Page 43

omsette romanar

WANDA MARASCO

KOMPANIET AV DIKTA SJELER Skjebnetung familiesaga frå Napoli Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett eit uutsletteleg preg på livet til dei begge, kallar ho fram historia til mora: Ungjenta Vincenzina dreg frå ei fattig landsbygd, møter Rafele, son av ein fallen overklassefamilie. Ho giftar seg med han utan velsigninga til mor hans og flyttar til den fattige åsen i Napoli der Rosa veks opp. Kritikarroste Wanda Marasco tek oss med til eit kaotisk og brutalt Napoli. Kompaniet av dikta sjeler er ei forteljing om tre slektsledd kvinner, om overgrep, sjukdom, galskap og kjærleik, som beveger seg mellom livet og døden i ein

ISBN 978-82-521-9603-0 roman | ISBN: 9788252196030 PRIS KR 379,- | I SAL

by med ein nekropolis under brusteinane. Marasco, kortlista til den prestisjetunge Stregaprisen både i 2015 og 2017, viser oss eit sanseleg, mystisk og skjebnetungt Napoli.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 6 0 3 0

9 788252 196030

Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal.

SAGT OM KOMPANIET AV DIKTA SJELER: «et magisk portrett av Napolis besettelse rundt døden» jon rognlien, dagbladet

wanda marasco (f. 1953 i Napoli) er ein prisvinnande italiensk lyrikar, dramatikar og romanforfattar. Ho debuterte i 1977 med diktsamlinga Gli strumenti scordati og blei kjend som ei av Italias mest spennande nye litterære røyster. Ho gav ut den første romanen sin i 2003, L’arciere d’infanzia. Il genio dell’abbandono kom i 2015. Kompaniet av dikta sjeler, som blei kortlista til Strega-prisen, kom på italiensk i 2017. Boka er hennar tredje roman og første bok på norsk.

43

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019