Den gløymde litteraturen

Page 17

Den gløymde litteraturen ferdig_A 27.05.15 11:10 Side 17

Inngang I  gav eg ut ei bok med tittelen Lesande bønder. Boka er ein litteratursosiologisk analyse av ca.   bøker frå   arveskifte i fire landslutar, Sunnmøre, Romsdal, Nordmøre og Øvre Telemark. Arveskifta er henta frå tidsromet –. Sluttkapitlet i boka heiter Bøkene i kista, der eg i stuttmål fortel om lagnaden til bøkene i arveskifta: Det var ei heil litterær verd som vart stuva bort på mørkeloft og stabbur eller rett og slett kasta. Ombrøytet skjedde gradvis frå slutten av -talet til framimot andre verdskrigen. Resultatet er blitt ein fullstendig revolusjon i folks lesnad. Den type litteratur som gjennom hundreåra utgjorde det aller meste av det folk las, er i dag fjern og framand. Litteraturhistorisk blir han knapt rekna med, endå han gjennom generasjonar var med å forme ut tankelivet åt det norske folk, førestellingane deira om menneskelivet, naturen og historia, stutt sagt, det totale biletet av den synlege og usynlege verda (Fet : ). No kunne ein ha late bøkene i kista få kvile i fred. Men etter som eg arbeidde vidare med andre kjelder, vart det klårt at i alle fall for Sunnmøres vedkomande var bøkene i skifta berre toppen av isfjellet. Ikkje alle bøkene i eit skifte kan ha blitt registrerte. Ofte var det unntak for dei store familiebøkene (huspostill, bibel) fordi dei skulle «følge Jordebruget». For det andre vart små og slitne bøker haldne unna skiftet fordi dei utgjorde ein så liten verdi av buet (t.d. såkalla folkebøker), eller fordi dei var bøker for borna etter kvart som dei voks til (katekismer, forklaringar). Underregistreringa blir særleg påfallande når ein jamfører bokmengda i skifta med boktalet i sokneprest Abelseths sjeleregister for Haram i


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.