Page 53

gjendiktingar

THALIA FIELD

FUGLEELSKARAR, BAKGARD Om samspelet mellom mennesket og naturen Gjennom essay og forteljingar i poetisk form spør Thalia Field kva vi er villige til å gjere med ord. Ho utforskar historieforteljing som verkemiddel og eksperimenterer med litterære sjangrar. Vitskapsfolk, filosofar, dyr og jamvel militæret blir plasserte i verkelege og oppdikta hendingar, og forfattaren tek inn så forskjellige storleikar som duer, chatterom, testing av atomvåpen, bygginga av Kennedy Space Center og rasehygiene. Field blandar saman fakta og fiksjon og sonderer dei porøse grensene mellom det menneskelege og det dyriske. Gjendikting og etterord ved Rune F. Hjemås. Duer vil prøve å fly heim. For å dra nytte

lyrikk | ISBN: 9788252196528

ISBN 978-82-521-9652-8 PRIS KR 299,- | I SAL

e-bok | ISBN: 9788252196535 PRIS KR 249,- | I SAL

av dette etablerte både egyptiske sultanar, antikkens grekarar og persarar duepostar. Ei lengsle etter å komme heim verkar kjent og kan kanskje forklare kvifor fluger er ei plage, medan duer rører oss så djupt: ein refleksjon over tida.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 6 5 2 8

9 788252 196528

Duer har blitt observerte på bussar og t-banar, vel vitande om kor dei skal gå av og på. Dei kan så mange av triksa våre. SAGT OM BIRD LOVERS, BACKYARD: «Thalia Field’s curiosity and probe are infectious, tantalizing, irrepressible. She is one of our most startling, original younger writers.» anne waldman

«Thalia Field’s poetry is mesmerizing, complex, and stands on its own with original forms.» the bloomsbury review

thalia field (f. 1966) kjem frå Chicago og er kjend for sin innovative prosa og sitt sjangeroverskridande uttrykk. Ho underviser i eksperimentell fiksjon og performance på Brown University i Providence, Rhode Island.

53

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019