Page 1

Kapittel 2

Tid

Tidsrekning Når du har arbeidd med dette emnet, skal du • forklare kristen, islamsk og jødisk tidsrekning

Kva er tid? Kan du tenkje deg korleis det er å leve utan tid? Du kan ha god tid og dårleg tid. Du kan bruke tida til å glede deg til noko. Av og til gruer du deg. Av og til kjennest det som om tida går sakte. Av og til kjennest det som om ho går fort. Tida står aldri i ro. Du kan heller ikkje stoppe tida. Men du kan måle tida i klokkeslett, dato og år. Du kan òg bruke sola, månen og stjernene til å måle tida.

20 COGITO5kap1+2.indd 20

04-03-11 06:52:16


Tidsrekning Har du nokon gong kjent at tida går veldig sakte, eller at ho går veldig fort?

Tidsrekning er å gi åra tal. Då er det lettare å halde orden på dei. Når åra har tal, kan du snakke om dei. Du kan snakke om år som har vore, og du kan leggje planar for år som kjem. Ikkje alle reknar tid på same måten. Men alle tidsrekningar startar med ei viktig hending. Då du blei fødd, begynte livet ditt. Di eiga tidsrekning begynte på fødselsdagen din og følgjer deg livet ut.

21 COGITO5kap1+2.indd 21

04-03-11 06:52:17


Kristen tidsrekning Starten på den kristne tidsrekninga er det året Jesus blei fødd. Derfor blir det kalla år null. Alle år har eit tal som viser kor mange år det er gått sidan år null. Jesus blei også kalla Kristus. Alle år etter at Jesus blei fødd, er derfor etter Kristus (e.Kr.) Åra som var før Jesus blei fødd, er før Kristus (f.Kr.). Når du skal skrive årstal for tida før år null, legg du vanlegvis til før Kristus. Til dømes kan du seie: «Platon blei fødd i 427 f.Kr.» Åra etter år null skriv du vanlegvis berre med tal. Du treng ikkje leggje til e.Kr.

Den kristne tidsrekninga er den mest brukte i verda. Det er ikkje berre kristne som bruker denne tidsrekninga. Derfor meiner mange at det er betre å seie «etter vår tid» enn «etter Kristus».

22 COGITO5kap1+2.indd 22

04-03-11 06:52:17


Jødisk tidsrekning I den heilage boka til jødane, Toraen, står det ei forteljing om at Gud skapte mennesket. I jødedommen er det vanleg å rekne med at dette skjedde i år 3761 f.Kr. Derfor er år 2000 e.Kr. i den kristne tidsrekninga det same som år 5761 etter den jødiske tidsrekninga.

Islamsk tidsrekning Profeten Muhammed budde i Mekka. Der var det mange som ikkje likte det han sa. Etter kvart blei det så vanskeleg for han å vere der, at han flykta til byen Medina. Det skjedde i år 622 e.Kr. I islam blir dette rekna som det første året i den islamske tidsrekninga. Flukta til Medina blir kalla hijra. Derfor blir alle åra etter flukta kalla for åra etter hijra. År 2000 e.Kr. var år 1431 etter hijra i den islamske tidsrekninga.

23 COGITO5kap1+2.indd 23

04-03-11 06:52:18


Oppgåver 1 Korleis kan du måle tid? 2 Kva er ei tidsrekning? 3 Kva står f.Kr. og e.Kr. for? 4 Kva byggjer den jødiske tidsrekninga på? 5 Kvifor er flukta til Medina viktig i den islamske tidsrekninga?

6 Kvifor er det viktig for menneske å måle tida, trur du?

7 Bruk Internett og finn ut meir om den jødiske eller den islamske tidsrekninga. Skriv tre faktasetningar eller lag ei teikning.

24 COGITO5kap1+2.indd 24

04-03-11 06:52:18


Kalender Når du har arbeidd med dette emnet, skal du kunne • forklare den gregorianske, den islamske og den jødiske kalenderen

å førestelle seg tid I den kristne, den jødiske og den islamske tidsrekninga er det vanleg å tenkje seg tida som ei linje. Då har tida ei byrjing. Ikkje alle tenkjer på tid på den måten. Både i hinduismen og buddhismen er tida noko som kjem om att og om att. Tida har korkje byrjing eller slutt, men går i sirkel.

Kalender Det er vanleg å bruke ein timeplan på skulen. Timeplanen viser når du skal ha dei ulike faga, og når timane begynner. Timeplanen er ei oversikt over veka. På same måten er ein kalender ei oversikt over året. Kalenderen deler inn året i månader og dagar.

25 COGITO5kap1+2.indd 25

04-03-11 06:52:18


Den gregorianske kalenderen Den mest brukte kalenderen er den gregorianske kalenderen. Det er denne kalenderen vi bruker i Noreg. Kalenderen har tolv månader, og eit nytt år begynner første januar. Den tida jorda bruker på å gå ein runde rundt sola, kallar vi eit solår. Det er litt meir enn 365 dagar i eit solår. Derfor får året ein ekstra dag i februar kvart fjerde år. Det kallar vi skotår. Den gregorianske kalenderen har vore i bruk sidan 1582. Da blei han innført av ein pave som heitte Gregor.

Eit solår er den tida jorda bruker på ein runde rundt sola. Eit måneår er den tida månen bruker på 12 rundar rundt jorda.

26 COGITO5kap1+2.indd 26

04-03-11 06:52:18


Den islamske kalenderen Den islamske kalenderen følgjer måneåret. Månen går i bane rundt jorda. 12 rundar rundt jorda blir kalla eit måneår. Det er litt kortare enn eit solår. Derfor er eitt år i den islamske kalenderen, litt kortare enn i den gregorianske kalenderen. Den jødiske kalenderen Den jødiske kalenderen bruker både måneåret og solåret. Etter denne kalenderen er ikkje alle åra like lange. Nokre år får ein ekstra månad. Det skjer sju gonger i løpet av nitten år. På den måten blir året i den jødiske kalenderen like langt som i den gregorianske kalenderen i gjennomsnitt.

Oppgåver 1 Kva er ein kalender? 2 Kva er likt for den gregorianske, den islamske og den jødiske kalenderen?

3 Kvifor har dei ulike religionane ulike kalendrar, trur du?

4 Finn ut meir om den jødiske eller den islamske kalenderen. Du kan til dømes finne ut kor mange månader og dagar eit år har, og kva månadene heiter. Skriv faktasetningar.

27 COGITO5kap1+2.indd 27

04-03-11 06:52:18

cogito5_nn_kap2  

Du kan ha god tid og dårleg tid. Du kan bruke tida til å glede deg til noko. Av og til gruer du deg. Av og til kjennest det som om tida går...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you