__MAIN_TEXT__

Page 1


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 1


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 3

Mette Karlsvik

Den beste hausten er etter monsun Roman

Samlaget Oslo 


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 112


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 5

i. Sierra Indigo


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 6


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 7

Eg finn transittfart. Jagaren flyg parallelt med havyta, berre trettisju tusen fot over. Eg trekker pusten inn, ein, to, tregrensa sluttar. Strandlina fortset. Følgjer Austersjø-grensa. Eg tar sør, tøtsjar Baltikum. Borte, Baltikum. Hundre mil, om lag, til Kviterussland. Elvene er tynne årer gjennom landets kropp. Rundt alt blått kjem grønt. Farge genererer farge. Grøne område blir gule, gule brune, brune grå. Grenser på kartet er kunstige samanlikna med naturlege overgangar mellom sjø, sand, eng, granitt. Men éi menneskeskapt grense kjenner eg på kroppen: Eg kjenner tryggleiken av å komme inn i NATOs kommando- og kontrollsystem. Så snart grensa er kryssa, ser eg tryggleik på skjermen. Siglar under NATO-vengen. Er du der, seier eg. Eg er her, seier bakkekontakten. Ser du meg? Eg ser deg. Sjølv ser eg stein, industri, ser Kviterussland i nord. No held eg fjorten tusen fot. Ground? Godt, seier bakkekontakten, då går dette vegen. Berre å halde fram, seier han. Ein transportetappe ventar. Eg kan like gjerne by litt på meg sjølv, og seier at eg tok av ganske akkurat etter planen, klokka to Greenwich Mean Time. Og sidan har det gått smidig, seier radiostemma. Landskapet under sklir over frå stein til industri, veg. Ved seksten tusen fots høgd. Har Europa på skjermen, Russland på venstrehanda, Søraust-Europa på høgre hand. Har verda i handa. Verda er eit teppe av lappar. Lappane blir større, fargane meir like kvarandre. Men Ukraina, som eg kjenner som eit kart fullt av strekar, blir eit optisk puste


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 8

rom. Ovanfrå, og utan delstatsgrenser, er Ukraina ryddig. Eg justerer retninga, gir litt meir gass igjen. Er framleis over Ukraina. Er landet verkeleg så stort. Flyg eg i rett fart. Eg er slått av kor heilt det er, ovanfrå, når det ikkje er kartliner teikna inn. Når delstatar og språkområde ikkje er markerte, når Ukraina berre er landskap, geologi og vegetasjon. Gravitasjonskrafta kjennest, transportetappen synest. Endeleg opp frå subsonisk til supersonisk fart. Større fart krev lite av meg. Mindre fart krev meir av meg. Kan du forstå det, Ground? Eg forstår, seier bakkekontakten. Eg ser det som du ser, seier han, seier at han har dei same bilda, frå skjermane mine. Ni, ni og ein halv G, står det der. Åtte gongar gravitasjonskrafta pressar mot bringa. Eg dyttar mot.


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 9

Sol er soner av tid. Tidssoner er stakkato mot solas glid. Sol går forbi, så sakte og mjukt at eg ikkje ser det med auget. Men eg ser på instrumenta mine kva som er sola sin fart. Solfarten er ikkje mykje høgare enn flyfarten. Farten min er større enn luftfarten. Luftfarten er °F  knop, ’’’ ’’ ’ º SE º NW. Skjermen min omset luft og lys til tal. Maskina som eg flyg, endrar sola og lufta. Kvar liter jetfuel eg slepper ut, endrar klimaet litt. Tala er nedslåande. Snart tanking, Ground. Det går bra, seier flygeleiaren. Ground, seier eg. Srdjan, seier Ground og seier noko av det same som han før har sagt, men som er fint å høyre igjen. Roande informasjon, om farten og høgda, om at det er godt, alt. Farten er som han skal vere på dette tidspunktet, seier bakkekontakten, Srdjan. Tanking om ein halvtimes tid. Tre, to, ein, puste inn, ein, to, tre, puste ut. Ut frå kroppen går karbondioksid, vatn og andre avfallsstoff. Får sola inn frå sida. Aukar skjerminga, Srdjan. Roger, Venor. Auga slappar av.


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 10

Det er ein god del overskotsvarme, seier eg. Og noko sveitte. Air Traffic Control? seier eg. Srdjan her, seier han. Eg blæs flydrakta opp. Opp med temperaturen, for nokre sekund. Så ned, fort. Frykta veks med flydrakta. Når flydrakta blir større, kjenner eg meg mindre. Men eg er nesten førti tusen fot over havet. Det er ganske svært, seier eg. Srdjan seier ikkje noko. Eg får anna surstoff enn djupvassdykkarar. Dei er ulike former for risiko, seier eg. Dei er ikkje så ulike i grad, seier Srdjan. Oksygensvolt er ein risiko for begge yrka. Eg drar pusten inn, ein, to, totalt avhengig av denne maska. Må halde stoffskiftet på dette nivået no. Halde levande av teknologi. Transitt er ei supersonisk kuvøse. Alt i alt er ikkje teknologien det verste. Eg må berre halde frykta frå hovudet, seier eg.




Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 11

Eg knip nevane saman. Slepper grepet. Grip tak i stikka, igjen. Sirkulasjonen går heilt ut til lemmane. Eg sirklar med sola, tar att solnedgangen og stoppar tida. Sitringa gjennom kroppen. Den blir ikkje stoppa av noko, ikkje av trykket frå gravitasjonskrafta, ikkje av G-drakta, gassmaska eller massen av instrument som er som støypt kring beina. Ilingar av spenning rekk ut til det ytre av lemmane. Lem for lem, kjensle for kjensle. Eg kjenner beina, kjenner at eg har okler, føter, tær. Lirkar i beina, bankar lett på låra. Må få blodet i rørsle. Autonomt nervesystem som avslått. Knip nevane saman igjen. Slepper grepet. Srdjan? Adrenalinet tærer på overskotslager. Når alt kjem til alt, handlar vanskelege operasjonar om rutine. Vanen kan gjere sjølv den tyngste børa muleg å bere, seier eg. Eg er her, seier Srdjan.




Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 12

Kirgisisk lågland liknar det kviterussiske. Eit lappeteppe av gult, grønt, grønbrunt, brungrått. Frå det grågrå renn tusen elver frå himalayais. Sørover blir årene breiare. Breie årer kler på seg grønt. Jo breiare årene er, jo tjukkare graskappe kler dei på seg. Tynnare årer har mindre grønt rundt seg. Breie årer er som dei store folka eg kjenner, Srdjan. Dei ser polstra ut, utanfrå. Men store folk kan ha store kjensler. Sårbarheit har ikkje noko med storleik å gjere, seier eg. Jau, seier Srdjan. Det hjelper med haldningsmusklar, seier Srdjan: Haldninga gjer noko med kjenslene, seier han. Eg set meg opp i stolen. Føtene mine framleis frosne fast mellom instrument. Frå skrevet står stikka opp. Over stikka ein blank skjerm. Skjermen stirar, og strålar – sjølv i svart. Straumar av luft. Lufta har mange sett av spenningar. Magnetiske felt bidrar til framdrifta. Rundt føtene mine er radarar. Står mot vinden, mot lufttrykket, mot ni, åtte G, gradvis klar til tanking. Høgd, Venor? Flyhøgda er god. Frykta forsvinn. Lufta verkar meir klår. Lufta deler opp kondensstripa attom flyet. Flystripa vatnar ut himmel, skitnar til kviten på skjermen. Ein del kuldegradar, noko luftfukt. Vind, så klart. Men ikkje uvanleg mykje. Eg senkar farten litt. Lufttrykket får ikkje tak. Femten tusen fot, og stigande, Srdjan. Sju, åtte G, og ein god del kjensler om tankinga som nærmar seg. Tjue, nitten minutt til eg skal vere 


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 13

ved Stratotankar. Tankstasjonen, seier Srdjan: Bensinstasjonen, det blir fint, det, med ein liten stopp der. Ei pølse med brød og ein smultring. Kaffi, blir bra det, seier Srdjan, og høyrest ut som om han sit med beina på bordet. Drar pusten inn, pustar ut, åtte, ni G, tre, to, ein, puste inn, halde farten, flytte skjermbildet frå framfor flyet til satellittbildet. Sett framanfrå, nedanfrå, frå stor avstand. Eg er eit lite insekt på min eigen skjerm. Syg litt saft frå røyret ved oksygenmaska. Må tørke unna ei tåre, samstundes, sikkert noko syrleg i den safta. Ser lyset særleg godt no. Sol er berre soner av tid. Tre, fire, fem, halde pusten inne, ein, to, puste ut. Berre bildet av Fighter Falcon reiser fortare enn flyet sjølv. Frå satellitt til Fighter til Stratotankar til Srdjan, frå Srdjan og attende til meg er ei reise på nesten º. Ein loop frå kloden til ytre rom og ned att. Eg set fingrane på skjermen og drar dei mot kvarandre. Eit anna insekt blir synleg på skjermen. Stratotankar i aust. KC- rundt hundre miles nordaust. Stratotankars fart ein tredjedel av farten din, seier Srdjan, og gjer også Stratotankar til eit tal. Tankartal ein tredjedel av mitt tal, tre, to, ein, puste inn, og på utpust: Passere Stratotankar. Førstegongspassering, sju minutt. Så ein dryg turn right, report Base, og attende. Byter til skjerm D: F- lagar ei løkke. To løkker, som teiknar kronblada på ein luftblome. Byte bilde igjen. Fighter flyg i loop, legg att ei tredje løkke. Flyg opp på sida av fuelflyet. Srdjan spør kva eg treng for å roe meg. Roe meg? seier eg. Eg er vel roleg. Eg skal vel ikkje bli heilt roleg, seier eg. Ei spenning skal ein ha, seier eg, og glir gjennom lufthavet med spente bein, ei hand på stikka. Gravitasjonskraft søkk frå ni, åtte, sju, seks komma ni. Nitten tusen fot. Foton frå sola treffer auget. Eg synest fotona er sterkare her. Dei kjem liksom endelaust. Men sola er ikkje endelaus. Sola har ei 


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 14

grense. Ingen brann varar evig. Eg er klar, seier eg. Stoler på deg, seier Srdjan. Eg stoler på meg når Srdjan seier det slik.




Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 15

Å sjå rett på Stratotankar gir adrenalin. Det sest som puls, ei banking i auget. Eg stirar inn i adrenalinet. Auge på skjermen. Mitt fly ei lita bie. KC- ein blome av metall. Tankaren ein sølvpoppel, eg kryp opp på sida av han. Held pusten. Puste ut, tre, ein, inn att, to, tre, fem. Lufttrykket aukar. Stikka frå kroppen. Trykket forsvinn frå kroppen. Surstoff ut av systemet. Tankenæring, oksygen, inn i systemet, ein, to, tre gradar mot venstre. Trykket endrar seg så vidt. Det er berre ei ørlita endring, som har stor effekt. Må utlikne. Normalfart for tanking er lik farten til Stratotankar. Stratotankars normalfart er lik farleg låg fart for Fighting Falcon. Fly med same fart no, seier Srdjan, i same retning, same høgd. Hald høgda, hald farten, seier Srdjan. Halde fram i fire, tre minutt før neste action, ikkje sant? Trekke stikka til og frå, frå og til. Fighter finn plassen sin ved sida av metallveggen. På skjerm D ser det ut som om jagaren kviler mot tankaren. Tankaren liknar ei pute. Purt potensial. Sjanse for eksplosjon Hiroshima-stil! Srdjan svarar med tørr stemme, med store tal. Tilbakelent i stilen. Srdjan veit meir enn meg. Men stikka dirrar under handa mi. Mekanikken prøver å seie noko. Noko anna enn tala? Tanking startar, seier Srdjan. Sonden kjem ut. Luka endrar lufttrykket. Eg justerer, og Jagaren sig inntil Stratotankar. Sonden finn fuelslusa. Eg ser forbi fuelflyet og over til horisonten. Skumringa går frå ein mørk kvelving til ein lys botn. Over alt: ein glorie. Han er lysare i aust enn i vest. 


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 16

Vengen min er på line med horisonten. Alt vel. Skjermen min har plass til alt, til Kirgisistan, Stratotankar, til fighter. Der ser eg at alt skjer akkurat etter planen, som eg berre har sett på skjermen før. Tankaren er ein uroleg følgjesvein. Horisonten er for langt unna til å gi eit svar. Sjølv om eg ser inn i han, ser eg ikkje kven av tankar og jagar som skiftar fart. Om nokon drar frå, eller om nokon drar etter. Skjermen min teiknar denne hendinga: Stratotankar berre hundre meter frå flyvengen. Jetfuel D driv gjennom sonde. Sju liter i sekundet. Some sixty seconds to go. Grepet om stikka krampaktig. Justerer med lufta. Jamt, høgt lufttrykk. Luftrom er eit uføreseieleg hav. Raudt på skjermen. Støkk i kropp. Rykk i jagaren, som om han er stungen eller stikk. Sju og ein halv prosent av alle ulykker, i transitt, med F-, skjer under tanking. Fjelltoppane er lyse. Fuelflyet lagar skugge.




Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 17

Refuel fullført! Tanken full! Dra pusten djupt, no, puste ut, tre, to, ein, puste inn, puste ut. Ut i luftrommet framfor meg svingar sonden. Han spring saman og er vekke. Vindauga doggar av spenninga mi. Sol skyt små lysskot. Jagaren er fylt opp, er purt potensial – rein kraft. Små eksplosjonar frå enden av flyet. Først fer eg rett ned. Får luft mellom stratotanking og fly. Tida akselererer liksom, mens jagar stig rett opp, lagar utropsteikn av kondens og gjer vegen ned att til ein loop, til ei sløyfe av kondens. Kondensband bind Tibet til India, India til Nepal. Eg løftar blikket. Senkar flysnuten. Ser innsjøens svarte auge. Issyk stirar attende. Instrumentpanelet ser på meg. Iris på målarar snurrar rundt og rundt. Blodsukkeret, Venor? Lågt, Srdjan. Sjekk det, seier Srdjan. Eg stikk meg i fingeren. Rundt fem, seier eg. Så skal du ete, seier Srdjan. Er ikkje svolten, seier eg. Du er svolten. Og skal ete, seier Srdjan. Når autopiloten er på, lever instrumenta sitt eige liv. Livet på bakken er på autopilot. Kvitt landskap, her. Der, eit månelandskap av krater og svarte auge. Kraftverka blir færre. Stratotankaren titals mil unna. Ground Control endå lenger unna. Likevel veit han betre enn meg kva eg treng. Fuelteljaren står på fullt. Autopiloten står på. Meistringskjensla er høg. Høg i hovudet, høg i kroppen. Farleg kjensle. Lirkar ut ein konvolutt frå venstresida. NATOs logo 


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 18

i blått. Konvolutten er av matpapir. Visir opp. To skiver kvadratisk brød med sjokoladepålegg. Eg tar av oksygenmaska, seier eg. Greitt, seier Srdjan. Sjokoladepålegget smakar Noreg. Det er søtaste sort. Eg syg meir saft. Ser K i enden av alt. Eit bit i himmelen, på horisontlina, mot luftrommet over Himalaya. Eg skyl munnen snart og set maska på att. Pustar jamt.




Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 19

Kirgisisk Himalaya, og så sør, for å halde meg innom venneland. Om Nord-Iran, til pakistansk til indisk Himalaya og nordover: Eg er glad for å sette kursen nordaust. Det beige, gule sandlandskapet er ikkje det finaste vi har. Heldig, eg, som flyg over, og berre drar på sanden med auga. Eg slepp å få han i auga. Isbrear er lappar av tid sydd saman av frost. Ein collage av historie, av opp- og nedtur av is. Økologikunst knipsa av auga mine. Fin, kvit snø smeltar over til gråbrune sølevidder. Viddene forvandlar seg til frose grått, grått til gråkvitt, og det kvite er aldri heilt kvitt. Konstant endring, heile tida overgang frå eitt til eit anna, Srdjan. Du har sett det sjølv, men sakte. Når ein ser endringane i lysets fart, får ein eit ganske føkka forhold til fuel og forureining, seier eg. Og så, lakonisk frå Srdjan: Du kjem til å klare alt dette veldig godt. Klare kva, seier eg. Det du vil klare, seier Srdjan. Han høyrest ut som far. Eg stirar på kartet. Ser nepalsk India frå vest. Herfrå er det eit andlet, eitt med andletshår. Eg kjenner meg som i ein animert, populærvitskapeleg dokumentar. Discovery Channel eller National Geographic. Nokon har gjort bakken under meg menneskeleg. I nord er ein augeforma is, og i sør det isdekte vatnet Sikkim over dalen Sikkim i denne delstaten Sikkim. Liner av åsar, grøne, brune, blir til dette andletet. Eit tredje auge, som kartet kallar Tigertoppen. Og der borte: Base Sierra Indigo; ei bekymra rynke over auga. Eg vinkar med vengene til Sikkim. Leiren er små firkantar. Rektang


Den beste hausten ferdig_Layout 1 17.06.14 13.52 Side 20

ulære hovudhus. Hagar, små grøne firkantar – mellom større bygg. Overalt, mellom bygga: store, opne asfaltplassar. Nokre er gule, sikkert sand. Flystriper, dei svarte, stramme linene mellom alt. Små prikkar av menneske er å sjå. Fleire enn oppe i Noreg, men færre enn rundt flyskulen, Texas. Tigertopp igjen, og så basen, på tjue sekund. Snur flyet, landar frå sør mot nord. Transportetappe avrunda. Zoome ut, sjå kor i verda eg eigentleg er, og så slår eg kartfunksjonen av. Animasjonane blir bytte av kjensla av flyhjul mot asfalt. Flyhjula får straks tak på asfalten. Det kjennest som å lande i Noreg.



Profile for Det Norske Samlaget

Den beste hausten er etter monsun  

Roman av Mette Karlsvik

Den beste hausten er etter monsun  

Roman av Mette Karlsvik