Issuu on Google+

Kapittel 1

Filosofi og etikk

Filosofi Når du har arbeidd med dette emnet, skal du kunne • forklare kva filosofi er • vite kva eit filosofisk spørsmål er

Kva er tankar? Ordet filosofi er sett saman av to ord: filos og sofia. Filos tyder «kjærleik» eller «venn», og sofia tyder «visdom». Filosofi tyder altså kjærleik til visdom eller kunnskap. Ein filosof er ein person som tenkjer eller grublar over viktige spørsmål om livet og verda. Det kallar vi å filosofere.

4 COGITO5kap1+2.indd 4

04-03-11 06:52:07


Spørsmål Du kan undre deg og stille spørsmål om alt mogleg. Nokre spørsmål kan du bruke sansane dine til å finne svaret på.

Er det varmt ute i dag?

Korleis verkar eigentleg ein mobiltelefon? Andre spørsmål kan du finne svaret på ved å spørje nokon som veit meir enn deg. Du kan òg leite i bøker eller på Internett.

Spørsmål som har eitt bestemt svar, kallar vi faktaspørsmål. Eit filosofisk spørsmål er annleis. Det kan nemleg ha fleire svar.

Er det alltid gale

Av og til er du ueinig med andre om

å stele?

eit filosofisk spørsmål. Då kan de diskutere problemet.

Filosofar tenkjer over og diskuterer filosofiske spørsmål. Dei bruker tankane og fornufta for å prøve å finne svar på dei. Å bruke fornufta er å tenkje klart for å finne eit best mogleg svar.

5 COGITO5kap1+2.indd 5

04-03-11 06:52:08


Oppgåver 1 Kva er filosofi? 2 Kva er eit faktaspørsmål? 3 Kva er eit filosofisk spørsmål? 4 Kva gjer ein filosof?

5 Sjå på spørsmåla nedanfor. Kva for spørsmål er filosofiske, og kva for spørsmål er faktaspørsmål? a Er jorda flat? b Er det rett å ete kjøt? c Kva er klokka? d Kva er tid? e Kven fann opp klokka? f Kan menneske bu på månen? g Kva er leksa til fredag? h Kva er vennskap? i Er det sol ute i dag? 6 Ta med deg skrivesaker og gå ut. a Bruk sansane dine og lag ei liste over ting du ser, høyrer og luktar. b Lag minst tre spørsmål til noko på lista. Det kan vere både filosofiske spørsmål og faktaspørsmål.

6 COGITO5kap1+2.indd 6

04-03-11 06:52:08


etikk Når du har arbeidd med dette emnet, skal du kunne • forklare kva etikk og etiske reglar er

Kva er verst, å bryte av armen på nokon ved eit uhell, eller å gi nokon ei skramme med vilje? Etikk er filosofi som prøver å gi svar på kva som er rett og gale, og som seier noko om korleis menneske bør oppføre seg. Etiske reglar fortel kva som er rett å seie eller gjere.

etiske reglar Etiske reglar kan hjelpe deg til å gjere det som er rett. Det som er rett å gjere, er etisk, medan det som er gale å gjere, er uetisk.

Korleis kan eg vite at det eg gjer, er rett?

7 COGITO5kap1+2.indd 7

04-03-11 06:52:08


Alle samfunn har reglar. Men reglane er ikkje dei same overalt. Kva som blir oppfatta som rett, kan òg endre seg over tid. Finst det etiske reglar som gjeld for alle menneske til alle tider?

etikk og fornuft Ofte gjer du det som er rett, utan å tenkje over det. Men av og til er det vanskeleg å vite kva som er rett eller gale. Sidan etiske reglar ikkje er dei same overalt i verda, kan du ikkje alltid spørje nokon eller slå opp i ei bok for å få svar på kva du bør gjere. Du må bruke fornufta og tenkje sjølv. Det er mykje du kan gjere som ikkje er forbode, men likevel kan det vere uetisk å gjere det. Det er inga lov som forbyr deg å erte nokon for kleda dei har på seg. Men dei fleste er einige om at det er gale. Det er også gale å halde nokon utanfor leiken, sjølv om det ikkje er ulovleg.

8 COGITO5kap1+2.indd 8

04-03-11 06:52:09


Oppgåver 1 Kva er etikk? 2 Kva er etiske reglar? 3 Kva vil det seie å gjere noko som er uetisk?

4 Kvifor finst det etiske reglar i alle samfunn, trur du? 5 Kvifor kan etiske reglar vere forskjellige til ulike tider og på ulike stader, trur du? 6 Det er forbode ved lov å stele. Kan det likevel finnast situasjonar då det ikkje er uetisk å stele? Grunngi svaret. 7 «Sjølv om lover er blitt skrivne ned, vil ikkje det seie at dei aldri bør endrast,» sa Aristoteles. Kva trur du han meinte? Kan du nemne døme på nedskrivne lover som du meiner bør endrast? 8 a Synest du det er etisk eller uetisk å slå? b Synest du det er etisk eller uetisk å slå nokon som har slått deg først? c Synest du det er etisk eller uetisk å slå ein hest på baken for å få han til å gå?

9 Les og gjer oppgåver om etiske dilemma. Be læraren om kopi.

9 COGITO5kap1+2.indd 9

04-03-11 06:52:09


Filosofane platon og Aristoteles Når du har arbeidd med dette emnet, skal du kunne • fortelje kort om filosofane Platon og Aristoteles og kva dei tenkte om etikk

Det som skjedde i antikken, er framleis viktig for samfunnet vårt i dag. Tre filosofar frå denne perioden er spesielt viktige: Sokrates, Platon og Aristoteles. Dei blir rekna som dei første store filosofane, og alle tre var opptekne av etikk. Dei ville finne ut kva som var rett og gale, slik at menneska kunne leve gode liv saman.

Antikken er namnet på ein periode i historia. Denne perioden varte frå om lag 700 år før Kristus til 500 år etter Kristus.

10 COGITO5kap1+2.indd 10

04-03-11 06:52:10


Sokrates var læraren til Platon. Då Sokrates døydde, starta Platon sin eigen skule. Ein av de flinkaste elevane var Aristoteles. Midt på biletet kan du sjå Platon i raud kappe og Aristoteles i blå kappe.

platon «Den som veit kva som er rett, vil òg gjere det som er rett,» sa filosofen Sokrates. Er du einig med han? Kan du finne døme som viser om han tek feil eller ikkje?

platon og læraren hans Platon var eleven til Sokrates. Dei budde i Aten for om lag 2400 år sidan. Platon var ofte med når Sokrates gjekk rundt og snakka med folk i Aten. Etter at Sokrates var død,

Platon

skreiv Platon ned nokre av desse samtalane. Men Platon skreiv òg om sine eigne tankar om filosofi.

11 COGITO5kap1+2.indd 11

04-03-11 06:52:13


Sokrates tenkte at det finst noko som er godt og rettferdig for alle menneske til alle tider. Eit samfunn blir godt å leve i dersom menneska er gode og rettferdige, meinte han. Derfor ville Sokrates hjelpe menneska i Aten med å finne ut kva som var godt og rettferdig. I staden for å fortelje dei kva han sjølv meinte, stilte Sokrates spørsmål til dei han snakka med. På den måten måtte dei tenkje og kome fram til svara sjølve.

Det var ikkje alle som likte det Sokrates gjorde. Dei som bestemte i Aten, skulda Sokrates for å bryte lova og for å blande seg inn i deira saker. Dei sa òg at han fekk dei unge til å tru og meine mykje som var feil. Derfor blei han stilt for retten og dømd til å drikke gift, slik at han døydde.

platons tankar om eit rettferdig samfunn Platon skreiv òg om korleis han sjølv syntest Aten skulle styrast. Han tenkte slik: Dei som bestemmer har dømt eit godt menneske som Sokrates til døden. Da må det vere noko gale med lovene deira! Spørsmål om rett og gale er filosofiske spørsmål. Det bør vere filosofane si oppgåve å få folk til å forstå kva som er sant og rett, for da kan dei leve gode og rettferdige liv. Platon meinte altså at samfunnet ville bli betre og meir rettferdig dersom filosofane fekk styre.

12 COGITO5kap1+2.indd 12

04-03-11 06:52:13


platons idélære Trur du at det finst noko som er sant for alle menneske, same kvar i verda dei bur? Platon meinte at det måtte finnast noko som alltid er godt. Han kom fram til at dette «noko» finst som idear i ei slags usynleg verd – ei tankeverd.

Ein verkelig hest og ideen hest er ikkje det same.

Tenk til dømes på ein hest. Det finst mange ulike typar hestar. Hestar endrar seg heile tida. Dei blir fødde, dei veks, dei blir sjuke, og dei døyr. Men ideen eller tanken om ein hest inneheld alt som er felles for alle hestar.

13 COGITO5kap1+2.indd 13

04-03-11 06:52:14


På same måten er det med ideen om det gode. Han inneheld noko som er felles for alt som er godt, vakkert og sant. Ideen om det gode er overordna alle andre idear. Ideane er altså perfekte mønster for alle ting vi ser rundt oss i verda. Dei er alltid dei same og endrar seg ikkje. Derfor meinte Platon at det vi kan tenkje oss, er meir verkeleg enn det vi kan sjå og sanse. Den verda vi sansar rundt oss, er på ein måte berre ein skugge av den perfekte tankeverda.

Platons filosofi blir gjerne kalla idélæra. Ein idé er det same som ein tanke eller noko du ser for deg.

Oppgåver 1 Kva er ein idé? 2 Kva meinte Platon om den verkelege verda som vi lever i? 3 Kvifor meinte Platon at filosofane burde bestemme i samfunnet?

4 Finn ut meir om Platon. Skriv minst fire faktasetningar.

14 COGITO5kap1+2.indd 14

04-03-11 06:52:14


Aristoteles Kva meiner du er viktig for eit godt liv? Platon var læraren til Aristoteles. Dei var einige i mykje, men Aristoteles var ueinig med Platon når det gjaldt idélæra. Aristoteles meinte nemleg at menneska berre kan vite noko sikkert om det dei kan sjå og sanse. Han ville lære om det han såg rundt seg i naturen.

Aristoteles og den gylne middelvegen Aristoteles meinte at det gode liv er eit liv der du bruker fornufta og tankane og følgjer ein gyllen middelveg i alle ting. Det som er gylle, er som gull. Det er best. Ein middelveg er vegen i midten. Dersom menneska følgjer ein gyllen middelveg,

Aristoteles skreiv mange bøker om ulike emne.

vil dei gjere det som er rett og godt. Aristoteles meinte altså at det er best å velje det som er midt imellom, eller passeleg. Då blir ein lykkeleg, tenkte han.

15 COGITO5kap1+2.indd 15

04-03-11 06:52:14


Alle m책 ete. Men dersom du et for mykje eller for lite, blir du sjuk. N책r du et akkurat passeleg mykje, vel du den gylne middelvegen.

16 COGITO5kap1+2.indd 16

04-03-11 06:52:15


Aristoteles og lykke Aristoteles meinte òg at lykka er målet med alt menneska gjer. Den gylne middelvegen fører til lykke, men det er òg andre ting Aristoteles meinte er viktige: Alle menneske er ulike og har sine spesielle evner. Dei blir lykkelege når dei bruker desse evnene best mogleg. Alle treng andre menneske for å bli lykkelege. Derfor er venner, familie og ein heim viktig. Alle får det betre når dei lever saman i eit samfunn. I eit samfunn utfører menneska ulike arbeidsoppgåver, og dei møter andre menneske som dei kan snakke og ha det godt saman med. Der kan dei òg arbeide, slik at dei får brukt dei spesielle evnene og anlegga sine betre.

17 COGITO5kap1+2.indd 17

04-03-11 06:52:15


Oppgåver 1 Kva meinte Aristoteles når han sa at menneske burde velje den gylne middelvegen? 2 Kva meinte Aristoteles om lykke?

3 Studer biletet frå skulen til Platon på side 11. Legg merke til at Platon peiker oppover, medan Aristoteles peiker nedover. Kva vil kunstnaren fortelje om dei to filosofane, trur du? 4 Svar på desse spørsmåla og grunngi svara: a Er du einig med Aristoteles i at menneska blir lykkelege når dei bruker evnene sine best mogleg? b Er du einig med Aristoteles i at menneske treng kvarandre for å bli lykkelege?

5 Finn ut meir om Aristoteles. Skriv minst fire faktasetningar.

18 COGITO5kap1+2.indd 18

04-03-11 06:52:15


Livssyn Når du har arbeidd med dette emnet, skal du • vite kva eit livssyn er

Kva trur du eit livssyn er? Alle menneske har eit livssyn. Ordet er sett saman av orda liv og syn. Eit livssyn handlar derfor om korleis du ser på livet, og korleis du oppfattar verda. Det kan til dømes vere kva du meiner om kvar menneska kjem frå, kva du meiner er rettferdig, og kva du meiner er eit godt liv. Dei som trur på ein religion, har eit religiøst livssyn. Livssynet er knytt til den religionen dei trur på. Dei som ikkje trur på nokon gud, har eit verdsleg livssyn. Livssynet deira er ikkje knytt til nokon religion. Det verdslege livssynet som har flest tilhengjarar, er livssynshumanismen. Livssynshumanistar i Noreg blir også kalla humanetikarar. Symbolet for livssynsshumanistar blir kalla «Happy Human».

Oppgåver 1 Kva er eit livssyn? 2 Kvifor har folk ulike livssyn, trur du?

19 COGITO5kap1+2.indd 19

04-03-11 06:52:16


cogito5_nn_kap1