__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 1


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 3

Jostein Fet

Den gløymde litteraturen Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 5

Innhald Tilvising til sidetal (side –) og nummer (reg –)

    . Føreord av Ottar Grepstad 









Omfang  • Vandrande bøker  • Åndshistorisk samanheng  • Dei eldste bøkene i kronologisk rekkefølgje  • Bøker registrerte i dei einskilde kommunane 





Innskrifter frå katolsk tid  • Frå -talet: Bodordshella på Vartdal  • -talet: fleire bondeinnskrifter dukkar opp  • Bondeinnskrifter i Christian IIIs bibel  • Aukande skrivekunne på -talet  • Allmugefolk lærer seg latinske frasar 

   



Dansk dominans føre   • Norske trykkestader  • Dei mest populære bøkene frå –-talet er sjeldne i dag  • Språkform 





Førsteutgåver  • Bøker som gåve til institusjonar  • Svartekunster og magi: Svarteboka frå Rotset  • Folkebøker 

  



Bodordshella på Søre Vartdal i Ørsta (–)  • IHS-teiknet  • Teksten  • Solsymbola  • Almehella på Hareid 


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 6

 | 

  



Kongebiblane  • Bibeltalet på Sunnmøre  • Bibelske spørsmålsbøker  • Bibelkunnskap var av ein høgare orden 

  Ortodoksi og pietisme  • En rictige Vey  • Jesu liding og offerdød  • Haugerørsla på Sunnmøre  • Pietismens syn på ekteskapet 

  



Nokre sentrale forfattarnamn  • Instrumentalisme 

   



Tekstar og tonar  • Fordeling av religiøse folketonar på einskilde sunnmørskommunar  • Dei mest brukte songtekstane  • Tekstar frå og -talet  • Kingos salmebok  • Revisjon av Kingos salmebok  • Ortodoks pietisme  • Guldbergs og Evangelisk-christelig Psalmebog 

, 



Husandakter  • Mange slags huspostillar  • Kvifor var Müllers huspostill meir populær på Sunnmøre enn i dei andre regionane? 





Hans Strøm. Teologens og naturvitskapsmannens verdsbilete  • Sivert Aarflot. Opplysningsmannens verdsbilete  • Niels Olsen Svee. Skulehaldarens verdsbilete  • Gunder Olsen Drabløs. Husmannens verdsbilete  • Verdsbiletet i Balles lærebok frå  

  



Opplysningsfilosofane  • Hans Strøms statiske klassesyn  • Sivert Aarflots Klogskabsregler  • Niels Treschows tankar om staten  • Ein bondeordførars program for lokalsamfunnet 


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 7





| 



Norsk Landboeblad –  • Kor mange lesarar hadde bladet?  • Nyhende  • Det allmenne opplysningsstoffet  • Sivert Aarflot bed folk bruke matnyttige planter  • Folkeminne i NL  og   • Eit brått skifte etter   • Landboe-Avisen –  • Samfunnsfagleg stoff  • Geografisk fordeling av abonnentane  • Sosial fordeling av abonnentane  • Kor mange las Landboe-Avisen i ? 





Prestar som bygdelegar  • Fødselsvitskap 





Lydnadsetikk  • Rekning  • Lesebøker  • Språket 

 



Aarflots frie boksamling 





Voldens Sogneselskab  





Sivert Aarflots historiesyn  • Bibelhistorie og Nordens historie 









Konservative lesepreferansar  • Folkebøker  • Romantiske viser  • Peder P. Helset: Sætterdeien  • Kvinner nyttar trykkeriet på Ekset  • Moraliserande viser  • Patriotiske og folkelege songar  • Lyder Sagen, smaksdomar i Bergen 


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 8

 | 

  (reg –)



 Kosmogoni. Visdomslitteratur (reg –)   Bibelen (reg –)   Delar av Bibelen (reg –)   Lærebøker. Bibelhistorie (reg –)   Forklaringar. Dogmatikk (reg –)   Kristen moral (reg –)   Bøn og oppbygging (reg –)   Inngangsbøner (reg –)   Salmebøker og åndelege viser (reg –)   Huspostillar, preiker (reg –)   Moraliserande forteljingar (reg , )   Kyrkje og kyrkjehistorie (reg –)   Litteratur om samfunnet (reg –)   Aviser og tidsskrift (reg –)   Lover og forordningar (reg –)   Naturfag (reg –)   Legebøker (reg –)   Skule og undervisning (reg –)   Landbruk. Landbruksøkonomi (reg –)   Almanakkar, kalendrar (reg –)   Geografi (reg –)   Biografiar og memoarar (reg –)   Topografi og historie (reg –)   Skjønnlitterære tekstar (reg –) 

  

 








Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 9



| 

  Bokgrupper registrerte hos private eigarar –    bøker og skrifter fordelte på -årsbolkar   Fordeling av bøkene mellom einskilde kommunar   Trykkestader –   Bokeigarar –   Geografisk fordeling av religiøse folketonar   Dei mest brukte songtekstane på Sunnmøre   Trudomshistorisk fordeling av salmebøker og åndelege viser   Val av kyrkjesalmebok i Bergens og Trondhjems stift   Eit utval av salme- og songbøker i Bibliografisk register   Huspostillar i Bibliografisk register   Allment opplysningsstoff i Norsk Landboeblad –   Utanlandske nyhende før og etter    Abonnentane av Landboe-Avisen, dekning etter yrke 

  Jeg seer dig, søde Lam, at staae. Brorson   O søde Evangelii Lyd. Svee   Nu rinder Solen op. Kingo   Stormægtigste Herre! Som alting anretter. Svee   Mit Hjerte altid vanker. Brorson reg   Paa denne kummerfulde Øe. Volqvartz reg   Det hændet sig Jephta. Petter Dass reg   Nu Solen gaar ned. Bruun reg   Nu Nattens Mørk forsvinder. Svee reg   Hvad est du dog skjøn. Brorson reg   Jeg har her ingen Blivested. Gausemel reg   O kjære Sjæl, frygt aldrig meer. B.C. Aarflot reg   Jeg Syndefulde vil nedfalde (Fenstadvisa) reg   Forsørgeren, den store Gud. Svee reg   Den fineste Kone paa Stranden. Frimann reg   De legte Guldtavel ved breden Bord (Visa om Aksel og Valborg) reg 


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 10


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 11

Over alle tindar av ord Kvar søndag morgon hausten  rusla ein liten, tettbygd mann ned bakkane frå Lindevegen i Volda. Jostein Fet var på veg til Møre og Romsdal distriktshøgskule for å lese skifteprotokollar på mikrofilm og notere alt han fann om bøker i skifta. Han må ha brukt meir enn søndagane, for alt sommaren  hadde han vore gjennom   skifte frå tida – i fire regionar. Der hadde han funne   bøker. Det minner om den fem år yngre franske historikaren Emmanuel Le Roy Ladurie. Han publiserte i  ein studie av den oksitanske landsbyen Montaillou frå tida –, utgitt på norsk i . Til Montaillou i Languedoc sør i Frankrike kom pavens menn på jakt etter kjettarar. Ut frå dei omfattande avhøyrsdokumenta frå denne inkvisisjonen skreiv Ladurie ei eineståande, kollektiv forteljing om kvardagsliv og åndsliv i landsbyen. Kvar ein detalj kom til nytte for å forstå liva dei levde. Nesten like konsentrert som Ladurie, studerte Fet emnet sitt. Han har sett vidt, det er så, men han har sett mest på Nordvestlandet. Det han då har mista i nasjonal og allmenn framstilling, har han teke att i nærlesing av skriftlivet i nokre lokalsamfunn og slekter over fleire hundre år. Sjølv til å vere av den gamle skulen, sprengde Jostein Fet grensene i sitt eige fag. Den tida er forbi då ein enkeltforskar kan gjere det same, men han blir verande eit absolutt uttrykk for den historiske vissa om at store tankar blir tenkte også utanfor store institusjonar. Etterpå har det vist seg at funna hans har sine ekko i større og meir kollektive forskingsprosjekt. Eit par dusin intervju kan vere nok til å skrive ei viktig doktoravhandling. Det skal likevel meir til for å forkaste hevdvunnen sanning. Dei første små skriftene frå Fet sette få spor etter seg. Mangt endra seg,


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 12

 |      og han endra mangt, då Lesande bønder kom ut i . Der la han fram hovudfunna frå søndagsforskinga si. Det var som ei openberring. D    . Fet var der då Kringkastingsringen blei skipa i  for å fornye målrørsla i ei tid då Noregs Mållag fortapte seg i bøyingsendingar. Frå  var han lektor ved Volda lærarskule. Då ideen om distriktshøgskular dukka opp, organiserte Rolf Sagen ein aksjon for å få ein av dei til Volda og eit nynorskmiljø. Fet var med. Vona var at dei nye høgskulane kunne bli ei form for motekspertise. I det norskstudiet Fet utvikla som nytilsett undervisningsleiar ved høgskulen, var det nettopp det han gjorde. Utan å vere knytt til noko internasjonalt fagmiljø eller ein ruvande forskingsinstitusjon gjekk han frå den første vesle studien til den store tanken. Det året søndagslesinga tok til, gav han ut ein antologi og bibliografi over  diktarar frå Sunnmøre mellom  og . To år seinare kom eit lite skrift om eldre allmugelitteratur på Sunnmøre til bruk i norskstudiet ved høgskulen. Det var eit første varsel, som få merka seg. Språk- og litteraturforskaren med Olav Duun som spesialitet tok ingen snarvegar. I meir enn  år har Jostein Fet leita fram den skriftfesta kvardagen til allmugen, folk flest. Han kallar dei bønder, men det er allmugen han skriv om, fattig og rik. Dei mange skifteprotokollane har han supplert med eigne undersøkingar og mentale manntal som ein del prestar skreiv, såkalla sjeleregister. Der fekk han stadfesta ein mistanke som tidleg hadde meldt seg: Der var mange fleire bøker rundt om i heimane enn dei som var nemnde i skifteprotokollane. Han registrerte boksamlingar, studerte enkeltforfattarar, las enkeltskrifter nøye. Slik blei Helsetkalenderen med innskrifter – og tre slektskrøniker frå Bjørkedalen – kjende for dei som kom over enkle stensilskrifter med blå framside om sunnmørsskrifter frå høgskulen i Volda. Liknande uttrykk for sterk skrifttradisjon var kjende frå andre kantar av landet, som Rygnestadboka i Valle i Setesdal med


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 13

    

| 

innskrifter – og Røldalsboka med innskrifter frå . Samanhengane var det enno ingen som hadde sett. I Fets store forteljing heng lese- og skrivekunne saman. Ymse miljø brukte tidleg skrifta tidleg i dei mest ulike samanhengar. Skriftene er for mange og variasjonen for stor til at dette kan reduserast til lesande og skrivande storbønder. Folk skreiv på det dei hadde for hand, og det var sjeldan blanke ark. Merkelege teikn rissa inn på ein husvegg, magiske formlar på klutepapir, bodord på steinheller, rim på ølbollar, slektsminne i margen på boksider, soldatbrev og dagbøker side om side med visjonsdikt og kjærleiksviser. J F  endra kunnskapen om Noreg. Å setje fram ein ny tanke kan vere enkelt. Å gjere den tanken til ei gjennomgripande endring av tenking er noko heilt anna. Det er det Fet har oppnådd: Han skapte eit paradigmeskifte og avdekte den gamle kunnskapen som ubrukeleg. Før han tenkte sitt, var det vanleg å meine at folk flest var analfabetar før det blei bestemt i  at alle skulle konfirmerast – og den som skulle konfirmerast, måtte kunne lese. På -talet såg ein gjerne på embetsstanden som eit aristokrati for danning, og så seint som i  blei det skrive om «allmuens sløvhet og likegyldighet overfor opplysning og skole» på -talet. Den makta som låg i skriftkunna, fekk mykje å seie for utviklinga av eit demokratisk samfunn på -talet. Gamle tolkingar av -talet måtte skrivast om, nasjonalromantikken falma, og grunnlaget for historia om nasjonsbygginga på -talet slo sprekkar. Ringverknadene stoppar ikkje der. Tenking er ikkje avhengig av skrift; Sokrates skreiv ikkje eit ord, men skrift gjer noko med tenkinga. All skrifta og alle skriftene på - og -talet gjorde noko med folk. Dei visste meir om kva som blei tenkt og skrive andre stader i verda. Fets studiar viser kva skrift gjer med folk, kva folk bruker skrift til når dei bestemmer sjølve, og korleis dei prøvde å skrive dansk på sin måte. Folk flest kunne lese på -talet, og dei snakka dei dialektane som


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 14

 |      var blitt forma alt før reformasjonen på -talet. Lesestoffet var med få unntak på dansk. Det vil seie at nordmenn var tospråklege. Dei snakka eit språk og las eit anna. Den forståinga hadde følgjer for måten ein analyserte fortida på, korleis meiningsdanning blei forma og makt var fordelt. Lese- og skriveføre bondesøner som Hans Nielsen Hauge og Ivar Aasen blei for unntak å rekne. No blei det lett å sjå at utbreidd lese- og skrivekunne var ein nødvendig føresetnad for det dei to og mange andre utretta. Mange fleire kunne lese enn skrive. Samfunnsinstitusjonar som kyrkja ønskte kontroll over både Skrifta og skrifta, men der fanst lese- og skrivekunne utanfor deira domene. Språkforskarane hadde lenge studert dei mange handskrivne og trykte visene frå tidlegare hundreår. Dei las tekstane som språkprøver, ikkje som uttrykk for meistring av skrift. Fleire hundre slike viser var kjende, og endå fleire tekstar som ikkje var skrivne i bunden form. Frå mellomalderen kjende ein tusenvis av rettsdokument, mest lesne som språkprøver, og det er funne fleire hundre runepinnar frå - og -talet på Bryggen i Bergen. Før alt dette var der helleristningar; så seint som i  kom fleire tusen av dei for ein dag i Alta. Desse leivningane frå skrifttradisjonar i farne tider kunne lesast som ei beretning om eit samfunn i den lange overgangen frå munnleg kultur til skriftkultur. Ser ein forbi etablerte arkeologiske tolkingar og les helleristningane som innskrifter, dukkar den tanken opp at menneska også her nord relativt tidleg ytra seg i fleire format og på fleire måtar enn dei som er kjende i dag. Den kunna blei ikkje borte ved nye kulturmøte og språkskifte. Gjennom dødsbu skulle levt liv gjerast opp i ordna former, det vil seie skrift, og kyrkja ville vite mest mogleg om kyrkjelydane sine. Di meir sentral skrifta var i samfunnet, di meir interessant blei den for dei som ikkje måtte meistre denne kunsten. Dei fleste kunne lese, men las gjerne tekstar om att og om att. Andre høyrde tekstar bli lesne eller attfortalde. Slik nådde skrifta endå vidare ut. J F   . Han var over  år då han gav ut den første store boka si og fagmiljø i inn- og utland forstod kva han hadde opp-


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 15

    

| 

daga. Mellom  og  gav han ut fem store bøker på til saman  store sider om allmugens skriftkultur i fire hundreår. Han samla spor etter skrift og tonar frå musikk. Systematisk innsamling og registrering av tradisjonsmusikk blei til folkemusikkarkiv, bøker som Folkemusikken i Møre og Romsdal og eiga tradering, som røynd felespelar. Det som har vore i bruk – skrive og lese, spelt og sunge, har vore til nytte for å forstå dei liva som ein gong blei levde. Ikkje kunne Jostein Fet i  vite at kan skulle gi ut siste boka si det året han fylte  år. Difor skreiv han det viktigaste først. Først no er alt samla om stemmene frå ei fjern tid, kva dei skreiv og kven som las dei. Frå dei første mikrofilmane til ei siste bokliste der nr. 1 er ei bok om opphavet og Robinson Crusoe er nr. , handlar det om lesing og skriving i det private og dermed det som var viktig for folk. Fet har vist at det som ein gong er skrive, ein dag kan hugsast og bli minne for livet. Han var den første i Noreg, men ikkje den einaste i verda. Mange forskar no vidare på grunnlag av den nye tenkinga og med eit så romsleg grep om fenomenet litteratur at dei når både lågt og høgt. Noko av det første Jostein Fet fekk på trykk, var stykket «Småguten og fjellet» i Sykkylvsbladet i . Dei kvardagsdiktarane Fet seinare henta fram, skreiv nok om fjell, mest slik dei hadde lese og høyrt andre gjere det. Sjølv gjekk han etter det originale. Minst to gonger på talet blei det lyst ut norske konkurransar om å gjendikte «Wandrers Nachtlied», meisterverket av Johann Wolfgang von Goethe frå  med opningsorda «Über allen Gipfeln ist Ruh». Ein av konkurransane stod Gyldendals Aktuelle Magasin for i . Vinnaren var han som då hadde hovud og hyller fulle av skriftminne om allmugens skriftkultur frå Goethes samtid. Over alle tindar er ro – Om alle rindar stilnar no


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 16

 |      nattvindens flòg. Og fuglane tagnar i lundar. Vente – snart blundar ditt auga òg. Då det stod på trykk, var Jostein Fet på veg ned att frå dei litterære tindane gjennom dalane langs elvene ut mot fjordane for å leite seg vidare til det som var, reinske tanken, grave grøfter, som han sjølv har kalla det, trø varsamt inn i husa, bort i skåpa og ned i kistene, skrive ned det som ein gong var å finne der, og på den måten gjere skrift til skrift. Ottar Grepstad


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 17

Inngang I  gav eg ut ei bok med tittelen Lesande bønder. Boka er ein litteratursosiologisk analyse av ca.   bøker frå   arveskifte i fire landslutar, Sunnmøre, Romsdal, Nordmøre og Øvre Telemark. Arveskifta er henta frå tidsromet –. Sluttkapitlet i boka heiter Bøkene i kista, der eg i stuttmål fortel om lagnaden til bøkene i arveskifta: Det var ei heil litterær verd som vart stuva bort på mørkeloft og stabbur eller rett og slett kasta. Ombrøytet skjedde gradvis frå slutten av -talet til framimot andre verdskrigen. Resultatet er blitt ein fullstendig revolusjon i folks lesnad. Den type litteratur som gjennom hundreåra utgjorde det aller meste av det folk las, er i dag fjern og framand. Litteraturhistorisk blir han knapt rekna med, endå han gjennom generasjonar var med å forme ut tankelivet åt det norske folk, førestellingane deira om menneskelivet, naturen og historia, stutt sagt, det totale biletet av den synlege og usynlege verda (Fet : ). No kunne ein ha late bøkene i kista få kvile i fred. Men etter som eg arbeidde vidare med andre kjelder, vart det klårt at i alle fall for Sunnmøres vedkomande var bøkene i skifta berre toppen av isfjellet. Ikkje alle bøkene i eit skifte kan ha blitt registrerte. Ofte var det unntak for dei store familiebøkene (huspostill, bibel) fordi dei skulle «følge Jordebruget». For det andre vart små og slitne bøker haldne unna skiftet fordi dei utgjorde ein så liten verdi av buet (t.d. såkalla folkebøker), eller fordi dei var bøker for borna etter kvart som dei voks til (katekismer, forklaringar). Underregistreringa blir særleg påfallande når ein jamfører bokmengda i skifta med boktalet i sokneprest Abelseths sjeleregister for Haram i


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 18

 |  –. Etter påbod frå bisp Peder Hersleb i Kristiania tok sokneprest Henning Abelseth (–) i Haram føre seg å undersøke katekismekunnskap, lesing, bøker m.m. hos sokneborna sine. Det viste seg at bokmengda låg langt over det som kjem fram i skifta frå same regionen. I skifteprotokollane for Vatne skipreide (med Haram) for – er det berre , % av skifta som inneheld bøker, mot , % i sjeleregisteret. Rett nok kan ein innvende at talmaterialet ikkje er heilt jamførleg, med di skifta gir opp bøkene åt den einskilde arvelataren, medan sjeleregisteret registrerer det samla boktalet i heimen. Men i praksis ville boktalet ikkje variere særleg mykje mellom dei to alternativa, med di arvelataren – i alle høve om han var ein gift mann – i dei fleste høve ville reknast som eigar av alle bøkene i heimen. Det ligg nær å tru at når bokmengda i skiftematerialet ligg så langt under den ein finn i sjeleregisteret, må grunnen vere at ikkje alle bøkene i skifta er blitt registrerte. At bøker er blitt underregistrerte i skifta, fekk eg endå eit prov på då eg tok meg føre å undersøke kvar det var blitt av dei einskilde bøkene i Abelseths sjeleregister når dei vart del av ein arv. Fram til ca.  fann eg skifte etter  av dei  hovudpersonane som er namngjevne i registeret. Men kvar var det blitt av bøkene? I sjeleregisteret har alle dei  personane bøker i heimen sin, medan vi i skifteprotokollane finn bøker berre hos knapt ein tredel av dei. Og talet på bøker var gjennomsnittleg mykje lågare. I dei skifta som inneheld bøker, er der gjennomsnittleg , bøker pr. skifte (Fet : ), medan det i sjeleregisteret er , bøker pr. heim. Dessutan viste skifta etter dei  personane at mange av bøkene var blitt erstatta av andre. Var dei gamle bøkene blitt bortgjevne? Med det snertar eg inn på eit anna fenomen i allmugens bokverd: Bøker skifte stadig eigar, ikkje berre gjennom arv i alle retningar, men også gjennom gåver, auksjonar, bytehandel osv. Eigenleg er desse prosessane eit uttrykk for den høge posisjon som bøker hadde i det gamle bondesamfunnet. Dette var sider ved den litterære kulturen som eg ønskte å sjå nærare på. I  sette eg meg føre å kartlegge kva som fanst igjen av den gamle


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 19



| 

bokverda i dagens samfunn. Etter det eg har sagt ovanfor, var det ikkje sikkert at eg ville finne så mykje. Men på mange måtar var resultatet overraskande positivt. Registreringa av eksisterande gamle bøker vart gjennomført ved hjelp av skjema der eg spurde etter forfattar, tittel, trykkeår og stad, dessutan eldre eigarinnskrifter med eventuelle årstal. Skjemaet vart sendt til alle adressatar som var knytte til matrikkelgardane i Volda, supplert med eit liknande, men meir avgrensa utval frå Sykkylven, Norddal (Valldalen) og Haram (Haramsøya og Fjørtofta). Seinare er registeret blitt supplert heilt fram til  med oppgåver frå Ørsta, Stranda, Herøy og Borgund (= bokgåver frå gardbrukarar til Sunnmøre Museum). I alt har eg registrert  bøker trykte føre , fleire av dei svært gamle (frå  og ). Samanlikna med litteraturen i skiftematerialet er der særskilt mange småtrykk (viser, einskildbøner m.m.) som naturleg nok vart oversedde under skiftesamlingane. Seinare kontrollar viser at folk i  av ymse grunnar på ingen måte gav opp alle gamle bøker som fanst i heimen. Eg har likevel ikkje funne det naudsynt å supplere -undersøkinga på dette punktet, med di eg meiner at bokutvalet på  eksemplar er representativt for den gløymde litteraturen. Første delen av boka (s. –) er ein kortfatta presentasjon av idéinnhaldet i dei viktigaste bokgruppene i boka. Andre delen er eit bibliografisk register, ordna i ei samanhengande nummerrekke frå  til . Ein stor del av bøkene i registeret er kommenterte åndshistorisk. Av plassomsyn og på grunn av manglande opplysningar vil dei bibliografiske opplysningane for einskilde bøker (forfattar, trykkeår, -stad osv.) ikkje vere fullstendige. Det viser seg også at mange av bøkene i registeret vantar i dei nasjonale bibliografiane. Det meste av det eg har publisert sidan –-åra, har hatt som føremål å kaste lys over bonde- og fiskarallmugens litterære liv fram til midten av -talet. Frå einskilde lesarar har det kome ønske om at undersøkingane, som stort sett har vore avgrensa til Nord-Vestlandet med


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 20

 |  unntak av Lesande bønder (), burde ta føre seg eit vidare område. I -åra var eg også inne på tanken om å utvide undersøkinga til heile Vestlandet, men fann å måtte slå det frå meg. Der var to grunnar for det. Den eine var min alder, den andre var at det innsamla kjeldematerialet frå Nord-Vestlandet var så omfattande at eg ville ha rikeleg arbeid resten av livet med å gi det form. I så måte kan denne boka sjåast som sluttsteinen på eit langvarig prosjekt. Volda, i april . Jostein Fet.


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 21

Konklusjonar Omfang Dei bøkene og skriftene som er omtala i denne boka, utgjer  titlar frå tidsromet –, fordelte på ca.  eigarar som var i live i  og seinare. Tabell . Bokgrupper registrerte hos private eigarar på Sunnmøre – N =  eksemplar (=  %). Salmar, åndelege viser

,

Biblar, bibelske skrifter, bibelsoge, mytologi

,

Oppbyggeleg litt., bøner, moraliserande forteljingar

,

Huspostillar, preiker

,

Naturkunne, landbruk, geografi

,

Topografi, biografi, historie, kyrkjehistorie

,

Samfunn, skule og undervisning

,

Skjønnlitteratur

,

Andre skrifter Sum

, ,

Vandrande bøker Namne- og eigarinnskrifter viser at einskilde bøker har vore innom stadig nye hender fram gjennom hundreåra, heilt fram til -åra. Utifrå talet på eigarinnskrifter kan ein rekne med at dei  bøkene har vore innom minst – tidlegare eigarar. Dei fleste er tidfeste til - og -talet. Den viktigaste kjelda til å spore vandringane åt bøkene, frå ættled til ættled eller horisontalt frå eigar til eigar, har vore den omfat-


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 22

 |  tande litteraturen av gards- og ættesoger på Sunnmøre. Gjennom desse vandringane kan ein danne seg eit bilete av den sosiale og kulturelle rolla åt bøkene. Utanom bibliografiske kommentarar er dei einskilde bøkene forsynte med biografiske og kulturhistoriske opplysningar om forfattar, somme tider også om trykkar og utgjevar. Eigarane blir ikkje skilde ut i eit eige register, men er omtala under dei aktuelle bøkene. Dei er dessutan å finne i Personregisteret, der namna deira er kursiverte. Sosialt høyrer alle bokeigarane til i eit bondemiljø, anten direkte ved at dei sjølve er aktive bønder, bur på gard eller bruker garden som attåtnæring, eller indirekte ved at bøkene stammar frå eldre eigarar av bondestand, som kan vere foreldre, besteforeldre eller andre bakover i ætterekka. Nokre få eigarar har overlate bøkene sine til institusjonar som Sunnmøre Museum og Høgskulen i Volda for å sikre seg at dei vart ivaretekne. Detaljar om bokeigarane og korleis bøkene har skift eigar fram gjennom tida, som eg kallar «bøker på vandring», vil ein finne i omtalen av dei einskilde bøkene i Bibliografisk register (s. –).

Åndshistorisk samanheng Viktige bøker innanfor dei einskilde gruppene har eg prøvd å setje inn i ein åndshistorisk samanheng ved å gi att hovudtankane i innhaldet. På den måten vonar eg å vise dei kulturelle impulsane som møtte allmugen gjennom lesinga. I reformasjonshundreåret og på - og -talet kom desse impulsane frå tysk og dansk åndsliv, men mot slutten av -talet opna det seg dører også til engelsk litteratur. Mange bøker må likevel vere ukommenterte frå mi side, fordi eg av praktiske årsaker ikkje har hatt høve til sjå nærare på dei. Eit viktig mål for bruken og populariteten åt song- og salmesamlingane og einskildvisene er talet på registrerte folketonar som dei har knytt til seg. Det gjeld ikkje berre talet på originale oppskrifter og opptak, men også talet på framføringar i underhaldnings- eller konsertsamanheng. Til å få oversyn over tonematerialet i denne boka har eg nytta førstelineregisteret ved Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 23



| 

(FAMR), som inneheld tilvising til over  folketonar i oppskrift, opptak og framføring. Då er meloditilvisingar, dvs. tonar som blir brukte til andre tekstar, ikkje medrekna. Presentasjonen av dei einskilde verka kan til saman skape eit inntrykk av kryssande og til dels motstridande impulsar. I Bibliografisk register har eg difor prøvd å samle bøkene i hovudgrupper eller litterære kategoriar, ordna tilnærma kronologisk, for at lesaren lettare skal få auga på den historiske utviklinga av allmugens lesnad. Eitt av føremåla med denne boka er å vise at lesnaden til allmugen var meir mangesidig enn den som kjem til syne i sunnmørsskifta på - og -talet.

Dei eldste bøkene i kronologisk rekkefølgje Frå -talet: Urbanus Wyss: Libellus valde Doctus. Zürich . Eigar: Elias Halkjelsviks arvingar, Volda. Christoffel Stymmer: Ein Nüw Kunstrych Fundamentbüchle. Zürich . Elias Halkjelsviks arvingar. Paulus Eberus: Calendarium Historicum. Wittenberg . Erling Bjørkedal (–), Volda. Biblia, Det er den gantske Hellige Scrifft. Kbh. . Bibel på vidvanke i allmugen. Eigar sidan : Hjørundfjord kyrkje. Reravius: En liden Bønebog. . Eigar: Hallvard E. Vartdal, Ørsta. Dinis Jørgenssøn: To aandelige Viser. Kbh. . Eigar: Hallvard E. Vartdal, Ørsta. Luther: Den XC. Psalme. Kbh. . Eigar: Hallvard E. Vartdal, Ørsta. Reravius: En liden Bønebog. . Eigar: Hallvard E. Vartdal, Ørsta. Biblia, Det er, Den gantske Hellige Scrifft. Kbh. –. Eigar : Helge og Magnhild Masdal, Vartdal, Ørsta. Frå : Sunnmøre Museum, Ålesund Johannis Spangenberg: Postilla. Lübeck . Eigar : Per Arne Helsem, Stranda


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 24

 |  –: Peder Lauritzen: Catechismus. En sand enfoldig oc ordentlig Forklaring. Kbh. . Eigarar : Agnes og Hanna Botnen, Volda. Hieronymus Savonarola: Det Gyldene Griff paa Bibelen. Kbh. . Eigar : Martinus Sandvik, Herøy. Jhesus Syrach paa Danske. Kbh. . Eigar : Bergljot Riste Langva, Volda. Heinrich Bünting: En Reisebog offuer den hellige Schrifft. Kbh. . Eigar : Anders O. Bjørkedal, Volda. Niels Michelsøn Aalborg: Kort Huss- oc Skibspostille. Kbh. . Eigar : Ingebjørg Furnes, Dalsfjord i Volda. Biblia, Det er Den gantske Hellige Scrifft paa Danske. Kbh. . Eigar : Lars Martinsson Muribø, Valldal. Jens Bielke: Epitome Biblica. Kbh. . Eigar : Erling Bjørkedal, Volda. Niels Michelsøn Aalborg: Medicin eller Lægebog. Kbh. . Eigar : Erling Bjørkedal, Volda. Søndagis oc Hellige Dagis Epistler oc Evangelia. Kbh. . Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. Biblia, Paa Danske, det er: Den gandske hellige Skriftis Bøgger. Kbh. . Eigarar : Tordis og Ivar Skare, Volda. Hans Thomissøn: En ny Psalmebog. Kbh. u.å. [-åra]. Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. Luther: En liden Catechismus. Kbh. . Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. Jerusalems oc Jødernis ynckelige Forstøring. Kbh. . Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. Reravius: En liden Bønebog. Kbh. . Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. –: Chr. St. Bang: Postilla Catechetica, bd. . Christiania . Eigar : Erling Bjørkedal, Volda. Chr. St. Bang: Postilla Catechetica, bd . Christiania . Eigar : Erling Bjørkedal, Volda.


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 25



| 

Het Nieuwe Testament. Tot Amsteldam . Eigar : Rasmus R. Aarflot, Volda. Willads Nielssøn: Himmerigis Barnemoder. Kbh. . Eigarar : Agnes og Hanna Botnen, Volda. Kingo: Aandelige Siunge-Koors første Part. Kbh. . Eigar : Per M. Helset, Volda. «Ein billedbibel» trykt . Eigar : Sunnmøre Museum, Ålesund. Gåve frå Johan L.O. Hoff, Ellingsøya, Ålesund. Henrik Th. Gerner: Sædvanlige hellige Dagis hellige Tanker. Kbh. . Eigar : Jens P. Lingaas, Valldal. Povel A. Medelbye: Ungdommens Postille. Kbh. . Eigar : Per Arne Helsem, Stranda. Povel A. Medelbye: Ungdommens Postille. Kbh. . Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. Johann Lassenius: Bibelske Kierne. Kbh. . Eigar : Hedvig Havåg, Ulstein. Biblia, Det er, den gandske Hellige Skrift. Kbh. . Eigar : Sverre Hundeide, Sykkylven. –: Frå denne tida er bøkene så mange at dei ikkje kan reknast opp med forfattar og tittel. Sjå tabellen nedanfor. Tabell .  bøker og skrifter fordelte på -årsbolkar for tida –.* –:

 bøker og skrifter

–:

 bøker og skrifter

–:

 bøker og skrifter

–:

 bøker og skrifter

–:

 bøker og skrifter

–:

 bøker og skrifter

* Fordelinga er gitt med atterhald, då ein del bøker og skrifter manglar tittelblad eller er utan trykkeår. I slike tilfelle har eg plassert bøkene i -årsbolkane etter skjøn. Eg stoggar ved , men har gjort unntak for Ekset-avisene, som eg følgjer fram til storbrannen på Ekset i .


Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 26

 | 

Bøker registrerte i dei einskilde kommunane Tabell . Prosentvis fordeling av bøkene mellom einskilde kommunar. N = . Volda

,

Sykkylven

,

Ørsta

,

Herøy

,

Valldal i Norddal

,

Ulstein

,

Stranda

,

Borgund (gåver til Sunnmøre Museum)

,

Haram

,

Syvde i Vanylven

,

Eid i Nordfjord

,

Som ein ser, er over  % av bøkene registrerte i Volda. Når eg saumfor Volda grundigare enn dei andre, var det ikkje berre fordi eg var busett i Volda og lettare kunne oppsøke bokeigarane, men også fordi eg kjende til at ei rekke familiar her hadde eit uvanleg høgt tal av gamle bøker som dei hadde visst å ta vare på gjennom generasjonar. Men i det store og heile er profilen av bokmassen i Volda om lag som i dei andre sunnmørsbygdene, med unntak av dei små skriftene frå Aarflots Bogtrykkerie frå tida –, som vi naturleg nok helst finn i Volda og Ørsta.

Profile for Det Norske Samlaget

Den gløymde litteraturen  

Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre. Av Jostein Fet.

Den gløymde litteraturen  

Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre. Av Jostein Fet.