruta. Sølvi kvapp. Ho stirte opp i smilet til storesøstera. Ein lette drog gjennom kroppen. Sølvi var ute av bilen i eit byks og omfamna Birgitte. Ein lang, knuande klem. – Så godt å sjå deg! Ho såg det no. Storesøstera var blitt eldre. Mykje eldre. Berre på det vesle halvåret som var gått sidan dei var saman her sist. – Beklagar at eg er sein, sa Birgitte andpustent. – Men bussen køyrer ikkje heilt fram lenger. Sølvi smilte. – Du er her no, det er alt som tel. Birgitte lo. – Har du med deg alt? Sølvi nikka. Deretter trekte ho ryggsekken ut frå golvet bak førarsetet, smekka igjen bildøra og låste. – Skal vi gå? Det er noko eg må prate med deg om. Dei la så i veg bortover den gruslagde gangvegen, forsvann inn i skodda som omringa skogbrynet, og snart var dei inne blant trestammane, snart vandra dei over bekke12


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 13

dalar og myrsøkk, snart kleiv dei opp bratte bakkekammar og smaug seg forbi dei dunklaste skogstjern, tunge, sugande steg i den våte lyngen. Men dei ville og skulle og måtte tole desse stega, akkurat som alle dei førre åra, fordi Solåsen, det hemmelege paradiset deira, låg og lokka ein stad langt der framme.


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 14

2 Han glei inn bak trestammane og følgde søstrene i kikkertsiktet. Dei to kvinnene stabba ut på glenna og vidare fram mot bålplassen. Dei bretta ut sitjeunderlaga, sokk ned på kvar sin stubbe. Vage konturar. Slør av skodde kom og gjekk. I det eine augeblikket såg han søstrene glasklart. I det neste blei skikkelsane viska ut i tåkehavet. Han var ikkje engsteleg for at dei såg han. Dei gjorde ikkje det. Dessutan hadde han all verda av tid. Han hadde vore tolmodig og forsiktig. No var begge søstrene her. I kikkertsiktet. Det einaste som plaga han, der han låg og venta på det rette augeblikket, var tvilen. Var han sterk nok når det kom til stykket? Og var dette verkeleg nødvendig, slik Fakkelen så hardnakka hevda? Var dette einaste måten å hindre at løyndommane kom fram i lyset på? Fakkelen meinte det. Og hennar ord var lov. Det visste han godt. Men ho skulle ha vore her sjølv! Lyst opp i tåka. Gjort han sterk. Sterkare. Ho hadde sagt at dette var den endelege manndomsprøva hans. No måtte han vise kva han var laga av. Han prøvde å tvinge seg hard, lét krysset i siktet pendle mellom bakhovuda til søstrene. Han prøvde å sjå for seg scenarioa, funderte på kven han burde ta først, og korleis den andre ville reagere etterpå. 14


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 15

I same sekund tok han avgjerda. Heldt pusten. Alle lydar blei skrudde av. Peikefingeren kvilte på avtrekkaren. Dei to strekane i kikkertsiktet stivna. Tanken la seg til ro i han: kor enkelt det er å ta livet av eit menneske. Når ein først har bestemt seg. Så trekte han av. Det første skotet gjekk rett inn i bakhovudet til den eine. Kroppen hennar blei slyngd framover – før ho sokk ned i graset. Og blei liggande. Den andre reiste seg. Eit gjennomtrengande skrik letta frå skogbotnen. Det andre skotet såg han ikkje utgangen på. Det forsvann inn i skodda. Han banna, sprang fram frå skjulestaden, hasta ut mot glenna. Den eine var død. Det såg han på lang avstand. Men kvar var den andre? Han merka at salongrifla skalv i armane hans idet han tok dei siste stega. Skodda kvervla kring liket. Blodet spreidde seg utover bakken under hovudet hennar. Han kjente igjen ansiktet. Birgitte. Han stivna. Det steig no opp lydar ein stad inne i skodda. Små stønn. Han lista seg på tåspissane nærmast på måfå framover i tåkehavet. Hjartet dunka. Rifla klar. Fingeren på avtrekkaren. Tankane myldra. Kvar søren kom lydane frå? Kvar var Sølvi? Var ho væpna? Han tok eit steg framover. Tåka kom og forsvann. Rifla dirra i hendene. Eit steg til. Enda eit. Stønna steig sakte i styrke. 15


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 16

Til slutt fekk han auge på henne. Ein kravlande kropp på bakken. Ho drog seg framover med hendene. Sakte, desperat. Kraup og stønna. Så var altså ringen slutta. Plutseleg rulla ho over på ryggen. Han løfta rifla på reint instinkt. Men han skjønte det raskt: Sølvi bar ikkje noko våpen. Ikkje kniv. Ingen pistol. Ingenting. Blikket hennar var retta mot eitt einaste punkt: han. Han fraus. Kjente ho han igjen? Og han leita og leita i ansiktet under seg. Etter spor av noko. Tilgiving. Nåde. Men alt han fann, var to auge fulle av forakt. Og han kjente korleis løpet dirra i handa da han løfta salongrifla, og framleis mens dei to kryssande linjene leita seg fram til det rette punktet. Midt mellom auga. Først da roa hendene seg. Han såg pupillane vide seg ut i kikkertsiktet. Så brente han av igjen.


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 17

3 Gjelleråsen, måndag føremiddag 2. april 2012 Ina Grieg hukte seg ned bak trestammen. Fortvilt forsøkte ho å få igjen pusten etter den lange spurten. Hjartet slo og slo. Å, herregud, korleis hadde ho klart å vikle seg inn i dette marerittet? Ho beit tennene saman, lente hovudet litt lenger fram, fingrane strauk over den ru borken. Forsiktig kasta ho eit blikk ut mot skoddehavet. Ingenting. Men det fanst ein fiende der ute. Det visste ho godt. Ein eller annan stad i skogen var han. Væpna. Og han jakta på henne. Sneik seg omkring der inne. Ina flytta blikket sakte frå trestamme til trestamme. Ho visste ein annan ting òg. Snart måtte ho krype fram frå skjulestaden. Det var ho som måtte finne motstandaren, ikkje omvendt. Men ho var ikkje trena i dette, hadde aldri gått på jakt eller sett seg inn i strategiane for krigføring, mens han, derimot, var ein garva jeger. Ina sjekka våpenet, vurderte om ho skulle gjere eit vilt rykk bort til trestammane litt lenger framme, i utkanten av skogområdet, og deretter sirkle fienden sakte inn. I same sekund kjente ho ei uuthaldeleg smerte i rumpa. – Auuuu!! 17


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 18

Ina var på beina i eit byks. Men for seint. Fienden plaffa laus på henne. Det stakk og skar overalt, i hofta, låra, leggane. – Slutt, da! Skot på skot ramma henne. Det svei som eit sant helvete, og irritasjonen enda til slutt opp i eit vilt skrik: – Jævla rasshøl! Ein hjarteleg latter steig opp framfor henne. – Got you! Bak visiret på hjelmen kunne Ina skimte to svært tilfredse auge. Jon Bork gliste frå øyre til øyre. – Dette er det artigaste vi har gjort på lenge. – Dropp fleirtalsforma, murra Ina til kollegaen. – Ha-ha, du skulle sett deg sjølv! heldt Jon fram. – Tok deg fullstendig på senga der, ja. Ina talde til ti. Det var ille nok at ho hadde ein partnar i psykologpraksisen med ein mental alder på 12 år. Enda verre var det at ho hadde latt seg overtale til å bli med på dette tullet. Ho burde visst korleis det ville ende. Å spele paintball med sin einaste kompanjong var ikkje «utviklande for dei sosiale relasjonane på jobben», slik trønderen hadde argumentert så ivrig for. Det var primal gutemoro. Men den eigentlege årsaka til at ho svarte ja til kollegaens invitasjon, hadde ho halde hemmeleg for han. For akkurat i dette augeblikket skulle Ina ha vore på eit seminar på Lysebu. Ho skulle ha stått der framfor førti psykologar, måndag etter palmesøndag, tusenvis av vekttal i eitt og same rom, og halde foredrag om «Hypersenstivitet – belasting eller gåve?». 18


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 19

Ho hadde grudd seg i fleire veker. Da Jon føreslo paintball-måndag like før påskeferien, var det faktisk svaret på bønnene hennar. Ho slo til tvert og melde forfall til seminaret. – Sei meg, furtar du? braut Bork inn i tankane hennar. – Eg sa det til deg. Når du går i kamp med ein garva infanterist, må du kunne reglane for forsvar. Éin: halde deg i skjul. To: vere tolmodig. Og tre: aldri, aldri lage lyd! – Å, hald kjeft! Ansiktet til kollegaen blei brått alvorleg. – Du er søren meg humørsjuk. Ikkje rart Amund driv og ringer meg. Ina snappa etter luft. – Amund? Jon nølte eit augeblikk, før han igjen møtte blikket hennar. – Han uroar seg for deg. Seier at du ikkje er til stades, at du vik unna han – og ikkje minst forsøker å sabotere hytteturen i påska. Ina la armane i kors. – Så det snakkar de om? Ho begynte å gå bort frå han. Jon følgde etter. – Mannen din er redd for deg! Han ringer i eininga. Det er like før eg tar honorar. – Gjer det, da, for faen! Ina slengde paintballgeværet på bakken og drog av seg hjelmen. Deretter hasta ho bort frå Jon utan å seie eit ord. – Han får ikkje kontakt med deg, seier han! ropte Jon på der bak, før han la til: – Ikkje han heller! 19


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 20

Og da ho endeleg trudde han ville halde kjeft, toppa han det med følgjande avskjedshelsing: – Du er ein skikkeleg god tapar, Ina Grieg! Ina langa ut bortover skogsstien. Det ulma i heile kroppen. At det gjekk an! Her hadde Amund og Jon rotta seg saman òg, ja. Det var det einaste som mangla. Så det var derfor Jon hadde dratt henne hit, langt pokker inn i skauen? For å ta opp dette ømfintlege emnet liksom tilforlateleg? Det irriterte henne noko grundig. For kor mange gongar hadde ho ikkje måtta høyre at ho var fjern, at ho forsvann inn i si eiga verd og grov seg ned i sine eigne prosjekt? Tusen? Ein million? Men det var da slik ho var! Dette hadde Amund visst da dei blei saman, og da dei sidan fekk barn. Det var dessutan berre halve sanninga. For Amund var da passe oppslukt av sine kjepphestsyslar, han òg. Blant dei var å vere ei heile veke til ende på hytta til svigerforeldra ved Ringkollen i påskeferiane. For det var tydelegvis ikkje nok for han bokstaveleg talt å bu i hagen til foreldra sine, han ville nærmast leve oppå dei i alle feriar òg. Amund hadde klandra henne for å gi f… i heile påskeferien, og det hadde han søren meg rett i òg. Ho forsøkte verkeleg etter beste evne å sabotere heile den fordømte påska på hytta, eller i alle fall si eiga rolle i henne. Saka var at ho rett og slett ikkje fiksa det. Ho takla ikkje å vere i små, lukka rom med andre menneske, ikkje lenge om gongen – utan å få panikk. 20


Den stille flokken ferdig_Sanct Svithun 1 korr.qxd 10.01.17 15:05 Side 21

Var det derimot noko ho meistra, så var det å flykte. Ina hadde nærmast utvikla flukta til ei kunstform. Heile livet gjennom hadde ho rømt frå nærmast alle former for nære sosiale relasjonar. Ina var på full fart inn på parkeringsplassen idet ho merka ein dirr mot hofta. Mobilen. Ho himla med auga og slyngde forbanningar ut i lufta. Kva var det Amund ville no, da? Eit lite sekund vurderte ho om skulle la vere å svare. Men noko fekk henne til å fikle mobilen opp frå jakkelomma likevel. Det kunne trass alt vere viktig, ein pasient som trong akutt hjelp. Men da ho endeleg stod med mobilen i handa, stussa ho. Ho kunne banne på at det var noko kjent med nummeret som blinka på skjermen. Men ho klarte like fullt ikkje å plassere det heilt.

Profile for Det Norske Samlaget

Den stille flokken  

Tredje bok om psykologen og kickboksaren Ina Grieg. Av Lars Mæhle.

Den stille flokken  

Tredje bok om psykologen og kickboksaren Ina Grieg. Av Lars Mæhle.