Page 42

omsette romanar

ANNA GAVALDA

FOR OPE HJARTE Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte mellom menneske Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva – den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå aust i Paris møter ein rikmannsgut som drøymer om å

ISBN 978-82-521-9576-7 noveller | ISBN: 9788252195767

bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med – men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?

PRIS KR 349,- | I SAL

Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn 9 7 8 8 2 5 2 1 9 5 7 6 7

9 788252 195767

– som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd. For ope hjarte er ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.

anna gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris og bur der også i dag. Ho debuterte

Omsett frå fransk av Tove Bakke.

med novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999, som gav henne Frankrikes viktigaste bokhandlarpris. Den største suksessen hennar så langt er romanen Saman er ein mindre aleine. Det er selt over 2 millionar eksemplar av boka, og ho er omsett til over 40 språk. For ope hjarte er den niande utgivinga hennar.

42

«Ingen av historiene er utan sentimentale klangar der dei gjennom stramme scener avdekkjer små eller store konfliktar som trugar med å mørkleggja hovudkarakterane sine liv. [...] Tove Bakkes sprelske, munnleg klingande omsetjing verkar framifrå.» steinar sivertsen, stavanger aftenblad

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019