Page 83

fakta og dokumentar

SVEIN SÆTER

KRIG. MOR. BROR FAMILIEN HAUGLANDS KAMP MOT NAZISMEN Ei lysande historie om mørke gjerningar November 1943. I same natt blir to brør tekne og torturerte av Gestapo: Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille, men får eit liv etter sjølvmordspilla, eit liv i dødsleiren Stutthof. Heime på Rjukan døyr far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild byrjar å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for

historie | ISBN: 9788234000607

ISBN 978-82-340-0060-7 PRIS KR 379,- | UTG. OKTOBER

gutane sine. Samtidig finn sonen Ottar penn og

e-bok | ISBN: 9788234000614

papir i konsentrasjonsleiren.

PRIS KR 299,- | UTG. OKTOBER

Dette er ei uhyggjeleg forteljing om dei mørkaste djupa i menneskesinnet, men samtidig ei lysande historie om å overleve barbariet gjennom samhald og solidaritet.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 6 0 7

9 788234 000607

svein sæter (f. 1960) frå Stangvik på Nordmøre har skrive mange sakprosabøker, ofte med historiske tema. Han blei kjend med familien Haugland då han skreiv Operatøren (2008) i samarbeid med tungtvassabotør og Kon-Tiki-deltakar Knut Haugland og fekk tilgang til unike kjelder. Saman med faren Einar har Svein Sæter skrive den kritikarroste historia om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen.

83

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019