Page 79

fakta og dokumentar

HALLGEIR OPEDAL

HEIM EI VANDREHISTORIE Ei klok bok om å gå i seg sjølv Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi? Opedal går ikkje berre tilbake til der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei

dokumentar | ISBN: 9788252197938

ISBN 978-82-521-9793-8 PRIS KR 329,- | I SAL

akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg

e-bok | ISBN: 9788252197945

Odda framleis heim? Undervegs møter han

PRIS KR 249,- | I SAL

folk – og ikkje minst seg sjølv – og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 7 9 3 8

9 788252 197938

hallgeir opedal (f. 1965) er fødd på Kongsberg, men voks opp i Odda. Han starta journalistkarrieren i Hardanger Folkeblad og har sidan arbeidd i Haugesunds Avis, Dagbladet og NRK. For det journalistiske arbeidet sitt er han blitt lønt med Hestenes-prisen og NTBs språkpris. For tida er han knytt til redaksjonen i Skavlan.

79

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019