Brevet frå krigen

Page 1


Røyset_m2.indd 1

27.02.2017 21.44


INGUNN RØYSET

t e v e r B n e g i r k i samarbeid med Jorun Emilie holm Waage

rå f

Røyset_m2.indd 3

27.02.2017 21.44


4

Røyset_m2.indd 4

27.02.2017 21.45


Oslo 9.

april.

Lindøya.

Eg har brevet enno. Det brevet eg skreiv til Unni den dagen. Då eg fortalde kva som hadde skjedd, og lurte på korleis det gjekk med henne der inne i Oslo, då bombeflya kom. Eg kunne ikkje ringe og spørje. Unni hadde ikkje telefon, nesten ingen hadde telefon på den tida. Unni budde i byen og eg ute på øya, men vi gjekk på same skule. Vi møttest første skuledagen, på Ruseløkka skole. Eg var blyg, og ho var modig. Vi blei bestevenner. Vi var saman kvar dag etter skulen. Eg blei med henne heim. Vi gjorde lekser i lag og tøysa i lag og åt mat i lag, før eg reiste heim til Lindøya. Men ikkje den dagen. Den dagen fekk eg ikkje sendt noko brev. Ikkje dagane etterpå heller. Veit du kva krig er? Klart du veit. Krig er noko frykteleg. Det visste eg. Krig var noko vi kunne sende ullteppe til og synast synd på langt borte. Men så kom alt nærmare. Folk begynte å hamstre mat, og det kom tilfluktsrom på skulen, og vi lærte oss å lytte etter flyalarm. Når flyalarmen gjekk, måtte vi gå ned i kjellaren på skulen. Heldigvis var det berre øving. Heilt til den dagen. Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår og bomber sperra vegen inn til byen. Ikkje før folk blei sette i fengsel og eg måtte passe meg for kva eg sa. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på venninna mi. Eg forstod kva krig var då eg såg dei redde auga til pappa. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også. Slik er det når det er krig. Slik var det. 5

Røyset_m2.indd 5

27.02.2017 21.45


*

)! #( !$ * } ),/(} Ă?,#.

6

Røyset_m2.indd 6

-. 0 Ĺ? !!-.)

(! # " ! (|

Flyalarmen gĂĽr. Brita og Jorun.

27.02.2017 21.45


1 9. april 1940, ti pĂĽ halv fem om morgonen

9. april 1940: I Noreg starta krigen natt til z|Ă‹ *,#& rzuq| > (!, #* 3-%& ( ' )' Ĺ?3 )! %,#!--%#*| Tyske soldatar gjekk i land i Oslo, Bergen, Trondheim, Narvik og Ĺ? #, ( , %3-. 3 , # ), ! ( dagen.

Flyalarm: Flyalarmen er ei sirene som skal 0 ,-& (>, . %$ ' Ĺ?3 #(()0 , landet. Lyden betyr ÂŤFare for angrep, søk dekningÂť, og er ein tutande lyd med korte støyt.

Ulet fyller heile draumen. Det er ein av dei vonde. Dei som handlar om ĂĽ flykte, om ĂĽ springe og springe og aldri kome nokon stad. Berre mamma spring sin veg. Mamma og pappa og Terje og Brita! Jorun set seg opp i senga. Den skingrande lyden kjennest gjennom heile kroppen. Det er ikkje berre flyalarmen som brøler. Brita hyler ogsĂĽ. Det er mørkt. Ho ser ikkje søstera der borte i senga, men ho høyrer henne. GrĂĽten til Brita blandar seg med det ulande varselet om bombefly. Lyden kjem støytvis der utanfrĂĽ. BUUU-uuu, BUUU-uuu, BUUU-uuu. Jorun held hardt rundt sengekanten. Dette er ikkje noka øving. Dette er pĂĽ ekte. Det er krigen. No kjem han. Jorun er for stor til ĂĽ skrike. Det er to mĂĽnader sidan ho fylte 12. Ho grĂŚt likevel, ho klarer ikkje ĂĽ la vere. – Mamma! MAMMA! Døra til barnerommet gĂĽr opp. Lyset kjem inn frĂĽ gangen. Mamma spring bort til Brita og bøyer seg og tar armane rundt henne. Ho held henne tett inntil seg. Jorun tørkar auga. Brita er berre 10 ĂĽr, og sĂĽ er ho ikkje slik som andre søstrer. Ho har eit bein som er nesten lamt. Klart det er Brita som mĂĽ fĂĽ trøyst. 7

Røyset_m2.indd 7

27.02.2017 21.45


Jorun løftar vekk dyna og set begge dei friske føtene sine på golvet. Ho har pappa. Det er pappa som har tid til å snakke. Det er han som forklarer kva dei vanskelege orda betyr. Rasjonering, hamstring og luftvern. Det er han som fortel om alt det som skjer ute i verda, om dei tyske soldatane som har marsjert rett inn i Polen, om Hitler og om krigen i Europa. «Kom og sett deg her, jenta mi», brukar pappa å seie når Jorun spør om noko. Og så sit dei der, tett i lag ved kjøkkenbordet, sjølv om pappa eigentleg har ting å gjere nede på verkstaden. Dei snakkar om alt det Jorun lurer på. Og litt til. Det handlar om krig heile tida no, spesielt på radioen. Der pratar dei om fæle ting som ikkje eingong storebrør som Terje kan tøyse bort. På radioen snakkar dei om eksplosjonar og båtar som går ned, og folk som druknar. Av og til må Jorun gå ut i hagen for å sleppe å høyre. Heilt bort til flaggstonga gjekk

Rasjonering: Ein kallar det rasjonering når staten bestemmer kor mykje folk kan kjøpe av ulike varer. Det blir gjort for å sikre at alle får noko av dei varene det er lite av.

Hamstring: Hamstring er når folk kjøper store mengder av matvarer og anna, som dei lagrar i tilfelle dei ikkje får tak i det seinare.

8

Røyset_m2.indd 8

27.02.2017 21.45


Båtverkstaden. Det kvite huset til Jorun og familien i midten.

Luftvern: Få år før den andre verdskrigen fekk alle større byar i Noreg luftvern. Luftvernet hadde ansvar for flyalarmar og tilfluktsrom som folk kunne gøyme seg i dersom det kom bombeangrep. Dei sende også påbod om loftsrydding, slik at husa ikkje så lett tok fyr dersom dei blei trefte av bomber. Ein visste at bombing av byar øydela bustadområde og tok livet av mange sivile.

ho den dagen dei sa at England og Frankrike hadde erklært krig mot Tyskland. Ho stod og såg på rådhuset og Akershus festning og Akers mekaniske Verksted. Båtane låg trygt langs kaia der inne i Oslo. Sola glitra så fint i bølgjene. Alt var vanleg. Det var berre det at sommaren var over og det var krig i verda. Jorun stod der ute i hagen ei stund, før ho tørka vekk tårene og gjekk inn igjen. Etterpå har ho venta. Det er ikkje berre Jorun som har venta på at krigen skal kome til Noreg. Det har kome tilfluktsrom overalt, til og med her ute på Lindøya. På skulen har dei øvd på å gøyme seg i kjellaren når luftvernsirena uler. Det kjennest heilt annleis no når det ikkje er øving. Kvar er pappa? Jorun ser seg rundt i gangen. Ho held seg for øyra. Den pipande lyden trenger gjennom likevel. Kvar dag har ho lytta etter sirena. Ho låg i senga 9

Røyset_m2.indd 9

27.02.2017 21.45


Storebror Terje.

og lytta i går kveld også. Ho venta og venta. Dei hadde sagt på radioen at framande skip var på veg mot Noreg. Når sirena uler, betyr det at det er fly som kjem, fly som skal bombe. No uler det høgt gjennom huset. Jorun spring med nakne føter over golvet mot soveromsdøra til mamma og pappa. Døra står på gløtt. Jorun stoppar og skubbar ho heilt opp. Det kjem kald luft imot henne. Ho ser kvifor. Vindauget der inne er ope. Pappa har opna det. Han har halve kroppen utanfor. Han ser opp mot himmelen. Dei lange ula frå flyalarmen er borte. I staden er det ein annan lyd i lufta, ei mørk og trugande during. Lyden blir høgre og høgre.

3. september 1939: England og Frankrike erklærte krig mot Tyskland – og den andre verdskrigen starta 3. september 1939. Då hadde Tyskland allereie angripe Polen, Austerrike, delar av Litauen og eit land som heitte Tsjekkoslovakia. Den politiske leiinga i Tyskland, med Hitler som førar, meinte at Tyskland trong og hadde rett på større plass. Mange i Tyskland hadde opplevd det som urettferdig at landet måtte gi frå seg både pengar og store landområde til sigerherrane etter den første verdskrigen.

10

Røyset_m2.indd 10

27.02.2017 21.45


3-% Ĺ?3 '). -&)|

SĂĽ ser ho flyet. Eit stort, svart fly. Det kjem rett over flaggstonga, rett mot huset, rett mot vindauget. Det brøler over taket og blir borte. Pappa snur seg. Han har fĂĽtt pĂĽ seg buksa, men skjorta har han ikkje knappa. Pappa og Jorun ser pĂĽ kvarandre. Heldigvis har dei rydda pĂĽ loftet. Heldigvis har dei fĂĽtt vekk alt som kan ta fyr nĂĽr flya kjem og slepper bomber pĂĽ huset. No kjem dei. Det er ikkje berre eitt fly. Der kjem eitt til. Og enda eitt. Store, svarte klumpar kjem til syne over trea, dei flyg over taket med det fryktelege brĂĽket etter seg. Brølet fĂĽr heile kroppen hennar til ĂĽ riste. Pappa ser opp mot dei dundrande flya. Jorun høyrer kva han seier, han som aldri brukar ĂĽ banne. – Det er vel desse fordømde tyskarane! 11

Røyset_m2.indd 11

27.02.2017 21.45