Page 62

pocket

BRIT BILDØEN

TRE VEGAR TIL HAVET Draumen om å bli mor Det var ikkje eg. Det var ikkje eg som gjekk nedover gata på den måten. Den kåpekledde kvinna gjekk og sparka i lauvet og prata halvhøgt, med sint stemme. Etter henne spratt og dansa ein trillekoffert. Vått og vissent lauv fekk hjula på den vesle kofferten til å låse seg innimellom, men det såg ikkje ut til å affisere kvinna. Ho gjekk på, i same tempo. Svært få snudde seg etter henne. Ingen visste at det i trillekofferten låg ein død katt. Kvinna med trillekofferten er på veg til ein sakshandsamar i staten. Kvinna som blir nekta pocket | ISBN: 9788252198492

ISBN 978-82-521-9849-2 PRIS KR 179,- | I SAL e-bok | ISBN: 9788252197518 PRIS KR 179,- | I SAL

å adoptere, vil ikkje gi seg utan kamp. Kvinna på fuglestasjonen har kutta all kontakt med fortida si og vil ikkje tenke på den ho har vore før. Ho hamna i feil spor, og vegen attende til menneska blir lang. Kva skjer med eit menneske når ho mistar trua på fellesskapen?

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 4 9 2

9 788252 198492

I Tre vegar til havet flettar Brit Bildøen saman historiene «Eksilet», «Staten» og «Kroppen» til ei sterk forteljing om avmakt, galskap og raseri.

brit bildøen (f. 1962) er ein av våre fremste sam­ tids­forfattarar. Ho debuterte i 1991 med dikt­samlinga Bilde av menn og har sidan skrive barne­bøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, seinast P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman blei ho langlista til Dublin Literary Award.

62

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019