Page 57

gjendiktingar

GEORG TRAKL

SEBASTIAN I DRAUM Jon Fosse har gjendikta den austerriske lyrikaren Georg Trakl (1887–1914). Trakl er rekna som ein av dei viktigaste tyskspråklege poetane og som den meste sentrale i den tyske ekspresjonismen. Trakl blei berre 27 år, og den litterære produksjonen omfattar to diktsamlingar, Gedichte frå 1913 og hovudverket Sebastian im Traum frå 1915, i tillegg til nokre einskilddikt. Forfattarskapen tilhøyrer likevel verdslitteraturen. Dikta har i seg ein markert og unik musikalitet og eit særeige biletspråk, der ikkje minst fargane er viktige. Jon Fosse har vore oppteken av Trakl frå han var heilt ung. Allereie diktdebuten til Jon Fosse (Engel med vatn i augene, 1986) inneheldt frie gjendiktingar av Georg Trakl. For den unge

lyrikk | ISBN: 9788252198942

ISBN 978-82-521-9894-2 PRIS KR 249,- | I SAL e-bok | ISBN: 9788252198959 PRIS KR 199,- | I SAL

Fosse var Trakl den store lyrikaren. Han likte sanningane, stemningane, biletspråket og den repetitive musikaliteten.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 9 4 2

9 788252 198942

georg trakl (1887–1914) var ein austerriksk poet som rakk å gi ut berre to diktsamlingar: Gedichte i 1913 og hovudverket Sebastian im Traum i 1915. Forfattarskapen hans høyrer likevel heime i verdslitteraturen. jon fosse (ff. 1959) er rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Han har sidan 1983 gitt ut romanar, diktsamlingar, barnebøker og essay, men er særleg kjend som dramatikar.

57

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019