Page 7

DEN LANGE TANKEN Å skrive ei bok tar kanskje eitt år. Eller fem. Å etablere ein forfattarskap tar kanskje 10 år. Eller 15. Eit litterært gjennombrot kjem kanskje med forfattarens bok nummer tolv. Etter 20 års forfattargjerning. Å utvikle ein litteratur tar nokre tiår, kanskje eit sekel. Å arbeide fram eit språk for alle samfunnsområde er eit arbeid utan ende. Det er eit arbeid som ville vore umogleg utan litteraturen og forfattarane. Ei ny bok fornyar språket og betyr ein tilvekst i bokheimen, eit påfyll av kunnskap og minne vi har saman, ein ny sjanse til refleksjon og forståing. Som forlag forvaltar Samlaget det mest slitesterke og grunnleggjande vi har. Forteljingar om oss sjølve. Kilt inn mellom forfattaren og lesaren har Samlaget i 150 år vore der for og med den nynorske litteraturen. På den eine sida rekruttere og motivere skrivande, bidra til at ny litteratur blir skapt. På den andre sida sjå til at denne litteraturen når lesarane. I botnen av denne verksemda ligg djup og brei forlagskompetanse og eit miljø som er i stand til å tenke heilskapleg rundt språk og litteratur. Desse to tinga gjer det mogleg for Samlaget å bere den nynorske litteraturen og dermed vere den institusjonen som er sterk nok til å tenke langt nok, som har kompetanse og kraft nok til å tvihalde på det lange blikket i ei tid der det ofte blir utfordra.

God bokhaust!

Edmund Austigard Forlagsdirektør

7

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019