Page 48

lyrikk, drama og essay

RAGNAR HOVLAND

LITT BETYR DET NO LIKEVEL Hovlands litterære kanon I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Richard Brautigan, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hyllinger. Vi får også lese meir samfunnsorienterte tekstar, som den sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt essay | ISBN: 9788252198454

ISBN 978-82-521-9845-4 PRIS KR 349,- | UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788252198461 PRIS KR 269,- | UTG. SEPTEMBER

eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland. La deg inspirere til å plukke opp dei bøkene du

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 4 5 4

9 788252 198454

enno ikkje har fått lese – eller dei bøkene du har tenkt du må lese på nytt – etter å ha fått dei levande formidla av Ragnar Hovland. «Det er en fryd å boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten å komme heim og andre essay.

ragnar hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979 har han gitt ut over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Kritikarprisen, Brageprisen, Doblougprisen og Bastianprisen.

48

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019