LESELAND: Alle mann i forsvar

Page 1


alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 1

09.07.15 09:22


Alle mann i forsvar! Av At le Berge Illustrert av Henning Lysta d

Samlaget oslo 2015

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 3

09.07.15 09:22


alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 4

09.07.15 09:22


Leo klemmer ballen som ein bamse. Han har alltid minst éin fotball i senga når han søv. I draumen er han spiss på landslaget. Dei speler mot Italia. Italia har ingen i angrep og elleve mann i mål. Leo skyt minst hundre gonger utan å score. Det er umogleg. Dei italienske spelarane har bygd ein vegg av kroppar framfor mål.

5

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 5

09.07.15 09:22


Kampen ser ut til å ende 0–0, men rett før slutt rasar ein italiensk spelar over heile bana. Han har med seg ballen, og han scorar. «NEEEEEI!» brøler Leo og vaknar.

6

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 6

09.07.15 09:22


Leo legg hovudet tilbake på puta. Han får ikkje sove. Han tenkjer på kampen han skal spele i dag. Motstandaren er Storebø. Storebø er det einaste laget i byen Leo ikkje har scora mot. Plutseleg er det nokon som snakkar utanfor. Dei spenner ein ball mot veggen. Leo dreg gardina kjapt til side.

7

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 7

09.07.15 09:22


På plenen står Barcelona-gjengen, laget Leo speler på. Han opnar vindauget. «Knudsen sa vi skulle måle ferdig huset før kampen», roper Moa. Leo kikkar på klokka. Skitt, tenkjer han. Familien Knudsen har forsove seg igjen!

8

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 8

09.07.15 09:22


FA K TA OM FA M I L I E N K N U DSE N

Namn: Martino (far), Sara (mor) og Leo (son). Martino er trenar for Barcelona-gjengen. Sara er assistent. Familien Knudsen er glad i to ting: 1 Fotball 2 Ă… sove lenge

9

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 9

09.07.15 09:22


Leo tek på seg Barcelona-drakta og vekkjer foreldra. «Vi kjem snart», seier Sara frå under dyna. «Skal berre sove litt til.» «Vi har lege vakne heile natta og snakka om Storebø», forklarer Martino. Storebø er det einaste laget i heile byen Barcelona-gjengen aldri har vunne mot.

10

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 10

09.07.15 09:22


Leo finn fram utstyret. Han gir alle på laget kvar sin kost. «Ta på dykk Komet-draktene», seier han. «Ingen må få måling på Barcelona-drakta.» Komet I.L. er klubben Barcelona-gjengen speler for. Mens dei målar, fortel Leo om marerittet. «Eg drøymde eg var spiss på landslaget», seier han. «Det var vel ikkje noko mareritt», seier Moa. «Nei, men høyr då!» Leo viftar med kosten.

11

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 11

09.07.15 09:22


«Vi spelte mot Italia. Dei la seg bakpå. Elleve mann i mål!» «Typisk Italia!» seier Matias. Ingen har fått med seg at Martino og Sara har kome ut på plenen. Ikkje før Martino roper: «For ein fantastisk idé!

12

alle-mann-i-forsvar-9788252189223.indd 12

09.07.15 09:22