__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 1


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 2


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 3

Giovanni Boccaccio

DEKAMERONEN  historier Til norsk ved Magnus Ulleland Utval og føreord ved Jon Rognlien

Samlaget Oslo 2020


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 4

© 2020 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg |   førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/14 papir: 100 g Munken premium Cream trykkeri: ScandBok AB, Falun Printed in Sweden isbn 978-82-340-0372-1 6. utgåva

Boka er trykt på miljøvennleg papir.


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 5

Innhald Lyst og ettertanke i pestens tid. Føreord ved Jon Rognlien 

Andreuccio dreg til Napoli for å kjøpe hestar (, )  Ferondo vert vekt opp frå dei døde (, )  Broder Cipolla syner bøndene engelen Gabriels fjør (, )  Studenten tek ein grueleg hemn over Elena (, )  Giannotto vonar å kristne jøden Abraham (, )  Saladino legg ei felle for Melchisedech (, )  Pietro di Vincolo har ei duld last (, )  Lækjaren i Salerno lagar sovemedisin, men vert narra (, )  Masetto spelar stum og vert gartnar i eit nonnekloster (, )  Peronella gøymer elskaren i eit vinfat (, )  Pinuccio og Niccolosa rotar i sengehalmen (, )  Saladino lèt Torello bli trylla heim att frå krosstoget (, )  Byllepesten i Firenze  (,  ) 


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 6


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 7

Lyst og ettertanke i pestens tid Dekameronen frå 1353 er ei samling røvarhistorier tilrettelagde av den lærde skøyaren Giovanni Boccaccio frå Firenze, hovudstaden i Toscana i Italia. Boka vart til rett etter svartedauden og omfattar 101 historier som blir fortalde gjennom ti dagar i ei gruppe på ti ungdommar – sju jenter og tre gutar. Dei har reist ut av byen og søkt tilhald i ein landleg villa for å verne seg mot den trugande byllepesten i 1348. For å få dagane til å gå medan dei ventar på betre tider, fortel dei skrøner på rundgang. Alle dei ti ungdommane fortel ei historie kvar, kvar av dei ti dagane. Boccaccios historier har mykje til felles med eventyra – dei handlar om kløktige tenestefolk og dumme herrar, om lausaktige kvinnfolk, kåte elskarar og impotente husbondar, sleipe kremmarar, ågerkarar og hestehandlarar. Vi møter kardinalar og munkar som går til sengs med unge gutar, vi høyrer jødar og sarasenarar diskutere religiøse dogme, vi treffer pengegriske tullebukkar og forfjamsa bønder i byen. Dekameronen er ikkje desto mindre noko langt meir enn berre røyndomsflukt, tidtrøyte, skjemt og skrøner. Boka gjev eit framifrå bilete av menneska sine vanar og uvanar, gjeremål og næringsvegar i tida ho vart til i, nett då humanismen og renessansen bryt fram or mellomalderen. Boccaccio er. etter Dante og Petrarca, den tredje udødelege forfattaren til å finne si form i det rike intellektuelle livet som hadde sprunge ut i Italia i hundreåret etter keisar Frederik II sitt styre, eit multikulturelt regime der poesi og musikk, filosofi og vitskap, arkitektur og ingeniørkunst hadde vore dyrka. 7


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 8

Dette er epoken då San Tommaso d’Aquino underviste på sin eigen skule i Napoli, då San Francesco grunna det moderne munkevesenet ved Assisi, då Marco Polo la Austen for sine slitne føter, då Dante farta rundt i Italia og samla dialektar før han skreiv sin store guddomlege komedie, og då Petrarca lyfta poesien opp til sitt ypparste med dei ulukkelege songane til Laura. Det er meir enn berre pesten som kan minne om tida vi lever i nett no. Dette var ei open tid med linjer ut til mange land, rik handel og flittig reiseverksemd. Folk drog til Midtausten, til Hellas, til Paris og Valencia, Venezia og Napoli. Det var ei tid for uro, store endringar og gjennombrot på så mange felt. Boccaccio var sjølv ein reisande kremmar og plukka opp folkelege forteljingar og allmenn visdom frå mange stader. I tillegg var han ein bokkunnig mann som kjende sin latin. På oppmoding frå Samlaget har eg plukka ut eit lite utval med tretten historier frå dei ti dagane i Dekameronen – til lyst og ettertanke. Slik kan de gjere dykk kjende med eit av Samlagets største skattkammer – dei hundre og ein forteljingane som utgjer Boccaccios menneskelege komedie. Samlaget kan vere stolte av å tilby dette meisterverket i Magnus Ullelands djerve og friske omsetjing. Sidan forteljingane er kjeda saman av ei rammehistorie, der kvar nye soge opnar med kommentarar til den føregåande, har det vore naudsynt å stusse nennsamt i dei fyrste avsnitta for at kapitla skal stå trygt på eigne bein. Bislett, .. Jon Rognlien, litteraturkritikar og omsetjar


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 9

Andreuccio dreg til Napoli for å kjøpe hestar I Perugia levde det ein ung mann som heitte Andreuccio di Pietro. Han var hestehandlar og hadde høyrt at det i Napoli var ein god hestemarknad; så stakk han fem hundre gullflorinar i pungen og drog dit saman med andre kjøpmenn, endå han aldri før hadde vore utanfor stovedøra, og kom fram om kvelden ved vespertid. Om morgonen spurde han seg føre hjå verten og gjekk så til torget der han såg mange hestar; mange likte han også, og han kjøpslo om stadig fleire, men han var ikkje kar om å få avgjort nokon handel; for likevel å vise at han hadde i sinne å kjøpe, var han uvarsam og bondsk nok til fleire gonger og midt i syna på dei som kom og gjekk, å trekkje fram denne pungen som han hadde, med gullflorinar i. Medan han heldt på slik og kjøpslo og synte fram pungen sin, hende det at ei ung sicilianarinne gjekk tett framom, og fekk auga på pungen hans utan at han såg henne; ho var mykje vakker, men viljug til for liten pris å vere kvar mann til viljes, og ho sa no straks med seg sjølv: «Kven ville ha det betre enn eg, om desse pengane var mine?» og så gjekk ho vidare. Med denne kvinna var det også ei gamal kone, som like eins var frå Sicilia, og då ho fekk auga på Andreuccio, lét ho den unge gå vidare, og sjølv sprang ho bort til han og omfamna han kjærleg. Dette såg den unge, men ho sa ingen ting, og vart berre ståande eit stykke borte og fylgje med. Andreuccio vende seg mot den gamle og kjende henne att og synte henne alle teikn på glede; men utan å prate bort for mykje tid her, lova ho å kome til han i herbyrget, og gjekk så vidare; og Andreuccio vende attende for å kjøpslå, men nokon handel vart det 9


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 10

ikkje den morgonen. Den unge kvinna som fyrst hadde sett Andreuccios pung og dinest lagt merke til kor godt den gamle kona kjende han, spekulerte no på om det ikkje skulle finnast ein utveg til, heilt eller delvis, å slå kloa i desse pengane, og difor tok ho varleg til å spørje den andre ut om kven han var og kor han kom ifrå, kva han gjorde her og korleis ho kjende han. Ho fortalde henne alt om Andreuccios liv mesta like noggrant som han sjølv ville ha gjort det, for ho hadde vore lenge hjå far hans, fyrst på Sicilia, og seinare også i Perugia; og like eins fortalde ho henne kor han budde i byen og kva ærend han var komen i. Den unge kvinna som no hadde fått full greie på slekt og namn og alt som hadde med han å gjere, klekte så ut ein plan som med list og lureri skulle skaffe henne det ho hadde hug på; så vende ho heim og sette gamla i arbeid for resten av dagen, så ho ikkje skulle kunne oppsøkje Andreuccio; fekk så tak i ei småjente, som ho vel hadde lært opp til slike ærend, og sende henne ved vespertid til herbyrget der Andreuccio budde. Småjenta kom til herbyrget og var så heldig å finne han sjølv åleine utanfor døra og spurde han etter Andreuccio. Han svara at han var just den ho var ute etter, og ho drog han til sides og sa: «Herre, ei adelsdame her i byen ville gjerne tale med Dykk når det måtte høve så.» Då han høyrde dette, såg han på seg sjølv frå øvst til nedst og tykte han var ein vakker kar, og tenkte seg at denne kvinna måtte ha forelska seg i han, nett som det ikkje skulle finnast andre vakre, unge menn i Napoli på den tid, enn han sjølv. Han svara då kjapt at han var reiug og spurde henne når og kvar denne kvinna ville tale med han. Småjenta svara: «Herre min, ho ventar på Dykk i huset sitt, om det høver for Dykk å kome no.» Andreuccio sa då straks, utan å nemne eit ord om det i vertshuset: «Gå du føre, så skal eg fylgje deg.» Småjenta førde han då til huset åt kvinna, som budde i eit strok 10


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 11

som gjekk under namnet Styggholet, og kor anstendig eit strok dette var kan sjølve namnet fortelje. Men han visste eller ante ingen ting om dette, og trudde han var på veg til ein skikkeleg stad og til ei kjær kvinne, og gjekk truskyldig inn i huset hennar med småjenta føre; så steig han opp over trappene etter at jenta hadde ropt på frua si og sagt: «Her er Andreuccio,» og på toppen av trappa fekk han auga på kvinna som venta på å ta imot han. Ho var enno heller ung, storvaksen og med eit vakkert andlet, og ho bar vyrdelege klede og staselege smykke. Då Andreuccio nærma seg, steig ho ned tre steg til møtes med han, og med opne armar omfamna ho han og vart ståande slik ei stund heilt mållaus, som om kjenslene hadde maktstole henne fullstendig, så kyste ho han gråtande på panna og sa med gråtkjøvd røyst: «Min eigen Andreuccio, velkomen skal du vere.» Han undra seg over så kjærleg ein velkomst, og heilt himmelfallen svara han: «Madonna, det gleder meg å møte Dykk.» Så tok ho han ved handa og førde han opp i salen sin, og derifrå tok ho han utan å seie eit ord inn på romet sitt, som lukta av roser og appelsinblomar og andre velluktande saker, og der fekk han sjå ei vakker seng med forheng og ei mengd med klednader som hekk på stenger slik skikken er der, og elles mykje annan vakker og rik utbunad; og difor var han truskyldig nok til å tru fullt og fast at dette ikkje kunne vere noko mindre enn ei adelsdame. Så sette dei seg ned på ei kiste som stod ved fotenden av senga, og kvinna tok til å snakke med han på dette viset: «Andreuccio, eg er viss på at du lyt undre deg over at eg gjev deg så kjærleg ein velkomst og over tårene mine, ettersom du ikkje kjenner meg og kan hende aldri har høyrt gjete meg; men snart skal du få høyre ting som vil gjere deg endå meir forundra, og det er at eg er systera di; og eg vil seie deg at sidan Gud no har vist meg den nåde å late meg få sjå ein av brørne mine før eg døyr, så vil eg kunne gå trøysta bort når som helst, endå eg gjerne skulle ha sett dykk alle, men sidan 11


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 12

du kanskje aldri har høyrt noko om dette skal eg no fortelje deg om det. Pietro, min og din far levde som du nok har fått høyre, lenge i Palermo, og så god og elskverdig var han at alle som kjende han, elska han høgt og gjer det enno; men blant alle dei som elska han mykje var mor mi, ei adeleg dame som den gongen var enkje, den som elska han mest, og slik at ho ikkje ottast korkje faren eller brørne eller var redd for si eiga ære, og ho vart så fortruleg med han at eg vart fødd, og her ser du meg altså. Seinare kom det til ting som gjorde at Pietro laut reise frå Palermo og vende attende til Perugia, og meg, vesle jentungen, lét han vere att med mor mi, og så vidt eg har høyrt, kom han aldri meir korkje meg eller henne i hug. Hadde han ikkje vore far min, ville eg ha lasta han hardt for dette når eg tenkjer på kor glad han burde ha vore i meg, dottera si, som var fødd korkje av tenestejente eller simpelt kvinnfolk; for ikkje å snakke om den vantakk han synte mor mi, som i trufast kjærleik la alle sine ting og seg sjølv med i hans hender, utan elles å ha større greie på kven han var. Men kva nyttar det å klage? Det som er ille gjort, og endåtil for lenge sidan, er mykje lettare å laste enn å råde bot for; slik gjekk det no i alle fall til. Han lét meg altså vere att som liten jentunge i Palermo, og då eg vart vaksen mesta som du no ser meg, gifte mor mi meg med ein mann frå Gergenti, ein vyrdeleg adelsmann som av kjærleik til meg og mor mi også slo seg ned i Palermo, der han, som den ivrige guelfar han er, tok til å drive noko maskepi med vår kong Karl. Dette fekk kong Fredrik nyss om før dei fekk gjort noko, og dette førde til at vi laut flykte frå Sicilia, nett på det belet då eg venta meg å verte den fornemste dama som nokosinne har vore der på øya. Så tok vi då dei få sakene vi kunne få med oss; ‘få’ seier eg, med tanke på alt det vi åtte; men slott og eigedomar laut vi flykte ifrå og så kom vi hit til byen. Her har kong Karl synt oss så stor takksemd at han delvis har gjeve oss vederlag for dei tapa vi hadde lide for hans skuld; eigedomar og hus har han gjeve 12


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 13

oss; og han gjev mannen min, som verbror din er, jamt og godt underhald, som du nok vil få sjå. På denne måten er eg altså komen hit, og her har eg med Guds hjelp fått sjå deg, kjæraste bror min.» Og med så sagt omfamna ho han på nytt og kyste han på panna medan ho gret av rørsle. Då Andreuccio høyrde dama fortelje denne skrøna så endeframt og liketil, utan på nokon måte å leite etter orda eller fomle med tunga, og dessutan kom i hug at faren verkeleg hadde vore i Palermo, og visste av eiga røynsle korleis unge menn ter seg og at dei gjerne elskar i den alderen, og når han tok omsyn til hennar heite tårer, famntak og reine kyssar, så tok han alt det ho sa for Gudsens sanning; og då ho tagde svara han henne: «Madonna, De skal ikkje finne det så merkeleg at eg er forundra; for når sant skal seiast så hadde eg ingen som helst kjennskap til Dykk, nett som om De ikkje skulle ha vore til, anten no far min av ein eller annan grunn aldri tala om Dykk og mor Dykkar, eller om han så gjorde utan at eg fekk nyss om det; difor er det meg så mykje kjærare å ha funne systera mi her, ikkje minst fordi eg her er mo åleine og ikkje hadde venta meg noko slikt. Og eg kjenner for visst ingen mann så stor at han ikkje skulle ha Dykk kjær, for ikkje å snakke om meg som er ein liten kjøpmann. Men ein ting lyt eg be Dykk forklåre meg: Korleis visste De at eg var her?» Ho svara han: «Det fekk eg vite i dag tidleg av ei fattig kone som vankar mykje her i huset og som, etter det ho sjølv seier, var lenge hjå far vår både i Palermo og i Perugia; og hadde det ikkje vore fordi eg fann det høvelegare at du kom til meg i ditt eige enn at eg skulle kome til deg i annan manns hus, så hadde eg for lenge sidan oppsøkt deg.» Etter desse orda tok ho til å spørje han nøye ut om heile slekta hans og nemnde dei på namn, og Andreuccio gav greie for alle, og feste ved dette endå større tillit til det som han slett ikkje burde ha trudd på. Samtalen varde lenge og heten var stor, så kvinna lét hente vin og kaker, og gav Andreuccio å drikke. Etter dette ville han gå sin veg fordi 13


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 14

det var tida for kveldsmat, men ho ville på ingen måte finne seg i det, og lét som om ho var mykje snurten, omfamna han og sa: «Å, arme meg, no ser eg klårt kor mykje du held av meg! Tenkje seg til, her er du hjå ei syster som du aldri før har sett, i hennar eige hus, der du burde ha teke inn straks du kom til byen, og no vil du gå herifrå for å ete kveldsmat på vertshuset? Nei, du skal sanneleg ete kvelds med meg og ingen annan; og jamvel om mannen min ikkje er heime, og det er eg mykje lei for, så skal eg då etter fattig evne vite å gjere litt stas på deg.» Andreuccio visste ikkje kva han elles skulle svare henne og sa: «Eg har Dykk så kjær som ein kan ha ei syster, men dersom eg ikkje går, vil dei vente på meg med kveldsmaten heile kvelden, og det er dårleg gjort av meg.» Då sa ho: «Gud vere lova, så har eg då einkvan i huset som eg kan sende av stad å seie at dei ikkje skal vente på deg! Endå det ville vere meir høvisk, ja endå til di plikt, å be venene dine hit til kvelds, og ville du seinare gå din veg, så kunne de alle gå herifrå i lag.» Andreuccio svara at venene sine ville han ikkje vite av den kvelden, og når ho endeleg ynskte det slik, fekk ho gjere som ho lysta. Ho lest då sende melding til herbyrget at dei ikkje skulle vente på han med maten; og seinare, etter mange og lange samtaler, sette dei seg til bords og fekk den eine strålande retten etter den andre, og kvinna var sløg nok til å dra måltidet i langdrag, så det vart svarte natta før dei reiste seg frå bordet. No ville Andreuccio gå att, men ho sa at dette kunne ho på ingen måte tillate, for Napoli var ikkje ein by der ein kunne svirre rundt nattetider, og aller minst då ein framand; og slik som ho hadde gjeve melding om at dei ikkje skulle vente han til kvelds, slik hadde ho også gjort det med sengeplassen. Han beit på dette og var no lurd så opp i stry at han berre gledde seg i hennar selskap, og verande vart han. Etter kveldsmaten vart det lange og mange samtaler att, og ikkje utan grunn; og då ein god del av natta var liden, lét ho Andreuccio vere 14


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 15

att for å sove i hennar rom saman med ein gutunge som skulle vise han til rettes, om han trong til noko, medan ho sjølv gjekk med ternene sine til eit anna rom. Heten var stor, og straks Andreuccio såg seg åleine kledde han difor av seg ytterkleda ovantil og drog av seg buksene og la dei ved enden av senga; og no kravde naturen at han skulle kvitte seg med den overflødige byrda i magen, og han spurde gutungen kor det kunne skje, og guten peikte på ei dør i eit hjørne av romet og sa: «Gå inn der.» Andreuccio gjekk trygt inn, men sette foten på ei fjøl som var løyst frå bjelken ho var fest i på den andre sida, og fjøla reiste seg på ende og datt ned saman med han; men så nådig var Vårherre mot han at han ikkje gjorde seg nokon ting i fallet, endå han datt eit godt stykke ned, men han vart fullstendig tilgrisa av møka som staden var full av. For at de no betre skal forstå det som er sagt og det som kjem, vil eg fortelje dykk korleis det såg ut på staden. Der var eit trongt smau, som vi ofte ser mellom to hus, og mellom husa var det festa to bjelkar, og på desse var det lagt nokre fjøler med eit sete; og det var ei av desse fjølene som datt ned saman med han. Når Andreuccio no fann seg att der nede i smauet, forstøkt som han var over dette uhellet, tok han til å rope på gutungen; men så snart guten hadde høyrt at han fall, sprang han til kvinna og fortalde det, og ho fór inn i romet og såg straks etter om kleda hans var der; og kleda fann ho, og med dei pengane som Andreuccio var tåpeleg nok til alltid å bere på seg, for han ville ikkje tru seg til nokon. No hadde kvinna fått tak i det ho hadde lagt ut sine snarer etter, ved å late som ho var komen frå Palermo og ved å gjere seg til systera åt ein peruginar, og no brydde ho seg ikkje meir med honom, men gjekk raskt bort og lét att døra han hadde gått ut av før han fall. Sidan guten ikkje svara, tok Andreuccio til å rope endå sterkare, men det hjelpte ikkje det grann. Dette vekte mistanken hans og han byrja så småningom, om enn i seinaste laget, å ane at han hadde vorte lurd, så kleiv han opp på ein liten mur som skilde smauet frå gata, og 15


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 16

hoppa ned på den andre sida; gjekk så bort til døra som han kjende vel igjen, og her vart han ståande lenge og rope, ruske i døra og banke til inga nytte. No såg han klårt kva ulykke han hadde råka ut i, og gråtande tok han til å seie: «Å, stakkars meg, som på så stutt tid har mist både fem hundre florinar og ei syster.» Etter mykje slikt prat sette han i gang og dunka på døra og skreik; og så lenge heldt han på at mange av grannane vakna, og då dei ikkje orka meir av dette bråket, stod dei opp; og ei av tenestejentene til kvinna synte seg i glaset, gjorde seg retteleg svevnug i andletet og ropte med klander i røysta: «Kven er det som bankar?» «Å,» sa Andreuccio, «du skulle ikkje kjenne meg? Eg er Andreuccio, bror til madonna Fiordaliso.» Ho svara han: «Gode mann, har du drukke for mykje, så gå og legg deg og kom att i morgon tidleg; eg kjenner ingen Andreuccio og skjøner ikkje kva du vasar om; ver no snill og kom deg vekk og lat oss få nattero.» «Kva slag?» sa Andreuccio, «skjøner du ikkje kva eg seier? Det gjer du nok; men er det slik fatt med slektskapstilhøva på Sicilia at dei på så kort tid går i gløymeboka, så gjev meg i alle fall att kleda mine, som eg har lagt att hjå dykk, så skal eg meir enn gjerne pigge av.» Ho sa då til han, mesta på låtten: «Gode mann, eg trur du går i svevne,» og i same stunda drog ho seg attende og smelte att glaset. No var ikkje Andreuccio lenger i tvil om kva han hadde vore ute for, og han tok seg så nær av det at harmen mest gjekk over i galsinne, og med makt ville han no freiste å få att det han med ord ikkje kunne få tak i; så tok han då ein svær stein og med mykje tyngre slag enn før tok han på ny til å dundre på døra av hjartans lyst. Mange av grannane som før hadde vakna og stått opp, trudde han var ei eller anna plageånd som fann på alt dette for å vere denne gode kvinna til bry, og arge over denne bankinga hans gjekk dei no til vindaugo, og plent som alle 16


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 17

hundane i ei gate jagar ei lausbikkje med gneldring og glam, tok dei til å rope til han: «Det er både spott og skam å kome til gode kvinner på denne tida med slikt tøv. Hei, gode mann, gå med Gud, og ver så snill og lat oss få sove; har du noko med henne å gjere, så kom att i morgon, og ikkje plag oss på denne måten i natt.» Desse orda var det vel som gav mod til ein kar inne i huset så han kom fram i glaset; han var koplar for den gode kvinna, og Andreuccio hadde korkje høyrt eller sett han, men no ropte han med ei røyst som var både grov og fæl og uhyggeleg: «Kven er der nede?» Denne røysta fekk Andreuccio til å reise hovudet, og han såg ein mann som så vidt han kunne skjøne, laut vere litt av ein kakse, med tett, svart skjegg i andletet, og han gjespa og gneid seg i augo som om han nett skulle ha reist seg or senga og or den djupaste svevn; og Andreuccio svara han heller spakt: «Eg er bror til den kvinna som bur her.» Men hin venta ikkje til Andreuccio hadde svara frå seg, men ropte endå barskare enn før: «No er det like før eg kjem ned til deg og gjev deg så mykje pryl at du ikkje kan røre ein lem, slikt eit vemmeleg og fordrukke asen som du må vere sidan du ikkje lèt nokon av oss få fred til å sove i denne natt.» Så drog han seg inn att og lét att vindauga. Nokre av naboane som hadde betre kjennskap til kva kar dette var, tala no heller stillsleg til Andreuccio og sa: «For Guds skuld, gode mann, gå din veg, stell deg ikkje slik at du vert slegen i hel der nede i natt; kom deg vekk, det er til ditt eige beste.» Røysta og synet av denne mannen skræmde han av, og han lét seg også overtale av oppmodingane til desse andre som tyktest tale av medynk med han, men sorgfull var han som noko menneske kan vere det, og han hadde mist all von om å få att pengane sine. Han la difor i veg for å vende attende til herbyrget, men han visste ikkje vel kor han skulle gå og kom til å gå i same leida som han dagen før hadde fylgt 17


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 18

etter jenta. På grunn av den motbærlege stanken som stod av han, fekk han hug til å gå til sjøen for å vaske seg og tok difor til venstre og gjekk oppover ei gate som heitte Katalanarstretet. Slik kom han til å gå oppover i byen, og med eitt såg han framfor seg to menn som kom imot han med ei lykt i handa. Han ottast at det kunne vere politifolk eller andre menn som hadde vondt i sinne, og for å kome unna dei stakk han så umerkeleg han kunne inn i ei tom rønne som han såg like ved. Men dei to gjekk inn i same huset, som om dei hadde tenkt seg nett dit; og den eine av dei slengde frå seg noko jarnverkty som han bar på aksla, og saman med den andre tok han til å sjå på det og snakke om det fram og tilbake. Medan dei heldt på med dette, sa den eine: «Kva er dette for noko? Her luktar det så vondt at eg aldri har kjent maken;» og med så sagt, lyfte han opp lykta si litt og fekk auga på den stakkars Andreuccio, og forundra spurde dei: «Kven er det?» Andreuccio tagde, men dei gjekk bort til han med lyset og spurde han kva han gjorde her, så tilgrisa som han var; og Andreuccio fortalde dei då alt det som hadde hendt han. Dei to kunne vel tenkje seg kor dette hadde hendt og sa seg imellom: «Dette må sikkert ha vore i huset til gangsteren Buttafuoco.» Så vende den eine seg til Andreuccio og sa: «Gode mann, jamvel om du har mist pengane dine, har du all grunn til å takke din Gud for at du fall ned og ikkje kunne kome inn att i huset; for hadde du ikkje falle, kan du vere brennsikker på at så snart du hadde sovna, hadde du vorte teken av dage, og mist ikkje berre pengane, men også livet. Men kvifor gråte over spilt mjølk? Det ville vere like lett å plukke stjerner ned frå himmelen som å få eit øre ut av det huset; men drepen kan du vel verte, om den karen får høyre at du snakkar om det.» Med så sagt rådførde dei seg med kvarandre og sa til han: «Høyr no her; vi har fått medynk med deg; så om du no ville slå 18


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 19

deg i lag med oss og gjere noko som vi har planlagt, er vi visse på at det på din part vil falle mykje meir enn det du har mist.» Andreuccio var så ute av seg at han på timen sa seg viljug. Den dagen hadde dei i Napoli gravlagt ein erkebiskop som heitte herr Filippo Minutolo, og han hadde vorte skrinlagd i rikt skrud og med ein rubin på handa som var verd meir enn fem hundre gullflorinar. Han ville dei to no gå og røve, og dette fortalde dei til Andreuccio som, driven av havesykje meir enn av fornuft, gav seg i veg med dei. Medan dei såleis gjekk mot domkyrkja, lukta det av Andreuccio verre enn verst, og ein av karane sa: «Kunne vi ikkje finne på råd til å få vaska denne karen litt einkvar staden, så han ikkje lukta så motbærleg?» Den andre sa: «Jau, det er ein brunn her like ved, der det alltid plar vere talje og ei stor bytte, lat oss stikke bort dit og gje han ein vask.» Framkomne til brunnen fann dei tauet, men bytta var fjerna; difor vart dei samde om å binde han til tauet og fire han ned i brunnen så han kunne vaske seg der nede, og når han hadde vaska seg, skulle han rykkje i tauet og dei skulle dra han opp att; og så vart gjort. Då dei hadde fira han ned i brunnen, hende det at nokre politifolk kom framom; dei var tyrste, både fordi det var varmt og fordi dei hadde jakta på einkvan, og no kom dei til brunnen for å drikke. Straks dei to fekk auga på dei, la dei på sprang; konstablane som kom for å drikke, vart ikkje vár dei. Andreuccio hadde alt vaska seg nede i brunnen og rykte i tauet. Dei tyrste konstablane la frå seg skjold og våpen og kapper og tok til å dra i tauet i den trua at det var ei full vassbytte som hang i den andre enden. Straks Andreuccio kom opp til brunnkanten, sleppte han reipet og kasta seg med hendene over kanten. Då dei såg dette, vart dei vitskræmde, og utan eit ord tok dei beina på nakken og stakk av. Dette vart Andreuccio svært forundra over, og hadde han ikkje halde seg så godt fast som han gjorde, ville han ha falle ned att i djupet, og kanskje gjort seg stor skade eller drepe seg; men han kleiv då over kanten, og 19


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 20

då han fann desse våpna som han visste at lagsmennene hans ikkje hadde hatt med seg, vart han endå meir opp i undring. I denne tvilen og uvissa klaga han seg over sin eigen lagnad, og utan å røre nokon ting gjekk han derifrå, utan å vite kor han skulle gjere av seg. På vegen råka han dei to lagsmennene sine att, som no kom for å dra han opp or brunnen; og då dei såg han, vart dei mykje forundra og spurde kven det var som hadde drege han opp att or brunnen. Andreuccio svara at det visste han ikkje, men fortalde dei nøye korleis det hadde gått til og kva han hadde funne ved sida av brunnen. Dei to skjønte då korleis det hadde bore til, og leande fortalde dei han kvifor dei hadde rømt sin veg og kven det var som hadde drege han opp. Men no var det snart midnatt og utan å hefte seg med fleire ord gjekk dei til domkyrkja, der dei kom seg inn utan vanskar og bort til kista, som var av marmor og tung og svær; og med reiskapane sine lyfte dei opp loket, som var styggtungt, såpass at ein mann kunne krype inn under, og la ei skorde under. Då det var gjort, sa den eine: «Kven skal krype inn?» Den andre svara til det: «Ikkje eg.» «Ikkje eg heller,» sa den fyrste, «men Andreuccio kan krype inn.» «Nei, så menn om eg gjer,» sa Andreuccio. Båe to vende seg då mot han og sa: «Jaså, du vil ikkje krype inn? Kryp du ikkje inn, skal vi ved Gud gje deg så mange drag over øyro med eit av desse kubeina at vi gjer det av med deg.» Andreuccio vart redd og kraup inn, men samstundes tenkte han med seg: Dei sender meg inn for å snyte meg, for når eg har gjeve dei alt saman og strevar med å kome meg ut or kista, kjem dei til å stikke av og eg vert ståande att med ingen ting. Difor tenkte han det var best at han fyrst sytte for seg sjølv, og sidan han hugsa dei hadde tala om ein kosteleg ring, tok han og drog ringen av fingeren på erkebispen straks han kom ned i kista, og sette han på si eiga hand; så tok han 20


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 21

bispestaven og lua og hanskane og kledde av han til skjorta, og alt saman sende han ut til dei andre og sa at meir var der ikkje. Dei andre hevda at ringen måtte vere der, og bad han leite overalt; men han svara at han ikkje fann han og lest leite omkring, og slik heldt han dei ventande ei tid. No var dei like utspekulerte som han og sa at han berre måtte sjå godt etter, og så såg dei sitt snitt til å dra vekk skorda som heldt kisteloket ope, og så la dei på sprang og lét han liggje att innestengd i kista. Korleis Andreuccio vart til mode då han høyrde dette, kan kvar og ein tenkje seg. Han freista fleire gonger med hovudet og med herdane om han kunne lyfte loket, men alt strev var fåfengt; og overmanna av sorg og smerte fall han i avmakt over kroppen til den døde erkebispen; og hadde nokon kunna sjå han då, hadde dei vanskeleg kunna sagt kven som var mest død, erkebispen eller han. Då han om ei stund kom til seg sjølv att, tok han til å stridgråte, for han skjønte at dette utan tvil måtte kome til å ende på ein av to måtar: Anten laut han døy i denne kista, av hunger og stank blant makken frå liket, fordi ingen kom og lét opp, eller så ville nokon kome og finne han der inne, og då ville han verte hengd som tjuv. Medan han sat i slike syrgjelege tankar, høyrde han det gjekk folk i kyrkja og at fleire menneske snakka der ute, og han tenkte med seg at dei nok var komne for å gjere det som han og lagsmennene hans alt hadde gjort; og no vart han verkeleg fælen. Men då dei hadde opna kista og skorda opp loket, tok dei med til å krangle om kven som skulle krype inn, og ingen ville gjere det. Etter mykje kiv var det endeleg ein prest som sa: «Kva er de redde for? Trur de han et dykk opp? Dei døde et ikkje folk, og eg skal krype inn.» Og med så sagt la han brystet opp på kistekanten, vende hovudet ut og føtene inn for å sleppe seg ned. Då Andreuccio såg dette, reis han opp, greip presten i eine foten og lest vilje dra han ned i kista. Så fort presten kjende dette, sette han i eit skjerande hyl og kasta seg med all kraft ut av kista; og dei andre vart så skræmde av dette at dei forlét 21


Dekameronen ferdig.qxp_A 21.04.2020 15:59 Side 22

den opne kista og la på flog som om dei skulle ha hatt hundre tusen djevlar i hælane på seg. Ved dette synet vart Andreuccio gladare enn han hadde trudd han skulle kome til å verte nokon gong, og han sprang ut or kista straks og smatt ut av kyrkja same vegen som han var komen. Det tok alt til å lysne av dag, og med denne ringen på fingeren gjekk han av stad på måfå, kom ned til stranda og derifrå tok han seg attende til vertshuset. Der hadde venene hans og verten levt i uro og angst for han heile natta; og då han hadde fortalt dei kva han hadde vore ute for, fann dei det best at han drog frå Napoli på flygande flekken, etter råd frå verten. Det gjorde han då straks, og vende attende til Perugia; og han som hadde reist for å kjøpe hestar, hadde i staden sett pengane sine i ein ring.

Profile for Det Norske Samlaget

Dekameronen  

novellesamling av Giovanni Boccaccio https://samlaget.no/products/dekameronen-13-historier-1?_pos=6&_sid=137da0ce9&_ss=r

Dekameronen  

novellesamling av Giovanni Boccaccio https://samlaget.no/products/dekameronen-13-historier-1?_pos=6&_sid=137da0ce9&_ss=r

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded