__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 1


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 2

  Ein av dei vanlege dagane. Lyrikk. Noregs Boklag,  Akkar-Rakkar. Barnebok. Noregs Boklag,  Gjendiktingar Christine De Luca: Glimt av opphav – Glims o origin. Ura forlag,  Robert Bly: Dei dømde meg til tusen år i glede. Ura Forlag,  Robert Bly: Den natta Abraham ropte til stjernene. Ura Forlag, 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 3

Odd Goksøyr

Skrifter og fiksjonar

Samlaget Oslo 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 4

© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no : Magnus Osnes : Samlaget : Minion ,/ :  g Munken Premium Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 5

om natta når frosten knistrar i bjørkeleggene stig døtrene til nøkken opp av elva og dreier isporselen til fossekallen


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 6


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 7

Natt og Nord Sol hadde reist over himmelen fire gonger etter at han gjekk. Kvar morgon etter at han forlét dei i helleren, hadde ho gått inst i hòla, lagt den venstre handa på den flate veggen der, fylt munnen med det raude støvet dei brukte å gni inn i håret og på overkroppen når nokon hadde gått til Nord, og bles, spruta det ut av full kraft til lungene var tømde. På veggen, under det store bildet av ein hjort som han hadde streka opp i kol, var det derfor no fire raude omriss av handa hennar, ei hand for kvar Sol sidan han gjekk. Han hadde kome frå der Sol stod høgast på himmelen, frå Sol mot Nord, han kom i ein lang båt, hòla ut av ein eikestomn. Han kom med flintsteinar, friske skjel og mjuktogne selskinn. Han var høg med mange tenner, og var mørkare enn dei fleste på neset. Brune auge. Han vart verande, bygde seg eit skinndekt hus, vart ein del av flokken. Nord kan vente, sa han om nokon spurde kvar han var på veg. Ein av kveldane då flokken sat vend mot bålet og Eldste rugga på overkroppen og song dei gamle songane om kampen mellom Sol og Nord, møttest ansikta deira. Ho flytta inn i huset hans den kvelden. Han var ein god mann, han hadde båten og skaffa fisk og sel, som gav både mat og skinn, han laga reiskap, var ein meister i å slå fliser og flak av flintbitar som vart til knivar 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 8

og skraper, pilspissar og harpunoddar. Men mest av alt kunne han fortelje. Han fortalde om turen mot Nord som hadde ført han hit, han fortalde om den store kampen mellom Sol og Nord, den som gjorde at dei kvar vinter gav eit offer til Sol slik at ho skulle vinne krefter og igjen klare å stige på himmelen og jage Nord og mørket og kulden hans bort og vekk. Han fortalde om far og far til far, som hadde laga den store eikebåten. Far til far som hadde kome frå eit anna land, frå andre sida av Hav, eit grønt land med frodige skogar og mjuke strender, med hjort og rev og hare, med fisk og skjel i mengder. Som hadde drive av ein dag Hav hadde argast, og som hadde sett dei grøne, låge, mjuke åsane sige bak randa av Hav, og som hadde sett Sol gjere tre reiser før han dreiv i land her, eller ikkje her, ein annan stad her, drive i land på dette steinlandet med rivne berg, djupe rivjer og høge øyar. Som hadde funne seg ein flokk, blitt verande. Då Sol tok til å klatre etter at Nord og det store mørket hans endå ein gong hadde drege seg tilbake, denne gongen hadde dei ofra ein hare og nokre av flintknivane, dei beste han hadde slege denne vinteren, merka ho at magen hadde vakse. Og han vaks mens Sol steig og lyset vart lengre. Då Sol hadde klatra så høgt ho kom, var magen som skinnet på tromma til Eldste, spent og tungt, og då barnet kom, sat ho på huk i utkanten av den vesle sletta husa låg på, ho sat på huk med alle kvinnene i flokken rundt seg, dei song og rugga, rugga og song, og då songen steig like høgt som hennar eigne skrik, kom barnet ut og glei ned på den mjuke marka. Barnet var ei som henne, men huda var mørkare, og auga skulle bli brunspettete som hans. Og Eldste kom og løfta opp barnet og gav henne namn. Det løynde nam


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 9

net ingen måtte nemne, som berre dei i flokken som hadde gått til Nord før dei, skulle vite. Så tok ho barnet og la det til brystet. Då Nord neste gong vende tilbake med mørket sitt, var det eit større mørke og ein sterkare kulde enn sjølv Eldste kunne minnast. Sol var bleik og nesten blå og seig litt lågare for kvar dag. Det vart ikkje sagt, men alle tenkte, kven vil vinne denne gongen, må Sol gi tapt for Nord og vinteren aldri ta slutt? Det minka på maten, det var nesten slutt på det tørka kjøtet, Hav kokte og ville ikkje gi frå seg fisk eller sel. Alle forstod at skulle dei gi Sol styrke til å kome gjennom dette, måtte det til eit stort offer, ikkje ein fugl eller ein hare, ikkje ein hund eller pilspissar, ikkje glimande skjel, sjølv ikkje dei skimrande perlene frå muslingane i elva. Men noko større, ikkje eingong ein av dei gamle som låg sjuke under skinnfellane og snart skulle gå til Nord likevel, ville vere nok. Då dei ein morgon kom ut av huset, forstod dei at Eldste hadde bestemt seg. Om kvelden, då bålet mellom husa hadde vorte til glør, utan å ha veksla eit ord, pakka dei henne inn i eit ulveskinn, tok med seg det dei klarte å bere av det dei trong, og gjekk stilt ut i mørket utan å bli oppdaga. Dei klatra opp skaret der elva kom ned frå fjellet, og snøen som fall, dekte spora deira. Slik hadde dei kome til denne helleren på hi sida av fjellet, og her søkte dei ly mot kulden og snøen. Men helleren gav ikkje ly mot svolten, og derfor hadde han teke ein kniv, ein boge og pilene dei hadde fått med seg, og gått ut. Sol hadde reist over himmelen fire gonger etter at han gjekk. 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 10

Det var ein liten dam under helleren som gav henne vatn, men ho hadde ikkje ete etter at han gjekk. Ho la barnet til brystet, som sakte tørka inn i kulden, drog barnet inntil seg under det dei hadde fått med seg av skinnfellar. Sakte fekk dei begge litt varme. Ho høyrde ein lyd bak seg, og der stod han og smilte, han hadde ein død hare over skuldra og ein levande, kvit fugl i den andre. Fuglen flaksa og skreik, og ho reiste seg opp og sprang mot han. Då forsvann alt, ho låg der på golvet, barnet hadde glide ut av den varme fellen og kava og skreik som ein fugl. Det hadde skjedd då Sol hadde gjort ei reise over himmelen etter at han gjekk. Ho hadde merka ei skjelving, heile berget hadde skolve som ein gammal mann. Ho gjekk ut av helleren og såg ned på Hav som låg og kokte langt der nede. Så skjedde noko ho aldri hadde sett, Hav drog seg tilbake, utover, utover, ho såg fisk og sel ligge igjen der Hav hadde vore. Det hadde vorte berg og dalar der det ikkje skulle vere, og berget skalv. Så kom Hav tilbake, rasande, fylte opp rommet som hadde vore tomt, dekte dei nye berga og dalane, stoppa ikkje der, men klatra vidare inn over land. Det som hadde vore tørt og dekt av kald snø, vart rørt opp i eit ròk, tre og store steinar vart vaska att og fram og følgde med då Hav glei tilbake i Hav. Lufta var fylt av ein veldig lyd og ei tett skodde, ein kald damp, som fraus til is på det frosne berget. Då Sol tok til på den andre vandringa over himmelen etter at han gjekk, vaks makta til Nord. Sol hang bleik og låg, den kalde pusten til Nord gjorde vatnet hardt, sjølv dammen under helleren fekk eit tynt islag, berre midt i dammen var det enno ikkje is. Då Sol hadde gått, vakla, slept 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 11

seg over himmelen endå ein gong, kom ein tanke ho ikkje ville tenkje, kven var no igjen for å bere fram eit offer til Sol, kanskje berre ho. Då mørket kom, gjekk ho ut av helleren og såg utover. Ho såg at Natt hadde kledd seg naken, ho såg perlene Natt hadde dekt kroppen sin med, dei skimra og blenkte på den svarte himmelen. Så såg ho at Natt hadde slege ut håret sitt og dansa, det grøne, flammande håret til Natt flagra og flaksa over himmelen. Natt dansa mot Nord, og ho tenkte, no dansar Natt for Nord, no dansar Natt for å blidgjere Nord, for viss Nord drep Sol, må Natt alltid vere vaken. Ho såg lenge på denne dansen, som ho hadde sett før, men aldri så vill, aldri så rasande vakker. Så høyrde ho det svake fugleskriket bak seg, ho gjekk inn under helleren igjen. Midt i dammen, der det for litt sidan hadde vore ein rest av flytande vatn, hadde det no reist seg ein finger, ein trugande, kald finger. Ho høyrde fugleskriket, såg Natt som dansa stadig villare mot Nord. Ho bøygde seg ned, braut den trugande isfingeren og knuste han mot steingolvet. Så kraup ho under skinna der barnet låg, la henne inn til det brystet som enno hadde noko å gi.


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 12

Treetnett.no I dag er eg på veg oppover, det vil seie, ikkje berre i dag, mange dagar, uteljelege dagar der eg klivrar frå det gnagande djupet og opp, oppover, stadig lenger oppover. Då eg vakna i dag, høyrde eg så vidt vengjeslaga langt der oppe. Eg klivrar langs stomnen der dei store greinene skygger for lyset, men det skimrar igjennom, litt meir for kvar dag. Her og der har geita gnege i seg så mykje av blada at lyset kan falle på større flater. Der hender det eg stansar og kviler, syg i meg varmen som fell på den raudbrune pelsen no om sommaren, og prøver å hugse kva det var eg skulle seie, må spisse orda, spisse spotten. No om morgonen kan eg drikke dogg av bladverket, det gjer oppstiginga meir uthaldeleg. Når eg ser ned, ser eg at dei har blitt endå fleire, dei som aular fram på marka, dei som ikkje veit at eg var her før dei, dei som ikkje lenger veit at eg finst, at vi finst. I morgon er eg truleg framme. Eller framme, eg er aldri framme, må berre levere frå meg spitorda eg samla opp nede ved rota, spotten frå han som gneg, så skal eg nok ein gong sjå Vengjekongen blåse opp fjørene i sinne før han også spyttar ut nokre hånlege ord eg må hugse og bere med meg nedover, nedover for så å sjå ormen krølle seg og kvisle fram meir gift som eg må bere med meg oppover, oppover, igjen og igjen, aldri ein ende. Og sjå geita som berre ligg der, inst på dei tjukkaste greinene, tygg drøv og tygg drøv, lettar berre så vidt på hovudet i det eg passerer, lite å hente der. 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 13

– Nei, sjå han, raudrufsen, reisande i spott og spe, du skal ikkje snart finne på noko anna å gjere, det der er ikkje berekraftig (tygg). – Ingen fred å få, kan ikkje ligge og tygge drøv uforstyrra heller, kontemplasjon og indre vekst er nok framandord der i garden (tygg meir, kjenner eg blir irritert). – Følgjer ikkje med i tida heller, spring rundt med slarvet som ei gammal kjerring (tygg litt til, omstendeleg). – Finst gode nettløysingar for slikt (tygg og tygg). – Men det er vel for vanskeleg for deg, buskeræv. Veit det, svarer eg, trur du ikkje eg har følgt med, men eg liker å halde meg til gamlemåten, Rotgnagaren og Vengjekongen ser det også slik, ikkje vårt problem at dei der nede ikkje hugsar oss lenger. Hjortane på nabogreina sa ingenting, togg berre på ferske skot og knoppar og heldt seg til sitt. Eg pilte oppover stomnen igjen, den grove borken gav godt feste for klørne mine, men geita hadde gjort meg irritert, lite vaken, så det var like før eg ikkje oppdaga hauken som jakta mellom greinene, der han stupte ned mot fengda han hadde sett seg ut, meg. Eg rakk så vidt å smette inn i ei lita rivje slik at hauken akkurat bomma, sneia ei grein så fjørene fauk, og stupte skrikande nedover etter nye bytte. Eg rista av meg støkken og kom meg vidare. Vengjekongen venta meg i dag også, han har ei underleg evne til å vere tilbake i tretoppen, øvste greina, like før eg dukkar opp. Eg kan høyre suset av dei store vengjene rett før eg når toppen, og kjenner dunket i treet i det han landar. No, kva godord har du med deg i dag, spør han utan ein lyd, eg kjenner berre orda vekse fram inne i meg når han set dei skarpe auga i meg. Lite nytt, skvatrar eg, han 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 14

kallar deg Kroknebb og Lusefest, seier du er høg på deg sjølv, ikkje er til å stole på, manglar feste i jorda, kven kan tru ein som flaksar og flyg, seier han. Hels tilbake, seier Vengjekongen, hels til den gjørmekledde kleisen av ein rotgnagar, likgnafsar og dritslengar at oversikta ikkje er noko særleg der han held seg, så av han ventar eg lite, innsikta han har, er vel at han kjenner veggene i sitt eige ormebol, sei det. Eg takkar Vengjekongen for gode spitord og piler nedover att. Det er langt ned, verkar lenger for kvart år som går, kvart hundreår kjennest som eit storhundre, men det er dette eg kan. Likevel, kanskje er det ikkje fraktinga av spit og spott som held meg gåande, det tek til å verte litt repetisjon, verken Rotgnagaren eller Vengjekongen er dei heilt store til å fornye seg. Nei, kanskje det som held meg gåande, er treet, å vere i treet, å kunne krype inn i ei av dei mange grove gropene i borken når natta fell på, gripe den buskete halen med framlabbane, legge snuten inn i dette mjuke, kjenne lukta av meg sjølv, men etter desse tusenåra i treet er det vanskeleg å skilje mine lukter frå treet sine, treet sine lukter er alt, eg er i treet, treet er meg, eg dreg inn desse luktene, forbanningane og slarvorda eg ber med meg, bleiknar, eg veit dei vil vere der i morgon, alltid, og treet famnar meg, som eit skjold mot natta, mot nattkreftene, men jotnane når ikkje hit, sjølv hauken som jaktar meg mellom greinene søv, og eg

••• Og morgonane, når eg vaknar, når alt vaknar, når lyset kjøver songen frå nattvettene, sildrar mellom greinene, når dogga på blada nok ein dag gir meg kraft og lyst til å vakne, 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 15

når fargane i verda har samla ny styrke gjennom nattekvilda og sprutar ut i grøne piler frå blada, i raude refleksar gjennom dropane, i ein djupblå himmel som sakte lysnar, når sjølv ragget til geita høgt der oppe får ein forsonande glans over seg og den traudige mekringa kan, i glimt, likne song, eit morgonkvad, gløymer også eg ein augneblink lagnaden min, å bere skit mellom skitslengarar, møkk mellom møkkaspreiarar, piss mellom pissarar, og eg kan gløtte gjennom buskehalepelsen og sjå alt dette, og sjå, det er alt godt, det er alt vakkert, allvakkert. Vengjeslag. Ikkje djupe og seige som Vengjekongen, men heller ikkje raske og nesten lydlause som hauken, eg gløtter opp. To ramsvarte vengjeflaksarar svever over meg, H&M, lenge sidan dei har vore etter meg no, prøver å snakke meg til rette, gnålar om sant og usant, rett og urett, frendeskap og svik. Dei er auga til guden, auga til Allfader, han som ofra sitt eige auge og miste evna til å skilje mellom fjernt og nært, dei er Gudsauga, som ser alt, som kvar morgon flyg ut for å frette nytt, tungvint, det er enklare å gjere som eg, eg skaper sanninga sjølv, så eg sjølv trur det. Dei krakar og kronkar, ramnungar ropar, men kven gir dei mette? – Vi kjem med bod – frå Den høge – frå gamle Einauge – frå Grim, frå Maskeberaren – han som hang i treet – i ni dagar og ni netter – for å sjå alt som er å sjå – for å vinne sanninga 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 16

– Den Gamle, Allfader, Ygg – seier: slutt med slarvet – dritinga på draget – seier: eg hang ikkje ni dagar i treet, eg hang ikkje ni netter – for at løgn ikkje skulle skiljast frå sanning – seier: slutt å fôre ormen, slutt å mate ørna – slutt å mane fram Ragnarok, Kvitekrists kome og profetens atterføding Eg kjenner sinnet stige i meg igjen, kva veit vel dei? Eg seier berre hels den gamle treklemmaren, Einauge, kven kan skilje mellom sant og usant, lovord og løgn? Det er eg som avgjer kva som er sanning, det er eg som ber orda ut i verda, fraktar dei rundt, slepper dei ut snart her, snart der, kven er gitt å skilje mellom løgn og sanning, er ikkje løgna sann så fort ho er sleppt laus, døyr ikkje sanninga så fort ho er fanga? Vert ikkje lovord til spott og velsigning til forbanning berre orda er sagde? Og kven krev offer som heng dinglande i trea, hestar og menn, menn og hestar, er det løgn eller sanning? Eg blæs meg opp, gløymer tanken om det allvakre, det er dette eg kan, det er dette eg må, eg ser ormen som kringar allverda, han opnar eit auge, han rykkjer i kroppen, havet kokar, jorda skjelv, eg ser Rotgnagaren gløtte oppover, roper kjem du snart, gamle Raudskinn, di pjuskete skinnfille? Verda må gå vidare, orda mine må ut og verte nye sanningar, eg piler nedover, roper eg kjem, eg kjem, roper sanning og løgn i same seng, svik og vennskap i same sleng, eg kjem, det er eg som held verda i gang, eg er Tosk, tsk, tsk, Ratatosk, RATATOSK, og eg piler nedover, nedover, treet skjelv, jorda skjelv, havet skjelv, berre eg skjelv ikkje, for eg er han som får alt til å skjelve, ramneskrika tagnar over meg, eg er Ratatosk.


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 17

Vokalane, mjuke, runde, som hender og lepper – Han sa: Om liket rotnar eller vert brent på bålet, er mindre viktig. – Sa han det? Ordrett? – Ja, ordrett. – Du må ha mishøyrt deg. – Nei, eg høyrde det eg høyrde, og han sa det han sa. – Men det er jo eit svik, mot oss, mot tradisjonane, mot dei gamle, mot dei døde, og dei levande, og mot Urnehallen, ikkje minst. – Ja, eg veit det, men like fullt sa han det. – Vi må melde det, oppover! – Ja, men det er han som er oppover. GÖRDÏ gjekk innover langs dei uthogne hyllene i grotteveggen, lét fingrane gli langs ei og anna urne, ho kunne lese kven som låg der, berre med fingrane, med auga attlatne, som i blinde. Når vi kom lenger inn i urnegangane, var også det det enklaste, vi måtte spare på lyset, spare på faklane, veden, det tørre trevirket var verdfullt, vi trong det til brenninga av dei døde, for kvar død måtte bålet haldast ved like i to dagar og to netter før beina kunne rakast ut, knusast og leggast i ei urne saman med oska. GÖRDÏ las, med attlatne auge, GRB, GÖRÜB, JRG, JÄRËG, JNG, JÏNÏG …




aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 18

– Kvifor les du først dei harde lydane, desse som stoppar og skrapar og kveser, og så ein gong til med dei syngande lydane imellom? – Fordi det er dei harde lydane som er skrivne, det er dei som ber meininga, dei mjuke, dei som syng, har inga meining, dei legg berre til det vakre. – Kvifor ligg alltid meininga i det harde? Har ikkje det vakre meining? – Eg veit ikkje, eg har berre lært det slik, det vakre er det vakre, det harde er det som gir meining, det var slik vi lærte det, det vakre gjer døden leveleg, det harde gir døden meining, slik har det alltid vore, RÄJËK. Eg smakte på namnet mitt, RÄJËK, RÄJËK, når eg ein gong gjekk over til urneflokken, ville berre RJK vere att, RJK, ville det stå på urna, og ein urnevaktar, som meg eller GÖRDÏ, ville stå ved urna mi, la fingrane gli forsiktig over namnerisset og lese, her ligg RJK, RÄJËK, RÄJËK, ville dei gjenta, og songen i namnet ville bere det vakre eg har sett, vidare, men dei harde lydane, RJK, RJK, ville vere vitnemålet om at eg hadde vore, ein gong hadde vore. Men eg kunne også risikere at det vakre i namnet mitt vart vrengt, mistydd, kasta bort, om ein dårleg lesar lét fingeren gli langs namnet mitt og las RJK, RÜJÜK, eller ROJËK, RÏJÏK. Eg sukka, eg var glad eg fekk gå urnevaktene mine saman med GÖRDÏ, kloke GÖRDÏ, vennlege GÖRDÏ, sterke GÖRDÏ. Lyden av ei tung tromme nådde oss. Vi stansa opp og lytta, song, den kvernande klangen av Urnesongen, den tunge rytmen til klubber som knuser bein, raking av glør og oske, ei ny urne var ved å bli fylt. Det hadde blitt mange i det siste, vinteren hadde hardna til, kulden beit, dess fleire 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 19

døde, dess fleire bål, dess mindre ved vi kunne bruke til å halde varmen i dei låge steinhusa i botnen av dalen, nedanfor hòlene der urnehyllene var hogne ut, der vi tok vare på dei døde, der dei døde tok vare på oss. Vi som var sette til å sjå etter dei døde i urnene sine, hadde det litt lettare, kulden var ikkje så hard som i dalbotnen, inne i berget var ein i ly, og kom ein langt nok inn, steig det som ein varme ut av berget, frå ein stad langt nedanfrå. Det var dei før oss, dei som no låg i desse leirkrukkene, som hadde sagt korleis alt skulle ordnast, at dei døde skulle leve vidare mellom oss, gjennom namna rissa inn i urnene, berre namna vart tekne vare på, bevarte, ville dei vere her og vakte over oss, vake over oss, og det var dei som hadde sagt korleis dei døde skulle brennast til oske og leggast i urnene, det var dei som hadde laga songane, skapt dansane, funne rytmane, som eit hjarte eller ei bølgje som slår og slår, det einaste dei ikkje hadde sagt, var kva vi skulle gjere når veden tok slutt, når det vart uråd å halde båla ved like, når husa til dei levande vart liggande i kulde. – Sa han noko meir? – Nei, det var det han sa, eller mumla, meir som til seg sjølv. – At det er greitt å la liket rotne? – Ja. – Men det er det ikkje, det kan det ikkje vere, det er jo dei døde som held oss levande, som held alt i hop, er det ikkje? – Jau, slik står det skrive, DT R D DD SM HLD SS LVND, slik står det. – Og det som er skrive, er det som er sant? 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 20

– Ja, men han seier at det står skrive andre ting andre stader, at det finst flokkar som meiner at det er dei levande som er viktigast, at dei døde lever gjennom dei levande, gjennom minna, gjennom skikkane, gjennom sogene. Han seier det finst flokkar som grev ned dei døde, det finst flokkar som legg den døde i ein båt og set han ut på vatnet, det finst flokkar som lemar opp dei døde og legg dei ut på fjellhyllene så dyr og fuglar et beina reine, det finst flokkar som tømmer dei døde, smør dei inn med salvar, lindar dei inn i strimla linremser slik at den døde ikkje rotnar, men ser ut slik han alltid har gjort, det finst flokkar som samlar beina i store hus eller røyser, det finst flokkar som trur at dei døde har gått til ei anna verd og syng og dansar over å ha kome vidare, og det er flokkar som trur at dei døde ein dag skal stige opp av støvet, opp av oska, slik dei ein gong var. – Men vi trur ikkje, vi veit, ikkje sant, vi veit at viljen til dei døde er å kvile her i urnene sine, at dei ikkje vil vidare, at det er betre å vere fanga i ei urne enn, enn …? – Ja, det veit vi, eller vi trur vi veit det, du skal ikkje setje fri ein død, D SKL KKJ STJ FR N DD, slik står det skrive. – Setje fri, kva tyder det? – Eg veit ikkje. Vi går vidare langs urneradene, GÖRDÏ går rett bak meg, seier ingenting, eg seier ingenting, men eg tenkjer at vi begge tenkjer på det vi har snakka om, setje dei døde fri? Har ikkje dei døde sjølve valt å vere i krukkene sine, valt at veden må brukast slik, at dei levande må klare seg så godt dei kan? Tankar vi aldri har tenkt. Vi ser ned, dalsidene snøydde for tre, små figurar, som dokker, som kryp og dreg seg rundt på leit etter noko å brenne. Einkvan har blitt liggande, ubrend, i ei kløft, det er ikkje vår sak, vår sak er å 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 21

lese urnene, tørke støvet som fell, og som ville lagt seg i tjukke lag om ikkje vi gjekk her og såg etter, halde verda saman. Men det er seint, og sovehallen ventar, skinnfellar, søvn, kanskje kjem nokon frå andre sida og taler til oss i søvnen. Det har skjedd.

••• Eg ligg trongt. Ru vegger omsluttar meg. Eg roper GÖRDÏ, men ingen svarer. Kroppen min er borte, eg berre er inne i dette tronge rommet. Er eg død? Må vere? Men hugsar ikkje bålet, hugsar ein ikkje bålet? Eg ligg i ei urne, eg ligg inne i urna, eg svever over urna, eg ser eit namn rissa inn, eg kan lese teikna, brått kan eg lese teikna, RJK, eg les dei syngande lydane, RÄJÊK, eg snakkar til meg sjølv, bryt laus loket, set meg fri, eg byr meg sjølv, set meg fri, men eg nektar, det er dette som er meininga, å vere her for alltid, slepp meg fri, nei, nei, einkvan seier, om liket rotnar eller vert brent på bålet, er mindre viktig, nei, det er viktig, det er alt, ingenting utanom det, men båla har slokna, dei ryk ikkje lenger, dei døde haugar seg opp, dei levande døyr, dei døde seier set oss fri, set oss fri, set dykk fri, set dykk fri. Gå ut, strø oss ut, som skoddeskyer, stigande. Eg reiser meg, eg vandrar ut i hallane, eg løftar ned ei urne, riv opp loket, urna er tom, eg riv ned ei urne til, vrenger av loket, den er også tom, eg knuser fleire urner, dei dett singlande ned, tomme, tomme, alle er tomme. Eg snur meg rundt, forstår ingenting, GÖRDÏ står stille rett bak meg, ser på meg, smiler, det er rett.


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 22

Den uklare grensa mellom land og hav Vi vert stadig forvirra av at grensa mellom hav og land har blitt mindre tydeleg. Når vatnet stig i gatene, kjem ukjende ansikt og trykkjer seg mot vindauga. Skriv ned: Hugs å halde oppe det klare skiljet mellom reine og ureine! Han sit med skriftrullane og les, frå høgre mot venstre, ei skrift utan vokalar. Vi trur det er vokalane som ber det vakre til oss, mjuke, runde, som hender og lepper. Skriv ned: Hugs å halde fast på skiljet mellom konsonantar og vokalar! I opphavet skilde himmelguden vatn frå vatn, hav frå land, lys frå mørke. Så skilde guden seg sjølv frå alt anna, dekte ansiktet og gjekk tapt bak skylaga. Skriv ned: Hugs å skru saman det som har blitt teke frå kvarandre! Truleg vil den uklare grensa mellom hav og land fløyme inn over biblioteka. Den natta det hender, vil boksidene blotne og gå i oppløysing. 


aljamarkiR Ferdig.qxp_Layout 1 15.06.2020 10:14 Side 23

Skriv ned: Hugs å notere på første arket i boka kvar du legg henne!

Profile for Det Norske Samlaget

aljamarkiR  

Av Odd Goksøyr

aljamarkiR  

Av Odd Goksøyr

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded