Page 37

romanar og noveller

RAKEL SOLSTAD

I FOR INTERNAT­UNGE Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar – og om korleis barn kan behandle kvarandre. I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark i 1950- og 60-åra, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og

roman | ISBN: 9788252198300

ISBN 978-82-521-9830-0 PRIS KR 349,- | I SAL e-bok | ISBN: 9788252198317 PRIS KR 269,- | I SAL

kvenske befolkninga. Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 3 0 0

9 788252 198300

SAGT OM FALLE (2015): «Det er ei fin spennvidde i Solstads noveller, både når det gjeld tema og form, og ho viser fin innsikt i menneskesinnet.» torborg igland, fædrelandsvennen SAGT OM MEN KVA VEIT VI OM BARNA (2013): «Rakel Solstad har all mogleg grunn til å vera stolt over debuten sin.» odd w. surén, dag og tid

rakel solstad (f. 1945) er fødd i Finnmark og bur i Trondheim. Ho debuterte med novellesamlinga Men kva veit vi om barna i 2013, og ho gav ut den andre boka si i 2015, Falle – også det noveller. Ho har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogiskpsykologisk rådgivar. I for internatunge er Rakel Solstads første roman.

37

Profile for Det Norske Samlaget

Årets bøker 2019  

Årets bøker 2019