Aldri redd for mørkets makt

Page 1


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 1


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 3

Jørgen Norheim

Aldri redd for mørkets makt Historia (s)om eit brotsverk Roman

Samlaget Oslo 



Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 5

«Så sei meg no, kven er fiendane dine?» spurde militsleiaren. K. tenkte seg om ei stund og svara: «Eg veit ikkje heilt. Eg trur ikkje eg har nokon fiendar.» «Ingen fiendar!» Militsleiaren heva stemma. «Vil du med dette seia at du ikkje hatar nokon, og at ingen hatar deg?» «Så vidt eg veit, ingen.» «Du lyg», brøla oberstløytnanten og fór opp frå stolen. «Kva slags menneske er du, som ikkje har nokon fiendar? Du høyrer heilt klart ikkje til vår ungdom. Du kan ikkje vera ein av oss når du ikkje har nokon fiende! … Og dersom du verkeleg ikkje veit korleis ein hatar, då skal vi lære deg det. Det skal vi sanneleg lære deg!» Georgij Markov


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 6

Han vart sist sett på KAFÉ MOSKVA I KALININGRAD. «Kva skulle han no der», brumma lensmannen. Han venta i det lengste med å klikke på «send», slik at mannen som ikkje kom heim, vart til ei sak med nummer og arkivkode. Ikkje berre fordi det følgde forferdeleg mykje mas med slike forsvinningssaker, men som ein mann med erfaring visste han at dei fleste kom heim av seg sjølve berre ein hadde tolmod til å vente på dei. Han ville i alle fall vente ei veke før han gjorde noko. Innan den tid steig truleg mannen av seg sjølv ut av drosja og tusla heim til huset sitt, tok inn posten, sorterte reklame frå nyttepost, slo på PC-en og skumma e-postlista, såg i nettbanken etter purringar og inkassovarsel, før han sette seg i stresslessen med utsikt over fjorden og slo nummeret til dotter si og sa at her er eg, vonar ingen har spurt etter meg. Lensmannen sa det ikkje høgt, men det var ein grunn til, det måtte han innrømme for sitt inste eg, han ville runde av sommarvikariatet akkurat slik han hadde sett det for seg, utan noka opprivande sak. Han hadde søkt vikariatet for å – ja, han lengta rett og slett heim til barndomsbygda, og så dukka denne vikarannonsen opp, og då var det som om ting fall på plass, som om livet tråkla saman ei løysing for han. Etter at han vart enkjemann, lengta han endå meir enn før, og når han då kunne kombi


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 7

nere heimlengten med litt ekstra inntekt attåt pensjonen, då kunne ingen seia nei. Ein sommar i heimbygda, eit par promillekontrollar, eit par fartsbøter, eit fylleslagsmål, eit simpelt sommarinnbrot – men elles rasling i lauvkroner, regn mot ruta, surkling i takrenner, ro med lange åretak ut mot øyane, lange svømmetak over mot neste øy. Slik hadde han sett for seg sommaren. Neste helg hadde han invitert dottera. Då ville han ta henne med rundt og peike: Der bygde vi barhytte, om lag der resepsjonen til Nav ligg no; der velta eg på sykkel, akkurat der postkassene inn mot bustadfeltet står; der plukka vi potetar for ei krone dagen, der midt ute på parkeringsplassen for Kiwi. Slik hadde han sett for seg sommaren. Og så finn denne næringsdrivande på å forsvinne midt i vikarperioden. Dotter hans hadde ringt. Ho gjorde seg sorger, minst ein gong i veka telefonerte ho og faren med kvarandre, og no hadde ho ikkje høyrt noko frå han på, ja, kor lenge. Ikkje ringde han, og ho fekk ikkje svar når ho ringde. Ei av politiets fremste oppgåver er å avdramatisere, meinte lensmannen, fordrive angsten, få den kriminelle til å ta til vitet og den lovlydige borgaren til å senke akslene. Det hadde fungert gjennom eit langt yrkesliv. Han gjekk av som ein høgt akta mann ved toogseksti etter lang og tru teneste i ei skogbygd inn mot svenskegrensa. I avskilstalen sa ordføraren at kriminalstatistikken i kommunen var ein mønsterkommune verdig. At den same ordføraren sjølv tok æra, måtte ein bera over med. Han som hadde lagt ned ungdomsklubben og kutta løyvingane til krisesentret, 


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 8

og som ville leggje ned den gamle grendeskulen. Han hadde halde klubba i berre to periodar, som lensmann hadde han sett åtte ordførarar koma og gå. Men sant nok, ikkje eitt mord hadde han hatt, tre forsvinningar, og alle kom heim av seg sjølve, ein pyroman som no var vel forvara i psykiatrien. Rett nok ei insestsak – ekle greier. Koneplaginga auka også, dessverre – men elles hadde han gjort teneste i eit roleg hjørne av verda. Difor sa han det eit langt yrkesliv hadde lært han: Far din kjem nok att. Men dottera verka ikkje overtydd. Ei kjekk jente, visste av henne frå ho var lita. Han hadde jo i alle år halde kontakt med heimbygda, såpass at han visste kva som gjekk føre seg der. Ho heldt visst til i Oslo, var utdanna musikar – om det var song, fiolin eller piano, visste han ikkje heilt – men brødlause som kunstnarar var, køyrde ho trikk for å få det til å gå rundt. Slik hadde han i alle fall fått det fortalt. Dottera var ekte bekymra for faren, men slo seg til ro med å vente eit par dagar. No hadde eit par dagar vorte til ei veke, så han måtte vel gjera noko. Farvel, eventyrsommar. Han klikka på sendeikonet, og den forsvunne forretningsmannen hadde vorte til ei sak med nummer og arkivkode.


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 9

KVAR HISTORIE HAR SI FORHISTORIE, og før kvar forhistorie er det forsyne meg endå ei historie. Kor langt tilbake skal vi gå? Til fødselen? Eller til historia før fødselen, då foreldre, besteforeldre, oldeforeldre og tipp-tipp-tippoldeforeldre utfalda seg og la grunnlaget for eksistensen til han som skal fylle historia vår med si forsvinning? Det ville sprengje alle rammer og trøytte både lesar og forfattar. Men ein stad må ein jo byrje. Vi byrjar i Valdres ein vinterdag i  med han som er på veg inn i si tid.


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 10


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 11

INN I SI TID


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 12


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 13

«MENN FØDT 1952» i halvfeit skrift. Deretter tørt militærspråk. Han kjende seg smigra, for første gong hadde nokon kalla han «mann». Han var berre  år – rett nok vart han  sist på året – men mann? Mann eller ikkje, det året ein fylte  år, måtte ein møte på sesjon. Plikt som norsk borgar. Altså: Idrettshuset Fagernes kl. .. Ta med urinprøve. Møt reinvaska og presis. Underteikna Krigskommissariatet Oppland. Han hadde bestemt seg på førehand. Den seige kampen mot faren var utkjempa. Den lovlydige og kongetrugne faren, lektor i engelsk, norsk og historie på Valdres gymnas, hadde berre måtta gi opp overfor den halvvaksne sonen. Historiske foredrag hjelpte ikkje. Det vart ikkje anna att enn å skyte ut krakilske argument som: Aldri meir . april! Kva veit vel du om krigen? Og forresten var det USA som redda oss, dei du no er så imot! Og det lange håret kler deg slett ikkje! «God dag, herr krigskommissær!» «God dag, gutar!» Tredje gongen gjekk det alltid. Krigskommissæren hadde erfaring med -åringar, dei likte å bli hersa med. Han hadde for vane å starte opp kvar sesjonssamling med å øve inn korrekt helsing, som ein liten forsmak på kva dei hadde i vente på rekruttskulen. 


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 14

Tor Steinar Normann hadde bestemt seg for å nekte, han ville ikkje inn i NATO-kverna. Han reiste seg motvillig og mumla «God-dag-herr-krigskommissær». Elles sat han tolmodig og høyrde på krigskommissæren som med røff militærhumor forkynte at «med hjelp av stokkar og slag skal vi få dykk dit vi vil». Med faderleg autoritet spurde krigskommissæren til slutt om nokon hadde spørsmål. Tor Steinar Normann rekte opp handa: «Korleis går eg fram når eg vil nekte?» Det var som om nokon hadde slått til krigskommissæren med flat hand. Men han tok seg saman og sa: «Det kjem vi tilbake til.» Etter måling og veging hos militærlegen (Normann vart stridande A) var det tid for personleg møte med krigskommissæren. Aslaksen var alltid først, deretter Bakken, Bakke, Bakko, Berg, Berge, Bergo, Bergheim, Bergli, Brattli, Brattrud, Bråten, Bø, Bødahl, Dal, Dalbø, Dalheim, Davidsen, Engen, Engene, Enger, Fosheim, Foss, Fossbråten, Fosseng, Fredheim, Fredriksen. Slik om lag midt i den talrike -årgangen, etter Lien, Mo, Nilsen og Norheim, endeleg Normann. Krigskommissæren kunne ikkje med militærnektarar. Det var noko dei ikkje hadde forstått, men som dei ville forstå dersom han berre fekk overtala dei til å gå inn. Det var greitt med ekte pasifistar, folk som ikkje klarte å slå i hel ei fluge, eller som ikkje ville gå på jakt. Jesus-pasifisme kalla han slikt. Greitt nok, men det å nekte å gjera si plikt berre fordi ein ikkje likte USA, det var jamgodt med landssvik. Kvifor drog dei ikkje til Sovjet like godt først som sist? Fekk dei det som dei ville, vart vi jo ein sovjetrepublikk same kva. For to år 


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 15

sidan var det Tsjekkoslovakia, Noreg neste? Aust for Ural, det var der dei høyrde heime. Etter ei stund der ville dei nok byrje å forstå. Dei lo av parolen «Aldri meir . april». Respektlaust! Dei hadde ikkje opplevd krigen og forstod ikkje at militær motstand den gong var grunnen til at dei no kunne sprade rundt med langt hår og meine akkurat det dei ville. Sjølv hadde han vore i polititroppane i Sverige, venta berre på klarsignal til å gå over grensa med våpen i hand, men Tyskland overgav seg dessverre før dei kom i kamp. Desto ivrigare var han med på å arrestere norske nazistar. Tyskartøsene tok han seg også av. Saueklippinga var kanskje ikkje heilt pent, han ville ikkje tilrådd det i dag, men stemninga den gong, vanskeleg å forstå for moralistar i dag. Her oppe i Valdres-bygdene var det velsigna lite militærnekting. Fanst ikkje betre soldatmateriale enn her oppe i fjellbygdene. Eigedomsretten stod sterkt, folk gjekk rettens veg for ein tomme jord. Bondegutane såg utan vidare den klare samanhengen mellom eigedomsrett og forsvarsevne. Alt hadde gått greitt til no, ein sjeldan gong ein pinsevenn eller eit Jehovas vitne, han hadde gitt dei ein faderleg klaps på aksla og ønskt dei lykke til. Men elles trauste bondegutar frå Etnedal, Aurdals-bygdene, Slidre-bygdene og Vang, søner av snikkarar og bussjåførar, sydamer, ekspeditriser og vaskekoner, avkom etter handelsstanden på Fagernes – dei siste var alltid høgrøysta og sjølvsikre, men etter litt bråk i ungdommen kom dei raskt inn i falden – Rotary, Lions og alt det der. Like sjølvsikre og høgrøysta gutungar frå ættegardar frå før svartedauden kom òg raskt inn i fal


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 16

den, om ti–tjue år sat dei som leiarar i grunneigarlag rundt omkring. Ein sjeldan gong ein innflyttar, son av ein hotellvert, ein prest, ein lektor. Overfor desse måtte han vera på vakt. Når ein av dei lefla med pasifismen, var det hans plikt som krigskommissær å overtala han til å ta til vitet. Og når overtaling ikkje hjelpte, då skremme. «Jaså, Normann! Så du vil overlata forsvaret av fedrelandet til kameratane dine?» Tor Steinar Normann var i denne livsfasen ikkje spesielt talefør, han raudna når nokon såg på han, og stotra og snakka lågt når han måtte fram på tavla. «Altså. Det … det er ikkje rett at eg ikkje vil forsvara landet, men …» «Men kva?» «Har … har herr ki… krigskommissæren høyrt om ikkjevald?» «Eg har både høyrt og lese om det, men aldri sett at det har verka i praksis.» «I … i India … Gandhi …» «Vi er i Noreg, Normann! Vi har grense til Russland.» «Og … og læraraksjonen under kri… kri… krigen, pre… pre… presteaksjonen …» «Dei skapte sand i maskineriet til Quisling, det er sant nok, men hadde ingen ting å seia for Wehrmacht. Veit du kor mange soldatar, panser, ubåtar og fly Sovjet har på Nordkalotten?» «Det … det er fordi vi er med i NA…NATO. So… so… sovjet frigjorde Finnmark og Nord-Troms og trekte seg ut etterpå, eg kan ikkje sjå at So… so… sovjet trugar Noreg.» 


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 17

«Kor naiv går det an å bli? Appeacement, Normann! Appeacement! Alle veit kva det førte til: Münchenforliket, ‘Peace in our time!’.» «Det … det vart sett på som fo…fo…fornuftig den tid.» «Fornuftig?? Kva gjorde far din i ?» «Far min? Det er eg som er på sesjon, ikkje han.» «Slikt går ofte i arv.» Tor Steinar Normann var no i den uvande situasjon at han kjende han måtte forsvara far sin. Faren som han stadig måtte kjempe mot, og som påførte han nederlag på nederlag. I kvar autoritet såg han faren, og i faren såg han alle autoritetar fortetta. Han hata autoritetar. Og denne gnomen i uniform bak skrivepulten. Far hans var den han var, streng og forstod ikkje så mykje av tida han levde i, men han var far hans! Og så kom denne offisersrotta og drog han ned i søla. Skulle nokon kritisere far hans, var det han sjølv, og minst av alle denne offisersklovnen. Tor Steinar Normann forstod korkje der og då eller seinare kvar han fekk motet frå. Kanskje hadde det ingen ting med mot å gjera, berre ungdommeleg lettsinn. Eller rettferdig harme. No når alle bruer likevel var brende, overfor denne mannen hadde han ingen ting å tapa, han skulda han ingen ting. Endeleg kunne han gløyme alt som minte om god borgarleg oppseding, respekt og høflegheit. «Det med arv, herr krigskommissær, var far din ei like stor klyse som deg?» Krigskommissæren mista likevekta, blodtrykket steig, han løyste opp slipsknuten for å få luft, han vart 


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 18

stum. I denne pausen gjekk vernepliktig Normann vidare: «Og viss du absolutt skal veta det, far min var patriot og vart arrestert under aksjonen mot studentane i  og send med Donau og hamna i St. Andreas i Sennheim. Han har ofte mareritt om natta.» «Greitt, Normann, greitt.» Krigskommissæren hadde no berre eitt mål: å få denne Normann ut. Men den same Normann var no ikkje til å stoppe. «Veit herr krigskommissæren kva for ein dag vi har i dag?» «Ja, sjølvsagt … det er . februar .» «Trur herr krigskommissæren at vi får oppleva denne dagen ein gong til?» «Nei, sjølvsagt ikkje.» «Slik er det òg med . april . Det blir aldri meir . april.» No rann det over for krigskommissæren. Han kjende raseri og maktesløyse. Han var ute i offentleg ærend og måtte leggje band på seg. Hadde han vore utsett for dette på ein bygdefest, hadde han skalla ned denne utkropne akademikarsonen; hadde slyngelen som sat der, vore i uniform, hadde episoden fått tunge disiplinære følgjer; hadde han vore far hans – portforbod i minst tre veker og frysing av alle utbetalingar av lommepengar fram til sommaren; hadde han vore læraren hans – utvising, melding heim og nedsett karakter i åtferd. Men slik det no var, hadde han ingen maktmiddel. Paradoksalt nok, han som rådde over skarpe våpen, var makteslaus. Gutane i naborommet, frå Olsen og utover til Ås, 


Aldri redd for ferdig_A 16.08.16 15:24 Side 19

høyrde eit brak i det skrivepulten velta og døra sprang opp. «Ut! UT!! SLIKE GUTAR HAR VI IKKJE BRUK FOR!» Normann kom ut, snudde seg og ropte: «Og forresten var bestefar min kommunist!»

